Seinka av Bergen. ë<!t!k!o=iga ei< Berga av brannvernet. Handballjubel. Fabrikk til sals



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MASFJORDEN KOMMUNE. Vedtaksprotokoll for Formannskapet

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

MASFJORDEN KOMMUNE. Arbeiderpartiet: Høgre: Senterpartiet: Bjørn Egil Nordland (vara) Karstein Totland, ordførar Lene Hansen Kvamsdal

Minnebok. Minnebok NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Brukarrettleiing E-post lesar


Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Rektorforum 15. april

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Møteprotokoll for møte i

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Møtebok for Valstyret

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Kontrollutvalet i Suldal kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

«Ny Giv» med gjetarhund

MARKNADSPLASSEN KONTAKT OSS ABONNEMENT REDAKSJONEN INFO

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 16.00

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»


SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

ehandel og lokalt næringsliv

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

6. trinn. Veke 24 Navn:

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Informasjon til elevane

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE. Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon Telefaks. Bergen 15. okt. 2008

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

6-åringar på skuleveg

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

mmm...med SMAK på timeplanen

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

10/60-14/N-211//AMS

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 13/ Løpenummer: 13/1648 Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 18:00-22.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Transkript:

13. april nr. 42-2013 Årgang 53 Laussal kr 20,- Seinka av Bergen n Sveinung Valle: Bergenspolitikarane forseinkar Nyborgstunnelen.10-11 ë<!t!k!o=iga ei< Sardinfabrikken på Fedje kan bli din. Side 7 12 år gamle handballjentere frå Knarvik IL laga stor spenning i Sparebanken Vest Cup emvest.no Nybygg og prosjekterte boliger NY Sjå annonse side 5 Brannmenn reddar ikkje berre kattar i tretoppar, men også sau frå isvatn. Side 31 Side 18-19 Velkommen til en hyggelig handel Eigedomar for salg hos Eiendomsmegler Vest www.emvest.no Berga av brannvernet Handballjubel Fabrikk til sals Mjåtveitflaten 55, 5918 Frekhaug Tlf. 56 35 33 70-5915 Hjelmås Nybygg - tilbygg - rehabilitering - alt i byggevarer Nye åpningstider: Man.-fre. 7-20 lør. 9-16 www.byggmakker.no/walde Walde Entreprenør AS Vi utfører alt innen nybygg og rehabilitering. Ove Henriksen tlf. 481 40 274 www.waldegruppen.no

2 n STR ILEN L AU R DAG 13. A PR I L 2 013 Tema: Ekstra kutt i Meland Slit om kjemien kjem i ulage Siste formannskapsmøtet i Meland baud på ei viss overrasking, i alle høve for rådmannen og hennar stab. Til møtet hadde administrasjonen utarbeidd ei liste med vel sju millionar kroner i kutt. Så kom meldinga frå det politiske fleirtalet: Kutt 10 millionar til! Vedtaket som fekk fleirtal, også i kommunestyret onsdag, ber rådmann Ingvild Hjelmtveit koma med denne ekstra kuttlista til eit seinare møte i formannskapet. Som ein kommune med Må Meland seia over 7000 innbyggjarar har opp, må politikarane Meland samla driftsutgifter og inntekter på vel 350 miltil slutt seia kva avdel- lionar kroner. Å spara vel ingar og tilbod til inn- 7 millionar utgjer dermed byggjarane som vert 2 prosent. Det bør som utgangspunkt ikkje vera råka. uoverkomeleg, og rådmannen og hennar stab har lagt fram ei liste for korleis dei vil gjera dette, litt etter ostehøvelprinsippet. Å spara ti millionar til, vil by på større utfordringar, i alle høve om Meland har eit budsjett som er trongt frå før. Å få til kutt på kring 17 millionar kroner, ser ut til å kunna verta ekstra tøft. Grunnen er at me ser teikn til at det ekstra kravet om kutt set kjemien mellom politikarar og administrasjonen på prøve. Det er aldri eit godt utgangspunkt for å få til kutt. Det kravet som no kjem om ytterlegare kutt, kan føra til at Meland må vurdera oppseiingar, i alle høve at ledige stillingar vert ståande ubesette ein periode. Det me har sett gjennom fleire tiår, er at dette er vurderingar nabokommunane har gjort i langt større grad enn Meland. Der har både administrasjon og politikarar vore for lite påpasselege i tidlegare periodar. Når dagens rådmann i Meland ser på det å kutta sju millionar kroner som dramatisk, er me ikkje samde med ho i det. Det må kort og godt gjerast når Meland per i dag er oppe i eit samla underskot på 18 millionar kroner. Heller ikkje det treng vera høgdramatisk, men politikarar som ikkje vil gjera noko med det, får finna på noko anna å gjera enn å gå inn i eit kommunestyre. Slik saka står no, har eit fleirtal i kommunestyret bede rådmannen om forslag på ytterlegare kutt på 10 millionar. Kuttlista går me ut frå at rådmannen legg fram, men politikarane i Meland sit også med eit ansvar dei ikkje kan skubba frå seg. Det er dei same politikarane som gav grønt lys for å utvida sjukeheimen på Frekhaug og dermed påføra kommunen åtte millionar i auka driftsutgifter per år. Ingen får i pose og sekk. Og må Meland seia opp, må politikarane til slutt seia kva avdelingar og tilbod til innbyggjarane som vert råka. Strilen arbeider etter Ver varsom-plakaten sine reglar for god presse skikk. Om nokon meiner seg ramma av urettmessig omtale, oppmodar me desse til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens faglige utvalg er eit klageorgan oppnemnd av Norsk Presse forbund som handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål. Adressa til PFU er: Rådhusgt. 17, pb. 46 Sentrum, 0101 Oslo. Tlf. 22 40 50 40, fax: 22 40 50 55. Ei politisk og økonomisk uavhengig avis for Nordhordland. Skipa i 1961. Utgjevar: Forlaget Strilen AS Trykk: Schibsted Trykk Flesland AS Avfotografering av stoff og annonsar for vidare reproduksjon er ikkje tillate utan etter avtale. - Risikosport å ferdast her IKKJE KJEKT: Ann-Margit Markhus Manger er leiar i Holmemarka velforening og har sjølv born i Blåklokka barne- hage. Ho bur så nært at ho gjerne vil gå til barnehagen til fots, men det er ei lite triveleg å gå langs denne vegen. MELAND: Holmemarka velforening er uroleg for trafikktryggleiken på vegen ved Blåklokka barnehage på Holme. Av Anne-Lise Nordpoll anne@strilen.no - Vegen manglar gangveg på mesteparten av strekninga og det er rein risikosport og ferdast med born her, skriv leiar i Holmemarka Velforening AnnMargit Markhus Manger i eit brev til Meland kommune. ninga og når bilar møtes må dei gjerne rygga. Dei meiner også at mange av dei som kjører her heldt til dels høg fart, og nemner at det er mange lastebilar og andre tunge kjøretøy på vegen. Det er også ein liten bakketopp på det punktet der vegen er på sitt smalaste og når ein kjem kjørande her kan ein ikkje sjå om det kjem bilar imot. Treng minimum ein spegel «Som eit strakstiltak og absolutt minimum bør det setjast opp eit trafikkspeil på denne bakketoppen for å betra sikta noko, og for å førebyggja ein del av rygginga. Ein bør også vurdera fartsdumpar», skriv dei. Til Strilen seier Ann-Margit Markhus Manger, at dei har sendt brev både til kommunen og til Statens vegvesen fordi dei opplever at det er på høg tid at det vert gjort noko med denne vegen. Kaotisk i rushet - Situasjonen er spesielt kaotisk om morgonen og om ettermiddagen, når folk kjem for å levera eller henta born i barnehagen samtidig med at det er mykje trafikk langs vegen og mange skal til eller frå jobb, seier ho. Vil ha fokus på saka Vellaget har sendt brev til kommunen fordi dei ønskjer å setja søkelys på trafikksituasjonen langs vegen som går frå Holme og innover mot Tveit og Brakstad. Dei meiner at det bør byggjast gang/sykkelsti som gjer det tryggare for mjuke trafikantar å ferdast her. I brevet skriv vellaget at det er store trafikkale utfordringar langs vegen. Dei fortel at to bilar ikkje kan passera kvarandre på delar av strek- MÅ RYGGA: Der vegen er på det smalaste er det ein liten topp, slik at bil- stane ikkje ser om det kjem bil imot. Difor er det mange bilistar som ender opp med å rygga. Adresse Kvassnesvegen 23 Postboks 3, 5914 Isdalstø Bladpengar Redaksjonen Marknadsavdelinga Heilår kr. 995,- Marknadssjef Heidi V. Villanger........ 909 25 024 Halvår kr. 545,- TIPSTELEFON 97 15 10 20 3 mnd. kr. 350,- Telefon 56 34 30 30 Utanom Noreg Telefax 56 34 30 31 Heilår kr. 1.425,- REDAKTØR: Hans Egil Storheim............ 959 31 280 REDAKSJONSSEKTRETÆR: Ketil Tjore.................... 922 09 916 JOURNALISTAR: Livar Aksnes.................. 404 16 445 Gunn Berit Wiik Berg.......... 906 82 488 Silje Sæterdal Bøyum.......... 477 088 76 Anne-Lise Nordpoll........... 986 96 459 Harald Rongevær (desksjef).... 920 88 921 E-post avisa@strilen.no Halvår kr. 760,- Annonsar annonse@strilen.no 3 mnd. kr. 458,- Seniorkonsulent Lillian Sæle........... 926 26 928 Grethe H. Stemland.................. 993 86 085 Elisabeth Skjelvik Stiansen............ 464 79 475 Wenche H. Dale...................... 480 25 950 Gjertrud Strømme, grafisk formgjevar.. 986 96 459 Annonsesamkjøringa Bergensringen Susan Clark......................... 982 17 444 Dagleg leiar: Sveinung Tvedt........... 920 85 926

STRILEN L AU R DAG 13. A PR I L 2 013 3 SPENT: Sigvard Hopland er spent på korleis det varsla veromslaget i helga vert, for han er snart nøydd å koma ut på bakkane med møka. Møkakrise trugar bøndene Det kalde veret og den seine våren gjer at mange bønder no sit med smekkfulle gjødsellager. Og før telen går or jorda, har ein ikkje lov å spreia gylle. Av Livar Aksnes livar@strilen.no - Eg har plass til ei veke til med gjødsel, men så er det fullt, seier Sigvard Hopland på Seim til Strilen. Gjødsellaget hans har om lag ti centimeter att til det er fullt til randa. - Det er ei lukke at det har vore så lite nedbør, for elles ville nok lageret vore fullt alt, seier han. Han kan ikkje hugsa ein så sein vår som i år, der det framleis er tele i jorda, og der ikkje eit grønt strå er å sjå. Sauebøndene Sigvard Hopland driv i hovudsak med mjølkeproduksjon. Men han trur situasjonen er minst like vanskeleg for sauebøndene, om ikkje når det gjeld fulle gjødsellaget. - Normalt skulle dei no kunna sleppa sauene ut på beite, men der er ingenting å eta. Han har sjølv selt fôr til sauebønder som no tek til å få problem med fôrknipe. Veromslag No ser det ut til at det vert veromslag i helga, men Hopland er spent på korleis det veromslaget vert. - Viss det kjem masse regn medan det framleis er tele i jorda, kan det verta vanskeleg å koma ut på bakkane med maskiner, seier han. - Men me får ikkje ta sorgene på forskot, og dette er litt av spenninga med å ha eit yrke der naturen spelar inn. Fortvila - Me har vorte kontakta av fleire bønder som no begynner å verta fortvila, og enkelte som har sørvende marker der telen no tek til å sleppa, har fått løyve til avgrensa spreiing, seier Nils Kaalaas ved landbrukskontoret i Lindås til Strilen. Men regelverket er klart, mei- ner han. Det skal ikkje spreiast husdyrgjødsel på marker der det er tele i jorda. Kravet er at det skal vera minst 15 centimeter frostfri jord. Og ein må ikkje spreia gjødsel der det er fare for at den kan renna ut i bekker, elvar og vatn. Og bøndene må søkja landbrukskontoret før dei set seg på gjødselvogna, seier han. Ledig kapasitet Her på Radøy har me så langt ikkje gjeve løyve til gjødselspreiing, men me har fått melding om at enkelte har prøvt seg, seier spesialrådgjevar Øyvind Hatleli ved landbrukskontoret på Radøy. Også han veit om bønder som no har sprengde gjødsellager. Landbrukskontoret på Radøy har på kommunen si nettside gått ut og bedt bønder som har ledig kapasitet i lagera sin, melda frå slik at dei som ikkje veit kor dei skal gjera av møka, kan få hjelp. Strilen har elles snakka med bønder som meiner at regelverket opnar for spreiing av husdyrgjødsel, sjølv om det er tele i jorda, når ein har kome så langt ut på våren som no. - Og er det fullt, så er det fullt, vert det sagt. Vinterskadar Når det gjeld vinterskadar på enga, er det litt for tidleg å seia noko om det no. Men langvarig frost, til dels på snøberr mark, gjer at faren for skadar er ganske stor, seier landbruksrådgjevar Lise Austrheim i Norsk Landbruksrådgiving Hordaland til Strilen. Særleg er det fare for at ein del raigras har gått ut, og førsteslåt- ten kan verta dårleg i år, seier ho. Men varmt og drivande ver framover kan retta opp noko av dette. Det er også ein god del bønder som har skaffa seg direktesåmaskiner som kan koma godt med i vår. Då kan ein få sått i nytt grasfrø der det gamle har gått ut. FULLT: Det er ikkje mykje plass att i gjødsellageret til Sigvard Hopland.

4 STR ILEN L AU R DAG 13. A PR I L 2 013 NYE SJEFAR PÅ RADØY: Jo Bjarte Tømmerbakke, Johan Fredrik Bøschen Sandal og Lisbeth Toppe Alvær er nytilsette kommunalsjefar i Radøy. Dette er eit spennande område og eit spennande arbeidsfelt. Eg gler meg til å komma i gang, seier Sandal, som vert kommunalsjef helse og omsorg frå 27. mai. Tre nye sjefar på Radøy Radøy kommune har tilsett tre nye kommunalsjefar på områda forvalting og drift, oppvekst og helse og omsorg. Av Silje Sæterdal Bøyum silje@strilen.no Lisbeth Toppe Alvær er tilsett som kommunalsjef for forvalting og drift. Ho jobbar i dag med forvaltingsrevisjon i Nordhordland revisjon. Jo Bjarte Tømmerbakke, noverande rektor på Årås skule, er tilsett som kommunalsjef for oppvekst. Tømmerbakke og Alvær tiltrer i dei nye stillingane frå 1. august. Johan Fredrik Bøschen Sandal er tilsett som kommunalsjef for helse og omsorg og tiltrer i stillinga 27. mai. Han er utdanna siviløkonom frå universitetet i Glasgow og har lang leiarerfaring, blant anna frå helseføretaket Apotekene Vest (no Sjukehusapoteka Vest HF) der han var administrerande direktør. Han har også jobba som seniorkonsulent og prosjektleiar i CapGemini, og i EDB Business Consulting. Sandal har vidare leia eit marknadsanalysebyrå i Bergen, vore nasjonal leiar for Foreningen for kreftsyke barn i fire år, og kjem til stillinga etter å ha drive konsulentverksemd innan feltet «compliance» - metodikk og verktøy for regeletterleving for verksemder. Dette gler eg meg til Rådmann Jarle Landås avslørte namna til eit spent formannskap torsdag. Dette vert kjekt, dette har eg tru på og dette gler eg meg til, seier Landås om å få tre nye sjefar i hus. Dei tre nyoppretta stillingane er del av ein omorganisering av leiarstrukturen i administrasjonen i Radøy kommune. Betre støtte til einingane Me treng desse stillingane fordi den flate leiarmodellen me har i dag, ikkje er ideell. Erfa- ring viser at ein slik modell over tid ofte vert fragmentert. Det vil me unngå. Me treng ei strategisk leiargruppe i Radøy, og det får me med dei tre kommunalsjefane på plass, seier Landås. Noko av kostnadane ved dei nye stillingane vert henta inn att ved at assisterande rådmann Leif Taule skal gje seg. Denne stillinga fell bort etter det. Fleire endringar kan komma etter at kommunalsjefane er på plass, fortel Landås. Det me oppnår med dette er Brassdebut på Gulatinget Av Livar Aksnes livar@strilen.no GULEN: Det nyskipa Gulen Brass Band (biletet) får sin første opptreden på Gulatingsstaden på Flolid søndag 14. april. Då skal dei spela på opninga av sesongen for Gulatingsstaden. Då skal også Skala Brass Band frå Meland vera med. Begge korpsa vert dirigerte av Espen Selvik. I tillegg vert det solistar og overraskingar, skriv Gulen kommune på heimesida si. Ordførar Hallvard S. Oppedal vil stå for den offisielle opninga av sesongen. Men før på dagen vil Skala Brass Band medverka under gudstenesta i Eivindvik, og denne dagen opnar og Tom Bache-Wiig utstilling i Herresalen. Neste helg vert det korfestival i Eivindvik, der mange lokale kor medverkar. Laurdagen skal det vera kyrkjekonsert i Gulen kyrkje, og søndagen er det konsert på Gulatingsstaden. ei leiing som er tettare på, som jobbar på strategisk nivå og som kan gje betre støtte til einingane, seier Landås.

LAURDAG 13. APRIL 2013 STRILEN 5 Strilen! Kommer for salg KUNDESERVICE Ring oss på tlf 05560 EMVEST.NO På våre nettsider finner du utfyllende informasjon om alle våre salgsobjekter RAUNHOLMSKOGEN 1 B RADØY/ MANGER TOMANNSBOLIG URHAUGVEGEN 62-64 MANGER 2 BOLIGHUS, STOR TOMT KONTAKT. Stian Nilsen MOB. 90 14 74 44 KONTAKT. Magne Storheim MOB. 95 26 59 04 MELAND/ ODLAND VISNING 14.04 KL15-16 4 PLANERTE TOMTER HUSEBØ MELAND/ ROSSLAND TOMT M/CAMPINGVOGN KONTAKT. Stian Nilsen MOB. 90 14 74 44 KONTAKT. Stian Nilsen MOB. 90 14 74 44 TRÆLANDSVEGEN 274 LINDÅS/HUNDVIN VISNING 14.04 KL.13-14 HILLAND VEST VARDANE 54,ALVERSUND REKKEHUS KONTAKT. Stian Nilsen MOB. 90 14 74 44 KONTAKT. Stian Nilsen MOB. 90 14 74 44 ÅRÅSVÅGEN 216 AUSTRHEIM VISNING. 14.04 KL.13-14 EIDAVEGEN 524 D OSTEREIDET LEILEGHEIT KONTAKT. Stian Nilsen MOB. 90 14 74 44 KONTAKT. Sondre Ivan Myhr MOB. 99 09 12 01 Strilen! Kommer for salg KUNDESERVICE Ring oss på tlf 05560 EMVEST.NO På våre nettsider finner du utfyllende informasjon om alle våre salgsobjekter

6 STRILEN Utdanning på næringskonferanse MASFJORDEN: Skule, utdanning og arbeidsplassar er tema på næringskonferansen for Gulen og Masfjorden, som skal vera på Nordbygda samfunnshus på Risnes torsdag 18. april. På konferansen vil ein setja fokus på om dei unge i desse to kommunane utdannar seg til jobbar som dei finn i heimkommunen, eller dei utdannar seg slik at dei må flytta frå distriktet. Av innleiarane er Jan Nordø frå Austrheim vidaregåande skule, Vivian Kårbø frå Nordhordland Handverk og Industrilag, Frode Oppedal frå Havbruksstasjonen på Matre og fleire. Det vert debatt om ungdommane ønskjer å utdanna seg til jobbar i distriktet. Seier nei til Langedalselva MODALEN: Blåfall AS bør ikkje få konsesjon for utbygging av Langedalselva i Modalen. Det er innstillinga til kultur- og ressursutvalet i fylket, som skal ha saka oppe tysdag i neste veke. Bakgrunnen er både at ei utbygging kan ha negative konsekvensar for natur og kulturminne, og at ein ikkje kan sjå at samfunnsnytten vil overskrida skadeverknadene av prosjektet. Vidare stiller fylkeskommunen krav om at området må undersøkjast for kulturminne, og inntil det er gjort, legg fylket ned motsegn mot planane. Ikkje gift i fisken BERGEN: Filet frå nordsjøsild, sei og torsk har låge nivå av miljøgifter og er trygg sjømat. Det viser tre basisundersøkingar som Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforsking (NIFES) har gjort over dei tre siste åra. Om lag 4.000 fisk frå kring 160 stasjonar er samla inn og undersøkt, med 80 stasjonar av torsk, 40 av nordsjøsild og 40 av sei. Prøvane blei samla inn over heile fiskesesongen, og har blitt analyserte for tungmetall som kvikksølv, kadmium, bly og arsen, samt dioksin, PCB og bromerte flammehemmarar. VÅRKUPP! Inntil 30% Screen Markiser Persienner Garasjeporter I Vindussprosser i vinyl Vi Vi er god best på på pris og kvalitet Ring gjerne for gratis måltaking! Ove Veberg tlf. 908 67 031 eller ring sentralbordet tlf. 800 80 488 www.fasadeprodukter.no SuDoku Fyll ut dei tomme rutene med tal frå 1 til 9, både vassrett, loddrett og i kvadrata. LAURDAG 13. APRIL 2013 FEKK NOK: Jostein Hellestveit og Sp kjempa for grendaskulane i kommunestyret, men tapte. At delar av Venstre og Høgre var i fleirtalet for å leggja ned Festo og Skodvin, ser dei som brot på avtalen om samarbeid. Ståande frå venstre: Aashild Halland (V), Nina Bognøy (Ap), Leif Hosøy Sleire (H), Jostein Hellestveit (Sp), Bjarte Vatnøy (Frp) og Kaare Gaulen (KrF). Sp ut or fleirtalskoalisjonen i Lindås Skulenedlegging klart brot på avtalen, meiner dei. Av Hans Egil Storheim hans.egil@strilen.no Lindås Sp har dermed bestemt seg for å gå ut or samarbeidet med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre for resten av perioden. Det går fram av ei pressemelding fredag, underteikna av lokallagsleiar Anna K. Valle og gruppleiar Jostein Hellestveit, også leiar i Levekårsutvalet. Bakgrunnen for avgjerda er at fleirtalet i Høgre og delar av Venstre i kommunestyret den 21. mars gjekk inn for å leggja ned Festo og Skodvin skular. Sp ser dette som eit klart brot på samarbeidsavtalen inngått 4. oktober 2011, der det i punkt 3 heiter: Samarbeidspartia ønskjer å oppretthalda grendaskulane, anten med kommunal eller privat drift,... At nedleggingsvedtaka skal gjelda frå 2013 for Festo krins og frå 2014 for Skodvin krins, gjer det også uråd, slik Sp ser det, å starta private skular i krinsane, om det skulle vera ønskjeleg. Det var trist at det skulle gå slik, men avgjerda var ikkje vanskeleg å ta for oss. Me viste til avtalen i kommunestyret, og eg varsla også frå talarstolen at det kunne koma til eit brot, seier Jostein Hellestveit i ein kommentar. Hellestveit viser til at Sp var med på eit kompromiss, med å føra mellomsteget på Skodvin til Lindås. Det var med i ei samla innstilling frå arbeidsgruppa som alle stod bak. Difor var det skuffande at deira medlem i gruppa, Anne Julie Hetland, skifta standpunkt i kommunestyret, sjølv om både ho og KrF sin representant i arbeidsgruppa hadde varsla at det kunne vera vanskeleg å halda heile deira grupper samla i kommunestyret, seier Hellestveit. I kommuenestyret var heile Sp og KrF sine grupper mot vedtaket om nedlegging av dei to skulane som det vart fleirtal for. Kjem du til å halda fram som leiar i Levekårsutvalet? Sjølv ønskjer eg det, men så langt veit eg ikkje om nokon av dei andre partia vil endra på dette, seier Hellestveit. Senterpartiet ser også fleirtalsvedtaket som eit brot på økonomiplanen, går det fram av den utsende pressemeldinga. Me må berre ta Sp si utmelding or koalisjonen til etterretning. Me rådde partiet frå å gjera dette før alle partia hadde hatt eit samrådingsmøte, seier KrF sin gruppeleiar Arne Ramslien. Han seier at KrF vil samarbeida med alle parti for å gjennomføra ein god politikk for Lindås. Me må og ta til etterretning det fleirtalet avgjorde om nedlegging av skular. Omkamp er ikkje aktuelt frå vår side, seier Ramslien. Dei som er att i fleirtalskoalisjonen, KrF, Høgre og Venstre, har 17 av 31 representantar i kommunestyret. Middels Vanskeleg Svar på 1 2 6 førre 2 4 1 3 SuDoku 7 4 2 Middels 8 7 5 9 3 9 1 7 7 4 9 9 1 5 8 7 3 5 1 2 8 7 9 4 5 3 6 3 7 6 1 8 5 2 9 4 5 4 9 6 2 3 7 8 1 8 3 4 5 1 2 9 6 7 9 1 2 3 6 7 8 4 5 6 5 7 8 4 9 3 1 2 4 6 5 9 7 8 1 2 3 7 8 1 2 3 6 4 5 9 2 9 3 4 5 1 6 7 8 Vanskeleg 9 5 1 2 4 6 7 8 3 7 2 4 3 5 8 6 1 9 6 3 8 7 9 1 4 2 5 1 8 7 9 6 5 2 3 4 4 6 2 8 1 3 5 9 7 3 9 5 4 7 2 8 6 1 2 1 3 5 8 7 9 4 6 8 7 9 6 3 4 1 5 2 5 4 6 1 2 9 3 7 8 Levert av Pressetjenester ans

LAURDAG 13. APRIL 2013 STRILEN 7 Kan bli din om ei veke FEDJE: Visst Fedje Utvikling AS ikkje får ut fingeren til neste fredag, kan den gamle sardinfabrikken bli din. Av Gunn Berit Wiik Berg gunn.berit@strilen.no Fedje Utvikling AS har hatt opsjon på kjøp av fabrikken i to år. Likevel var verken finansiering eller konkrete planar for rehabiliteringa på plass til opsjonsavtalen først gjekk ut 31.12.2012 og vart utvida til ein siste frist 31.3. 2013. Ny frist - Etter nye samtalar denne veka har eg valt å gje dei nok ein ny frist til neste fredag, seier Gjermund Havstad som eig bygget. Utsetjinga forklarer han med at Fedje Utvikling AS har endra strategi og slått frå seg å byggja ut eit fullskala leilegheitskompleks. - No er dei innforståtte med at delar av bygget må vera næringsbygg, slik må vera når Fedje treng fleire arbeidsplassar, slår han fast. Dette gjer også prisen lågare, slik at prosjektet er meir realistisk, legg han til. Veksthus Klarer Fedje Utvikling AS å komma opp med 4,8 millionar kroner til neste fredag, er planen å byggja den 2000 kvadratmeter store sardinfabrikken om til leilegheiter og eit veksthus for nye bedrifter. Klarer dei ikkje det, kjem Havstad til å leggja fabrikken ut for sal i ein kort periode for å sjå om det dukkar opp andre interessentar. - No har det ikkje skjedd noko som helst der på tre år, og det slik går ikkje lenger. Men han fortel at det er eit stort engasjement og veldig mange positive og kompetente krefter i den gruppa som jobbar med saka no. Difor håpar han på ei løysing om nokre veker. - Kanskje vil det beste resultatet bli om me klarer å slå saman krefter både frå Fedje Utvikling AS, nye krefter og oss som eigarar, seier han. TIL SALS? Om ei veke kan det henda denne 2000 kvadratmeter gamle sardinfabrikken på Fedje vert lagt ut for sal. Sardinar og tinn Fedje sardinfabrikk vart sett opp av Chr. Bjelland i 1953 og det vart produsert verdsberømte King Oscar-sardinar der heilt fram til 1992. I 1995 kjøpte Havstad-familien fabrikken og starta Havstad Tinn AS. Verksemda gjekk så det grein og hadde på det meste rundt tretti tilsette. Men rundt 2002 bestemte Atle Brynestad å flytta største delen av produksjonen til Thailand. Dermed vart produksjonen på Fedje mindre og mindre, og ei satsing på turisme klarte ikkje å kompensera for tapet av den største kunden. Siste krampetrekking Framleis har Gjermund sin far, Sveinung, ein liten krok i fabrikken der han deler av året lagar blant anna medaljar til Birkebeinaren. I tillegg har båtbyggjaren Bjørn Ådne Kvalvik brukt delar av verkstaden dei siste åra. Han har no måtta flytta ut fordi han ikkje fekk lov å vera der lenger. Det synest Havstad er veldig trist. - Kvalvik er heilt perfekt for det miljøet eg tenkjer det kan bli i delar av fabrikken, seier Havstad. Stort potensiale Med 4,8 millionar bunde opp i bygget, kan Gjermund Havstad godt tenkja seg å bli kvitt fabrikken. - Slik det er no har, har eg større hytte enn Røkke, men mindre pengar enn ein minstepensjonist, ler han. Likevel ønskjer han å ha ein finger med i spelet om bygget si framtid. - Det ligg så fantastisk til og n Fedje utvikling AS * Fedje Utvikling AS vart etablert 14. februar 2011 under bransjen «Utvikling og sal av eigen fast eigedom elles». * Dagleg leiar og styreleiar er Odd Arne Blindheim, som eig 60 % av aksjane. Blindheim har 23 andre roller i næringslivet i tillegg, der i blant Austrheim Bolig AS, Austrheim Holding AS, Austrheim Utvikling og Nordhordland Næringshage AS. * Vidar Hop, som driv Vidar Hop Skyssbåter AS, eig 25 prosent medan Anne Horne som er dagleg leiar i verksemda Horne og Havstad DA, eig 15 prosent. Dette selskapet vart etablert 11.11. 2004, har besøksadresse på Fedje og driv innan bedriftsrådgjeving og anna administrativ rådgjeving. kan bli til stor glede for veldig mange dersom det blir forvalta riktig, seier han. I tillegg til leilegheiter og kontorfellesskap, ser han føre seg eit verkstadfellesskap med designarar, kunstnarar og handverkarar som også kan halda kurs for andre. Må bu på øya Om mange ting nett no er uklart, veit Havstad av erfaring at det uansett kva som skjer, er ein ting som må til for å lukkast. Og det er at den som skal utvikla bygget må bu på øya. Sjølv bur han i Bergen med mange jarn i elden, men får han ikkje seld bygget, kjem han til å trakka til sjølv. - Det vil naturlegvis bli i langt mindre skala, men ja, då kjem eg til å starta utviklinga av bygget i eigen regi, seier den entusiastiske fabrikkeigaren. Men det første han skal gjera då, er å laga eit husstyre og få med seg alle gode krefter, for det er ikkje så lett å vera glad åleine i ein diger fabrikk. ApoTEK 1 promenaden flytter til nye lokaler! nyopning mandag 15. april kl 10. Du finn oss igjen i 1. etasje i Brios gamle lokaler (leikebutikken). I forbindelse me flyttinga vil me stenge kl 14 i dag lørdag 13. april. Velkomen skal de vera! DEN GLADE KAN: Der det på fabrikken ein gong stod «Den glade kannestøper», står det no «Den glade kan!». Men ein treng også 4,8 millionar kroner. alt Fra vichy og varer i baby/barn-hylla * -50 % *Så langt lageret rekker Apotek 1 Promenaden. Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ. Tlf: 56 35 72 00, faks: 56 35 72 01. E-post: apotek1.promenaden@apotek.no. Åpningstid: mandag - fredag 10-20, lørdag 10-18.

8 strilen Bokkafé i Eknesvågen Bokkafeen i Eknesvågen er opna for sesongen, og der er det opne dører kvar søndag like fram til 24. november. Mange «nye» brukte bøker vil verta lagt ut for sal. I tillegg til arealet inne i bokkafeen har ein teke i bruk ei brakke ute ved det nye Grindabygget. Som vanleg vert det sal av vaflar og kaffi. Alle er velkomne, heiter det i ei melding til avisa. Det er også mogleg å kjøpa bøker elles i vekene, i Grindabygget er det lagt ut bøker som vil liggja ute fast. Der kan folk forsyna seg med bøker og putta pengane i ein kasse. Hoppar på Eikanger På Eikanger skule er alle elevane med i hopp for hjarte-aksjonen, som vert laga til av Nasjonalforeningen for folkehelsen, fortel lærar Hilde Marthinussen i ei melding til avisa. I to veker no har me fokus på å hoppe tau i friminutta, og i enkelte timar. Dette skaper samhald og sunnare elevar, i tillegg til at elevane konkurrerer i å hoppa i flest minutt. På biletet er det 6. og 7. klasse som hoppar slengtau saman. Denne veka knuste dei alle rekordar, med å hoppa 514 hopp etter kvarandre, fortel Marthinussen. laurdag 13. april 2013 Sagt i møtet: Innan eldreomsorga følte me at me ikkje hadde kontroll på kva som vart tildelt og kva som vart brukt. Me innførte ordninga med bestillarkontor, slik at ikkje same person skulle bestilla, utføra og kontrollera tenestene. Helge André Njåstad, Austevoll-ordførar Eigedomsskatt er akkurat som narkotika. Det er veldig vanskeleg å verta kvitt, om ein først innfører det. Helge André Njåstad «Eg tykkjer støtt at det høver best, å hjelpa den som det trenger mest» Leif Johnsen, (MDG), siterer Ivar Aasen i saka om fritak frå eigedomsskatt. Skatt er ikkje ei straff, men den dugnaden som samfunnet vårt er bygd på. Leif Johnsen, (MDG) Ingen er glade i eigedomsskatten, men det set oss i stand til å yta tenester, som me kanskje elles ikkje kunne ha klart. Solbjørg Åmdal Sandvik (Sp) Du får ikkje replikk på replikken: Men om representanten Johnsen vil teikna seg for eit innlegg, så kan du det. Ordførar Aadland har grep om talarlista. Eg må berre minna om at replikk ikkje er innlegg, og dette minna om eit innlegg. Aadland til Sigmund Larsen Me skal bruka minnesmerket til å bringa kulturarven frå Aasen vidare til dei neste generasjonane! Kåre Skibenes (KrF) Eller ikkje berre eg, men Venstre. Lars Barstad «me-ar» seg med partigruppa Meland kommunestyre Kuttar sju millionar n FREKHAUG: Fleirtalet i kommunestyret i Meland sa takk til sparepakken på 7,38 millionar, og ba om ti millionar meir i kutt. Av Ketil Tjore ketil@strilen.no Kommunen er på hælane med å betale ned tidlegare underskot, og situasjonen vart forverra etter at rekneskapen frå 2012 var klar. Meland skulle ha betalt ned tre millionar av tidlegare driftsunderskot, i staden fekk dei ein ny minus slik at oppsamla driftsunderskot ved nyttår var 18,1 millionar kroner. For å bøta på dette har rådmannen i løpet av dei siste månadene jobba fram ei omfattande kuttliste, der ein i samarbeid med dei ulike einingane har komme fram til 7,38 millionar i kutt. Dette sa fleirtalet i kommunestyret ja takk til, men er ikkje nøgd med det, rådmannen må innan kommunestyremøtet i juni finna fram til nye tiltak for å kutta ytterlegare ti millionar kroner. Dette vart vedteke med støtte frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Senterpartiet, Samarbeidslista, Arbeidarpartiet og Miljøpartiet dei grøne sa ja til rådmannen si kuttliste på 7,38 millionar, men nei til ytterlegare kutt. Fem prosent Kuttet på i alt 17,38 millionar er kring fem prosent av budsjettramma for Meland. Ragnar Bratland frå Høgre la særleg vekt på at kommunen må redusera drifta for å verta kvitt det oppsamla underskotet. Det er eit ufråvikeleg krav frå Kommunaldepartementet at det oppsamla underskotet skal endeleg vera oppgjort i 2014, sa Bratland (Høgre) i sitt innlegg i kommunestyret. Han la til at det er politikarane som har ansvaret for at kommuneøkonomien i vekstkommunen har hamna i eit slikt uføre, men retta også ein appell til dei tilsette i kommunen, om å visa lojalitet og ansvar med tanke på økonomien. Meland sine inntekter ligg over snittet for kommunar i denne gruppa i Kostra, det gjer også inntektene. Andre kommunar i Hordaland med stor tilflytting, som Os og Fjell, driv med overskot og har eit godt tenestetilbod utan eigedomsskatt. KOSTRA er kort for «Kommune-Stat-Rapportering», og hjå Statistisk sentralbyrå (SSB) kan ein finna tal om mellom anna ressursinnsats i kommunane. Lys i tunnelen I desember 2013 såg eg lyset i tunnelen. Eg trudde 2013-budsjettet var bra, og rådmann og økonomisjef varsla fem millionar i ekstra skatteinntekter. Men me var ikkje lenge i paradis, sa Sigmund Larsen, Frp. Eg må seia meg lei for at det framleis er store utfordringar i Meland-økonomien. Kva er det som har gått gale? Før var det at me fekk for lite pengar frå staten. No har rådmannen avliva den myten og seier at me får meir. Og så vart det sagt at Meland har for høg folkevekst, men Askøy og Os har større vekst og pluss i økonomien. Larsen etterlyste betre kontroll FLEIRTAL: Ragnar Bratland, nummer to frå høgre, fekk støtte for framlegget om å kut med det kommunale forbruket, og meinte organisasjonen har for lite ansvar og lojalitet til budsjettet. Dette er ikkje eit eingongstilfelle. Når det har skjedd i tolv år, er det noko fundamentalt som ikkje stemmer. Larsen stilte spørsmål ved om kommunestyret kutta nok, med tanke på at den pågåande sjukeheimsutbygginga vil auka driftsutgiftene med åtte millionar kroner frå 2014. Ikkje berekraftig Aashild Aamli (Samlingslista) meinte at underskotet var eit resultat av for stor folkevekst. Me har åtvara mot dette, det ØNSKTE KOMMUNEN LUKKE TIL: Økonomisjef Kjell Hjertås (til venstre) vart onsdag takka av ordførar Nils Marton Aadland og kommunestyret for lang og tru teneste, og fekk ein bukett med seg heim frå dei siste møtet hans i kommunestyret. Hjertås har vore tilsett i kommunen sidan 1979, og fram til han no er pensjonist har han møtt på kring 150 kommunestyremøte. Eg ønskjer kommunestyret lukke til, sa Hjertås då han takka for blomane. har vore uklokt og uansvarleg å opna for store utbyggingar. Veksten har ikkje vore berekraftig, kommunen har ikkje hatt infrastrukturen på plass, sa Aamli. Ho la til at det hadde vore betre om kommunen hadde auka eigedomsskatten, for å få ein buffer. No er det uansett for seint å gripa til dette for inneverande år, vedtaket måtte eventuelt ha vore gjort før 1. mars. Det styringsdyktige fleirtalet i Meland har saldert budsjettet med ønskepengar, som lågare lønsvekst og meir i tilskot frå Fylkesmannen. Me ser at det er naudsynt med omstillingar i drifta, men kommunen er forplikta til å hjelpa GRØNT: Leif Johnsen frå Miljøpartiet dei grøne har, sjølvsagt, grøn tusj.

laurdag 13. april 2013 strilen 9 Med Barnas turlag til Nordlandsdalen MASFJORDEN: Masfjorden Barnas Turlag arrangerer førstkommande søndag tur til Nordlandsdalen ved Andvik, og dei vil ha mange med seg. Pakk sekken med god mat og drikke. Ta med noko med å sitja på, kle deg varmt med godt skotøy og bli med på tur, oppfordrar dei, og legg til at Turboreven gler seg til følgja med på turen. For meir info; sjå Facebook og plakatar i kommunen. (Foto: Laila Haukeland, leiar Masfjorden Barnas Turlag) RHORM på Ricks BERGEN: Nordhordlandsbandet RHORM kan i desse dagar feira femårsjubileum. Det vert markert med konsert på Ricks i Bergen, etter at Vinskvetten har gjort unna sine show for kvelden. Bandet skal laurdag ha med seg Ella Aase Anker som gjestevokalist, ho er kjent mellom anna som programleiar i P5. (Foto: Alvaro Alvarez Ricciardelli) Meland kommunestyre o, og ti seinare ta i alt 17,38 millionar kroner. folk, uavhengig av økonomien. Me er urolege for tenestene ved kutt på 7,38 millionar, og ser store problem med nye ti millionar i kutt. Urealistiske budsjett reddar ikkje økonomien, sa Aamli. To harde år Marit Jøssang (KrF) stilt spørsmål ved om kommunen har god nok oversikt over økonomien, og viste til at det i 2012 dukka opp utgiftspostar på tampen av året. Me må justera ned forbruket slik at det vert samsvar mellom inntekter og utgifter. Kommunen har eit for høgt driftsnivå, me brukar meir enn me har tilgjengeleg! sa ho. Dei to første åra vert ekstra krevjande, i tillegg til å kutta må ein samstundes betala ned 18,1 millionar i oppsamla underskot. Jøssang la fram eit forslag til tillegg, om at formannskapet skal ha månadlege rapportar om økonomi og tenester, mot annakvar månad i dag. Ordførar som i dag Rolf Hansen, Ap, sette fram same forslag som i formannskapet om å kutta løna til varaordføraren, som i dag har ei tjue prosents stilling, og redusera ordførarstillinga frå 100 til 75 prosent. Det fekk ikkje fleirtal. n FAKTA Vedtak i kommunestyret: (sams om ikkje anna er presisert) n Med fjorten mot tretten røyster får Bustølvegen burettslag på Frekhaug generelt fritak frå eigedomsskatt. Dette var også framlegget frå formannskapet. Mindretalet røysta for eit framlegg frå Ragnar Bratland (Høgre), der burettslaget ikkje fekk generelt fritak, men der det vart presisert at kommunen vil vurdera søknader for einskildbebuarar. (Per Sætre (Ap) var ugild i denne saka, men vararepresentant møtte og vippa fleirtalet). Dette vedtaket skal til lovlegkontroll, etter at Leif Johnsen kravde det på vegner av MDG, Samarbeidslista og Senterpartiet. Det inneber at kommunestyret får saka opp igjen i neste møte, og at saka så går vidare til Fylkesmannen for kontroll om ikkje kommunestyret snur. n Ja til å halvera prisen for ekstratimar i SFO og i barnehage, for dei med fast plass, frå 100 til 50 kroner. Desse satsane vart frå nyttår auka frå høvesvis 34 og 30 kroner og opp til 100 kroner, men denne auken er no redusert med tilbakeverkande kraft frå 1. januar 2013. n Godkjenner den nye avtalen om vertskommunesamarbeid om Nordhordland legevakt og tilbod om øyeblikkeleg hjelp. Frå april er Gulen med i legevaktsamarbeidet i Nordhordland. n Ja til å ta imot gåva frå Meland mållag, som vil setja opp ein Ivar Aasen-byste eller skulptur på plassen ved rådhuset. Eit fleirtal på 25 av 27 vedtok eit tillegg om at Utval for levekår skal avgjera plasseringa av Aasen-statuen. (Rolf Hansen og Per Sætre, begge Ap, røysta mot dette tillegget. n Ja til å gje Sansetunet ved Jan Atle Tvedt serverings- og skjenkeløyve. n Godkjenner at Eva Fløholm Birkeland overtek ansvaret for serverings- og skjenkeløyve ved Sjøslaget på Rossland, i samband med at ho er ny dagleg leiar i eigarselskapet Nordom Fjellet AS. n Godkjenner dei nye vedtektene til IUA Bergen region (Interkommunalt utval mot akutt ureining). Vedtektsendringa heng saman med at IUA Hardanger er lagt ned, og kommunane er i staden med i IUA Bergen region. Tilgang for alle FREKHAUG: Sigurd Knudsen, leiar av Fellesrådet som er ei samanslåing av Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Eldrerådet, gav kommunestyret ei kort orientering om rådet sitt arbeid i fjor. Fellesrådet jobbar mellom anna med å sikra universell utforming ved nye utbyggingar, og har påpeikt ein del der. Elles gav Njåstad fortalde om Austevoll-suksessen Av Ketil Tjore ketil@strilen.no FREKHAUG: Før Melandpolitikarane onsdag skulle dukka ned i sine økonomiske utfordringar, fekk dei høyra om korleis øykommunen Austevoll har snudd minus til pluss. Helge André Njåstad (Frp), som no er inne i sin tredje periode som ordførar, fortalde om dei tiltaka som Austevoll hadde teke i bruk for å få kontroll på økonomien. Konkurranseutsetting av reinhald hadde gjeve 2,9 millionar i innsparingar, medan ein innan pleie og omsorg hadde spart 7,6 millionar på å konkurranseutsetja ein del av tenestene. Konkurranseutsetting gav betre tenester, til ein lågare pris, sa Njåstad til lyttande Meland-politikarar. me uttale i samband med budsjetthandsaminga i fjor haust. Me såg at budsjett 2013 var lågare enn drift 2012, og me spurde om kva endringar den tenestemottakar ville oppleva. Det har me ikkje fått svar på, og det lurer me på enno, sa Knudsen. Han la til at Fellesrådet til møtet i juni har bedt om å få ei oversikt over kva det vil innebera at kommunen skal kutta 17,38, og ikkje som før varsla 7,38 millionar. Øykommunen hadde underskot i drifta år etter år, og hadde på det meste 45 millionar i oppsamla driftsunderskot. No har dei overskot på drifta år etter år. Det er nesten for bra no, alle ventar å få meir pengar. Det er vanskelegare å vera gniten når det går bra, men det skal me klara. Me passar på å få inn meir enn me brukar, sa Njåstad, som saman med fleirtalet i kommunestyret har fjerna eigedomsskatten som vart innført då tala var på det raudaste. Austevoll-ordføraren la til at kommunen nok ville måtta auka lånegjelda framover, for å ta att eit etterslep innan skulebygga. Njåstad hadde også med seg varaordførar Edvard Johannes Stangeland (Sp) til besøket i Meland kommunestyre. Treng du taxi? 815 33 633 FEKK NETTBRETT: Etter møtet onsdag var IKT Nordhordland på plass for å dela ut nettbrett til Meland-politikarane. No er det heilt slutt på papir.

10 strilen laurdag 13. april 2013 Tunnel når Bergen vil NØGDE: Representantane for dei raudgrøne partia var naturleg nok nøgde med den vegplanen som vart lagd fram i går. Frå venstre stortingsrepresentant Kjersti Toppe, Sp, fylkesleiar Jostein Ljones, Sp, gruppeleiar Aud Karin Oen, SV, fylkesleiar Sveinung Valle, Ap, og stortingsrepresentant Magne Rommetveit, Ap. Anleggstart på Nyborgtunnelen vil etter Nasjonal transportplan koma I 2018, men kan verta tidlegare. Av Livar Aksnes livar@strilen.no I Nasjonal Transportplan for perioden 2014-2023 som regjeringa la fram i går, er Nordhordlandspakken, og dermed Nyborgtunnelen, sett opp i siste del av planperioden. Det vil seia at det kan verta anleggsstart i 2018. Men under presssekonferansen som dei raudgrøne partia i Hordaland hadde i Bergen samtidig med at planen vart presentert i Oslo, vart det understreka at tunnelen kan verta bygd før viss Bergen syter for å få ein reguleringsplan på plass. Eg vil nesten seia det så sterkt som at Bergen har halde Nordhordland for narr, seier Sveinung Valle, fylkesleiar i Hordaland Arbeidarparti, til Strilen. Han er kraftig provosert av at Bergen kommune har brukt fem år på å laga eit planprogram for Nyborgtunnelen, og framleis er ikkje nokon reguleringsplan på plass. Pengane kjem Før det føreligg ein godkjend reguleringsplan, kan ikkje bompengesøknaden for bompengepakken koma opp i Stortinget. Og ein kan ikkje begynna å byggja før bompengesøkanden er godkjend, for bompengar skal utgjera eit vesentleg del av finansieringa. Så snart bompengesøknaden er plass, kan det og koma meir pengar frå staten, seier Valle. Det inneber at bygging av tunnelen kan starta før, og det vart sterkt understreka av fleire på pressekonferansen. No er det opp til Bergen, sa Ruth Grung, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i fylkestinget. I planen som vart lagd fram i går, ligg dette berre inne dei 400 millionane som har lege til Nordhordlandspakken tidlegare. Av Livar Aksnes livar@strilen.no Det var ein ganske nøgd Sveinung Valle som møtte Strilen etter presentasjonen av NTP-en. Valle er fylkesleiar i Hordaland Arbeidarparti. Når det gjeld Nordhordlandspakken og Nyborgtunnelen, vert hovudfokus no å få ein regleringsplan for tunnelen på plass. Når det er gjort, vert det å få bompengesøknaden godkjend i Stortinget. Men før ein kjem så langt, må saka opp igjen i dei berørte kommunane. Sidan saka har drege så ut i tid, har prisane stige, så det er snakk om nye kostnadsoverslag, seier Valle. Vedlikehald Valle er svært glad for at det i NTP-en ligg inne ti ekstra milliardar til vedlikehald av fylkesvegane her i landet, og 7,5 milliardar til rassikring. Eikefet Det store, lokale prosjektet som faktisk ligg inne i NTP-en med pengar, er ny tunnel frå Eikefet til Romarheimsdalen på E39. Denne sju kilometer lange tunnelen, som skal erstatta den smale og svingete vegen forbi Vikanes, ligg inne med om lag 1,1 milliardar kroner. Men denne summen er og sett opp i siste del av planperioden, altså anleggsstart tidlegast i 2018. Sjølv om ikkje Nordhordland ligg inne med dei store summane i den nye NTP-en, var det ei svært nøgd raudgrøn forsamling som presenterte planen. Dette er ein auke på rundt 50 prosent samanlikna med den førre planperiode, og nesten alle dei prosjekta som fylkestinget i Hordaland hadde ønske om å få inn, har kome med. Ikkje alle så raskt som ønskt, men likevel, sa Magne Rommetveit. Han sit på Stortinget for Arbeidarpartiet, i samferdselskomiteen. Rommetveit trekte og fram at det no er løyvd pengar til å gjera ferdig parsellen Rådal Svegatjønn på E39 mellom Bergen og Os. Av seks milliardar skal 3,6 koma frå staten. Sotra Sotrasambandet får to milliardar frå staten. Resten, fem milliardar, kjem frå bompengar. Og det er løyvd 5,2 milliardar kroner til opprusting av Bergensbanen. Det inkluderer nytt dobbeltspor gjennom Ulriken. Staten seier seg og villig til å vera med på å finansiera vidare utbygging av Bybanen. Det er og føreslått 226 millionar til ny seglinglei frå nord til Bergen. Men ifølgje Rommetveit ligg desse pengane inne i siste del av planperioden. Også fylkesleiar Jostein Ljones i Senterpartiet og Aud Karin Oen, gruppeleiar for SV i fylkestinget, var godt nøgde med den nye NTP-en. Men planen er ikkje nok. No er det opp til kommunane å pressa på for å få prosjekta realiserte, sa Oen. For skal prosjekta verta realiserte, må dei koma med på statsbudsjettet for kvart år. Glad for pengar til vedlikehald Her er det eit stort etterslep, og dei nye midlane gjer oss i betre stand til å gjera noko med dette, seier han. Valle meiner og at det er viktig for omegnkommunane til Bergen at det kjem pengar til fullføring av Bybanen. Bybane til Åsane vil og ha noko seia for folk i Nordhordland, seier han. Mafia Alt i alt meiner Valle at Vestlandsfylka har kome godt ut av den nye vegplanen. Me er kjende for å samarbeida tett, og Jens (Stoltenberg) kalla oss samferdselsmafiane, smiler han. Eitt utslag av samarbeidet er at ferjefri E39 frå Stavanger til Trondheim innan tjue år ligg inne i planen. Men i planen seier ein ikkje noko om kva parsell ein skal velja mellom Stord og Bergen. Tunnel under Vikafjellet er nemnt i planen, også eit utslag av vestlandssamarbeidet.

laurdag 13. april 2013 strilen 11 Fullt fokus på vegpakken! NORDHORDLANDSPAKKEN Ei samling samferdselsprosjekt i Nordhordland og Bergen, som skal realiserast fram mot 2018 n Fakta Nordhordlandspakken: «Ei samling samferdselsprosjekt i Nordhordland og Bergen, som skal realoiserast fram mot 2018», i følgje Regionrådet si brosjyre. Prosjektet vert samordna av selskapet Nordhordlandspakken AS, der aksjonærar er Hordaland fylkeskommune, Regionrådet Nordhordland og Bergen ko9mmune. Siste oppdatering av prosjekt i pakken: Nyborgtunelen m/tilknytingsvegar 2,9 milliardar Radøy fase 1: Marås-Soltveit 280 millionar Knarvik-Isdalstø, Lindås 500 millionar Fosse-Moldekleiv, kryss Frekhaug 70 millionar Trafikksikring, kollektivtiltak 250 millionar Totalt 4 milliardar kroner Av Hans E. Storheim hans.egil@strilen.no KLAR FOR START: Jon Askeland fotografert i Marås-krysset for nokre år sidan. No ser han grønt lys for å få til Nordhordlandspakken med Nyborgtunnelen som spydspiss i Nasjonal Transportplan. Ny veg over Radøy og andre prosjekt i pakken vil Askeland ha påbyrja før Nyborgtunnelen, med lån. Med Nyborgtunnelen inne i NTP kan den sikra vegpakken og lån til å starta andre prosjekt før, seier ein nøgd regionrådsleiar. Jon Askeland meiner NTP er godt nytt for Nordhordland, med statlege løyvingar både til Nyborgtunnelen og ny tunnel forbi Eikefet som dei store prosjekta på E39. Verken Askeland eller Pål Kårbø, som leiar for Nordhordlandspakken AS, ser det som noko problem at Nyborgtunnelen ikkje er inne før i andre del av planperioden, frå 2019. No må arbeidet med å få fram reguleringsplanar for Nyborgtunnelen og tunnel Isdalstø-Knarvik gå for fullt, slik at søknad om bompengefinansiering av vegpakken til 4 milliardar kan godkjennast. Med pakken godkjend av Stortinget, kan me nemleg ta opp lån og starta på andre prosjekt der reguleringsplanen er klar, til dømes på fylkesvegen over Radøy, tunnelprosjektet i Knarvik og prosjekta i Meland, Askeland. Han håpar Nyborgtunnelen kan påbyrjast i 2018, men ser gode mulegheiter for at lokale prosjekt må kunna påbyrjast før med lånte pengar. Det er det same utgangspunktet Pål Kårbø har som dagleg leiar i Nordhordlandspakken AS, selskapet som jobbar fram ein bompengesøknad. Også han viser til at det er viktig å få ferdig reguleringsplanar. Litt for seint og for lite pengar Nasjonal Transportplan Store prosjekt i Hordaland i framlegget frå regjeringa, som skal vedtakast i Stortinget i juni: Svegatjønn-Os, 3,4 milliardar av total kostnad på seks milliardar. Oppstart komande vinter. 40 prosent bompengeandel. Nytt firefelts Sotrasamband, oppstart i 2017, i slutten av første planperiode. 2 milliardar statlege kroner, 71 prosent må dekkast av bilistane i bompengar. Nyborgtunnelen, står som før med 400 millionar kroner i 2. planperiode, 2019-2024. Ny tunnel Eikefet-Romarheim på E39. Om lag 1,1 milliard med oppstart i 2018. 100 prosent statleg finansiering. Av Hans E. Storheim hans.egil@strilen.no Eg vil ikkje svartmala utsiktene for Nordhordlandspakken, men ut frå regjeringa sine signal om storsatsing på E39, hadde eg forventa Nyborgtunnelen i første periode og med meir pengar. Det er kommentaren frå Meland-ordførar Nils Marton Aadland etter at han har orientert seg om lokale prosjektet i Nasjonal Transportplan. Nyborgtunnelen er ikkje inne før i andre periode, som startar i 2019. Det er skuffande og summen på 400 millionar kroner er under 10 prosent av dagens kostnadsoverslag for vegpakken. Eg kan ikkje sjå at det er grunn til å heisa flagget for det. Faktum er at pakken ikkje er prioritert i NTP, seier Aadland. Men likevel meiner han Nyborgtunnelen sin status gjev grunnlag for å jobba vidare for å få heile Nordhordlandspakken på plass. Det må regionen stå samla om, er rådet frå Aadland. Sjølv med det han ser som ei for knapp løyving til Nyborgtunnelen, trur Aadland regionen er med på å ta ein stor porsjon i bompengar. Men ein skal ikkje heilt sjå bort frå at det går an å forbetra løyvinga til tunnelen. Det må det jobbast for fram til vedtak om NTP vert gjort i Stortinget i juni i år, seier Aadland. Han minner også om at dei årlege løyvingane til prosjekta som ligg inne i NTP, kjem år for år etter konkrete vedtak i Stortinget. Og det kan opna for å få auka dei statlege løyvingane til prosjektet, seier Aadland. Farvel til billettøren? Regjeringa jobbar for at det skal koma autopassbrikker på alle bilar her i landet, kunne Magne Rommetveit fortelja på pressekonferansen. Det inneber mellom anna at ein kan sløyfa billettinnkreving på ferjene som går i riksvegsambanda. Men kva som skal skje på fylkesvegsambanda, som Sævrøy Fedje og Leirvåg Sløvåg, er opp til fylkeskommunen å bestemma. Men Rommetveit trudde at viss billettering forsvinn på risksvegsambanda, som Lavik Oppedal, vil det kanskje og verta borte på dei andre ferjene. Rommetveit understreka at dette ikkje vil bety færre mannskap på ferjene. Mannskapskrava er fastsette ut frå tryggleiksomsyn, sa han. Han kunne og opplysa at regjeringa ønskjer å innføra krav om autopassbrikker i alle utanlandske vogntog som ferdast på norske vegar. Eikefet-Romarheim før, takk! Av Hans E. Storheim hans.egil@strilen.no At Nyborgtunnelen framleis er med i NTP, er gledeleg. Men det er ikkje ført opp meir pengar, og det skulle eg gjerne ha sett, seier Lindås-ordførar Astrid Byrknes. Som dei andre ordførarane understrekar ho behovet for å jobba vidare med vegpakken, og meiner at regionen har alle utsikter til å lukkast med det. Det som skuffar Byrknes, er at ny tunnel Eikefet-Romarheim ikkje ligg inne med midlar til oppstart før i 2018. Denne strekninga skulle vore framskunda. Strekninga er svært dårleg, smal og utsett for ras. Parsellen på sju kilometer skulle vore påbyrja langt tidlegare, seier Byrknes. Samstundes påpeikar Byrknes at ho er glad for at NTP har med ein så høg sum som 1,1 milliard kroner, som den nye tunnelen vil kosta etter dagens kalkyle. Samstundes er fem år lenge å venta, særleg når planarbeidet omtrent er i mål og dette er ei svært rasfarleg strekning. Både regjeringa og Stortinget har signalisert auka satsing på slike rasfarlege strekningar. Difor vil eg bruka mine kanalar for å prøva å få dette prosjektet framskunda i tid, seier Byrknes. Det same vil ho gjera for å få auka den statlege løyvinga til Nyborgtunnelen. Når det gjeld Sotrasambandet, vil regjeringa gå inn med to milliardar i statlege midlar og oppstart i 2017, kom det fram ved framlegginga av NTP. Det inneber at bompengeandelen vert på 71 prosent, skriv BT. For den nye vegen til Os slepp bilistane unna med ein bompengeandel på 40 prosent. Der ligg det an til oppstart komande vinter, med 3,4 milliardar i total løyving frå staten, av ein total kalkyle på seks milliardar.

12 STRILEN LAURDAG 13. APRIL 2013 INNLEGG Gudmundsholmen nok ein gong Det er no ni år sidan Frank Mohn hadde planar om å utvida på Flatøy og Gudmundsholmen stod i fare for å verta utplanert. Den gongen vart det i staden bygd eit nytt anlegg på Hjertås. Men faren er ikkje over enda. No treng Frank Mohn meir areal igjen for å utvida verksemda si. Det er sjølvsagt gledeleg at det går bra for Frank Mohn, mange er avhengige av arbeidsplassane der som også gir gode inntekter til Meland kommune. Men ein skulle gjerne tru at det ville vera naturleg å utvida arealet på Hjertås framfor det pressa området på Flatøy. På torvmyrane ute på Hjertås må det vel vera potensiale for å byggja større produksjonshallar. Tilgangen til sjø er heller ikkje langt unna dersom ein er heilt avhengig av å transportera med båt. I eit intervju med «Bergens Tidende» uttalar Svein Nordvik i Industrilaget at han ser ikkje problemet med utfylling i Flatøyosen. Han meiner det berre dreiar seg om ein liten holme med nokre egg på, og folk reagerer berre fordi dei vil ha alt slik det har vore før. Det er tydeleg at miljø- og naturinngrep vert teke lett på i Industrilaget. Det vitnar mest om at Nordvik ikkje har forstått kor store endringar denne utfyllinga vil få for miljøet, som jamvel kjem til å fjerna heile Gudmundsholmen frå kartet. Ordføraren i Meland, Nils Marton Aadland, er svært positiv til at Frank Mohn vil utvida drifta på Flatøy. Når ein søknad ligg føre, vil den verta handsama på vanleg måte, har ordføraren uttalt. Når ein til samanlikning veit kor vanskeleg det kan vera for ein privatperson å få løyve til å byggja seg hus på ein haug med nokre grantre på t.d., skulle ein kanskje tru at dette er ei noko meir omfattande sak. Her er det jamvel snakk om strandsona som elles brukar å vera «heilag grunn». Etter mi meining skal ordføraren vera ordførar for heile kommunen. Difor bør han lytta til alle synspunkt i vanskelege spørsmål, også dei som trekkjer inn natur- og miljøomsyn i saker som dette. Eg vil i det lengste tru at Trond Mohn og Meland kommune har evne og vilje til å koma fram til ei god løysing og spara Gudmundsholmen, også denne gongen. Ungdommens hus, er det vegen å gå? UTVIDINGSPLANAR: Frank Mohn Flatøy vil utvida og laga ei utfylling i sjøen ut til Gudmundsholmen. Bakgrunnen for debatten om ungdommens hus ligg heilt tilbake til 2007. Då kom det ut ein kommunal rapport som vart kalla «God skal bli betre». Hovudbodskapetn i denne rapporten var korleis Austrheim kommune i framtida skulle leggja betre til rette for at born og unge i Austrheim fekk ein sunn og god oppvekst. Mange vaksne såg med uro på at stadig fleire ungdommar brukte svært mykje tid framfor dataskjermen og/eller på Mastrevik Torg. Fleire og fleire slutta også på organiserte aktivitetar som korps, kor, speidar og diverse idrettsaktivitetar. I 2009 blei ein eigen ungdomskoordinator tilsett for å arbeide med nettopp desse utfordringane. Ein ny ungdomsklubb såg dagens lys same året og fekk halde til i delar av det gamle kommunehuset. Denne klubben vart raskt populær, spesielt blant ungdom som ikkje fann seg til rette i dei allereie eksisterande tilboda i Austrheim. I åra som følgde har krefter i ungdomsmiljøet, blant politikarar og personar i kommuneadministrasjonen ivra sterkt for at ungdommen må få eit nytt og eige ungdomshus, til bruk for ungdomsklubben og andre ungdomsarrangement. Eg meiner at dette ikkje nødvendigvis er til det beste for dagens og framtidas ungdom i Austrheim kommune. Under skal eg prøve å forklare kvifor. Konseptet med ungdomsklubben og aktivitetane i eit framtidig ungdommens hus er i all hovudsak uorganisert. Det vil seie at ungdommane kan kome og gå som dei vil, slutte og byrje attende. Dette er uheldig, då det stimulerer til ein «shoppementalitet» blant ungdommane. Ein oppsøkjer til ei kvar tid det som er populært eller spanande der og då. Dei uorganiserte aktivitetane står i kontrast til organiserte tilbod som til dømes fotball, symjing, korps eller kva det måtte vere. Organiserte tilbod stiller mykje større krav til oppmøte og det å ta ansvar for at laget/ gruppa skal lukkast eller fungera best mogeleg. Alle ungdomar har godt av å kjenne på det å ha eit ansvar og ikkje drive å hoppa av og på slik det passar dei. Organiserte aktivitetar er med på å fremme desse verdiane. Eit nytt hus vil kosta mykje pengar. Desse pengane kunne heller ha gått til å leia dyktige instruktørar til å halda kurs eller foredrag innanfor musikk, dans, drama, idrett, ungdomspolitikk eller kva det måtte vera. Ein kunne også brukt desse millionane på å få i gang aktivitetar i bygg ein allereie har, som til dømes ein rockeverkstad, hobbyverkstad, skaffa nye og spanande ting til Austrheimhallen eller noko heilt anna. Men ikkje berre det, ein kunne brukt desse pengane på å styrka skulane i kommunen med spanande læringsmateriell i kunst og handtverk, mat og helse, kroppsøving eller til dømes naturfag. Dersom ein brukar mange millionar på eit bygg, kva skal ein då putteainn i det? Det er jo innhaldet som er det viktigaste, ikkje sjølve bygget. Eit anna spørsmål er jo kor mange av dagens og framtidas ungdom som eigentleg vil ha dette bygget. Det er nokre ungdommar som ropar veldig høgt for dette huset og det kan verka som dei snakkar for oss alle, noko som neppe er tilfellet. Eg trur at fleire av dei mest ivrige forkjemparane for ungdommens hus ikkje har skjønt at dei mest sannsynleg er for gamle til å bruka dette huset når det er ferdig bygd. Huset vert ikkje bygd for dei som no er i den rette aldersgruppa, men for dei som no er under 12 år. Men kva er deira behov for eit sånn type Siri Førde Flatøy hus? Kanskje dei i større grad vil bruka fritida på dei organiserte tilboda som allereie eksisterer i Austrheim og ikkje ha tid til å bruka huset. Det ligg i naturen til ungdommen å vera positiv til alt som er nytt og spanande. Mange ungdommar har ikkje sett seg særleg godt inn i kva eit slikt hus inneber og kva dei eventuelt må ofra for eit slikt prosjekt. Eg meiner at debatten om eit nytt ungdommens hus i all hovudsak har handla om at ungdommane i Austrheim fortener eit nytt praktbygg. Det har vore lite fokus på kor stort behovet eigentleg er, og kor mange ungdommar som har sett seg godt nok inn i saka, til å kunne ha eit sjølvstendig syn. Eg er svært oppteken av kva tilbod og moglegheiter ungdom i Austrheim skal ha. For meg er innhaldet i aktivitetstilboda langt viktigare enn eit nytt bygg til fleire millionar kroner. Tenk dersom vi kunne brukt desse pengane på å styrka aktivitetstilboda i bygda vår. Benedicte Håland, elev ved Årås skule Det gamle verkstedet På småbruket rand bekken forbi fossen ble utnytta i gammal ti. Han Erik var ekte Osterøy væring og lager kjelker som attåtnæring. Materiale henta han ned fra åsen, Erik hadde hest og vogn på båsen. Han drog det ned med hest og slede til saga og verkstaden der nede. Han leier vatnet som ett stunt ned på hjulet så det gikk rundt. Det ble drivkraft til sirkel saget med drivhjul over bjelkelaget. Det blei saga bord og bjelker og det blei brukt til kjelker. Der var en hendel, så enkelt laga, inn på reimskiva til bandsaga. Den digre saga var ikke lett bandsag bla var 2 tommer bredt. hundrevis av tagger han filer det skal bite, sier han og smiler. Han var kry, han Erik litt av et syn når kjelkene leveres på båten til byn. Kjelkene bunnet sammenmed rep kunne heises ombord med ett grep. Han Erik er borte, fred være med han en flink og strevsom arbeidsmann. Ja, eg har skrevet om ham ett dikt så minnet lever på lengre sikt. Esther Samuelsen Verkstaden ho skriv om er på Heldal i Hosanger.

L AU R DAG 13. A PR I L 2 013 Nøkterne tilsette sikra 10 millionar i pluss Ordføraren takkar dei tilsette for nøkternheit og god disiplin når Radøy har klart å koma ut med over 10 millionar i pluss. Av Hans E. Storheim hans.egil@strilen.no Viktigaste årsaka er god økonomisk styring i einingane, som viser lojalitet til det vedtekne kommunebudsjettet. Eg vil rosa einingsleiarane for god budsjettdisiplin, skriv Askeland (bildet) i ein e-post til Strilen. Overskotet, som kan tilskrivast eit mindreforbruk på nesten 10,2 millionar kroner, gjer at kommunen har eit pluss-resultat på 3 prosent av drifta. Det er dette nivået kommunane er tilrådd å ha for å vera berekraftige over tid. Nødvendige kutt Radøy haustar av den ansvarskjensla som ligg i organisasjonen, og dette kjem av at kommunen dei siste åra har hatt stort fokus på styring og leiing. Det var krevjande, men naudsynte budsjettreduksjonar både i 2008 og 2011, seier Askeland. Han viser til at Radøy er ein inntektsvak kommune som må tilpassa drifta etter dette. Det er lite ekstern hjelp å få dersom ein ikkje tilpassar drifta til inntektsnivået. Dette må kommunen klara sjølv. At Radøy kommune har godt samsvar mellom inntekter og kostnader, gjer at kommunen etter Askeland si vurdering framstår som effektivt driven. Effektiv kommune Me har kanskje ikkje kommunisert dette så tydeleg, men eg meiner innbyggjarar og tilsette saman kan gleda seg over at ein i Radøy får mykje ut av pengane kommunen har til rådvelde, seier ordføraren. Han meiner og det er grunnlag for å hevda at kvaliteten på tenestene jamt over er god! Det er grunn for dei tilsette å vera krye over at dei er tilsett på eit effektivt kommunelag, skriv Askeland. Takk til regjeringa Regjeringa let kommunane behalda ein stor del av den store Gullnål for flysport Av Livar Aksnes livar@strilen.no GULEN: Roy Nerdal vart i helga som var tildelt Norges Luftsportforbund si gullnål. Det skjedde på luftsportforbundet sitt årsmøte på Gardermoen. Nerdal for utmerkinga for innsatsen sin i luftsport-miljøet i Dalsbygda i Gulen. Trafikksikringsaksjon ved Alversund skule ALVERSUND: Fredag morgon arrangerte Foreldreutvalet (FAU) ved Alversund skule ein trafikksikringsaksjon ved skulen, for å bidra til at alle elevar og vaksne brukar den nye gangbrua ved skulen. Brua gjer vegkryssinga sikker for både fotgjengarar og bilistar, men framleis er det nokon som tek snarvegen tvers over fylkesvegen. Aksjonen var ei påminning av kor viktig det er å heller bruka brua, for både små og store elevar, og foreldre og føresette. FØRSTE: Dei frammøtte på første øving i det nye koret i Gulen med Espen Selvik som dirigent. (Foto: Privat) Bokbåten på vårturné Bokbåten Epos startar på vårturneen sin i Nordhordland søndag 14. april. Då kjem han til Toska, der det er kulturprogram. Deretter gåt turen til Flone. Onsdag er båten tilbake i Nordhordland. Då er han på Homeknappen. Torsdag kjem han til Ostereidet 13 auken i skatteinntekter i 2012. Dette var ein av dei hyggjelege eingongseffektane i årsresultatet i Radøy, påpeikar ordføraren. Det Askeland ser som mest urovekkjande i årsmeldinga til Radøy kommune 2012, er det høge sjukefråvèret, som trass mange tiltak og samarbeidsprosjekt aukar. Dette gjev svekka tenestekvalitet og uroar drifta. Både rådmann og formannskap er samde om at dette må rådmannen og dei tilsette saman få kraftig ned i 2013. Det er lite av dei ti millionane som fritt kan nyttast. Det aller meste er bunde opp. Forklaringa er at kring 1,6 millionar må avsetjast til bunde fond i vatn og avløp, og 2,6 millionar går til å dekka underskot i 2011. Nesten 2 millionar er kommunen pålagt å overføra til investeringsrekneskapen, og om lag same sum går inn i eit einingsfond. Det siste vert gjort av di Radøy har som prinsipp at kjem ein i pluss, skal ein viss andel inn i ei «bufferfond» til å utjamna resultatet får år til år, ut frå å halda fram med prisnippet om økonomisk ansvarlege einingar. God start for nytt kor GULEN: Det møtte fram 16 personar då det nye blandakoret i Gulen hadde si første øvving. Dette var ein flott start, og fleire har sagt dei vil begynna, så snart har me kanskje eit blandakor med 30 medlemer, seier Espen Selvik til Strilen. Han er ein av initiativtakarane og dirigentane for det ny koret, som er ope for folk frå heile Gulen. Koret har øvingane sine på Dalsøyra skule. - Me starta med å syngja «Hallelujah» av Leonard Cohen, og me skal øva inn fleire kjekke songar, lovar dirigenten. Dirigentjobben vil elles alternera mellom fleire personar. I dag har kommunen blandakoret Øyklang og Brekke Mannskor, men frammøtet til det nye koret skulle tyda på at der er behov for eit kor til. STRILEN og Feste. Fredag får Masfjordnes og Matre besøk, medan Andvikgrend og Nord-Kvingo står for tur laurdag 20. april. Søndag 21. april kjem båten til Veland og Åsgard, og måndag vert turneen avslutta på Dalsgrend, Sletta og Nordangervåg. Kulturprogrammet i år er teaterstykket «Katta og andre strofer» med Teater Fusentast. Dette er eit djupdykk i tullepoesi. Her er det born som ikkje er snille, vaksne som ikkje er kloke, og omvendt. Underfundig humor er og eit viktig element. Sø kn Linjer: å! Drama/Teater Digital Design Musikk/Vokal Lydteknikk og musikkproduksjon Linjene over har studietur til New York Sport Extreme/Australia Exploring Bolivia/Brasil Reiseliv Australia/Thailand www.bakketun.fhs.no

14 STR ILEN L AU R DAG 13. A PR I L 2 013

LAURDAG 13. APRIL 2013 STRILEN 15 n LAURDAGSGJESTEN Namn: Vibeke Døsvik Haukeland Alder: 43 Bur: På Ikenberget Familie: Gift med Arild Haukeland, to born og eit bonusbarn. Jobb: Servitør ved Bryggeloftet og -stuene i Bergen. Ny leiar for dei turglade Berre det å vera ute i naturen, det er så mykje ein kan oppleva som gjev glede, seier Vibeke Døsvik Haukeland. Glad i å vera ute må ein sjølvsagt vera, som nyvald leiar av Nordhordland turlag. Og ho vil gjerne ha med seg fleire på tur. Som medlem av DNT er alt lagt til rette for at ein kan komma seg ut. Vil du på overnattingstur treng du berre tannkost og gode klede, så har DNT resten. Eg vart engasjert i DNT tilbake i 2001. Eg var på ein overnattingstur i Nærøyfjorden, eit padletur, og ein av turleiarane fekk meg med i turistforeininga. Etter kvart kom ho også med i styret i Nordhordland turlag, og frå årsmøtet no i vår er 43-åringen leiar for den lokale avdelinga av turlaget. Laget har 1.564 medlemmer, rundar 20 år no i 2013, og har ansvaret for hyttene Skavlabu, Vardadalsbu og hytta i Kalvedalen. Opp gjennom åra har det nok vorte fleire turar for å jobba dugnad på hyttene, enn for å vera vanleg hyttegjest. Denne helga fekk eg også med meg ein tur til Vardadalsbu, der hadde eg ikkje vore før. Det var ein fantastisk tur, litt snøbyer men også finver! HAUKELAND TEK OVER som leiar etter Birger Tomasgard, den tidlegare Alversund-rektoren som har lagt ned eit stort arbeid for turlaget dei siste åra. Han har gjort ein eineståande jobb, og sjølv måtte eg gje valkomiteen beskjed om at eg nok ikkje kan bruka like mykje tid. Dette året vert det ei viktig oppgåve for styret å organisera oppgåvene, og laga malar for det arbeidet som turlagsstyret gjer. Lokallaget har hatt ein jamn vekst sidan starten, og er etter kvart større enn enkelte hovudlag innan DNT-systemet. Framveksten av store lokallag innan Bergen Turlag sitt område er då også i ferd med å laga ei namneendring, frå «Bergen Turlag» til «Bergen og Hordaland Turlag». Det er ei namneendring som signaliserer at laget er eit lag for heile fylket. MED TO SMÅ born, som no er høvesvis snart tre og snart fem år gamle, har Haukeland vore mest engasjert i Barnas Turlag dei siste åra. Ho tok kurs gjennom Barnas Turlag før den første guten var fødd, og likar godt mottoet til Barnas Turlag om at «det ikkje finnest dårleg ver, berre dårlege klede og pysete foreldre». Godt ver er ikkje avgjerande for ei fin turoppleving. Eg har hatt mange kjekke turar i dårleg ver, det går bra så lenge ein har ull innerst og noko vasstett utanpå når det trengst. Det å gå på tur plukka ho opp igjen i vaksen alder, men gleda med å vera aktiv kom inn alt i oppveksten på Lindås. Der var Haukeland med på turn og friidrett, og gjekk i skogen etter turorienteringspostar. Elles brukte me å reisa på ski i Stordalen. Ein gong vart det ein skikkeleg ekspedisjon, det hadde gått eit ras der oppe og me rakk ikkje siste ferja heim. Det var før Eikefettunnelen var opna, og ein måtte ta ferje for å komma til Romarheimsdalen. Men nokon i følgjet visste at det var gjennomslag i tunnelen, og etter å ha forklart saka for tunneldrivarane, fekk dei ta vegen gjennom den uferdige tunnelen. FAMILIEN JOBBAR no med å gjera ferdig huset på Ikenberget. Passande nok for ein turlagsleiar er det fleire miljøvenlege løysingar, som solfangar på taket og ein vedovn som er kopla til varmvasstanken. Me har prøvd å tenkja miljøvenleg. Kledningen er osp og skal ikkje behandlast med noko. Når naboane skal mala huset skal me sitja på altanen og sola oss, seier ho med eit smil. Som DNT-medlem er ho på sett og vis også hytteeigar, med overnattingsplassar tilgjengeleg landet over. Me har også vore så heldige at me har fått låna ei hytte i Grønlia, ikkje langt frå Fagerdalen. Det er ei hytte med enkel standard men mykje sjel, som ligg i område med lite ferdsel, seier Haukeland. Den ligg i eit fantastisk terreng, med fisk i vatnet like ved. Bergen Turlag var tidleg ute med å vurdera risiko i samband med turar, noko som er ekstra aktuelt denne vinteren med alle skreda som har ramma. Skredfare i «trygt» terreng har Haukeland opplevd sjølv. På veg ned frå Stordalsbotnen vart eg ein vinter teken med av eit lite skred. Det var ikkje stort, eg flaut oppå og var fri, men unnatak av skia mine som vart sitjande litt fast. Men me går ikkje den vegen meir på vinterstid. SOM LEIAR for dei turglade er ho litt forplikta til å få med seg viktige turmål. Vardadalsbu har ho sikra seg på lista denne helga. Og så skulle ho gjerne kryssa av Noregs høgaste fjell, Galdhøpiggen. Her i Noreg er Store Skagastølstind også ein draum. Ein tur til toppen av Kilimanjaro hadde også vore flott. Fjell i utlandet er ho elles vand med frå før, om enn ikkje akkurat heilt på toppane. Haukeland har mellom anna jobba på ein leirskule i Les Menuires i Frankrike. Eg budde eit år i Frankrike, og jobba som servitør ulike stader. Eg måtte læra meg fransk, det var eit vilkår for å få jobba, og uansett var det ingen som snakka norsk der, seier ho. Språk har alltid interessert henne, og språkkunnskap er også viktig å ha i jobben. Ho har også jobba i Hannover, og klarer seg også på tysk. Eg ser at i Noreg har me ein kjempefordel med at ikkje alt er dubba til norsk før det vert sendt på TV her. I Tyskland og Frankrike er nesten alt dubba, så dei lærer ikkje noko språk på den måten. Den mangslungne cv-en inkluderer også ein sommar på geiteseter i Nordland, og ein periode som seglmakar på Seim. Men eg har nesten alltid jobba med ulike former for kundeservice. UTFERDSTRONG har sendt henne høgt og lågt. Trettiårsdagen feira ho i Thailand, undervegs på ei jorda rundt-reise. Eg var så vaksen då eg reiste, at eg nok hadde litt andre interesser enn dei som berre ville festa. Eg brukte heller pengane på opplevingar, alt frå strikkhopp til paragliding. Dykking har ho også testa ut, og under Egypt-ferien i vinter fekk dei yngste gutane prøva seg på litt snorkling. Fridykking hadde også vore kjekt å prøva. Og så har me to kajakkar som ikkje er så mykje i bruk no. Men med to små, jobb og husprosjekt er det fullt opp i kalenderen, og nesten unødvendig å spørja om «kva anna ho gjer på». Det er nemleg ikkje all verda tid igjen, men trening er ho bestemt på å få tid til. Eg har funne «min» plass å trena, på Crossfit-senteret i Åsane. Der er det ei god aldersblanding mellom dei som er med, det er kjempesosialt, og ein brukar kroppen som vekt heller treningsapparat, seier ho ivrig. Kanskje vert det etter kvart litt springing også, ho har lest «Born to run» av Christopher McDougall, og er fascinert nok av barfotløping til at ho har kjøpt seg eit par barfotsko av den heilt flate typen, Vibram Fivefingers. Eg har nett prøvd dei ut i Brekkeløypa i Knarvik. Kanskje kan det verta halvmaraton? Av Ketil Tjore ketil@strilen.no

16 STRILEN LAURDAG 13. APRIL 2013 ALT GÅR: Vibekke Guldbrandsen Fausa presser jus frå sentrifugen så spruten står. Det er berre å pressa ned heile frukta med stilk og skal. Justerapi- ei ny helsebølgje Justerapi held på å verta populært, ikkje minst blant kvinner som vil vera sunne og unngå ein del typiske livsstilssjukdommar. Måndag var det servering i Knarvik. Av Ketil Falch Eit dusin damer hadde meldt seg på eit kortkurs på firmaet Bailine om korleis ein kan laga velsmakande og sunne jusdrikkar av ferskpressa frukt, bær, grønsaker og eventuelt kornprodukt og nøtter. Vibekke Guldbrandsen Fausa frå Alvøen i Bergen demonstrerte og snakka om alle dei gode terapeutiske verknadene av å drikka ferskpressa jus, gjerne kvar einaste dag. Ho stilte med ein ganske avansert blender og ein juspressar. Spesielt med ein juspressar er det at ein stort sett kan leggja ned frukta med skal og stilkar. Berre skal på sitrusfrukter treng ein å fjerna skalet, av di det inneheld ein olje me ikkje klarar å fordøya. Maskinen fungerer som ein sentrifuge som først og fremst skal få ut saftene, medan fiberen endar som ein tjukk graut ein berre må hiva vekk. Må ha litt utstyr Ikkje alt muleg kan leggast i juspressaren, som til eksempel avokado, banan eller frosne bær, så den som skal preparera fersk jus i stor stil, må i tillegg ha ein blender eller stavmiksar. Men jusbølgen går sin gang. Det har kome ut fleire bøker med oppskrifter på fersk, sjølvlaga jus, og mange av variantane smakar utruleg godt. Desse produkta kan absolutt ikkje samanliknast med ferdigjusen som vert selt i butikkane. Den inneheld berre tomme kaloriar. - Stort i England - I England har jusing vore noko stort i mange år, etter at engelskmannen Jason Vale vart ein leiande autoritet på området. Han har mykje å seia om kvifor me ofte bør drikka ferskpressa jus, han har laga massevis av oppskrifter, og bodskapen hans har spreidd seg over heila Europa og USA, seier Vibekke Gulbrandsen Fausa. Ho var sist sommar på kurs i England hos sjølvaste «jus-meisteren». Ho reiser no rundt og held kurs for foreiningar og venegjengar, og er på skular og arbeidsplassar for å fortelja at me bør få i oss mest muleg mat som ikkje er handsama med varme. Slik føde er meir «levande», og vil tilføra vitalitet og energi i ein grad som anna næring ikkje gjev. - Gode effektar Ein skal få meir skinande auge og hud av å drikka jus, det vil komma mindre luft frå magen, også skal ein nokså garantert gå ned i vekt. Andre hyggjelege effektar er mindre eksem og kviser, og ein minska trong til å eta søtsaker. Ein skal også kunna oppleva at kroppen gjev betre beskjed om kva den ikkje vil ha. Ferskpressa jus må sjåast på som flytande mat, eller «flytande gull», som Gulbrandsen Fausa seier. Det er den same frukta og grønsakene som berre har endra form. Eit lite minus er kanskje at den pressa

STRILEN L AU R DAG 13. A PR I L 2 013 17 n DAGENS PASIENT: Lege Steinar Hunskår frå Alversund tek i denne spalta for seg pasient-tilfelle, basert på eigne erfaringar og opplevingar. H unskår er speisalist i allmennmedisin og professor ved universi tetet i Bergen. Kor lenge varer vanlegvis hoste? P etra (43) hadde spurt om akuttime for hoste, sjølv om den hadde vart i nesten tre veker. «No har eg hosta og harka i vekesvis, og treng noko for å bli frisk!» var utfordringa eg fekk. SKÅL!: Kursdeltakarane skulle sjølvsagt smaka på ulike jusprodukt, og dei likte verkeleg sakene. VERT ATT: Mykje fiber-restar vert att i sentrifugen når jus- HEILT RÅTT: Alternative kokosbollar hadde Vibekke innhaldet er pressa ut av fruktene og grønsakene, så rekn med ein del tømming og reinhald. Guldbrandsen Fausa teke med seg til kurset. Dei lagar ho sjølv med kokos, kokosmjølk, sukrinmjøl og rå kakao eller mørk sjokolade. At me skal ta i bruk skikkelege råvarer, er ein viktig bodskap frå hennar side. frukta frå ein juspressar ikkje inneheld fiber, men det kan ein få i seg på anna vis. - Ein vert mett - Me kan drikka gode jusar til både frukost, lunsj og middag. Det er nesten utruleg kor godt dei mettar og tek bort lysta på annan mat, spesielt viss ein drikk mykje vatn i tillegg, seier Gulbrandsen Fausa. Sjølvsagt kan ein eta frukta og grønsakene, men det er ikkje alle som likar til eksempel avokado eller bananar. Derimot vil dei høgst sannsynleg lika jus som inneheld begge delar. Difor er frukt og grønt i flytande form ei god løysing for å sikra at born og ungdom får i seg godt med vitamin, antioksydantar, mineral og enzym. For eldre med til dels variabelt kosthald kan fersk jus gje tilskot av naudsynte næringsstoff i fullt monn, og det same gjeld for pasientar med spesielle behov. Til dømes sørgjer helsestellet i USA og Mexico for at at kreftpasientar som får tilført cellegift, har tilbod om å drikka ferskpressa jus. Undetr kortkurset hjå Bailine laga Guldbrandsen Fausa to ulike typar jus for at dei frammøte skulle få kjenna kor pass forskjellige to jus-sortar kan vera. Spesielt den eine justypen med eple, sitron, ingefær og gulrot hausta mange gode ord. Difor auka også interessa og spørjelysten utover kvelden. No viser det seg at interessa for jus-bølgja er så stor at Bailine snart skal arrangera nytt kurs av same slaget som måndag. Det som både er sunt og godt på same tid, vekkjer lett interesse. Men litt kostar det å verta ein liten jus-master. Dei fleste jus-pressarane kostar over tusenlappen, og så skal ein altså ha blender eller stavmiksar i tillegg. Hoste er eit av dei vanlegaste symptoma som dukkar opp hos fastlegen og på legevakta. Stort sett er det opplagte årsaker, som samtidig forkjøling, oppblussing av kjente tilstandar som astma eller kols, og ein og annan gong ein lungebetennelse. Når hosten varer over ei veks tid, ser det ut til at mange pasientar har lite tolmod for å sjå tilstanden an utan legevurdering, sjølv om allmenntilstanden er god og det ikkje er feber. Her ein dag kom eg over ei artig undersøking som viser at folk flest si oppfatning av hoste og kor lenge den kan vare, ikkje er i samsvar med det som er realiteten for dei vanlegaste tilstandane som gjev hoste. Først kartla forskarane kor lenge hosten vanlegvis varer ved ei rekke tilstandar, som forkjøling, lungebetennelse, forverring av kols og så vidare. Deretter spurte dei fleire hundre pasientar med hoste på grunn av slike tilstandar kor lenge dei synes hosten burde vare og når dei burde ta kontakt med lege. Det viste seg da at pasientane stort sett meinte at vanleg enkel hoste burde vare gjennomsnittleg 5-7 dagar. Men når ein undersøkte store pasientgrupper viser det seg at hoste vanlegvis varer mykje lenger enn det, også når det ligg heilt enkle årsaker bak. I nokre studiar var gjennomsnittshosten meir enn 20-30 dagar, det vil seie at det ikkje er uvanleg at nokre hostar både 6 og 8 veker ganske «normalt». Det er aldri vist at omfattande undersøkingar eller forsøk med antibiotika har særleg innverknad på vanleg hosting og harking, når det ikkje ligg ein sikker sjukdom bak. Får ein person akutt hoste med høg feber, nedsett allmenntilstand og tung pust, bør ein komme raskt til lege. Det same gjeld ved gulgrønt oppspytt eller blodig oppspytt. Langvarig tørrhoste som varer fleire månader, kan også vere grunn til å sjekke viss den ikkje starta i samanheng med snørr eller forkjøling. Eg har stor forståing for at pasientar blir leie når dei har hosta i fleire veker. Men forventningane til kva legen kan gjere, er nok ganske overdrivne. Dette måtte eg fortelje til Petra. Hostesaft kan sjølvsagt brukast av og til, og etter ei tid er det ikkje urimeleg at ein skal lyttast på lungene og få tatt ein blodprøve. Det vart eg eining med Petra om, men bodskapen vart nok først og fremst å halde ut litt til.

18 STR ILEN L AU R DAG 13. A PR I L 2 013 SPORT VENDEPUNKT: Scoringa 13-12 frå Ida-Marija Nesbø kom på eit avgjerande tidspunkt sju minutt ut i andre omgang då laga låg likt. Etter den tid sette Knarvik sine jenter inn fem av dei seks måla som kom. Litt nervøst, og så handballjubel 12- og 13-årige Knarvik-jenter kunne jubla etter å ha slege Fana 18-13 i finalen i Sparebankcup Vest onsdag. Men handballkampen vart både vanskeleg og spennande. Av Ketil Falch I byrjinga på kampen såg alt ut til å skulle gå vegen for Knarvik IL. Etter få minutt leia jentene 4-0. Då hadde dei vandra ganske enkelt gjennom forsvaret til Fana-jentene. Men så butta det imot, og lenge møtte Knarvik-laget sterk motstand. Fana tok att mål-forspranget og gjekk opp i leiing. Rett før pause var stillinga uavgjort, men akkurat då dommaren skulle blåsa av, klarte Fana å setja inn eit mål, slik at pauseresultatet vart 9-8 til deira fordel. Løfta seg Slikt er ikkje spesielt motiverande, men 2000-jentene frå Knarvik viste i andreomgangen at dei hadde tenkt å vinna. Dei første minutta etter pause svinga stillinga litt, men for Fana stoppa det opp etter at dei hadde scora 12 mål, til liks med Knarvik. Vel sju minutt inn i andre omgang ordna Ida-Marija Nesbø 13-12 til Knarvik, og deretter gjekk det berre ein veg. Knarvik tok kontroll over kampen. Caroline Torpe la på til 14-12, og så satte Mille Porsmyr inn mål nummer 15. Fana sette uheldig nok eit straffekast i tverrliggjaren, og så la Caroline Torpe på til 16-12. Sistnemnte var Knarvik-laget sin absolutte storscorar, men også Lilly Camilla Småland fann nettmaskene fleire gonger. Fana-jentene klarte berre å få inn ein einaste ball i løpet av dei siste 13 minutta, og var sånn sett eigentleg utspelt. I denne siste delen av kampen forsvarte Knarvik seg godt, og keeperen viste god evne til å plassera seg. Var spennande - Det var mykje nervar ute og gjekk, og for jentene vart derfor det viktigaste å prøva og slappa av og stola på eigen dugleik. Men jammen vart det ein spennande kamp, og endå gøyare var det difor at jentene klarte å dra sigeren i hamn, seier hovudtrenaren for Knarvik jenter 2000, Ragnhild Tveit Porsmyr. Det er ikkje berre berre for 12-13 årige jenter å hamna i finalen i ein fylkescup. I trenarappararet var dei etter oppgjeret einige om at Knarvik-jentene kan betre enn kva dei fekk vist i ein ikkje altfor god kamp. Dei var rett og slett for prega av situasjonen. Ut i nytt finalespel Men no får jentene ein ny sjanse kommande laurdag då det skal spelast finalekampar etter at seriekampane no er overstått. Knarvik IL er vinnar av pulja si etter å ha slege Bjarg med 19-11 i den siste kampen. Laurdag får dei møta vinnarar av andre puljar i Hordaland, slik at det kan kårast ein fylkesmeister. Knarvik skal ut i semifinale mot Os, medan Fyllingen møter Gneist i den andre semifinalen. Avhengig av korleis Knarvik gjer det i sin kamp, vil dei få møta enten vinnaren eller taparen av den andre kampen. Det vert altså snakk om finalespel eller spel om bronsemedalje. Ikkje drøymt om Viss Knarvik-jentene kjem heilt i mål, har dei verkeleg grunn til å feira. Men trenar Ragnhild Tveit Porsmyr synest det er imponerande kva jentene alt har gjort. - Dette er stort. Eg hadde ikkje drøymt om at me skulle komma så langt, men resultatet i denne kampen berre viser at me må ha gjort mykje rett i år. No veit også jentene korleis dei skal bruka fritida si, sa Tveit Porsmyr med eit stort smil om munn. Om ikkje handballjentene hennar viste seg frå si beste side i denne kampen, så synte dei ei stor evne til å heva seg, etter å ha fått motbør, poengterer trenaren. Ho roser jentene for godt samhald og ein vilje til å jobba for kvarandre. Godt publikum Det hjelpte sikkert litt at laget denne gongen fekk eit ganske robust og entusiastisk heimepublikum i ryggen som heia dei fram frå tribunen i Haukelandshallen. Og etter kampen var det tydeleg at ein gjeng med verkeleg glade jenter sprang rundt, medan dei venta på medaljeutdeling. Det skjedde etter at handballlaget Tertnes hadde spelt mot Sola i same hallen, og Knarvik-jentene fekk også den æra å springa ut på banen saman med topphandballspelarane til Bergens-laget.

STRILEN L AU R DAG 13. A PR I L 2 013 19 GOD INNSATS: Mange harde tak var det mot Fana-jentene. Her er det Lilly HEILE LAGET: Her er heile gjengen samla før kampen. Camilla Småland på Knarvik som vil ha ballen. STØTTEAPPARAT: Under finalekampen i Haukelandshallen fekk Knarvik-jentene god hjelp frå ein entusiastisk IDRETTSGLEDE: Etter at finalesigeren var eit faktum, var Knarvik-laget ein heiagjeng. gjeng med verkeleg glade jenter som hoppa omkring. Laurdag kan dei få sjansen til å spela seriefinale. TRAVTIPSET ved Øystein Njøten Laurdag 13. april Dagens bankar: Edda Jerka Lørdag med flotte løp på programmet, vår V5 bankar Edda Jerka er kanskje ein litt frisk variant men me lit på at far og son Tvedt har orden på hoppa som er ny i Bergen. V5 1a Varmblodshestar 2100m. auto 1 Nikita Kristine Kvasnes Jamn og flink, premie 10 2 J.C. Larapinta Eirik Høitomt Rask ut, lång pause 7 3 Strong Alone Tom Erik Solberg Uheldig sist, vår favoritt 1 4 Bon Amie S.T. Å.Tengsareid Fin form, må med 3 5 Restless Diva Lars Tore Hauge Fin form, hardt ute 12 6 Mad Love Øyvind Austevoll Fast sist, miniluring 9 7 Staro Cornflakes G. Austevoll Fin form, kan slå til 6 8 Lovers Lane Rune Wiig Kan mykje, feilar lett 8 9 Te Quiero Bonita Herman Tvedt Ein ny premie er bra 11 10 The Sorceress S.O.Wassbreg Skuffa sist, kan meir 4 11 Hanna Banker Bo Westergaard Stumma sist, enklare her 2 12 W.J. Anker N or O.Wassberg Bra sist, dårlig spor 5 Rangering:3 Strong Alone-11 Hanna Banker-10 The Sorceress outs:4 Bon Amie S.T. V5 2a Kaldblodshestar 2100m. volte 1 Kuven Bambi John Borgen Ok, jaktar ein ny premie 2 Lykkje Per Jan Erik Landaas Ein premie er gull 3 Eld Blessa Svein Ove Wassberg Fin treåshoppe, kanskje 4 Odin Frøkna Tore Totland Treng nok meir rutine 2120m. 5 Dag Odine Odd Storetvedt Jublar for ein premie 6 Jenny May Ronny Halvorsen Feila som skummel sist 7 Edda Jerka Herman Tvedt Dagens bankar 8 Spang Viking Øyvind Austevoll Flink sist, trippelsjanse 9 Torsby Frøya Gunnar Austevoll Ny kusk, luring 12 15 6 13 14 7 1 5 4 10 Tysvær Eldar Lars Tore Hauge Eigenrådig, kan mykje 2 2140m. 11 Vinterfaks Åsbjørn Tengsareid Har fart, mykje galopp 8 12 Oleana Claus Olsen Sigra sist, verre her 9 13 Aktivia Ove Wassberg Ein premie er fint 10 14 Vestpol Drage Kjetil Djøseland Stor fart, feilar lett 3 15. Super Lisa Eirik Høitomt Ny kusk, neppe nok 11 Rangering:7 Edda Jerka-10 Tysvær Eldar-9 Torsby Frøya outs:14 Vestpol Drage V5 3a Varmblodshestar 2100m.volte 1 Shocking Victory Rune Wiig Smyg med til premie 9 2 Amante Carissima Geir Mikkelsen Flink dame, hardt ute 13 3 Lobella B.B. Eirik Høitomt Jamn og sikker 8 4 Corazon Amok Kristian Malmin Positiv sist, kanskje 4 5 Sizzling Åsbjørn Tengsareid Kan mykje, luring 7 6 Lady Va Bene Lars Anvar Kolle Rask ut, neppe siger 10 7 Gigant Queen Frode Hamre Fin form, hardt ute 12 8 Ruth Reerstrup Tom Erik Solberg Flott hoppe, kan sigra 2 9 Flubergrinden Pål Buer Har utvikla seg flott 6 10 Little Samo Kristine Kvasnes Neppe god nok her 14 11 Thai Merlot G.V.Gundersen Fin form, kan runda 5 2120m. 12 Premance Simoni Bo Westergaard Enorm i fjor, kan runda 1 13 Support Vacation S.O.Wassberg Ikkje til start 14 Miraflores Vidar Hop Jaktar ein trippelplass 3 15 Raisa Gunnar Austevoll Kan litt, usikker form 11 Rangering:12 Premance Simoni-8 Ruth Reerstrup4 Corazon Amok outs:14 Miraflores V5 4a Kaldblodshestar 1600m. volte 1 Kor Faksa Vidar Hop Rask, neppe god nok 2 Tori Huldra G.V.Gundersen Flott form, kanskje 3 Spikdrøm Jan Erik Landaas Jaktar ein premie her 4 Vertigo Ella Lars Tore Hauge Flott unghoppe, kanskje 5 Fjord Oda Svein Ove Wassberg Rask, rett distanse 6 Lauvås Blid Geir Mikkelsen Ok sist, verre her 14 6 11 5 4 15 7 Rapptina Øyvind Austevoll Rett løp, kan sigra 1 8 Frøken Fakse Claus Olsen Flink, neppe siger her 13 9 Stumne Sindy Ronny Halvorsen Ein premie er flott 12 1620m. 10 Høiby Krissa Pål Arvesen Kan litt, må klaffa 9 11 Førlands Blesa Kristine Kvasnes Fin form, god premie 7 12 Øyseira Åsbjørn Tengsareid Hurtig dame, obs! 2 1640m. 13 Evina Eirik Høitomt Ein fin premie er bra 8 14 Lykkje Kristin Kjetil Djøseland Ser ut som galopp 10 1660m. 15 Sylv Spika Tormod Gudmestad God, kan runda alle 3 Rangering:7 Rapptina-12 Øyseira-5 Fjord Oda outs:15 Sylv Spika V5 5a Kaldblodshestar 1600m. auto 1 Wessel Odin Rune Wiig Flott form, kan sigra 4 2 Alm Taragon Tom Erik Solberg Kan leia lenge her 3 3 Ulsrud Tea Svein Ove Wassberg Norges beste hoppe 2 4 Tin Tveiten Å.Tengsareid Lita pause, er nok i slag 1 5 Gil Rau Jo Øyvind Austevoll Garantert ingen vinnar 10 6 Gilborken Ove Wassberg Ein premie er bra 6 7 Rokne Eld Gunnar Austevoll Jaktar ein premie 7 8 Stjernejerven G.V.Gundersen God hest, dårlig spor 5 9 Søndre Prinsen Eirik Høitomt Ingen vinnar her 9 10 Moe Granar Tom Erga Ein premie er gull 8 11 Drav Siss Erlend Rennesvik Ikkje til start Rangering:4 Tin Tveiten-3 Ulsrud Tea-1 Wessel Odin outs:2 Alm Taragon V5a forslag 180 rekkjer 1 avd:3-11-4 2 avd:7 Edda Jerka 3 avd:12-8-14 4.avd:7-12-15-5-4 5.avd:4-3-2-1

20 STR ILEN L AU R DAG 13. A PR I L 2 013 Orienteringskarusell på nytt Manger-kart Tredjeplass i «Monstermila» RADØY: Tysdag er det sesongstart i Nordhordlandskarusellen i orientering, på det nye Mangerkartet. Av Ketil Tjore ketil@strilen.no No er vinteren i ferd med å sleppa taket, og då er det fantastisk å møta våren med ein tur i terrenget i jakt på postar, fortel Odd Matre i Manger idrettslag. Matre har stått i spissen for å få på plass eit nytt kart over Manger-området. Det nye kartet dekker Mangersmarkane og sentrumsområdet på Manger. Kartet kan dermed også brukast til løp både i utmark og på veg, fortel Matre. Han håpar orienteringsinteresserte frå heile regionen deltar i løpet, som også inngår i O-karusellen i Nordhordland. Det vert fire løyper å velja mellom tysdag. Som alltid er det start mellom klokka halv seks og halv sju. Ny gruppe Med nytt kart på plass er det også skipa ei orienteringsgruppe i Manger IL, og dei vil gjerne ha fleire med seg i denne idretten. For dei som vil læra meir om kart og kompass, inviterer Ogruppa i Manger IL til eit innføringskurs søndag ettermiddag, først med samling i kommunestyresalen på Manger, og så ut i KARTKUNNSKAP: Vil du prøva deg i orientering? Då kan du gå på kurs på søndag, og vera med i løp tysdag, begge deler på Manger. (Foto: Privat) marka for å setja teori ut i praksis. Instruktør er Øyvind Eikefet. For meir info om kurset, sjå www.hf-data.no/orientering. Lett tilgjengeleg Odd Matre håpar mange vil bruka det nye Manger-kartet og dermed komma seg ut i skog og mark. Området som Manger-kartet dekker er lett tilgjengeleg både for både Manger barneskule, ungdomsskulen og folkehøgskulen. Alle desse tre skulane ligg innanfor kartområdet, og kan dermed starta løp på skuleplassen. Kartområdet er også veleigna for at funksjonshemma kan delta i tilrettelagde løp. Også sentrumskart Manger-kartet er i målestokk 1:10.000, og strekkjer seg frå XY-stasjonen i sør, til Skageneset og Byrkjelandsvågen i nord. Det dekker også Selfaldet ut mot Mangersfjorden. I dette området ligg det til rette for både tradisjonell orientering i terreng, og i sentrumsområde. Med utgangspunkt i hovudkartet har idrettslaget også fått laga eit sentrumskart i målestokk 1:7.500, og eit instruksjonskart rundt skuleområdet på Manger i målestokk 1:5.000. ner å laga det nye Manger-kartet. Halvparten av kostnaden er finansiert gjennom spelemidlar. I tillegg har Radøy kommune og fylkeskommunen støtta kartprosjektet med STILK-midlar, og BKK har også gått inn med støtte. Idrettslaget har finansert resten av kostnaden med kartet, mellom anna gjennom ein eigeninnsats tilsvarande 10.000 kroner, fortel Odd Matre i idrettslaget. Kartet er til sals på Sørvistorget i Radøy kommune. 60.000 kroner Det har kosta rundt 60.000 kro- 3. DIVISJON - AUSTMARKA KUNSTGRAS VOSS: Claus Sellevoll (bildet) tok denne veka tredjeplassen i «Monstermila», eit skirenn arrangert av Toppidrettsgymnaset på Voss. Løparane gjekk 10 rundar på 5,2 kilometer i NM-løypene i Herresåsen. Først i mål kom ikkje uventa den tidlegare landslagsløparen Kristen Skjeldal. Sellevoll frå Nordhordland Skiklubb gjekk eit særs godt skøyterenn og tok 3. plassen, sjølv med eit uhell midtvegs som gjorde at han måtte gå 2,5 kilometer med berre ein stav, heiter det i ei melding frå Nordhordland skiklubb. Vabø raskast i trimkarusellen På den nest siste trimkarusellen til Lindås IL denne sesongen, måndag 8. april, var det perfekte forhold for gode tider. Rolf Vabø var raskast denne gongen også, 4 sekund etter sesongbeste. På 2. plass: Frode Røsland med ein halv-maraton i beina. Han var også 4 sekund etter sesongbeste. Ingvald Gjesdal persa seg med 8 sekund. Elles sesongbeste for Olai Nepstad og Magnus Elvik. Neste og siste trimkarusell er mandag 29. april, med premiering av for deltaking. Innsendt av Atle Rød Lindås IL Radøy/Manger FK - Vik n RESULTAT Resultat med tid: 1. Rolf Vabø 2. Frode Røsland 3. Endre Jørgenvik 4. Ingvald Gjesdal 5. Olai Nepstad 6. Kristine Lunde 7. Magnus Elvik Laurdag 13/4 kl. 15.00 Voksne kr. 50,- Barn gratis Kampsponsorer: VANN STORT: Seriekampane har starta for dei aldersbestemte laga, og NBK gutar 13 slo skikkeleg til i sin første kamp. Dei knuste Tertnes med 22-0 i kampen torsdag. Dei glade gutane er fotograferte av Kirsti Haugsvær. Utan tid: Edvin Kyrre Lillestøl Anne Britt Kolås Gudveig Skjerve Aslaug Sundsbø Torbjørn Sørensen Aud Sørli Bernhard Sørli Jørgen Øvstegård 10,41 10,52 11,31 11,59 12,33 14,25 15,42