Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.



Like dokumenter
Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for Blå, november 2015

mmm...med SMAK på timeplanen

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Hei alle sjøstjerneforeldre

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Informasjonshefte Tuv barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Månadsbrev for Blå, april 2016

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Plassebakken Barnehage

Månedsbrev april 2015

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Velkommen til nytt barnehageår!

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsplan for Hare November

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Plassebakken Barnehage BA

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Plassebakken Barnehage

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Brukarrettleiing E-post lesar

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kom skal vi klippe sauen

Hallo i nedslagsfeltet!

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Veke 48 og 49 Knubben

TEMA. Stryn

Ute mat Korleis laga god mat UTE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

6. trinn. Veke 24 Navn:

Tilbakeblikk på mars:

Frå novelle til teikneserie

Vi lærer om respekt og likestilling

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

MÅNADSBREV oktober/november -solstrålebasen

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Februar. Oranje gruppe Jobbar vidare med «spinnerane» sine og det som skal bli ei utstilling. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Leikande, glade barn og natur hand i hand

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Transkript:

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer. Dette for å syne kvar epla som me et nesten kvar dag, faktisk kjem frå. Det var spennande å få vere med å plukke dei ned frå trea, og å få smake på dei. Me plukka så mykje, at me fekk lage oss både eplemuffins, eplegraut, og bakte eple med kanel og sukker. Det var mykje godt å få smake på, og det meste fall i smak hjå dei fleste. Me har vore mykje ute på tur og ute i barnehagen, og fortsette med to turdagar heilt fram til veke 43. I veke 43 og 44 har me hatt eigne prosjektgrupper, delt etter alder. 2014 kullet har hatt tema «fysisk aktivitet» og 2013 kullet har hatt «språkleg utvikling». Språkutvikling På Grøn skal det alltid vera bøker lett tilgjengeleg for borna, og det er noko dei små set pris på. Det er godt å ta med ei bok, finne eit ledig fang og sjå på og snakke om det me ser i bøkene. Når me no har samtala om borna, har me snakka om at me merkar ei utvikling på borna sitt språk sidan dei starta opp etter sommarferien. Det er kjekt å sjå at mange stadig hermar meir etter oss, og prøver seg på fleire lydar, ord og setningar- alt etter nivå. Borna i 2013 kullet har hatt 2 veker prosjekt om «språkleg utvikling», og har såleis hatt ekstra fokus på språk i oktober. Same tema skal 2014 kullet ha i veke 46 og 47. Leik Den siste tida er duplo vorte meir populært hjå fleire av borna, men me ser at det er utfordrande å finne roen blant så mange små. Derfor er det viktig å dele gruppa slik at dei eldste får ro til konstruksjonsleik utan at dei aller minste kjem trakkande og øydelegg for dei. Det er ein ting som har vore positivt med dei to aldersdelte vekene. Ute har me hatt nokre regnversdagar, så det er vorte ein del leik i sølepyttane. Veldig kjekt med vatn, både å hoppe i, smake på, lage mat med og ause opp i traktorhengarar. Turar, fysisk aktivitet, mat Mål og innhald for kommande månad Me har hatt fleire turar denne månaden, det har vore mange småturar i nærmiljøet, til Grindane og fleire epleplukke-turar. Ein treng ikkje gå så langt for å ha fine opplevingar saman, og lærerike turar. Me har som nemnt laga fleire ulike rettar av epla me hausta, spennande prosess. Tidleg i oktober laga me også rømmegraut, noko dei aller fleste av barna åt godt av. I november skal me ein ny prosjektperiode, og delar av månaden går til det. Elles skal me vere avdelingsvis, bruke tida til å gå på tur, vere saman å lese, syngje og leike. Dessutan veit me at når november er kommen, så er desember rett rundt hjørnet så litt juleførebuingar kan det også verte. Ting å hugse på No er hausten kommen, og behovet for klede endrar seg. Ull eller fleece som mellomlag er godt og varmt, tynne luer og vottar er godt å ha, og alle bør ha

parkdress eller likn. til kalde og råe morgonar. Dette er ekstra viktig fordi at me er mykje ute, og fordi barna er så små at mange framleis sit mykje nede på bakken. Sjå også over byteklede jamnleg, og sjå i vognene kva dei har der. Kanskje treng dei eit skinn i botnen eller ein tjukkare pose? Prosjektarbeid 2014-kullet: Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært mykje å seie for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll. Aktiv bruk av natur og nærmiljø gir mange gode moglegheiter (Rammplan for Barnehagen, 2006). 1 åringane har hatt fysisk aktivitet i fokus i to veker. Me har vore ute i bhg., øvd på å komme oss opp og ned bratte bakkar og trappa ved store sklia, det var ikkje berre enkelt, og god øving for alle. Me tok ikkje ut andre leiker desse føremiddagane, og såg at barna vart mykje meir fysisk aktive, og mindre stillesittande i sanden. Alle har vore innom aulaen, der har me hatt musikk og diverse stasjonar som dei har fått prøvd. Me har vore på tur til Grindane og på ekskursjon heilt opp på loftet, det var første gong opp trappa i bhg.for dei fleste. Me har brukt massasjeballar på barna, nokon syntest det var veldig behageleg og slappa godt av, andre syntest nok det var litt rart og ukjent, og var meir interessert i å utforske rommet. Me i personalet på denne gruppa er vorte mykje betre kjente med desse aller minste små menneska me har i bhg., og det har vore veldig kjekt og lærerikt. Me har ikkje lagt opp til store opplegg, men me har hatt fokus på fysisk aktivitet, på deira nivå. Det vil komme ny plan for dei neste to prosjektvekene. Anna info Foreldresamtalar: no har me hatt samtalar om alle barna. Det har vore veldig kjekt, og lærerikt for oss å ha desse samtalane, me lærer stadig noko nytt om dykk og barna dykkar. Takk for gode og konstruktive tilbakemeldingar, det set me pris på. Ikkje nøl med å snakke med oss i personalet om det dukkar opp ting de lurer på, ting de meinar me bør vite om, noko de er misnøgde med eller nøgde med. I veke 46 og 47 skal heile barnehagen har prosjektveker. Desse vekene vil alle borna vere i aldersdelte grupper rundt om på ulike avd., men dei møter opp på sin avd. og et frukost og leikar, så delar me oss ca. 9.45-13.45. Personalet skal også blandast, men det vil vere att kjende vaksne i alle gruppene denne perioden også. Denne perioden skal 2013 kullet ha fysisk aktivitet som emne, medan 2014 kullet skal ha språkleg utvikling. Det vert litt endringar i personalgruppa på Grøn frå 1.november. Kristine Haugen sitt vikariat er over, og Lena Skare (som har jobba på Rosa i haust) kjem inn i 90% som førskulelærar. Silje Vinda fortset 20% som førskulelærar (10% Grøn, 10%Oransje) og 60% som fagarbeidar på Grøn. Me ynskjer Kristine lukka til vidare, og velkommen tilbake ved eit seinare høve!

Bilete frå prosjektet, 2014 gruppa I aulaen var det kjekt å utfalde seg. Borna klatra, hoppa, sprang, dansa til musikk, balanserte, kasta ballar, krabba og rulla. Dei fekk bruke heile kroppen sin aktivt. Opp og ned trappa kom heile gjengen, nokon krabba, og nokon gjekk, og gleda var stor då dei nådde toppen! På fredag avslutta me prosjektet med å danse på bordet etter kviletida, det var kjempemoro å få lov til.

Gruppa har vore delt i to enkelte dagar, blant anna når me skulle på tur til Grindane. Det er kjekt å kunne dele i mindre grupper. Me hadde fint turvær, så alle kunne ete ute. Alle gjekk delar av turen, nokon gjekk nesten heile vegen. På vegen fekk me følgje av den trufaste firbeinte turvennen vår, katten. Det er alltid stas når han dukkar opp! Vel framme kraup borna under plankehytta, opp og ned bakken, og fekk utfordra seg sjølv i ulendt terreng.

Bilete frå oktober, Grøn avdeling Utruleg fint å få vere med på å plukke eple, å få dei i handa og å smake på dei der og då var ei fin oppleving. Fleire av barna fekk også vere med på å lage ulike produkt av epla. Rømmegraut var ei suksess, då koste me oss Fint å få smake på tradisjonsrik mat.

Hausten kom plutseleg med litt regn til oss, og det var veldig kjekt å leike med alt vatnet ute. Barna plaska uti med støvlar på, ausa opp i koppar og kar og lastebilar, og hadde mykje moro med vatnet!