Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, miljøvernavdelinga Kontroll ved Sunnfjord Bil AS Endeleg RAPPORT Verksemda si adresse: Holtemyrane 10 6800 Førde Arkivkode: 2005/5474 /472 Lovverk: Sjå kap. 2 Dokumentgrunnlag Tidsrom for kontrollen: 25.10.2005 Kontrollør: Bjarne Nes Kontaktperson i verksemda: Deltaking frå Torbjørn Strømsli verksemda: Oddvar Strømsli Torbjørn Strømsli Innhald i rapporten: Rapporten omtalar avvik og merknader som vart konstatert under kontrollen. Andre tilhøve som vedkjem aktuelle kontrolltema er og omtalt. Hovudkonklusjon: Følgjande avvik vart oppdaga under kontrollen: - Tal kasserte kjøretøy som vert lagra samtidig på plassen er for høgt - Miljøsanering av bilvraka er ikkje tilstrekkeleg - Oppsamling av væske i samband med pressing av vrak er ikkje tilfredsstillande - Det er ikkje stort nok areal med fast dekke til lagring av ikkje miljøsanerte bilvrak Utarbeidd dato: 25.11.2005 For Fylkesmannen Bjarne Nes kontrollør
Innhald Side 1. Innleiing 3 2. Dokumentunderlag 3 3. Avvik 4 4. Merknader 5 Side 2
1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter kontroll ved Sunnfjord Bil AS sitt anlegg for mottak og handtering av kasserte kjøretøy (biloppsamlingsplass) den 25.10.2005. Kontrollen er ein del av ein landsomfattande kontrollaksjon som Statens forurensningstilsyn og Fylkesmennene gjennomfører hausten 2005. Målet med aksjonen er å kontrollere at dei verksemdene som tek i mot og handterer kasserte kjøretøy (bilvrak m.m.) gjer ei forsvarleg miljøsanering av kjøretøya, at verksemda ikkje fører til ureining og forsøpling av omgivnadene, og at utsortert miljøfarleg avfall blir handtert og levert på ein forskriftsmessig måte. Kontrollen vart gjennomført ved samtalar med ansvarlege for verksemda, gjennomgang av diverse rutinar og journalar, og ved inspeksjon ved verksemda. Kort omtale av verksemda: Verksemda har drive med bilvrakoppsamling sidan 1976, sidan 1987 på noverande tomt. Fram til 17.06.2004 skjedde drifta på Førde kommune sitt driftsløyve, då verksemda fekk eige utsleppsløyve etter nye retningsliner. Det blir drive ordinært mottak for kasserte kjøretøy med rett til utskriving av pantekvittering. Aktiviteten er miljøsanering, hogging/demontering av deler for salg og pressing (innleigd mobil presse). Sunnfjord Bil AS driv bilverkstad på den same eigedomen. Definisjonar: AVVIK vert definert som brot på krav som er fastsett i eller med heimel i helse-, miljø, og tryggleikslovgivinga. (Døme er brot på krav i ureiningslova, forskrifter til lova, utsleppsløyve, og verksemda sine eigne rutinar som er nødvendige for å stette styresmaktene sine krav.) MERKNAD er definert som tilhøve som tilsynsetatane meiner det er nødvendig å peike på for å ivareta helse, miljø og tryggleik, og som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik. (Brot på eigne rutinar som inneheld strengare krav enn lovkrava, kan verte omtala som merknad.) 2. Dokumentgrunnlag Særleg viktige dokument for kontrollen: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften), kapittel 3, 4, 5 og 11. Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften), kapittel 1 og 13. Utsleppsløyve datert 17.06.2004. SFT-retningsline TA-1923/2002; Kasserte kjøretøy. Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta). Diverse korrespondanse mellom Sunnfjord Bil AS og Fylkesmannen Side 3
3. Avvik Følgjande avvik vart oppdaga under kontrollen: Avvik 1: Tal kasserte kjøretøy som vert lagra samtidig på plassen er for høgt. Avvik frå: Utsleppsløyve datert 17.06.2005. Kommentarar: Løyvet er avgrensa til å gjelde for mottak og handsaming av inntil 2000 vrak pr. år. Det kan lagrast inntil 500 upressa og pressa vrak samtidig på plassen. På kontrolldagen var det lagra om lag 400 vrak (sanerte og usanerte). I tillegg var det nyleg pressa om lag 480 vrak, og mange av desse var framleis lagra på plassen. Grensa på 500 upressa og pressa vrak samtidig på plassen var såleis overskriden. Verksemda opplyste at dei vil kome til å søkje om utvida løyve til lagring av vrak. Avvik 2: Miljøsanering av bilvraka er ikkje tilstrekkeleg. Avvik frå: Avfallsforskrifta sitt kapittel 4, Vedlegg 1. Kommentarar: Verksemda har god sanering med omsyn på avtapping av væsker og fjerning av dei fleste miljøfarlege komponentane, men svært få kvikksølvhaldige blir fjerna frå vraka. Verksemda var kjend med kravet og den lista over bilmodellar med kvikksølvhaldige komponentar som SFT har sendt ut. Verksemda meinte at dei likevel ikkje har nødvendige opplysningar til å finne dei aktuelle brytarane i bilane. Verksemda fjernar ikkje kuldemedium (HFK) i bilar med klimaanlegg. Vraka blir heller ikkje vurdert med omsyn på dette. Avvik 3: Oppsamling av væske i samband med pressing av vrak er ikkje tilfredsstillande. Avvik frå: Avfallsforskrifta sitt kapittel 11 ( 11-5), og kapittel 4, vedlegg 1. Kommentarar: Det er ikkje særskilt oppsamling av væske som kjem frå vraka under pressing, men denne væska blir ført til oljeutskiljar. Konsentrert væske frå pressing skal samlast opp særskilt og leverast som farleg avfall til godkjend innsamlar. Avvik 4: Det er ikkje stort nok areal med fast dekke til lagring av ikkje miljøsanerte bilvrak. Avvik frå: Utsleppsløyve, punkt 3.3, jf. Avfallsforskrifta sitt kapittel 4, vedlegg 1. Kommentarar: Verksemda har ikkje tilstrekkeleg stort område med fast, ugjennomtrengeleg dekke til at lagring av ikkje miljøsanerte kjøretøy kan skje på ein tilstrekkeleg trygg måte. Særleg vil dette gjelde i periodar med stort mottak av kasserte kjøretøy, og då det kan ta noko tid før vraka blir sanerte. Også på kontrolldagen var det plassert ikkje miljøsanerte bilar på grusdekke. Side 4
4. Merknader Følgjande tilhøve gav grunn til merknader under kontrollen: Merknad 1: Lagring av bilbatteri kan betrast. Kommentar: Pallar med bilbatteri var innpakka i plast og stod lagra på område med fast dekke, men pallane var plassert på eit område der det kan vere fare for påkjørsel og skade i samband med handtering av bilvraka. Merknad 2: Pressing av bilvraka blir gjort av innleigd firma med mobil presse utan at representantar frå Sunnfjord Bil as er til stades. Kommentar: Sjølv om pressing av bilvraka blir gjort av eit innleigd firma, er det Sunnfjord Bil as som er ansvarleg for ureining som måtte følgje av denne aktiviteten. M.a. for oppsamling av væske frå pressinga. Verksemda bør vurdere rutinane og ev. avtalar som gjeld dette, og også vurdere behovet for å vere tilstades under pressing. Side 5