ALT HENG SAMAN MED ALT. Eit arbeidshefte for skulen med informasjon, forslag til tiltak og oppgåver til undervisninga.

Like dokumenter
Norsk Bremuseum sine klimanøtter

ALT HENG SAMAN MED ALT. Eit arbeidshefte for skulen med informasjon, forslag til tiltak og oppgåver til undervisninga.

Til deg som bur i fosterheim år

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

ENERGIPLAN for Midt-Telemark

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.


Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Kva er økologisk matproduksjon?

Stortinget.no Regjeringa.no Ulike massemedia. Stortings- og sametingsvalet Historie: Kap 1. Kald krig ei todelt verd

ÅRSPLAN I NATURFAG 6. TRINN

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.


Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Frå novelle til teikneserie

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

mmm...med SMAK på timeplanen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Årsplan i samfunnsfag for 6 trinn

Brukarrettleiing E-post lesar

Nytt HFK Intranett

Eksamen REA3009 Geofag 2. Nynorsk/Bokmål

- kunne kommunikasjonsmodellen

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Vurderingsrettleiing 2011

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Undervisningsopplegget og den faglige forankringen

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Læreplan i klima- og miljøfag

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Farnes skule Årsplan i SAMFUNNSFAG Læreverk: Kosmos 10

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

Årsplan mat og helse 7. trinn

ALT HENGER SAMMEN MED ALT. Et arbeidshefte for skolen med informasjon, forslag til tiltak og oppgaver til undervisningen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

6. trinn. Veke 24 Navn:

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

ALT HENGER SAMMEN MED ALT. Et arbeidshefte for skolen med informasjon, forslag til tiltak og oppgaver til undervisningen

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

BLI KJENT MED ALUMINIUM

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Nynorsk. Eksamensinformasjon

Samansette tekster og Sjanger og stil

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

VURDERINGSKRITERIUM I MAT OG HELSE SÆBØ SKULE

IKT-kompetanse for øvingsskular

Refleksjon og skriving

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Naturfag barnetrinn 1-2

Eksempel på en «PERIODEPLAN FLL «Climate Connection Trinn: 5 7 Tema : Flom Tidsrom: Uke 41-45

Årsplan Samfunnsfag 7. trinn 2014/2015

Årsplan 10. klasse Truls Inge Dahl, Edmund Lande, Rune Eide

Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn

Årsplan i samfunnsfag 9.klasse

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Årsplan i samfunnsfag 9.klasse

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Ulike kompetansemål i barneskolen man kan nå med Grønt Flagg.

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Rettferdig handel pensum i skolen

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Ordliste Art Anna ord for type dyr, insekt, fugl eller plante.

Barnerettane i SKULEN

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Samtale, refleksjon og oppgåveløysing. Bruk av atlas. Vi jobbar med ulike oppdagingsreiserar. Samtale, refleksjon, skodespel og oppgåveløysing.

Transkript:

ALT HENG SAMAN MED ALT Eit arbeidshefte for skulen med informasjon, forslag til tiltak og oppgåver til undervisninga.

2 1: Innhaldsliste 3 Innhaldsliste 02 Forord 04 Klimakvote 05 Kolofon 05 01:INTRO UTSLEPPSKJELDER Sjå oversikten over dei 04:norske utsleppa 20-23 02:FAKTA Drivhuseffekten 08 Klimagassar 10 05: TILTAK Internasjonalt samarbeid 26 Kva gjer vi i Noreg? 28 Lokale klimaplanar 30 Isen smeltar 14 Havet stig 16 Vêret endrar seg 17 Dyr og planter får problem 19 03:KONSEKVENSAR 06: HVA KAN DU GJERE? Inviter personar med klimakompetanse Engasjer deg i klimaspørsmål Kva læringsmål bør du setje? Grunnleggjande dugleikar i faget Lærarplan i norsk Lærarplan i naturfag Konkrete arbeidsoppgåver Dine eigne notat 34 34 35 35 36 38 40 46

4 Klimahefte: Alt heng saman med alt 1: Intro 5 Forord Kampen mot klimagassane og mot global oppvarming er den aller største miljøutfordringa i dag. Miljøproblema heng saman og påverkar kvarandre. Vi har derfor valt tittelen «Alt heng saman med alt» på dette heftet. Global oppvarming og andre miljøspørsmål skal inn i skulen på alle trinn. Formålet med dette heftet er å inspirere lærarar på mellomtrinnet og i ungdomsskulen til å ta dagsaktuelle klimaproblemstillingar inn i undervisninga. Elevar på vidaregåande trinn vil også ha nytte av å bruke heftet. 6 kvoter CO2 Vi har kompensert for klimagassutsleppa knytte til produksjonen av dette heftet ved å kjøpe kvotar tilsvarande utslepp av 6 tonn CO2. Dette svarer til 909 kroner (pris per 26. 08.09) gjennom SFT sin nettbutikk for frivillig kvotekjøp: http://co2.sft.no/klimahefte. Utgivar: Miljøstatus i Noreg og Avis i Skolen/Mediebedriftenes Landsforening Forfattar: David Helbæk Redaktørar: Per Tore Moen, Sigurd Ø. Sæthre, Ingunn Selvik og Gro Haram Konsept og design: Lettlest Media AS Trykk: Grøset Trykk AS Heftet kan brukast som eit verkty til å få meir kunnskap om klimaendringane og til å bli meir aktiv og miljømedviten. I opplæringslova 1 1 står det: «Elevane [...] skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.» «Elevane må lære å sjå ting i samanheng og halde overblikk lære å skode framover i livet og utover i verda. Undervisninga må vekkje deira tru på at solidarisk handling og felles innsats kan løyse dei store globale problema.» leggjande dugleikar i begge desse faga. På nettsidene til Avis i Skolen finst det fleire oppgåver. Vi ønskjer dykk lykke til med dagsaktuell klimaundervisning! Foto: istockphoto.com om ikkje anna er spesifisert www.miljostatus.no I den generelle delen av Kunnskapsløftet (K06) er det i første rekkje avsnitta «Det miljømedvitne mennesket» og «Det integrerte mennesket» dette heftet knyter an til. Her heiter det mellom anna: Heftet dekkjer også nokre konkrete mål i fagplanane i NORSK og NATURFAG naturfag for 4., 7. og 10. trinn. Ved å arbeide med oppgåver frå dette heftet får elevane dessutan øvd opp grunn- David Helbæk www.miljostatus.no DU KAN LASTE NED HEFTET HER: www.miljostatus.no/klimahefte www.mediebedriftene.no

02: Fakta Forskarar har aldri vore sikrare på at det er vi menneske som har skulda for den globale oppvarminga som vi har sett i dei siste femti åra.

8 2: Fakta Drivhuseffekten Drivhuseffekten er namnet på den kompliserte prosessen som gjer at gjennomsnittstemperaturen på jorda aukar. Namnet kjem av at prosessen liknar på den som gjer at temperaturen inne i eit drivhus aukar når sola skin inn gjennom glasrutene. Atmosfæren kan samanliknast med glaset i drivhuset, og er eit tynt luftlag kring jorda. Luftlaget består av 20 prosent oksygen (O2) og 78 prosent nitrogen (N2), i tillegg til små mengder av såkalla klimagassar. Klimagassane er både naturlege gassar, som karbondioksid (CO2), metan og lystgass, og menneskeskapte klor- og fluorsambindingar, til dømes KFK- og HFK-gassar. Mesteparten av energien frå sola kjem som kortbølgja stråling som lett trengjer gjennom atmosfæren. Visse skyer og isdekte område reflekterer 30 prosent av denne kortbølgja strålinga, medan 20 prosent blir absorbert av skyer, vassdamp og ein del andre gassar. Det meste (50 %) når fram til og varmar opp jordoverflata, både landjorda og verdshava. Den oppvarma jordoverflata sender ut energi i form av langbølgja stråling. Klimagassane i atmosfæren slepper ikkje den langbølgja strålinga like lett igjennom som den kortbølgja, og energien blir dermed halden att i den lågaste delen av atmosfæren. Utan drivhuseffekten ville gjennomsnittstemperaturen på jorda ha vore om lag 18 C, ikkje +15 C, som han er no. Då hadde store delar av jorda vore dekt av is, og det ville vore uråd for menneske å bu i desse områda. Systemet har vore i balanse i millionar av år. Rett nok har det vore klimaendringar tidlegare òg, mellom anna på grunn av variasjonar i solaktiviteten, endringar i jordbana og jordaksen i forhold til sola og samansetjinga av gassane i atmosfæren. Dei klimaendringane vi ser i dag, kjem av ein dramatisk auke i middeltemperaturen på jorda, og denne auken kjem i hovudsak på grunn av menneskeleg aktivitet. Sidan den industrielle revolusjonen har CO2 konsentrasjonen i atmosfæren auka med nesten 40 prosent. No er konsentrasjonen Oppgåve 1: Eksperten Tenk deg at du er blitt ekspert på drivhuseffekten. Du har fått i oppdrag å halde eit kort foredrag for ei gruppe menneske som er nokre år yngre enn deg. Korleis ville du ha ordlagt deg? Kva døme ville du ha nytta? Kva for hjelpemiddel ville du ha trekt inn i foredraget for gi ei enkel og god forklaring? høgre enn han har vore dei siste 650 000 åra. Klimagassane lever lenge i atmosfæren. Sjølv om vi hadde slutta heilt med å sleppe ut klimagassar frå i dag av, ville temperaturen ha halde fram å stige i fleire tiår framover. Noko over halvparten av den menneskeskapte drivhuseffekten kjem av auka konsentrasjon av karbondioksid i atmosfæren. Men også andre gassar og partiklar har innverknad på drivhuseffekten. Les meir på Miljøstatus i Noreg: DRIVHUSEFFEKTEN miljostatus.no/drivhuseffekten FORKLARING: Kortbølgja stråling Langbølgja stråling JORDA sender ut langbølgja stråling. Klimagassar i atmosfæren absorberer ein del av energien i denne strålinga. 20% av desse strålane blir absorberte av atmosfæren. 50 % av strålane blir absorberte av jorda. KLIMAGASSER i atmosfæren absorberer langbølgja stråling frå jorda, og det gjer at temperaturen på jordoverflata aukar. Karbondioksid og vassdamp er døme på slike gassar. SOLA sender kontinuerleg kortbølgja strålar mot jorda. Drivhuseffekten 9 30 % av strålane reflekterer jorda ut i verdsrommet. ATMOSFÆREN består for det meste av oksygen og nitrogen. Ingen av desse gassane er klimagassar. Dei absorberer nemleg ikkje langbølgja stråling. Kjelde: http://www.amnh.org/exhibitions/climatechange/ Illustrasjon: Lettlest Media AS

10 2: Fakta Klimagassar Les meir på Miljøstatus i Noreg: KLIMAGASSER miljostatus.no/klimagasser Klimagassar 11 Konsekvensar av at temperaturen aukar: Dei viktigaste klimagassane er karbondioksid, metan, lystgass, ozon og fluorhaldige gassar. Auka konsentrasjon av karbondioksid (CO2) er den viktigaste årsaka til den globale oppvarminga. Dei andre gassane er også viktige, sjølv om det berre finst små mengder av dei. Årsaka er at desse gassane gir ein så sterk drivhuseffekt. FAKTA: n Overflatetemperaturen på jorda har auka med 0,74 C dei siste hundre åra. Sidan 1990 har vi opplevd 14 av dei varmaste åra som er blitt målte sidan ein tok til med globale målingar av lufttemperatur i 1850. n Temperaturen på jorda aukar i takt med aukande konsentrasjonar av klimagassar i atmosfæren. Til dømes har metan 21 gonger så sterk drivhuseffekt som CO2. Fluorhaldige gassar som svovelheksafluorid (SF6) og PFK gassar er blant dei klimagassane vi kjenner til som gir sterkast drivhuseffekt. Ei viss mengd SF6 fører til nesten 24 000 gonger så sterk oppvarming som ei tilsvarande mengd CO2 sett i eit hundreårsperspektiv. Vassdamp har også ein drivhuseffekt. Atmosfæren si evne til å halde på vassdampen aukar med temperaturen. Det gjer at vi får ein sjølvforsterkande effekt: Utslepp av klimagassar fører til høgre temperatur, som igjen fører til meir Kor mykje har temperaturen auka? Temperaturen kan kome 4 5 C over dagens nivå ved slutten av dette hundreåret om vi ikkje bremsar veksten i klimagassutsleppa. Det kjem til å få katastrofale følgjer for livet på jorda. n Noreg og EU har som mål å avgrense den globale temperaturauken til 2 C. Jamvel ein slik auke kjem til å få dramatiske konsekvensar. I store område kjem det ikkje vassdamp i atmosfæren. Dermed aukar temperaturen endå meir. På denne måten resulterer utslepp av ein klimagass som CO2 til ei monaleg kraftigare oppvarming enn den oppvarminga den direkte drivhuseffekten av klimagassen gir. Oppgåve 2: Kommentatoren Noreg og EU har som mål å avgrense den globale temperaturauken til 2 C. Kva konsekvensar vil ein auke på 2 C få ut frå illustrasjonen på neste side? Kva meiner du? Kommenter denne prognosen overfor ein kamerat. til å vere mogleg å bu, og millionar av menneske kan bli tvinga til å flytte frå heimane sine. KJELDER: FNs klimapanel IPCC: www.ipcc.ch Bjerknessenteret eit internasjonalt forskingssenter med fokus på høge breiddegradar: www.bjerknes.uib.no CICERO ein frittståande forskingsstiftelse knytt til Universitetet i Oslo: www.cicero.uio.no Vatn Økosystem Mat Kyststrøk Helse Einskildhendingar Kjelde: FNs klimapanel, 2007 +1 +2 +3 +4 +5 Auka tilgang på vatn i fuktige tropeområde og ved høge breiddegradar Redusert tilgang på vatn og meir tørke nær ekvator og i delvis uttørka område ved låge breiddegradar Talet på menneske som får merke følgjene: 0,4 til 1,7 milliardar Fleire utrydda amfibiar Meir korallbleiking Meir skadar som følgje av flaum og storm Lokal tilbaketrekking av isen på Grønland og i Vest-Antarktis 1,0 til 2,0 milliardar 1,1 til 3,2 milliardar Dei fleste korallar blir bleikte Endring i leveområde og auka fare for skogbrann Låge breiddegradar: Avlingane frå ein del kornsortar blir reduserte Middels til høge breiddegradar: Somme kornsortar kjem til å gi større avlingar Jordsmonn og vekstar går over frå å ta opp til å sleppe ut CO2 15 % av økosystema påverka 40 % av økosystema påverka Auka belastningar på grunn av feilernæring, diaré, infeksjonssjukdommar og hjarte- og lungesjukdommar Fleire sjuke og døde som følgje av hetebølgjer, r flaum og tørke 20 30 % av artane i større fare for å bli utrydda Omfattande utryddingar over heile joda Fleire menneske i fare for å bli utsette for flaum ved kysten kvart år: 0 til 3 millionar 2 til 15 millionar Endra fordeling av ein del smitteberarar Konsekvensane vil variere etter graden av tilpassing, omfanget av temperaturendringane og den sosio-økonomiske utviklinga. Omfattande koralldød Store belastningar for helsetenestene På sikt vil vi få eit havnivå som er fleire meter høgre, som følgje av at isen smeltar Endra marine økosystem fordi sirkulasjonen i Atlanterhavet blir svekt Avlingane frå alle kornsortar blir reduserte Reduksjon i visse regionar Omtrent 30 % tap av våtmarker ved kysten Endå fleire menneske får problem med vassforsyninga Endra kystlinjer over heile verda og overfløyming av lågtliggjande område

03: Konsekvensar Fattige utviklingsland, som har hatt små utslepp og medverka minst til å skape problemet, kjem til å bli hardast ramma av klimaendringane. Desse landa har også dei dårlegaste føresetnadene for å tilpasse seg endringane.

14 3: Konsekvensar Isen smeltar 15 Isen smeltar Ein naturleg konsekvens av høgre temperatur, er at is og snø smeltar. Satellittbilete viser klart at iskanten rundt innlandsisen på Grønland har trekt seg mykje tilbake på få år. Temperaturendringar har også ført til at landisen på Antarktishalvøya er blitt meir ustabil. Store isfjell blir brotne laus frå isbremmane som flyt på havet. Desse isbremmane er forlengingar av innlandsisen i Antarktis. Det er i første rekkje i denne delen av Antarktis vi ser at det skjer ei nedsmelting av isen. Smelting av iskappene på Grønland og Antarktis gjer at havet stig. Satellittbilete viser at utbreiinga av havisen om sommaren i Arktis har minka med om lag 34 prosent sidan 1979. Det fører ikkje til at havet stig, men vi får mindre isdekte område som reflekterer innstråling frå sola. I staden blir innstrålinga absorbert i havet, som då blir varmare. Dette forsterkar issmeltinga. Permafrost (jordgrunn som er frosen året rundt) tiner fleire stader. Når permafrosten tiner, blir det frigjort metangass, som er ein sterk klimagass. Dermed får vi ei endå sterkare global oppvarming. I tillegg oppstår det andre problem. I område der grunnen tiner, blir infrastrukturen og høvet til å transportere folk og varer også påverka. Bygningar som før stod støtt på frosen grunn, kan rase saman. Vi ser også endringar i økosystema. Det kan oppstå våtmarker der det før var permafrost og tørr tundra, og vegetasjonsdekket kan bli øydelagt. Det kan igjen føre til erosjon som gjer at jordsmonnet forsvinn. Oppgåve 3: Miljøjournalisten Tenk deg at du er tilsett som journalist i ei lita lokalavis i år 2050. Du har fått i oppdrag av redaktøren å intervjue ein fiskar (eller ein bonde) om dei utfordringane som har oppstått i yrket hans eller hennar på grunn av klimaendringane. Kva trur du han eller ho ville ha fortalt, og korleis ville du ha vinkla reportasjen? Noen døme: n Meir nedbør, særleg på Vestlandet og i Nord Noreg. FAKTA: n Ekstrem nedbør blir truleg meir vanleg, det same blir ras og flaum. n Temperaturen kjem til å stige over heile landet, mest i innlandet og i Nord Noreg, og mest om vinteren. n Grensa mellom mildt og vått vinterklima og kaldt innlandsklima med snø kjem til å flytte seg oppover i høgda og mot aust. n Kraftig tilbakegang av Klimaendringar og konsekvensar i Noreg isbrear mest sannsynleg kjem alle mindre isbrear til å forsvinne. n Både einskildartar og heile økosystem kan bli påverka negativt. Spesielt kjem artar som allereie er sårbare og truga, til å bli ramma. n Framande plantar og dyr kjem til å få betre vilkår (til dømes villsvin, mårhund, platanlønn og fleire insektartar). Dei kan vere eit trugsmål mot artar som høyrer heime her i dag. n Havet tek opp store mengder CO2. Det gjer at vatnet blir surare, og det fører til Oppgåve 4: Kart om konsekvensar av klimaendringar Gjer deg kjend med dette kartet frå Miljøstatus i Norge: www.miljostatus.no/ kart-over-klimaendringer Kva tankar gjorde du deg då du fekk denne informasjonen? Plukk ut dei viktigaste opplysningane. Fortel om dei til ein kamerat. mindre gunstige leveforhold for ulike typar av plankton og korallar. n Lengre vekstsesong og nye planteartar. Samtidig kan hyppigare og meir intens nedbør skape problem under innhaustinga og føre til erosjon. Eit varmare klima kan også gi oss fleire og nye skadedyr. KJELDER: Klimatilpasningsutvalet: www.nou-klimatilpassing.no CICERO: cicero.uio.no/fakta Miljøstatus i Norge: miljostatus.no senorge.no dagleg oppdaterte kart som gir opplysningar om snø, vêr, vatn og klima i Noreg: senorge.no

16 3: Konsekvensar Vêret endrar seg 17 Havet stig At havet stig, kjem både av at havet blir oppvarma, for vatn utvidar seg når det blir varmare, og av at is og snødekke på land smeltar. Om lag halvparten av alle menneske på jorda lever i kystnære område. Ca. 50 millionar menneske opplever flaum kvart år. Lagring av overflatevatn, utvinning av grunnvatn, bygging av reservoar, endringar av avløp og vatn som siv inn i formasjonar i grunnen Dersom havnivået stig med ein halv meter, kan dette talet bli dobla. Eit éin meter høgre havnivå kjem til å få dramatiske konsekvensar. Mange øyar og store kystområde blir då overfløymde. FNs klimapanel trur at vi får ei havnivåstiging på 20 60 cm innan 2100. Kva er det som får havnivået til å endre seg? Senka overflatenivå i elvedeltaregionar, landforflyttingar og forskyvingar i jordskorpa Endringar i sirkulasjonsmønsteret ved havoverflata og på havdjup, i tillegg til stormfloder Oppvarming av hava får vatnet til å utvide seg Kjelde: Philippe Rekacewicz (GRID-Arendal) Vital Climate Graphics 2002, basert på David Griggs i Climate Change 2001, synteserapport, bidrag frå arbeidsgruppe I, II og III til den tredje analytiske rapporten frå FNs klimapanel, Cambridge University Press, 2001 Ca. 50 millionar menneske opplever flaum kvart år. Vatn som er lagra på land i form av isbrear og iskapper, brotnar laus eller smeltar og renn ut i havet Vêret endrar seg VÅTARE DER DET ALLEREIE ER VÅTT Tropiske orkanar og tyfonar herjar stadig oftare og blir stadig sterkare. Når dei treffer kyststrøk der det bur folk, blir øydeleggingane enorme. Ofte fører dei også med seg store nedbørsmengder, og det forsterkar øydeleggingane. Også her heime opplever vi oftare ekstreme nedbørsmengder. Faren for flaum i elvane kjem til å auke i store delar av Europa. Kystområde kjem til å bli meir utsette for flaum og erosjon, og det vil vere til skade for busetnaden og jordbruket langs kysten. TØRRARE DER DET ALLEREIE ER TØRT I allereie tørre område fører auka fordamping til uttørking av jordsmonnet. Høgre temperaturar og mindre nedbør år etter år forsterkar forørkninga fleire stader. FNs klimapanel ventar ein reduksjon av dei landområda i Afrika som kan brukast til jordbruk. Her er allereie store område truga av tørke. DET BLIR VARMARE Temperaturen aukar mest over landområda ved polane. I Arktis aukar temperaturen dobbelt så mykje som gjennomsnittet i verda. Temperaturauken her er ekstra alvorleg, ettersom konsekvensane mindre snø og is som kan reflektere sollyset gjer at den globale oppvarminga blir forsterka. Allereie i dag er det mange millionar menneske som har dårleg tilgang på reint vatn. Får vi ein temperaturauke på 2 C, kan så mykje som éin til to milliardar menneske stå i fare for å misse tilgangen på reint vatn i 2050. I Nord-Europa kan høgre temperaturar gi fleire positive effektar for jordbruket, medan ein ventar at produksjonen i Sør- og Aust- Europa kjem til å gå ned på grunn av tørke. Tradisjonelle turiststader kjem til å bli påverka av temperaturauken. Det gjeld stader i Sør Europa dit folk dreg om sommaren, der vi får fleire hetebølgjer, og det gjeld vintersportsstader der ein allereie slit med snømangel. Kartet på neste side viser korleis klimaendringane påverkar vassforsyninga i verda.

18 3: Konsekvenser Trusselnivå ikkje noko lite n I dei seinare åra har vi stadig oftare fått meldingar om ekstremvêr som hetebølgjer, kraftige stormar, flaum, tørke og andre «unormale» vêrfenomen. FAKTA: Mykje tyder på at hetebølgjene og reduksjonen Truga vassforsyning og klimaendringar Forhold mellom uttak og tilgang på vatn (i 2000) moderat høgt svært høgt Regionar der ein ventar at klimaendringar fører til redusert tilgang på vatn. Kjelde: FNs klimapanel, 2007 Meir ekstremvêr fører til fleire katastrofar i kuldeperiodar i dei siste tiåra kjem av menneskeskapte klimaendringar. n Flaum, mellom anna i Europa, Søraust Asia og Afrika, og øydeleggjande tørke i andre delar av verda har truleg også samanheng med klimaendringane. n Hyppigare og meir intenst ekstremvêr i åra framover kan føre til fleire katastrofehendingar, som akutt tørke og overfløymingar. KJELDER: FNs klimapanel (engelskspråkleg): www.ipcc.ch FLEIRE SJUKDOMMAR Tropesjukdommar som malaria, gul feber og denguefeber kan spreie seg til nye område når det blir varmare. Meir flaum og tørke kan få store konsekvensar. Fleire kan bli underernærte, og sjukdommar som blir spreidde gjennom mat eller vatn, som kolera, salmonella og dysenteri, kan bli meir utbreidde. FLEIRE MÅ FLYKTE FN fryktar at om lag femti millionar menneske må flykte frå leveområda sine på grunn av den globale oppvarminga innan 2010. Men klimaflyktningar har ikkje status som flyktningar internasjonalt. Ifølgje FNs flyktningkonvensjon er ein flyktning ein person som flyktar frå forfølging på grunn av rase, religion, nasjonalitet, medlemskap i ei bestemt sosial gruppe eller politisk overtyding. Vedkomande må også ha kryssa ei landegrense, og det er det mange klimaflyktningar som ikkje gjer. Dyr og plantar får problem Overslag viser at ein gjennomsnittleg temperaturauke på om lag 2 C kan føre til at 20 30 prosent av alle artar i verda blir meir utryddingstruga. Dei fleste økosystem kjem til å få problem med å tilpasse seg. Eit varmare klima gjer at artar må flytte oppover i fjellet eller nordover. Nokre av dei artane som held til i fjellet og i Arktis, kjem til å Oppgåve 5: Ekstreme kriterium for kva som er nyhende? Journalistar er «glade i» ekstreme situasjonar. Det blir godt stoff. KVISA er ein enkel hugseregel for kva som er nyhendekriterium. KVISA står for Konflikt, Vesentleg, Identifikasjon, Sensasjon og Aktualitet. Ei sak har større sjanse til å kome med i media dersom saka er nær, vedkjem mange, har med ein maktperson eller kjendis å gjere, er uvanleg, er kjensleladd og det er mange pengar involvert. Kriteria for kva som er eit nyhende, kan vere vektlagde litt ulikt i ei riksavis og i ei lita lokalavis. Leit etter ei ekstrem klimahending i avisspaltene. Ville du ha presentert saka på same måten som avisa? Dyr og plantar får problem 19 misse leveområda sine og har ikkje nokon god stad å flytte til. Artar med små populasjonar er spesielt utsette. I Noreg kan artar som lever her no, bli fortrengde av artar som er tilpassa eit varmare klima. Eit døme er fjellreven, som berre finst i små populasjonar, og som allereie er ein svært truga art. I dei seinare åra har raudreven breidd seg lenger mot nord og oppover i fjellet. Tilgangen på mat for raudreven er blitt betre, mellom anna som følgje av eit varmare klima. Når raudreven etablerer seg i fjellet, kan det kome til å gå ut over fjellreven. Isbjørnen er heilt avhengig av havisen for å finne mat. Det viktigaste byttedyret for isbjørnen, ringselen, er om mogleg endå meir avhengig av havisen. Ringselen føder ungane sine i snøholer på isen. I ein del fjordar på vestkysten av Svalbard, der det ikkje har vore is om våren i dei siste åra, er det heller ikkje blitt fødd ringselungar. Slik blir ringselen, og dermed også næringsgrunnlaget for isbjørnen, truga.

Utslepp av klimagassar i Noreg fordelt på kjelde 20 15 04: Utsleppskjelder 10 Millionar tonn CO2-ekvivalentar 5 0 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 00 01 02 03 04 05 06 07 08 Industri Olje- og gassverksemd Vegtrafikk Andre mobile utslepp Landbruk Andre utslepp I Noreg kjem størstedelen av klimagassutsleppa frå olje og gassverksemd, transport og industri. Auka økonomisk aktivitet fører til auka utslepp av klimagassar, særleg gjeld det utslepp av CO2 frå olje og gassverksemd og transport. Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Statens forureiningstilsyn 2009 ilde: Statistisk sentr

22 4: Utsleppskjelder 23 OLJE OG GASS I Noreg står olje- og gassverksemda for ein stor og aukande del av klimagassutsleppa. Størsteparten av utsleppa er knytt til straumproduksjon ved FAKTA: Utslipp av klimagasser i 2008* (totalt 53,8 mtonn CO2-ekvivalenter) Andre utslepp 7% Landbruk 8% Andre mobile utslepp 13% Vegtrafikk 19% *førebels tal Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Statens forureiningstilsyn 2009, www.miljostatus.no www.miljostatus.no bruk av gass på plattformene, og til fakling av naturgass. Teknisk sett er det mogleg å redusere utsleppa monaleg. Utslepp av klimagassar i 2008* Industri 26% Olje- og gassverksemd 27% *foreløpige tall Kilde: Statistisk sentralbyrå, Statens forurensningstilsyn, 2009 TRANSPORT Ein stor del av klimagassutsleppa i Noreg kjem frå transportsektoren. 40 personar i ein buss gir mindre utslepp enn 40 personar i kvar sin bil. Også tiltak som reduserer behovet for transport, til dømes ei meir kompakt utbygging av byar og tettstader, kan medverke til å redusere utsleppa. Det vil også meir drivstoffgjerrige køyrety eller bruk av fornybar energi i køyretya gjere. Dersom ein større del av transporten blir overført til jernbane, unngår vi utslepp frå vegtrafikk. INDUSTRI Utsleppa av klimagassar frå industrien blei redusert med 27 prosent frå 1990 til 2008. n CO2-ekvivalentar: For å kunne samanlikne kva evne dei ulike klimagassane har til å varme opp atmosfæren, kan vi rekne dei om til CO2-verdiar, såkalla CO2-ekvivalentar. Alle utslepp kan då samanliknast direkte, ettersom dei får same eining. UTSLEPPSKJELDER OG TILTAK: Miljøstatus i Noreg: miljostatus.no/kilder-til-utslipp (totalt 53,8 mtonn CO2-ekvivalentar) Forbetringar i prosessane og andre tiltak har ført til reduserte utslepp av fleire klimagassar, særleg fluorhaldige gassar. Utsleppa av CO2 har auka noko. Sjølv om utsleppa totalt sett har gått ned, er det mogleg å få til ytterlegare reduksjonar gjennom prosessforbetringar og energieffektivisering. LANDBRUK Utsleppa av klimagassar frå landbruket har vore stabile sidan 1990 og utgjer om lag åtte prosent av dei samla utsleppa. Landbruket er den største kjelda til utslepp av metan og lystgass. AVFALL Utsleppa frå avfallsdeponi utgjer om lag to prosent av klimagassutsleppa i Noreg, og noko over ein firedel av metanutsleppa. Metangassen blir danna når organisk n Ein kan lett kjenne seg makteslaus når ein grublar på globale spørsmål, til dømes klimaendringane. FAKTA: Men det finst mykje du kan gjere noko med. All endring begynner med deg sjølv. materiale, som matavfall og papir, blir brote ned utan tilførsel av oksygen. I 2009 blei det forbode å deponere organisk materiale. Over tid kjem dette til å ha stor effekt på utsleppa frå avfallssektoren. OPPVARMING AV HUSVÆRE I Noreg er klimagassutsleppa frå oppvarming av bustadhus små, for størsteparten av oppvarminga skjer ved hjelp av elektrisitet produsert av vasskraft. Billig vasskraft har ført til høgt elektrisitetsforbruk og svak motivasjon for energieffektivisering og bruk av alternative energikjelder. Energieffektivisering gir ein klimagevinst anten oppvarminga skjer ved bruk av olje, gass eller elektrisitet. Gevinsten kjem først og fremst av at mindre import eller auka eksport av elektrisitet fører til mindre utslepp frå anlegg i Rekn ut dine eigne utslepp Klimakalkulator: n Ved hjelp av klimakalkulatorar kan du rekne ut dine eigne utslepp av klimagassar. På bakgrunn av klimaprofilen din kan du så gi ein lovnad om å kutte i eigne utslepp. Ein nordmann slepper ut ca. 12 tonn CO2 i året, tre gonger så mykje som gjennomsnittet i verda. utlandet som bruker fossile brensel. Overgang til alternative energikjelder som bioenergi, spillvarme, varmepumper og solenergi kan redusere oljeforbruket, og kan også redusere behovet for å byggje ut meir gass-, vass- og vindkraft. Oppgåve 6: Miljødetektiven Tenk deg at du er utnemnd til miljødetektiv på heimstaden din. Du har fått i oppdrag å finne dei største klimagasskjeldene. Korleis vil du gå fram? På kva tidspunkt og korleis vil du informere pressa om funna dine? KLIMAKALKULATORAR: Enova: www.minenergi.no Klimakutt: www.klimakutt.no Mitt klima: www.mittklima.no Klimaløftet: www.klimaloftet.no/ Klimaloftet/Klimakalkulator/ co2.sft.no: www.sft.no/co2

PER INNBYGGJAR LANDA 05: RIKE HAR DEI UTSLEPPA STØRSTE Tiltak Både internasjonalt og nasjonalt blir det arbeidd med å få på plass avtaleverk for å redusere omfanget av klimaproblema. Styresmaktene har eit stort ansvar for å syte for at utsleppa blir reduserte. Det er også mykje den einskilde kan gjere. DEI

26 Foto: Statens forureiningstilsyn 5: Tiltak Internasjonalt samarbeid FNs klimakonvensjon er det sentrale rammeverket for internasjonalt samarbeid når det gjeld å kjempe mot klimaendringar og førebu tilpassingar til klimaendringar. Konvensjonen blei vedteken i 1992 og blei sett i kraft i 1994. I alt 192 land har slutta seg til konvensjonen. Artikkel 2 i klimakonvensjonen definerer målet for arbeidet slik: «... stabilisere konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren på eit nivå der vi unngår farleg menneskeleg påverknad på klimasystemet.» Konvensjonen slår fast fleire viktige prinsipp for klimaarbeidet, til dømes at industrilanda har eit særskilt ansvar for å gå føre i prosessen med å redusere klimagassutsleppa. Kyotoavtalen under Klimakonvensjonen fastset bindande og talfesta forpliktingar når det gjeld utslepp frå industrilanda. Målet er å redusere det samla utsleppet av klimagassar frå industrilanda med minst fem prosent i forhold til 1990 nivået i perioden 2008 2012. Den prosentvise storleiken på forpliktingane varierer frå land til land. Noreg har forplikta seg til å ikkje auke utsleppa med meir enn éin prosent frå 1990 til 2008 2012. Kyotoavtalen blei sett i kraft i 2005. No har meir enn 180 land slutta seg til avtalen. USA, som er eit av dei landa som har størst utslepp av klimagassar per innbyggjar, har valt å stå utanfor. KINA STØRST I VERDA Kina har gått forbi USA som det landet i verda som har dei største totale utsleppa. Men i forhold til folketalet er det framleis dei rike landa som har dei største utsleppa. Ein gjennomsnittleg amerikanar har fem gonger så høge utslepp som ein gjennomsnittleg kinesar. I 2012 er den første avtaleperioden i Kyotoavtalen omme. Det går føre seg forhandlingar om ein ny avtale som skal ta til å gjelde frå 2013. Desse forhandlingane skal etter planen avsluttast på eit møte i København i desember 2009. Følg med i media: Kva blei resultatet av møtet? No har meir enn 180 land slutta seg til avtalen. USA, som er eit av dei landa som har størst utslepp av klimagassar per innbyggjar, har valt å stå utanfor. Les meir på Miljøstatus i Noreg: KYOTOAVTALEN miljostatus.no/kyotoavtalen Internasjonalt samarbeid 27 Kva er FNs klimapanel? n FNs klimapanel, Intergovernmental Panel on Climate Change, IPCC, blei etablert i 1988. I 2007 fekk IPCC Nobels fredspris saman med Al Gore. n Klimapanelet driv ikkje eiga forsking, men vurderer og samanfattar den nyaste vitskaplege litteraturen som er relevant for å forstå menneskeskapte klimaendringar og moglege tiltak og tilpassingar. Rapportane frå IPCC blir haldne for å vere det viktigaste faglege grunnlaget for den internasjonale klimapolitikken. n Den siste hovudrapporten frå Klimapanelet kom i 2007. Meir enn tusen forskarar frå 130 land deltok i arbeidet med rapporten. n Den neste hovudrapporten frå FNs klimapanel kjem i 2014. KJELDER: Statens forureiningstilsyn: www.sft.no FNs klimapanel (engelskspråkleg): www.ipcc.ch FAKTA:

28 5: Tiltak Kva gjer vi i Noreg? 29 Kva gjer vi i Noreg? Gjennom regjeringa si klimamelding frå 2007 og klimaforliket i Stortinget har Noreg sett seg meir ambisiøse mål enn det som ligg til grunn i Kyotoavtalen. Målet er at klimagassutsleppa skal vere ni prosent lågare i perioden 2008 2012 enn i 1990. Det skal skje gjennom ein kombinasjon av tiltak i Noreg, samarbeidsprosjekt med andre land og kjøp av kvotar i utlandet. Noreg gir også tre milliardar norske kroner per år i fem år til bevaring av regnskog i utviklingsland. Noreg innførte ei CO2 avgift i 1991. Denne avgifta og andre verkemiddel har ført til at utsleppa har vore lågare enn dei elles ville ha vore. Men verkemidla har ikkje vore tilstrekkelege til å få dei norske klimagassutsleppa ned. Frå 1990 til 2008 auka utsleppa med åtte prosent. Årsaka er først og fremst ein kraftig auke i utsleppa frå transportsektoren og frå olje og gassverksemda. Utsleppa frå industrien har derimot gått ned med 27 prosent. I klimameldinga frå 2007 er det presentert handlingsplanar for korleis dei ulike sektorane i samfunnet skal medverke til å redusere utsleppa av klimagassar. I klimaforliket i Stortinget blei Oppgåve 7: Kva føreslår du? Klimakur 2020, www.klimakur2020.no, jobbar med forslag som kan redusere utsleppa av klimagassar. Kva trur du kan føre til mindre utslepp? Diskuter dette i klassa. Send gjerne forslaga dine til lokalavisa. Kanskje kjem dei på trykk? målet for reduksjon av klimagassutsleppa innan 2020 sett til 15 17 millionar tonn. Miljøverndepartementet har gitt Statens forureiningstilsyn (SFT) i oppdrag å leie ei gruppe som har fått namnet Klimakur 2020. Gruppa vil kome med forslag til korleis ein kan oppnå ein slik reduksjon. Oppgåve 8: Kanskje ei gåve? Klimakvotar er nemninga på omsetjelege rettar til utslepp av klimagassar. Éin klimakvote svarer til utslepp av eitt tonn karbondioksid (CO2). Ønskjer du deg ein klimakvote til jul? Det kan du kjøpe her: http://co2.sft.no, eller her: www.mittklima.no. Noreg gir også tre milliardar norske kroner per år i fem år til bevaring av regnskog i utviklingsland. FAKTA: n Klimakvotar er fritt omsetjelege løyve til å sleppe ut klimagassar. Éin kvote svarer til utslepp av eitt tonn CO2. n Kvotehandel: Kyotoavtalen tillèt internasjonal kvotehandel. Eit i-land kan selje ein Kvotehandel korleis fungerer det? del av det utsleppet landet har fått tildelt, til eit anna i-land. Seljarlandet må då redusere sine utslepp meir enn det som er avtalt i Kyotoavtalen, medan kjøparlandet kan redusere sine utslepp mindre enn avtalt. n Det norske kvotesystemet: I Noreg har mange bedrifter ei kvoteplikt. Styresmaktene set eit tak på kor store mengder med klimagassar desse bedriftene har lov til å sleppe ut til saman. Bedriftene må syte for å ha kvotar som svarer til utsleppa. Kvotane blir tildelte gratis og/ eller auksjonerte ut til bedriftene. Hovudsiktemålet med kvotesystemet er å redusere klimagassutsleppa. Styresmaktene utferdar færre klimakvotar enn det forventa utsleppet frå bedriftene. Bedriftene må derfor anten redusere utsleppa sine, eller dei må kjøpe klimakvotar frå andre som har redusert sine utslepp. Noreg er tilslutta EU sitt kvotesystem. Kvotar som blir delte ut av nasjonale styresmakter i EU landa, er også gyldige i Noreg. Norske bedrifter kan handle med kvotar både seg imellom og med bedrifter i EU. n Frivillige kvotar: Som privatperson kan du kjøpe frivillige kvotar, til dømes når du skal ut og flyge. Både Statens forureiningstilsyn og fleire miljøorganisasjonar tilbyr slike kvotar. n Her kan du kjøpe kvotar: Statens forureiningstilsyn (SFT): www.sft.no/co2 Framtiden i våre hender: mittklima.no

30 5: Tiltak Lokale klimaplanar 31 Lokale klimaplanar Kommunane kan yte eit stort bidrag når det gjeld å redusere dei samla utsleppa av klimagassar i Noreg. Dei kan setje i gang tiltak i eiga drift, gi føringar for utviklinga i kommunen og stimulere andre aktørar til å redusere sine utslepp. Særleg kan kommunane påverke utslepp frå transport, avfallsdeponi, landbruk og energibruk i FAKTA: n Følg med på nyhende om klimaendringar: CICERO: www.cicero.uio.no/whatsnew/ Norske aviser: Aftenposten.no/klima Dagbladet.no/miljo Den britiske avisen Guardian: Guardian.co.uk/environment bustadhus og næringsbygg. Mange kommunar har for lenge sidan forstått det ansvaret dei har, og har utarbeidd eigne lokale klima og energiplanar. Det kan vere ein god idé å undersøkje om heimkommunen din har slike planar. Kriseberedskapen blir også stadig viktigare når klimaet endrar seg. Kommunane må mellom anna Klimalenkjer LINKAGES The International Institute for Sustainable Development - informasjon om internasjonale forhandlingsmøter under FNs klimakonvensjon på engelsk: www.climate-l.org/ n Andre lenkjer: Miljøstatus i Noreg -informasjon om klimaendringar, utslepp av klimagassar, viktige utsleppskjelder og tiltak: www.miljostatus.no senorge.no - dagleg oppdaterte lage beredskapsplanar for ras og flaum og for øydelagde hus, vegar og bruer som følgje av hyppigare ekstremnedbør. Det er også viktig å førebyggje skadar gjennom god planlegging. Du kan undersøkje om heimkommunen din tek omsyn til klimaendringar i arealplanlegginga. kart som gir opplysningar om snø, vêr, vatn og klima i Noreg: www.senorge.no Klimaløftet oppgåver: http://www.klimaloftet.no/ Klimaloftet/Skoler/Pedagogiskeverktoy/ Klimakommune.no - informasjon for kommunane i arbeidet med tilpassingar til klimaendringar: www.klimakommune.no Kriseberedskapen blir også stadig viktigare når klimaet endrar seg. Kommunane må mellom anna lage beredskapsplanar for ras og flaum og for øydelagde hus, vegar og bruer som følgje av hyppigare ekstremnedbør. Korleis tilpassar vi oss? n Klimagassane lever lenge i atmosfæren. Sjølv om vi hadde slutta heilt med å sleppe ut klimagassar i dag, ville temperaturen ha halde fram å stige i fleire tiår framover. Det vil seie at arbeid med tilpassingar til klimaendringar må skje samtidig med at vi held fram arbeidet med å redusere utsleppa. n Etter forslag frå Noreg har FNs klimapanel vedteke å lage ein eigen rapport om ekstreme klimahendingar, med sikte på å setje fattige land betre i stand til å takle dei. n I Noreg har regjeringa oppnemnt eit utval som greier ut korleis Noreg kan tilpasse seg klimaendringane. Utvalet kjem med ein rapport mot slutten av 2010. FAKTA:

06: Kva kan du gjere? Du kan ta i bruk dette heftet frå Avis i Skolen og miljostatus.no og i tillegg bruke nokre av oppgåvene her eller på nettstadene til Avis i Skolen eller miljostatus.no. Du kan også setje i gang prosjekt for å redusere klimagassutslepp heime og på skulen gjennom straumsparing, mindre bilkøyring, sortering av avfall osv.

34 6: Kva kan du gjere? Inviter personar med klimakompetanse Kva læringsmål bør du setje? Personar med kompetanse og læringsmål 35 Det finst personar med spesiell klimakompetanse i nærmiljøet ditt. I kommunen finst det kompetanse på energi og oppvarming av offentlege bygg som skular, sjukeheimar, rådhuset eller liknande. Miljøvernavdelinga hos fylkesmannen kan vere eit anna tips eller kontakt eldsjeler i ulike miljø-organisasjonar, som Natur og Ungdom, Greenpeace, Naturvernforbundet, Bellona, Fremtiden i våre hender eller andre. Dei kan inviterast til eit vel førebudd intervju eller rett og slett til å halde eit foredrag om klimaproblemet sett frå deira synsvinkel. FAKTA: ENGASJER DEG I KLIMASPØRSMÅL Dette heftet er berre meint som ei innføring i temaet. Mykje av informasjonen er henta frå nettstaden miljostatus.no, som miljødirektorata står bak. Aviser, både på nettet og på papir, kan vere gode kjelder til oppdatert kunnskap om temaet. Utviklinga når det gjeld global oppvarming går fort, og stadig blir det lagt fram nye forskingsresultat. Vi må derfor jamleg søkje ny kunnskap dersom vi har som mål å delta i ein dagsaktuell miljø-medviten dialog. FNs konvensjon om barnerettane born har rett n Som vaksne har vi ansvar for å spreie informasjon som fokuserer på løysingar, og gi rom for og høve til at born kan danne seg eigne meiningar og gi uttrykk for dei. Oppgåve 9: Eit klima-arrangement Ta initiativ til eit arrangement om klimaendringane på skulen, i nærmiljøet eller for familien. Tenk igjennom: Kva vil du seie? Kva vil du oppnå med arrangementet? Kven vil du samarbeide med? Kven vil du invitere? Kva vil du gjere for å få målgruppa til å kome? Kvar skal det heile gå føre seg? Korleis vil du marknadsføre arrangementet? Osv. Planlegg, førebu og set planane ut i livet dersom det er råd å gjennomføre dei! Artikkel 12 Partane skal garantere eit barn som er i stand til å skape seg sine eigne sjølvstendige meiningar, retten til fritt å gi uttrykk for desse meiningane i alle samanhengar som gjeld barnet. Hans eller hennar meiningar skal ha slik vekt som svarer til det alders og modningssteget barnet står på. Artikkel 13 Barnet skal ha rett til ytringsfridom; denne retten skal omfatte fridom til å søkje, ta imot og spreie informasjon og Oppgåve 10: Sei kva du meiner! I denne saka er det svært viktig at unge meiningar kjem til orde i det offentlege ordskiftet. Det er jo de unge som «skal arve jorda»! Formuler bodskapen din klart og tydeleg og nytt dei offentlege kanalane som er tilgjengelege, som lesarbrev og bloggar. De kan også lage plakatar og arrangere utstillingar og diskusjonsforum. Gå på jakt etter fleire slike offentlege meiningsarenaer. På dei neste sidene finn du mål som du kan hake av etter kvart som arbeidet med dette heftet er gjort. Det er mål etter 7. trinn i faga NORSK og NATURFAG som er lista opp. Mål for andre fag og trinn kan også vere aktuelle, mellom andre RLE (religion, livssyn og etikk), kunst og handverk og matematikk. Det er eit viktig poeng at elevane ved å følgje med i ulike medium, samtidig som dei arbeider med eit dagsaktuelt tema, får lære om viktige sider ved demokratiet vårt og den etikken som gjeld i samfunnet. Dessutan lærer dei å vere kritiske til dei kjeldene dei bruker. Fleire av oppgåvene i dette heftet gjeld nettopp kjeldekritikk. GRUNNLEGGJANDE DUGLEIKAR I FAGET Å kunne bruke digitale verkty i norsk er nødvendig for å meistre nye tekstformer og uttrykk. Bruk av digitale verkty kan støtte og utvikle dugleikar i kommunikasjon og presentasjon. Dette opnar for nye læringsarenaer og gir nye reiskapar i lese og skriveopplæringa og i produksjon, komponering og redigering av tekstar. I denne samanhengen er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kjelder. til informasjon og til å gi uttrykk for eigne meiningar idear av alle slag utan omsyn til grenser, og anten det skjer munnleg, i skrift eller på trykk, i kunstnarleg form eller gjennom eit anna medium som barnet sjølv vel. Artikkel 17 Partane godtek den viktige oppgåva som massemedia utfører, og skal sikre barnet tilgjenge til informasjon og stoff frå eit mangfald av nasjonale og internasjonale kjelder, særleg slike som siktar mot å fremme hans eller hennar sosiale, åndelege og moralske velvære og fysiske og mentale helse. KJELDER: FNs konvensjon om barnerettane: www.unicef.no/barnekonvensjonen Barneombodet: www.barneombudet.no Miljøagentane: www.miljoagentene.no

36 6: Kva kan du gjere? Læreplan i norsk 37 Læreplan i norsk KOMPETANSEMÅL ETTER 7. ÅRSTRINN Muntlige tekster Mål for opplæringen er at eleven skal kunne: Målet oppnådd Sammensatte tekster Mål for opplæringen er at eleven skal kunne: Målet oppnådd n opptre i ulike språkroller gjennom rollespill og drama, opplesing, intervju og presentasjoner n lytte til andre, uttrykke og grunngi egne standpunkter og vise respekt for andres n lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy n bruke sang, musikk og bilder i framføringer og presentasjoner n drøfte hvordan språk kan uttrykke og skape holdninger til enkeltindivider og grupper av mennesker n bruke estetiske virkemidler i egen tekstproduksjon n drøfte og vurdere skjønnlitterære tekster med utgangspunkt i egne opplevelser og med forståelse for språk og innhold n vurdere tekster, TV-programmer, reklame, musikk, teater og film og begrunne egne medievaner n gi en begrunnet vurdering av andres muntlige framføringer n bearbeide digitale tekster og drøfte virkningene n presentere et fagstoff muntlig med mottakerbevissthet med eller uten hjelpemidler

38 6: Kva kan du gjere? Læreplan i naturfag 39 Læreplan i naturfag KOMPETANSEMÅL ETTER 7. ÅRSTRINN Forskerspiren Mål for opplæringen er at eleven skal kunne: Målet oppnådd Fenomener og stoffer Mål for opplæringen er at eleven skal kunne: Målet oppnådd n formulere spørsmål om noe han eller hun lurer på, lage en plan for å undersøke en selvformulert hypotese, gjennomføre undersøkelsen og samtale om resultatet n forklare hvorfor det er viktig å lage og teste hypoteser ved systematiske observasjoner og forsøk, og hvorfor det er viktig å sammenligne resultater n bruke digitale hjelpemidler og naturfaglig utstyr ved eksperimentelt arbeid og feltarbeid n gjøre greie for bruk av noen energikilder før og nå og beskrive konsekvenser for miljøet lokalt og globalt n foreta relevante værmålinger og presentere resultatene med og uten digitale hjelpemidler n beskrive sentrale egenskaper ved gasser, væsker, faste stoffer og faseoverganger ved hjelp av partikkelmodellen n trekke naturfaglig informasjon ut fra enkle naturfaglige tekster i ulike medier n publisere resultater fra egne undersøkelser ved å bruke digitale verktøy Teknologi og design Mål for opplæringen er at eleven skal kunne: Målet oppnådd n planlegge, bygge og teste mekaniske leker, beskrive ulike bevegelser i lekene og prinsipper for mekaniske overføringer n planlegge, bygge og teste enkle produkter som gjør bruk av elektrisk energi, forklare virkemåten og beskrive prosessen fra idé til ferdig framstilt produkt n gjøre greie for hvordan man gjennom tidene har brukt overføring av bevegelse til å utnytte energi i vind og vann

40 6: Kva kan du gjere? Konkrete arbeidsoppgåver Nedanfor følgjer 35 oppgåver som du kan bruke i undervisningsopplegget ditt: 1:1: LÆR OM KRITERIUM FOR KVA SOM BLIR REKNA SOM NYHENDE n Ved å følgje eit aktuelt miljøproblem over tid kan de få eit visst inntrykk av kva som har gjort at ei hending er blitt eit nyhende. Har det skjedd noko brått? Er det gitt ut bøker eller rapportar om saka? Det er nyttig å lære seg litt om kriterium for nyhende før eller under dette arbeidet. 2: NYHENDEMELDING ELLER FAGARTIKKEL? n Korleis kan informasjon om klimaendringar nå fram til folk flest? Prøv å samle stoff om ei slik sak. Skriv ein artikkel eller ei meiningsytring om emnet, og prøv om de kan få artikkelen publisert. Ta gjerne kontakt med lokalavisa. 3: LAG EIN POWERPOINT-PRESENTASJON n Lag ein Powerpoint presentasjon om energibruk i nærmiljøet. Tenk ut kva de vil seie og til kven. Temaet kan også vere kulturlandskapet rundt skulen, verneverdige område i nærmiljøet eller døme på vakre motiv i nærmiljøet. 4: PRØV DEG SOM JOURNALIST n Er det nokon nyhende knytte til klimaet i nærmiljøet dykkar nett no? De kan bruke fleire kjelder, til dømes kommunen, miljøorganisasjonar, miljøvernavdelinga hos fylkesmannen og einskildpersonar. Lag ei liste over dei kjeldene de kan kome på. Dersom de kjem over nyhende, kan de presentere dei i skuleavisa eller tipse lokalavisene, nærradioen eller NRK. Følg nøye med om tipset blir følgd opp. 5: FILM SOM FAKTAKJELDE n Grupper med elevar som arbeider med eit tema, kan velje seg filmar og tinge dei på film eller DVD. Medan dei ser filmane, kan dei notere faktaopplysningar som er interessante for gruppearbeidet. 6: STUDER MILJØTIDSSKRIFT n Kva finst av tidsskrift som tek opp miljøspørsmål? De kan først finne ut kva tidsskrift klassa veit om, og deretter ringje eller besøkje til dømes Narvesen, Bladkompaniet eller andre for å finne ut om de kan forlengje lista. Biblioteka har også slike oversikter. Der har dei sikkert også fleire av tidsskrifta til gjennomsyn eller utlån. Undersøk: n Kven gir ut tidsskriftet? n Kven er målgruppa? n Kva formål har tidsskriftet? Lag eit skjema der de noterer dei opplysningane de finn fram til. 7: DRØFT OMGREPA SUBJEKTIVITET OG OBJEKTIVITET n Når vi veit kven som har sendt ein bodskap gjennom media, og kva siktemål sendaren har, er det interessant å sjå på vinklinga av det stoffet som blir presentert. I dei aller fleste tilfella vil stoffet vere spesielt utvalt, og dessutan blir stoffet som regel gitt ei spesiell vinkling og vektlegging. Vi seier at bodskapen er subjektiv. Sjølv om mange medium hevdar at dei ønskjer å presentere saker objektivt, viser det seg at dette er eit prinsipp som det kan vere svært vanskeleg å følgje. Mange av dei tidsskrifta som tek for seg miljøspørsmål, er medvite subjektive. Ofte kan vi finne at sakene er kraftig vinkla. Leit etter tydelege døme og drøft dei i klassa. 8: FINN KJELDENE n Bakgrunnen for eit oppslag i avisa kan vere eit tips frå ein lesar. Andre kjelder kan vere politiet, politikarar eller tilsette i kommune, stat eller næringsliv. Andre medium kan også vere nyttige kjelder. Leit fram nokre klimasaker frå nokre aviser. Prøv om de kan finne ut: n Kven har tipsa om denne saka? (Gjett!) n Kva kjelder har journalisten brukt? n Har saka fått noka vinkling (gjennom tekst eller bilete)? 9: SØK PÅ INTERNETT n Søk med Google, Kvasir, Yahoo eller andre søkjemotorar. Skriv inn ord som «klima» eller «global Konkrete arbeidsoppgåver 41 oppvarming» i søkjefeltet på søkjemotoren. Sjå kva søkjemotorar som får flest treff. På www.cicero.uio.no og www.miljonytt. no finst det ei oversikt over nyhendestoff om miljøspørsmål i norske og utanlandske aviser. Stoff som de får tak i gjennom eit slikt søk, kan danne grunnstammen i eit hefte om klima eller vere eit supplement til miljønummeret av skuleavisa. 10: LAG GRAFISKE FRAMSTILLINGAR n Mange miljøsaker blir overvakte ved observasjonar, målingar og prøvetaking. Ei enkel oppgåve kan vere å notere den dagtemperaturen de finn i ei dagsavis gjennom ei viss tid. Denne temperaturen kan gjerne samanliknast med eigne målingar. De kan også gå inn på nettsidene til Statistisk sentralbyrå (www.ssb.no) eller Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no/kart og miljodata/) og laste ned statistikk og lage grafiske framstillingar av dei statistiske data. 11: HALD KLASSEMØTE OVER DAGENS AVIS n Kva finst av klimastoff i avisa i dag? Ved å ha klassa i ein ring rundt seg treng ein ikkje meir enn éi avis for å finne svar på dette spørsmålet. Læraren bør helst ha kika i avisa på førehand og skumlese dei aktuelle sakene. Etter kvart vil også dei mest interesserte elevane, for å vere godt førebudde, ha kika igjennom avisa før dei kjem på skulen. Dei kan etter kvart også få i oppgåve å leie klassemøta. Stoffet de finn, kan de anten registrere ved å føre ein logg, eller de kan klippe det ut og hengje det på ei oppslagstavle.

42 6: Kva kan du gjere? Konkrete arbeidsoppgåver 43 12: SKAFF DEG SYNSPUNKT n Vel ei kontroversiell klimasak. Leit fram ulike synspunkt i saka ved til dømes å lese lesarinnlegg, artiklar og tidsskrift, eller ved å følgje med i radio og fjernsyn eller på bloggar. Slike saker kan vere «buss eller privatbil» eller «tog eller fly». De kan setje opp synspunkta på to sider av ein vertikal strek (for/imot) eller la halve klassa finne argument for og resten imot 13: KØYR PANELDEBATT n Denne oppgåva kan gjerne sjåast i samanheng med den førre. Dei argumenta de samla i den førre oppgåva, kan brukast i til dømes eit rollespel i form av ein paneldebatt. Del ut roller som representerer ulike meiningar om saka. Vel også ein ordstyrar. Paneldebatten kan anten haldast i ein seriøs tone, eller gjerast meir eller mindre parodisk. I somme tilfelle kan debatten brukast som utgangspunkt for ein sketsj til underhaldning. Det kan også vere aktuelt å lage ein video av debatten. Stikkord for ein videoproduksjon: n bruk stativ, kamera i augehøgd n bruk gjerne ekstra lys n bordmikrofonar gir betre lyd n namneskilt til debattantane, eller de kan bruke tittelfunksjonen på kameraet både til namn på deltakarar og til opningsbiletet og rulleteksten i programmet 14: YOUTUBE INFORMERER OM GLOBAL OPPVARMING n La elevane oppleve natur på film eller video. Vis gjerne ein film som rører litt ved kjenslene! Prøv med søkjeord som «global oppvarming», «klimakrise» eller «matvarekrise» i søkjefeltet til til dømes YouTube. 15: VER KRITISK TIL KJELDENE n Kjeldekritikk er eit ord alle elevar bør lære seg. Skjulte agendaer kan vere spennande å finne ut av. Det kan vere svært vanskeleg avsløre kven som eigentleg står bak ein bodskap. Det er særleg vanskeleg på Internett! Wikipedia er ein encyklopedi på over to hundre språk, som blir skriven av frivillige bidragsytarar frå heile verda. Innhaldet kan kopierast og brukast fritt. Det heile begynte i 2001, og no finst det over elleve millionar artiklar. Av dei finst over 230 000 i den norske bokmålsutgåva og 50 000 i nynorskutgåva. Kor sikker kjelde er Wikipedia når kven som helst kan skrive artiklar der? Finn fram til Wikipedia (den norske utgåva) og søk på «global oppvarming». Kan du stole på det som står artikkelen? Kva kjeldetilvisingar er brukte? 16: LES GODE KLIMABØKER n Den vanlege «pensumlista» over bøker som elevane skal lese, kan med fordel innehalde ein del bøker med miljøinnhald. Fleire norske forfattarar, til dømes Klaus Hagerup, har skrive bøker om temaet. Bøkene om regnmakarane n Korleis skal planeten Jonia reddast? Korleis hadde det vore å bu i store bilhus? Kven er forrædaren? Og korleis kan det vere å leve på Rustiania? Regnmakar-bøkene er ein spennande introduksjon til energifaglege tema. Bøkene er skrivne av Klaus Hagerup og er ein trilogi som bør lesast i rekkjefølgje. Alternativt kan den første boka lesast for seg, og elevane kan så kome med forslag til vidare historie. Bakarst i del I og II er det energifaglege spørsmål knytte til innhaldet i bøkene. Dei figurane elevane blir kjende med gjennom bøkene, finst også på www.regnmakerne.no og andre stader der regnmakarane er til stades. Bøkene er sende til alle grunnskular som klassesett. Del I, Regnmakarne Del II, Kampen om Jonia Del III, Jorda vår skal leve 17: SKRIV OM EIN KLIMAFILM n Film kan gi inspirasjon til skriving innanfor mange sjangrar, til dømes noveller, dikt og lesarinnlegg. Særleg når vi har sett ein film som rører litt ved kjenslene, har vi eit svært godt utgangspunkt for skriving. 18: OPPSLAGSTAVLE MED KLIMASTOFF n Set av litt veggplass i klasserommet til klimastoff gjennom ein periode. Klipp ut artiklar og biletstoff frå aviser, vekeblad og tidsskrift. 19: DAGENS KLIMANYHENDE n Elevane kan på omgang få i oppdrag å presentere eit nyhende om klimakrisa for dei andre i klassa, til dømes fem minutt kvar dag eller ein bestemt dag i veka. 20: KLIMANYHENDE DIREKTE FRÅ NYHENDEBYRÅA n Alle nyhendebyrå har sin eigen nettstad. Leit etter nyhendebyrå på nettet. Kor mange finn du? 21: INFORMER OM BEREPOSAR n Bereposar kan vi sjå på som eit massemedium. Dei har ein reklamebodskap, og i tillegg har dei gjerne ei påskrift som argumenterer for at posen er miljøvennleg. De kan samle slike bereposar og samanlikne reklamen og miljønotisane. Kor miljøvennlege dei er, kan diskuterast. Er til dømes ein plastpose miljøvennleg i forhold til ein berepose av resirkulert papir? Kva med eit berenett av bomull eller ein pappkartong? Etter å ha studert innhenta informasjon kan de lage ei utstilling som får fram den informasjonen de har samla. Prøv å kome med ein klar bodskap til publikum, til dømes på eit foreldremøte eller på nærbutikken. 22: SJÅ KRITISK PÅ POSTREKLAME n I annonsar og direkte tilsendt reklame finn vi stundom reklame for produkt som kan vere nyttige, men ofte blir det reklamert for produkt som vi slett ikkje har behov for. Alle produkta blir gjerne presenterte som nødvendige. Studer ein del kuponghefte og annan postreklame for å drøfte kva som er nødvendige produkt, og kva for produkt vi kunne greidd oss svært godt utan. Slike samtalar vil i stor grad dreie seg om livsstil. 23: TA STANDPUNKT TIL NOTISEN/ARTIKKELEN n Leit etter notisar og artiklar som formidlar eit verdisyn. Den einskilde eleven går inn i problem-stillinga og tek standpunkt, til dømes «Eg er samd i