Referat frå møte i regionalt brukarråd Statped vest Dato/Stad: 15. november kl 12.30 15.00 / Sandbrekkevegen 27, videokonferanse Deltakarar: Birte B. Frøyd (NFU), Bernt Olaf Ørsnes (Afasiforbundet), Monica Reime (Norsk Touretteforening - NTF), Victor Carlsen (HLF), Odd Inge Vestbø (HLF), Trond Løvdok (ADHD Norge), Gerd Ingunn Opdal (Statped), Inga F. Skagseth (Statped, referent) Forfall: Lisbet Eide, Evy Skogedal, Marit Anvedsen Sak: 19/18 Godkjenning av innkalling og saksliste Ok 20/18 Godkjenning av referat Ok 21/18 Representasjon i brukarrådet Organisasjonane har fått frist til 15.11.18 til å oppnemne kandidatar for neste periode. - Afasiforbundet: Lisbet Eide trekk seg, Bernt Olaf Ørsnes ønsker å fortsetje. - HLF: Begge ønsker å fortsetje ei stund til. - ADHD Norge: Trond Løvdok ønsker å fortsetje, har påpeikt til forbundet at det også er ønskeleg med vara. - NFU: Birte B. Frøyd ønsker å fortsetje. Det kjem ny vara for henne. Evy Skogedal trekk seg som representant for Hordaland. - NTF: Monica Reime ønsker å fortsetje. 22/18 Orienteringar frå brukarrepresentantane HLF sjå vedlegg 1 for utfyllande informasjon frå HLF. Spørsmål som vart reist: - Korleis sikrar Statped at alle aktuelle brukarar får informasjon om elevkurs? - Korleis organiserer ein elevkurs og lærarkurs i dei ulike regionane? Korleis sikrar Statped at det blir eit tilbod til elevar i alle klassetrinn i alle regionar? Gerd Ingunn Opdal kommenterer at Statped fyrst og fremst informerer om tenester gjennom PPT, slik mandatet vårt er i dag. PPT er Statped sin hovudinngang til kommunar og dermed også brukarar. Andre
kanalar for å gjere tenestene våre kjent er nettsidene våre statped.no, Facebook og Snapchat. Opdal påpeikte også at ein alltid kan ringe til Statped for å få meir informasjon om tenestene og at innspela frå HLF er viktige, vi tar dei med vidare. NFU viste til ein nyleg gjennomført SAFO-konferanse i Ålesund der fleire av deltakarane påpeikte eit ønske om at kompetansen i Statped må kome fleire til gode, særleg personar som er tettast på borna; lærarar og barnehagelærarar. Kompetansen i Statped må delast i fleire fora, og særleg må dei gode eksempla/«best practise» bli betre kjent. Eit tydeleg ønske om at Statped sin spisskompetanse må kome nærare opplæringssektor, at konkrete verktøy må gjerast lettare tilgjengeleg. Kan dette skje gjennom t.d. åpne førelesningsrundar i kommunane? Opplysningskampanjar? Kan Statped vurdere å nytte fleire kommunikasjonskanalar for å nå fleire? Viktigheita av å kompetanseheve heile team av tilsette på opplæringsarena vart trekt fram, slik at det ikkje berre er ein lærar/assistent som sit på viktig kunnskap om tilrettelegging for bornet. Det vart også orientert om at Norges Handikapforbund har gjennomført ei kartlegging av skulebygg som syner at det ikkje ligg så godt an med universell utforming for framkommeligheit. Gerd Ingun Opdal kommenterte at også Statped meiner det kan være føremålstenleg å ha eit breiare nedslagsfelt enn i dag. Mange fleire enn PPT kan ha nytte av mykje av kunnskapen som Statped sit på. Statped jobbar for å komme i den posisjonen, og det er eit kontinuerleg arbeid å gjere informasjon meir tilgjengeleg. Statped orienterte vidare om eit utviklingsarbeid som pågår i region vest. Det vert utarbeida ein «digital ressurspakke» for studentar på barnehage- og lærarutdanningane om inkludering og pedagogisk bruk av IKT. Føremålet er at studentane skal bli betre rusta til å møte mangfaldet av borna/elevane ved hjelp av konkrete verktøy når dei skal ut i praksis/starte i jobb. Ressursen kan også vere aktuell for andre målgrupper som jobbar i utdanningssektor. NFU orienterte i denne samanheng om at Handikapforbundet har gjort ei kartlegging som synte at nyutdanna var meir skeptiske til inkludering enn meir erfarne lærarar og rektorar. Øvrige brukarrepresentantar slutta seg til ønsket om at Statped gjer kunnskapen sin lettare tilgjengeleg for ei breiare målgruppe.
Afasiforbundet informerte om at fire brukarorganisasjonar for slagramma har etablert eit «Slagforum» som kjem saman to gongar årleg. Dei arbeidar også med ein hjerneslagkampanje som skal vidareførast som ein nasjonal dugnad, i samarbeid med m.a. Helsedirektoratet. Forbundet har levert høyringssvar om Statped til Nordahl-rapporten, og påpeikt at vaksne ikkje er godt nok ivaretekne i dette arbeidet. Det er viktig for Afasiforbundet at Statped blir meir tilgjengeleg for alle, og at også vaksne sine rettar i opplæringslova blir ivaretekne. ADHD Norge arbeidar mykje med samlingar, kurs og sjølvhjelpsgrupper for medlemmar. Dei har nyleg gjennomført ein landsdekkande konferanse for fagpersonar om vaksne med ADHD. Dei har utvikla eit coaching-kurs; «Coach me train me», om å lære å leve med ADHD, som dei ønsker å spreie informasjon om. ADHD Norge har også sendt høyringssvar på Nordahl-rapporten, kor dei formidlar at dei støttar eit samla fagmiljø og peiker på risikoen ved å nedskalere/omorganisere Statped. NTF spelar inn punkter skriftleg til referatet grunna dårleg lyd. 23/18 Orienteringar frå Statped - Arbeid med stortingsmelding om tidleg innsats Statped har blitt forelagt ei rekkje spørsmål frå Kunnskapsdepartementet (KD) i samband med arbeidet med stortingsmeldinga som skal følge opp Nordahl-rapporten. Statped direktør har løpande kontakt med KD om dette. Statped ønsker å bidra til betre opplæring, saman med resten av opplæringssektor. Statped er opne for endringar, men peiker på at det på fleire av fagområda i Statped er veldig små fagmiljø og at det vil bli krevjande å dele desse opp, slik Nordahl-rapporten skisserer. Statped spelar også inn at det er viktig at nye lærarar har spesialpedagogisk kompetanse. Statped håpar at innspela til meldingsarbeidet vil bli gjort opent tilgjengeleg. - Program for brukarkonferansen 5. 6. februar Statped orienterte om førebels program. Fleire av innspela frå brukarrådet i vest er gjenkjennelege i programmet. Statped sender nærare informasjon så snart program og påmelding er klart. 24/18 Digitaliseringsprosjektet i Statped
- Digitalt tenesteforløp informasjon frå innsikts- og idéfase Eit av prosjekta i Statped sitt Digitaliseringsprosjekt er Digitalt tenesteforløp. I prosjektet skal ein analysere utvalde tenesteforløp og vurdere i kva grad digitale tenester og verkty kan heve kvaliteten på tenestene. Prosjektet nyttar metodikken «tenestedesign». Både innsikts- og idefasane er no gjennomført. Føremålet med innsiktsfasen er å kartlegge brukarar og samarbeidspartar sine opplevingar og erfaringar med Statped. Det har kome inn svært mykje nyttig informasjon, både positivt og negativt. Innsikta er samanfatta i seks innsatsområder, der vi spør korleis kan vi: - øke kjennskapen til Statped sine tenester? - bidra tidlegare med kunnskap og sparring? - sikre at vi gjer det brukarane faktisk treng? - bli meir praksisnære og tettare på kvardagen? - gjere samarbeidet og alt det praktiske enklare? - bidra til ein tydeleg avslutning, når er timinga riktig? I idéfasen har det vorte jobba med å få fram så mange idéar som mogleg for korleis Statped si rådgivingsteneste kan sjå ut. Verksemda har blitt utfordra på å opne opp, tenke nytt og utfordre kva som er mogleg og ønskeleg, og å kombinere innsikta i målgruppene sine behov med moglegheitene som ligg i digitalisering - Demonstrasjon av Statped sin chatbot Som ein del av prosjektet har Statped utvikla ein chatbot med kunstig intelligens. Den skal hjelpe nettbrukarar med å finne læringsressurser på Statped.no. Før vi kan lansere chatboten på statped.no, må vi trene den kunstige intelligensen i den. Først da kan den svare relevant og finne aktuelle læringsressursar. Chatboten vart demonstrert i møtet, og fleire av brukarrepresentantane ønsker å bidra i treninga av chatbot en. Statped sender dei lenke til testnettsida og instruksjonar for treninga. 25/18 Fagtorg vest 2019 Statped orienterte om at det er eit pågåande arbeid med å strukturere alle innspela som er kome til programmet til Fagtorg 2019, frå både interne i Statped og eksterne. Det er ønskeleg med fleire innspel også frå brukarrådet. Forslag kan sendast på e-post til Inga i dei komande vekene. Innspel i møtet frå ADHD Norge:
Tema: relasjonskompetanse relasjonspedagogikk. PPT treng å ha god relasjon til brukarar og samarbeidspartar. Forslag til innleiar på tema: Psykolog Lorentzen frå UiO. Det kom eit spørsmål om det kan opnast for at brukarrepresentantar deltar? Arrangementet er «øyremerka» PPT, og har vore heilt fullteikna dei siste åra, med venteliste. Men vi skal vurdere å opne opp for brukarrepresentantar for deltaking på sesjonar der det er ledige plassar. Dette kjem vi tilbake til. 26/18 Revidering av retningsliner for brukarmedverknad NFU v/ Birte B. Frøyd orienterte om arbeidet i referansegruppa, som hadde møte 13. september. Det var gode diskusjonar, Statped har hatt ei open haldning til innspel og diskusjon kring mandatet slik det er i dag. Døme på område som vart drøfta i gruppa er: - Å skilje betre mellom rollene til nasjonalt og dei regionale brukarråda. - Dei faglege samarbeidsråda ønsker å kome tettare på tenestene. Arbeidet har stoppa litt opp grunna Statped sitt arbeid med innspel til stortingsmeldinga om tidleg innsats. Nye retningsliner vil bli lansert i samband med Brukarkonferansen 6. februar neste år, og ikkje 1.1.2019 som først planlagt. Birte ventar enno på referat frå møtet 13.9., og vil inkludere brukarrådet når referatet kjem. 27/18 Eventuelt Etter drøfting vart rådet einige om at vi held på tidsramma for møta, kl 12.30 15. Neste møte: 6. februar i Oslo, i samband med brukarkonferansen Øvrige møtedatoar i 2019: 22. mai, 4. september, 27. november