OS KOMMUNE Organisasjonseining MØTEPROTOKOLL Os Forvaltningsstyre Møtestad: Formannskapssalen i 4. etg i Rådhuset Møtedato: 29.03.2006 Frå: 08.30 til 09.45 Til stades på møtet Medlemmer: Forfall: Varamedlemmer: Frå adm. : Andre: Merknader: Leiar Gustav Bahus (FrP), Laila Reiertsen (FrP), Sølvi Bugge (FrP), Jonny Garvik (H), Ruth Elin Midtbø (Ap), Nils-Olav Nøss (Ap), Terje Sperrevik (Tvs), Eirik Neverdal, (uavh.) Jostein Bondevik (Krf) Elisabeth Haugland (V) Kommunaldirektør Øyvind Tøsdal, Asle Andås Ole Andreas Vorland, Helene Dahl og Kirsti Runi Huse. Barneombod Jonny Haugland Innkallinga: Det var berre munnleg innkalling til dette møtet. Protokollen: Protokollen frå forrige møte vart godkjent bortsett frå sak 107/06, der godkjenning vart utsett til forslagsstillar Jostein Bondevik er tilstades. Saklista: Saklista vart godkjendt. Behandla saker: 112/06 122/06 Underskrifter: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er ført i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Os, 28.03.2006 Gustav Bahus Jonny Garvik Ruth Elin Midtbø Leiar ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 112/06 06/1 POLITISK KVARTER 113/06 06/430 PRIVAT REGULERINGSPLAN FOR HOLEN SØKNAD OM OPPSTART 114/06 06/546 SØKNAD OM KONSESJON VED OVERTAKING AV FAST EIGEDOM I OS KOMMUNE GNR 66/1,4,5 OG 67/2 OG 69/2 115/06 05/2528 80/2, RØD, SØKNAD OM FRÅDELING AV BUSTADTOMT 116/06 05/1578 27/8, FRÅDELING AV 2 BUSTADTOMTAR- BJØRN NORDSTRØNEN 117/06 05/917 61/117, HJELLEVEGEN, BYGGESAK NYBYGG BUSTADHUS - SØKNAD OM LØYVE TIL ENDRA PLASSERING 118/06 05/1885 44/375, KJELDEVEGEN 16, NYBYGG NAUST - OLAV K. BJELLAND 119/06 05/2187 23/29 SKÅTØY, BYGGESAK- BOD- EINAR NORDÅS 120/06 05/2366 82/44 BOGSTRAND, NYBYGG HYTTENAUST- EVA JOHANNE SIVERTSEN 121/06 05/2534 64/117, HEIEN 33, NYBYGG GARASJE M/LOFT - ØYVIND LYSSAND 122/06 06/577 KØYRING MED VASS-SCOOTER - SØKNAD OM STEMNE I OS HAMN
112/06 Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 06/1 POLITISK KVARTER Sølvi Bakke (Frp) Baksio. Uheldig å flytte Baksio til Byvegen, då tilbodet skal vere eit tilbod til ulike grupper av rusmissbrukarar. 113/06 Arkiv: GEO P0604 Arkivsaknr.: 06/430 PRIVAT REGULERINGSPLAN FOR HOLEN - SØKNAD OM OPPSTART Ruth Elin Midtbø (Ap) fremjar alternativt framlegg: Forvaltningsstyret (det faste utvalet for plansaker) vil ikkje ta endeleg stilling til framlegg til reguleringsplan for Holen, del av 64/2, Lyssand Treindustri AS, før arealbruken er avklara i samband med rullering av arealdelen til kommuneplanen. Viser til 20-6 og 27-2 i plan- og bygningsloven. Administrasjonen sitt framlegg vart vedtatt med 7 mot 2 røyster (Tvs, Ap) Forvaltningsstyret (det faste utval for plansaker) godkjenner, i samsvar med 27.1-1 og 30 i plan- og bygningslova, at det vert varsla oppstart av arbeid med privat reguleringsplan for Holen, del av 64/2, Lyssand Treindustri AS. 114/06 Arkiv: Arkivsaknr.: 06/546 SØKNAD OM KONSESJON VED OVERTAKING AV FAST EIGEDOM I OS KOMMUNE GNR 66/1,4,5 OG 67/2 OG 69/2 Framlegg til vedtak vart samrøystes vedtatt.
Os kommune godkjenner permanent konsesjon til Reksten Management v/johan LM Reksten. Vilkår om vidaresal vert sletta. Vedtaket har heimel i konsesjonslova 1. 115/06 Arkiv: MA 80/---2 Arkivsaknr.: 05/2528 80/2, RØD, SØKNAD OM FRÅDELING AV BUSTADTOMT Samrøystes vedtak i samsvar med framlegg. I medhald av 7 og 93 i plan- og bygningslova dispenserar Forvaltningsstyret i Os kommune frå arealdelen av kommuneplanen for Os, og godkjenner søknad om frådeling av grunneigedom, parsell som skal nyttast til bustadhus, på gnr.80, bnr.2, Rød, motteke 14.11.05. Delinga vert også godkjent i medhald av 12 i jordlova. Føgjande særlege høve ligg til grunn for godkjenninga: - Delinga vil ikkje få konsekvensar for korkje kulturlandskapet eller landbruket, (jfr. landbrukssjefen si vurdering.) - Parsellen ligg inn til ein eksisterande bustadeigedom. - Lokale, regionale eller nasjonale friluftsinterresser vil ikkje verta råka. 116/06 Arkiv: MA 27/---8 Arkivsaknr.: 05/1578 27/8, FRÅDELING AV 2 BUSTADTOMTAR- BJØRN NORDSTRØNEN Samrøystes vedtak i samsvar med framlegg. I medhald av 7 og 93 i plan- og bygningslova dispenserar Forvaltningsstyret i Os kommune frå arealdelen av kommuneplanen for Os, og godkjenner søknad om frådeling av 2 parsellar som skal nyttast til bustadhus, på gnr.27, bnr.8, Nordstrøno, motteke 01.08.05. Likeeins vert frådelinga godkjent i medhald av 12 i jordlova. Føgjande særlege høve ligg til grunn for godkjenninga: Delinga er forsvarleg i høve til 12 i jordlova og vil heller ikkje få konsekvensar for kulturlandskapet, jfr.landbrukssjefen si vurdering. Delinga vil ikkje få konsekvensar for friluftsinterressene i området.
Parsellane er i dag avgrensa av ein tilkomstveg på nordvestsida, og ligg tett inn til område som i arealdelen er avsett til bustadbygging både på norvest-sida og nordaust-sida av parsellane. Parsellane vert såleis ei naturleg utviding av eksisterande bustadområde. 117/06 Arkiv: MA 61/-117 Arkivsaknr.: 05/917 61/117, HJELLEVEGEN, BYGGESAK NYBYGG BUSTADHUS - SØKNAD OM LØYVE TIL ENDRA PLASSERING Samrøystes vedtak i samsvar med framlegg. Forvaltningsstyret i Os opprettheld Eining for arealbruk sitt delegasjonsvedtak i sak 06/63, dat. 10.02.06. Styret legg vekt på at høgda på bygget vert som tidlegare godkjent. Sjølv om bygget no kjem nærare grensa mot nabo (ca. 5,3 meter), kan ein ikkje sjå at endringa vil medføra vesentleg dårlegare soltilhøve for nabo. Saka er vurdert i høve til plan- og bygningslova 70.1 og 2. Saka går til fylkesmannen til endeleg avgjerd. 118/06 Arkiv: MA 44/-375 Arkivsaknr.: 05/1885 44/375, KJELDEVEGEN 16, NYBYGG NAUST - OLAV K. BJELLAND I samsvar med plan- og bygningslova 7 vert det dispensert frå same lovs 17-2 med omsyn på kai og flytebrygge, og naust med tilhøyrande kai og flytebrygge vert godkjent som omsøkt. Vilkåra i brev datert 18.11.05 frå Bergen og Omland Havnevesen må nøye etterkomast. Administrasjonen trekkjer saka. Utvalet ønskjer synfaring når saka kjem opp igjen. Saka vert trekt. 119/06 Arkiv: MA 23/--29 Arkivsaknr.: 05/2187
23/29 SKÅTØY, BYGGESAK- BOD- EINAR NORDÅS Frp/H fremja følgjande tillegg til framlegg til vedtak: Bod/ anneks vert godkjent som omsøkt i samsvar med plan- og bygningslova 93. Administrasjonen sitt framlegg vart vedtatt med 5 mot 4 røyster (3 Frp, H) Bod vert godkjent mellombels i samsvar med plan- og bygningslova 85 til hytta er sett opp og tett, og ikkje for meir enn 5år. Boden kan ikkje nyttast til varig opphald. Klagen er delvis teke til følge. 120/06 Arkiv: MA 82/--44 Arkivsaknr.: 05/2366 82/44 BOGSTRAND, NYBYGG HYTTENAUST- EVA JOHANNE SIVERTSEN Omsøkte hytte med naust, båtopptrekk og kai vert godkjent som omsøkt då tiltaket ligg i område for anna byggeområde. Ein tek atterhald for at Bergen og Omland Havnevesen gjev løyve etter hamnelova. Forvaltningsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: Saka vert sendt attende til administrasjonen for å klargjera om dette er ein dispensasjonsak eller ikkje. Saka vert sendt attende til administrasjonen for å klargjera om dette er ein dispensasjonsak eller ikkje. 121/06 Arkiv: MA 64/-117 Arkivsaknr.: 05/2534 64/117, HEIEN 33, NYBYGG GARASJE M/LOFT - ØYVIND LYSSAND Søknad om garasje med stall i bustadområde vert avslege med heimel i plan-og bygningslova 70 då plasseringa av tiltaket er til vesentleg ulempe for naboar. Det vert ikkje gjeve dispensasjon frå regelen om 4m til grense til nabo. Klagene er tekne til følge.
Gustav Bahus (Frp) fremjar følgjande alternativt framlegg: Søknad om garasje med plass for oppstalling av hestar vert godkjent på vilkår at tiltaket ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova 70 og at bygget står 4 m frå grense mot nabo. Det må vera plass for bilar foran garasjen. Klagane er ikkje tekne til følge. Terje Sperrevik fremja følgjande alternativt framlegg: Søknad om garasje vert godkjent på vilkår at tiltaket ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova 70. Det må vera plass for bilar foran garasjen. Klagane er ikkje tekne til følge. Terje Sperrevik sitt framlegg vart godkjent med 5 mot 4 røyster (Uav, 2 Frp, H). Søknad om garasje vert godkjent på vilkår at tiltaket ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova 70. Det må vera plass for bilar foran garasjen. Klagane er ikkje tekne til følge. 122/06 Arkiv: P50 Arkivsaknr.: 06/577 KØYRING MED VASS-SCOOTER - SØKNAD OM STEMNE I OS HAMN I medhald av Forvaltningslova kap II kan forvaltningsstyret i Os ikkje sjå at det i denne saka ligg føre innahbilitet for nokon av medlemmene i Forvaltningsstyret. Administrasjonen sit framlegg vart vedtatt mot 2 (Tvs, V) Os forvaltningsstyre gjev Hjellestad Jet Ski Klubb løyve til å driva oppvisningskøyring i hamnebassenget i Os sentrum 6. mai i samband med tilskipinga Vårsleppet 2006. Køyringa skal gjerast i tråd med vedteken føresegn for slik køyring, jfr. kommunestyresak 12/06. Løyvet byggjer også på opplysningar frå arrangøren av Vårsleppet, Os sentrumsforening, om at køyringa vil gå føre seg innanfor tidsrommet kl 13.00 16.00.