RJUKAN-NOTODDEN INDUSTRIARV

Like dokumenter
LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Ei sann (Sand) historie

«Ny Giv» med gjetarhund

Notat om historie og kulturlandskap

Til deg som bur i fosterheim år

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Å bli gamal i eigen heim

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Alderspensjonistar som bur i utlandet

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2014

STRAFF: 3 HOVUDTYPAR BOT: kjem an på kvar alvorleg lovbrotet er, og kor mykje den skuldige kan betale

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning. Årgang 5 * Nr 1 * Mai 2007 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Sverre Bjåstad. Utflyttarboka for HAREID OG ULSTEIN. med REGISTER. til BYGDEBØKENE. for. Ulstein og Hareid

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. Barns rettar og foreldrerolla. Demokrati og verdiar

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 13/297-2 Løpenummer: 13/7157 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Bibelmeditasjonar om bøn

Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Grunnlovsforslag ( )

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet. Søknad om konsesjon på overtaking av landbrukseigedomen Lie gnr. 164/3, 165/6

Program OSTERØY HØGRE

Juvet Landskapshotell

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Nystarta leirskule -med ledig kapasitet i 2012

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

INFORMASJONSMØTE OM BUSETTING AV FLYKTNINGAR I NAUSTDAL KOMMUNE

Eldrid Robberstad ein nyskapar av gamle bunadstradisjonar av Gunhild Berntsen

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side )

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Husdyrtal i Aust-Agder siste ti år Kjelde: Produksjonstilskot, Landbruksdirektoratet

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Jesus taler om sin død

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Bruk av driftsmidlar Frifond

Møtebok for Ulvik fjellstyre

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kvar kjem maten vår frå?

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /55 Kommunestyret /45

Anders i Prest-Kroken

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Kom skal vi klippe sauen

6-åringar på skuleveg

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

I sauen sine fotefar. Driftevegar i heia

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Vinje som nasjonalparkkommune

Kvernåe naturområde i tekst og bilete

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Ullensvang herad Sakspapir

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Kulturskatten er ein konkurranse der det gjeld å finna fram til kulturminna me har merka av på kartet.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Transkript:

Liv Vollane fjellets dronning Anne Haugen Wagn Dette er historia om ei uvanleg tøff og hardfør kvinne. Ho heitte Liv Vollane og budde saman med dei små borna sine i ei steinbu ved elva Kvenna på Hardangervidda. Ho levde frå 1767 til 1857 blei altså 90 år. Det var ikkje så vanleg på den tida. På 1700-talet auka folketalet i Noreg, og folk tok til å busetje seg i område som lenge hadde lege aude. På sjølve Hardangervidda hadde det ikkje budd folk sidan før Svartedauden. Store delar av fjellet her var ein slags statsallmenning «Kongens Alminding» der folk frå bygdene i kring hadde ein fyrsterett til jakt, fiske og beite. På slutten av 1700-talet blei det skilt ut store område av allmenningen som etter kvart blei sjølvstendige eigedomar. Ein av desse var Vollane, som i fyrste omgang blei bygsla bort (leigd ut). I 1801 er det folketeljing i Noreg. Då bur Liv og Tov Torsteinson på denne fjelleigedomen ei snau mils veg vest frå Mogen, inst ved Møsvatn. Dei har borna Birgit og Torstein, tre og eitt år gamle. Og der bur fleire på Vollane: Ole og Thora, eit ektepar med born på ti og fem år, og dessutan mor av Thora og ei eldre dotter. Desse seks blir registert som omreisande betlarar (tiggarar) som ikkje har fast opphald på Vollane. I 1802 blir Aslaug fødd, og i 1804 kjem Anne til verda. Ho døyr same året, og ei ny jente kjem til verda i 1806. Ho får òg namnet Anne. Same året døyr ektemannen Tov, 68 år gamal. Det er ein aldersskilnad på 29 år mellom Liv og Tov, så det er ei ung enke som skal greie å skaffe mat til fire born i steinbua langt inne i Kvennadalen på Hardangervidda. Ei soge lyder slik: Dei rødde (snakka) om ein vinter dei kalla Volle-veten. Då var det ende før dei sette livet til på Vollane. Det var ein fæl og kald snøvinter. Tov døydde, og Liv måtte heim til bygda etter folk. Tov låg på likstrå i forstoga. Dei sa jamvel at jerven kom og grov på døra og ville inn, udyret kjende teven av liket Sonen Torstein døyr som liten, og dotera Anne døyr i 1823, 17 år gamal. Av dei to døtrene som lever vidare, er det berre Birgit som får barn ei dotter som heiter Anne og kom til i 1830. Ho blir gift med Knut Aasvaldson, og dei buset seg på Rauland. Av dei sju borna dei får, er det tre som emigrerer til Amerika: Aslak, Tov og Tone. No hadde folketalet auka endå meir i Noreg, og for mange blei høvet til å reise til Amerika ein måte å koma seg ut av fattigdomen på. Kva levde Liv og familien av på denne garden langt inne i høgfjellet? Det var jakt og fiske; rein og aure var det mykje av. Dei dyrka neper, men korndyrking var umogleg. På garden Argehovd ved Mogen dyrka dei jordeple (poteter) alt i 1790, men der var det mindre fare for frost enn på Vollane. Så var der litt husdyrhald. I eit dokument står det at enka Liv har ei ku som ho kallar «Fæeboth» (dansk for Febot) og to vaksne sauer. Men det som skaffa kontantar var utleige av beite. På denne tida var dei fleste i bygdene kring Hardangervidda bønder, og mange hadde store krøtterflokkar. Om sommaren blei innmarka i bygdene bruka til åker og grasdyrking, så buskapane blei sende på beite i heiene og fjellet. Dei som ikkje hadde nok beite sjølve, måtte leige. På det viset fekk Liv inntekter. Elles var det mykje ferdsle i fjellet i gamle dagar. Når folk skulle koma seg frå aust til vest, laut dei fara fjellvegane. På Hardangervidda følgde transporten av folk og varer eldgamle sleper, som framleis er i bruk. Liv og borna hennar greidde seg truleg godt i fjellet. Sjølv fiska og jakta ho det blir sagt at ho jamvel skaut ein ulv. Så slo ho gras og sette høystakkar, og drog høyet heim på skaren om vinteren. Men ho trong hjelp. Det er sagt at ho leigde tenestegutar, og at ein av desse blei den nye ektemannen hennar i 1812. Mannen var Olav Talleivson, som visstnok kom frå Numedal.

Det blei strid om eigedomsretten til Vollane. Det var Tov, den fyrste mannen til Liv, som bygsla eigedomen av staten. Då han gjekk bort i 1806, skulle Liv etter lova kunne bu på og bruke Vollane så lenge ho var enke. Men fordi Liv gifta seg om att, tok statlege styresmakter etter kvart initiativ til å selje eigedomen. Det blir ein lang prosess med auksjonar og rettssak, men Liv nektar å gje frå seg retten til Vollane og vil ikkje flytte frå heimen sin. Olav Talleivson gjekk bort i 1832, så Liv Vollane måtte kjempe den ulike kampen mot staten heilt åleine. Tradisjonen har teke vare på ei historie om at ho tok vegen heilt til Atrå i Tinn vinteren 1837/38 for å rådføre seg med lensmann Hans Anfindsen. 70 år gamal gjekk ho på ski frå Vollane til Atrå på dagen i luftline er det fem mil, men i terrenget minst seks! Rettssaka blei avgjort med ein dom som fall i desember 1844. Det var Liv som vann over staten: ho fekk sitje på Vollane så lenge ho levde. Ingen kunne jaga henne frå garden. Liv Vollane døydde 4. mars 1857, 90 år gammal. Ho er døme på ei kvinne frå Telemark som levde under uvanleg tøffe kår. Ho hadde styrken, viljen og motet som skulle til for å livnære seg høgt til fjells, og ikkje minst hadde ho mot til å stå opp mot staten for å halde på eigedomen og heimen sin. Og ho vann faktisk saka si, mot alle odds. Såleis viser historia òg at Noreg alt på 1800-talet hadde eit rettssystem som var ubunde av styresmaktene, og i stand til å verne om rettane og interessene til småkårsfolk. Kjelder: Johan Vaa, Langs Kvenna, Telemark historielag 2009 Notat av Inger Johanne Bakka Folketalet auka i Noreg på 1700-talet. Rikard Berge nemner i bygdeboka Vinje og Rauland at det var 750 innbyggjarar i Vinje i 1660. I 1767 var det 1769 innbyggjarar, og i 1825 så mange som 2200. Det er ei tredobling på halvtanna hundreår. Dette førte til at unytta ressursar blei tekne i bruk, og mykje av Møsstrond, som hadde lege øyde sidan Svartedauden, blei busett på nytt. Historia om Liv Vollane er òg omtala av Vera Henriksen i artikkelen «Vidda og mennesket», i Hardangervidda, Grøndahl & Søn, 1979

Teikning: Per Syrstad Foto: Frå Vollane: Trond Taugbøl