Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde



Like dokumenter
Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

mmm...med SMAK på timeplanen

Brødsbrytelsen - Nattverden

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Tor Arve Røssland. Oslo

Rom ved havet, rom i byen

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Gjennomføring av foreldresamtale klasse


Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Kom ikkje inn i mitt hus

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

En eksplosjon av følelser Del 3 Av Ole Johannes Ferkingstad

Jon Fosse. For seint. Libretto

Valdres vidaregåande skule

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Kva er økologisk matproduksjon?

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Setring ved Håbakkselet Hareid

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER


Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Kom skal vi klippe sauen

«Ny Giv» med gjetarhund

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

I N N H O L D. Forord

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9


3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Brukarrettleiing. epolitiker

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Marit Nicolaysen Kloakkturen med Svein og rotta

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Halvårsplan i norsk 2. trinn HAUST Nynorsk

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Arbeidsplan. Veke: 4 Klasse: 9B Orden: Elise og Marthe

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Brannsår, rus eller friheit?

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Transkript:

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset Omsett av Bodvin Rovde

2012 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo www.aschehoug.no Tilrettelagt for ebok av Type-it AS, Trondheim 2012 ISBN 978-82-03-35198-3 Bibliotekutgave - kun til utlån gjennom bibliotekene

Men se mitt solur mot middagen skrider, Och aldrig har jag sjungit vad mitt hjärta har bett! Skall jag sjunga först i dödsskuggans tider, När det ändlösa mörkret jag har sett? Or Dan Anderssons «Jag har drömt»

Til studentar og kollegaer ved Den internasjonale sommarskulen, Universitetet i Oslo

I Omsetjaren

Herja av elg Å helvete, ikkje no igjen, tenkte Bodvin. Han strauk seg bakover gjennom det som var att av håret. Han kjende straks på lukta at han hadde smurt makrell i tomat over panna. No når han var blitt så skjelven på hendene, hadde tomatsausen for vane å renne utover kjøkenbordet. Derifrå var vegen kort til fingrane, og dermed håret. Faen, tenkte Bodvin. Men det var ikkje tomatsausen, eller makrellbitane som no sat klistra på panna. Det var elgflokken. Å steik, sa Bodvin stilt med seg sjølv. Det var tredje gongen denne veka. Kvar gong stod det ein flokk, altså ei regelrett forsamling med eller opphoping av elg borti skogkanten. Han klarte aldri å telje nett kor mange, det kunne vere opptil fleire. Altså mange. Dei stod tett saman, og tett innåt skogen. Det var klare, korte dagar her oppe, knakande kaldt, ein tretten fjorten gradar. Det var så vidt sola stod over skogbrynet. Granskogen stod som ei ugjennomtrengeleg svart stripe mellom den flate, sølvkvite åkeren og sola som hang nokre få timar frå ein blåbleik himmel. Det var ikkje lett å telje elgen, men han var der. Var han jo. Eg får vel ta meg ein tur ut att og sjå, tenkte Bodvin. No kjende han at det var kome brødsmular med i håret. Satans jævla faen, ropte han og daska ein knyttneve i

trebordet så kaffikoppen skvatt. Golvet var ikkje lenger jamt, og ein kaffibekk fann eit far i ei rille i den voksa furuplata. Ho var blitt skura så mange gonger at ho mest likna eit topografisk kart over grensefjella. Bodvin såg på med kaffien rann over kanten og fossa nedover eit lyseblått bordbein. Sola skein skrått inn på kjøkenbordet og lyssette overskrifta i Sivdals-Budstikka: «Misbruker gjestfriheta. Nå må de snart ut, sier domprost.» Ja, ja, tenkte Bodvin. Brødsmulane tok seg ut som små vulkanar i berg-ogdal-landskapet. Klokka nærma seg vel elleve, men Bodvin hadde for lengst fjerna klokkene frå huset. Og speglane. Det var sjeldan han trong å vete kva klokka var, og han såg vel skilnad på dag og natt så godt som nokon. Og kva skulle han bruke ein spegel til for godt? Han var no endeleg ikkje noko særleg å sjå til. Dessutan var det bygt ei klokke inn i pc-en. Den slo han på når han trong ein runk, eller skulle sende ein e-post bort til asylmottaket. Å gud, tenkte Bodvin. Korleis faen enda eg opp her? For Bodvin sjølv var dette naturlegvis eit såkalla retorisk spørsmål, altså eit spørsmål han sjølv visste svaret på og dermed ikkje trong grunde djupt på. Han var på veg ut mot gangen for å ta på seg støvlane. Da hende det noko uventa. Telefonen ringde. Bodvin skvatt. Det var minst tre veker sidan sist. Kva faen, vert eg plaga no igjen? ropte han mot ei mørkeblå jakke som det lukta sveitte av. Eg skulle jo ut, for satans helvete. Det er Bodvin Rovde, sa Bodvin med telefonrøysta si. Bodvin lytta lenge med det vart snakka i hin enden av telefonen. Innimellom grynta han, sa ja, ja vel, nå ja, trekte inn pusten på den særnorske måten som viser at

ein godt kan vere samd i det som blir sagt, sjølv om ein nett ikkje er så oppteken av det. Han heldt det lysegrå plastrøyret på god avstand frå venstreøyret, dei snakka alltid så høgt inne i Oslo. Eg får vel sjå, da, sa Bodvin til slutt da røysta var ferdig med å leggje fram ærendet sitt. Eg veit jo sant å seie ikkje om eg har tid, eg, nei. Eg har så mykje anna føre. Men ta ein titt i sjuandesansen, da vel, Bodvin, sa røysta. Bodvin tykte at han høyrde ein snert av danna ironi. Du må smørje deg med tolmod, sa Bodvin og var såre fornøgd med seiemåten. Det var ikkje ofte han fekk øvd seg på slikt lenger. Eg skal leite ho fram mellom sakene her. Her var ikkje anna enn brødsmular i soloppgang og lettare oppmygla oppvask, men Bodvin hjelpte seg med telefonkatalogen for Hedmark og Oppland. 2001, tenkte han. Sju år gammal. Ja, berre vent litt, du, så skal vi sjå, sa Bodvin inn i røyret. Han la røyret på bordplata med han bladde fram og attende. Engerdal vart raskt til Rena, Folldal ramla inn i Kongsvinger. Vanskeleg, ja, sa Bodvin etter mykje omstendeleg blading, vanskeleg. Kor mykje sa du honoraret var? Normalsats, kom det kjapt frå hovudstaden. Vi kan ikkje gjere noko med det. Visste dei i Samlaget kor blakk han var? Dei hadde vel alt sett i skattelistene frå i fjor, jævleg sørgjeleg lesnad, det. Det kan jo tenkjast at det går an, men eg har altså fòleg mykje å gjere her. Faen, no må eg ikkje miste dette, tenkte Bodvin mens

hjartet slo mot brystkassa, og han kjende ei slimklyse tetne seg til i halsen. Iallfall ikkje før ute i neste månad. Så gjekk det litt att og fram om innhaldet i boka. Da sender vi over manuset i mor n, kom det til slutt frå den ekspeditte stemma i Det Norske Samlaget. No snakkar dei jo bokmål der inne alle saman, tok Bodvin seg i å tenkje. Ikkje rart det går til helvete. Der òg. Du må huske på det, Bodvin Kva var det du sa no? Du må hugse på det, at du er den beste vi har. Gode overs omsetjarar veks ikkje på tre, veit du. Det skal vere sikkert og visst! Men vi reknar med deg, Bodvin. Du får berre ringje hit viss det er noko! Ha det bra, da! Øh, du forskotet, da. De har jo Ja da, ja da, vi har nok kontonummeret ditt frå før. Ja, det var jo Vanylven sparebank som før, ja. Eg får no sjå på dette, da. Adjø. Det var godt å avslutte ein samtale på skapeleg vis når det først kom ein, tenkte Bodvin. Men ikkje faen om eg skal ringje riks til dei. Dei trur kanskje det er enkelt for ein vanleg lønsmottakar å trekkje frå? No måtte han ut og sjå.