GIFTEFERDIG UNGDOM. 2. Korleis såg ein på gifte til grannebygda eller endå lenger bort?



Like dokumenter
SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

Til deg som bur i fosterheim år

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Månadsbrev for Rosa september 2014

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Nr. 37. Høgtidsmat ved dei gamle årsfestane

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Jon Fosse. For seint. Libretto

Brødsbrytelsen - Nattverden

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Norsk etnologisk gransking Mars Ved Kristofer Sydnes. Spørjelista om religiøse truer og tilhøve, kyrkjeleg sed og skikk. Oppbyggjing i heimen

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

G A M A L E N G K U L T U R

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne?


Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

mmm...med SMAK på timeplanen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Informasjonshefte Tuv barnehage

Månadsbrev for ROSA mars 2015

FANTASTISK FORTELJING

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

«Ny Giv» med gjetarhund

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Brukarrettleiing E-post lesar

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Brannsår, rus eller friheit?

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS


Norsk etnologisk gransking November Emne nr. 124 MARKNADEN

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

/

Fra Forskrift til Opplæringslova:

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Plassebakken Barnehage

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Informasjon til elevane

Med tre spesialitetar i kofferten

Vi lærer om respekt og likestilling

Plassebakken Barnehage

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Vekeplan 10. klasse. Namn:.. Veke Norsk: Eksamen / På nett. Matte Tal og algebra/eksamen. Samf: Geografi: Australia/Oseania. Eng.

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Med god informasjon i bagasjen

Psykologisk førstehjelp i skulen

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Transkript:

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i april 1959 Emne nr. 71 GIFTEFERDIG UNGDOM Dei samværsformer som ungdom hadde frå dei nådde gifteferdig alder og fram til giftarmålet er ikkje systematisk granska i Norge. Det inntrykket som vi får av det spreidde tilfanget, er at det i store drag var like tradisjonar over heile landet, men at det i detaljer var stor skilnad frå bygd til bygd. Skilnaden botnar m.a. i ulik busetnad, ulikt næringsliv og ulike sosiale tilhøve. Det er viktig å få nøye greie på dei ymse samværsformer i bygdene. Vi ber Dykk difor sjå på spørsmåla som ei rettleiing. Dersom det fenomen som er nemnt i spørsmålet ikkje heilt ut svarar til det som er kjent i Dykkar bygd, vil vi gjerne at De ikkje skal svara ukjent, men fortelja om tilsvarande skikkar som De kjenner. I. Synet på giftarmål Kva var sømeleg giftarmål? 1. Skulle ein helst finne gifta si i same bygda eller same sokna? 2. Korleis såg ein på gifte til grannebygda eller endå lenger bort? 3. Skulle ein helst gifte seg med ein person frå same sosiale lag? 4. Galdt dette både for søner og døtre? 5. Var det foreldra som avgjorde giftarmål? 6. Var det mest større gardeigarar som la planer på langt sikt for borna sine? 7. Kjenner De døme frå Dykkar bygd på at foreldra avtala giftarmål mellom born som ennå var heilt små? 8. Kjenner De omgrepet hemningslag, hemdabyte, systerbyte, syskenbyte, og kva meinte ein med det? 9. Kva meinte folk var grunnen til slike avtaler, meinte dei det var eit ynskje om å få større gardar eller eit ynskje om å styrkja ætta? 10. Kva meinte folk om skyldskapsgifte, og kor nært skylde kunne brur og brudgom vera (syskenbarn, tremenningar, firmenningar)?

11. Var folk meir redd skyldskap på mannssida enn på kvinnesida? 12. Hende det at born sette seg opp mot foreldra? 13. Var det vanleg meining at det ikkje skulle gå vel med slike barn? 14. Kunne dei unge iblant finna hjelp og støtte hjå andre enn foreldra i ein slik strid? 15. Vi kjenner nokre døme på at personar kunne målbera kritikk over eit urimeleg giftarmål ved å skyta skamskot eller stella til opptog når brurfolket kom frå kyrkja, men vi veit ikkje heilt klårt kven det var som fekk til dette. Kjenner De forteljingar om slikt frå Dykkar bygd og kven var det som i tilfelle gjorde opptaket til slikt (dei vaksne gutane)? 16. Det finnst kringom i bygdene forteljingar om at mødre eller fedrar sette ei prøve for den guten eller gjenta som var vald til gifte mot deira vilje, og at dei gav sitt samtykke når det viste seg at vedkomande var dugeleg. Kjenner ein døme på at foreldre etter ei slik prøve gav etter for eit gifte som dei først var imot? 17. Var det grupper av folk der dei unge stod friare og kunne gifte seg etter eige ynskje, og kva for grupper var i tilfelle det (tenestefolk, fiskarar og andre)? 18. Det vart fortalt at enkjer stod friare og sjølv kunne velja ein ungkar. Var det slik i Dykkar bygd? 19. Kunne elles gutar velja meir fritt, og var det meir eller mindre vanleg at dei valde eldre gjenter som hadde tent opp litt ( hadde ein kommode eller hadde vorti gjenta med bok )? 20. Kjenner ein til varsel som gutar og gjenter kunne ta om kven dei skulle verta gift med? Korleis vart det gjort, og skulle det gjerast på vise dagar (jul, nyår eller lignende)? 21. Hugsar ein middel som kunne tvinge ein annan til kjærleik ved at han eller ho åt det utan å vita det (ymse emne bl.a. medisin, hugvendingsdropar)? 22. Kva meinte folk om slike middel (t.d. at verknaden snart ville gå over)? 23. Var det god folkeskikk at vaksne gutar og gjenter ikkje i utrengsmål skulle tala saman eller ha fylgje om dagen? 2

II. Nattefriing Det kravet til god folkeskikk som er nemnt i spørsmål 23 er ein av grunnane til nattefriinga. I året 1778 vart det frå alle preikestolar i Norge lese opp eit kongeleg forbod mot nattefriing med trugsmål om streng straff både for husbondsfolk som tillet nattefriing, og gutar og gjenter som var med på det. Likevel heldt skikken seg opp til vår tid. Nattefriing som institusjon er kjend frå Norge, Sverike, Danmark, Island, Finland og store deler av kontinentet. I Norge vart skikken vurdert og fordømt ut frå einsidige synsmåtar og utan at ein kjende til kor utbreidd han var og kva funksjon han hadde. I eldre kjelder vert det med rette sagt at bustadtilhøve gjorde det vanskeleg å kontrollera og hindra nattefriinga; dei vaksne gjentene sov då i fjøset og om sumaren på loftet. At det i så lang til har vore arbeidd mot skikken, har ført til at opplysningane om nattefriing for det meste er alt for runde og summariske. 24. Når var det slutt med å gå på nattefriing i Dykkar bygd? 25. Kva kalla dei i Dykkar bygd ein som var med på nattefriing (t.d. natt(e)gangar, nattlaupar)? 26. Var det nokon skilnad på nattefriing og nattløyping og kva gjekk den ut på? 27. Når gutane gjekk frå gard til gard, kor mange gjekk i lag? 28. Måtte gutane vera konfirmert og ha nådd ein viss alder for å kunna vera med? 29. Kvar var gutane frå (var alle frå same grenda, frå nabogrenda, frå heile soknet)? 30. Kunne gutar frå andre sosiale lag enn bønder vera med? 31. Var det visse netter, t.d. natta frå 2. til 3. juledag, då også framande gutar kunne gå på nattefriing? 32. Var det godt samhald mellom gutane frå eit visst strok (grend, sokn) mot gute-lag frå grnnestroka? 33. Gjekk til vanleg bondesøner og tenestegutar saman, eller gjekk dei i kvar sitt lag? 34. Det vert stundom fortalt at visse kveldar var sett av til tenestefolka. Kjenner De noko til dette frå Dykkar bygd? 35. Var det elles visse kveldar i vika då dei helst gjekk på nattefriing, t.d. laurdag (laurdagsfriing), sundag eller onsdag, torsdag (gudskjelov-torsdag)? 36. Var det forbod mot å gå på nattefriing visse kveldar, t.d. før jul, i påskevika, når nokon låg lik på garden? 3

37. Gjekk visse grupper på nattefriing i visse strok, t.d. på visse gardar i heimegrenda, nabogrenda eller endå lenger bort? 38. Når flokken kom fram, var det då nokon som gjorde målet sitt ukjenneleg og bad om å få koma inn? 39. Kjenner De nokre vers som dei sa fram i slike høve? 40. Var det om å gjera å fara fram så stille som mogeleg? 41. Korleis såg foreldre og husbondsfolk på slike vitjingar? 42. Korleis tok gjentene mot friarane, var det skikk at dei skulle drygja litt med å lata dei inn? 43. Hadde gutane noko med seg som dei skulle by på (brennevin, sukker)? 44. Hadde gjentene noko å by på, og kva var i tilfelle det? 45. Kunne gjenta visa kven ho likte best gjennom det ho baud på eller med ei lita gåve, og kva var i tilfelle det? 46. Kor lenge vara ei slik vitjing av ein flokk nattefriarar på kvar stad? Den einslege nattefriaren 47. Kunne ein av flokken verta verande når dei andre gjekk? 48. Den nattefriaren som gjekk åleine, kom han til gards etter at dei andre hadde vore der, eller kom han ein annan kveld? 49. Var det om å gjera at ingen skulle vita om at han kom? 50. Kor lenge var det vanleg at ein einsleg nattefriar gjekk til same gjenta? 51. Kva slag små-gåver gav dei to kvarandre som teikn på bindande lovnad om giftarmål? 52. Det vert ofte fortalt at det vart gjort fantestykke med den einslege nattefriaren. Kven var det som freista gjera slikt med han, var det dei andre i den flokken som han tidlegare hadde gått saman med, var det dei halvvaksne gutane som ennå ikkje var med på nattefriing, folka på garden eller andre? 53. Kven var det som strødde sagflis mellom heimen til guten og heimen til gjenta, laga bjølleleik eller spela kattemusikk for dei? 54. Korleis lika guten og gjenta slik oppvarting? 55. Korleis lika foreldra til gjenta det? 56. Vart dei unge rekna for å vera offentleg forlova når dei hadde vore ute for slikt? 57. Korleis gjekk nattefriinga på sætra for seg, kom friarane i lag eller kom dei einslege? 4

III. Andre måtar som førde ungdommen saman slik at dei lærde kvarandre å kjenne A. På kyrkjebakken 58. Kunne ungdommen utan vidare tala saman på kyrkjebakken etter gudstenesta? 59. Hadde gutane noko å by på (brennevin, kyrkjesukkerklumpar, kyrkjeklumpar)? 60. Baud gjentene på kake? 61. Måtte gjentene venta til gutane kom til dei, eller kunne dei sjølv ta initiativet? 62. Hadde gjenta noko høve til å vise kven ho lika best? 63. Sume stader i Sør-Norge gav gjentene gutane påskeegg ved kyrkja påskesundag. Kjenner De frå Dykkar bygd liknande gåver, ein eller annan småting som ungdom gav kvarandre på kyrkjebakken ein viss kyrkjesundag? 64. Var det faste kvileplassar på kyrkjevegen der dei unge kunne tala saman? 65. Leika dei ved eller nær kyrkja om sumaren? 66. Var det dans ved eller nær kyrkja? B. Gjestebod saman med eldre 67. Kva slag gjestebod hadde dei i eldre tid (ættegilde i julehelga), vanlege gjestebod i julehelga, påskehelga, pinsehelga, ved barnedåp og gravferd)? 68. Måtte dei vaksne gutane og gjentene halda seg kvar for seg i slike gjestebod når det ikkje var dans? 69. Når det var bryllaup, kven avgjorde då kven som skulle sova saman på flatseng, eller drog dei lut om det? 70. Kor lenge var stabbedansen i bruk ved bryllaup, og prøvde dei då å få på stabben slike som dei meinte det var noko mellom? 71. Vart dette gjort som ein slags kritikk eller ei straff? 72. Freista nokon å koma frå stabbedansen, og var det då nokon som passa på og nøydde dei? 73. Måtte paret på stabben bita i same brødskive eller drikke av same koppen? C. Andre høve der eldre var med 74. Var det vanleg at dei ymse slag dugnad slutta med dans? 75. Var gifteferdig ungdom med på auksjonar, og var det høve til dans der? 5

76. Var det årvisse marknader på Dykkar kant av landet? 77. Kva slag smågåver var det vanleg at gutar og gjenter kjøpte til kverandre då, og var det dans der? 78. Var det samskotslag i eldre tid der både eldre og unge var med, med mat, drikke og dans? 79. Kva kalla dei slike lag (kast, ligja)? D. Samkomer der ungdommen var mest for seg sjølv a) Om sumaren 80. Hadde dei gjentegjestebod (tausaveitsle) i Dykkar bygd? 81. Bad dei då gutane eller kom dei utan innbyding? 82. Var det mat og drikke av ymist slag der, og kven betalte den? Var det slik at gjentegjestebod høyrde med til løna? 83. Kor mange var det til vanleg på eit gjentegjestebod, og gjekk dei på omgang? 84. Var det visse vikedagar for slike gjestebod? 85. Kva salg moro hadde dei der; song, leik, dans (m.a. stabbdans)? 86. Var det gjestebod for gutar (gutahelg) på sætrar (på visse dagar, t.d. Olsok)? 87. Hadde dei same slag moro der som i gjentegjestebod, og hadde dei spelmann med seg? 88. Kom ungdommen saman som ved Jonsok også på andre gamle helgedagar (t.d. på Romerike 15/5, St. Halvards Dag)? 89. Drog ungdommen ut i lag for å eta bær eller finne kvanne, og hadde dei namn på dei dagane då dei gjorde dette t.d. bærsundag? 90. Drog dei ut i lag for å fange kreps eller paltosk (krabbe), sanka måsegg, finna humlebol, eller for å fiske? 91. Var det sams leik (t.d. med ball) om sumarkveldane? 92. Det vert stundom fortalt at det ved slike samkomer som her er nemnt, var eldre folk med for å passa på ungdommen. Korleis var det med det i Dykkar bygd? 93. Gjekk ungdommen før saman om helgedags-ettermiddagane? 94. Var det skikk at dei traff kvarandre om kvelden på bryggje eller jernbanestasjon? Gjekk gutar og gjenter då kvar for seg eller i lag? b) Om vinteren 95. Var det møte eller samkvem om kvelden (kveldsæte, oppsitjarkveld) på visse dagar (fredagssæte), der gjentene sat med arbeid (sying, spinning) og gutane kom på vitjing? Her tenkjer 6

vi ikkje på det vanlege samværet som gardsfolket hadde kvar kveld det var også kalla kveldsæte. 96. Når på vinteren gjekk dette for seg, og kor lenge vara kvar samkome? 97. Gjekk desse ungdoms-kveldsætene på omgang mellom gardane i fast rekkje? 98. Hugsar folk at slike møte tidlegare gjekk for seg i fjøset? 99. Etter det vi veit skal det helst ha vore stille moro på desse møta. Kva fortalte dei, kva song dei (bygdeviser, skillingsviser), kva slags leiker dreiv dei med? 100. Var det dansemoro om vinteren utanom dei tilfelle som vi alt har nemnt, og kven stod i tilfelle for dei? 101. Dersom dei hadde fått hus til dansen, hjelpte gutar og gjenter då til med førebuinga (rydding og eventuelt matstell)? 102. Kven sytte for spelemann? 103. Korleis delte gutar og gjenter utgiftene mellom seg? 104. Vart det oftare dansemoro etter at trekkspelet vart kjend og vanleg? 105. Korleis var det med sams vintersport i eldre tid; var det vanleg at ungdommen møttest i ski- eller kjelkebakken, på isen med skeiser eller til kappkøyring? 106. Var det vanleg at gifteferdig ungdom kunne vera med på desse samkomene etter eige ynskje, eller måtte dei ha serskilt løyve til det av foreldre eller om dei tente hos andre av husbonden? 107. Var det i så måte skilnad på gutar og gjenter? 108. Var det skilnad på det som foreldre let borna sine vera med på og det som husbonden gav tenarane sine lov til? 109. Dersom foreldre eller husbondsfolk ville nekta born og tenarar å vera med på slike samkomer, kva grunnar brukte dei då, religiøse, sosiale, økonomiske? 110. Var det vanleg eller sjølvsagt at born og tenarar retta seg etter eit slikt forbod? IV. Juletråd Den første guten eller gjenta som etter arbeidskvila i julehelga kom til å treffa ein person av motsett kjønn i sit vanlege arbeid, fekk namn etter dette arbeidet: rokkemann, spinnekall, vevekall osb.; låvedumpe, låvekjerring, tustepike, høgstkjerring, skogfrua osb. 7

111. Kva namn fekk den guten eller gjenta som etter arbeidskvila i jule- og nyårshelg først kom til nokon som arbeidde? 112. Vart rokkemannen, låvedumpa osb. kalla for embetsmenn eller embetsfolk? 113. Skulle rokkemannen osb. få juletråd eller juledokke som gåve? 114. Korleis skulle juletråden vera: av ull eller lin, kva slag farge skulle den ha, kor stor skulle den vera, eller kor mykje ull/lin skulle det vera i den, og korleis var den laga (fletta eller bunta)? De må vera gild å skildra den så nøye som mogeleg, gjerne med teikning eller foto om det let seg gjera. 115. Kunne gjenta gje ei serleg fin juledokke til den guten ho lika best, og kva skilnad var det på den og ei vanleg juledokke? 116. Fekk rokkemannen andre gåver? 117. Gav rokkemannen ei gåve t.d. ein rokketein? 118. Baud dei rokemannen på julemat og drikk? 119. Hadde rokkemannen nokre plikter, t.d. å setja rokken eller veven i stand i eit heilt år, eller noko anna? 120. Fekk låvedumpa osb. ei gåve, treause eller treskei eller noko anna? 121. Baud dei henne på mat og drikke? 122. Hadde låvedumpa plikter mot guten på same måten som rokkemannen? 123. Var det på grunn av slike plikter dei vart kalla embetsfolk? 124. Trudde dei at rokkemannen eller låvedumpa skulle verta kjærastar eller at dei skulle verta gift med den dei fekk til rokkemann eller låvedumpa? 125. Gjekk gutar og tagg jueletråd utan at det hadde nokon samanhang med skikken med rokkemann? 126. Hugsar ein gutane tagg langfredagstråd? 127. Kva gjorde gutane med juletråden? 128. Var det vanleg seiemåte at gjentene hadde lov å fri 29. februar eller i skotåret i det heile? 129. Kjenner ein tilfelle då dette verkeleg vart gjort? 8