Møteprotokoll Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: Flåmsbrygga Hotell, Flåm Dato: 26.02.2019 Tidspunkt: 10:30 13:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Leiar Aurland Olav Turvoll Nestleiar Vik Bjørg Djukastein Medlem Voss Gunn Åmdal Mongstad Medlem Sogn og Fjordane FK Følgjande medlemmar meldte forfall: Namn Funksjon Representerer Jan Geir Solheim Medlem Lærdal Iril Schau Johansen Medlem Hordaland FK Følgjande varamedlemmar møtte: Namn Møtte for Representerer Britt Sanden Jan Geir Solheim Lærdal Stein Inge Ryssdal Iril Schau Johansen Hordaland FK Merknadar Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Anbjørg Nornes Sekretær/forvaltar Andre: Kristoffer Ullern Hansen Magnhild Aspevik Veronika Seim Bech Gøran Johansen SNO Landbrukssjef Aurland/Lærdal Landbrukssjef Vik Konsulent besøksstrategien Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at det som er ført på dei sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Elektronisk godkjent av: Noralv Distad Olav Turvoll
Saksliste Utvalssaksnr ST 4/19 ST 5/19 ST 6/19 Innhald Lukka Arkivsaksnr Godkjenning av innkalling og dagsorden Val av styremedlem til å skrive under protokollen Referatsaker RS 1/19 Nærøyfjorden landskapsvernområde - dokumentasjon for flytekai i Gudvangen - The Fjords RS 2/19 RS 3/19 ST 7/19 DS 1/19 Merknader til kartlegging av friluftsområde i Aurland - Nærøyfjorden verneområdestyre 19/131 Ramsøy sameige - søknad om dispensasjon frå pbl 1-8 for oppfylling av nausttomter - GBNR 59/1, 2, 4 og 5 Delegerte saker Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyve til snøskutertransport til Nisedalen ST 8/19 Nærøyfjorden landskapsvernområde - kjentmannskøyring for Hordaland Røde Kors Hjelpekorps, område 4 ST 9/19 Nærøyfjorden landskapsvernområde - klagebehandling - helikoptertransport under Ekstremsportveko ST 10/19 Nærøyfjorden verneområdestyre - uttale - oppretting av Raudafjell villreinområde ST 11/19 ST 12/19 ST 13/19 ST 14/19 Andre saker: Nærøyfjorden landskapsvernområde - Bruk av snøskuter til kvisting av tilkomstløype til Grindaflethytta Nærøyfjorden landskapsvernområde - ny bru over i elva på Klepp i Tundalen Nærøyfjorden landskapsvernområde - tilbygg på jaktbu på Fessene Nærøyfjorden verneområdestyre - prioritering av tiltak og bruk av tiltaksmidlar 2019 2018/1079 2019/125 2019/3986 2018/777 2018/509 2018/765 2019/2449 2019/2284 2019/3312 2019/1357 2018/787 Møteplan for 2019 Styret sette opp dato for møte i 2019. Møtestad vert fastsett av styreleiar for kvart møte.
Møte Dato og tid Stad Styremøte / studietur 6. og 7. mai Lom Styremøte 11. juni Styremøte 18. september Styremøte 26. november Gjennomgang av siste utkast av besøksstrategien. Siste utkast av besøksstrategien, 08.02.2019, vart lagt fram i møte. Styret meinte det måtte lagast ein visjon i besøksstrategien. Visjonen skal vera overordna måla i strategien. Det kom innspel på rekkefylje på måla, og formuleringa. Dokumentet vart endra i tråd med innspela på møtet. Mål og strategi i besøksstrategien var tema for møtet med referansegruppa, reiselivet og Aurland Hamnevesen i etterkant av styremøtet. ST 4/19 Godkjenning av innkalling og dagsorden Innkalling og dagsorden vart godkjent. ST 5/19 Val av styremedlem til å skrive under protokollen Olav Turvoll vart valt til å skrive under protokollen saman med styreleiar. Protokollen er elektronisk godkjent. ST 6/19 Referatsaker Referatsakene (RS) vart lagt fram til orientering. Kommentar til RS 3/19: Tiltaket med oppfylling av nausttomt på Ramsøy ligg i grensa til Nærøyfjorden landskapsvernområdet, men inngrepa kjem ikkje inn i landskapsvernområdet. Styret ser ikkje at tiltaket vil få verknad på Nærøyfjorden landskapsvernområdet, og har ikkje merknad til tiltaket. RS vart tatt til orientering.
RS 1/19 Nærøyfjorden landskapsvernområde - dokumentasjon for flytekai i Gudvangen - The Fjords RS 2/19 Merknader til kartlegging av friluftsområde i Aurland - Nærøyfjorden verneområdestyre RS 3/19 19/131 Ramsøy sameige - søknad om dispensasjon frå pbl 1-8 for oppfylling av nausttomter - GBNR 59/1, 2, 4 og 5 ST 7/19 Delegerte saker Delegert sak (DS) vart tatt til orientering. DS 1/19 Nærøyfjorden landskapsvernområde - løyve til snøskutertransport til Nisedalen ST 8/19 Nærøyfjorden landskapsvernområde - kjentmannskøyring for Hordaland Røde Kors Hjelpekorps - område 4 i samsvar med innstilling frå forvaltar. Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Hordaland Røde Kors Hjelpekorps, område 4 løyve til kjentmannskøyring i perioden 2019-2023 for kvista skiløype i Nærøyfjorden landskapsvernområde. Løyve er gjeve med heimel i verneforskrift for Nærøyfjorden landskapsvernområde og naturmangfaldlova 48 fyrste ledd og fyrste alternativ. Løyvet gjeld med fylgjande vilkår: Omfanget av snøskuterkøyring skal avgrensast til ruta som er godkjent, og i samsvar med øvingsplanen. Køyringa skal avgrensast til det som er strengt naudsynt. Kjentmannsturane skal samordnast mellom Hjelpekorpsa slik at turane vert køyrt felles og samla til ein til to dagar, slik det er sett opp i godkjent øvingsplan. Det skal ikkje køyrast kjentmannstur etter fredagen i palmehelga det enkelte året. Under køyring skal det takast generelle omsyn til andre interesser og naturverdiar i området. Dersom det er villrein i området under køyring, må det takast særskilt omsyn for ikkje å uroa dyra. Politiet varslar SNO gjennom utsending av køyreordre for kvar kjentmannstur. SNO vil gje melding om det må takast spesielle omsyn til verneverdiane, og om naudsynt utsette køyringa av omsyn til villreinen.
Innan 1. juni kvart år i løyveperioden skal det sendast rapport til Nærøyfjorden verneområdestyre med informasjon om tal turane og dato, tal snøskuterar og køyrerute. Forvaltinga ber om at evt. observasjonar av villrein vert teke med i rapporten. Kjentmannsturane gjeld fylgjande område jf. øvingsplanen for 2019-2023: Veke, Tal turar v. 3-14 2 turar RKH Rute for kjenmannsturane Tal køyretøy Voss, Vossestrand Brandset/Fyre Grindafletane - Mjølfjell 15 skuter/atv Me gjer merksam på at dette løyvet berre er handsama etter verneforskrifta, og at det i tillegg må innhentast samtykke frå grunneigarar. ST 9/19 Nærøyfjorden landskapsvernområde - klagebehandling - helikoptertransport under Ekstremsportveko Klagesaka vart diskutert i møte. Det vart lagt fram to framlegg til vedtak i møtet. Framlegg frå styremedlem Bjørg Djukastein: Klagen vert tatt til fylgje. Innstilling frå forvaltar i fyrste saksframlegg vert lagt fram som vedtak i saka. Framlegg frå styreleiar Noralv Distad: Klagen vert ikkje tatt til fylgje. Styret kan ikkje sjå at det er kome nye opplysningar i saka. Argument for å ta klagen til fylgje var at Ekstremsportveko er omtalt i forvaltningsplan som ein aktivitet det kan gjevast løyve til, og difor ikkje vil gje presedens for andre saker. Det vart i tillegg lagt vekt på auka tryggleik gjennom regulering av aktiviteten ved bruk av helikopter. Argument for ikkje å ta klagen til fylgje var at det ikkje er kome nye opplysningar i saka, aktiviteten er ikkje naudsynt, og saka kan skapa presedens. Distad var gjort kjend med at styremedlem Bjørg Djukastein har sendt e-post til styremedlemer der det mellom anna står: «Eg vil òg ha med at ein av styremedlemane, Iril Schau Johansen, har teke utanforliggjande omsyn ved si stemmegiving. I intervju med avisa «Hordaland» har ho uttala: «Ho meiner også ein skal ha respekt for det Aurland kommune meiner, som trass alt snakkar om sitt område. Det spelar ei stor rolle kva Aurland meiner»». Distad tek avstand frå denne påstanden. Det vart røysta alternativt mellom framlegget frå Bjørg Djukastein og Noralv Distad. Framlegget frå Djukastein fekk 4 røyster og vart vedteke, 2 røysta for framlegget frå Distad.
Klagen vert tatt til fylgje. Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Stiftinga Ekstreme Voss løyve til lågtflyging og landing med helikopter på Sparkling under Ekstremsportveko i 2. halvdel av juni i samband med basehopping. Lågtflyging og landing gjeld ein dag under Ekstremsportveko i 5 år frå og med 2019 til og med 2023. Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta for Nærøyfjorden landskapsvernområde og naturmangfaldlova 48 fyrste ledd og fyrste alternativ. Løyvet gjeld med fylgjande vilkår: Løyvet gjeld 25 landingar (50 flyrøyrsler) med helikopter som tek inntil 15 passasjerar. Løyvet gjeld transport av deltakarar, filmteam og journalistar. Landing og lågtflygiing med helikopter skal avgrensast til det som er naudsynt. Under landing og flyging skal det takast omsyn til naturmiljø og friluftsliv. Det skal ikkje flygast på søndagar. Dersom det vert endringar av viktige føresetnadar for arrangementet, skal det sendast melding til verneområdestyret. Dette løyvet skal vera med i helikopteret under transport. Statens naturoppsyn (SNO) skal ha melding på tlf. 97097720 dagen før transporten startar. Det skal sendast rapport kvart år innan 1. september om flyging med tal landingar. Rapporten skal sendast til verneområdestyret v/sekretariatet. Verneområdestyret kan trekke tilbake løyvet dersom vilkåra ikkje vert oppfylte, eller vilkåra for gjennomføring av arrangementet vert endra. Me gjer merksam på at søknaden berre er behandla etter verneforskrifta. ST 10/19 Nærøyfjorden verneområdestyre - uttale - oppretting av Raudafjell villreinområde i samsvar med innstilling frå forvaltar. Nærøyfjorden verneområdestyre er positive til oppretting av villreinområde i Raudafjell. ST 11/19 Nærøyfjorden landskapsvernområde - Bruk av snøskuter til kvisting av tilkomstløype til Grindaflethytta
i samsvar med innstilling frå forvaltar. Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Voss Utferdslag løyve til bruk av snøskuter for kvisting av tilkomstløype til Grindaflethytta i Nærøyfjorden landskapsvernområde. Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta for Nærøyfjorden landskapsvernområde 3 pkt. 2.3 og gjeld med fylgjande vilkår: Løyvet gjeld for inntil 2 dagar med køyring i samband med kvisting av løypa i veke 8 14 i åra 2019 til og med 2023, men ikkje etter fredagen i palmehelga. Køyringa skal berre skje langs tilkomstløypene til Grindaflethytta; Øvsthusdalen (Fyre) Grindafletane Borgarbuvotna øvst i Ljosanddalen ved Mjølfjell. Voss Utferdslag har avtale med Morten Samskott om transporten og kvistinga. Køyringa skal samordnast med lokale Røde Kors Hjelpekorps sine kjentmannsturar på same ruta. Transporten skal om mogleg skje utanom søndagar og helgedagar. Det skal takast omsyn til naturmiljø (særleg villrein) og folk i området ved gjennomføringa. SNO v/kristoffer Ullern Hansen (mob. 970 97 720) skal varslast på førehand om kva dagar det vert køyring. SNO kan krevje at køyringa vert utsett av omsyn til villreinen. Dette løyvet og køyrebok skal vera med under transporten. Køyrebok skal fyllast ut før turen startar. Det skal sendast skriftleg rapport om gjennomført transport til sekretariatet innan 01.06. kvart år. Me gjer merksam på at søknaden berre er behandla etter verneforskrifta, og må i tillegg ha løyve frå grunneigarar. ST 12/19 Nærøyfjorden landskapsvernområde - ny bru over elva på Klepp i Tundalen i samsvar med innstilling frå forvaltar. Nærøyfjorden verneområdestyre gjev løyve til ny bru over elva på Klepp i Tundalen. Brua skal byggjast med stokkakjer av furutømmer. Løyve er gjeve med heimel i verneforskrifta for Nærøyfjorden landskapsvernområde 3 punkt 1.3 f). Løyvet gjeld med fylgjande vilkår: Stokkakjeret skal utformast i samsvar med skisse vedlagt søknaden. Dei oppgitte måla i skissa for stokkakjeret skal fylgjast. Det kan plukkast steinar frå steinur i nærleiken av elva på Klepp til stokkakjeret. Det kan setjast opp rekkverk på brua, og grind i kvar ende av brua. Grunneigarane i området er eigarar av brua og har ansvar for vedlikehald av brua. Brua skal vera tilgjengeleg for ålmenta når brubjelkane er lagt ut på brua.
Materiale som ikkje vert nytta til brua, utstyr og evt. restar etter den gamle brua skal transporterast ut av området straks arbeidet er sluttført hausten 2019. Rapport med bilde skal sendast til verneområdestyret når arbeidet er fullført, og seinast 31.12.2019. Det må sendast eigen søknad til verneområdestyret for transport av materiale og utstyr. Tiltaksmidlar til brua Nærøyfjorden verneområdestyre delfinansierer brua med inntil kr. 30 000 i tiltaksmidlar. Tiltaksmidlane kan nyttast til kostnad med materiale og transport. Rekneskap som viser kostnader med brua skal sendast til verneområdestyret innan 20.11.2019. ST 13/19 Nærøyfjorden landskapsvernområde - tilbygg på jaktbu på Fessene i samsvar med innstilling frå forvaltar. Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Svenn Vidar Stegen løyve til å sette opp eit tilbygg på jaktbua på Fessene. Løyve er gjeve med heimel i verneforskrifta for Nærøyfjorden landskapsvernområde 3 punkt 1.3 c). Vilkår om storleik og utforming av bygget vert vedtatt av verneområdestyret etter at det er gjennomført synfaring i området sommaren 2019. ST 14/19 Nærøyfjorden verneområdestyre - prioritering av tiltak og bruk av tiltaksmidlar 2019 i samsvar med innstilling frå forvaltar. Nærøyfjorden verneområdestyre prioriterer tiltak og tiltaksmidlar for 2019 etter fylgjande tiltaksplan: Tiltak basert på tildelte tiltaksmidlar Samarbeidsaktørar Kostnad Prioritet Styvi - Holmo. Skjøtsel av Grunneigar 280 000 1 kulturlandskap i samsvar med skjøtselsplan Stigen. Skjøtsel av kulturlandskap i Grunneigarar 100 000 2
samsvar med skjøtselsplan Skjøtsel av kulturlandskap i samsvar Grunneigarar, SNO 60 000 3 med skjøtselsplanar, Skogane, Nåli, Stokko, Fronnes Skjøtsel og vedlikehald av stiar i Grunneigarar, 50 000 4 Undredal, Dyrdal, Bakka, Fresvik grendalag Bru i Tundalen, Fresvik Grunneigarar 30 000 5 Bru over elva i Rimstigen Grendalag, 35 000 6 Arrangement på Styvi, Grunneigar, 25 000 7 formidlingstiltak verdsarvpark, SNO Informasjonstiltak og tilrettelegging Grunneigarar, SNO 40 000 8 på teltplassar langs fjorden Restaurering av postvegen Bleiklindi- SNO, grunneigar 60 000 9 Styvi Istandsetting murar og stiar SNO, tenestekjøp 120 000 10 verneområdet Planlegging informasjonspunkt/verdsarvsenter. Planmidlar Kommunane, verdsarvrådet, verdsarvparken Sum 800 000 Forvaltar kan i samråd med styreleiar fordela tiltaksmidlane mellom prioriterte tiltak innan for budsjettramma. 11