Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman
2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6
Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen til å bli sett av nokon. Sebjørn og kona hans har åtte døtrer. Denne store familien bur i Skoddeheimen, der Sebjørn driv ein kolonialforretning, og kona er frustrert over å vere heime. Ho ønskjer å bli noko, og tek seg arbeid på nepefabrikken. Alma og Artur er unge. Ein mogeleg seksuell kontakt opnar opp for tankar og fantasiar som er vanskelege å kontrollere. Ei ung jente arbeider som vaskehjelp, og i tankane drøymer ho om å bli intervjua av ein TV-stasjon. Alma får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og er i dei følgjande vekene nærmast svimeslått av uforløyst begjær. Maria vil at nokon skal sjå korleis ho lir i jobben som vaskehjelp, og planlegg å skrive eit føredrag i sosiologi som skal bli så godt og viktig at media plukkar det opp og gjer henne til kjendis. Kona til Sebjørn får si feministiske oppvakning då det ein dag går opp for henne at verken dei åtte ungane hennar eller Sebjørn verdset husarbeidet ho gjer og omsorga ho yter. Ho drøymer om fast jobb, og reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av Skoddeheimen nepeforedling AS.
Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman
Innhald FØREDRAG I SOSIOLOGI GRUNNFAG FOR MARIA, del 1: MORGONSONGAR FOR MARIA ARTUR OG ALMA FØREDRAG I SOSIOLOGI GRUNNFAG FOR MARIA, del 2: FØREDRAG KONA TIL SEBJØRN
Jeg vil ut! Jeg må ut! Jeg skal ut og drikke meg full! de Lillos
Alle karakterar, bygningar og hendingar i denne boka sjølv dei som er baserte på verkelege personar, bygningar og hendingar er fiksjon. «Artur og Alma» er ein tekst som inneheld skildringar av seksuelle fantasiar. Enkelte vil truleg oppleve desse skildringane som støytande. Når det står «nepe», er det meint det dei fleste kallar «kålrot» eller «kålrabi».
FØREDRAG I SOSIOLOGI GRUNNFAG FOR MARIA, DEN ELDSTE DOTTERA TIL SEBJØRN DEL 1 Morgonsongar for Maria
Maria går til jobben Måndag klokka 06:40 er Maria, den eldste dottera til Sebjørn, på veg til jobben. Ho går med regnklede og sekk på ryggen, og ho går i takt med musikken ho har på øyra. Ho syng inne i seg: Eg vil aldri bli! Maria Magdalena. Du er ein nattskapnad Maria Magdalena. Du er nattas offer. Du treng kjærleik. Du lova meg fryd! Du treng kjæ-ærleik 1 Ho høyrer songteksten på engelsk i discmanen, men prøver å synge på norsk når ho går gjennom Lille Øvregate. Det er ikkje alle orda ho er sikker på om ho veit heilt kva betyr, og det er heller ikkje alltid like lett å setje om teksten slik at det passar til musikken, så etter kvart konsentrerer ho seg berre om å synge med på: Du treng kjærleik, hm hm hm hm-hm, du treng kjæærleik. Ho tenker at dersom det kjem nokon og intervjuar henne akkurat no, så vil ho seie til reporteren at det er det største ønsket ho har, at nokon skal elske henne. Det er det viktigaste, kjem ho til å seie til reporteren, gjerne Halvor Folgerø frå Vestlandsrevyen: Å bli elska. Då kjem resten av seg sjølv.
Halvor Folgerø kjem til å nikke så håret på sidene vippar fram og tilbake, og ho må fortelje han at han var finare før, då han hadde kort hår. Men dette kjem de vel til å klippe vekk? kan ho halde fram, med ein liten latter. Og dersom dei lar henne snakke meir i mikrofonen, kan ho seie: Du liknar på Arild Sondre Sekse. Eg har stor respekt for Arild Sondre Sekse, og eg trur eg overførte denne respekten til deg då du begynte i Vestlandsrevyen. Du har vist deg denne tilliten verdig, Folgerø. Dei står på trappa til domkyrkja, det er ikkje heilt lyst enno, og det regnar framleis. Maria står litt krokbøygd, ho lener seg så nær mikrofonen som ho kan. Ho ser på mikrofonen, ikkje på Halvor Folgerø. KUTT, seier han. Kan du seie det same ein gong til? Mens du ser på meg? Du treng ikkje vere så nær mikrofonen, vi styrer han i passeleg høgd. Ikkje tenk på mikrofonen, du skal berre vere deg sjølv. Halvor Folgerø stryk håret bak øyra og skiftar til fjernsynsstemme før han stiller det same spørsmålet ein gong til. Ehh, seier Maria. Berre svar det same som i stad, kviskrar Folgerø, men du treng ikkje kommentere meg igjen, det må vi klippe vekk uansett. Kan du ikkje heller seie noko om føredraget? Jamen kva var spørsmålet no igjen? spør ho. No har alle gløymt det.