Fordelane med DyrkSmart: Alle vil ha norsk frukt



Like dokumenter
Pressekonferanse. Utne Hotel 25. Juni 2014

Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga. Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA

OPPSUMMERING. Arbeid gjennomført Sjur Ove Svartveit Prosjektleiar

Støtte til frukt og bær Vemund Aartun

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Norsk fruktdyrking - ei framtidsnæring?! Torbjørn Takle Norske fruktdagar 2016, Ulvik 29. januar 2016

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

HORDALANDD. Utarbeidd av

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Nytt HFK Intranett

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Gardsbesøk DyrkSmart Resultat av gjennomførte gardsbesøk For fruktlagera Hardanger Fjordfrukt Ullensvang Fruktlager Nå Fruktlager

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Lønnsundersøkinga for 2014

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Haustetilrådingar for Nordfjord 25. september 2017

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.)

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Farleg avfall i Nordhordland

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Til godkjente omsetningsledd for ordningen med Distrikts- og kvalitetstillegg for frukt og grønt.

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Internasjonal vidaregåande skule

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Brukarrettleiing E-post lesar

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Rådgjevarkonferanse 2009

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

«Ny Giv» med gjetarhund

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Å lykkast med økologisk fruktproduksjon

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Utfordringer i eplemarkedet

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Møteprotokoll for møte i

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Utvikling i lønsemd i fruktproduksjon Fruktdagane i Ulvik fredag 31. januar 2014 Torbjørn Haukås, NILF

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon

Med god informasjon i bagasjen

mmm...med SMAK på timeplanen

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

ehandel og lokalt næringsliv

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Unge, bygda og landbruket prosjekt ( )

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Vurdering av produksjon av eple til industri

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Erverv av grunn ved Vangsnes vassverk for sikring av råvatn

Viktige sortseigenskapar for bær til industri. Arnfinn Nes

Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon

Rådgjevarkonferanse 2010

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

3- årig utviklingsprosjekt i Telemark ( )

Haustetilrådingar per 12. sep (etter prøveuttaking11. sep.)

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Prognose for tilgang og forbruk av norsk korn for sesongen 2014/2015

Prisar på porto for 2015

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

Transkript:

Alle vil ha norsk frukt I fleire år har butikkane streva med å skaffa nok norsk frukt. Etterspørselen og prisane har auka. Og butikkane vert ribba for norske eple, pærer, plommer og moreller. I Noreg et me omlag 60 000 tonn eple i året. 10-12 prosent av desse epla er dyrka i Noreg. Om lag 40% av all norsk frukt blir dyrka i Hardanger. DEN UNIKE SMAKEN AV HARDANGER Frukt frå Hardanger er ei etterspurd merkevare, kjend for god kvalitet og god smak. Richard Juhlin, svensk Champagnesmakar med verdens beste nese kallar eple frå Hardanger for verdens beste eple (TV-serien Nesevis, NRK-2012) Hardanger ligg ved nordgrensa for økonomisk fruktdyrking, - trass i dette er Hardanger perfekt for fruktdyrking. Jordsmonnet, kombinasjonen av kjøleg klima og mykje ljos i vekstsesongen gjer at frukt og bær får ein frisk og syrleg smak, med god balanse mellom syre- og sukkerinnhald. Og slik får me verdas beste eple! MERKEVARA HARDANGER I 2006 fekk eple, plommer, pærer, moreller og eplejuice Beskytta geografisk nemning. Hardangersider fekk Beskytta geografisk nemning i 2009. Nemninga set strenge krav til kvalitet, produksjonsstad og kva frukt- og bærsort nemninga omfattar. Hardanger er einaste staden i Noreg som har denne nemninga på frukt, eplejuice og sider. Dette er same opphavsrett som produkta frå Champagne og Konjakk nyt godt av. Nemninga kom på plass etter stor innsats frå fruktbøndene og fruktlagera i Hardanger. DyrkSmart er eit 3-årig prosjekt i regi av Hardanger Fjordfrukt og Ullensvang Fruktlager der ein ynskjer å gje fruktbøndene i Hardanger ein Kick-start i dei nye dyrkingsmetodane. I tillegg til kurs tilbyr DyrkSmart rådgjeving, tett oppfølging, finansieringsavtalar/støtteordningar og gode, langsiktige avtalar med fruktlagera. Fordelane med DyrkSmart: Du kan dobla snittavlinga på same areal som i dag. Du får høgare kvalitet, betre farge, større frukt og jamnare avling. Plantesystemet kan nyttast både på eple/pærer og på moreller/plommer. Du kan hausta både moreller, plommer, eple og pærer 2. - 3. året etter nyplanting. Opnare tre gjev og betre effekt av sprøyting. Meir målretta og betre tilpassa gjødsling. Tett oppfølging og hjelp til kartlegging, driftsplanar, gjødslingsplanar, søknader. Tilbod om kurs, gode innkjøpsavtalar. Delvis oppgradering, kurs for deg som vil få meir ut av dine gamle spindeltre utan å planta nytt med ei gong. 2 3

Bøndene skal redda verda Trendforskar Li Edelkoort: Vi mennesker har nå opparbeidet en total motstand mot dårlig mat og medisin, farlige stoffer i makeup og andre velværeprodukter, og går til bøndene for å få de naturlige produktene. Bøndene er fremtiden. De skal fôre oss, kle oss, medisinere og hele oss. 90 % av produktene vi trenger kommer fra bøndene. -Dette er ikke en trend, men en hel bevegelse. (Li Edelkoort har sidan 1972 spådd trendframtida, og i desse 40 åra har ho stort sett fått rett) Stadige reportasjar om matjuks og farlege tilsetjingsstoff gjer at produkt frå Nyt Norge, Bondens marked og økologisk mat vert førsteval: DAGENS NÆRINGSLIV, 31.10.2012: Nordmenn vil ha kortreist mat: I løpet av de to siste årene har omsetningen av lokal mat og matspesialiteter i butikkene steget med 22 prosent. Norske forbrukere er blitt lei av at pris er det eneste saliggjørende. Prisfokuset de siste årene har gitt et mindre utvalg. - Forbrukerne synes mat med spesielle kvaliteter er interessant. I tillegg har de fleste forbrukere råd til å betale ekstra for denne maten. Utdrag frå artikkel NATIONEN, 05.09.2012: Juksematen blir avslørt: Matinteressen har eksplodert i mediene og det handler nesten alltid om kortreist, langsom, naturlig, ekte og økologisk mat. Mat er igjen blitt håndverk. Maten skal ha ansikt og historie. Rema skal bygge om samtlige butikker og selge sporbar og fersk kvalitetsmat. Kjeden har funnet ut hva folk flest vil ha. Coop utover i landet har faktisk begynt med et lite utvalg av lokale spesialiteter. Utdrag frå artikkel IPSOS MMI (Markeds og MediaInstituttet), JUNI 2012: Nordmenn vil ha norsk mat: Etter flere års nedgang øker nordmenns interesse for norsk mat, viser en ny undersøkelse. 54 prosent av befolkningen mener nå at det er ganske viktig eller meget viktig at landbruksproduktene vi bruker skal være norske. 62 prosent sier seg helt eller delvis enig i at de vil betale mer for slik mat. Det er seks prosent flere enn for to år siden Utdrag frå undersøkelsen Norske Spisefakta 2012 Michelle Obama har laga økologisk grønsakshage, Barack Obama bryggjer eige øl. kjendiskokk Jamie Oliver dyrkar graskar utanfor kjøkkendøra. Vår eigen kjendiskokk Eivind Hellstrøm vil ha norske råvarer. Blur-bassist Alex James flytta på landet og vart bonde. dyrksmart - meir og betre frukt I fleire år har norske og europeiske dyrkarar og rådgjevarar testa ut nye, innovative og ressursvenlege metodar innan fruktdyrking. Metodane er miljøvenlege, samstundes som dei er svært godt eigna for Hardanger. Metodane gjev meir og betre frukt på mindre areal. Og gjev vesentleg betre inntekt enn tradisjonell fruktdyrking. DyrkSmart høver og godt til ØKOLOGISK dyrking. Det starta i 2005 Norsk Fruktrådgiving Hardanger, den gongen Indre Hardanger Forsøksring, starta opp med kursing i dei nye dyrkingsteknikkane i 2005. Hollandske rådgivarar vart leigd inn til 3-5 samlingar i året etter mal frå liknande opplegg i Danmark og Sverige. På denne måten fekk dyrkarar og rådgivarar ein grundig innføring i moderne dyrkingspraksis både på steinfrukt og kjernefrukt. Eit nytt dyrkingssystem vart teke i bruk og nye plantingar vart følgt tett opp for å hausta erfaringar. I dag ser me at fruktkvaliteten er heva, avlingane meir årvisse og at arbeidsmengda i omløpet er redusert. Dessutan er det knytt mange gode og nyttige kontaktar med andre fruktmiljø ute i Europa. 4 5

SLIK ER DET NYE DYRKINGSYSTEMET: Slankare og opnare treform Tettare plantingar Vekstkontroll Moderne oppstøttingssystem Meir bladgjødsling Det nye plantesystemet kan nyttast både på plommer/moreller og eple/pærer. Systemet: Kvart tre har berre ein tynn stokk til oppstøtting, og på ein del eple-og pæresortar vert det strekt strenger langs rekkja som dei nedste greinene kviler på. Slik får frukta meir lys og betre farge. Det vert også lettare å arbeide med trea. 6 Spindeltreet er skifta ut med ei slankare, høgare treform. Trea vert planta tettare, 0,8-0,9 m x 3,5 m er vanleg på eple og pære. Ein får då plass til ca 330 tre pr. dekar. Dei nye avstandane må tilpassast etter fruktslag, kva sort ein dyrkar og tilhøva på kvar enkelt gard. Rotskjering: Ein brukar den same veikveksande grunnstamma som til spindeltreet. Dersom naudsynt kan ein dempa vekstnivået med rotskjering. Dobla avling - eller meir: Med dette systemet kan ein auka avlingane med lågare arbeidsinnsats. Systemet gjev betre økonomi trass i høgare investeringskostnader. Arealet vert utnytta betre då avlingane vert både høgare og meir årvisse. Gjødsling: Rett gjødsling, både bladgjødsling og via dryppvatning, er ein viktig faktor for produksjon av frukt med god kvalitet. Det er svært viktig å gjødsle med rett næringsstoff til rett tid. God balanse i næringsstoffa gjev betre kvalitet på frukta, men er også ei investering for å få sterke blomeknoppar og jamn og høg avling kvart år. 7

SLIK KJEM DU I GANG: 1. Gardsbesøk og rådgjeving Fruktlagra og rådgjevingstenesta vil i løpet av 2013/2014 reisa rundt på gardsbesøk til alle dei 300 produsentane som er tilknytte Hardanger Fjordfrukt og Ullensvang Fruktlager. Sjølv om du ikkje er tilknytt desse fruktlagera kan du delta i DyrkSmart-prosjektet. Føremålet er at ein i samarbeid med dyrkaren skal finna forbetringspotensialet på kvar gard og laga ein oppdatert dyrkingsplan. Besøket skal resultera i forslag til tiltak på både kort og lang sikt. Kontakt oss for å avtala gardsbesøk. epost@dyrksmart.no 2. Arealet Jordsmonnet som egnar seg for fruktdyrking må ha god drenering og grøfting er i mange høve ein føresetnad. Det meste av jorda i Hardanger er morenejord eller skredjord og har oftast ei blanding av finmateriale og grovare komponentar. Det vil i mange høve gje ei jord med gode fysiske eigenskapar, men føreset jamn tilgang på vatn. Ei grus og sandhaldig jord vil ha gode drenerande eigenskapar, sikra lufttilgangen til røtene og gje høgare jordtemperatur. Eit innhald av organisk materiale over 3-4,5 % er også ein fordel for å gje eit rikare mikroliv i jorda. 3. Leigejord Via gardsbesøka vil me kartleggja korleis eigarane ynskjer å disponera jorda si. I samband med dette vil me også få eit oversyn med jord til leige. Vidare vil me utarbeida malar til jordleigeavtalar, kvalitetssikra av juristar. Avtalane er også sendt til høyring i kommunane både på administrativt- og politisk nivå. Dette vil forenkla utleigeprosessen for både eigar og leigar. 4. Utplantingsavtalar Som eit resultat av gardsbesøk kan eit tiltak på lang sikt vera utplantingsavtalar mellom produsent /fruktlager over 3 eller 6 år. Slike avtalar vil innhalda både plantetidspunkt og sort. Fruktlagera kan då ordna med alle nødvendige søknader, skaffa tre og syta for ekstra oppfølging med fagpersonell i perioden. 5. Kjøp av tre Ved etablering av nye felt er det ei klar tilråding å planta greina tre (2 årige planter). Dette gjer at ein alt i år 2 etter planting bør kunna ta ut avling. Greina tre vert levert om hausten eller om våren og bør setjast i jorda ved mottak. Tre til eple og pærer har til no vore basert på innanlandsk produksjon. Landbruks- og Matdepartementet har no (nov. 2012) opna for import frå godkjente planteskular i utlandet. Importtrea vert berre produsert etter tinging. Ein bør difor tinga trea 2 år før levering for å vera sikker på levering. Tinging kan skje som ein del av utplantingsavtale (punkt 4), hjå din faste treleverandør eller via Fruktklienten. 6. Arbeidslag Det vil verta etablert ordningar med profesjonelle arbeidslag som kan tilby tenester som nyetablering av felt og stell av felt (skjering, forming). Vidare vil det også verta organisert hjelp til hausting. Dette gjer at særleg nye produsentar raskt kan få etablert eit produksjonsapparat og ha tilgang til profesjonell hjelp parallelt med oppbygging av eigen kompetanse. 7. Kurs i fruktøkonomi, plantesystem, næringsforsyning og skjering Hjeltnes vidaregåande skule planlegg nye kurs/fagdagar for frukt- og bærdyrkarar, med oppstart vinteren 2013. Kurset vert modulbasert og kan gjennomførast attåt anna arbeid. Målsetjinga med kursa er å utnytta potensialet på garden betre, heva kvaliteten på produkta og auka omsetjinga. Du kan finna meir om dette på: www.hjeltnes.vgs.no 8. Gunstig finansiering og tilskot via DyrkSmart Ved etablering av nye felt og omlegging/omplanting kan ein søkja om Bygde-Utviklingsmidlar. Midlane utgjer i dag 20-30 % av totalkostnad. Vidare er det gjort avtalar med bankar om gunstige ordningar for produsentar som er med i DyrkSmart ordninga, med avdragsfrie lån dei første 5 åra. DyrkSmart prosjektet har rådgjevarar som hjelper med søknadsutforming. For oppdatert informasjon sjå DyrkSmart.no. 9. Rimelege innkjøp og tinging via Fruktklienten Både Hardanger Fjordfrukt og Ullensvang Fruktlager har eigen butikk der dei sel vanlege driftsmidlar som vert nytta i fruktproduksjonen. Her kan du stikka innom, eller leggja inn tinging via Fruktklienten. Der ser du om vara er på lager eller ikkje og kan tinga alt frå hanskar, arbeidshjelp, mat til Mons, gjødsel og frukttre. For volumvarer som m.a. gjødsel og plast til dekkesystem vert det gjort eit stort årleg fellesinnkjøp for å sikra leveranse og gode prisar. www.dyrksmart.no 8 9

Nytt innan fruktdyrking: AVLING ANDRE ÅRET ETTER PLANTING! Nov. 2012: LMD har opna for import av større, greina tre til eple/pære (2 årige planter). Dette gjer at ein alt i år 2 etter planting kan ta ut avling. Greina tre vert levert om hausten eller om våren og bør setjast i jorda ved mottak. Ved etablering av nye felt er det ei klar tilråding å berre planta greina tre (2 årige planter). NY PÆRESORT: Celina Dette er ei pære som gjev god avling med høg kvalitet, og ho held seg godt om den vert hausta i rett tid. Celina kjem også tidleg i bering, gjerne året etter planting. Treet har sterk vekst og det er ikkje rapportert om plantvernproblem. Marknadsapparatet har også gjeve svært gode attendemeldingar på Celina. Alle tilhøve peikar i retning av at dette er ei pære som vil gjeva god økonomi for dyrkaren. Økologisk fruktdyrking: Det er ein aukande marknad for økologiske eple, pærer og plommer. Produksjonen i Hardanger er berre 50 dekar eple og 100 dekar plommer. Det er stor mangel på både konsumfrukt og råstoff til saftproduksjon. Produksjonen er meir arbeidskrevjande, men kan gjeva god økonomi. Dei fleste erfarer at det er ugraset som er den største utfordringa. Økologisk dyrking har ulike tilskotsordningar i tillegg til dei vanlege tilskota. Både COOP, Bama og Ica har eit godt apparat for omsetjing av økologiske varer og har trong for meir. Du finn meir informasjon om økologisk dyrking på DyrkSmart.no Fruktklienten Eit revolusjonerande dataverktøy for fruktprodusentar: Fruktklienten er fruktprodusentane sitt informasjonssystem. Her registrerer ein alt som er relatert til fruktproduksjonen, både statisk informasjon (felt og sortar), aktivitetar (gjødsling, sprøyting) og innhausting. Historiske data vert lagra slik at dyrkaren til ei kvar til har full kontroll på sin produksjon. Du kan og tinga varer frå fruktlagera via systemet. Fruktklienten vert jamnleg oppdatert. BLI FRUKTNERD! Dersom du ynskjer å få tilsendt e-post med ny informasjon i prosjektet går du inn på våre heimesider og melder deg på. Dette er informasjon som vil vera nyttig for alle fruktinteresserte og er ope for alle. Dei 50 første vil få utlevert eige t-skjorte med Fruktnerd logo! Vil du snakka med andre som har teke i bruk DyrkSmart metoden? Du finn oss på Facebook! Nyttig fruktkompetanse i Hardanger: Norsk Fruktrådgiving Hardanger driv rådgjeving i fruktproduksjon i Hordaland fylke og i Ryfylke: hardanger.lr.no Norsk Landbruksrådgiving Hordaland (tidlegare Forsøksringen Hordaland) tilbyr rådgjeving innan grovfôrdyrking, hagebruk, kulturlandskap, økonomi, næringsutvikling og bygningsplanlegging. hordaland.lr.no Hjeltnes kompetansesenter er ei avdeling ved Hjeltnes vidaregåande skule (Tidl. Hjeltnes Gartnarskule) Tilbyr gartnarutdanning på deltid, kurs for frukt og bærdyrkarar m.m. Sjå kursoversikt her: www.hjeltnes.vgs.no Bioforsk Ullensvang (tidlegare Ullensvang forsøksgard) har det overordna ansvaret for fruktforskinga i Noreg. Les meir her: www.bioforsk.no 10 11

Gardsbesøk Fruktlagra og rådgjevingstenesta vil i løpet av 2013/2014 reisa rundt på gardsbesøk til alle dei 300 produsentane som er tilknytte Hardanger Fjordfrukt og Ullensvang Fruktlager. Sjølv om du ikkje er tilknytt desse fruktlagera kan du delta i DyrkSmart-prosjektet: epost@dyrksmart.no ide/design:ljaga.no. trykk: oddatrykk.no 2012 KURS KOMPETANSEHEVING FOR FRUKT- OG BÆRDYRKARAR Hjeltnes vidaregåande skule planlegg nye kurs/fagdagar for frukt- og bærdyrkarar, med oppstart vinteren 2013. Kurset vert modulbasert og kan gjennomførast attåt anna arbeid. www.hjeltnes.vgs.no WEBSIDE DyrkSmart.no er heimesida til prosjektet. Her vil du finna prosjektinformasjon og aktuell nytt. Du kan også registrera deg for å få melding via e-post/sms når det vert lagt ut aktuell informasjon. VIKTIGE ADRESSER Hardanger Fjordfrukt SA: fjordfrukt.no Ullensvang Fruktlager SA: ullensvang-fruktlager.net Norsk Fruktrådgiving Hardanger: hardanger.lr.no kontakt oss: epost@dyrksmart.no DyrkSmart er eit prosjekt i regi av Ullensvang Fruktlager SA og Hardanger Fjordfrukt SA 12