Handsama i Komité for drift og forvaltning - 30.10.2018: Rådmannen sin representant kommunalsjef Lillian Torsvik og økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt var til stades i møtet og svarte på spørsmål frå komiteen. Møtet vart heva for gruppemøte. Dei ulike partia la deretter fram sine endringsframlegg til kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022, årsbudsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022. Ingen av framlegga vart stemt over då alle endringsframlegga vil følgje saka vidare til formannskapet og leggjast ut på høyring. ENDRINGSFRAMLEGG BUDSJETTFORSLAG 2019, FRÅ HØGRE v/ Henriette Nordtveit (H): Budsjettforslag 2019 Høgre Endringar i høve til rådmannen sitt budsjett Matomsorg institusjonar 250 000 Styrking av tilbod mot unge vaksne på arbeidsmarknaden 500 000 Basecamp Repro 950 000 HomeStart 400 000 Lokalmedisinsk senter 2 000 000 Fjell festning soppsanering 500 000 Gründerparken 500 000 Brannvern deflator 500 000 Vikarar - prioritering mot omsorg 1 000 000 Sum endringsforslag 6 600 000 Inndekning "Overskot" Rådmannen sitt budsjett 5 000 000 Skatt på inntekt og formue 4 000 000 Utbytte BKK 1 200 000 Mindreforbruk -3 600 000 Sum inndekning 6 600 000 Investering Geobrønner - takast ut av budsjettet -18 000 000 Trafikksikringsmidlar auke 3 000 000 Netto investering -15 000 000
Verbalforslag: Ekstra vedlikehald Skålevik skule - dekning frå eksisterande vedlikehaldsavsetning. Investeringsbudsjettet: Ny tekst på 30 mill. frå tidlegare avsetning: "Vegutbetring Vestsidevegen". I samband med kulturminneplanen vil ein kome attende til ekstraløyvingar for tiltak i 2019. ENDRINGSFRAMLEGG BUDSJETTFORSLAG 2019, FRÅ ARBEIDARPARTIET v/ Odd Valvatne (AP): Budsjettforslag 2019 Arbeidarpartie t Endringar i høve til rådmannen sitt budsjett Inndekning Auke i driftsramma Budsjettoverskot jf. rådmannen sitt forslag 5 000 000 Auke av forventa utbytte 1 200 000 Øygarden brann og redning - 2,8 % deflator 513 000 Basecamp Repro 500 000 Lokalmedisinsk senter 2 000 000 Fjell festning soppsanering / kartlegging* 500 000 Gründerparken 500 000 Reduserere bruk av finansavkastning 1 500 000 Vikarbruk 687 000 Sum endringsforslag 6 200 000 6 200 000 *Usikker på om Fjell festning skal vere drift eller investering. Investeringsbudsjettet Sak KDF - Geobrønner takast ut av budsjettet -18 000 000 Trafikksikringsmidlar aukar med 3 mill. 3 000 000 Endeleg investering / låneopptak -15 000 000 Endring av eksisterande postar i investeringsprogrammet for 2019-2022; Vegutbetring - endrast til "Vegutbetring Vestsidevegen". Post Ombygging / rehab. bygg - Ulveseth og Skålevik skule prioriterast.
FELLES ENDRINGSFRAMLEGG HANDLINGSPROGRAM OG POLITISKE PRIORITERINGAR, FRÅ ARBEIDARPARTIET (AP) / HØGRE (H) v/ Odd Valvatne (AP): AP / H Politiske prioriteringar 2019-2022: Punkt som vert fjerna frå prioriteringslista er allereie del av organisasjonen si drift. 1. 2. Sikra gjennomføring av nytt Sotrasamband, og vegsambanda Sotra nord og Sotra sør. (Nytt:) Vegsambandet Sotra nord og Sotra sør må ha høg prioritet. Leggja til rette for utvikling av kommunal infrastruktur, for ein stor del i samarbeid med fylkeskommunen, vegvesenet og FjellVAR og med bruk av eigedomsskatt som del av finansieringa. 3. Styringa av kommunen skal baserast på ein balansert og veldriven økonomi. 4. Vidareutvikla samarbeidet med næringsaktørar, skapa tryggleik for eksisterande arbeidsplassar og leggja til rette for nye etableringar. Arbeide for at det skapast fleire lærlingplassar i kommunen og næringslivet. Ved nye offentlege kontraktar skal bedrifter som har lærlingar føretrekkjast. 5. 6. 7. 8. Vidareutvikla gode løysingar for busetting, integrering og sysselsetting av flyktningar i fjellsamfunnet. Sikra trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, der kunnskap, kultur og utvikling står sentralt. Vidare mobilisera befolkninga til å engasjere seg i frivillig arbeid, og Vidareutvikla samarbeidet med frivillige lag og organisasjonar (Nytt:) og legge til rette for at fleire engasjerer seg i frivillig arbeid. I vår kommune blir det fleire eldre og pleietrengjande i åra som kjem. Vi satsar sterkt på bygging og drift av lokalmedisinsk senter som del av den framtidsretta helse- og omsorgssektoren. Det er grunnleggande viktig at Fjell kommune har dei best kvalifiserte arbeidstakarane til å utføre denne viktige jobben. (Nytt:) Vi skal ha dei best kvalifiserte arbeidstakarane til å utføre dei viktige jobbane innan helse- og omsorgssektoren. Kommunen skal ha stort fokus på å redusere sjukefråvær, sikra god rekruttering og god kompetanse, i første gong innanfor omsorgssektoren. Sikra at elevar oppnår forventa kompetanse i dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving og rekning.
9. Samfunnet blir meir og meir komplekst, noko som set nye krav til dei tenestene Fjell kommune skal yte innbuarane. Fjell er langt framme i arbeidet med samordning og ser at vi er på rett veg med eit slikt fokus. Første halvår 2018 skal "Handlingsplan for betre samordning mellom tenestene i høve til å avdekkje og hjelpe barn og deira pårørande i akutte omsorgssituasjonar" i samarbeid mellom Sosial-, Helse- og Oppvekstsjefen ferdigstillast. (Nytt:) Vi skal vere pådrivar for at vår nye kommune utviklar tenester som har høg standard innan alle tenesteområdar. AP / H Handlingsprogrammet 2019-2022: Handlingsplanen: AP og H ynskjer å synleggjere nokon prioriteringar for 2019 som skal vidareførast inn i Nye Øygarden kommune og har merka disse med (NØK). Punkt som vert fjerna frå handlingsprogrammet er allereie del av organisasjonen si drift. Samfunnsutvikling 1. Følgje opp mål og tiltak i sykkelbyavtalen for regionsenteret Straume. 2. Styrka og vidareutvikla den heilskaplege satsinga for å nedkjempa barnefattigdom i kommunen. Det skal utarbeidast tiltak for å utjamna sosiale forskjellar blant barn og unge, og for å redusera dei negative konsekvensane ved å veksa opp i familiar med vedvarande låginntekt. Administrasjons- og organisasjonsutvikling 3. Førebu og følgja opp kommunesamanslåing i regionen, med tanke på økonomiske og organisatoriske følgjer, samt avvikla organisasjonen Fjell kommune. (NØK) Samferdsle 4. Fjell kommune skal Bidra aktivt i reguleringsplanarbeidet for vegsystema Sotra nord/sør (NØK). 5. Starte arbeidet med Miljøgata på Straume. (NØK) 6. Utbetre Fylkesvegane i kommunen i samarbeid med Statens Vegvesen, (Nytt:) herunder punktutbedring på Vestsidevegen/Møvik. (NØK) Eigedomsforvaltning 7. Planlegging og gradvis gjennomføring av standardheving for dei eldre kommunale barnehagane Ulveset, Bildøy, Tussatjødna og Straume. Eiga årleg fordelingssak. (Nytt:) Arbeide vidare med mulegheitstudiane som er utarbeidd for ny skule på Skålevik. (NØK)
8. Oppgradera og rehabilitere bygg og uteområde på kommunale skular og barnehagar. Dette inneber også fjerning av asbest og tilrettelegging for universell utforming. Foldnes skule skal prioriterast. 9. Ferdigstille og ombygge Ågotnes helsehus til Frivillighus, inkludert ungdomsklubb. 10. Etablere seks bustader i heildøgnsbemanna bufelleskap, Lyngheia, for unge med fysisk/psykisk funksjonshemming. 11. Etablera fleire omsorgsplassar med heildøgnsbemanning ved Kvednatunet. (NØK) 12. Etablera akuttplassar for ungdom som ikkje kan bu heime. Laga eit ikkje-statleg forsøksprosjekt for ungdomsheim i Fjell kommune. (NØK) Helse, sosial og omsorg 13. Sikra optimal drift i lokalmedisinsk senter 14. Utvikling av eit kompetansesenter for menneske med demenssjukdom ved Kvednatunet. Fysiske og teknologiske endringar i bygg skal, saman med tilpassa kvardagsaktivitetar og til dels nye haldningar, skapa opne og trygge miljø som kan gje glede og trivsel i kvardagen. 15. Etablera eit døgnope aksjonssenter lokalisert i Lokalmedisinsk senter. Aksjonssenteret skal vera ein mottakssentral for tryggleiksalarmar og anna velferdsteknologi, og svara og vidareformidla telefonar frå innbyggjarane i kommunen. Aksjonssenteret skal aktivisera eit breitt nettverk av aktørar, både offentlege, private, pårørande, vener og frivillige, som kan aksjonera for å møta både akutte og langsiktige behov. Miljø, klima og beredskap 16. Utarbeida felles beredskapsplan for å handtera livstruande valdsepisodar i barnehagar og skular. Inngår som delprosjekt i interkommunalt samarbeid for overordna beredskapsplan. Digitalisering 17. Etablera digitale tenester og elektronisk kommunikasjonsform som føretrekt kanal mot innbyggjarar og næringsliv (Digitalt førsteval). (NØK) 18. Vidareføre satsing på heilelektronisk arkiv i samarbeid med dei to andre kommunane. 19. Utvikla bruken av velferdsteknologi som verkty for å auka meistring og eigenomsorg. (NØK) ENDRINGSFRAMLEGG HANDLINGSPROGRAMMET FRÅ KRISTELEG FOLKEPARTI (KRF) v/ Kristin Brennhaug: KrF Handlingsprogrammet 2019-2022:
Samfunnsutvikling Nytt punkt Nytt punkt Fortsette det gode arbeidet med Trygg i Fjell og arbeidet for godt miljø i barnehagar og skular. Frivilligheit: Hjelpe frivillige organisasjonar å søke på støtteordningar til kompetanseheving for å oppretthalde eit godt sosialt miljø. Lettare å rekruttere unge og uerfarne leiarar, om ein kan styrke kompetansen for leiarar/trenarar. Samferdsle 6. Utbetre Fylkesvegane i kommunen i samarbeid med Statens Vegvesen, (Nytt:) med særleg vekt på Vestsidevegen. Det utarbeides en oversikt og en prioritering for utbetring av kommunale vegar Helse, sosial og omsorg 15. Etablera eit døgnope aksjonssenter lokalisert i Lokalmedisinsk senter. Aksjonssenteret skal vera ein mottakssentral for tryggleiksalarmar og anna velferdsteknologi, og svara og vidareformidla telefonar frå innbyggjarane i kommunen. Aksjonssenteret skal aktivisera eit breitt nettverk av aktørar, både offentlege, private, pårørande, vener og frivillige, som kan aksjonera for å møta både akutte og langsiktige behov. (Nytt:) Ta opp att arbeidet med å etablere Høyresentral i kommunen. Etter at endringsframlegga var lagt fram bad komitéleiar Ernst M. Einarsen om følgjande tilleggsopplysningar som bør leggjast ved budsjettsaka vidare: Notat med realistisk oversikt over lokalmedisinsk senter si drift, inkludert innfasingar som vil skje naturleg, tenester som skal inn i bygget og kva tenester som skal utsetjast. Det bør også avklarast med andre kommunar om dei gjer tilsvarande avsetjingar i sine budsjett. Komiteen drøfta også eit forslag frå Arbeidarpartiet om å ta med ei presisering i handlingsdelen punkt 8 om vedlikehald på skulane, «herunder oppgradere fotballbingen, flomlys og utbetring av fotballbana på Ulveset skule, og utvendig vedlikehald på skulen (maling).» Etter drøftinga kom ein fram til at kostnaden med eit slikt prosjekt var så uklart, og kunne bli så stor, at det ville vere naturleg at det blei laga eiga sak på dette. Komiteen slutta seg deretter til at ein ber administrasjonen om å lage ei eiga sak om Ulveset skule. Rådmannen sin representant kommunalsjef Lillian Torsvik støtta forslaget. Det vart elles semje om følgjande tilråding frå komité for drift og forvaltning (KDF) til formannskapet: 1. Årsbudsjett for drift og investering 2019 og økonomiplan 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring, saman med partia sine endringsframlegg som vart lagt fram i møtet for komité for drift og forvaltning (KDF) 30.10.18. Frist for tilbakemelding vert 30.11.2018. 2. Kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 07.12.2018.
Tilråding i Komité for drift og forvaltning - 30.10.2018: 1. Årsbudsjett for drift og investering 2019 og økonomiplan 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring, saman med partia sine endringsframlegg som vart lagt fram i møtet for komité for drift og forvaltning (KDF) 30.10.18. Frist for tilbakemelding vert 30.11.2018. 2. Kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 07.12.2018.