Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 35 00 E-post: karin.uglum@sisof.no



Like dokumenter
Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / 01/ 02 E-post:

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Kontor: Måne: Sol/ Stjerne:

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Ta kontakt de som ønskjer å ha avisa i papir

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

MÅNEDSPLAN FOR GRØNNFINKENE

Sandeid skule SFO Årsplan

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Månadsplan for Hare November

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

INFORMASJON om førestellinga:

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Velkomen til Mork barnehage

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag. 4. De yngste: Sangleik og uteleik. 11. De yngste: Hopp og sprett til musikk De eldste: Tur til gapahuken

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Periodeplan for Ekorn desember 2014 og januar 2015.

HÅ KOMMUNE BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Vi på Morgengry ønsker store og små et godt nytt år! Tema for desember måneden var advent og jul. Barna lærte litt mer om hva jul inneholder og

Månedsbrev april 2015

Periodeplan. Solsikkene. Oktober februar Øyra barnehage.

MÅNEDSBREV FOR DESEMBER- LILLEBJØRN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

MÅNEDSBREV FOR TORNEROSE

Månedsbrev fra Parsellhagen: I februar har vi:

Desember-brev fra Tigergutt

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Hei alle sjøstjerneforeldre

MÅNEDSPLAN FOR JANUAR 2015 HJØRNETANNA

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

VINTERFEST - Fremme friluftsliv og glede over å være ute. - Sosialt - Tradisjon - Inkluderende

Periodeplan for harebarna januar og februar 2014.

Barnehageåret

«Ny Giv» med gjetarhund

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Månedsbrev for januar

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

april 2016 *****************************************************************

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

MÅNEDSBREV FOR AUGUST MANGE GODE VENNER

INNI EGGET TRE SMÅ KYLLINGER BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE. Mars 2016 *****************************************************************

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Månedsbrev desember 2015

Kom skal vi klippe sauen

Arbeidsplan for Tyrihans januar 2016

HÅ KOMMUNE BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf. Kontor: Måne: Sol/ Stjerne: E-post:

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Månadsbrev for Blå, november 2015

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

lunsj. Helt til slutt fikk vi lov å komme inn i huset igjen og smake på brød som de spiste i Jernalderen.

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag. 4. Hurra for Solan 3 år Bokbamsen kommer til Loppa 11. Forming; lage maiblomster, klippe og lime

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf / / E-post:

Årsplan for barnehageåret

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Gips gir planetene litt tekstur

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

MAURTUA NOVEMBER OG DESEMBER 2015

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Transkript:

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 35 00 E-post: karin.uglum@sisof.no

Da håpar vi alle har hatt ein god og avslappande ferie og er klar for eit nytt semester. Tilsettingar. Vi har to ny tilsette, det er Eirik M. Kviber (100 %) og Alexander Solheim (45 %). Marte Krogstadmo har slutta for å ta til i anna jobb, men ho vil framleis vere med oss når vi klatrar. Barnegrupper På avdeling Sol er det litt forandringar i barnegruppa. Jonathan er slutta, - men det kjem inn 2 nye barn hjå dei, det er Alida som starta 3. januar, Nicolaj vil starte 1.februar, vi ønskjer dei og deira føresette velkomne. Stadfesting av barnehageplass. I slutten av februar vert det lagt ut skjema for stadfesting av barnehageplass her i Sogndal Studentbarnehage. Dersom det er spørsmål i forbindelse med barnehageplass, ta kontakt med styrar på kontoret. Generell informasjon Det går litt opp og ned med utetemperaturane, så hugs å ha godt med tjukke klede og byte klede i barnehagen, det kan og vere lurt å smørje barna med kuldekrem før dei kjem om morgonen. Minner dykk på om at de har moglegheit til å påverke kvardagen i barnehagen om det er noko de saknar, noko de vil forandre, noko me gjer for lite av, eller anna gje oss tilbakemelding så skal vi sjå om vi ikkje kan legge ønskjer de har inn i våre planar. Skulestart Dei av dykk som har barn som skal starte i skulen til hausten må tenke etter kor dykkar barn skal skrivast inn. Barnehagen er hjelper til med å kontakte den skulen barnet skal byrja i. Foreldrekaffi Måndag 20.02.12 Vi ber om at de set av litt tid i forbindelse med henting, då vert det foreldrekaffi, i forbindelse med at vi markerar fastelavnen, sjå etter oppslag på døra. Solfest Onsdag 16.02.12 vil vi markere at sola er tilbake i barnehagen, det markerast med solfest for barn og personale. Då har vi ein annleis barnehagedag med ulike aktivitetar der barna på alle avdelingane er blanda i grupper, dei voksen spelar skodespele om dronning Sol og kong. Sjå plakat på døra når tida nærmar seg.

HiSF Vi har som nemnt tidlegare har vi eit tett og godt samarbeid med høgskulen, og no etter nyttår vil 20 studentar kome til barnehagen og spele teater for oss, i denne omgang er det småbarnsavdelingane som får teaterframsyning, det vil skje onsdag 1. februar. Vi får student (2F) på avdeling Stjerne i veke 4 8. Ho heiter Ingunn Havnen. Entreprenørskap Avdeling Måne (dei som er Kafé - gjengen)vil no gå inn i eit samarbeid med Trudvang skule, dette er i forbindelse med prosjektet entreprenørskap på tvers av institusjonane barnehageskule. Anna Vil minne om at det er fine skibakkar både i Hodlekve i Sogndalsdalen og på Heggmyrane på Hafslo. Begge ski anlegga har skitrekk og lysløyper, dei har ope alle helgar og nokon kveldar, for meir informasjon, gå inn på nettsidene deira, hodlekve.no og sognskisenter.no.

EVALUERING AV NOVEMBER OG DESEMER Så er juleferien over og tida har komme til å sjå tilbake på dei to siste månadane i 2011. I første halvdel av november hadde vi fokus på inne og uteleik. Vi la til rette for litt andre leikeaktivitetar som ikkje hadde vore så mye brukt i løpet av hausten. Det å ta vekk og finne fram litt nytt er med på å gjera barnehagedagane litt annleis. Og dette var tydleg spennande for barna. Vi laga ulikt med duploklossar, treklossar og Brio togbaner. I samlingane hadde vi fokus på musikk og utprøving av ulike instrument. Aud varta opp med flott gitarspel. I to årsgruppa hadde vi først og fremst fokus på fysisk aktivitet ute, og i denne samanheng var vi på leikeplassen på Rutlin. Turen opp og ned er bratt, så dette tek tid og er ei fin utfordring. Vi har sett ei fin utvikling hos alle barna i løpet av hausten, når det gjeld det å komme seg fram i ulendt terreng. Dei siste gongene med to års gruppe før jul hadde vi snikkarverkstad ute, med ordentleg hammar. Vi har også fått hammar og spikar i eit materiale som kan brukast inne. Dette tek vi fram att utover vinteren. Frå midten av november og desember dreier tida i barnehagen seg om juleførebuing. Vi la opp til rolege dagar med leik og tradisjonar, der me fekk god til kvarandre og kan kose oss ilag. Omsorg i barnehagen handler både om relasjoner mellom personalet og barna og barns omsorg for hverandre. Å gi barn mulighet til å gi hverandre og ta i mot omsorg, er grunnlaget for utvikling av sosial kompetanse og er et viktig bidrag i et livslangt læringsperspektiv. (Rammeplan s.25) Allereie i november starta me med å laga julegåver, og me håpar og trur det vart mange nøgde mottakarar. Vi baka peparkaker og lussekattar, og nokon var ivrige med å bake og alle var ivrige til å smake. Då desember kom, var vi ferdige med den verste julestria. No var tida for å roe ned og kose seg. Me starta med adventstund under stjernehimmelen vår. Der tente me dei fire adventslysa, las adventsdikt, hang opp hjerta i vindauga og song julesongar. Barna fekk hjelpe til kvar sin tur og var med på sine premissar. Ei litt annleis samling, men veldig koselig. Lucia feiringa og nissefesten er to store høgdepunkt i desember. Lucia vart feira med lystog, song, lussekattar, gløgg og ikkje minst besøk av dykk foreldre. Mange flotte smånissar på nissefesten, og då nissen kom var det kjempestas, sjølv om nokre smånissar ville gøyme seg litt. 2-års gruppe på tur Adventsstund Adventsstund Nissefest

PLANAR FOR JANUAR OG FEBRUAR Då var vi allereie godt i gang med eit nytt år, og planane for den neste perioden kjem her. På Sol har det starta opp ei ny jente som heiter Alida. Velkommen til ho. I januar vil vi ha eventyr som tema, og barna på Sol og Stjerne vil bli blanda. 2- åringane skal jobbe med Skinnvotten, og dei andre skal ha Bukkane Bruse. Formidlinga av eventyra vil bli tilpassa barna sitt nivå, der vi startar med forteling og visualisering gjennom ulike bilete og materiale vi har i barnehagen. Etter kvart som materialet blir kjent skal vi prøve oss med litt dramatisering. Som avslutning på tema skal vi ha framføring til kvarandre i dei ulike gruppene. Når vi jobbar med tema eventyr blir det nærliggjande med elementa i sosial kompetande. I eventyr forteljingane kjem ein inn på empati, sjølvhevding, sjølvkontroll, prososiale handlingar og ikkje minst leik glede og humor. Alle disse elementa står sentralt i dei formelle og uformelle situasjonane i barnehagekvardagen, saman med alle fagområda i rammeplanen. I denne perioden vil vi ha fokus på fagområdene som de ser naturleg blir knytt opp mot tema. Språk, tekst og kommunikasjon (eventyr formidling) Natur, miljø og teknikk (snø, is, vinter kva skjer?) Kunst, kultur og kreativitet (eventyr, drama, solfest og formingsaktivitetar knytt opp mot dette) Vi vil også i tida som kjem ha fokus på vinteren som tema, dette vil gå parallelt med eventyr. Vi skal leike, ake og forme i snøen, og kanskje sette farge på den. Vi vil ta snø inn for å observere kva som skjer og elles bruke vinteren som inspirasjon for formingsaktivitetar. I starten av mars vil vi gjennomføre vår årlege tur til Hodlekve, men dette kjem vi attende til. Vi minner om varme og gode klede til å vere ute i. I veke 6/7 markerer vi at sola kjem attende i barnehagen, og i forbindelse med dette har vi gul veke. Vi malar og har ulike formingsaktivitetar der pyntar opp avdelingane til Solfest. På solfest- dagen har vi ulike aktivitetar ute, som måling, musikk/dans, songleikar og pynting av gjerdet med solstrålar. Vaksne har eit dramaforløp om kong vinter og dronning sol, og vi koser oss med pølser med brød og gul saft. Songar vi syng i denne perioden: Sol, Sol kom igjen... Nå skinner sola i vinduskarmen... Sola er god... På ein kvit bakketopp... Huttetu så kaldt det er... Det snør, det snør.. Bustebarepinn. Kom vesle kvite snøfnugg... Lille bukken bruse... Når trollmor har lagt... Trollgubben lurvelegg... Tekstane til songane ligg på nett- sida til barnehagen Helsing personalet på Sol og Stjerne

JANUAR Veke 2 Måndag 9.1 Tysdag 10.1 Onsdag 11.1 Torsdag 12.1 Fredag 13.1 ALIDA 1 ÅR Veke 3 Måndag 16.1 Stjerne Tysdag 17.1 Sol Onsdag 18.1.15 Torsdag 19.1 Varmmat: Fiskekarbonadar med potetstappe Fredag 20.1 2-års gruppe Måne 13.15-14.15 Stjerne13.15-14 Sol.15 Varmmat: Kjøtdeig med pasta og spagettisaus Veke 4 Måndag 23.1 Tysdag 24.1 Onsdag 25.1 Torsdag 26.1 Fredag 27.1 2-års gruppe 2 F STUDENT PÅ STJERNE Måne 13.15-14.15 Stjerne13.15-14 Sol 13.15-14.15 FEIRE ARIEL 2 ÅR Varmmat: Graut Veke 5 Måndag 30.1 2-års gruppe Måne 13.15-14.15 Tysdag 31.1 Stjerne13.15-14 Onsdag 1.2 Småbarnsped. Studentar frå HSF kjem for å dramatisere bukkane bruse Sol Torsdag 2.2 Ped.leiar møte13.15-14.15 Fred. 3.2 framføring Varmmat: Lapskaus Dette er ei grovskisse, sjå på vekeplan i garderoben for endringar og meir konkrete planar. Set ikkje opp faste turdagar, men tek dette når vi ser det lar seg gjennomføre.

FEBRUAR Veke 5 Måndag 30.1 Tysdag 31.2 Onsdag 1.2 Torsdag 2.2 Fredag 3.2 Varmmat: Lapskaus framføring Måne 13.15-14 Stjerne13.15-14 Sol.15 Uteleik Veke 6 Gul veke Veke 7 Gul veke Måndag 6.2 Førebuing til gul veke. Vi målar og har ulike formingsaktivitetar og pyntar opp avdelingane til solfest. Måndag 13.2 Gul frukt denne veka. Tysdag 7.2 Onsdag 8.2 Torsdag 9.2 Tysdag 14.2 Onsdag 15.2 Torsdag 16.2 SOLFEST (sjå plakat på døra når det nærmar seg) Fred 10.2 Varmmat: Pølse med potetstappe Fred 17.2 Uteleik Varmmat: Fiskekarbonadar Uteleik Veke 8 Vi baker fastelavnsbollar. Stogg opp å få ein smakebit ved hentetid. : Måne 13.15-14 Måndag 20.2 Stjerne13.15- Tysdag 21.2 Sol Onsdag 22.2 Torsdag 23.2 Fred 24.2 Varmmat: Graut Uteleik : Måne: Stjerne13.15-14 Sol Siste dagen til 2 F studenten.

Så er juleferien over og tida har komme til å sjå tilbake på dei to siste månadane i 2011. November og desember dreiar seg for oss om juleførebuing. Me legg opp til rolege dagar med leik og tradisjonar, der me får god tid til kvarandre og kan kose oss i lag. Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonen mellom personalet og barna og barnas omsorg for kvarandre. Å gi barn muligheit til å gi kvarandre og ta i mot omsorg, er grunnlaget for utvikling av sosial kompetanse og er et viktig bidrag i et livslangt læringsperspektiv. (Rammeplanen s. 25) Første veka i november brukte me ein del tid på å førebu oss til FN-basaren. Me laga invitasjon, gjorde innkjøp, laga gevinstar og pynta til at foreldre, besteforeldre og søsken skulle komme. Basaren vart ein suksess, og me takkar alle for oppmøte! Overskotet etter basaren gjekk til Forut, ein organisasjon som hjelper fattige familiar med blant anna skulegang for barna. Etter at basaren vel var overstått, starta me å ha hemmelege dagar. Då lagar me julegåver, og me håpar og trur at det vart mange nøgde mottakarar. Jula inneheld meir enn pynting og pakkar. God mat har òg ein sentral plass i juletradisjonen. Dette var noko me fokuserte på i juleførebuinga. Me handla inn ingrediensar for så å prøve oss på julepølse. Me kopla tarmane på kjøttkverna og stappa for harde livet. Pølsene såg svært bra ut, og dei vart serverte som varmmat den veka. Heimelaga julepølse og potetstappe var kjempegodt! I starten av november og fem veker framover hadde me Elisabeth som student på Måne. Ho går 1. året på førskulelinja, og ho gjennomførte oppgåver innan fleire fagområder. Klatringa og aldersdelte aktivitetar stoppa me med i slutten av november, for å gi plass til juleaktivitetar. Dette vil starte oppatt på nyåret. Då desember kom, var me ferdige med den verste julestria. No var det tid for å roe ned og kose seg. Me starta med adventstund under stjernehimmelen vår. Der tente me dei fire adventslysa, las adventsdikt og song julesongar. I kvar adventstund var me like spente på om nissen hadde hatt tid til å skrive brev til oss, og om han hadde lagt noko i julesekken i kjøkkenskuffa. I kvart brev følgde det med eit hjarta til julekalenderen på vindauga, og i juleposen låg det små hint om kva dagen skulle innehalde. Luciafeiringa og nissefesten er to store høgdepunkt i desember. Lucia vart feira med lystog, song, lussekattar, kaffi og ikkje minst mange søsken og foreldre. Me vart òg invitert på Lucia feiring i lag med andre barnehagar på Sogningen Storsenter. Der gjekk me i tog, og så kosa oss med saft og lussekattar På nissefesten var det høg nissefaktor med nissehuer, nissedrakter, graut og ja, NISSEN. Han hadde med seg ein stor og tung sekk full av nisseoverraskingar. Han delte smilande ut ein til kvar, som me kosa oss med utover dagen. Innimellom slaga har me fylt opp kakeboksane med peparkaker, og baka lussekattar. Me har vore på teaterførestillingar med Høgskulen, gått turar, og me har feira Linnea som vart 3 år!

No er vi i gang etter ein god juleferie og har allereie feira Timian sin 3 års dag, hurra! Vi har som tradisjon at vi har tema eventyr i januar. I denne mørketida er det koseleg å tenne stearinlys og skape ei spennande eventyrstund. Alle barna skal få høyre om Gullhår og dei tre bjørnane. Vi formidlar eventyret med høgtlesing, bruk av flanellograf og dramatisering. Når barna blir godt kjent med evnetyret kan dei sjølv vera med å dramatisera for kvarandre og kanskje ha ei førestilling for kvarandre eller for småbarnsavdelingane. Dei yngste (Jorda gruppa) vil også ha litt om eventyret Bukkane Bruse og Jupiter gruppa vil ha fokus på eit eller to eventyr til. Meir informasjon sjå vekeplan. Vi skal og ha fokus på vintertida. Er det kaldt nok lagar vi is skulpturar i ulike former. Vi vil bruke snøen til leik og forming og male ute. Vi syng vintersongar og barna lagar eit felles vinterbilde. Det vert også ein akedag i Hodlekve, men ikkje før i starten av mars, så det kjem vi attende til når det nærmar seg. Klatring i storhallen har vore veldig kjekt og spennande. No vert det klatring for heile Jupiter gruppa. Vi tek med oss heile gruppa eller deler den i to. Dette prøver vi å få til på torsdagane. Det er viktig at dei som ikkje har klatra i sele før får øva seg mest no i starten for å bli trygge. Dei andre er då i buldreveggen eller har andre aktivitetar i hallen. I veke 7 har vi gul veke. Vi malar med solfargane gult og oransje og barna lagar kvar si sol som vi heng opp på avdelinga. Vi et gul frukt som honningmelon, banan og gule eple. Torsdag denne veka vert det Solfest ute i barnehagen, der vi feirar at sola kjem tilbake etter mørketida og at dagane vert lysare og lengre. Aktivitetane ute vert maling, musikk/dans, sangleikar og pynting av gjerdet. Og vi kosar oss med pølse med brød og gul saft. På fredag kosar vi oss med gul gele til dessert. No startar vi opp med førskulegruppe for dei som skal byrja på skule til hausten. Det vert Siri og Bodil som har ansvaret for planlegging og gjennomføring. Førskulegruppa vert på tysdagane framover, men sjå vekeplan for eventuelle endringar. I januar startar førskulegruppa opp med eit prosjekt saman med elevar frå 1A på Trudvang skule. Tema er dyr og dyrespor, det vert ulike aktivitetar på Trudvang, i lavoen på Rutlin og i barnehagen. Sjå skriv. Tema planetar/ verdsrommet: Dette er eit spennande tema som vi hadde lyst å jobbe med. Vi har avd. sol, stjerne og måne og gruppene våre har vi i år kalla Jupiter og jorda. Barna har begynt å interessere seg for kva dei ulike planetane heiter og korleis dei ser ut. Dette vil vi spinne vidare på gjennom samtalar med barna, slå opp i bøker, teikne/ male og kanskje lage eit lite verdsrom på grupperommet vårt. Skape rom for undring og kreativitet. Fagområda vi har ekstra fokus på i januar og februar er: Språk, tekst og kommunikasjon (eventyr formidling) Natur, miljø og teknikk (snø, is, vinter kva skjer? Verdsrommet, sola, månen, jorda ) Kunst, kultur og kreativitet (eventyr, drama, solfest og formingsaktivitetar knytt opp mot dette) Songar til tema vinter og eventyr sjå songhefte på nettsida til barnehagen Melodi: Alle fugler. Merkur, Venus, Jorda og Mars- Jupiter og Saturn. Uranus, Neptun (og Pluto er ut)- men alle går i bane - rundt vår Sol som skinner så klart ser vi den på himmelen svart Stor og mektig, vakker og sterk - gir de n lys til alle. Helsing personalet på Måne

JANUAR 2 Måndag 9.1 Tysdag 10.. Førskulegruppa på Trudvang skule. Entreprenørskapsprosjekt, tema dyr og dyrespor. Onsdag 11.1 Torsdag 12.1 1.kl frå Trudvang kjem på besøk i barnehagen Entreprenørskapsprosjekt, tema dyr og dyrespor. Fredag 13.1 Fiskekaker m/ makaroni 3 4 5 Måndag 16.1 Aldersinndelte grupper: -2-års gr. saman med avdeling Sol og Stjerne -3-års gruppe -4 og 5-års gruppe (tema, sjå vekeplan) Måndag 23.1 Aldersinndelte grupper: -2-års gr. saman med avdeling Sol og Stjerne -3-års gruppe -4 og 5-års gruppe (tema, sjå vekeplan) Måndag. 30.1 Aldersinndelte grupper: -2-års gr. saman med avdeling Sol og Stjerne -3-års gruppe -4 og 5-års gruppe (tema, sjå vekeplan) Tysdag17.1 Førskulegruppa på Trudvang skule. Entreprenørskapsprosjekt, tema dyr og dyrespor. Tysdag 24.1 Førskulegruppa på Trudvang skule. Entreprenørskapsprosjekt, tema dyr og dyrespor. Tysdag 31.1 Førskulegruppe Olivia 3 år, hurra! Onsdag 18.1 Onsdag 25.1 Torsdag 19.1 Aldersinndelte grupper: -2-års gruppe saman med avd. Sol og Stjerne -3-års gruppe -4 og 5-års gruppe (tema, sjå vekeplan) Torsdag 26.1 Klatring med Jupiter gruppa. Nokre klatrar med sele og resten er i buldreveggen. Fredag 20.1 Graut Fredag 27.1 Tomatsuppe m/ makaroni og kjøttdeig PS. Set ikkje opp faste turdagar, men går på tur i mindre grupper når vi ser det let seg gjennomføra.

FEBRUAR 5 6 Planetar Måndag 6.2 Aldersinndelte grupper: Planeter/ verdsrommet. Tysdag 7.2 Førskulegruppe Onsdag 1.2 Torsdag 2.2 Klatring med Jupiter gruppa. Nokon klatrar med sele og resten er i buldreveggen. Onsdag 8.2 Torsdag 9.2 Klatring med Jupiter gruppa. Nokon klatrar med sele og resten er i buldreveggen. Fredag 3.2 Lapskaus Fredag 10.2. Sjå vekeplan 7 Gul veke Måndag 13.2 Gul og oransje frukt denne veka. Tysdag 14.2 Førskulegruppe Onsdag 15.2 Formingsaktivitet: Male med gult og oransje. Torsdag 16.2 SOLFEST (Sjå plakat) Fredag 17.2 Sjå vekeplan 8 Planetar Måndag 20.2 Bake fastelavnsbollar. Foreldrekaffi, stopp opp og få ein smakebit ved henting. Tysdag 21.2 Førskulegruppe Onsdag 22.2 Aldersinndelte grupper: Planetar/ verdsrommet Torsdag 23.2 Formingsaktivitet: Planetar/ verdsrommet Fredag 24.2 Sjå vekeplan 9 Planetar Måndag 27.2 Feire Paranjoy 3 år, hurra! Tysdag 28.2 Førskulegruppe Onsdag 29.2