Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking



Like dokumenter
Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst


2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk


Informasjon til elevane

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Minnebok. Minnebok NYNORSK

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

IKT-kompetanse for øvingsskular

6. trinn. Veke 24 Navn:

mmm...med SMAK på timeplanen

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Jon Fosse. For seint. Libretto

Psykologisk førstehjelp i skulen

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Kva er økologisk matproduksjon?

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Brukarrettleiing E-post lesar

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Om å høyre meir enn dei fleste

Psykologisk førstehjelp i skulen

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Frå novelle til teikneserie

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Frå tre små til ein stor.

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Rådgjevarkonferanse 2009

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går?

VEKEPLAN 3. trinn Veke: 19 og 20 Namn:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Brukarrettleiing. epolitiker

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Elevundersøkinga 2016

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Rådgjevarkonferanse 2010

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Månadsbrev for Rosa september 2014

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Valdres vidaregåande skule

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Informasjonshefte Tuv barnehage

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Transkript:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg dei siste 80 åra. Elevane skal bevisstgjerast at det å ta vare på ein dialekt, betyr at ein må bruke han. Læraren kan gjerne innleie med å bevisstgjera elevane kvar dei er i høve setningane nedanfor: Frå born/ungdom som er vakse opp i Hallingdal kan ein i dag høyre same spørjesetningen sagt på fleire måtar: A. Koma dei heim att or fjellè sundags morgon? (eldste dialekt i bruk) B. Kjem dei heim att frå fjellet sundags morgon? (samsvar med nynorsk skriftnormal) C. Kommer de hjem igjen fra fjellet søndags morgen? (bokmål) Korleis står det til i gruppa? Kor mange av elevane i gruppa pratar slik som i setning A? Kva med setning B og C? Her blir elevane bevisstgjort og forhåpentleg nysgjerrige på korleis det står til med dialektbruken blant elevane på skulen. Det vil vere ein motivasjon for det vidare arbeidet. Elevane kan gjere ulike undersøkingar i samband med hallingmålet. Dei kan sjølve finne interessante problemstillingar og aktuelle intervjuobjekt. Arbeids- og framføringsmetodar er opp til elevane. Nokre døme: 1. Utbreiing av dialektbruk blant elevane på skulen A) Elevane lagar til spørjeskjema med ulike spørsmål dei ynskjer svar på. Døme på spørsmål til ei kvantitativ undersøking: Kor mange av elevane på skulen pratar halling? (Bruk av personlege pronomen (me, e, osv.), ikkji, tjukk l (ł) av både l og rd, kløyvd infinitiv, trykk på første eller siste staving osv.) Kva dialekt pratar foreldra til elevane? Kva synest elevane om hallingdialekten? Kan det hende elevar som ikkje pratar halling, kunne tenkje seg å byrje med det? Kor mange vaksne på skulen pratar halling? (Dei tilsette på skulen kan få det same spørjeskjemaet, eller ein litt annan variant.)

Spørjeskjemaet kan t.d. sjå slik ut: 1. Eg uttalar ordet eg slik: e jei annan uttale 2. Eg uttalar ordet me/vi slik: me vi annan uttale 3. Eg uttalar ordet bord slik: boł (med tjukk l) (krev ei nærare forklaring munnleg for dei yngste elevane) bor annan uttale Osv. 4. Pratar foreldra dine halling? ein begge ingen 5. Synest du hallingdialekten er fin? ja nei 6. Viss du ikkje pratar hallingdialekt: Har du lyst til å prøve å prate halling? ja nei Osv. Slike spørsmål kan ein gjerne leggje ut på It s learning, slik at alle elevane på skulen svarar der. Elevane samlar så inn svara, set dei i system og lagar oversikt over resultatet. Excel er eit godt hjelpemiddel her: Spørsmåla lagt inn i Excel: Spørsmål: Svaralternativ: Talet på elevar: 1. Eg uttalar ordet eg slik: e 7 jei 213 annan uttale 4 2. Eg uttalar ordet me/vi slik: me 7 vi 212 annan uttale 5

3. Eg uttalar ordet oss slik: uss 6 åss 212 annan uttale 6 4. Pratar foreldra dine halling? ein 176 begge 23 ingen 25 5. Synest du hallingdialekta er fin? ja 200 nei 24 6. Viss du ikkje pratar hallingdialekt: Har du lyst til å prøve å ja 175 prate halling? nei 49 Etter vidare arbeid kan det til dømes presenterast ved hjelp av sektordiagram i Excel, og/eller gjerne setjast inn i PowerPoint: 4 7 1. Eg uttalar ordet eg slik: 213 e jei annan uttale 2. Eg uttalar ordet me/vi slik: 5 7 212 me vi annan uttale

3. Eg uttalar ordet oss slik: 6 6 212 uss åss annan uttale 4. Pratar foreldra dine halling? 23 25 176 ein begge ingen 5. Synest du hallingdialekta er fin? 24 200 ja nei

6. Viss du ikkje pratar halling: Har du lyst til å prøve å prate halling? 49 175 ja nei B) Elevane kan utføre ei kvalitativ spørjeundersøking, der dei intervjuar og eventuelt tek bilete av personar. Resultatet kan dei publisere på skulen, som veggavis, i It`s learning eller i skuleavis. Dei kan lage halling -avis eller dialekt -avis, der dei presenterer denne undersøkinga som ein del i avisa, saman med andre tema (hallingnytt, hallingmusikk, hallingsport, 5 ette vegji, 5 på Tingstugu n, teikneseriar på halling, hallingvitsar). Døme på spørsmål: 1. Pratar du halling? a) Viss ja; Kvifor? Kven trur du har påverka deg til å prate halling? Er det vanskeleg å prate halling? b) Viss nei, Kvifor ikkje? Kven trur du har påverka deg til å prate slik du gjer? Trur du det er vanskeleg å prate halling? 2. Pratar foreldra dine halling? 3. Kor mange vener har du som pratar halling? 4. Kva synest du om hallindialekta? 5. Kva skal til for at du skal byrje å prate halling? 2. Utbreiing av dialektbruk blant familien til einskildelevar Kanskje vil nokre av elevane finne det interessant å laga slektstre over eigen familie for å sjå kor mange ulike dialektar som finst i eiga slekt. Eller dei kan laga ein oversikt over kor mange i eiga slekt som nyttar hallingdialekt. Resultatet kan til dømes vere eit fint hefte eller ein stor fin plakat (ypparlege julegåver til nokon i familien).

3. Utviklinga av hallingdialekten dei siste 80 åra Elevane kan finne ut om det har skjedd noko med dialekten dei siste 80 åra. Ein kan få til dømes ti personar frå kvar av aldersgruppene 80, 50, 30 og 10 år, som alle pratar halling, til å lese opp ein tekst på sin dialekt. Døme på tekst som opplesarane kan bruke: Nordavinden og sola Nordavinden og sola kjekla om kven av dei som var den sterkaste. Då kom det ein mann gåande med ein varm frakk på seg. Dei vart samde om at han som fyrst kunne få mannen til å ta av seg frakken skulle gjelde for sterkare enn den andre. Så blåste nordavinden av all si makt, men dess meir han blåste, dess tettare trakk mannen frakken rundt seg, og til sist gav nordavinden opp. Da skein sola fram så godt og varmt, og straks tok mannen av seg frakken. Og så måtte nordavinden innrømme at sola var den sterkaste av dei. Det er viktig at kvar einskild opplesar gjer teksten om til sin, slik at den reelle dialekten til personen kjem fram. Elevane kan med fordel gjera lydopptak av personane, slik at ein kan studere grundig for å finne ut om det har skjedd ei utvikling, og evt. om det er eit mønster i utviklinga. Ein kan i tillegg intervjue personane, for på den måten å få tilleggsopplysningar som kan vera interessante. Lydopptakar blir eit viktig hjelpemiddel i dette arbeidet. Resultat av undersøkinga kan til dømes presenterast i form av diagram (laga i Excel) og framføring av einskilde lydopptak. Er elevane interessert i å høyre korleis Nordavinden og sola høyrest ut i andre dialekter, kan dei gå inn på nettadressa http://www.ling.hf.ntnu.no/nos/nos_kart.html. Der kan dei høyre same dialektprøver frå heile landet. På nettadressa http://www.dialektxperten.no/ kan de finne nyttige tips om lydopptak under kapittel 5: Bli med på dialektdugnad

4. Er det skilnader mellom dialektene i Ål? (Fordjuping) Ei ekstra utfordring kan vera å forske på skilnadane i ålingsdialekten. Kva er forskjell på dialekten i Torpo og på Sundre? Kva med vatsingane? Har dei ord og seiemåtar som ikkje blir brukt andre stader i kommunen? Eller folk frå Breie? Kvar går grensa mellom dialektvariantane? Kva kan grunnen vera til at grensa går akkurat der; ei elv, ei dalside? Her kan det vera mange interessante problemstillingar å fordjupe seg i. Elevane kan t.d. intervjue og ta opp lydprøver av folk frå Torpo, Nordbygdene, Sundre og Breie. Ei slik undersøking kan de leggje ut på nettsida i http://www.nysgjerrigper.no/, der elevar kan presentere ulike forskningsprosjekt ( nysgjerrigperprosjekter ). Slike språkundersøkingar vil nok også vera aktuelle å presentere i lokale media.