Øyhopping. Litteraturformidling og lesekompetanse av Anne Carlsen



Like dokumenter
Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Frå novelle til teikneserie

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Halvårsplan, hausten 2011

Kva er økologisk matproduksjon?

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Brukarrettleiing E-post lesar

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til deg som bur i fosterheim år

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Minnebok. Minnebok NYNORSK

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

mmm...med SMAK på timeplanen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kvalitetsplan mot mobbing

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Samansette tekster og Sjanger og stil

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

Valdres vidaregåande skule

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 4. Matte Tall og forhold mellom tall. Samf Mat frå jorda Eng Relative pronomen og Lesing

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Les for livet - del 2 (Ref # )

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Hystad skule Plan for Læringsstrategiar 2011

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

Halvårsplan i norsk 2. trinn HAUST Nynorsk

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Øystese barneskule April - 08

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart


Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime


Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Brukarrettleiing. epolitiker

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Det er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Transkript:

Øyhopping Litteraturformidling og lesekompetanse av Anne Carlsen Lesekompetanse som lesestimulering Øyhopping er eit litteraturformidlingsopplegg som legg vekt på lesestrategiar og leselyst. Det har sitt utspring i dansk verkstadundervisning, og har blitt til gjennom eit samarbeid mellom ein dansk og ein norsk lærar. Øyhopping går i korte trekk ut på at ei gruppe elevar les den same skjønnlitterære boka samstundes som dei reiser frå øy til øy og løyser oppgåver. Det er eit heilskapleg, men samstundes variert opplegg. Utgangspunktet for å lage Øyhopping var eit ønske om å skape leselyst og leseglede gjennom gode litteraturopplevingar og utvikling av lesekompetanse. Det var derfor behov for eit tiltak der ein ikkje berre stimulerte barn til breddelesing, men også til nærlesing av tekst. Dette ville ein gjere gjennom daglege og strukturerte litterære samtalar, arbeid med å auke ordforråd samt ved å lære elevane gode lesestrategiar. Ei oppsummering av PIRLS - undersøkinga i 2001 viste at elevgrupper der ein arbeider systematisk med utvikling av ordforråd og lesestrategiar har langt fleire gode lesarar enn elevgrupper der ein i liten grad brukar tid på dette feltet. (Utdanningsdirektoratet 2003: nettside) Oppsummeringa av PIRLS undersøkinga viste også at gutar les mindre enn jenter og at dei er dårlegare lesarar. (Solheim og Tønnesen 2003:14) For å halde på motivasjonen til litterært arbeid hos gutane, er fleire av oppgåvene laga med gutar i tankane. Oppgåvene i Øyhopping har eit stort spenn, dei inneheld grammatikk, ordkunnskap og lesestrategiar. Dei kan og vere praktisk-estetiske og leggje opp til drama, musikk, film eller kunst og handverk. Lesekompetanse vert her nytta i tydinga litteraturforståing, medan lesestrategiar i denne samanheng tyder ulike metodar for å oppnå lesekompetanse og betre leseteknikk. I det følgjande er det gjort greie for opplegget rundt Øyhopping, og det lagt vekt på den sida av Øyhopping som tar for seg samtalestrategi, ordforrådutvikling og lesestrategiar. 1

Ein månad med øyhopping Arbeidet med Øyhopping strekkjer seg over ein periode på om lag ein månad kvart år frå 3. 7. klasse. Det er viktig at klasserommet har preg av å vere annleis i desse vekene. Før elevane kjem, har ein hengt opp ein stor og fargerik Øyhoppingsplakat, og lagt utover dei øyene/oppgåvene ein ønskjer å arbeide med. Ein eigen lesestol er sett fram. Det er også lagt fram ei plastmappe til kvar elev. I den skal dei samle dei oppgåvene/øyene dei er ferdige med. Når prosjektet startar inneheld mappa berre ein kopi av den store øyhoppingsplakaten. Denne skal elevane nytte som avkryssingsskjema på den måten at dei fargelegg øyer dei er ferdig med. Det er lagt fram puter eller madrassar i lesekrokar. Den daglege gjennomføringa av Øyhopping ligg fast med økter på omlag to timar. Den første delen er lærarstyrt, medan den andre delen er tid elevane disponerer sjølve. Dagen byrjar med at nokre av elevane, som har fått ansvar for å førebu seg ekstra godt, les høgt frå det alle har lese heime. Det kan også vere læraren som les høgt. Dette vil variere noko frå gruppe til gruppe. Det som er viktig, er at den som les er godt kjend med stoffet. Det er ikkje motiverande å høyre på ein dårleg førebudd lesar. Dagens høgtlesar sit alltid i lesestolen. Etter at ein har høyrt dagens tekst og den framleis er fersk, er det tid for samtale. I Øyhopping legg ein stor vekt på den litterære samtalen. Gjennom å stille spørsmål etter eit tilnærma fast mønster kvar dag, der læraren er modell, vil ein motivere elevane til sjølv å stille spørsmål til teksten og til å vere kritiske til det dei les. Ved å hjelpe elevane til å nytte ulike briller ved lesing, vil dei bli meir merksame og få ei djupare forståing av teksten. Å gjere elevane i stand til å lese merksamt, sjå nyansar i teksten og lese mellom linene vil gje dei større lesekompetanse. Dette vil kunne gje dei ei rikare oppleving av den litteraturen dei les på eige hand seinare og stimulere til auka leselyst. Ein vil også lære elevane å vere aktive før dei skal lese noko. Å aktivisere elevane sine bakgrunnskunnskapar kan vere med på å auke forståinga av det dei skal lese.(santa og Engen 1996:3) I materiellet til Øyhopping ligg det ved forslag til ulike spørsmål ein kan nytte i den daglege samtalen. Alle spørsmåla vil ikkje vere aktuelle kvar dag, men i løpet av den månaden ein arbeider med Øyhopping vil ein truleg ha vore innom dei fleste. Hovudmålet med arbeidet med spørsmålstillinga må vere at elevane tek stilling til, og går djupare inn i den teksten dei skal eller har lese, og at dei veit kva spørsmål som er rette å stille til ulike tekstar. 2

Det er viktig at spørsmåla varierer i vanskegrad og innhald slik at elevar på ulike nivå kan føle at dei tek del i samtalen. Den enklaste forma for spørsmål er dei ein kan finne svar på direkte i teksten. I boka om Ronja Røvardotter kan slike spørsmål til dømes vere: - Kva heiter far til Ronja? - Kven bur i den andre delen av borga? Andre typar spørsmål kan vere med på å trekkje lesaren inn i teksten, og kanskje gjere at lesaren identifisere seg med teksten eller personane i større grad: - Kva hadde du gjort dersom du hadde vore Ronja? - Har du vore aleine i skogen om natta nokon gong? Slike spørsmål løyser ofte ut stort engasjement og forteljarglede hos elevane og kan vere med på å gjere den vidare lesinga meir positiv. Om ein i etterkant ønskjer at elevane skal arbeide med tekstskaping, kan slike samtalar skape motivasjon til eiga skriving. (Skardhamar 2001:82) For dei meir avanserte lesarane kan ein stille spørsmål som krev tankearbeid rundt teksten og evne til å lese mellom linene. Hovudmålet med dette er å øve elevane opp til oppmerksame lesarar som kan beskrive karaktertrekk og sjå nyansar hos personar i boka, finne konfliktar og løysingar samt sjå skjulte samanhengar i teksten. Slike spørsmål kan vere: - Kvifor kjem mor til Ronja ut i skogen? - Kvifor skyt Mattis etter villvetter den natta Ronja vert fødd? For å knytte teksten til vår eigen røyndom, kan ein stille spørsmål som samanliknar den fiktive historia med den tida vi lever i: - Kunne noko av dette ha hendt i vår tid? - Når trur du historia om Ronja finn stad? Ein kan nytte faste setningsmønster når ein samtaler om teksten. Dette kan være med på å sette i gang samtalen for elevane når dei skal arbeide i grupper eller par. Setningar som: - Dette handlar om - Hovudpersonen er... - Hovudproblemet er... - Forteljaren er... - Problemet blir løyst/ikkje løyst fordi... - Dei som hjelp hovudpersonen er... - Dei som arbeider mot hovudpersonen er... 3

- Eg synes det var fint/fælt/trist/dumt/morosamt at - Eg likte at... - Eg likte ikkje at... - Eg lurer på - Om eg var forfattar ville eg ha kan nyttast i dette arbeidet. Det er viktig å gjere elevane merksame på kva slags spørsmål ein kan stille til ein tekst og å lære dei å stille gode spørsmål sjølve. For å oppnå dette tek Øyhopping i bruk samtalestrategiar frå Lær deg å lære av Liv Engen og Carol Santa. (Santa og Engen 1996:44) Her skil ein mellom tekstimplisitte og teksteksplisitte spørsmål. Tekstimplisitte spørsmål er spørsmål ein kan finne svar på direkte i boka. Nokre spørsmål finn ein svar på ved å peike ein bestemt stad i teksten, andre finn ein svar på ved å kombinere fleire opplysningar ein finn ulike stader i teksten. Det finst også spørsmål ein ikkje finn svar på i teksten åleine. Enkelte gongar må ein kombinere teksten med det ein veit frå før. Hos Engen og Santa legg ein fram ein kort tekst for å beskrive dette; Anne må ha bilen i dag, fordi hun har det så travelt. Først skal hun på arbeid, så må hun handle. Dessuten må hun hente ungene i barnehagen. (Santa og Engen 1996:44) Nedanfor finn ein ulike spørsmålsstrukturar som kan stillast til denne teksten: Peik ein stad i teksten: Kven har bilen? (Anne har bilen.) Leit fleire stader i teksten: Kvifor har Anne det travelt? (Ho skal på arbeid, handle og hente ungar.) Sjå teksten i samanheng med det ein veit frå før: Kor gammal er Anne? (Ho køyrer bil og må vere meir enn 18 år. Ho har små barn og er truleg yngre enn 50 år.) Tenk sjølv: Kva kan skje når ein køyrer bil og har det travelt? (Ein kan verte utsett for ei ulukke osb. Svara her avheng av lesaren sine erfaringar.) I Øyhopping nyttar ein ordet fingerlesing om denne arbeidsmåten. Fingerlesing vert innført og følgt opp i den daglege samtalen. Det er laga skriftlege oppgåver/øyer for at elevane skal kunne trene på eigehand. Her må dei enten produsere spørsmål sjølve, eller finne ut kva slags spørsmål andre har stilt. Det er utvikla eit kodesystem for å markere kva type 4

spørsmål ein stiller. Dette er ei trygg og konkret oppskrift som mange elevar nyttar når dei arbeider med ein tekst. Også andre lesestrategiar kan innførast og modellerast av læraren mot slutten av samtaledelen Etter økta med samtale les elevane vidare i boka i 20-30 minutt. Dei sit på eigne puter eller i lesekroken. Dette skal vere ei kosestund vekk frå arbeidsborda. Ved å skape gode og koselege rammer rundt lesinga kan ein vere med på å skape ei positiv leseoppleving. Så startar ferda til øyene. Å reise til ei øy vil seie at ein vel kva oppgåve ein ønskjer å arbeide med. Har ein reist til ei grammatikkøy, har ein med andre ord valt å arbeide med grammatikk. Elevane vel sjølve mellom dei øyene som ligg framme. Når ei øy er ferdigarbeidd, legg ein henne fram for læraren som ser gjennom og godkjenner arbeidet. Medan den ferdige øya er til godkjenning hos læraren, byrjar eleven på ei ny øy. Når øya er godkjend, kryssar eleven ho av på avkryssingsskjemaet som ferdig, og fargelegg deretter øya på kartet sitt. Nokre øyer skal ikkje godkjennast, men visast fram. Dette gjeld dramaøyer og dikteøyer. Desse framsyningane kan gjerast ved slutten av arbeidsøkter eller i pausar i anna arbeid. Elevane får stor valfridom i dette opplegget. For å sikre at alle kjem gjennom grunnleggande øyer kan læraren bestemme at nokre øyer må gjerast, medan andre er valfrie. Ein kan også gjere eit kritisk utval før ein legg øyene ut for val for elevane. Til kvar bok er det laga ei rikeleg mengd øyer, og ein har mykje å velje mellom. Etter kvart som ei gruppe barn har delteke i Øyhopping fleire gonger, vil dei kjenne att mange øyer fordi mønstret er kjend frå tidlegare år. Dette er med på å skape tryggleik. Samstundes er det nye øyer kvart år, som er med på å halde motivasjonen oppe. Bøkene i Øyhopping er valde utifrå fleire kriterie. Dei skal passe til alderstrinnet der ein arbeider med dei, dei skal falle i smak hos både gutar og jenter og dei skal vere forankra i læreplanen. Øyhopping tek utgangspunkt i desse bøkene: 3. klasse En villkatt er ingen sofakatt Christine Nöstlinger 4. klasse Kometen kommer Tove Jansson 5. klasse Skatten på sjørøverøya Robert L. Stevenson 6. klasse Ronja Røverdatter Astrid Lindgren 7. klasse Gutt Roald Dahl 5

Øyene Øyhopping er eit lesestimuleringsprosjekt der ein legg stor vekt på å utvikle lesestrategiar, evne til å velje blant dei og evne til å nytte dei hos elevane. Derfor er den daglege litterære samtalen vektlagt saman med skriftlege oppgåver der ein arbeider med dei strategiane ein etter kvart lærer. Desse oppgåvene, eller øyene, er laga på ein slik måte at dei opnar for samarbeid og samtale mellom elevane. Elevane kan diskutere og sette ord på den teksten dei arbeider med, og kjem på den måten djupare inn i teksten. Å kunne ta i bruk eigne ord når ein skal samtale om det ein har lese krev at ein eig teksten og har omforma han til sitt eige språk. Alle bøkene har ei øy der ein skal teikne hendingskart. Dette gjer ein ved å sitje med eit blankt ark og teikne medan ein les. Her er det lurt at to arbeider saman. Diskusjonen om kva som skal vere med på kartet er med på å halde fokus på innhaldet i det ein les. Når hendingskartet er ferdig, fortel ein om det ein har lese til ein annan med støtte i kartet. Denne øya kan innførast i morgonsamtalen. Læraren kan teikne hendingskart medan ein elev les høgt frå dagens tekst og på denne måten demonstrere bruken av det. Eit anna eksempel på øyer ein kan innføre i morgonsamlingane er personøya. Her skal ein teikne personen ein skildrar midt på eit ark. Rundt personen skal ein etter kvart som ein blir kjend med han skrive det ein får vite om han. Kartet skal innehalde personlegdomstrekk, utsjånad, heimstad, interesser, venner, familie osb. Dette er ei øy ein vil jobbe kontinuerleg med og fylle ut etterkvart som ein veit meir om personen. Gjer ein dette saman med elevane dei første dagane, vil dei kunne gjere det sjølve etterkvart. Ein anna metode som kan nyttast for å halde fokus på det ein les er å notere eller teikne nøkkelord medan ein les. For å lære seg å nytte nøkkelord vert dette innført tidleg. Til alle bøkene finst fagtekst i tre nivå der ein lærer å finne ord som låser opp teksten. På dei enklaste nivåa skal ein teikne nøkkelord, på dei meir avanserte skal ein skrive. På alle nivå må ein nytte nøkkelorda for å gjenfortelje teksten for ein annan. Det er viktig å motivere gutar til lesing. PIRLS-undersøkinga viste at gutar les dårligare enn jenter og er mindre motivert enn dei. (Solheim og Tønnesen 2003:14) Til Øyhopping er det laga fleire øyer med fokus på leselyst hos gutane. Det ser ut til at mange gutar føretrekk å lese faktabøker framfor skjønnlitteratur. Det er det tatt omsyn til, og ein har laga fleire 6

oppgåver/øyer med faktainnhald for å møte dette behovet. Forfattarane meinte at dette kunne vere med på å halde motivasjonen til lesing oppe hos gutane, noko som kunne ha positiv innverknad på arbeidet med skjønnlitteraturen. Alle dei ulike faktaøyene heng saman med hovudboka og tek opp tema derifrå. Til dømes arbeider ein med verdsrommet og kometar medan ein les Kometen kommer av Tove Jansson. I Øyhopping er det lagt vekt på å utvikle elevane sitt ordforråd. Til alle bøkene er det laga lister med vanskelege ord som må forklarast, og ein må sjølv leite etter vanskelege ord i teksten. Her skal det nyttast ein bestemt ordforklaringsmodell der ein forklarer ordet, nyttar det i ei setning, finn synonym og om mogleg lagar ei enkel teikning. Alle bøkene har også synonymøyer der ein skal finne ord som har tilnærma same tyding som eit oppgitt ord. Ein har også laga øyer der elevane skal finne samansette ord, for så å dele dei. Desse oppgåvene har ein lagt inn for å trene ordavkoding, den tekniske sida av lesing. Oppgåvene er også med på å byggje opp elevane sine ordlager. Det er henteøyer der vanskelege ord eller ord med høgfrekvent bruk ligg i boksar. Desse orda skal ein sjå på der dei ligg, for så å hugse dei til ein er tilbake ved arbeidsbordet og kan ta dei i bruk i ei setning. På ordrekkeøya er fire ord sett saman til eit langt nonsensord. Desse skal delast i enkeltord. Ordrekkene og dei samansette orda har vanskelige konsonantforbindingar som barn ofte må øve på for at dei skal automatiserast. For dei yngste barna er det laga rimøyer der dei kan sjå at rimorda har dei same bokstavsekvensane. For dei meir avanserte er det laga pusleøyer der heile setningar eller avsnitt skal puslast saman. Det er også lagt inn øyer der ein går på jakt etter skildringar av sinnstemningar og miljø, eller øyer der ein skriv om historia frå ein annan synsvinkel. Det er og utarbeidd brevøyer der ein skal ein vere ein av hovudpersonane som skriv brev til ein annan og fortel korleis han har det akkurat nå. Til kvar bok ein arbeider med skal det lagast eit stort miljøbilete som skal henge på veggen. Dette er eit samarbeid mellom alle elevane i gruppa. Når ein kjem til miljøøya, vel ein kva ein vil teikne på miljøbiletet ut frå ei liste. Deretter finn ein staden i boka der skildringa av denne delen av miljøet finst. Dette skal ein så teikne i riktig storleik og lime inn i biletet. Til alle bøkene er det utvikla øyer der ein arbeider med grammatikk, alfabet, bokmeldingar og biografi. Det er også øyer der ein tek i bruk dei kreative sidene sine. Hos Ronja Røvardotter lærer ein å veve snor ein kan ha rundt livet, hos mummifamilien kan ein strikke med metalltråd og perler. På sjørøverøya får ein lage eit 7

skattekart som ser ut som eit ekte stykke pergament, og hos villkatten lagar ein handdokke. Alle bøkene har øyer der ein er med på drama, skriv dikt eller lagar illustrasjonar og nye framsider til bøkene. For at elevane også skal få nyte litteratur i fred og ro, er det laga ei kosebokøy. Her kan eleven velje ei bok av same forfattar som den ein arbeider med. Denne boka skal berre lesast og nytast i fred. Læraren si verd. I ein travel skolekvardag kan nye leseprosjekt opplevast som ei ekstra belastning. Da Øyhopping vart laga, ønskte ein eit opplegg som var enkelt å ta i bruk for læraren, som var godt forankra i L-97 og som ville vere eit verktøy for læraren i det daglege arbeidet med litteraturformidling og lesekompetanse i barneskulen. I lærarrettleiinga til Øyhopping finn ein dei punkta som dekkjast i L-97 på dei ulike trinna. Alle øyene ligg ferdige til kopiering og dei er enkelt forklart i rettleiinga. Kopioriginal til den store øyhoppingsplakaten, enkeltøyer og avkryssingsskjema ligg også ved. Det finst ei teikning der ein kan sjå forslag til innreiing av klasserommet. Det er gjort gode erfaringar med å kopiere opp dei ulike øyene på farga ark. Øyene skal liggje klare til bruk når elevane kjem, og det gir eit festleg inntrykk med alle fargane. Dette kan vere med på å auke motivasjonen før arbeidet med boka tek til. Til kvar bok er øyene delt inn etter nivå. Fleire øyer er laga i tre ulike vanskegradar. Dette gjer det lett for den enkelte lærar å differensiere. For dei aller svakaste elevane vil det vere tungt å kome gjennom boka på eigehand. Her er det gjort gode erfaringar med lydbøker, foreldre som les eller lærar som les høgt for nokre barn medan dei andre les stille. I den perioden ein arbeider med Øyhopping vil ein bruke fleire timar til norsk enn timefordelinga tilseier. Til dette må det seiast at fleire av øyene er tverrfaglege. Ein vil finne øyer som dekkjer fleire punkt frå andre fagplanar enn norsk som til dømes; engelsk, samfunnsfag, naturfag, kunst og handverk, IKT og KRL. Nokon vil kunne hevde at ein ved å arbeide så detaljert med litterære tekstar, som ein gjer i Øyhopping, øydelegg den litterære opplevinga av boka. Motargumentet her vil vere at ein må arbeide på denne måten med enkelte bøker for å utvikle god lesekompetanse hos elevane, og at dette vil 8

vere med på auke lesegleda når ein seinare skal lese andre bøker på eigehand Erfaringar etter øyhopping Dette undervisingsopplegget er så nytt at det er ikkje gjort konkrete undersøkingar på om arbeid med litteratur ved hjelp av Øyhopping er med på å gjere elevane til betre lesarar. Men ein har fått mange og gode tilbakemeldingar frå lærarar som har arbeidd med opplegget. Dei fortel om stor leseglede, arbeidslyst og om elevar som i løpet av perioden utviklar ei evne til å samtale om litteratur, i lærarleia klassesamtale eller i elevgrupper. Elevane nyttar setningsstrukturar dei har lært for å beskrive personar og problemstillingar, og dei er i større grad merksame lesarar enn tidligare. Fjerdeklasseelevar som arbeidde med Øyhopping i framkant av den nasjonale leseprøva i vår, identifiserte raskt spørsmåla til tekstane som fingerspørsmål. Dei kunne forklare korleis dei brukte dei strategiane dei hadde lært for å løyse oppgåvene i teksten. Det er heller ikkje gjort undersøkingar når det gjeld elevane sin avkodingskompetanse før og etter Øyhopping. Det er positive tilbakemeldingar frå lærarar når det gjeld gutar og lesing. Det ser ut til at gutar sett pris på denne måten å arbeide med litteratur på. Lærarane hevdar at gutane likar bøkene, og at dei ulike tilnærmingsmåtane til litteratur og dei varierte oppgåvene er gode for gutane. Det kan sjå ut til at Øyhopping, med fokus på å utvikle lesekompetanse, er med på å skape leselyst hos elevane. Dei er i større grad enn før i stand til å sjå dei ulike laga ein tekst kan ha, og dei får ei rikare oppleving av litteraturen dei les. Dette kan etter kvart føre til at elevar les meir. Eit av funna som vart gjort i PIRLS undersøkinga (Lesesenteret, 2003:43) viste at det var stor korrelasjon mellom det å lese mykje og det å vere ein god lesar. Litteratur: Santa, C. og Engen, L: Lær deg å lære. Stiftelsen dysleksiforsking 1996 Sejling,T og Carlsen, A. Øyhopping. Skardhamar, A.K.: Litteraturundervisning. Teori og praksis. Universitetsforlaget 2001 Solheim, R.G og Tønnsen, F. E: Slik leser norske tiåringer. Lesesentret 2003 Utdanningsdirektoratets nettsider: Store forskjeller i leseferdighet. Utdanningsdirektoratat 2003 9