1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN ANALYSERESULTAT OG KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND... 5

Like dokumenter
1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN ANALYSERESULTAT OG KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND... 4

1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTANE ANALYSERESULTAT OG KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND... 5

HAUSLEELVA/STORELVA MED BEKKEFELT, DAVIK VASSFØREKOMSTID R 1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN... 2

1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN ANALYSERESULTAT OG KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND... 5

1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN ANALYSERESULTATER OG KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND Karakterisering av risiko...

Vassdrag i kulturlandskap felles bruk til jordbruk og friluftsliv. Nordfjordeid Staffan Hjohlman

Ål kommune Enkel problemkartlegging og tiltaksanalyse for vassførekomsten Storåne - Votna

Avrenning av næringsstoff frå landbruket

Kva for kunnskapsgrunnlag skal til for å friskmelde ein vassførekomst? Seniorrådgjevar Tom Dybwad og seniorrådgjevar John Anton Gladsø Fylkesmannen i

Vassområde Nordfjord Problemkartlegging og tiltaksanalyse for utvalde vassførekomstar

Teknisk etat Kvam herad Grovagjelet Norheimsund. Resipientundersøking Kvam, vassprøvar frå mars og august 2006

Synfaring av Vassenden (sideelv til Kvamselva, Gaular kommune)

Praktisk forbetringsarbeid i det eutrofe Vatsvassdraget. Stavanger 4 mai 2017 Harald Olav Stuhaug, Rådgjevar landbruk Vindafjord Kommune

Tilbodsinvitasjon Skildring av oppdraget

Oppfølging av vassforskrifta i Vik kommune

FMLAs arbeid med vassforskrifta erfaringar og utfordringar

Landbrukstiltak langs vassdrag. Regelverk, frivillige tiltak og RMP elvemusling Øyvind Vatshelle, fylkesagronom jord- og plantekultur

Tiltak i vassområdet Voss-Osterfjorden

Nordfjord vassområde. Nordfjord Hotell, Nordfjordeid 28. november Temamøte Avløp

Høyring Regional plan for vassregion Hordaland.

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

Ureiningsproblem knytt til landbruk og støtteordningar til miljøvennleg jordbruksdrift

Treng vi å betre vassmiljøet?

Undersøkelser i Jærvassdragene 2018

Tiltak for å redusere avrenning til vassdrag fra landbruket Vassområde Nordhordland. Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur

Vassregion Sogn og Fjordane Fire vassområde

Tiltak for å redusere avrenning til vassdrag fra landbruket Vassområde Sunnhordland. Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur

Vurdering av tilstanden i alle vassdrag, fjorden og langs kysten

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Synfaring av vassførekomstar i Askvoll kommune

Nytt gjødselregelverk Spreieareal Fritak gjødslingsplan. Regionale samlinger april 2018 Øyvind Vatshelle

JNR.: Sula kommune Prosjektering, bygg og drift. Søknad om utsleppsløyve for bustad-, fritids- og anna bygg eller mindre tettbusetnad.

Vassdrag og ureining frå jordbruket aktuelle tiltak og støtteordningar

Rapport Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling

Retningsliner for utslepp av avløpsvatn frå spreidd busetnad

OVERVASSNORM FOR SOGNDAL KOMMUNE

Sunnfjord vassområde. Tiltak i vassdraga med landbrukspåverking

Overvåking Haldenvassdraget 2012/2013

Notat resultater fra miljøovervåkning av Prestelva og tilløpsbekker til Botn

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK

Jamfør prosjektplanen for Nordfjord vassområde (vedlagt), avsnitt 3.2:

Notat. Endring i flaumvasstandar grunna ny Fv 7 Tokagjelet. Bakgrunn:

Naturvernforbundet sin representant har sett på areala det er søkt om dyrking av, og elles dei dyrka areala som ligg mellom.

Erfaring fra Jæren vannområde - iverksetting av tiltak

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Landbrukstiltak - forslag og døme Tiltak for betre vassmiljø, Bergen Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur

I farne tider var landskapet vårt salsvare

Saman for vatnet. Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram

Vassområde Nordfjord

Om Indre Sogn vassområdeutval Aktivitet Rekneskap 2017 Vedlegg 1

Tiltaksanalyse Første planfase Stryn Erfaring og behov framover. Foto Merete Farstad Foto Merete Farstad Foto: Merete Farstad Foto:

1 FØREMÅL 2 BEGRENSINGAR 3 FUNKSJONSKRAV. VA- norm for vann- og avløpsanlegg. Revidert:

Søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg

Bømlo kommune A-1. Søknad om utslepp av sanitært avlaupsvatn frå hus og hytter m.m (Skjemaet gjeld ikkje for påkopling til offentleg avlaupsnett)

Resultater fra vannkjemiske prøver i bekker i Nordre Fosen vannområde i 2016 og sammenstilling med undersøkelse av begroingsalger

Merete Farstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Optimal utnytting av husdyrgjødsel

Bildet viser Borgen ved Gålåvatnet.

Søknad om utslepp av sanitært og kommunalt avløpsvatn frå hus og hytter

Tiltak for å redusere tap av næringsstoff

Skildring VA-plan på Barmen, Austevoll. Gnr. 33, bnr 22, mfl. Skildring VA-plan. Tiltakshavar: Norvald Økland. Mars 2017.

EU SITT VA RAMMEDIREKTIV

Rapport etter forureiningstilsyn ved Trøim avløpsanlegg

NOTAT Reisetidsanalyse

Oppfølging av regional vassforvaltingsplan og tiltaksprogram i høve påverknad frå landbruk

Effekter av jordbrukstiltak på avrenning av næringsstoffer

Registrering av separate avløpsanlegg og borebrønnar i hytteområde på aust åsen og Volbu (JOVA feltet).

Hamar 20/ Tor Lunnan, Bioforsk Aust Løken

Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel utvikling og vekst

Vi viser i tillegg til våre kommentarar i innspel til søknaden om utsleppsløyve i første runde av behandlinga av nytt utsleppsløyve.

Referat frå temamøte om spreidde avløp Nordfjord Vassområde.

Vassområde Nordfjord

Klimagassutslepp i Time kommune. Status og grunnlag for evaluering av tiltak i. KDP Energi og klima

RETNINGSLINJER FOR BEHANDLING AV SØKNAD OM UTSLEPP AV AVLØPSVATN FRÅ BUSTAD, HYTTER OG LIGNENDE I TYSVÆR KOMMUNE.

MILJØNOTAT NR

Søknad om utslepp av sanitært og kommunalt avløpsvatn frå bustadar, fritidsbustadar og andre bygg, for Sund kommune

Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk

Skjema for dokumentasjon av hydrologiske forhold for små kraftverk

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

Innspel til dei lokale tiltaksanalysane i vassområda landbrukspåverknad

Notatet er utarbeida for styringsgruppa som arbeider med opprydding av 12 anlegg.

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

HØYRINGSUTTALE TIL FORSLAG TIL "REGIONAL PLAN FOR VANNFORVALTNING I VANNREGION VEST-VIKEN "

Fylkesmannen i Aust-Agder Miljøvernavdelingen

Arbeid etter vannforskriften i Skaun

Regjeringa sine forventningar til neste planperiode

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

FORSLAG VA RAMMEPLAN. Borge, Osterøy kommune. opus bergen as. Informasjon. P11057 Borge, Osterøy- VA-rammeplan Dato:

Regional plan for vassforvaltning. Vassforskrifta og organisering av arbeidet

Vassførekomstar i Sogn og Fjordane kunnskap og overvaking

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten

Erfaringer med landbruksforurensning og oppfølging av vannforskriften i N-Trøndelag

SPREDT AVLØP I JORDBRUKSLANDSKAPET

Rapport etter forvaltningstilsyn om forskrift om organisk gjødsel

Fig.1: Kartskisse over Indrelva med stasjoner I- 1 til I- 5, kilde Vann- nett.

Forskrift om gjødslingsplanlegging

Notat om handtering av akutt landbruksforureining i kommunane utkast per

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Transkript:

Delrapport 9 ØYEGROVA NEDRE, PAULSELVA BEKKEFELT, BOLSETELV VASSFØREKOMSTID 087-142-R INNHALD 1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN... 2 2 ANALYSERESULTAT OG KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND... 5 3 KARTLEGGING AV UREINING FRÅ ULIKE KJELDER TILFØRSELSBEREKNING... 6 4 TILTAK...10 4.1 Tiltak jordbruksareal og punktkjelder i jordbruket...10 4.2 Tiltak separate og kommunalt avlaupsanlegg...11 5 TRENDAR FORVENTA UTVIKLING I VASSFØREKOMSTEN...11 6 VURDERINGAR OG KONKLUSJON...11 Side 1

1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN Vassførekomsten ligg i Breimvassdraget i Jølster kommune. Samla nedbørfeltet lengst nedstraums i vassførekomsten (ned til Bolsetvatnet) er 32,9 km 2. Meir enn 50% av nedbørfeltet ligg over 800 moh. Om lag 60 % er snaufjell, medan 5,9 % er dyrka mark (4,8 % fulldyrka). Figur 1 syner vassførekomsten, medan figur 2 syner plassering, storleik på vassdraget og fordelinga av arealtypane i nedbørfeltet. Vassførekomsten er i Vann-Nett definert som «små, svært kalkfattig, klar (TOC2-5)», og er gruppert som type nr 13. Gjennomsnittleg årsnedbør i nedbørfeltet er om lag 2000 mm. Størst vassføring er det i snøsmelteperioden om sommaren. Mykje nedbør utover hausten gjer at det og på denne årstida normalt er mykje vatn i elva. Vassdraget er kulturpåverka i sentrale område. Ureining skjer i form av avrenning og punktutslepp frå landbruket, kommunalt avlaupsanlegg og frå spreidde utslepp av avlaupsvatn. Innanfor vassførekomsten er Fossheimelva regulert, men vassførekomsten oppfyller likevel ikkje krava til SMVF status (sterkt modifisert vassførekomst). Tabell 1. Oppsummering av vassførekomsten: Vassførekomst: Kommune: 087-142-R Jølster Øyegrova nedre, Paulselva bekkefelt, Bolsetelv Namn Areal, km 2 32,9 Gjennomsnittleg årleg vassføring, mill. m 3 74,8 Fordeling arealtypar: Isbre 2,6 % Dyrka mark 5,9 % Myr 0,2 % Innsjø 3,1 % Skog 24,6 % Opent/snaufjell 63,6 % Side 2

Bolsetvatnet Håheimsvatnet Prøvepunkta «oppstraums og nedstraums dyrka mark» i problemkartlegginga i 2014 Skredvatnet Figur 1. Lokalisering av vassførekomsten og prøvepunkta frå problemkartlegginga i 2014. Side 3

Stardalen Skei Skei Figur 2. Lokalisering og storleik av nedbørfeltet til vassførekomsten i Jølster kommune. Kartet viser også fordelinga av dei ulike arealtypane i nedbørfeltet. Side 4

2 ANALYSERESULTAT OG KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND Ut frå den automatiske klassifiseringa i Vann-Nett er det god tilstand i høve til påverknaden/graden av eutrofiering (ut frå innlagte analyseresultat av kjemiske parametrar, bakteriar og begroingsalgar (PIT)). Prøver av begroingsalgar som vart tatt ut i 2014 syner god økologisk tilstand både oppstraums og nedstraums dyrka mark, medan prøve frå 2013 syner at tilstanden ligg på grensa mellom god og moderat tilstand. Tilstanden i høve til eutrofiering ligg nær klassegrensa mellom god og moderat tilstand. Ut frå dette er det risiko for at god miljøtilstand ikkje oppnåast innan 2021. I overvakinga som er utført i denne problemkartlegginga vart det tatt vassprøver både oppstraums og nedstraums jordbruksareal og busetnad. Analyseresultata syner at det det er ei auke i fosforverdiane frå 7 til 10 µg TP/l, og for nitrogen frå 50 til 144 µg TN/l. For tarmbakteriar (TKB) var det svært lågt nivå i begge prøvepunkta. Det også liten forskjell mellom prøvepunkta i høve til kjemisk oksygenforbruk (KOF). Tabell 2. Resultata av målte kvalitetselement for vassførekomsten: Samla økologisk tilstand: God Tilstand eutrofiering: God Kjemi (eutrofiering) TKB (bakterier) Begroingsalger God God God Berekning av gjennomsnittlege nitrogen- og fosforkonsentrasjoner ut frå tilførselsberekningar i kapittel 3: Ut frå ureiningsberekningane og gjennomsnittleg årleg vassføring er det berekna ei gjennomsnittleg konsentrasjon av total fosfor på 6,4 µg/l (og total nitrogen på 189 µg/l), noko som svarar til særs god tilstand. Side 5

3 KARTLEGGING AV UREINING FRÅ ULIKE KJELDER TILFØRSELSBEREKNING Det er gjennomført detaljerte tilførselsberekningar for dei ulike kjeldene i nedbørfeltet til vassførekomsten. I kapittel 8 i hovudrapporten er det gjeve nærmare skildring av metodar, premissar og grunnlag for desse berekningane. Tabell 3. Ureiningsrekneskap for nedbørfeltet til vassførekomsten: Berekna tilførsler av total fosfor til vassførekomsten Figur 3. Diagrammet viser berekna fordeling av dei ulike typane ureiningskjelder i nedbørfeltet. Side 6

3.1.1 Ureining frå utmarksareal naturleg bakgrunnsavrenning Naturleg bakgrunnsavrenning frå skog, snaufjell, isbrear og opne vassflater bidreg med 24 % av tilførsla av total fosfor. 3.1.2 Ureining frå jordbruket Innan vassførekomsten vart det gjennomført synfaring ved eit gardsbruk. I Jølster kommune vart det gjennomført totalt 5 synfaringar på gardar. Oppsummering av synfaringane på gardsbruk i Jølster kommune: Landbrukskontoret oppgjæv at alle bruk har gjødselplan Alle bruka nyttar kunstgjødsel med 2 % eller 3 % fosfor. For alle fem bruk som blei synfara er det god lagringskapasitet i husdyrgjødsellager. Det er liten eller ingen gjødsling etter 2. slåtten. Kommunen kontrollerer gjødsellagra. Ca 5 % blir kontrollert kvart år Det er vart ikkje registrert synlege lekkasjar av gjødsel frå gjødsellagre Det vart ikkje registrert synlige lekkasjar av silopressaft, men nokre stader vert rundballar lagra for nære vatn/elvar/opne grøfter Mjølkeromsavlaup førast stort sett til gjødsellager. Ved eit bruk blei det påvist ureining i vassdrag frå mjølkeromsavlaup. Ut frå synfaringane og opplysningar som er gitt frå Landbrukskontoret i Jølster kommune er det berekna utslepp frå jordbruksareal og punktkjelder for jordbruket. Ut frå ureiningsrekneskapet er det berekna at samla utslepp frå punktkjelder og jordbruksareal utgjer 57% av tilførslene av fosfor i nedbørfeltet. Side 7

Tabell 4. Data om jordbruk i nedbørfeltet til vassførekomsten. Data om jordbruk for vassførekomsten Fulldyrka, daa 1 580 Tal husdyr Mjølkeku 124 Ungdyr 185 Vinterfora sau 260 Geit 0 Høns 0 Hest 1 Gris 0 Husdyrtetthet (GDE/ daa) 0.14 Gjødsling Store nok gjødsellagre og nok spreieareal ja Estimert lekkasje frå gjødsellagre 0.5 % Kg fosfor pr dekar frå husdyrgjødsel 2.0 Bruk av kunstgjødsling med fosfor Ja (mest 2 %) Silopressaft Lekkasjar /utslepp av silopressaft Nei Rundballar lagrast for nære opne vassflatar Ikkje registrert Estimert lekkasje silosaft 1.0 % Mjølkeromsavlaup til vassdrag Estimert lekkasje mjølkeromsavlaup 1.0 % 3.1.3 Ureining frå private avlaupsanlegg Det er rekna at 42 bustader er tilknytt separate (private avlaupsanlegg) i nedbørfeltet. Totalt utslepp frå desse avlaupsanlegga er berekna til 26 kg total fosfor pr år. Dette utgjer om lag 6 % av fosfortilførslane i vassførekomsten. Som grunnlag for estimert fordeling av ulike typar separate avlaupsanlegg, er resultata frå registrering av 45 avlaupsanlegg i kommunane Jølster, Gloppen, Stryn og Hornindal ekstrapolert. Tabell 5. Berekna fosforutslepp frå separate(private) avlaupsanlegg i nedbørfeltet til vassførekomsten Anleggstype Estimert tal anlegg Reinsegrad for total fosfor i % Utslepp kg TP /år Reinsegrad for total Nitrogen i % Utslepp kg TN /år Direkte utslepp 0 0 0 0 0 Slamavskiljar med direkte utslepp 6 10 7.8 15 55 Infiltrasjon kl 1 5 90 0.6 50 24 Infiltrasjon kl 2 18 65 8.7 50 93 Infiltrasjon kl 3 / eldre sandfilteranlegg 10 30 9.1 20 78 Minirenseanlegg 1 80 0.2 25 6 Sum 40 26 256 Side 8

3.1.4 Ureining frå kommunalt avlaupsanlegg I nedbørfeltet er det eit kommunal avlaupsanlegg. Dette er Skei reinsanlegg med tilhørande leidningsanlegg og avlaupspumpestasjonar. Reinsa avlaupsvann blir ført til utslepp i Skredevatnet. Ut frå kommunedelplan for avlaup 2014-2025, i Jølster kommune, er det berekna eit utslepp av total fosfor frå reinseanlegget på 52 kg pr år. Snitt reinseevna for fosfor i 2011 er berekna til 86 % medan kravet i utsleppstillatelsen er 90 % reinseevne. Frå pumpestasjon/overløp er det estimert eit årleg utslepp på 10 kg fosfor. Frå avlaupsleidningsanlegget i har vi estimert ein lekkasjeandel på 2%, ut frå at det er oppgjeve kommunedelplanen at tilstanden på leidningane stort sett er tilfredstillande. Det er berekna eit årleg utslepp av fosfor på 4 kg frå avlaupsleidningar i nedbørfeltet. Tabell 6. Berekna utslepp frå kommunalt avlaupsanlegg. Kommunalt avlaupsanlegg TP kg/år TN kg/år Reinseanlegg 52.0 390 Pumpestasjonar, overløp 10.0 75 Leidningsanlegg 4.0 30 Sum kommunalt avlaupsanlegg 66 495 Totalt utgjer utsleppa frå det kommunale avlaupsanlegget om lag 14 % av fosfortilførslane til vassførekomsten. Side 9

4 TILTAK Det er naudsynt med tiltak for at det ikkje skal være risiko for at miljømålet ikkje nåast i 2021. Ut berekningane i kapittel 3 kjem 57 % av fosforkjeldene frå jordbruk, 14 % frå kommunalt avlaupsanlegg og 6 % frå separate(private) avlaupsanlegg (medan resten av fosforet kjem frå naturlege kjelder). Tiltak for jordbruksareala vil difor vere dei viktigsta tiltak for å redusere tilførslane. 4.1 Tiltak jordbruksareal og punktkjelder i jordbruket Følgjande tiltak er aktuelle (i prioritert rekkjefølgje): 1. Ikkje bruk av fosfor i kunstgjødsel og redusert bruk av husdyrgjødsel. Ingen spreiing av husdyrgjødsel etter 2.slåtten. 2. Ugjødsla randsoner (gjelder både handelsgjødsel og husdyrgjødsel) mellom eng/beite og vassdrag eller i randsoner nedkant av jorder (bredde av randsonene 10 m) 3. Etablering av ei eller fleire tverrgåande permeable tersklar i bekkelaup. Redusert fosforgjødsling bør prioriterast som første tiltak. Det er vanskeleg å estimere effekten av dette tiltaket, og det vil truleg ta ei viss tid før ein oppnår effekt. Fordi det vil ta ei viss tid før ein får effekt av redusert fosforgjødsling, er det trong for andre tiltak som gjev rask effekt. Etablering av ugjødsla randsoner mellom eng og vassdrag(bekk), og etableringa av tverrgåande permeable tersklar i bekkelaup er viktige tiltak som gjev rask effekt. Ugjødsla randsoner vil vere permanente belte med grasmark mellom eng og vassdrag, permanente randsoner i nedkant av jorder, eller soner langs høgdekotane der det er hellingslengder meir enn 100 meter. Det bør etablerast randsoner med bredde på 10 meter. Jordbruksareala i denne vassførekomsten er godt egna for dette tiltaket. Optimal effekt av tiltaket kan komme opp mot 30-35 % reduksjon av fosfortilførsel. Denne vassførekomsten er mindre egna for etablering av med fangdammar. Det er fleire dammar/sjøar i vassførekomsten som gjev omtrent same effekt som fangdammar. Som tiltak i bekkelaup vil det vere eigna å etablere tverrgåande permeable tersklar. Tersklane vil gje auka nedbryting ved at det vert meir innblanding av luft i vatnet når vatnet går over terskel. Oppstiving bak tersklane vil også gje noko reinseffekt Enkelte stader innan vassførekomsten er det registrert at rundballar vert lagra nærare enn 10 meter frå vassdrag. Desse lagringsplassane må flyttast. Sjå også kapittel 11.1 og 11.2 i hovudrapporten for nærmare skildringar av ovannemnte jordbrukstiltak. Side 10

4.2 Tiltak separate og kommunalt avlaupsanlegg Ut frå at det kommunale avlaupsanlegget bidreg med 14 % av fosforet til vassførekomsten, er det aktuelt med tiltak. Med bakgrunn i vilkåret i utsleppsløyva for reinsanlegget (Skei reinseanlegg) må reinseevna for fosfor aukast til frå dagens 86 % til 90 %. Det vil gje ei reduksjon på 2-3 kg fosfor pr år. For å redusere mengda av overvatn (innlekking), er det i kommunedelplan (hovudplan avlaup) allereie satt av investeringsmidlar på 1,0 million kroner fram til 2017. Dette tiltaket vil sannsynlegvis gje ei reduksjon på 7-8 kg. Totalt kan det ventast ei reduksjon på 10 kg som følgje av ovannemnte tiltak. Av dei 40 separate avlaupsanlegga i nedbørfeltet, forventar vi at 15-16 anlegg har låg reinseevne. Ved å utbetre desse anlegga (og dels å kopla bustader til kommunalt avlaupsanlegg), kan ein oppnå ei effekt på 15-16 kg fosfor pr år. For avlaupsanlegg som ikkje har forskriftsmessige avlaupsanlegg, har kommunen høve til å gje huseigar pålegg om utbetring. I denne vassførekomsten kan pålegg om utbetring av anlegg vere eit aktuelt tiltak få å sikre at miljømålet nåast innan 2021. 5 TRENDAR FORVENTA UTVIKLING I VASSFØREKOMSTEN I Jølster kommune har det vore noko folketalsvekst dei siste 10 15 åra. Folketalet i Jølster kommune var 3078 pr 1.1.2014. Målsetting for folketalsutviklinga i Jølster er 3500 innan 2025. For Skei reinseanlegg er det indikasjonar på at auka vert på 100 pe innan år 2025. Dette vil gje noko auke i ureiningsmengd frå avlaupsanlegget. Utan tiltak i vassførekomsten kan ein difor vente noko auke i ureiningsmengd til vassførekomsten. Dyrka mark i vassførekomsten drivast for det meste intensivt. Vi forventar ikkje meir intensiv drift som vil gje auka i jordbruksureining. 6 VURDERINGAR OG KONKLUSJON Som oppgjeve i kapittel 2, ligg tilstanden i høve eutrofiering ein stad nær klassegrensa mellom god og moderat tilstand. Ut frå dette er det naudsynt med fleire tiltak. For å følgje utviklinga bør vassdragsovervakinga i vassførekomsten oppretthaldast. Det er allereie planlagt tiltak for det kommunale avlaupsanlegget, men desse tiltaka vil ikkje gje store effektar på førekomsten (nokre få prosent reduksjon av utslepp). Jordbrukstiltaka som er nemnt i kapittel 4.1 vil ha størst effekt. Dersom alle føreslegne jordbrukstiltak gjennomførast, forventast ei reduksjon i fosforutsleppa på opp mot 35-40 %. Samstundes er jordbrukstiltaka dei mest kostnadseffektive. Dette er difor tiltak som bør gjennomførast. I tillegg til tiltaka for jordbruk og kommunalt avlaupsanlegg, bør også separate (private) avlaupsanlegg som har låg reinseevne utbetrast. Med alle dei ovannemnte tiltaka, er det sannsynleg at det vil vere mogleg å sikre god tilstand i høve til eutrofiering i vassførekomsten. Referansar: Jølster kommune, kommunedelplan avlaup 2014-2025, høyringsutkast juni 2013 Rapport vassdragsovervåkning 2013. Kommunane Gloppen, Jølster og Sogndal. Side 11

Delrapport 10 VEITEBERGSELVA, STARDALEN I JØLSTER VASSFØREKOMST ID 087-151-R INNHALD 1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN... 2 2 ANALYSERESULTAT, KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND OG RISIKOVURDERING... 3 3 KARTLEGGING AV UREINING FRÅ ULIKE KJELDER TILFØRSELSBEREKNING... 4 4 VURDERING... 5 Side 1

1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN Veitebergselva ligg i Stardalen i Jølster kommune og er ein del av Breimvassdraget. Nedbørfeltet til elva er på 11,8 km 2. Lågaste punkt i nedbørfeltet er 280 moh, og meir enn 50% av nedbørfeltet ligg over 1150 moh. Om lag 20 % er dekka av isbrear (Myklebustbreen), og om lag 57 % er snaufjell. Dyrka mark utgjer mindre enn 0,5 % av nedbørfeltet. Figur 1 syner elvestrekningen som utgjer vassførekomsten, medan figur 2 syner plassering, storleik på vassdraget og fordelinga av arealtypane i nedbørfeltet til vassførekomsten. Vassførekomsten er i Vann Nett definert som «små, svært kalkfattig, klar (TOC2-5)», og er gruppert som elvetype nr 13. Gjennomsnittleg årsnedbør i nedbørfeltet er 2000 mm. Størst vassføring er det i snøsmelteperioden om sommaren. Mykje nedbør utover hausten gjer at det og på denne årstida normalt er mykje vatn i elva. I nedre del av er det eit furubelte i dalsidene. I dei høgareliggjande områda er det bjørkeskogen som dominerer opp til skoggrensa. Vassdraget er lite kulturpåverka i sentrale område. Noko ureining skjer i form av avrenning og punktutslepp frå landbruket og frå spreidde utslepp av avlaupsvatn. Det er eit vasskraftverk innan vassførekomsten, men vassførekomsten oppfyller ikkje krava til SMVF status (sterkt modifisert vassførekomst). Tabell 1. Oppsummering av vassførekomsten: Vassførekomst: 087-10-R Kommune: Jølster Berekna folketal 4 Namn Areal, km 2 11,8 Gjennomsnittleg årleg vassføring, mill. m 3 30,4 Fordeling arealtypar: Isbre 20.3 % Dyrka mark 0.4 % Myr 0.1 % Innsjø 0 % Skog 10.7 % Opent/snaufjell 68,3 % Side 2

Figur 1. Lokalisering av vassførekomsten Veitebergselva. Elvestrekninga som inngår i vassførekomsten er vist med mørk blå farge. 2 ANALYSERESULTAT, KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND OG RISIKOVURDERING Det er tekne få vassprøvar innan vassførekomsten. Det vart teken 4 vassprøvar i 1999 og det er teken ei prøve i 2014. Analyseresultat av kjemiske parametrar og bakteriar indikerer at tilstanden i høve til påverknaden/graden av eutrofiering er svært god (pålitelegsgraden er låg). Ut frå berekningane i kapittel 3 kjem berre 10 % av fosforkjeldene frå jordbruk og avlaup, medan resten av fosforet kjem frå naturlege kjelder. Det aller meste av fosforet kjem frå breslammet i elva. Med den låge graden av påverknad frå jordbruk og avlaup, skal det ikkje vere risiko for at miljømål i høve til eutrofiering ikkje nås. I Vann-Nett er ikkje økologisk tilstand klassifisert på grunn av manglande prøvetaking. Ut frå den eine prøva som er tatt, og kartlegging av ureining har vi god grunn til å tru at økologisk tilstand er særs god. Tabell 2. Resultata av målte kvalitetselement for vassførekomsten: Samla økologisk tilstand: Særs god* Tilstand eutrofiering: Særs god* Kjemi (eutrofiering) TKB (bakteriar) Begroingsalgar Særs god* Særs god* Ikkje kartlagd *berre ut frå ei vassprøve Side 3

3 KARTLEGGING AV UREINING FRÅ ULIKE KJELDER TILFØRSELSBEREKNING Det er gjennomført detaljerte tilførselsberekningar for dei ulike kjeldene i nedbørfeltet til vassførekomsten. I kapittel 8 i hovudrapporten er det gjeve nærmare skildring av metodar, premissar og grunnlag for desse berekningane. Tabell 3. Ureiningsrekneskap for nedbørfeltet til vassførekomsten: Berekna tilførsler av total fosfor til vassførekomst Veitebergselva Figur 3. Diagrammet syner berekna fordeling av dei ulike typane ureiningskjelder i nedbørfeltet. Side 4

4 VURDERING Ut frå analyseresultata, klassifisering ut frå eutrofiering og tilførselsberekningar for dei ulike ureiningskjeldene i nedbørfeltet, er elva svært lite påverka av ureiningar frå jordbruk og avlaup. Miljøtilstanden er truleg nær opp til naturtilstand. Det er difor ikkje trong for tiltak. Side 5

Delrapport 11 BEFRINGSELVA, STARDALEN I JØLSTER VASSFØREKOMST ID 087-42-R INNHALD 1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN... 1 2 ANALYSERESULTATER, KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND OG RISIKOVURDERING... 4 3 KARTLEGGING AV UREINING FRÅ ULIKE KJELDER TILFØRSELSBEREKNING... 5 3.1 Ureining frå utmarksareal naturleg bakgrunnsavrenning... 6 3.2 Ureining frå jordbruket... 6 3.3 Ureining frå private avlaupsanlegg... 7 4 VURDERING... 8 1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN Befringselva) ligg i Stardalen i Jølster kommune og er ein del av Breimvassdraget. Nedbørfeltet til Storelva er på 29,3 km 2. Lågaste punkt i nedbørfeltet er 280 moh, og meir enn 50% av nedbørfeltet ligg over 1050 moh. Om lag 17 % er dekka av isbrear (Jostedalsbreen), og om lag 63 % er snaufjell. Dyrka mark utgjer berre 0,6 % av nedbørfeltet. Figur 1 syner elvestrekningen som utgjer vassførekomsten, medan figur 2 syner plassering, storleik på vassdraget og fordelinga av arealtypane i nedbørfeltet til vassførekomsten. Vassførekomsten er i Vann Nett definert som «små, svært kalkfattig, klar (TOC2-5)», og er gruppert som elvetype nr 13. Gjennomsnittleg årsnedbør i nedbørfeltet er 2200 mm. Størst vassføring er det i snøsmelteperioden om sommaren. Mykje nedbør utover hausten gjer at det og på denne årstida normalt er mykje vatn i elva. I nedre del av er det eit furubelte i dalsidene. I dei høgareliggjande områda er det bjørkeskogen som dominerer opp til skoggrensa. Vassdraget er lite kulturpåverka i sentrale område. Ureining skjer i form av avrenning og punktutslepp frå landbruket og frå spreidde utslepp av avlaupsvatn. Side 1

Det er fleire vasskraftverk innan vassførekomsten, men vassførekomsten oppfyller ikkje krava til SMVF status (sterkt modifisert vassførekomst). Tabell 1. Oppsummering av vassførekomsten: Vassførekomst: 087-42-R Kommune: Jølster Berekna folketal 9 Namn Areal, km 2 29.3 Gjennomsnittleg årleg vassføring, mill. m 3 85.7 Fordeling arealtypar: Isbre 17.3 % Dyrka mark 0.4 % Myr 0.8 % Innsjø 0.6 % Skog 17.8 % Opent/snaufjell 63.1 % Prøvepunkta «oppstraums og nedstraums dyrka mark» i problemkartlegginga i 2014 Figur 1. Lokalisering av vassførekomsten (vist med mørk blå farge). Kartet syner også prøvepunkta i denne problemkartlegginga. Side 2

Stardalen Befringsdalen Figur 2. Lokalisering og storleik av nedbørfeltet til vassførekomsten i Jølster kommune. Kartet syner også fordelinga av dei ulike arealtypane i nedbørfeltet. Side 3

2 ANALYSERESULTATER, KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND OG RISIKOVURDERING Analyseresultat av kjemiske parametrar, bakteriar og begroingsalgar (PIT) syner at tilstanden i høve til påverknaden/graden av eutrofiering er god. Ut frå berekningane i kapittel 3 kjem berre 10 % av fosforkjeldene frå jordbruk og avlaup, medan resten av fosforet kjem frå naturlege kjelder. I overvakinga som er utført i denne problemkartlegginga vart det tatt vassprøver båe oppstraums og nedstraums jordbruksareal og busetnad. Analyseresultata syner at det ikkje er auke i fosfor- og nitrogenverdiane frå oppstraums til nedstraums prøvepunkt. I begge prøvepunkta (oppstraums og nedstraums) var gjennomsnittet av dei fire prøvane i dette prosjektet 7 µg TP/l og for ortofosfat 2,3 µg P04-P/l. Fosforet kjem frå breslammet i elva. Prøvane av begroingsalgar syner god økologisk tilstand i elva, og ut frå PIT-verdiane, som er mindre enn 10, er det god avstand til klassegrensa mot moderat tilstand. Gjennomsnittet av termotolerante bakteriar(tkb) i dei to prøvepunkta ligg på 40-50 TKB/100 ml. For tre av fire prøver var det svært låge verdiar, men i prøvar som vart tatt ved stigande flaum synte eit nivå på 140 TKB (Ved stigande flaum vert avleiringane i elva skylt ut og nivåa av fosfor og TKB vil difor ofte vere mykje høgare enn ved «normalvassføring». Vi trur at prøva frå stigande flaum ikkje er representativ for nivået i elva. I høve til eutrofiering er det god tilstand i elva og det er låg risiko for at miljømål ikkje nås. I Vann-Nett er økologisk tilstand klassifisert som god, sjå tabell 2. Tabell 2. Resultata av målte kvalitetselementer for vassførekomsten: Samla økologisk tilstand: God Tilstand eutrofiering: God Kjemi (eutrofiering) TKB (bakteriar) Begroingsalger Svært god God God Berekning av gjennomsnittlege nitrogen- og fosforkonsentrasjoner ut frå tilførselsberekningar i kapittel 3: Ut frå ureiningsberekningane og gjennomsnittleg årleg vassføring er det berekna ei gjennomsnittleg konsentrasjon av total fosfor på 1,8 µg/l og total nitrogen på 87 µg/l, noko som svarar til særs god tilstand. Også berekningane underbyggjar at tilstanden i høve til eutrofiering er god. Side 4

3 KARTLEGGING AV UREINING FRÅ ULIKE KJELDER TILFØRSELSBEREKNING Det er gjennomført detaljerte tilførselsberekningar for dei ulike kjeldene i nedbørfeltet til vassførekomsten. I kapittel 8 i hovudrapporten er det gjeve nærmare skildring av metodar, premissar og grunnlag for desse berekningane. Tabell 3. Ureiningsrekneskap for nedbørfeltet til vassførekomsten: Berekna tilførsler av total fosfor til vassførekomst Befringselva Figur 3. Diagrammet syner berekna fordeling av dei ulike typane ureiningskjelder i nedbørfeltet. Side 5

Figur 4. Bilete til venstre er ved prøvepunkt oppstrøms dyrka mark, og bilete til høgre er prøvepunkt nær innløpet til Stardalselva. 3.1 Ureining frå utmarksareal naturleg bakgrunnsavrenning Naturleg bakgrunnsavrenning frå skog, snaufjell, isbrear og opne vassflater bidreg med 88 % av tilførsla av total fosfor og 96 % av totalt nitrogen. 3.2 Ureining frå jordbruket Innan vassførekomsten vart det gjennomført synfaring ved 2 gardsbruk. Oppsummering av synfaringane på gardsbruk i nedbørfeltet: Landbrukskontoret i Jølster oppgjæv at alle bruk har gjødselplan Bruk av kunstgjødsel med 2 % eller 3 % fosfor Det er god nok lagringskapasitet i husdyrgjødsellager. Det er lite gjødsling etter 2. slåtten. Jølster kommune kontrollerer gjødsel-lagra (ca 5 % vert kontrollert kvart år) Det er vart ikkje registrert synlege lekkasjar av gjødsel frå gjødsellagre Det vart ikkje registrert synlige lekkasjar av silopressaft. Mjølkeromsavlaup er ført til gjødsellager. Ut frå synfaringane og opplysningar som er gitt frå Landbrukskontoret i Jølster kommune er det berekna utslepp frå jordbruksareal og punktkjelder for jordbruket. Ut frå ureiningsregnskapet er det berekna at samla utslepp frå punktkjelder og jordbruks areal utgjer omlag 10 % av tilførslene av fosfor i nedbørfeltet. Side 6

Tabell 4. Data om jordbruk i nedbørfeltet til vassførekomsten. Data om jordbruk for vassførekomsten Fulldyrka, daa 112 Tal husdyr Mjølkeku (estimert) 20 Ungdyr (estimert) 20 Vinterfora sau 0 Geit 0 Høns 0 Hest 0 Gris 0 Gjødsling Store nok gjødsellagre/nok spreieareal Ja Estimert lekkasje gjødsellager 0.5 % Bruk av kunstgjødsling med fosfor Ja Silopresssaft Lekkasjar /utslepp av silopressaft Ikkje registrert Rundballar lagrast for nære opne vassflatar Ikkje registrert Estimert lekkasje silosaft 1.0 % Mjølkeromsavlaup til vassdrag Estimert lekkasje mjølkeromsavlaup 1.0 % 3.3 Ureining frå private avlaupsanlegg Det er berekna at 4 bustader er tilknytt separate (private avlaupsanlegg) i nedbørfeltet. Totalt utslepp frå desse avlaupsanlegga er berekna til 2 kg total fosfor pr år. Dette utgjer om lag 1 % av fosfortilførslane i vassførekomsten. Som grunnlag for estimert fordeling av ulike typar separate avlaupsanlegg, er resultata frå registrering av 36 avlaupsanlegg i kommunane Jølster, Gloppen, Stryn og Hornindal ekstrapolert. Tabell 5. Berekna fosforutslepp frå separate(private) avlaupsanlegg i nedbørfeltet til vassførekomsten Anleggstype Estimert tal anlegg Reinsegrad for total fosfor i % Utslepp kg TP /år Reinsegrad for total Nitrogen i % Utslepp kg TN /år Direkte utslepp 0 0 0 0 0 Slamavskiljar med direkte utslepp 0 10 0.0 15 0 Infiltrasjon kl 1 0 90 0.0 50 0 Infiltrasjon kl 2 4 65 1.9 50 20 Infiltrasjon kl 3 / eldre sandfilteranlegg 0 30 0.0 20 0 Minirenseanlegg 0 80 0.0 25 0 Sum 4 1.9 20 Side 7

4 VURDERING Ut frå analyseresultata, klassifisering og tilførselsberekningar for dei ulike ureiningskjeldene i nedbørfeltet er elva lite påverka av ureiningar frå jordbruk og avlaup, og tilstand er truleg nær opp til naturtilstand. Det er ikkje trong for tiltak i høve til eutrofiering. Side 8

Delrapport 12 DRIVA, STARDALEN I JØLSTER KOMMUNE VASSFØREKOMSTID 087-51-R INNHALD 1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN... 1 2 ANALYSERESULTAT, KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND OG RISIKOVURDERING... 4 3 KARTLEGGING AV UREINING FRÅ ULIKE KJELDER, TILFØRSLELSBEREKNING... 5 4 VURDERINGAR OG KONKLUSJON... 6 1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN Diva er ei elv i Breimsvassdraget. Elva ligg nesten lengst inn i Stardalen i Jølster kommune Nedbørfeltet til Driva ( ned til målestasjonen ovanfor Høyset er på 28,5 km 2. Meir enn 50% av nedbørfeltet ligg over 1290 moh. Om lag 43,1 % er dekka av isbrear (Myklebustbreen og noko av Jostedalsbreen), litt over 50 % er snaufjell, medan 2,3 % er skog. Det er ikkje dyrka mark, busetnad eller myr i nedbørfeltet. Figur 1 syner elvestrekningen som utgjer vassførekomsten, medan figur 2 syner plassering, storleik på vassdraget og fordelinga av arealtypane i nedbørfeltet ned til målestasjonen i vassførekomsten. Vassførekomsten er i Vann Nett definert som «middels, svært kalkfattig, klar (TOC2-5)», og er gruppert som elvetype nr 13. Gjennomsnittleg årsnedbør i nedbørfeltet er om lag 2000 mm. Størst vassføring er det i snøsmelteperioden om sommaren. Mykje nedbør utover hausten gjer at det og på denne årstida normalt er ein del vatn i elva. I områda lengst ned er det noko bjørkeskog, elles er det snaufjell og isbrear. Einaste ureining er frå beitedyr og vilt i nedbørfeltet. Det er ikkje vasskraftverk innan vassførekomsten, men det er søkt om konsesjon for utbygging. www.asplanviak.no Side 1

Tabell 1. Oppsummering av vassførekomsten: Vassførekomst: 087-51-R Kommune: Jølster Berekna folketal 0 Namn Driva Areal, km 2 28.5 Gjennomsnittleg årleg vassføring, mill. m 3 83.3 Fordeling arealtypar: Isbre 43.1 % Dyrka mark 0.0 % Myr 1.6 % Innsjø 1.6 % Skog 2.3 % Opent/snaufjell 51.4 % Figur 1. Lokalisering av vassførekomsten. Elvestrekningen som inngår i vassførekomsten er synt med mørk blå farge. www.asplanviak.no Side 2

Driva Stardalen Figur 2. Lokalisering og storleik av nedbørfeltet til vassførekomsten Driva i Jølster kommune. Kartet syner også foredlinga av dei ulike arealtypane i nedbørfeltet. www.asplanviak.no Side 3

2 ANALYSERESULTAT, KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND OG RISIKOVURDERING Ut frå vår vurdering av analyseresultat av kjemiske parametrar, bakteriar og begroingsalgar(pit) er tilstanden i høve til påverknaden/graden av eutrofiering er svært god. I trur at tilnærma alt fosfor i elva kjem frå naturlege kjelder. I prøvepunktet var gjennomsnittet av dei fire prøvane i dette prosjektet 69,5 µg TP/l og for ortofosfat 4,2 µg P04-P/l. Også prøvar som er tatt tidligare syner høge tall av fosfor. Fosforet kjem frå breslammet i elva. Prøva av begroingsalgar syner særs god økologisk tilstand i elva. Gjennomsnittet av termotolerante bakteriar(tkb) ligg på 14 TKB/100 ml. For tre av fire prøver var det ikkje påvist TKB, men i prøva som vart tatt ved stigande flaum synte eit nivå på 56 TKB (Ved stigande flaum vert avleiringane i elva skylt ut, og nivåa av fosfor og TKB vil difor ofte vere mykje høgare enn ved «normalvassføring». Vi trur at prøva frå stigande flaum ikkje er representativ for nivået i elva. I høve til eutrofiering er det særs god tilstand i elva og det er ikkje risiko for at miljømål ikkje nås. I Vann-Nett er økologisk tilstand klassifisert som god. Ut frå vår vurdering av analyseresultat, og at det ikkje er ureining frå jordbruk og avlaup, veljar vi likevel å klassifisere tilstanden som særs god sjå tabell 2. Tabell 2. Resultata av målte kvalitetselementer for vassførekomsten: Samla økologisk tilstand: Særs god Tilstand eutrofiering: Særs god Kjemi (eutrofiering) TKB (bakteriar) Begroingsalger Svært god* God Særs god * Høgt nivå av fosfor skyldast høgt innhald av fosfor breslam, og ikkje ureining frå menneskeskapte tilførsler. www.asplanviak.no Side 4

3 KARTLEGGING AV UREINING FRÅ ULIKE KJELDER, TILFØRSELSBEREKNING Det er gjennomført detaljerte tilførselsberekningar for dei ulike kjeldane i nedbørfeltet til vassførekomsten. I kapittel 8 i hovudrapporten er det gjeve nærmare skildring av metodar, premissar og grunnlag for desse berekningane. Tabell 3. Ureiningsrekneskap for nedbørfeltet til vassførekomsten: Berekna tilførsler av total fosfor til vassførekomst Driva Figur 3. Diagrammet syner berekna fordeling av dei ulike typane ureiningskjelder i nedbørfeltet. www.asplanviak.no Side 5

4 VURDERINGAR OG KONKLUSJON Ut frå våre vurderingar av analyseresultata, klassifisering ut frå eutrofiering er elva svært lite påverka av menneskeskapte ureiningar, og tilstand er truleg nær opp til naturtilstand. Einaste moglege ureiningskjelde er ureining frå nokre beitedyr. Det er ikkje trong for tiltak i høve til eutrofiering. Figur 4. Bileta er tekne ved prøvepunktet/målestasjonen for Driva. www.asplanviak.no Side 6

Delrapport 14 SIDEBEKKAR BEFRINGSELVA, STARDALEN I JØLSTER (BEKK FRÅ VINDHEIM) VASSFØREKOMSTID 087-62-R INNHALD 1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN... 2 2 ANALYSERESULTATER OG KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND... 5 3 KARTLEGGING AV UREINING FRÅ ULIKE KJELDER TILFØRSLELSBEREKNING.. 6 3.1 Ureining frå utmarksareal naturleg bakgrunnsavrenning... 8 3.2 Ureining frå jordbruket... 8 4 TILTAK... 9 4.1 Tiltak jordbruksareal og punktkjelder i jordbruket... 9 4.2 Tiltak separate avlaupsanlegg... 9 5 VURDERINGAR OG KONKLUSJON...10 asplanviak.no Side 1

1 SKILDRING AV VASSFØREKOMSTEN Vassførekomsten «Sidebakkar Befringselva» ligg i Stardalen i Jølster kommune og er ein del av Breimvassdraget. I denne problemkartlegginga har me for det meste sett på bekken på nordsida av Stardalselva som renn frå Vindheim mot Veiteberg. Nedbørfeltet til denne bekken er på 1,5 km 2. Om lag 65 % av areala i nedbørfeltet er snaufjell og 27 % er dekka av skog. Dyrka mark utgjer 8,4 % (fulldyrka utgjer 7,7 %) av nedbørfeltet. Figur 1 syner bekkane som utgjer vassførekomsten, medan figur 2 syner plassering, storleik på bekken frå Vindheim mot Veiteberg, samt fordelinga av arealtypane i nedbørfeltet til bekken. Vassførekomsten er i Vann-Nett definert som «små, svært kalkfattig, klar (TOC2-5)», og er gruppert som elvetype nr 13. Gjennomsnittleg årsnedbør i nedbørfeltet er 2100 mm. Størst vassføring er det i snøsmelteperioden om sommaren og utover hausten. I nedre del av er det eit furubelte i dalsidene. I dei høgareliggjande områda er det bjørkeskogen som dominerer opp til skoggrensa. Bekken er påverka i landbruksområda nede på sletta. Ureining skjer i form av avrenning og punktutslepp frå landbruket og frå spreidde utslepp av avlaupsvatn. Tabell 1. Oppsummering av vassførekomsten: Vassførekomst: 087-62-R Kommune: Jølster Berekna folketal 4 Namn «Bekk frå Vindheim mot Veiteberg» Areal, km 2 1.5 Gjennomsnittleg årleg vassføring, mill. m 3 2.4 Fordeling arealtypar: Isbre 0.0 % Dyrka mark 8.4 % Myr 0.0 % Innsjø 0.0 % Skog 26.6 % Opent/snaufjell 65.0 % asplanviak.no Side 2

Figur 1. Lokalisering av vassførekomsten «Sidebekkar Befringselva», Stardalen i Jølster. Bekkar som inngår i vassførekomsten er vist med mørk blå farge. Bekken frå Vindheim er ringa rundt med stipla linje. asplanviak.no Side 3

Veiteberg Stardalen Vindheim Figur 2. Lokalisering og storleik av nedbørfeltet til bekken frå Vindheim mot Veiteberg. Kartet syner også foredlinga av dei ulike arealtypane i nedbørfeltet. Raud sirkel syner lokalisering av prøvepunktet i bekken. asplanviak.no Side 4

2 ANALYSERESULTATER OG KLASSIFISERING AV ØKOLOGISK TILSTAND Bekken frå Vindheim Analyseresultat av kjemiske parametrar, bakteriar og begroingsalgar (PIT) syner at tilstanden i høve til påverknaden/graden av eutrofiering er moderat. Prøver av begroingsalgar som vart tatt ut i 2014 syner god økologisk tilstand, medan tilstand for fosfor og nitrogen var høvesvis dårleg og moderat. For termotolerante koliforme bakteriar(tkb) er miljøtilstanden moderat. Tabell 2. Resultata av målte kvalitetselementer for vassførekomsten(bekken frå Vindheim): Samla økologisk tilstand: Moderat Tilstand eutrofiering: Moderat Kjemi (eutrofiering) TKB (bakteriar) Begroingsalger Dårleg Moderat God Berekning av gjennomsnittlege nitrogen- og fosforkonsentrasjoner ut frå tilførselsberekningar i kapittel 3: Ut frå ureiningsberekningane og gjennomsnittleg årleg vassføring er det berekna ei gjennomsnittleg konsentrasjon av total fosfor på 11 µg/l og total nitrogen på 309 µg/l, noko som svarar til god tilstand. Ut frå berekningane i kapittel 3 kjem 75 % av fosforkjeldene frå jordbruk, og 9 % frå separate(private) avlaupsanlegg, medan resten av fosforet kjem frå naturlege kjelder. For dei andre bekkane i vassførekomsten er ikkje tatt vassprøver, og tilstanden er ikkje kartlagd. I samband med problemkartlegginga i Stardalen vart det midlertidig registrert at det var mykje organisk stoff i bekken nokre hundre meter vest for avkjøringa til Høyset (frå hovudvegen), sjå figur 3 nedanfor. Det er mistanke om at bekken er ureina av jordbruk og avlaup. For dei andre bekkane i vassførekomsten vil vi anta at den økologiske tilstanden er god, fordi det aller meste av nedbørfelta til desse bekkane er utmarksareal (ovanfor dyrka mark). Figur 3. Bilete av bekken nokre hundre meter vest for avkjøringa til Høyset i Stardalen. Det mykje organisk stoff i bekken (samt jernutfelling som gjev den raude fargen) asplanviak.no Side 5

3 KARTLEGGING AV UREINING FRÅ ULIKE KJELDER TILFØRSELSBEREKNING Det er gjennomført detaljerte tilførselsberekningar for dei ulike kjeldene i nedbørfeltet til bekken frå Vindheim. I kapittel 8 i hovudrapporten er det gjeve nærmare skildring av metodar, premissar og grunnlag for desse berekningane. Tabell 3. Ureiningsrekneskap for nedbørfeltet til bekken frå Vindheim: Berekna tilførsler av total fosfor til Bekk frå Vindheim mot Befring Figur 4. Diagrammet syner rekna fordeling av dei ulike typane ureiningskjelder i nedbørfeltet. asplanviak.no Side 6

Figur 4. Bileta er frå austre del av bekken/open grøft ved Vindheim. Det er stilleståande vatn i open grøft/kanal med tilsig frå landbruksdrenering. Venstre bilete syner at det var mykje begroing i bekken. Figur 5. Bilete er frå vestre ende av bekken, nær utløpet til Stardalselva. Her var det tydeleg vassgjennomstrøyming og mykje begroing. asplanviak.no Side 7

3.1 Ureining frå utmarksareal naturleg bakgrunnsavrenning Naturleg bakgrunnsavrenning frå skog, snaufjell, isbrear og opne vassflater bidreg med 15 % av tilførsla av total fosfor og 56 % av totalt nitrogen. 3.2 Ureining frå jordbruket Innan vassførekomsten vart det ikkje gjennomført synfaring på gardsbruk innan vassførekomsten. Det vart ikkje registrert synlige utslepp frå jordbruket, men ein stad har vi registrert at rundballar lagrast for nære denne bekken. Ut frå synfaringane (med registrering av rundballar nær bekk) og opplysningar som er gitt frå landbrukskontoret i Jølster kommune, er det berekna utslepp frå jordbruksareal og punktkjelder for jordbruket. Ut frå ureiningsregnskapet er det rekna at samla utslepp frå punktkjelder og jordbruksareal utgjer omlag 75 % av tilførslene av fosfor i nedbørfeltet. Tabell 4. Data om jordbruk i nedbørfeltet til bekken frå Vindheim. Data om jordbruk for vassførekomsten Fulldyrka, daa 112 Tal husdyr Mjølkeku 0 Ungdyr 0 Vinterfora sau 0 Geit 0 Høns 0 Hest 0 Gris 0 Gjødsling Bruk av kunstgjødsling med fosfor Ukjend Silopressaft Rundballar lagrast for nære opne vassflater Ja Estimert lekkasje silosaft 1.0 % 3.2.1 Ureining frå private avlaupsanlegg Det er berekna at 2 bustader er tilknytt separate (private avlaupsanlegg) i nedbørfeltet til bekken. Totalt utslepp frå desse avlaupsanlegga er berekna til 2 kg total fosfor pr år. Dette utgjer om lag 9 % av fosfortilførslane til bekken. asplanviak.no Side 8

4 TILTAK Det er naudsynt med tiltak for at det ikkje skal være risiko for at miljømålet ikkje nås i 2021. Ut berekningane i kapittel 3 kjem 75 % av fosforkjeldene frå jordbruk og 9 % frå separate(private) avlaupsanlegg (medan resten av fosforet kjem frå naturlege kjelder). Tiltak for jordbruksareala vil difor vere dei viktigsta tiltak for å redusere tilførslane. 4.1 Tiltak jordbruksareal og punktkjelder i jordbruket Følgjande tiltak er aktuelle (i prioritert rekkjefølgje): 1. Ikkje bruk av fosfor i kunstgjødsel og redusert bruk av husdyrgjødsel. Ingen spreiing av husdyrgjødsel etter 2.slåtten. 2. Etablering av ein fangdam med terskel i bekken 3. Ugjødsla randsoner (gjeld både handelsgjødsel og husdyrgjødsel) mellom eng/beite og vassdrag eller i randsonar nedkant av jorder 4. Lagring av rundballar Redusert fosforgjødsling bør prioriterast som første tiltak. Det er vanskeleg å estimere effekten av dette tiltaket, og det vil truleg ta ei viss tid før ein oppnår effekt. Fordi det vil ta ei viss tid før ein får effekt av redusert fosforgjødsling, er det trong for andre tiltak som gjev rask effekt. Etablering av ein fangdam og eventuelt ugjødsla randsoner mellom eng og bekk vil vere tiltak som gjev rask effekt. Jordbruksareala i denne vassførekomsten ligger for det meste på flat mark med godt utbygd landbruksdrenering fordi grunnvassnivået er høgt. Det er difor rimelig å tru at det meste av ureiningane kjem frå drensvatn. Ein fangdam vil kunne ha god reinseeffekt for fosfor på drensvatn/grøftevatn, men det bør undersøkjast om det er nok fall i bekken til å etablere ein fangdam. Fangdammen bør utformast med ein eller fleire tersklar slik at ein får inn oksygen i vatnet. Lagringsplassar for rundballar må lagrast i meir en 10 meter frå bekken. Lagringsplass som nyttast nær utløpet av bekken bør ikkje nyttast vidare. Ugjødsla randsoner vil vere permanente belte med grasmark mellom eng og vassdrag, permanente randsoner mot bekken.ut frå att vi trur det er lite overflateavrenning frå dyrka mark, er det usikkerheit til effekten av dette tiltaket. Sjå også kapittel 11.1 og 11.2 i hovudrapporten for nærmare skildringar av ovannemnte jordbrukstiltak. 4.2 Tiltak separate avlaupsanlegg Avlaupsanlegget som vart synfara var eit anlegg med berre slamavskiljar før utslepp til bekken. Det er difor låg reinseevne før utslepp. Det er ikkje egna grunntilhøve for infiltrasjonsanlegg i området. Eksisterande avlaupsanlegg bør utbetrast. Det vil vere aktuelt å nytta prefabrikkerte kjemiske/biologiske reinseanlegg (minireinseanlegg) for å kunne oppnå god reinseevne. asplanviak.no Side 9

Kommunen har høve til å gje huseigar(ar) pålegg om utbetring med heimel i ureiningslova. I denne vassførekomsten kan pålegg om utbetring av anlegg vere eit aktuelt tiltak. 5 VURDERINGAR OG KONKLUSJON Som oppgjeve i kapittel 2, er det moderat tilstand i bekken frå Vindheim. Ut frå dette er det naudsynt med tiltak for å kunne oppnå miljømålet om god tilstand. Redusert gjødsling på jordbruksareala, og etablering av terskel i bekkelaupet vil vere dei mest aktuelle tiltaka. I tillegg til jordbrukstiltaka, bør dei separate (private) avlaupsanlegga utbetrast. For dei andre bekkane i vassførekomsten er det ikkje tatt vassprøver, og tilstanden er ikkje kartlagd. I samband med problemkartlegginga i Stardalen, vart det registrert at det var mykje organisk stoff i ein annan bekk i vassførekomsten. Det er mistanke om at denne bekken er ureina av jordbruk og avlaup. Tilstanden for denne bekken bør kartleggast. For dei andre bekkane i vassførekomsten antar vi at den økologiske tilstanden er god, fordi det aller meste av nedbørfelta til desse bekkane er i utmarksareal (ovanfor dyrka mark). asplanviak.no Side 10