Masfjorden kommune Møteprotokoll for Kommunestyret Møtedato: 30.10.2014 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: 11:45-15:40 Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett 2015 vart lagt fram i balanse, presentasjon vedlagt. Frammøtte medlemmer Parti Rolle Karstein Totland, ordførar H Medlem Frode Langhelle H Medlem Wenke Fredheim Ekren H Medlem John Torsvik H Medlem Lene Hansen Kvamsdal H Medlem Arthur Reidar Sjursen AP Medlem Bjørn Egil Nordland AP Medlem Marit Steinestø Krf Medlem Lillian Andvik Krf Medlem Vigdis Søvik Sp Medlem Jon Terje Sætre Sp Medlem Egil Kvingedal V Medlem Tove Kristin Sleire Tistel V Medlem Erlend Kvamsdal Frp Medlem Forfall meldt frå medlem Parti Rolle Kjetil Fjellby H Medlem Ragnvald Tangedal AP Medlem Willy Borge Frp Medlem Frammøtte varamedlemmer Parti Erstatter medlem Elin Matre AP Janne Judith K. Sandnes Frp Maja Aven Dahle H Følgjande frå administrasjonen møtte: Rådmann Svein Helge Hofslundsengen, ass. rådmann Sveinung Toft og konsulent Maud Sleire Holmaas som førte møteboka
Saknr Tittel 052/2014 Godkjenning av innkalling og sakliste 053/2014 Godkjenning av møtebok Sakliste 054/2014 Tilsyn etter Forskrift om miljøretta helsevern - Nordbygda skule 055/2014 Tilsyn etter Forskrift om miljøretta helsevern - Matre skule 056/2014 Tilsyn etter Forskrift om miljøretta helsevern - Sandnes skule 059/2014 Tjenesteavtale 3 og 5 for samarbeid om inntak i og utskriving fra spesialisthelsetjenesten innen rusmedisin og psykisk helsevern for barn, unge og voksne 060/2014 Folkehelseoversikt i Masfjorden kommune 061/2014 Helsehus i Nordhordland - selskapsavtale 062/2014 Trafikksikringsplan for Masfjorden kommune 2015-2019 - vedtak av plan 063/2014 Konsesjonskraftavtale 064/2014 Søknad om serverings- og skjenkeløyve for Johansens servering og catering 065/2014 Referatsak 057/2014 Busetting av flyktningar 058/2014 Nye omsorgsbustader på Hosteland
052/2014: Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling og sakliste vert godkjend Framlegg til vedtak frå rådmannen vart samrøystes vedteke. KS - 052/2014 VEDTAK: Innkalling og sakliste vert godkjend. --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 053/2014: Godkjenning av møtebok Møtebok vert godkjend. Framlegg til vedtak frå rådmannen vart samrøystes vedteke. KS - 053/2014 VEDTAK: Møtebok frå kommunestyret 18.09.14 vert godkjend.
054/2014: Tilsyn etter Forskrift om miljøretta helsevern - Nordbygda skule Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kommunestyret tek rapporten frå Miljøretta helsevern til orientering. Framlegget frå formannskapet vart samrøystes vedteke. FS - 087/2014 VEDTAK: Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kommunestyret tek rapporten frå Miljøretta helsevern til orientering. Tilråding frå formannskapet vart samrøystes vedteke. KS - 054/2014 VEDTAK: Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kommunestyret tek rapporten frå Miljøretta helsevern til orientering.
055/2014: Tilsyn etter Forskrift om miljøretta helsevern - Matre skule Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kommunestyret tek rapporten frå miljøretta helsevern til orientering. Framlegget frå formannskapet vart samrøystes vedteke. FS - 089/2014 VEDTAK: Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kommunestyret tek rapporten frå miljøretta helsevern til orientering. Tilråding frå formannskapet vart samrøystes vedteke. KS - 055/2014 VEDTAK: Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kommunestyret tek rapporten frå miljøretta helsevern til orientering.
056/2014: Tilsyn etter Forskrift om miljøretta helsevern - Sandnes skule Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kommunestyret tek rapporten frå miljøretta helsevern til orientering. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FS - 088/2014 VEDTAK: Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kommunestyret tek rapporten frå miljøretta helsevern til orientering. Tilråding frå formannskapet vart samrøystes vedteke. KS - 056/2014 VEDTAK: Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kommunestyret tek rapporten frå miljøretta helsevern til orientering.
059/2014: Tjenesteavtale 3 og 5 for samarbeid om inntak i og utskriving fra spesialisthelsetjenesten innen rusmedisin og psykisk helsevern for barn, unge og voksne Kommunestyret vedtar Ny Tenesteavtale 3 og 5 for samarbeid om rusmedisin og psykisk helsevern slik den nye avtalen føreligg. Denne avtalen skal erstatte eksisterande avtale. Avtalen styrer samarbeid mellom Masfjorden kommune og spesialisthelsetenesta - Helse Bergen, Olaviken, Solli, Betanien og Bjørkeli. Ordførar Karstein Totland gjekk gjennom saka Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FS - 092/2014 VEDTAK: Kommunestyret vedtar Ny Tenesteavtale 3 og 5 for samarbeid om rusmedisin og psykisk helsevern slik den nye avtalen føreligg. Denne avtalen skal erstatte eksisterande avtale. Avtalen styrer samarbeid mellom Masfjorden kommune og spesialisthelsetenesta - Helse Bergen, Olaviken, Solli, Betanien og Bjørkeli. Ordførar Karstein Totland orienterte om saka. Saka vart drøfta Tilråding frå formannskapet vart samrøystes vedteke.
KS - 059/2014 VEDTAK: Kommunestyret vedtar Ny Tenesteavtale 3 og 5 for samarbeid om rusmedisin og psykisk helsevern slik den nye avtalen føreligg. Denne avtalen skal erstatte eksisterande avtale. Avtalen styrer samarbeid mellom Masfjorden kommune og spesialisthelsetenesta - Helse Bergen, Olaviken, Solli, Betanien og Bjørkeli. --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 060/2014: Folkehelseoversikt i Masfjorden kommune Kommunestyret tek oversikt over folkehelsa i Masfjorden 2014 til orientering. Kommunestyret ber om at nytt kommunestyre får oversikta til handsaming hausten 2015. Kommunestyret ber rådmannen etablere tverrfagleg samarbeidsfora for folkehelse der også lag og organisasjonar vert invitert til å delta. Saka vart ikkje behandla. Saka går vidare til kommunestyret. FS - 106/2014 VEDTAK: Saka vert tatt opp i kommunestyret. Ordførar Karstein Totland orienterte om saka. Framlegg frå rådmannen vart samrøystes vedteke. KS - 060/2014 VEDTAK: Kommunestyret tek oversikt over folkehelsa i Masfjorden 2014 til orientering. Kommunestyret ber om at nytt kommunestyre får oversikta til handsaming hausten 2015. Kommunestyret ber rådmannen etablere tverrfagleg samarbeidsfora for folkehelse der også lag og organisasjonar vert invitert til å delta.
061/2014: Helsehus i Nordhordland - selskapsavtale 1. Masfjorden kommune sluttar seg til etablering av Region Nordhordland Helsehus IKS og selskapsavtalen slik den er framlagt i saka. 2. Masfjorden kommune gir ordførar fullmakt til å vera kommunen sin representant på stiftingsmøtet til selskapet. Framlegg frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FS - 099/2014 VEDTAK: 1. Masfjorden kommune sluttar seg til etablering av Region Nordhordland Helsehus IKS og selskapsavtalen slik den er framlagt i saka. 2. Masfjorden kommune gir ordførar fullmakt til å vera kommunen sin representant på stiftingsmøtet til selskapet. Ordførar Karstein Totland orienterte om saka. Framlegg frå rådmannen vart samrøystes vedteke. KS - 061/2014 VEDTAK: 1. Masfjorden kommune sluttar seg til etablering av Region Nordhordland Helsehus IKS og selskapsavtalen slik den er framlagt i saka. 2. Masfjorden kommune gir ordførar fullmakt til å vera kommunen sin representant på stiftingsmøtet til selskapet.
062/2014: Trafikksikringsplan for Masfjorden kommune 2015-2019 - vedtak av plan I medhald av plan- og bygningslova 11-15, jf 11-14 vert Trafikksikringsplanen for Masfjorden kommune 2015-2019 vedteken slik han ligg føre. Masfjorden kommune oversender innkomen merknad som gjeld Trodalskrysset til Statens vegvesen. Masfjorden kommune oversender innkomne merknader som gjeld vegvedlikehald og utbetringar på fv 570 i Nordbygda til fylkeskommunen. Masfjorden kommune ber og om at fv 570 Duesund Gulen grense vert del av det overordna vegnettet basert på fakta kartlagt gjennom trafikksikringsarbeidet. Framlegg til vedtak frå rådmannen vart samrøystes vedteken. FS - 098/2014 VEDTAK: I medhald av plan- og bygningslova 11-15, jf 11-14 vert Trafikksikringsplanen for Masfjorden kommune 2015-2019 vedteken slik han ligg føre. Masfjorden kommune oversender innkomen merknad som gjeld Trodalskrysset til Statens vegvesen. Masfjorden kommune oversender innkomne merknader som gjeld vegvedlikehald og utbetringar på fv 570 i Nordbygda til fylkeskommunen. Masfjorden kommune ber og om at fv 570 Duesund Gulen grense vert del av det overordna vegnettet basert på fakta kartlagt gjennom trafikksikringsarbeidet.
Ordførar Karstein Totland orienterte om saka. Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke. KS - 062/2014 VEDTAK: I medhald av plan- og bygningslova 11-15, jf 11-14 vert Trafikksikringsplanen for Masfjorden kommune 2015-2019 vedteken slik han ligg føre. Masfjorden kommune oversender innkomen merknad som gjeld Trodalskrysset til Statens vegvesen. Masfjorden kommune oversender innkomne merknader som gjeld vegvedlikehald og utbetringar på fv 570 i Nordbygda til fylkeskommunen. Masfjorden kommune ber og om at fv 570 Duesund Gulen grense vert del av det overordna vegnettet basert på fakta kartlagt gjennom trafikksikringsarbeidet. --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 063/2014: Konsesjonskraftavtale Formannskapet ber ordførar og rådmann å forhandle fram ein avtale som inneber prising av all konsesjonsuttak til OED pris, og eit prisregime, basert på konsesjonar gitt etter 10. april 1959. Under føresetnad av endring av del II, 2.2 i kontrakt mellom BKK produksjon AS og Masfjorden kommune, vert kontrakt godkjent. Frode Langhelle var ugild i saka og forlet møte. Framlegg frå rådmannen vart samrøystes vedteke.
FS - 100/2014 VEDTAK: Formannskapet ber ordførar og rådmann å forhandle fram ein avtale som inneber prising av all konsesjonsuttak til OED pris, og eit prisregime, basert på konsesjonar gitt etter 10. april 1959. Under føresetnad av endring av del II, 2.2 i kontrakt mellom BKK produksjon AS og Masfjorden kommune, vert kontrakt godkjent. Frode Langhelle sa seg ugild i saka pga si stilling i BKK. Det vart samrøystes vedteke at Frode Langhelle var ugild i saka. Ordførar Karstein Totland orienterte om saka. Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke. KS - 063/2014 VEDTAK: Formannskapet ber ordførar og rådmann å forhandle fram ein avtale som inneber prising av all konsesjonsuttak til OED pris, og eit prisregime, basert på konsesjonar gitt etter 10. april 1959. Under føresetnad av endring av del II, 2.2 i kontrakt mellom BKK produksjon AS og Masfjorden kommune, vert kontrakt godkjent.
064/2014: Søknad om serverings- og skjenkeløyve for Johansens servering og catering 1. Nytt serverings- og skjenkeløyve vert tildelt løyvehavarar: Johansens servering og catering v/torfinn Johansen, 5981 Masfjordnes. 2. Torfinn Johansen, 5981 Masfjordnes vert også godkjend som styrar. 3. Serverings- og skjenkestaden får fritak for krav om avløysar(stedfortreder). 4. Løyvet omfattar desse lokala/uteareal i gnr. 30, bnr. 23: - Hovudlokale 1. etasje ca. 100 m2. - Uteområdet ca. 100 m2 med avmerka område i inngjerda og skjerma hage. Løyvet gjeld for øl og vin og vert gjeve alle dagar frå kl. 13.00 til kl. 01.00. 5. For slutta selskap gjeld utvida løyve for alkohol i gruppe 1, 2 og 3 slik: Som alle skjenkestader frå kl. 13.00 til kl. 02.00. Det er eit vilkår at det vert matservering i både pubdel og kafeteriadel av lokalet. 6. Serveringsløyvet gjeld frå dags dato utan avgrensing. 7. Skjenkeløyvet gjeld frå og med dags dato til og med 31.03.2016, jfr. alkohollova 1-7. 8. Det er ein føresetnad at verksemda vert registrert hjå Mattilsynet region Hordaland og Sogn og fjordane snarast og innan 10. november. Heimel Serveringslova med forskifter og alkohollova med forskrifter Framlegg frå rådmannen vart vedteke mot 1 røyst (Krf) FS - 105/2014 VEDTAK: 1. Nytt serverings- og skjenkeløyve vert tildelt løyvehavarar: Johansens servering og catering v/torfinn Johansen, 5981 Masfjordnes. 2. Torfinn Johansen, 5981 Masfjordnes vert også godkjend som styrar. 3. Serverings- og skjenkestaden får fritak for krav om avløysar(stedfortreder). 4. Løyvet omfattar desse lokala/uteareal i gnr. 30, bnr. 23: - Hovudlokale 1. etasje ca. 100 m2. - Uteområdet ca. 100 m2 med avmerka område i inngjerda og skjerma hage. Løyvet gjeld for øl og vin og vert gjeve alle dagar frå kl. 13.00 til kl. 01.00. 5. For slutta selskap gjeld utvida løyve for alkohol i gruppe 1, 2 og 3 slik: Som alle skjenkestader frå kl. 13.00 til kl. 02.00. Det er eit vilkår at det vert matservering i både pubdel og kafeteriadel av lokalet. 6. Serveringsløyvet gjeld frå dags dato utan avgrensing. 7. Skjenkeløyvet gjeld frå og med dags dato til og med 31.03.2016, jfr. alkohollova 1-7.
8. Det er ein føresetnad at verksemda vert registrert hjå Mattilsynet region Hordaland og Sogn og fjordane snarast og innan 10. november. Heimel Serveringslova med forskifter og alkohollova med forskrifter Ordførar Karstein Totland orienterte om saka. Formannskapet si tilråding vart vedteken mot 2 røyster (Krf). KS - 064/2014 VEDTAK: 1. Nytt serverings- og skjenkeløyve vert tildelt løyvehavarar: Johansens servering og catering v/torfinn Johansen, 5981 Masfjordnes. 2. Torfinn Johansen, 5981 Masfjordnes vert også godkjend som styrar. 3. Serverings- og skjenkestaden får fritak for krav om avløysar(stedfortreder). 4. Løyvet omfattar desse lokala/uteareal i gnr. 30, bnr. 23: - Hovudlokale 1. etasje ca. 100 m2. - Uteområdet ca. 100 m2 med avmerka område i inngjerda og skjerma hage. Løyvet gjeld for øl og vin og vert gjeve alle dagar frå kl. 13.00 til kl. 01.00. 5. For slutta selskap gjeld utvida løyve for alkohol i gruppe 1, 2 og 3 slik: Som alle skjenkestader frå kl. 13.00 til kl. 02.00. Det er eit vilkår at det vert matservering i både pubdel og kafeteriadel av lokalet. 6. Serveringsløyvet gjeld frå dags dato utan avgrensing. 7. Skjenkeløyvet gjeld frå og med dags dato til og med 31.03.2016, jfr. alkohollova 1-7. 8. Det er ein føresetnad at verksemda vert registrert hjå Mattilsynet region Hordaland og Sogn og fjordane snarast og innan 10. november. Heimel Serveringslova med forskifter og alkohollova med forskrifter
065/2014: Referatsak Referatsaker vert tekne til orientering RS 1: Skatt på eige og inntekt pr. 31. august 2014. RS 2: Felles tjenesteområde i Gulen og Masfjorden. Spørsmål: Tove Kristin S. Tistel, V: Kva er plan/framdrift med den gamle sjukeheimen. Svar: Ordførar Karstein Totland: Ut frå den nye reguleringsplanen ligg sjukeheimen i faresona for ras. Dette må avklarast før ein tek stilling til kva som bør gjerast. Rådmann Svein Helge Hofslundsengen: -Har hatt kontakt 2 gangar med same interessenten i forhold til sal og om ombygging til leilegheiter. Det har ikkje lukkast å få til ei avklaring. Spørsmål: John Torsvik, H: Masfjorden kommune er ikkje høyringsinnstans når det gjeld utsleppsløyve i Fensfjorden. Har kommunen tenkt å gje utale likevel. Svar: Ordførar Karstein Totland: Masfjorden kommune har gitt høyringsutale sjølv om ein ikkje var invitert til dette. Orienteringar: Økonomisjef Kristian Moen la fram rådmannen sitt forslag til budsjett 2015. Vannforvaltningsplan for Hordaland v/bkk - Arne Andreas Riisnes, presentasjonen ligg vedlagt Karstein Totland orienterte om arbeidet med tannhelsetenesta, breibandsdekning i Masfjorden kommune og møte med kommunaldepartementet om oppankringsplass ved Haugsøytangen. KS - 065/2014 VEDTAK: Referatsaker vert tekne til orientering
057/2014: Busetting av flyktningar 1. Masfjorden kommune vil busette 10 flyktningar i 2015. Vedtak om busetting i 2016 og 2017 vert gjort i løpet av 2015. 2. Det vert oppretta eiga stilling som flyktningkonsulent i minimum 50%. Stillinga kan vurderast i samarbeid med nabo kommunar. 3. Det vert oppretta ei tverrfagleg arbeidsgruppe beståande av representantar innanfor sektorane; helse, oppvekst, kultur og NAV som skal bidra i busettingsprosessen. 4. Det vert sett av kr 200 000,- til å førebu kommunen på å ta imot flyktningane. Midlane skal gå til kompetansebygging, innkjøp av utstyr med meir. 5. Kommunale bustader som vert ledig vert haldne av med tanke på busetting av flyktningar. 6. Rådmann får mynde til å avgjere kvar i kommunen det er best mogleg å legge til rette for flyktningar, utifrå ein heilskaps vurdering. Rådgjevar Helga Ellingsen orienterte om saka. Egil Kvingedal,V, la fram følgjande framlegg til endring av vedtak: Punkt 5: Eit nødvendig atal bustader etter heilskapsvurdering vert haldne av med tanke på busetting av flyktningar. Dei andre punkt kan stå slik dei er. Grunngjeving: Punkt 5: slik det står i dag, kan det tolkast som alle kommunale bustader skal holdast av. Venstre sitt forslag til endring vart samrøystes vedteke. FS - 090/2014 VEDTAK: 1. Masfjorden kommune vil busette 10 flyktningar i 2015. Vedtak om busetting i 2016 og 2017 vert gjort i løpet av 2015. 2. Det vert oppretta eiga stilling som flyktningkonsulent i minimum 50%. Stillinga kan vurderast i samarbeid med nabo kommunar. 3. Det vert oppretta ei tverrfagleg arbeidsgruppe beståande av representantar innanfor sektorane; helse, oppvekst, kultur og NAV som skal bidra i busettingsprosessen. 4. Det vert sett av kr 200 000,- til å førebu kommunen på å ta imot flyktningane. Midlane skal gå til kompetansebygging, innkjøp av utstyr med meir.
5. Eit nødvendig antall bustader etter heilskapsvurdering vert haldne av med tanke på busetting av flyktningar. 6. Rådmann får mynde til å avgjere kvar i kommunen det er best mogleg å legge til rette for flyktningar, utifrå ein heilskaps vurdering. Janne-Judith Sandnes, Frp, la fram følgjande forslag til vedtak: Masfjorden kommune ser ikkje at situasjonen har endra seg sidan i fjor då en avslo å ta i mot flyktningar for perioden 2012-2016 Frp sitt framlegg fekk to røyster og fall. (Frp) Formannskapet si tilråding vart vedteke med 15 røyster mot 2 røyster. (Frp) KS - 057/2014 VEDTAK: 1. Masfjorden kommune vil busette 10 flyktningar i 2015. Vedtak om busetting i 2016 og 2017 vert gjort i løpet av 2015. 2. Det vert oppretta eiga stilling som flyktningkonsulent i minimum 50%. Stillinga kan vurderast i samarbeid med nabo kommunar. 3. Det vert oppretta ei tverrfagleg arbeidsgruppe beståande av representantar innanfor sektorane; helse, oppvekst, kultur og NAV som skal bidra i busettingsprosessen. 4. Det vert sett av kr 200 000,- til å førebu kommunen på å ta imot flyktningane. Midlane skal gå til kompetansebygging, innkjøp av utstyr med meir. 5. Eit nødvendig antall bustader etter heilskapsvurdering vert haldne av med tanke på busetting av flyktningar. 6. Rådmann får mynde til å avgjere kvar i kommunen det er best mogleg å legge til rette for flyktningar, utifrå ein heilskaps vurdering.
058/2014: Nye omsorgsbustader på Hosteland 1. Masfjorden kommune held av 2 bustadtomter i bustadfelte på Hosteland til bygging av nye omsorgsbustader for unge brukarar med behov for tilrettelegging og heildøgntenester. 2. Det vert sett av kr 350 000,- til forprosjekt i 2015. 3. Det vert sett av naudsynte midlar i økonomiplan for 2015 og 2018 Rådgjevar Helga Ellingsen orienterte om saka. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FS - 091/2014 VEDTAK: 1. Masfjorden kommune held av 2 bustadtomter i bustadfelte på Hosteland til bygging av nye omsorgsbustader for unge brukarar med behov for tilrettelegging og heildøgntenester. 2. Det vert sett av kr 350 000,- til forprosjekt i 2015. 3. Det vert sett av naudsynte midlar i økonomiplan for 2015 og 2018 Ordførar Karstein Totland orienterte om saka. Saka vart drøfta Vigdis Søvik, Sp, ynskjer å ha inn eit ekstra punkt i vedtaket: Brukarguppa skal vere representert i prosessen. Tilråding frå formannskapet med ekstra punkt frå Sp vart samrøystes vedteke.
KS - 058/2014 VEDTAK: 1. Masfjorden kommune held av 2 bustadtomter i bustadfelte på Hosteland til bygging av nye omsorgsbustader for unge brukarar med behov for tilrettelegging og heildøgntenester. 2. Det vert sett av kr 350 000,- til forprosjekt i 2015. 3. Det vert sett av naudsynte midlar i økonomiplan for 2015 og 2018 4. Brukargruppa skal vere representert i prosessen. ---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------