Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.



Like dokumenter
Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for alle. Då er det særleg viktig at språket er klårt og tilpassa brukarane.

Informasjon fra det offentlige skal være forståelig for mottakerne, og språket må derfor være klart og tilpasset målgruppa.

Med klarspråk mener vi korrekt, klart og brukertilpasset språk i tekster fra det offentlige.

Fem gode grunnar til å arbeida for klårspråk i det offentlege: Kva er klårspråk? Kvifor klårspråk? Klårspråk løner seg. Korrekt + klårt = godt

Fem gode grunner til å arbeide for klarspråk i det offentlige: Hva er klarspråk? Hvorfor klarspråk? Klarspråk lønner seg. Korrekt + klart = godt

Nynorsk i staten. Reglar og råd

Til deg som bur i fosterheim år

Språksjekken. Ei hjelp til betre språk i staten. Norsk språkråd Statens informasjonsteneste

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

MÅLBRUKSPLAN FOR BØMLO KOMMUNE

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Vurderingsrettleiing 2011

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Klart språk i Lunner kommune

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Laget for. Språkrådet

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Klart plan- og byggespråk

Klart språk i staten. Hvordan lage gode offentlige nettsider? Anniken Willumsen, Direktoratet for forvaltning og IKT. Trondheim, 12.

I mål? Innleiing på frukostseminar 3. desember 2014 Kjetil Aasen

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.


Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Oi, på nynorsk! når virksomheten trenger å styrke nynorskopplæringen. Aksel Torsnes Mehlum fra Språkrådet og Åste R. Ruud fra Domstoladministrasjonen

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Retningslinjer for klart og tydeleg språk i Statens vegvesen

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

UiO, Margrethe Kvarenes

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

UiO, Margrethe Kvarenes og Torunn Reksten

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rådgjevarkonferanse 2009

ehandel og lokalt næringsliv

IKT-kompetanse for øvingsskular

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Brukarmanual.

Språkprosjektet hos Finans Norge. Bjørg Nesje Nybø, Forsikringsforeningen 19. september 2016

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Endeleg utgåve Så klart! Språkprofil for HELFO

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Laget for. Språkrådet

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Arbeidet med veileder i godt regelspråk. Anna Senje seniorrådgiver, Språkrådet 4. juni 2019

Høgskulen i Sogndal i media (råd til den som vil ut i verda) Hilde Sandvik Kultur- og debattredaktør i BT

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

6. trinn. Veke 24 Navn:

Erfaring frå ein multikulturell arbeidsplass. Magne Gurskevik Dagleg leiar, Kleven Maritime Contracting

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Rådgjevarkonferanse 2010

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

Frå novelle til teikneserie

Om å høyre meir enn dei fleste

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Brukarrettleiing. epolitiker

Språkprofil Forstått på første forsøk

Nytt HFK Intranett

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Tilgangsrettighetar i episerver

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Transkript:

Klarspråk NYNORSK

Kva er klarspråk? Med klarspråk meiner vi her korrekt, klart og mottakartilpassa språk i tekstar frå det offentlege. Ein tekst er skriven i klarspråk dersom mottakarane raskt finn det dei treng, forstår det dei finn, og kan bruka det dei finn, til å gjera det dei skal. Kvifor klarspråk? Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa. Det er ikkje alltid mogleg å uttrykkja seg krystallklart. Styresmaktene må ofte handtera komplekse saker, og det kan vera mange grunnar til at dei må ta atterhald og bruka runde uttrykksmåtar. Men i dei aller fleste tilfelle har styresmaktene mykje å vinna på å uttrykkja seg klart og forståeleg. Klarspråk hjelper bodskapen fram. Ikkje forenkling same kva det kostar Å uttrykkja seg klart tyder ikkje å forenkla språket same kva det kostar. Forenkling skal ikkje føra til fattig og unyansert språk. Ikkje alle tekstar kan vera enkle, og ikkje alle tekstar kan vera frie for fagspråk. Det viktige er at teksten er tilpassa mottakaren. Korrekt + klart = godt

Fem gode grunnar til å arbeida for klarspråk i det offentlege: 1 Klarspråk fremjar demokratiet og rettstryggleiken Styresmaktene gjev informasjon om mellom anna rettar og plikter. Difor bør forvaltningsspråket vera klart og lettfatteleg. Tungt og uklart språk i tekstar frå det offentlege kan gjera at mange ikkje får høve til å delta i saker som vedkjem dei. 2 Klarspråk skapar tillit Tungt og uklart språk kan skapa avstand mellom sendaren og mottakaren. Ein mottakar som får eit uforståeleg brev, kan lett koma til å tru at sendaren skjuler noko. Klarspråk gjer avstanden mindre og skapar tillit til styresmaktene. 3 Klarspråk sparar tid og pengar Klart og mottakartilpassa språk minskar faren for mistyding. Færre spørsmål frå mottakarane gjev kortare sakshandsamingstid. Undersøkingar har vist at styresmaktene sparar tid og pengar dersom dei skriv klart og forståeleg. Klarspråk løner seg 4 Klarspråk fremjar kommunikasjonen Tungt og uklart språk skapar ugreie i kommunikasjonen. Klarspråk gjer at mottakaren lettare oppfattar bodskapen frå avsendaren. 5 Det offentlege skal vera eit føredøme Styresmaktene skal gå føre med eit godt eksempel, også språkleg. Språket i tekstar frå staten skal vera korrekt og klart, og statstilsette skal følgja gjeldande reglar for rettskriving og målbruk.

Korleis skriva klart? Sjekkliste for skribentar Tenk på mottakaren Målgruppe og føremål ¾¾Kven skriv du for? Fagfolk, kollegaer eller «alle andre»? ¾ ¾Kva slags bodskap skal du formidla? Er det eit pålegg, eit avslag eller ei hyggjeleg nyheit? ¾ ¾Kva vil du at mottakaren skal vita eller gjera etter å ha lese teksten din? Innhald ¾ ¾Ta med det som er relevant, og stryk det som mottakaren ikkje treng å vita. ¾ ¾Kom raskt til saka. Skriv det viktigaste først. ¾ ¾Skriv kort. Då sparar du plass, og mottakaren sparar tid. Avsnitt ¾ ¾Lag ein tydeleg struktur og del teksten inn i avsnitt. ¾ ¾Lag overskrifter som er i samsvar med innhaldet i avsnitta. ¾ ¾Pass på at setningane i kvart avsnitt heng saman, slik at avsnittet utgjer ein meiningsheilskap.

Setningar ¾ ¾Ver varsam med bruken av passiv. Fortel helst kven som gjer kva. ¾ ¾Unngå substantivtunge formuleringar. Skriv heller «endra» enn «gjennomføra endringar». ¾ ¾Unngå kompliserte setningar med mange innskot. ¾ ¾Dersom du har fleire ting på hjarta, bør du seia éin ting om gongen. ¾ ¾Dersom du brukar tilvisingsord som den, denne, det, dette, dei, desse, må du gjera det klart for mottakaren kva eller kven du viser til. Ordval ¾ ¾Bruk heller korte ord enn lange. ¾¾Forklar ord som du ikkje kan rekna med at mottakaren kjenner, eller lag ei ordliste som er lett tilgjengeleg. ¾ ¾Unngå vage og upresise ord. Teiknsetjing og rettskriving ¾¾Pass på teiknsetjinga. Eit teikn frå eller til kan endra meininga. ¾¾Ikkje stol på stavekontrollen. Les korrektur eller be ein kollega om å gjera det. ¾¾Bruk ordbøker! Fleire skriveråd finn du på nettstaden www.klarspråk.no. Hugs òg at statstilsette må følgja reglane om om målbruk i offentleg teneste. Informasjon om reglane finn du på nettstaden til Språkrådet: www.språkrådet.no

Klarspråksarbeid i Noreg Tanken om klarspråk er ikkje ny i Noreg. Sidan 1950 har det vore iverksett fleire einskildtiltak for å få til enklare og meir forståeleg forvaltningsspråk. Språktenesta for statsorgan, som er ein del av Språkrådet, har i dag eit særleg ansvar for å driva klarspråksarbeid i staten. Dersom du er statstilsett og treng hjelp til språkleg oppklaring, kan du ta kontakt med språktenesta for statsorgan. Kontaktinformasjon finn du på baksida. Gode råd og språkverktøy finn du på nettstaden til Språkrådet. I 2008 sette Fornyings- og administrasjonsdepartementet i gang prosjektet «Klart språk i staten». Prosjektet vart gjennomført av Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Det vart avslutta 31.12.2012, men fleire av tiltaka blir vidareførte. Du kan lesa meir om prosjektet på www.klarspråk.no. Klarspråksarbeid i andre land I andre nordiske land, særleg i Sverige, har dei drive aktivt klarspråksarbeid lenge. På nettstaden til Språkrådet finn du lenkjer til informasjon om klarspråksarbeid i Sverige og andre land.

Hjelpemiddel Generelle skrivereglar Finn-Erik Vinje: Skrivereglar (7. utgåva). Aschehoug 2009 Ordbøker og ordlister Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nettet: www.språkrådet.no. (Kryss av for «Søk i ordbøker».) Tanums store rettskrivningsordbok (9. utgave). Kunnskapsforlaget 2005 Handbøker Klarspråk i praksis. Håndbok i godt forvaltningsspråk. Språkrådet og Kunnskapsforlaget 2010 Klar, men aldri ferdig. En praktisk veileder i klarspråksarbeid. Difi og Språkrådet 2011 Nynorskhjelp Magne Rommetveit: Med andre ord. Den store synonymordboka med omsetjingar til nynorsk (3. utgåva). Det Norske Samlaget 2007 Karl Arne Utgård: Juridisk og administrativ ordliste. Bokmål-nynorsk. Det Norske Samlaget 2002 Alf Hellevik: Nynorsk ordliste (11. utgåva). Det Norske Samlaget 2012 Olaf Almenningen: Nøkkel til nynorsk. Dag og Tid 2012 Publikasjonar frå Språkrådet Statsspråk bladet for godt språk i staten Brosjyrar Kansellisten. Ord og uttrykk som kan byttes ut Råd om språk i statlige stillingsutlysninger Kort administrativ ordliste bokmål-nynorsk Ny nynorskrettskriving frå 2012 Ny bokmålsrettskrivning fra 2005 Nynorsk i staten. Reglar og råd Du kan tinga brosjyrane fra Språkrådet eller lasta dei ned fra www.språkrådet.no.

Språktenesta for statsorgan Språktenesta for statsorgan er ein del av Språkrådet og har fem rådgjevarar i full stilling. Tenesta arbeider for klarare og betre språk i staten og jamnare fordeling mellom nynorsk og bokmål i statlege tekstar. Statstilsette kan ta kontakt med oss på stat@sprakradet.no. www.språkrådet.no Under fana «Språk i staten» på Språkrådets nettstad kan du lesa meir om oss og tenestene våre. www.klarspråk.no Her finn du skriveråd, informasjon om statlege språkprosjekt og språkprofilar, undersøkingar, nynorskhjelp, språkquiz, svadagenerator og mykje meir. Nettstaden er spesielt tilpassa statstilsette, men stoffet som ligg her, kan brukast av alle. Språkrådet Postboks 8107 Dep 0032 OSLO Telefon: 22 54 19 50 E-post: post@sprakradet.no www.språkrådet.no Framsidebilete: istockphoto / Tank Design Utforming: Tank Design Trykk: 07 Oslo Opplag: 1000 (2013)