ÅRSMELDING FOR FRIBERG KINO 2004



Like dokumenter
ÅRSMELDING FOR FRIBERG KINO 2003

ÅRSMELDING FOR FRIBERG KINO 2002 Friberg kino er ein av aktivitetene til Balestrand ungdomslag. ******************************************************

ÅRSMELDING FOR FRIBERG KINO 2001 Friberg kino er ein av aktivitetene til Balestrand ungdomslag (BUL).

ÅRSMELDING FOR FRIBERG KINO 1999

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Årsmelding for O-gruppa 2015

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Møteprotokoll for møte i

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Månadsbrev for Rosa september 2014

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Velkommen til. årsmøte!

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Bruk av driftsmidlar Frifond

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Til deg som bur i fosterheim år

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

DIS- Sogn og Fjordane

Rektorforum 15. april

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Høring - finansiering av private barnehager

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Stemnehandboka for NKSF

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Debattgledarar (Ref #b9f95e39)

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Årsmøteprogram APRIL

Framtidsfylket AS v/ Linda Hovland Naustdalsvegen 1B 6800 FØRDE

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Møteprotokoll. Møtestad: Vårsøg hotell, Surnadal Dato: Tid: 17:00. Medlemer som møtte: Åse Kristin Ask Bakke

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Rekneskap: Var fram til ført av Jølster Kommunekasse, deretter overtok Jølster Rekneskapslag.

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

VEDTEKT av februar 2007

REFERAT FRÅ STYREMØTE Bogstad gård

No sprett knuppane og sevja stig

GLOPPEN FOLKEBIBLIOTEK ÅRSMELDING 2006

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

12. Færre besøk ved norske kinoar

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

EVALUERINGSRAPPORT FRAMTIDSFYLKET KARRIEREMESSER 2015

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

MØTEPROTOKOLL NR. 5. Til stades på møtet: Odd Atle Stegegjerde, Olaug Høyheim, Grethe Kristin Lerum, Ingar Norberg, Janne Sætherbø SAKLISTE

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

Transkript:

ÅRSMELDING FOR FRIBERG KINO 2004 Friberg kino er ein av aktivitetene til Balestrand ungdomslag. Styret Leiar og kasserar: Merete Sande, BUL Nestleiar: Monica Bondevik Dale, BUL Styremedlem frå utval for plan og utvikling: Odd Atle Linde (vår) og med Jarle Midtun som ny frå hausten 04. Kinosjef Marianne Hoff er sekretær for styret. Varamedlem: Lars Sjøtun Styret har hatt 2 møter. Medarbeidarar / dugnadsgjengen: Marianne Hoff og Merete Sande har delt på kinosjefarbeidet. Merete har elles vore økonomiansvarleg, billettør og maskinist. Nils Magnar Feten og Kari Kvikne har vore maskinistvikarar. Tore Handegård er vår maskinist mentor. Monica har hatt hovudansvaret for å skaffe snop, men har hatt permisjon frå snopsalet. Ungdomsgruppa som har vore med i snopsal, som dørvakter og i ryddinga: Heile året:: Ina Borlaug. Kjartan Eldevik, Marius T. Sande, Øyvind Ro og Frank Sande Før sommaren: Grete Olin Engan, Kristine Harlem og Arin Menes. Frå sommaren: Julie Tveit Jensen og Amanda Sundby Hoff. Alle har hatt ansvar for å drive reklame for filmane. Viktige sider ved kinodrifta ÅR BESØK VAKSNE * BORN INNTEKTER TAL SNITT TAL FILMAR FRAMS. 2004 3528 2332 1196 168.135,- 68 51,88 125 2003 3919 3035 884 164.990,- 68 57,63 135 2002 3163 2319 844 134.945,- 59 53,61 93 2001 4078 3350 728 162.710,- 73 55,86 113 2000 3695 2688 1007 137.075,- 73 50,62 105 1999 3414 2653 761 126.205,- 62 55,06 95 * I tal vaksne er det innrekna også born og ungdom på framsyningar med start seinare enn kl.1800. Nokre tal frå glansperioden til Friberg kino Balestrand 1957 10.499 6762 3737 18.233,75 62 (3 norske) Bestyrar John Myhre, framsyning søndag og onsdagar (om sommaren) Prisar: Vaksne kr. 2,00 skuleungdom over 16 år: kr. 1,50 og born kr. 1,00 1953 10.221 9359 862 14.936,75 67 (5 norske) Bestyrar Andrias Linde, Maskin: Philips A, 120 sitteplassar + 10 ståplassar Visning kvar søndag + nokre onsdagar. Prisar: kr. 1,50 for vaksne og kr. 0,75 for born. (Kjelde: Årbøker for Film & Kino) Ein liten oversikt over tal knytta til norske filmar på kinoen: 1

ÅR BESØK TAL FILMAR TAL FRAMSYNINGAR 2004 2003 928 11 30 2002 331 8 15 2001 742 7 22 2000 456 10 14 1999 441 8 13 Dei 10 best besøkte filmane i 2004 - Film - Besøk 1. HARRY POTTER OG FANGEN FRA AZKABAN 211 Noregspremiere (4 )* 2. RINGENES HERRE: ATTER EN KONGE 169 (3) 3. SHREK 2 159 (4) 4. OLSENBANDEN JR. PÅ ROCKER N 148 (3) 5. PUSUR -THE MOVIE 142 (3) 6. Q-GJENGEN 136 (3) 7. DIRTY DANCING 2 -HAVANA NIGHTS 103 (2) 8. SPIDER-MAN 2 102 (3) 9. MIN BROR BJØRNEN 99 (3) 10. WHALE RIDER 95 (3 inkl. skulefr.) * Tal framsyningar i parentes. 11. THE DAY AFTER TOMORROW 93 (2 FRAMS.) 12. SMÅSPIONER I 3-D 86 (2 FRAMS.) 13. KING ARTHUR 85 (2 FRAMS.) 14. IKKE NAKEN 83 (3 FRAMS.) 15. OPERASJON MJAU 76 (2 FRAMS.) 16. DE UTROLIGE 76 (3 FRAMS.) 17. BARE BEA 74 (2 FRAMS.) 18. BRIDGET JONES: PÅ RANDEN 70 (4 FRAMS.) +2/1-05=81 19. THE PASSION OF THE CHRIST 65 (2 FRAMS.) 20. MAN ON FIRE 65 FØRPREMIERE, DSK (I januar hadde vi reprise på Oppdrag Nemo: 59 besøk, tilsaman 184 inkl. dsk 2003) FILMAR SOM HAR SPELT INN MEST: 1. HARRY POTTER OG FANGEN FRA AZKABAN KR. 11.820,- 2. RINGENES HERRE: ATTER EN KONGE KR. 11.250,- 3. OLSENBANDEN JR. PÅ ROCKER N KR. 7.335,- 4. SHREK 2 KR. 7.200,- 5. Q-GJENGEN KR. 6.860,- Liste over alle filmane med besøkstal og billettinntekter kjem seinare. Representasjon og deltaking på filmtreff og festivalar * Årsmøtet til Balestrand Bygdahus P/L: Marianne og Merete deltok. * Norsk Kinoforbund sitt årsmøte, under Filmfestivalen i Haugesund: 2

Kinosjef Marianne Hoff, som avtroppande leiar og Merete Sande, som leiar av valnemnda. * Film & Kino (tidlegare KKL/NKFF) sitt landsmøte på Lillehammer i juni: Marianne var delegat * Norske kinosjefers forbund sitt årsmøte i mars: Marianne møtte og vart varamedlem til styret.. Filmtreff: Merete og Marianne deltok på dei fleste filmtreffa som Film & Kino arrangerte. På filmtreffa i februar og oktober (vinter- og haustferietid) har representantar for ungdomsgruppa delteke på filmtreff. Festivalar: Merete deltok på Filmfestivalen i Tromsø i januar. Marianne og Merete deltok på Filmfestivalen i Haugesund i august og på Bergen Internasjonale filmfestival (BIFF) i oktober. Økonomi 2004 ga diverre ein liten nedgang i publikumstalet, men grunna auka billettprisar (på landsbasis) auka billettinntektene litt i høve 2003. Grunnlaget for kinoen er, forutan billettinntektene, stor dugnadsinnsats og tilskot frå Balestrand kommune (kr.30.000,-), Sparebanken Sogn og Fjordane pluss støtte frå lokale næringsdrivande gjennom reklame på kinoen og på filmprogrammet. Film & Kino gir reise- og opphaldsstøtte minus eigenandel for ein frå kvar kino. Til og med Filmfestivalen i august har Norsk kinoforbund dekka eigenandelen til Marianne grunna kombinasjon med styremøter / årsmøte. Som leiar i NKF fekk Marianne dekka 3 døger i Haugesund som gjest. Deltaking på filmtreff og festivalar er avgjerande for å kunne velje og «selje» film på kino til publikum lokalt. Kontakten med m.a. kollegaer i kinobransjen og filmsjefane i byråa er uvurderleg. Medarbeidarar vel difor slike arenaer framfor å ta ut løn / godtgjersle. Støtte/ refusjon frå ovannemnde instansar gir mindre utlegg på kinoen. KAMPANJAR A. Sommarkino Friberg kino deltok på Sommarkinokampanjen også i 2004. Vurdering: Tilgangen på god film og været er to avgjerande faktorar. Her er resultatet for dei siste åra: ÅR Besøkstal Tal filmar Snitt Tal framsyningar 2004 769 15 51,86 26 2003 694 15 46,27 20 2002 Ombygging i Bygdahuset 2001 605 12 50,42 15 2000 198 5 39,6 7 1999 158 3 52,67 5 B. Den store skulekinodagen Arrangementet er landsdekkande, og blei markert i Balestrand i 2003. Totalt var 403 elevar og lærarar innom denne dagen. Tilskot frå Balestrand Ungdomsråd sikra at vi fekk til ein særs vellukka skulekinodag! 3

Sentral oppsummering etter arrangementet synte at det var størst interesse for å ha dette arrangementet om vinteren. Det vart vedteke å legge arrangementet fast til 1. februar kvart år med neste arrangement i 2005. I 2004 køyrde vi vårt lokale opplegg med 1 film for barnehagane og 1 for mellomtrinnet. Vurdering: Målgruppene set stor pris på film på kino også som del av barnehage- og skuletid. Økonomien er avgjerande for å kunne oppretthalde oppslutninga frå skulane. Eit alternativ er at skulane set av midlar på eige budsjett til slike tiltak eller at kinoen får øyremerka tilskot frå kommunen til slike tiltak. Etter den nye mønsterplanen og med Den kulturelle skulesekken, bør det vere sjølsagt med bruk av film på kino i undervisninga. Dette er eit servicetilbod frå kinoen som vi tykkjer er viktig å tilby. Gladmelding på tampen av 2004: Kommunen set av kr. 10.000,- ekstra til Friberg kino øyremerka Den kulturelle skulesekken inkl. Den store skulekinodagen. Det er eit mål å få faste kontaktpersonar på skulane som er interesserte i kinofilm på timeplanen. TAL FOR SKULEKINO inkl. barnehagar (SKULEKINODAGEN I PARENTES) ÅR Besøkstal Billettinntekter Tal filmar / framsyningar Snitt 2004 112 2.940,- 2 56 2003 514 (403) 5.860,- (3.210,-*) 6 (3) 95,66 (134) 2002 67 1.200,- 1 67 2001 196 4.275,- 3 4 65,3 2000 231 4.900,- 3 77 1999 90 2.760,- 3 30 * Utgifter som vart dekka av Ungdomsrådet C. Den store kinodagen Vi starta, som vanleg, med kakelotteri og reklame for filmane på Holmatunet og COOP i dagane før den store kinodagen. Det lokale arrangementet laurdagen la vekt på filmane pluss Dirty Dancing i Vetlesalen. Vi satsa på filmar for alle aldrar og med hovudvekt på gode norske filmar. Vi opna kl.11.00 med kafé i Vetlesalen. Her serverte vi suppe, kaffi, te, kake, vaflar, snop og popcorn og etterkvart også pizza fram til siste film starta kl.21.00. Vel ein halv time før midnatt avslutta vi dagen. Då hadde publikum hatt følgjande filmmeny: Kl. 12.00 Fia og klovnene Kl. 14.30 Min misunnelige frisør Kl. 16.30 Ikke naken Kl. 18.30 Dirty Dancing 2 Kl. 21.00 Man on Fire (førpremiere!) Evaluering av dagen: Vi satsa på ny rekord, men nådde ikkje målet. Besøkstalet vart 289 mot 357 personar året før. Billettinntektene vart på kr. 6830,-. Det var populært med trekning av gevinstar på inngangsbilletten: I tillegg til filmeffektar og plakatar ga Skjeldestad bokhandel boka Min misunnelege frisør av Lars Saabye Christensen. Vi hadde ein rykande fersk film denne dagen dvs. førpremiere på Man on Fire. Kanskje var filmen for ny og ukjent for publikum? Vi meiner det er viktig å ha ny film på programmet denne dagen. For å få dette til må vi halde fram samarbeidet med nabokinoane. Det er uviss kor mange besøkande vi misser grunna fleire framsyningar av filmane før/etter DSK. Andre arrangement (Nattcup o.l) same helga kan få relativt store utslag. 4

ÅR Besøkstal Billettinntekter Tal filmar % av totalbesøk / totalinntekt 2004 289 6.830,- 5 8,18 / 4,06 2003 357 9.990,- 6 9,13 / 6,06 2002 238 5.730,- 6 7,5 / 4,25 2001 350 10.330 6 8,58 / 6,35 2000 331 8.505,- 6 8,9 / 6,21 1999 312 7.045,- 6 9,13 / 5,58 PR-arbeidet Foldaren vår vert spreidd til skular, butikkar, frisørsalongar, legesenter med meir. Viktige PR-måtar i tillegg til foldaren: Oppslagstavla på Holmatunet og i døra på Balestrand Bygdahus og oppslag rundt om på viktige bygningar /treffplassar. Sogn Avis har vore viktig for å få ut informasjon både gjennom redaksjonelt stoff og ikkje minst gjennom annonser etter spesialavtale! (Vi har gratis annonser hjå dei dvs. inntil 20.000 kr. og dei har gratis annonsering på kinoen.) «Munn-til-munn»-metoden vert nytta dagleg. Oversikt over oppslag i avisene Sogn Avis, 17. jan. -Liten kino med stor aktivitet (Statistikk, litt framover) Ytre Sogn Avis, jan. -Ny rekord for Friberg kino (!! statistikk) 07.02. Sogn Avis / Pao sognavis: Marianne på veg til filmfestivalen i Berlin Sogn Avis, 28. okt. -Norsk filmhaust på Friberg (notis om filmar framover) Sogn Avis, 4. nov. -Den store kinodagen (tospaltar felles for heile Sogn) Ytre Sogn Avis, 5.nov. -Førpremiere i Bygdahuset (DSK,) Sogn Avis, 6. nov. -Filmmaskinisten som aldri går lei (Heilside i "Helg" med stort bilete og intervju med Merete) Sogn Avis, 14. des. -Film før, under og etter jul (julegåve til publikum) Nettsida www.friberg.tk og wap-teneste No har vi hatt eiga nettside sidan 2003. Kjetil Bakken er webmaster. Tal treff i året som gjekk: 620 dvs. 1,7 pr, dag. Vi vonar stadig fleire nyttar sida for å sjå på filmtilbodet vårt, lese meir om filmane og for å gje oss innspel via gjesteboka. Wap-tenesta vår er lite nytta til no, men kan bli eit hendig verktøy for å få ut informasjon. KONKLUSJON Vi nådde målet vårt for 2004 om å oppretthalde kinoen, men endte opp med nedgang i besøkstalet. Grunna auke i billettprisane vart billett-inntektene om lag som i fjor. Det beste som hende kinoen i året som gjekk var at vi fekk behalde det kommunale tilskotet på 30.000 kroner. I tillegg vedtok kommunestyret å gje kr. 10.000,- ekstra til kinoen for å få film på kino inn i Den kulturelle skulesekken i 2005. Dette var oppmuntrande for oss som framleis har born og unge som viktigaste målgruppa vår. Balestrand februar 2005 5

Marianne Hoff kinosjef & skrivar PLAN FOR ARBEIDET VIDARE: Mål: Å oppretthalde og styrke eigen kino i Balestrand. Vi meiner det framleis er viktig for eit lokalsamfunn som Balestrand å ha ein eigen kino i bygda - der profilen og drifta vert styrt lokalt. Prioriterte oppgåver framover for Friberg kino: 1. Styrke drifta gjennom * oppretthalde kommunalt tilskot til kinoen. * auka satsing på kinoreklame (slides) frå det lokale næringsliv * oppretthalde og styrke kontakten med lokalavisene. * årleg deltaking i opplegga til Sommarkinokampanjen, Den store skulekinodagen og Den store kinodagen. * etablering av faste ordningar kring desse kampanjane * skulere / stimulere kontaktpersonar for skulefilm / barnehageframsyningar. * opprusting og vidareutvikling av Bygdahuset i samarbeid med styret for huset: inkl. å jobbe vidare for å få frigjort rom til nettkafé og videoverkstad i Bygdahuset. * Sjå på aktuelle samarbeidspartar for evt. digital -/ ekinodrift. 2. Dokumentere historia til Friberg kino gjennom * å samle skriftleg materiell som kan dokumentere drifta gjennom over 50 år, * intervjue veteranar og publikum for å få fram spennande historisk stoff. * Etterlyse billetmateriell, evt. filmmateriell Alt dette, saman med stor dugnadsinnsats, kan gjere kinoen liv laga framover. 6