1 Detaljreguleringsplan for Huskarmyri massetak endring Føresegner I medhald av plan- og bygningslova av 27. juni 2008, nr. 71, 12, er det utarbeidd detaljreguleringsplan for Huskarmyri massetak, PlanID 20170012, Vinje kommune, Telemark. Planen vart vedteken i kommunestyret 16.06.2011. Endring av føresegnene vart vedteken i kommunestyret 18.01.2018. Endringa erstattar planid 20100006. Reguleringsføresegnene gjeld for området synt med plangrense på plankartet, Vinje kommune, Målestokk 1:1000, datert 23. april 2010. Innafor reguleringsgrensa skal areala nyttast som vist på planen. Vedteken plan er bindande for arealbruk, frådeling og byggje- og anleggsverksemd innan planområdet. 1.1 Felles føresegner a) All graving og sprenging skal gjennomførast med minst mogleg arealbruk ut over uttaksområdet. Det skal settast av inngrepsfrie soner i tråd med reguleringsplanen, der det ikkje er høve til rigg, drift, lagring av massar etc. Inngrepsområdet skal tilbakeførast innan eitt år eter at anlegget er ferdigstilt. b) Før bygge- eller anleggstiltak vert sett i gang skal det utarbeidast teikningar og skisser, om nødvendig illustrasjonsplan og teknisk plan, som syner detaljert dei tiltak som skal setjast i verk. Teikningar (skisser og illustrasjonar) skal vere ferdige før utbygging tar til. Teikningane skal leggjast fram for kommunen. c) Plassering av bygg, tekniske anlegg og vegar/oppstillingsplassar i det einskilde utbyggingsfeltet skal markerast i terrenget med snøre av utbyggar før kommunen kan gje løyve til bygging. d) Alle nyoppførde bygg skal byggjast med radonsperre mot grunnen. e) Vass-, straum- og avlaupsanlegg bør om mogleg leggjast i same trase som vegar. f) Installasjonar i samband med leidningsnettet skal ha ein skånsam plassering og ei tiltalande utforming. g) Det er ikkje høve til å etablere privatrettslege avtalar i strid med gjeldande tinglyste rettar. Etter at reguleringsplanen er vedtatt er det ikkje lov til å etablere privatrettslege avtalar i strid med planen. h) Drifta av massetaket skal følgje ein driftsplan som skal godkjennast av Bergvesenet før drift setjast i gong. Driftsplanen skal utarbeidast etter dei krav Bergvesenet stiller til slike planar og etter dei krav som stillast i reguleringsplanen. Bergvesenet skal føre tilsyn med at drifta skjer i samsvar med driftsplanen. Driftsplanen skal normalt ajourførast kvart 5. år eller etter nærare avtale med Bergvesenet. 2218 Plankontoret Hallvard Homme A/S 1 Tveito Maskin AS
i) Dersom ein ved tiltak i marka støyter på automatisk freda kulturminne, må ein straks stanse arbeidet og varsle den regionale kulturminneforvaltninga, jf 8, 2. ledd i kulturminnelova av 9. juni 1978. 1.2 Rekkjefølgjeføresegner a) Føre uttaket i Asm kan påbyrjast skal driftsplanen vere godkjent i tråd med føresegn 1.1 h. b) Føre masseuttaket kan byrje skal krysset mellom SK og fv. 37 med tilhøyrande frisiktsonar vere opparbeidd og godkjend av Statens Vegvesen. c) Føre igongsetjing av tiltak skal det føretakast arkeologiske utgravingar av automatisk freda kulturminne i planområdet med ID 118260, 118261, 118264, 118265. Det skal takast kontakt med Telemark fylkeskommune i god tid føre tiltak skal gjennomførast slik at omfanget av den arkeologiske utgravinga kan fastsetjast. d) Det skal etablerast støyvoll i oppstartsfasen slik det er gjort greie for i støyanalysen føre drifta kan startast opp. e) Føre massetaksdrifta endelig avsluttast skal det utarbeidast ein situasjonsplan, som detaljert syner etterbruken av området med plassering av bygningar, trafikkareal, revegeterte soner og varige sikringstiltak av fjellskrentar. f) Før området kan nyttast til byggeområde for industri, lager og anna næring, skal det utarbeidast ny detaljreguleringsplan. Retningsliner for ny detaljplan : Ein skal lokalisere industri- og lagerføremålet i den minst eksponerte delen av området og næringsføremål med publikumstrafikk i den mest eksponerte delen av området ved avkøyringa. Eksponert busetnad kan ha ei maksimal mørehøgde på inntil 12 m. Det skal ikkje vere eksponerte bygningskroppar på meir enn 800 m 2 BYA, men fleire bygningskroppar kan kjedast i hop dersom dei visuelt skil seg tydeleg frå kvarandre. Lite eksponert busetnad i den søndre delen av området kan ha ei maksimal mørehøgde på inntil 20 m. Det skal ikkje vere bygningskroppar på meir enn 2000 m 2 BYA, men fleire bygningskroppar kan kjedast i hop dersom dei faseforskuvast eller liknande. Området skal ikkje nyttast til detaljhandel. 1.3 Sikringssoner 1.3.1 Frisikt a) Terrenget i frisiktsona skal ikkje vere høgare enn tilstøytande vegbane. b) Det skal ikkje vere sikthindrande vegetasjon eller gjenstandar over 0,5 m innanfor føremålet. 2218 Plankontoret Hallvard Homme A/S 2 Tveito Maskin AS
1.4 Sone med oppgjeve særlege omsyn 1.4.1 Omsyn grønstruktur a) Ein skal ikkje fjerne noko av den eksisterande trevegetasjonen innanfor området regulert til skogbruk føre massetaket i Asm og anleggsområdet i Aao er ferdig avslutta og revegetert i tråd med avslutningplan. b) Ein skal syte for vegetasjonsetablering av stadeigne artar innanfor området regulert til anleggsområde kring steinbrot, Aao så snart drifta i delteigen avsluttast. 1.5 Omsynssoner 1.5.1 Bandlegging etter lov om kulturminne, Bkml ( 11-8 d) og 12-7 nr 6) PBL), H730 a) Innanfor dei bandlagte områda ligg det kullgropar som er automatisk freda kulturminne. Det er ikkje tillate å gjere nokon form for varige eller mellombelse inngrep som medfører å skade, øydeleggje, grave ut, flytte, forandre, skjule eller på nokon måte utilbørlig skjemme automatisk freda kulturminne, eller framkalle fare for at dette kan skje. Hogst og skjøtsel i området avsett til bandlegging av kulturminne må skje i samråd med dei regionale kulturminnemyndigheitene (Telemark fylkeskommune). 1.6 Busetnad og anlegg 1.6.1 Steinbrot og masseuttak, Asm a) Området skal brukast til sprenging av fjell for vidare pigging, utharping og knusing til kommersielle føremål. Omfanget er inntil 1,9 mill m 3 og skal føregå i ein produksjonsperiode på inntil 20 år. Drifta skal skje i samsvar med driftsplan, sjå føresegn 1.1 h). b) Pigging, grovknusing, sprenging og harping kan gå føre seg heile året, måndag fredag. Pigging og harping frå 07.00 16.00 og sprenging frå 09.00 16.00. Finknusing, grovknusing og transport av massar kan gå føre kvardager mellom 07.00 19.00. c) Det skal etablerast ein miljøstasjon til avfallshandtering føre drifta startast opp. Det skal òg etablerast ei fanggrøft til drenering av overflatevatn i massetaket sine lågastliggjande område i grensene mot tilstøytande areal. Desse tiltak skal synast i driftsplan. d) Når drift av massetaket er avslutta i tråd med drifts- og avslutningsplan skal området brukast til industri-, lager og næringsverksemd. Busetnad og trafikkmønster skal synast i detaljplan. Eventuelt kan delar av området nyttast til desse føremål føre massetaket er avslutta, dette må godkjennast i revidert driftsplan og i kommunestyrevedtak. 2218 Plankontoret Hallvard Homme A/S 3 Tveito Maskin AS
e) Ved avslutting av masseuttak skal avbøtande tiltak gjerast for a hindre erosjon i rasskråning mot kulturminnene ID 118262, jfr kulturminneloven 3 1. ledd. 1.6.2 Anleggsområdet kring steinbrotet, Aao a) Det er høve til å fjerne vegetasjonen innanfor føremålet, stille opp anleggsmaskinar til uttaksverksemd innanfor Asm og gjennomføre terrenginngrep i avslutningsfasen til innspleising av nytt terreng mot eksisterande. b) Det er ikkje høve til å take ut fjell til produksjon av salbare massefraksjonar. c) Føremålet skal omfattast av drifts- og avslutningsplan. 1.7 Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur 1.7.1 Køyreveg, SK a) Køyrebana kan asfalterast eller på annan måte leggjast fast dekke på. b) Det er høve til å grave kabel- og leidningsgrøfter innanfor føremålet. c) SK skal vere privat veg. 1.7.2 Annan veggrunn grøntareal, Sav a) Arealet innanfor føremålet kan brukast til terrenginngrep som er naudsynt til etablering av trafikkanlegg i SK og riksveg 37 (utanfor planområdet). b) Det skal ikkje leggjast til rette for bilparkering. c) Terrenget skal revegeterast innan eitt år etter at trafikkanlegget inntil er ferdigstilt. d) Det er høve til å grave kabel- og leidningsgrøfter innanfor føremålet. 1.8 Grøntstruktur 1.8.1 Vegetasjonsskjerm a) Urørt terreng må ikkje endrast. Naturleg vegetasjon skal ikkje fjernast ut over skjøtsel til fremjing av optimale skjermingstilhøve. b) Terreng som tidlegare vart endra skal tilretteleggjast slik at det får maksimal skjermverknad. Det er høve til å byggje vollar av lausmasse på inntil 4 m høgde over noverande terrengsituasjon. Vollar skal ha maks stigning på 1:3 og skal 2218 Plankontoret Hallvard Homme A/S 4 Tveito Maskin AS
vegeterast med naturleg, stadeige vegetasjon. Vollar skal spleisast inn mot anna terreng på ein naturleg måte. 1.9 Landbruks-, natur- og friluftsområde samt reindrift 1.9.1 Skogbruk, LS Ingen føresegner Vinje, den 23. april 2010 For Plankontoret Hallvard Homme AS Alexander Stettin Landskapsarkitekt M.N.L.A. Revisjon A: 06. september 2010 Revisjon B: 18. oktober 2010 Revisjon C: 02. mars 2011 Revisjon D: 03. juni 2011 Revisjon E: 20. juni 2011 Revisjon F: 27. februar 2018 Varsel om oppstart av planarbeid: 21.04.2008 1. handsaming i det faste utvalet for plansaker: 25.08.2010 2. handsaming i det faste utvalet for plansaker: 15.09.2010 3. handsaming i det faste utvalet for plansaker: 27.10.2010 Utlagt til offentleg ettersyn i tidsromet: 24.11.2010-07.01.2011 4. handsaming i det faste utvalet for plansaker: 16.02.2011 5. handsaming i det faste utvalet for plansaker: 25.05.2011 Eigengodkjent i kommunestyret den: 16.06.2011/18.01.2018 2218 Plankontoret Hallvard Homme A/S 5 Tveito Maskin AS
Stad, Dato Sign. Stempel 2218 Plankontoret Hallvard Homme A/S 6 Tveito Maskin AS