SPØRSMÅL TIL SPØRJETIMEN 10.APRIL 2014



Like dokumenter
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Til deg som bur i fosterheim år

Brukarrettleiing E-post lesar

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

«Ny Giv» med gjetarhund

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Sandeid skule SFO Årsplan

Brukarrettleiing. epolitiker

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Bruk av reiserekning i Agresso

Informasjonshefte Tuv barnehage

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Team Hareid Trygg Heime

Møteprotokoll for møte i

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget


IKT-kompetanse for øvingsskular

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

ehandel og lokalt næringsliv

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

MØTEBOK Tysnes kommune

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0262/04 04/ /28,57, FINNEBREKKA, BYGGESAK - FELT A NY BEHANDLING

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, rom 326 Møtedato: Frå: til

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Erverv av grunn ved Vangsnes vassverk for sikring av råvatn

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Med tre spesialitetar i kofferten

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

VEDTEKT av februar 2007

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

10/60-14/N-211//AMS

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Jon Fosse. For seint. Libretto

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Påsleppskrav frå kommunen for næringsmiddelverksemd. Eksempel stort slakteri i Førde

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Høring - finansiering av private barnehager

Månadsbrev for Rosa september 2014

Transkript:

SPØRSMÅL TIL SPØRJETIMEN 10.APRIL 2014 Spørsmål til spørjetimen Ingvill Taule, Senterpartiet Me treng flaggstang til 17.mai på Sæbø skule. Kommunen 50 års jubileum og Grunnlova 200 års jubileum og da er no for gale at ein kommunal skule ikkje skal ha ei flaggstang der ein kan flagga for å markera diverse jubileum og andre offentlege markeringar. Spørsmålet er då kan me få ei stang på Sæbø skule til 17.mai? Administrasjonen er samd i at Sæbø skule bør ha ei flaggstang for å markere merkedagar og offentlege høgtidsdagar, og arbeidar for å få denne på plass til 17. mai. Spørsmål til spørjetimen Audun Sylta, Høgre Hordabøheimen vart lagt ut for salg for ei tid sidan. Forstår det slik at salget likevel ikkje er gjennomført. Ynskjer ei orientering om spørsmålet. Formannskapet aksepterte i september 2013 eit bod frå Radøy bemanning på Hordabøheimen. Etter dette har det vore ein prosess mellom Eiendomsmegler Vest og kjøpar vedrørande kjøpekontakt og dato for overtaking. Ulike problemstillingar har vore oppe i saka. Formannskapet er orientert om utviklinga i prosessen. Problemstillingane er no rydda av vegen og vi har avtalt overtaking av Hordabøheimen 24. april. Spørsmål til spørjetimen Roy Bø, FrP Kva gjer Radøy kommune med dei andre innbyggjarane i Radøy som verken har mobildekning eller fiberband. Synest dette var ei gladmelding for dei få. Svar: Det er Regjeringa ved Samferdsledepartementet som har ansvaret for telefonipolitikken i landet. Regjeringa definerer full mobildekning til å vera 98% dekning for fastbuande (ikkje 98,1%, men 98%). Norge har 98% mobildekning, og når telekom-aktørane er privatiserte, så er det ikkje kommersielt lønsamt for dei å byggja ut resten. Utbygging i det kuperte landskapet ved kysten er det mest krevjande. I 2010 utlyste staten støttemidlar til utbyggingskostnader for master m.m. for dei kvite mobilflekkane. Radøy søkte og fekk kr 1. 000.000,-. Desse er unytta, sjølv etter tre pliktige anbodsrundar, fordi det framleis er økonomisk uinteressant for telekom-aktørane å gjera dette. For å dekka dei fleste husstandane våre er det konkludert med at det må opp to ca 50 høge master (Kvalheim og Nordanger).

Radøy har etter drøftingar med telenor inngått ein intensjonsavtale om at kommunen byggjer denne masta, og så kan telenor koma med boksen sin,- det er det heile telenor er med på. Netcom er ikkje interessert. Kommunen må altså inngå grunneigaravtale, vegframføriung, straum, byggja hytte og mast lik den på Kvistefjellet. Kostnad er stipulert til 3 6 mill pr mast. Dett må kommunen ta av eige investeringsbudsjett. Vil og kan me subsidiera telenor på denne måten? (NB: dette er ein intensjonsavtale,- endeleg avtale når alt er presist utrekna må sjølvsagt til politisk handsaming). Svaret mitt er nei, og Harald Stanghelle og eg reiste tidleg i haust til fylkeskommunen og drøfta saka, og sa at me bør heller gå på BKK sitt slagord,- «morgendagen er her», og satsa på løysingar à la altibox( altibox er mest kjend, men det finst andre aktørar/løysingar, og oppdraget må på anbod). Fylket var samde med oss, og formannskapet støtta at kommunen søkte den nye ordninga med fibermidlar, som vart utlyst i oktober. Der fekk me tilslag på 1. mill, og det er desse som me no har arbeidd lurt med, og som gjer at over halvparten av husstandane i Radøy no får tilbodet om morgondagens teknologi. Medan, nesten halvparten ikkje får dette tilbodet enno. Men, me har ambisjonane i orden. Me har tett kontakt med fylkeskommunen. For det første kjem det ny utlysingsrunde på fibermidlar (som er støtte til å byggja ut tilkoplingspunkt på hovudfiberlinja som går langsetter heile Radøy) i juni i år. Me kjem til å søkja der også. Så er det slik at altibox er eit reint kommersielt tilbod, utan statlege krav og retningslinjer. Derfor er det lurt å byggja ut dei mest lønsame områda først, og så fortetta etter kvart. Det er dette som gjer at i tillegg til dei to hovudområda Manger og Bø, så vart det tredje området som me kalla fortetting, valt Kalnes, for der er det no fiber både i i Austmarka og på Hilland. Når Manger og Bø er utbygd skal og må me jobba for tilbodet til resten også. Det kjem til å skje, for dette er morgondagens løysing, det er jo fiber med 1G begge vegar me snakkar om, pluss TV og telefoni til særs gunstige prisar. Dette er teknologien alle vil ha, og bør få, og eg meiner at me skal jobba for å få sikra tilbodet til flest mogleg. Full altibox-utbygging (el tilsvarande) opnar også for heilt nye løysingar for omsorgsteknologi i heimen! Eg har vore, og er veldig opptatt av at me skal få til topp moderne fiber/breibandstilbod til innbyggjarane, men pga statlege krav, så har dette vore ein lang veg. Men, no skjer det, og at me alt ved det første steget sikrar tilbod til over 50% av husstandande er meir positivt enn eg trudde for ein million kroner! Det er stor pågang frå alle områda som ikkje kjem med i denne runden. Det er eit signal på at me har valt rett teknologi, og me skal trøkkja på vidare. På kort sikt vil stort tilslag til altibox gje betre breibandstilbod til dei som har dette frå telenor, sidan det er ei delingsteneste. Men, gode kommunestyre, eg kan tenkja meg at formannskapet drøftar følgjande: Skal me forhandla mobilmillionen frå 2010 frå oss og la den gå inn i ein tilleggspott som me kan dela med resten av Hordaland? Det er ein moglegheit for dette? Då kan dette koma på toppen av fibermidlane me søkjer på, men me må dela den med andre. Men, det vil likevel verta meir fiberpengar.i tillegg har ei størst mogleg altiboxutbygging (fiber), den fordelen at det då er langt rimelegare å byggja ut små mobildekningsområde.

Motstykket er at me då avsluttar intensjonsavtalen om å belasta kommunen sitt investeringsbudsjett til å byggja dei to mastene som kan gje mobildekning på vest- og austsida frå 2016. No svarte eg med eit spørsmål, som kommunestyret ikkje kan ta her, men eg ser gjerne at partigruppene tenkjer på det, og at formannskapet drøftar saka for oss. Uansett, når det gjeld altibox, så er eg faktisk meir begeistra over at dette er ei gladmelding for litt over halvparten, mot at det ikkje er det for litt under halvparten. Det er ein begynnelse, der alternativet reelt ville vore at andre kommunar fekk dette tilbodet og ikkje oss. Då siktar eg til at dei største eigarane i BKK hindra denne utbygginga. Det har forseinka utbygginga i landkommunane, men ikkje i Bergen! Spørsmål til spørjetimen Elisabeth Bygstad, HTV Undervisningsforbundet Radøy KS gjekk sterkt ut med krav om store endringar i arbeidstidsavtalen for lærarane: "1. Dagens skille mellom arbeidsplanfestet tid og selvstendig tid oppheves 2. Et mindre komprimert arbeidsår 3. Endring/oppmyking av systemet med årsrammer for undervisning. " I eit intervju i Kommunal Rapport 27. mars går Per Sundnes langt på veg tilbake på dei tre opprinnelege hovudkrava. Han seier no at kravet om ei utviding av lærarane sitt arbeidsår fell bort, og at det framleis skal vera ein sentral avtale om undervisningstimetal. Det som tilsynelatande står igjen, er at ein lokalt kan fravika avtalen ut frå "lokale behov", og i kva grad den enkelte rektor då skal ha styringsrett over arbeidstida til lærarane. Vårt spørsmål til ordføraren blir derfor: Vil ein i Radøy sjå seg tent med å fråvika ein sentral avtale, og, eventuelt, kvifor vil dette vera tenleg? Ordføraren finn det korrekt å svara kort og prinsipielt på dette spørsmålet, sidan framlegget frå KS om å endra arbeidstidsordningane med utdanningsforbundet vekkjer stor interesse. Eg ser spørsmålet slik: KS starta med eit forhandlingsutspel som vekte reaksjonar hjå Utdanningsforbundet. Etter ei tid vart det brot i forhandlingane. Dette brotet førte til at forhandlingane om arbeidstidsordningane vart tatt inn i hovudtariff-forhandlingane, som starta sist veke. Altså er forhandlingane no i gang (formelt sett mellom KS og Unio). Medan forhandlingane pågår, finn eg det ikkje rett å kommentera spørsmålet ytterlegare. Det må forhandlingspartane drøfta. Kommunane bind ikkje forhandlingsdelegasjonen i KS under forhandlingane. Intervjuet det vert vist til må finna sitt svar under forhandlingane, som partane anten vert samde om, eller det vert avgjort ved lønsnemnd. Dette synet har eg også for forhandlingsspørsmål i hovudforhandlingane med andre grupper.

Spørsmål til spørjetimen Silje Namtvedt, Senterpartiet I Radøy kommune er vi så heldige at innbyggjarane har eit 25 m basseng og eit mindre terapibasseng. Dette er eit fantastisk tilbod til folk i alle aldrar. Når vi har dette tilbodet, er det viktig at flest mogleg brukar det. 1. Kor mykje vil det kosta Radøy kommune å halda ope to dagar i veka i mai månad og frå skulestart i august? Ein kan t.d. ha innskrenka opningstid til t.d. tysdag og laurdag i mai og juni. Dette vil og gje skulane moglegheit til å ha lenger sømjeundervisning i løpet av eit skuleår. 2. Eg lurar og på om terapibassenget vil verte opna før sommaren. : 1. Kor mykje vil det kosta Radøy kommune å halda ope to dagar i veka i mai månad og frå skulestart i august? Det er vanskeleg å gi eit eksakt svar på kor mykje det vil koste å halde bassenget ope utover dei etablerte opningstidene. Som vanleg vert symjehallen i Radøyhallen stengt frå 1. mai, og haustsesongen startar i år 1. september. Bassenget vert normalt tømt i perioden mellom vår- og haustsesong. Det er straumutgiftene til oppvarming av basseng og drift av ventilasjonsanlegget som utgjer dei største kostnadene. Sjølv om ein avgrensar opningstida til to gonger pr veke, vil det likevel vere naudsynt å halde temperaturen i bassenget stabil. I tillegg kjem utgifter til t.d. badevaktar, reinhald, kommunale gebyr og kjemikaliar. Erfaringsmessig er det også relativt mindre billettinntekter jo lengre ut på våren ein kjem og tidleg haust, men dette er sjølvsagt véravhengig. Ein gjennomgang av rekneskapen viser at det truleg vil koste omlag kr 50 000 å halde bassenget ope to dagar i veka i mai. Med ein kostnad på om lag kr 50 000 pr mnd (føreset at bassenget er ope for offentleg bading to gonger pr veke), vil det gi ein kostnad på om lag kr 25 000 å halde bassenget ope frå skulestart i staden for frå 1. september. 2. Vil terapibassenget verte opna før sommaren? Det er tidlegare signalisert at vi håpa at terapibassenget ville vere klart for opning rundt påsketider. Dessverre viste førre prøve at det framleis er for mykje fukt i betongen i bassenget. Bassenget kan ikkje flisast før fukten er redusert til eit tilfredsstillande nivå. Men både ustyr og materiell er på plass, og fagfolka er klar til å starte arbeidet så snart fukten i betongen ikkje er til hinder. Når bassenget er ferdigflist er det behov for ein tørkeperiode,

slik at det dessverre ikkje er realistisk at terapibassenget er klar for bruk før til den ordinære opninga til hausten. Spørsmål til spørjetimen Roy Bø, FrP Lurer på om Radøy kommune kan leggja fram eit rekneskap over kostnader og inntekter på bygdeboka. excel-ark Prosjektoversyn bygdebok Radøy Utgifter Inntekter Netto År Rekneskap Rekneskap Rekneskap 2001 519 60 459 2002 549-549 2003 598-598 2004 637-637 2005 718-718 2006 846 166 680 2007 1 097 174 923 2008 778 190 588 2009 1 284 180 1 104 2010 1 235 257 978 2011 804 89 715 2012 1 314 246 1 068 2013 847 114 733 2014 2015 SUM 11 226 1 476 9 750