Kvam herad. Sakspapir

Like dokumenter
Kvam herad. Sakspapir

Kvam herad. Sakspapir

Kvam herad. Endra drift resulterer ikkje i auka driftskostnadar for Kvam kulturskule. Sjå vedlegg for fullstendig tekst i den nye serviceerklæringa.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Kvam herad. Sakspapir

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

Kvam herad. Arkiv: N-391 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Kvam herad. Sakspapir

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 ASFL

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 BJVI

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl: 12.30

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Innovasjonsmetoden vår

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Kvam herad. Innløysing av grunn til gangveg i Norheimsund - Strandvegen

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

Kvam herad. Sakspapir

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Kvam herad. Sakspapir

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Utvalet for oppvekst og omsorg /11 HLV

Kvam herad. Sakspapir

Krevjande økonomisk men gode muligheter

1. Mål med samhandlingsreforma

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2015 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Trygg og framtidsretta

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

EID KOMMUNE Helse-og sosialutval. Møteinnkalling

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 28 / 16. Ge ir Paulsen gjekk frå som ugild, då har er gift med leiar i sjukeheimstenesta kommunen.

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /06 RUVI

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Kvam herad. Sakspapir

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /08 JONE

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/187 RAMMEAVTALE MELLOM HELSE FØRDE OG BALESTRAND KOMMUNE

Fitjar kommune Møteprotokoll

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt: Retningsliner for inntektsgradert foreldrebetaling i barnehagane i Kvam

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 2. høgda i rådhuset Saknr.: 01/11 07/11

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /04 VIOS

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Fellesnemnd Ullensvang kommune

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 08/2829. Helse- og omsorgsplan for Luster kommune Rådmannen si tilråding:

Saksnr Utval Møtedato

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger B Liadal Arkivsak: 2016/40 Løpenr.: 242/2016

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Bustadplan for Kvam herad

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Transkript:

Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saknr Kvam formannskap Kvam heradsstyre Avgjerd av: Arkiv: N - 330 Arkivsaknr Saksh.: Åslaug Bøhn Botnen Objekt: 19/403-1 Tenesteanalyse pleie og omsorg 2018 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kvam heradstyre tek rapporten «Tenesteanalyse pleie og omsorg 2018» til vitande. Det vert etablert eit administrativt omstillingsprosjekt i pleie og omsorg, finansiert innanfor rammene til tenesta. Som del av omstillingsprosjektet, skal rådmannen nytta ein av dei tilrådde modellane som grunnlag for budsjettet for 2020. Val av modell vert lagt fram i samband med utkast til økonomiplan i junimøtet i 2019. I den grad omstillingsprosjektet medfører endringar i tenestetilbodet til brukarane, skal dette leggjast fram til politisk sakshandsaming. Samandrag: På bakgrunn av økonomiske utfordringar, vart det i budsjett 2018 sett av midlar til å gjennomføra ein analyse av pleie- og omsorgstenesta. Agenda Kaupang har bistått kommunen i arbeidet som vart utført hausten 2018. Ei internt prosjektgruppe har delteke i arbeidet saman med Agenda Kaupang. Rapporten peikar på utfordringsbilete kommunen står overfor, og kjem med ei rekkje tilrådingar innan både tildelingspraksis, praksis for ressursfordeling og organisering. Noverande organisering og struktur medfører utfordringar både med omsyn til å sikra drift innan økonomiske rammer og høgare kostnadsnivå enn samanlikningskommunar. Ei framtidsretta teneste må ha eit bærekraftig kostnadsnivå. Analysen viser at ytterlegare effektivisering og kostnadsreduksjon bør vera mogleg, men det vil vera vanskeleg å gjennomføra utan at det får konsekvensar for tenestetilbodet til innbyggjarane. I eit slikt perspektiv vil behov for strukturendring vera vesentleg. Kommunen må difor satsa vidare på tenester som vil gjera at fleire kan klara seg sjølve og bu heime lenger. Kommunen må også, i større grad enn tidlegare, vurdera dekningsgrad og tal lokasjonar med heildøgnstilbod. Det må arbeidast vidare med heiltidskultur og kompetanseheving. Rådmannen vil etablera eit omstillingsprosjekt som går gjennom dei ulike tilrådingane og kva tiltak som skal iverksetjast på kort og lang sikt. Rådmannen ynskjer å nytta ein av dei tilrådde budsjettmodellane som grunnlag for budsjettet for 2020, og vil velja modell til saka om utkast til økonomiplan i junimøtet i 2019.

Når det gjeld organisering av tenesta, vert dette eit relativt stort, internt arbeid innanfor rådmannen sine fullmakter, som vil skje i samarbeid med tillitsvalde. Dersom omorganiseringa vil påverka tenestetilbodet, eller gjennomgangen av tildelingspraksis for tenester medfører endringar i tilbodet til brukarane, vert dette lagt fram til politisk handsaming. På grunn av dei økonomiske utfordringane, vil rådmannen setja i gang tiltak så raskt som mogleg for å unngå unødig ressursbruk, eller gjennomføra andre mellombelse tiltak der det er mogleg. Liste med vedlegg som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: Dok.id Tittel 623363 Vedlegg til rapport 623365 R1020541Kvam herad- tjenesteanalyse innen pleie og omsorg rapport 623366 Presentasjon budsjettmodell Andre dokument i saka: Tjenesteanalyse pleie og omsorgstjenester i Kvam kommune ved Agenda Kaupang

Saksopplysningar: Kommuneøkonomien har dei siste åra vore krevjande og det har vore store innsparingskrav i alle einingar. Eining for helse- og omsorg, og då spesielt pleie og omsorg, har ikkje greidd desse innsparingskrava. Dei har hatt eit aukande overforbruk i forhold til politisk vedtekne økonomiske rammer. Utfordringa har vore, og er å greia å tilpassa drifta i tråd med faglege og individuelle krav, sentrale føringar og økonomiske ressursar. Slik situasjonen er no, er det heimetenesta som har dei største utfordringane m.o.t økonomi. Med bakgrunn i dei store økonomiske utfordringane, vart det i budsjett 2018 sett av midlar til å gjennomføra ei analyse av tenesta. Agenda Kaupang har bistått kommunen i analysearbeidet. Arbeidet vart utført hausten 2018 i tett samarbeid med ei intern prosjektgruppe med desse personane: Åslaug Bøhn Botnen Elfrid R. Oma Ingegjerd Pedersen Lid Hilde Ystanes Anne Lise Neteland Solveig Eikrem Ragnhild Rykkje Lillian Kvamsøy Marie Elisabeth Skutlaberg helse og omsorgsjef og leiar for prosjektet pleie og omsorgsleiar leiar forvaltarkontoret leiar Kvam rehabilitering- og behandlingsavdeling IT-medarbeidar helse og omsorg controller helse og omsorg tillitsvald fagforbundet verneombod brukarrepresentant/ RMNFE Pleie- og omsorgstenesta i Kvam har som overordna mål at innbyggjarane skal få hjelp på lågaste effektive omsorgsnivå. Det betyr mellom anna at flest mogleg skal bu heime lengst mogleg. Heile helse- og omsorgstenesta er organisert for å nå dette målet, og det er viktig at «omsorgstrappa» fungrerer, frå hjelp i heimen opp til spesialisert sjukeheimstilbod. Pleie- og omsorgstenesta i Kvam yt individuell hjelp til dei som treng omsorg, behandling og pleie, i alle aldersgrupper. Dei største gruppene er eldre, personar med utviklingshemming og personar med psykiske vanskar og/eller rusproblem. Dei siste åra har det vore ein auke i brukargruppa under 67 år. Me opplever at denne gruppa ofte har samansette behov, og at dei er ressurskrevjande. Helse- og omsorgstenesta skal leggja til rette for at kvar enkelt kan ta ansvar for eiga helse gjennom fysisk aktivitet, sosialt fellesskap og tilrettelegging av eigen livssituasjon og «Helse i alt me gjer» skal prega tenestetilbodet. Oppgåver og ansvar i pleie og omsorg er organisert i fire (4) fagavdelingar: Stab- og forvaltarkontor som mellom anna har ansvar for sakshandsaming av søknader Kvam rehabilitering- og behandlingsavdeling ( KRB) har ansvar for korttidstilbod i institusjon; observasjon, behandling, rehabilitering, avlastning, øyeblikkeleghjelp-døgntilbod og omsorg ved livets slutt Pleie- og omsorgsavdelinga med ansvar for institusjonsomsorg og heimetenesteomsorg er organisert i 14 arbeidsgrupper Avdeling Rus og Psykisk helse har ansvar for tilbod til personar med rus- og/eller psykiatriproblem Kommunedelplan for helse og omsorg 2015-2030 peikar på moglegheiter og korleis kommunen kan møta framtidige behov og skapa gode tenester for innbyggjarane i åra som

kjem. Utbyggingsstrategiar for helse og omsorg 2017-2030 definerer dei viktigaste utbyggingsbehova i helse og omsorgstenesta og inneheld strategiar for framtidig utbygging. Kommunen har dei seinare åra gjort fleire organisatoriske og tenestemessige grep for å styrkja tilbodet til innbyggjarane og optimalisera ressursbruken. I 2012 vart mellom anna sakshandsaming og tildeling av tenester lagt til eige forvaltarkontor og ny gruppestruktur i pleie og omsorg vart etablert. Dei siste tiåra har det vore gjennomført omfattande helsereformer i landet, mellom anna gjennom stortingsmeldingar som gjev retning og føringar for korleis styresmaktene ynskjer utviklinga skal vera. Samhandlingsreforma vart innført i 2012 og kommunane vart utfordra på å utvikla tenestetilbodet til «å gje tilbod før, i staden for og etter» sjukehusbehandling. I Kvam har me tilpassa oss desse føringane og har ei fagleg sterk pleie-og omsorgsteneste og god samhandling mellom helsepersonellet internt og mot sjukehusa. Kvam står overfor ein sterk auke i behovet for pleie- og omsorgstenester frå 2025. Dette som fylgje av auke i tal eldre, spesielt dei over 80 år. Dersom kommunen skal kunna møta desse utfordringane og ivareta innbyggjarane sine behov må planlegging og dimensjonering av tenester gjerast på ein slik måte at innbyggjarane kan ta aktivt ansvar for eiga helse. Fleire må kunna vera aktive og bu heime lenger. Behovet for pleie- og omsorgstenester har auka med om lag 25 % frå 1995 til 2017 og det er forventa ytterlegare auke i behovet fram mot 2040. Kommunen må redusera utgiftene m.a. ved ei ytterlegare satsing på heimetenester og mindre ressursar til institusjon. Som fylgje av endringar i alderssamansetjinga i befolkninga skjer det ingen vesentleg auke i tilgang på arbeidskraft og potensielle frivillige omsorgsytarar i Kvam. Auka vekst i tal eldre og auka tal yngre brukarar, kombinert med nedgang i personar i yrkesaktiv alder, vil skapa utfordringar i tenesta og i familiane. Parallelt med denne utviklinga vert stadig fleire oppgåver og ansvar lagt til kommunane. Dei økonomiske overføringane frå staten står nødvendigvis ikkje i forhold til oppgåveforskyvinga. Dette stiller store krav til kommunen og må vurderast i samband med utvikling og dimensjonering av tenestetilbodet. I bestillinga til Agenda Kupang var det bedt om gjennomgang av både institusjons- og heimetenesteomsorg, med spesielt fokus på heimetenesta. Oppgåver, kompetanse og organisering var område som skulle vurderast, og analysen skulle også sjå på praksis for tildeling av tenester, praksis for tildeling av ressursar og organisering. Det var mellom anna viktig å få nødvendig innsikt i kostnadsnivå og dimensjonering på dei ulike områda. Basert på innhenta data og Agenda Kaupang sine analysar har dei utarbeidd forslag til tiltak på korleis sikra bærekraftige pleie- og omsorgsteneste i Kvam herad, med hovedfokus på å svara ut problemstillingane knytt til tildeling av tenester, organisering av tenester og ressursfordeling. Rapporten og vedlegg til rapporten, er vedlagt saka. Rapporten er tydeleg på utfordringsbilde for kommunen og kjem med klare tilrådingar innan tildelingspraksis, praksis for ressursfordeling og organisering. Rapporten peikar på at dei ambulante tenestene må styrkjast, også kompetanse og kvalitet, og at tenester vert tildelt etter BEON-prinsipp. Kommunen må syta for å ha tilbod og tiltak på alle nivå i omsorgstrappa. Dimensjonering av institusjonsplassar og heildøgnsplassar og tal lokasjonar må vurderast. Ny avdelings-, gruppe,- og leiarstruktur må vurderast og tenesta må i større grad ta i bruk velferdsteknologi og fleire arbeidsprosessar må digitaliserast. Tenesta må arbeida vidare med heiltidskultur og kompetanseheving. Vurdering:

I arbeidet med analysen har det vore viktig å bruka tid på gjennomgang/verifikasjon og internt eigarskap til analysearbeidet. Det har vore eit konstruktivt samarbeid med Agenda Kaupang i arbeidet med tenesteanalysen. Tilsette har bidrege med nyttig informasjon gjennom deltaking i møte, intervju og ved tilrettelegging av informasjon. Prosjektgruppa drøfta rapporten i møte 25. januar og leiararane i helse og omsorg og tillitsvalde i møte 31. januar og 6. februar. Tenesta kjenner seg igjen i både faktadelen og det utfordringbilde som det vert peika på og støtta fleire av tilrådingane i rapporten. Det er heilt nødvendig med omstilling i pleie og omsorg, både for å få betre kontroll på økonomien og for å sikra bærekraftige tenester for framtida. Det er viktig med gode haldningar internt og god informasjon til brukarar og innbyggjarar, når endringar vert sett i verk. Slik rådmannen ser det, er det nødvendig med eit omstillingsprosjekt i pleie og omsorgstenesta for å få gjennomført større omstilling og endring. Rådmannen vil difor etablera eit omstillingsprosjekt som går gjennom dei ulike tilrådingane og kva tiltak som skal iverksetjast på kort og lang sikt. Rådmannen ynskjer å nytta ein av dei tilrådde budsjettmodellane som grunnlag for budsjettet for 2020, og vil velja modell til saka om utkast til økonomiplan i junimøtet i 2019. Når det gjeld organisering av tenesta, vert dette eit relativt stort, internt arbeid innanfor rådmannen sine fullmakter, som vil skje i samarbeid med tillitsvalde. Dersom omorganiseringa vil påverka tenestetilbodet, eller gjennomgangen av tildelingspraksis for tenester medfører endringar i tilbodet til brukarane, vert dette lagt fram til politisk handsaming. På grunn av dei økonomiske utfordringane, vil rådmannen setja i gang tiltak så raskt som mogleg for å unngå unødig ressursbruk, eller gjennomføra andre mellombelse tiltak der det er mogleg.