Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no. Omslag: Aud Gloppen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8536-2



Like dokumenter
NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Jon Fosse. For seint. Libretto

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min


Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

I N N H O L D. Forord

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Brannsår, rus eller friheit?

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

mmm...med SMAK på timeplanen

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Det Norske Samlaget Omslag: Tove Laila Nilsen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Til deg som bur i fosterheim år

Kom ikkje inn i mitt hus

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brukarrettleiing E-post lesar

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Kva er økologisk matproduksjon?

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

«Ny Giv» med gjetarhund

Sigrid Merethe Hanssen. Roman

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking


Alt det lyse og alt det mørke

Reisende i byen Skriv en kreativ fortelling om Slidre-Fredrik og Torpe-Maja Til læreren på ungdomstrinnet

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Omslag: Egil Haraldsen og Ellen Lindeberg Exil Design

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Plassebakken Barnehage

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

FANTASTISK FORTELJING

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

6. trinn. Veke 24 Navn:

Tor Arve Røssland. Oslo

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:


ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Brukarrettleiing. epolitiker

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Rom ved havet, rom i byen

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Med god informasjon i bagasjen

OK, seier Hilde og låser.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Månadsbrev for Rosa september 2014

Transkript:

Om denne boka Finnskogen, 1849. Hanna søkjer teneste hos ein enkemann med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs for dei som er av reisande slekt, så Hanna må halde tett om opphavet sitt. Den yngste sonen, Johannes, får eit godt auge til henne, men odelsguten står i vegen for forsøket hans på å nærme seg. Fordommar, frykt og sjalusi veks fram, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verd om han går på kostnad av hennar eigen fridom. Finne ly er ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie.

Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Omslag: Aud Gloppen Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8536-2 2. utgåva Forfattaren har motteke prosjektstøtte frå Romanifolkets/taternes kulturfond. Innskrifta på siste side er basert på fante - fortegnelsen av 1862, frå Eilert Sundts Anden Aars-Beretning om Fantefolket. Takk til historikar Johanne Bergkvist i Oslo byarkiv og minoritetshistorikar Kai-Samuel Vigardt, som har vore fagkonsulentar på denne boka. Dei står bak dokumentasjonsprosjektet «Romanimanus rakrar avri! Romanifolkets egne fortellinger».

Aina Basso FINNE LY Roman Oslo 2014

Og disse skamløse Mennesker maa vor Almue huse; dette Levnet og disse Forargelser maa den se og taale, helst den enfoldigere og ringere Almue, som ikke har Mandemod og Folkestyrke til at jage Pakket bort. Ja, vore Husmænd og enligt boende Bønderfolk maa lide Mere af disse vilde Gjæsters Ryggesløshed. I fordums Dage, da Folkets Enfoldighed og Overtro var større, og Fanterne selv bedre erindrede Slægtens gamle Kneb og Kunster, kunde de mere stilfærdigt liste sig omkring og med søde Ord og gode Løfter, med sin Trolddoms- og Spaadomsgave, skaffe sig, hvad de behøvede, og det i Overflod. Nu derimod maa de mere og mere tvinge sig frem med Trudsler og Vold. De gaa som Røvere i Landet. Eilert Sundt. Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge. Bidrag til Kundskab om de laveste Samfundsforholde. 1850

Ei kråke flaksar over hustaket. Eg bankar tre gonger, så står eg på trammen og kikar på den stengde døra. Eg bankar igjen. Ikkje ein lyd frå huset. Eg går ned på tunet, tek meg ein runde og legg merke til nokre krøter på ei eng bortved skogbrynet, dei går der så fredeleg og tygg, med årete, stramsprengde jur. Eg høyrer ei jamn hogging frå skogen, snur meg etter lyden, men får ikkje auge på nokon der inne. På tunet står ein hoggestabbe med ei blankkvest øks i, det ligg nykløyvde kubbar nedom, ei svak lukt av kvae. Eit ekorn hoppar ned frå den store furua på tunet, tek nokre raske byks mot stabben, hoppar opp på han, snuser litt på øksa og bykser vidare. Eg kjenner som eit nærvær frå tømmerhuset, så eg går opp på trammen igjen, listar meg fram til døra og legg øyret innåt, vil høyre om det står einkvan på andre sida og lyttar, som eg, men det kjem ikkje ein lyd. Eg bankar ein gong til, og no høyrer eg det endeleg romstere innanfor. Døra går opp. Ein gamling kjem fram i lyset, og ein yngre mann står bak han i den mørke gangen. Auga til gamlingen er fjerne, som er det ikkje meg han ser, men ei verd utom alt, eller innom. Eg er Hanna, seier eg. Eg kjem for å søke teneste.

Gamlingen ber meg inn, og den unge går framom oss inn i kjøkenet. Ver så god, seier gamlingen og nikkar mot ein stol. Eg set meg, og dei set seg på andre sida av bordet. Gamlingen tenner pipa og lener seg bak i stolen. Kom du til fots gjennom skogen? Eg ristar på hovudet. Ikkje siste biten. Eg fekk sitje på med ein tømmerkøyrar. Skogane her er store. Han nikkar, pattar på pipa. Eg gløttar frå den eine til den andre. Den unge kremtar, dultar gamlingen i sida. Ja visst, seier han. Så du søker teneste? Eg kom i prat med handelsmannen nede i bygda, seier eg, han meinte de kunne trenge ei hand. Sidan husmora ikkje. Jau, seier gamlingen og stryk seg over bryna. Vi kunne det. Du kan byrje med det same? Eg nikkar. Og du kan koke og sy? Mjølke kyrne og passe dyra? Eg kan gjere alt de ber meg om. Eg liker å arbeide. Lærer fort. Gamlingen blæs ei røyksky over bordet, smattar litt. Det høyrest no greitt ut for meg. Kva seier du, Johannes? Den unge blir raud, ser i bordet. Greitt for meg, mumlar han. Då seier vi det slik, seier gamlingen.

Johannes er yngste son min, seier han. Harald har nok ingenting imot det, han heller. Eldste son min, legg han til og nikkar ut vindauget. Det er han du høyrer i skogen, han held på med hogsten. Det er berre vi tre her inne, i mils omkrins. Han reiser seg mødesamt og peiker på ei dør rett bak meg. Du kan ta kammerset. Johannes, kan du vise henne? Du har ikkje teke med deg så mykje? Eg ristar på hovudet, vil til å seie noko, ei løgn, men gamlingen fortset. Du kan få kleda etter salige husmora. Vårherre skal vite at ho ikkje treng dei meir, og ikkje vi heller. Dei daude heng att i plagga, tenker eg, men seier ingenting. Vi reiser oss, Johannes smyg seg forbi meg og opnar døra til kammerset. Tømmervegger og golvbord. Ei seng i eine hjørnet, ei rosemåla kiste under vindauget. Eit tjukt lag støv. Skal vise deg kor du finn halm, seier han. Han snur seg og går, eg følger han ut på tunet, skogen reiser seg kring garden.

Gamlingen går ut og set seg på ein benk på nordveggen, og Johannes tek meg ein runde rundt på garden. Han viser meg fjøsen og løa, stabburet og eldhuset. Vi helser på dyra. Hønene, grisen, kyrne på marka, sauene som kjem ut mellom trea når han kallar på dei. Han tek meg til hesten i skogbrynet. Dette er Svarten, seier han og stryk hesten over mulen. Du er ikkje redd? Nei, eg er van med hestar frå eg var lita. Vår slekt har alltid hatt hest. Eg blir ståande og klappe Svarten medan Johannes spring tilbake til garden etter havre. Ein storvaksen ung mann kjem ut av skogen, går rakt mot meg og hesten. Kven er du? Eg er Hanna, seier eg, kniksar litt. Hanna? Kva gjer du her? Eg har kome for å søke teneste. Han stryk hua av hovudet og handa gjennom det raude, sveitte håret, nikkar kort til meg. Eg er Harald, seier han. Eg nikkar. Kor er dei andre, spør han og ser seg rundt. Har dei overlate deg til deg sjølv allereie? Bror din gjekk for å hente havre til hesten. Husbonden sette seg på benken. Det er vel likt dei, seier han. Nei, eg får kome meg inn og få meg noko mat. Det blir vel orden på matstellet òg no som du er komen? Jau, eg håper då det.

Lovar godt. Eg byrjar bli lei av den svidde grauten til Johannes. Han ler litt og dreg på seg hua igjen, går mot garden. Eg stryk hesten over halsen og ser Johannes kome mot oss med havrebøtta. Dei to brørne går rett forbi kvarandre på marka, ser ikkje ut til å veksle eit ord.