STUDERE VED UNIVERSITETET I BERGEN 2014/ 2015



Like dokumenter
UiB hva er det? By-universitet. Seks fakultet Kantine, lesesaler, forelesningssaler, pc-saler, bibliotek. Internasjonalt universitet

Til deg som bur i fosterheim år

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Prosentvis økning (99%-tall) Økning % (antall) Primærsøkere 2009 (99%-tall)

Vidareutdanning ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Rådgjevarkonferansen 2009

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.


ALLMENN LITTERATURVITSKAP

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering


6. trinn. Veke 24 Navn:

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Husk sperrefrist onsdag 27. april kl 13.00!!

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Læring utanfor skulen

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

mmm...med SMAK på timeplanen

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Frå novelle til teikneserie

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Med tre spesialitetar i kofferten

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

PROGRAMSENSORRAPPORT FOR BACHELOR OG MASTER-PROGRAMMENE I PEDAGOGIKK VED UIB

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Trugar «teljekantsystemet» norsk som forskingsspråk?

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

2012/2013 STUDERE. ved Universitetet i Bergen

DANSEVITSKAP. Bachelor, mastergrad og vidareutdanningskurs.

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Samansette tekster og Sjanger og stil

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Vurdering av allianse og alternativ

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Psykologisk førstehjelp i skulen

Brukarrettleiing E-post lesar

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

IKT-kompetanse for øvingsskular

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

- print preview

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Studieplan 2009/2010

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. Seminar: totalt 16 timar.

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: Tidspunkt: 12:30-14:30

Dobbelt så mange moglegheiter

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Juvet Landskapshotell

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Transkript:

STUDERE VED UNIVERSITETET I BERGEN 2014/ 2015

INNHALD Introduksjon til UiB Velkommen frå rektor 7 Kvifor UiB 8 Om Universitetet i Bergen 10 Midt i byen 12 Kor langt vil du? 14 Læringsformer og utbytte 17 sbasert undervisning 18 Kom til Bergen, reis ut i verda! 22 Reisebrev frå verda 24 Studentvelferd livet rundt studia 26 Studentliv 30 Studentkulturen på nært hald 32 Programtilbod 2014/15 35 Opptak 148 Har du spørsmål? 150 Alle studium 152 tilbud 153 Humanistiske og estetiske fag 36 Arabisk (bachelor) 40 Arkeologi (bachelor) 41 Digital kultur (bachelor) 42 Engelsk (bachelor) 43 Filosofi (bachelor) 44 Fransk (bachelor) 45 Gresk (bachelor) 46 Historie (bachelor) 47 Italiensk (bachelor) 48 Japansk (bachelor) 49 Kjønnsstudium (bachelor) 50 Kulturvitskap (bachelor) 51 Kunsthistorie (bachelor) 52 Latin (bachelor) 53 Litteraturvitskap (bachelor) 54 Nordisk (bachelor) 55 Religionsvitskap (bachelor) 56 Retorikk (bachelor) 57 Russisk (bachelor) 58 Spansk språk og latinamerikastudium (bachelor) 59 Språk og interkulturell kommunikasjon (bachelor) 60 Språkvitskap (bachelor) 61 Teatervitskap (bachelor) 62 Tysk (bachelor) 63 Utøvande musikk eller komposisjon (bachelor) 64 Musikkterapi (Integrert master) 65 Humanistiske fag (årsstudium) 66 Juridiske fag 68 Rettsvitskap (integrert master) 72 Lektorutdanningar og utdanning i pedagogikk 74 Lektor i framandspråk (engelsk, fransk eller tysk) (integrert master) 78 Lektor i nordisk (integrert master) 79 Lektor i naturvitskap eller matematikk (integrert master) 80 Pedagogikk (bachelor) 81 Medisin, odontologi og helsefag 82 Farmasi (integrert master) 86 Folkehelse og helse fremmande arbeid (bachelor) 87 Human ernæring (bachelor) 88 Medisin (profesjon) 89 Odontologi (integrert master) 90 Tannpleie (bachelor) 91 Naturvitskaplege og teknologiske fag 94 Aktuar (integrert master) 98 Berekraftig havbruk (bachelor) 99 Biologi (bachelor) 100 Datateknologi (bachelor) 101 Datavitskap (bachelor) 102 Fiskehelse (integrert master) 103 Fysikk (bachelor) 104 Geovitskap (bachelor) 105 Informatikk-matematikk- økonomi (bachelor) 106 Kjemi (bachelor) 107 Matematikk (bachelor) 108 Matematikk for industri og teknologi (bachelor) 109 Meteorologi og oseanografi (bachelor) 110 Miljø- og ressursfag (bachelor) 112 Molekylærbiologi (bachelor) 113 Nanoteknologi (bachelor) 114 Petroleum- og prosessteknologi (bachelor) 115 Statistikk (bachelor) 116 Naturvitskaplege fag (årsstudium) 117 Psykologiske fag 118 Arbeids- og organisasjons psykologi (bachelor) 122 Generell psykologi (bachelor) 123 Psykologi (profesjon) 124 Psykologi (årsstudium) 125 Samfunns vitskaplege fag 126 Administrasjon og organisa sjons vitskap (bachelor) 130 Europastudium (bachelor) 131 Film- og TV-produksjon (bachelor) 132 Geografi (bachelor) 133 Informasjons- og kommunika sjonsteknologi (bachelor) 134 Informasjonsvitskap (bachelor) 135 Journalistikk (bachelor) 136 Kognitiv vitskap (bachelor) 137 Medievitskap (bachelor) 138 Nye medier (bachelor) 139 Politisk økonomi (bachelor) 140 Samanliknande politikk (bachelor) 142 Samfunnsøkonomi (bachelor/profesjon) 143 Sosialantropologi (bachelor) 144 Sosiologi (bachelor) 145 Utviklingsstudiar (bachelor) 146 Samfunnsvitskaplege fag (årsstudium) 147

EIT INTERNASJONALT UNIVERSITET PÅ VESTLANDET Ved Universitetet i Bergen vil du finne eit dynamisk og internasjonalt utdanningsmiljø. Vi har engasjerte lærarar og sterke forskingsmiljø. Det borgar for ein kvalitet du som student hos oss vil nyte godt av, også seinare i yrkeslivet. Vi tilbyr undervisning som ikkje berre tar utgangspunkt i lærebøkene, men også i vår eiga forsking og den kunnskapen vi utviklar saman med kollegaer verda over. Hos oss får du nærkontakt med kunnskapsfronten Universitetet i Bergen har studentar og tilsette frå alle verdsdelar og ei rekke avtalar om utveksling for studentar ved utanlandske universitet. Vi ser svært gjerne at studentane våre legg eitt eller flere semestre til ein av våre samarbeidsinstitusjonar. Utbyttet er stort ikkje berre fagleg men også i form av kulturforståing, språkferdigheiter og nettverk. Eg håpar at du finn eit studietilbod i denne katalogen som fristar og at du vel Universitetet i Bergen som din studiestad. Vi vil gå til oppgåva med å gi deg vår beste undervisning med glede og engasjement! 7 DAG RUNE OLSEN, REKTOR

KVIFOR UiB 9 Universitetet i Bergen er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet og mellom Noregs viktigaste kunnskapsinstitusjonar. Vi har eit breitt programtilbod som speglar alle samfunnets mest sentrale kunnskapsområde. Kom som du er, bli den du vil. sbasert utdanning Ved UiB driv vi med forsking i verdsklasse, og dette kjem studentane til gode. Våre fagmiljø er internasjonalt anerkjente og gir deg fagleg tyngd og kompetanse som er ettertrakta i arbeidslivet. a er det berande prinsippet i utdanninga på alle nivå, frå bachelor- til doktorgrad. Som student hos oss vil du stadig komme i kontakt med aktuell forsking. Du vil lære å tenke meir sjølvstendig, vurdere komplekse problemstillingar og formulere deg presist. Dette er ferdigheiter som kjem godt med, uansett kva du ønsker å jobbe med seinare i livet. Breidde og valfridom Universitetet i Bergen er eit klassisk breiddeuniversitet med eit rikt og variert programtilbod innanfor alle dei tradisjonelle universitetsdisiplinane. Hos oss kan du velje å følge eit fastlagt profesjonsløp eller skreddarsy ei tverrfagleg utdanning som passar perfekt til dine interesser og framtidsplanar. Vil du velje trygt og spennande på ein gong? Vel UiB! Kom til Bergen, møt verda! Internasjonalt samarbeid og mobilitet er eit viktig satsingsområde for UiB. Bergen er ein av landets mest internasjonale studentbyar med over 110 nasjonali tetar representerte, og rundt elleve prosent av studentane ved UiB kjem frå utlandet. Vi samarbeider med om lag 400 utdanningsinstitusjonar verda over for å sikre at alle våre gradsstudentar skal ha sjansen til å reise på eit kortare eller lengre utanlandsopphald i løpet av studietida. Utdanning for livet Ei utdanning har du med deg gjennom heile livet. Den blir ein del av identiteten din og kjem til å prege korleis du forstår verda rundt deg. Som ferdigutdanna kandidat frå UiB vil du fortsatt kunne halde kontakten med fagmiljøet ditt gjennom UiB Alumni. Om du seinare i livet skulle få behov for fagleg påfyll har UiB også eit godt tilbod innan etter- og vidareutdanning.

OM UNIVERSITETET I BERGEN FORSKINGSUNIVERSITET I VERDSKLASSE STUDENTTAL PER FAKULTET UTDANNING RANKINGLISTER UiB er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet som tilbyr utdanning av høg kvalitet innanfor alle dei tradisjonelle universitetsdisiplinane. Som organisasjon omfattar UiB Universitetsmuseet i Bergen, Universitetsbiblioteket, seks fakultet, og i alt 39 institutt. Institutta utgjer ei type grunneining for kvart fagområde. UiB samarbeider med ei rekke andre kunnskapsinstitusjonar i regionen, blant andre Haukeland universitetssjukehus, Nansensenteret og Havforskingsinstituttet. Samtidig er UiB også del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar. Det samfunnsvitskaplege fakultet 3 063 Det psykologiske fakultet 1 690 Totalt 14 452 Det humanistiske fakultet 3 408 Det juridiske fakultet 2 151 66 bachelorprogram 92 masterprogram og profesjonsstudiar Meir enn 1 900 emner Utdannar omlag 250 ph.d.-kandidatar i året 29 forskarskolar på ph.d.-nivå Tal på studentar: Universitetet i Bergen har dei siste åra klatra på internasjonale rankinglister. QS World University Rankings reknar no UiB for å vere verdas 151. beste universitet. Berre 68 andre universitet blir siterte oftare enn UiB. 2013 151. plass Ved UiB arbeider vi kontinuerleg med å styrke og vidareutvikle fagtilbodet vårt i tråd med eit samfunn i stadig endring, faglege prioriteringar og på bakgrunn av tilbakemeldingar frå studentane. Hos oss får du ei utdanning som gjer deg i stand til å forstå og vere med på å løyse aktuelle utfordringar innanfor vitskap, næringsliv, industri og samfunn. Det medisinskodontologiske fakultet 1 835 Det matematisknaturvitskaplegefakultet 2 737 5 724 4 875 Profesjon 1 375 Internasjonale 1 676 2005 320. plass 10 MILEPÆLAR 11 1825 Bergen museum blir stifta etter initiativ frå stortingspresident Wilhelm Friman Koren Christie. 1873 Armauer Hansen oppdagar leprabasillen, eit pionérverk innanfor internasjonal medisin. 1917 Vilhelm Bjerknes etablerer Bergensskolen i meteorologi, som dannar grunnlaget for all moderne vêrvarsling. 1946 Stortinget opprettar Universitetet i Bergen. To år seinare finn den offisielle opninga stad. 1966 Stein Rokkan blir utnemnd til professor. Rokkan er ein sentral skikkelse i internasjonal samfunnsforsking. 1999 Universitetet i Bergen får sin første kvinnelege rektor, professor Kirsti Koch Christensen. 2002 UiB bli tildelt dei 3 første av i alt 8 Senter for framifrå forsking, ei anerkjenning av forsking i verdsklasse. 2013 BioCEED blir utnemnd til Senter for framifrå utdanning, ei nasjonal prestisjeordning for høgare utdanning.

Det medisinsk-odontologiske fakultet Campus Haukeland/Årstadvollen MIDT I BYEN St o rha uge År s t n a d ve ien Liker du tanken på eit universitet plassert midt i hjartet av Noregs nest største by? ODONT UiB sine fakultetsbygg, bibliotek og lesesalar ligg i hovudsak på eller like ved Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Herfrå er avstandane korte til både kafear, treningssenter, parkar, butikkar og trafikknytepunkt. På Årstadvollen litt utanfor sentrum finn du Det medisinsk-odontologiske fakultet, som næraste nabo til Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus. 12 Mø BRYGGEN ll e n dal øe sb a nb ak k ke n ke n Ul r ik sd al Haukelandsbakken ORGE Jonas Lies vei T Ibse ENNINGEN FISKE T 2 ns g ate 3 TORGALLM Det bur meir enn 25 000 studentar i Bergen, og dei utgjer samla om lag 10 prosent av folke talet. Dette kan du merke blant anna på det rike kulturlivet du finn her. I Bergen er du også berre eit steinkast unna storslåtte naturopplev ingar, med fjell, hav og friluftsområde på alle kantar. Universitetet er vove inn som ein essensiell del av den geografiske, historiske og kulturelle ramma om byen. Fl MED LILLE LUNGEGÅRDSVANNE T 7 13 PSYK Universitetet Det juridiske fakultet (JUS) Det humanistiske fakultet (HF) Det psykologiske fakultet (PSYK) Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MAT-NAT) Det medisinsk-odontologiske fakultet (MED-ODONT) Griegakademiet Universitetsmuseet i Bergen Studentsenteret 4 Grieg Akademiet 5 Universitetsmuseet SV Samarbeidsinstitusjonar 1. Høgteknologisenteret 2. Havforskingsinstituttet 3. Haukeland universitetssjukehus 6 JUS HF Studentliv 4. 5. 6. 7. Det Akademiske Kvarter Vektertorget Hulen USF Verftet Studentsenteret MAT NAT 1

KOR LANGT VIL DU? 14 Ved UiB finn du eit breitt fagleg tilbod, og du har gode moglegheiter til å sette saman eit studieløp som passar nettopp deg. ikkje ver uroleg for å velje feil. Mange finn først ut i det femte semesteret at dei har lyst til å gå vidare til eit masterprogram, medan andre veit frå dag éin at dei ønsker å ta ein doktorgrad. På desse sidene kan du lese meir om korleis eit studieløp ved UiB er lagt opp og kva dei ulike studievegane inneber. Årsstudium 1 år 3 år Integrert master 5 år Profesjonsstudium 6 år 2 år Ph.d. 3 år program Eit bachelorprogram er treårig (180 studiepoeng) og gir deg god grunnleggande kjennskap til eitt eller fleire fagområde. UiB har over 70 ulike bachelorprogram. Nokre av dei er fastlagde løp, men mange av programma har også eit heilt år «valfrie emne» der du sjølv avgjer kva du ønsker å lære meir om. Du kan for eksempel ta økonomiemne i kunsthistorieutdanninga di om du vurderer ein karriere innanfor kulturadministrasjon. Dersom du har begynt på eit studieprogram, men finn ut at du ønsker å bytte til noko anna, kan du søke om intern overgang. Spør informasjonssenteret ved fakultetet ditt om korleis du går fram. program Eit masterprogram er eit toårig studium (120 studiepoeng) som bygger på bachelorgraden. Ved å ta eit masterprogram får du ei ettertrakta blanding av brei akademisk kompetanse og fagleg spesialisering. På masternivå får du verkeleg fordjupe deg i faget. Ein mastergrad gir deg ettertrakta kompetanse og endå fleire karrieremoglegheiter enn bachelorgraden. Integrert master Eit integrert masterprogram er femårig og fører fram til ein mastergrad, utan at du treng å ta ein bachelor først. Eksempel på integrerte masterprogram ved UiB er farmasi, lektorutdanning, odontologi, musikkterapi og fiskehelse. Profesjonsstudium Profesjonsstudium er faste utdanningar som rettar seg mot spesifikke yrke i samfunnet. Dei fleste profesjonsstudia er seksårige og fører fram til ein mastergrad. Etter avslutta utdanning får du altså ein spesifikk og ofte beskytta yrkestittel eller autorisasjon. Eksempel på profesjonsstudium ved UiB er medisin og psykologi. Årsstudium Eit årsstudium gir deg studierett ved UiB i eitt år med fulltidsstudium (60 studiepoeng). Dette studiet passar for deg som ikkje har planar om å ta ein grad, men berre har tenkt å studere ved UiB i eitt år. Forskarutdanning UiB er eit forskingsuniversitet med internasjonal profil. Du kan ta forskarutdanning innan følgande fagområde: humaniora, juss, naturvitskap, medisin og odontologi, psykologi og samfunnsvitskap. Du vil ha høve til å utføre både disiplinær og tverrfagleg forsking. Ph.d.-graden bygger på mastergraden og har ei normert tidsramme på tre år. 15 Heilt ny som student? Alle bachelorprogramma våre begynner med introduksjonsemne og examen philosophicum, som omhandlar filosofisk og akademisk tenkemåte og skriving. Å vere student ved universitetet er noko ganske anna enn å vere elev i vidaregåande. Du kjem til å måtte arbeide meir sjølvstendig, og det vert stilt andre krav til metode og kritisk refleksjon. Førstesemesterstudiet er eit tilbod som skal gjere det lettare å handtere overgangen frå skoleverket til akademia, og samtidig førebu deg til vidare fagstudiar.!! Har du studert før? Dersom du har utdanning frå ein annan lærestad frå tidlegare, kan du søke om å fritak for delar av bachelorgraden ved UiB. Ta kontakt med studierettleiinga ved det fagområdet du vurderer for meir informasjon om kva kriterium som gjeld og søknadsprosessen. Kontaktinformasjon finn du på side 150. Det er lurt å søkje i god tid før sommaren, sidan søknaden krev nøye vurdering frå fagpersonar på studieprogrammet.

LÆRINGSFORMER OG UTBYTTE Det er stor forskjell på å vere elev på vidaregåande og student ved eit universitet. Som student vil du ha større fridom til å legge opp arbeidsdagen på den måten som passar deg best. Ein kombinasjon av forelesingar, seminar og sjølvstudium utgjer dei sentrale læringsformene på dei fleste av UiB sine studieprogram. Forelesingar haldne av aktive forskarar er ei viktig kjelde til kunnskap og inspirasjon ved UiB. På forelesingane blir sentrale tema og teoretiske poeng formidla til studentane slik at dei får innblikk i heilt ny forsking og akademiske tradisjonar. Sjølvstudium på lesesalen er den aller viktigaste læringsforma, enten du skal lese artiklar, løyse likningar eller skrive eigne tekstar. Universitetet legg opp til at studentane arbeider på eige initiativ, både aleine og i lag med medstudentar. Alle studentar får tilgang til lesesalar, som finst på fakulteta, institutta, biblioteka og som eigne bygg. Vi legg opp til samarbeid i grupper og seminargrupper med 10 15 studentar i kvar. Desse blir leidde av studentar på eit høgare nivå for å sikre at nye studentar får best mogleg rettleiing. I mange fag er dessutan undersøkingar ein viktig del av læringa, for eksempel labøvingar, intervju, feltarbeid og analyse av statistikk eller tekst. Vi strekker oss etter å teste kunnskapen jamt, mellom anna ved oppgåveinnleveringar med tilbakemelding, presentasjonar og praktiske øvingar undervegs i semesteret. UiB sitt læringsmiljø utfoldar seg mellom ærverdige bygningar med tradisjonelle lesesalar og topp moderne bibliotek. Kvart av dei seks fakulteta har sine eigne bibliotekavdelingar fulle av faglitteratur og kjeldemateriale som kart, manuskript, fotografi og fagtidsskrift frå inn- og utland. Biblioteka tilbyr også kurs i litteratursøk, kjeldekritikk og bruk av samlingane. 17 Akademisk kompetanse Den generelle kompetansen set studentane våre i stand til å utføre mange nye arbeidsoppgåver på grunnlag av ferdigheiter dei opparbeider seg i løpet av studiet. Mange av desse kvalitetane tenker ein ikkje ein gong over at ein har. I løpet av eit universitetsstudium utviklar ein evner til: å arbeide sjølvstendig og strukturert, og til å gjere eigne val og prioriteringar å forhalde seg konstruktivt og kritisk til store mengder tekst og data å innhente, tilverke, analysere og formidle informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar å arbeide saman med andre god skriftleg og munnleg formidling og språklege kunnskapar å planlegge og gjennomføre prosjektbasert arbeid som gjerne strekker seg over lengre tidsrom

FORSKINGSBASERT UNDERVISNING Det nysgjerrige og skapande mennesket, som stadig søker nye perspektiv og ny kunnskap utover det vi allereie veit, står heilt sentralt for universitetet si verksemd. God undervisning er basert på ny forsking, og gode studentar er ein føresetnad for fornying av forskinga. 18 Ved UiB vil du studere ved eit forskingsuniversitet. Dette inneber at du får nærkontakt med forskinga frå første studiedag og gjennom heile studieløpet. Førelesarane på universitetet er sjølve aktive forskarar, ein del av dei heilt i verdstoppen innanfor sine fagfelt. I løpet av studietida vil du i aukande grad bli involvert i forskingsmiljøa ved universitetet ikkje berre som mottakar av undervisarane si kunnskapsformidling, men òg som deltakar i kunnskapsutviklinga, saman med undervisarane. Forskarutdanning Etter mastergraden er du kvalifisert til å søkje opptak på forskarutdanninga, noko som vil gi deg enda betre høve til å fordjupe deg i dei tema du interesserer deg for. Ved UiB driv vi med forsking innanfor alle dei tradisjonelle universitetsdisiplinane og vi legg stor vekt på å utdanne og skape gode karrieremoglegheiter for den neste generasjonen av forskarar. Internasjonalt forskingssamarbeid Mykje av forskingsarbeidet ved UiB har ein internasjonal profil, og universitetet husar kvart år ei rekke konferansar og opne gjesteforelesingar der leiande forskarar frå heile verda deltek. Også våre eigne forskarar reiser jamnleg ut og tar med seg inspirasjon og ny viten tilbake til Bergen. Dette kjem studentane til gode mellom anna i form av velorientert undervisning, der også globale perspektiv blir trekte inn. Kvalitet i fokus UiB har fleire utmerkingar for kvalitet både i innanfor forsking og utdanning. I 2002 blei UiB tildelt tre senter for framifrå forsking. I 2013 kom fleire til, og per i dag har UiB slike senter innan felta romforsking, kreft forsking, mødre- og barnehelse og geobiologi. SFF-ordninga er Forskningsrådet sitt ypparste verkemiddel for å fremme kvalitet i norsk forsking til eit internasjonalt toppnivå. bioceed - Nytt Senter for framifrå utdanning Hausten 2013 vart bioceed ved institutt for biologi ved UiB utmerkt som eitt av totalt fire senter for framifrå utdanning i Noreg. SFU-status blir tildelt miljø som kan vise til kvalitet og innovativ praksis i utdanninga. bioceed sitt mål er å tilby framtidas biologar ei utdanning der dei får solid fagleg innsikt, er aktiviserte i eiga læring og blir sette i stand til å løyse aktuelle problem innanfor vitskap, industri, næring og samfunn.

Å sile og sortere forskningsmateriale frå 50 liter mjuk gjørme kan være hardt arbeid. Tre doktorgradsstudentar frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Gøteborg tar ein pust i bakken på stranda ved den arktiske forskingsstasjonen ved Godhavn på Grønland. Dei deltek på eit kurs i marinbiologi arrangert av den nordiske forskarskolen ForBio, hausten 2013. Tverrinstitusjonelle samarbeid som dette skaper viktige arenaer for fagleg utveksling og nytenking både for studentar og erfarne forskarar.

Vi tilbyr rettleiing om utveksling og hjelper deg i søknadsprosessen. Meir informasjon kan du finne på /utdanning. KOM TIL BERGEN, REIS UT I VERDA! Der kan du også lese rapportar frå studentar som har vore på utveksling tidlegare. 22 Har du utferdstrong? Eit utvekslingsopphald i utlandet gir deg sjansen til å kombinere studium og reise. Det høge talet utreisande studentar og det høge talet utanlandske studentar som kjem til UiB gjer oss til eitt av dei mest internasjonale universiteta i Noreg. Alle gradstudentar ved UiB kan velje å ta delar av utdanninga si ved eit universitet i utlandet. Vi samarbeider med om lag 400 utanlandske institusjonar over heile verda for å gi deg høve til dette. Mange gode grunnar til å reise ut Det er mange gode grunnar til å reise på utveksling. Éin grunn er at du kan studere fag du elles ikkje ville kunne studere i Noreg. Slik sett er det å reise ut ei moglegheit til å styrke graden din, og til å gjere kompetansen din unik. Ein annan god grunn til å reise ut er den innsikta du får i språket og kulturen i det landet du reiser til. Det finst ingen betre måtar å lære språk på enn å bu i eit land der språket blir nytta i det daglege. Ein tredje motivasjon er, at du nesten uunngåeleg òg lærer mykje om deg sjølv og din eigen kultur gjennom å reise ut. Det kan vere krevjande å skulle bu og studere i eit anna land, men dei fleste opplever også tida i utlandet som enormt lærerik og at dei får nettverk og venner dei seinare held kontakten med heile livet. Eit konkurransefortrinn i arbeidslivet Det kan vere ein klar fordel på arbeidsmarknaden å kunne vise til eit utanlandsopphald i løpet av utdanninga. Dette syner at du er omstillingsvillig og har takla utfordringa ved å bu i eit framand land. Det signaliserer også at du er veltilpassa dagens stadig meir globaliserte arbeidsmarknad. Språkkunnskapar og kulturell kompetanse tel alltid positivt, nesten uansett kva det er du tenker på å jobbe med i framtida. Finansiering Som student ved UiB kvalifiserer du til ei rekke finansielle støtteordningar i samband med utveksling i utlandet. Gjennom å reise ut kan du oppleve korleis det er å studere ved nokre av verdas høgst rangerte universitet heilt gratis. Møt verda i Bergen UiB si satsing på internasjonalisering inneber også at det er mange utanlandske studentar som kjem til Bergen. Dei utanlandske studentane utgjer om lag 11 % av det totale studenttalet ved UiB og representerer ein stadig tilførsel av verdifulle nye perspektiv og ny kunnskap til Universitetet si verksemd. Har du lyst til å møte studentar frå andre kulturar også mens du studerer i Bergen? I so fall er kanskje Buddy Bergen-programmet noko for deg. Som norsk buddy blir du kopla saman med ein internasjonal student som kjem på utveksling til UiB. Buddy Bergen-programmet er ein arena for kulturutveksling og språklæring, men det kan også vere eit utgangspunkt for varig vennskap. 23 Topp ti utvekslingsland 1. USA 2. Storbritannia 3. Australia 4. Sør-Afrika 5. Frankrike 6. Tyskland 7. Danmark 8. Spania 9. Sverige 10. Canada

REISEBREV FRÅ VERDA 24 Å reise på utveksling til eit anna land kan by både på uventa utfordringar og rike opplevingar. Her fortel fire UiB-studentar om erfaringar frå sine utvekslingsopphald. Sykkel i Utrecht er viktigare enn gummistøvlar og paraply er i Bergen, blomster og ost er det nok av og det nederlandske språket er ikkje umogleg å forstå. Alt overgjekk forventingane mine og eg har hatt eit fantastisk år, fått mange nye venner og er veldig glad for at eg reiste! Mirjana Jovanovska, 22 år Universiteit Utrecht, Nederland Eg har lært utruleg mykje om ein heilt framand, fantastisk og utruleg vennleg kultur, og ikkje minst har eg lært mykje om meg sjølv. No kan eg i praksis kjøpe ein jorda-rundtbillett utan å tenke på overnatting; eg har nemleg ståande invitasjonar både i Japan og over heile verda hos alle dei nye vennene mine! Therese Jakobsen, 27 år Ritsumeikan Asia Pacific University, Japan 25 Eg har fått innsyn i eit samfunn som er veldig annleis frå Noreg, både på godt og vondt. Universitetet i Cape Town heldt høg standard både estetisk og fagleg og det var ubegrensa med ting å finne på: Alt frå fallskjermhopping og dykking med kvithai til surfing og safari. Heidi Synnøve S. Fossmark, 22 år University of Cape Town, Sør-Afrika Eg valde New Zealand og Otago hovudsakleg på grunn av natur og universitetet sitt gode rykte. Begge delar innfridde. Naturen der er fantastisk og har alt frå alpar til grønne sletter, strender, skogar, fjordar og vulkanar. Anbefalast! Erling Wogn-Henriksen, 22 år University of Otago, Dunedin, New Zealand

TRENING SiB har eit stort og variert treningstilbod for studentar og driv i alt seks treningssenter i og rundt Bergen sentrum. Eit semestermedlemskap hos SiB trening kostar 990 kr og gir deg fri tilgang til svømmebasseng, styrketreningsalar, klatreveggar, buldrerom, spinning-, aerobic- og dansetimar, samt garderobar med badstue og solarium alt i tipp topp stand. Hos SiB kan du òg få individuell treningsrettleiing frå høgt kvalifiserte personlege trenarar. Bergenstudentenes Idrettslag (BSI) har utover dette ei rekke tilbod til deg som ønsker å ha ei aktiv fritid. Dykking, padling, dans, fotball, karate, badminton, handball, segling, undervassrugby og orientering er berre eit lite utval av dei aktivitetane BSI har på menyen. Sjå bsi.no for meir informasjon. I tillegg har også enkelte av dei større studentforeiningane eigne idrettslag tilknytt det enkelte fakultet. MAT, DRIKKE OG STUDIEMATERIELL Som student ved UiB kan du ete sunn og god mat til studentvennlege prisar på SiB-kafeane. Alle fakulteta har sin eigen kafé, så den etterlengta kaffikoppen er aldri langt unna. I SiB-kafeen på Studentsenteret finn du både salatbar, varm lunsj og middag. På Studentsenteret finn du òg den kveldsopne kafeen Muntlig, der det i tillegg til matservering også frå tid til anna blir arrangert kvisskveldar og opne foredrag. Pensumbøker, kompendium og anna studiemateriell får du kjøpt i fagbokhandelen Studia, som også held til på Studentsenteret. 27 STUDENTVELFERD LIVET RUNDT STUDIA Studiekvardagen består av meir enn berre forelesingar og eksamensførebuing. Vi er opptatt av at du skal ha eit godt liv også den tida av døgnet du ikkje sit på lesesalen. Gjennom samarbeid med Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) jobbar vi for å sikre deg som er student ved Universitetet i Bergen eit solid velferdstilbod. SiB sine tenester er enten gratis eller tilgjengelege mot ein rimeleg pris. HELSETENESTER SiB, UiB og kommunen samarbeider med «Legene på Høyden» om ei fastlegeordning for studentar. Legesenteret tilbyr også eit begrensa tilbod om akutt hjelp på dagen for studentar som ikkje har fastlege i Bergen. Utover fastlegetilbodet finst det også ein helse stasjon for studentar med særleg fokus på samliv og seksualitet. Her er det inga time bestilling, du trekker kølapp når du kjem. SiB har òg ei eiga tannhelseteneste for studentar på Årstad. Som student ved UiB har du rett på å få refundert alle legeutgifter som overstig ein viss sum per år. Du kan òg søke om støtte til fysioterapi og transportutgifter frå helsefondet. Meir informasjon om prisar og vilkår for desse støtteordningane finn du på SiB sine nettsider, sib.no/no/helse.

28 BARNEHAGETILBOD SiB har sju studentbarnehagar med plass til over 460 barn. Vi garanterer for trygge omgivnader og barnehagepersonell med solid fagpedagogisk bakgrunn til ein gunstig pris. Din dyraste skatt er trygg hos oss. RÅDGIVING Av og til byr livet på utfordringar det er vanskeleg å handtere aleine. Gjennom SiB har studentar ved UiB tilgang på ei rekke gratis rådgivingstenester av høg kvalitet. Du kan enten ta kontakt for individuell rettleiing, eller delta i gruppetilbod knytt til tema som studieteknikk, eksamensangst og hjelp til å takle vanskelege livssituasjonar. Du kan få råd, rettleiing og praktisk hjelp i alle typar forhold som angår kvardagen din som student. Tenestene har kort ventetid og alle SiB sine rådgivarar har tausheitsplikt. KARRIERE OG FRAMTID Ved UiB tenker vi ikkje berre på studietida di, men også på kva som skal skje etter at du er ferdig som student hos oss. På Karrieresenteret får du blant anna tilbod om individuell karriererettleiing, hjelp til å kartlegge kompetansen din og drøfte framtida di. Karrieresenteret held også fleire intervjutreningskurs og jobbsøkarkurs kvart semester som du kan vere med på. Desse kursa har inga deltakaravgift. I tillegg til karrieresenteret finst det òg studentdrivne karriereorganisasjonar ved fleire av fakulteta ved UiB som arbeider med å minske avstanden mellom studentane, aktørar i næringslivet og andre potensielle arbeidsgivarar. Den mest sentrale av desse organisasjonane er Springbrettet Bergenstudentenes Karriereutvalg. HAR DU SÆRSKILTE BEHOV? Dersom du har ei funksjonsnedsetting eller opplever sjukdom eller kroniske plager har du kanskje også behov for tilrettelegging av studiesituasjonen. For at du skal få den tilrettelegginga du treng heilt frå byrjinga av studieløpet, er det viktig at du tar kontakt så tidleg som mogleg. Sjå for meir informasjon. BUSTAD Grønneviksøren studentboliger er det siste tilskotet til SiB sin boligkatalog, og stod ferdig til semesterstart hausten 2013. Bustadkomplekset tel heile 727 einingar og er bygd med tanke på energieffektivitet og miljø omsyn. Studentbustadane ligg flott til ved Store Lungegårdsvann sentralt i Bergen, med kort gåavstand til bybanen, matbutikkar og andre fasilitetar. Skikkelege buforhold er viktig for at du skal ha eit godt studentliv. SiB Bolig har per i dag 4289 hyblar og leiligheiter til utleige, både for einslege, par og barnefamiliar. Hos SiB finn du ein bustad som passar til dine behov. Dei fleste bustadane ligg enten i eller like utanfor sentrum og har fri tilgang på internett og uttak for kabel-tv. Som leigetakar hos SiB er du sikra eit trygt og ryddig leigeforhold, god standard og særs gunstig leigepris i forhold til kva som er vanleg på den private marknaden. Nye studentar blir prioriterte på ventelistene, og hugs at du kan søke om studentbustad også før du har fått tilbod om studieplass. Meir informasjon finn du på sib.no/bolig. Du kan sjølvsagt også leige bustad på den private marknaden eller kjøpe eit eige husvære. Den private leigemarknaden i Bergen er stor og kvaliteten på bustadene varierande. Det er vanleg blant studentar å bu fleire saman i kollektiv. Dette er både sosialt og du får nokon å dele utgiftene med. Fleirtalet av ledige bustadar ligg ute i annonsar på nettportalane finn.no og hybel.no. Det lønner seg å vere tidleg ute!

30 STUDENTLIV I Bergen finst det ei studentforeining for alt og saknar du ei, er det berre å starte ho sjølv. 31 Som student i Bergen har du ikkje berre endelause høve til å oppleve eit rikt og variert kulturliv, du kan også sjølv vere med på å skape kulturlivet. Livet som student rommar meir enn det reint faglege, og undersøkingar tyder på at studentar som engasjerer seg både trivst betre og gjer det betre på eksamen. Aktive studentar og gode støtteordningar har saman skapt ein rik flora av ulike organisasjonar og lag i Bergen. Her finn du alt frå kor og teatergrupper til politiske foreiningar og idrettslag. Med over 100 ulike studentorganisasjonar å velje mellom ligg alt til rette for at du kan finne noko som passar nettopp deg. Å engasjere seg i ein studentorganisasjon, enten det er som journalist for studentmagasinet Atrium, som dørvakt på Kvarteret eller lagkaptein for undervassrugbylaget BSI Boblen, vil gi deg både verdifull praktisk erfaring og eit sosialt nettverk. Kanskje er det her du skal møte dei menneska som blir dine næraste venner for resten av livet? Kanskje kan erfaringane du tar med deg frå organisasjonslivet vere det vesle ekstra som gjer at du ein dag kaprar draumejobben? Mange arbeidsgivarar reknar det som svært positivt om du har erfaring frå frivillig arbeid. Studentkulturen sine hovudkvarter Det Akademiske Kvarter er studentane sitt eige kulturhus i Bergen. Kvarteret vart opna i 1995, og blir drive på dugnad av omkring 400 frivillige. Ei rekke organisasjonar låner lokaler og teknisk utstyr gratis på Kvarteret til arrangementa sine. Kvartert speler slik ein viktig funksjon som base for studentkulturen i Bergen. Kvarteret husar kvart år over 1000 arrangement, har opptil 250 000 besøkande og ei omsetning på rundt 13 millionar kroner. Det er òg verdt å få med seg den tradisjonsrike og særeigne uteplassen Hulen, lokalisert i det som tidlegare var eit tilfluktsrom i fjellet under Nygårdshøyden. Tilfluktsrommet vart bygd om til klubblokale i 1968 og har sidan fungert som kulturelt alternativ og ei viktig konsertscene for studentar og andre musikkinteresserte. Vi ved UiB omfamnar det rike mangfaldet blant studentorganisasjonane og er stolte over engasjementet og kreativiteten til studentane våre.

Solveig Helene Lygren, 25 Kulturleiar for Studentersamfunnet i Bergen Espen Overskeid, 23 Arrangement- og bookingansvarleg for Hulen Samfunnet arrangerer samfunns- og kulturdebattar, og som medlem får du moglegheit til å lage møter om kva du vil, med kven du vil. Det er gøy og tilfredsstillande å ta del i heile prosessen frå idé til møteleiing. Undervegs blir du kjent med ein haug interessante, rare og morosame menneske. Som styremedlem får eg i tillegg leiarerfaring, noko som gjer meg mykje betre rusta for arbeidslivet enn det studiuma aleine gjer. Hulen er ein institusjon innanfor musikkmiljøet i Bergen. Det å vere med på å sette programmet for ein slik plass, og sjå korleis både publikum og artistar kosar seg veke etter veke, er noko eg verdset å ha få vore med på! Som godt over gjennomsnittet musikkinteressert har dette gitt meg sjansen til å arbeide med kultur, og innsikt i korleis ein organisasjon fungerer. Det har også gitt meg moglegheit til å få andre jobbar innanfor kulturfeltet i ettertid. Kim Arne Hammerstad, 21 Ansvarleg redaktør for Studvest Susanne Rytter Johansen, 22 PR- og informasjonsansvarleg for Studentteateret Immaturus Å skrive har alltid vore ein lidenskap for meg, og i Studvest har eg fått utfalde meg med alt frå kritiske og gravande nyhendeartiklar og lettbeinte kåseri til magasinsaker om studentar som har skifta kjønn. I Studvest er det låg terskel for å prøve seg og eit supert sosialt miljø. Det er faktisk ein olympisk bragd å ikkje få nye venner når ein jobbar i Studvest. Dersom du har interesse for foto, skriving eller grafisk design må du absolutt søke deg til oss. Det beste ved å vere med i det største studentteateret i Noreg er å sjå medlemmane sitt engasjement og pågangsmot. Alle arbeider mot eit felles mål om å ha det gøy og gi kvalitetsteater til Bergens befolkning. Eg har lært at ein til tider kan bli møtt med uventa utfordringar, men at det ikkje sett hindring for vidare arbeid. Immaturus fungerer som ein døropnar for utforsking av ulike roller innan teatermiljøet, både på og bak scena. 33 STUDENTKULTUREN PÅ NÆRT HALD Vi har spurt fire studentar som har tatt på seg verv i ein studentorganisasjon kva som er det beste ved å vere med i deira organisasjon og kva dei har lært frå å engasjere seg. Fadderveka Det blir arrangert fadderveke for nye studentar heilt i byrjinga av haustsemesteret. Fadderen din er ein erfaren student frå fakultetet ditt, som syner deg byen og kan hjelpe deg med praktiske utfordringar, som eksempelvis semesterregistrering eller korleis du skaffar deg studentkort. I fadderveka møter du mange andre heilt nye studentar i same situasjon som deg sjølv. Mange vennskapsband blir knytte denne veka. På Studenttorget, som blir arrangert på Studentsenteret kvart år, har du også sjansen til å treffe studentorganisasjonane på stand. For at du skal kunne førebu deg på dei første vekene, sender vi deg all nødvendig informasjon i god tid i posten. For meir informasjon om førstesemesteret for nye studentar, sjå /utdanning.

PROGR AMTILBOD 2014/2015 Har du bestemt deg? Kva har du lyst til å bli? Ved Universitetet i Bergen har vi eit breitt programtilbod både på nybegynnarnivå og høgare nivå. I alt over 170 ulike bachelorprogram, masterprogram, profesjonsstudium og årsstudium innanfor alle fagområde frå gresk til molekylærbiologi. Som registert student på eit studieprogram har du garantert plass på dei emna som inngår i programmet. På dei følgjande sidene vil du få presentert alle våre nybegynnarprogram. /utdanning

HUMANISTISKE OG ESTETISKE FAG 40 Arabisk 41 Arkeologi 42 Digital kultur 43 Engelsk 44 Filosofi 45 Fransk 46 Gresk 47 Historie 48 Italiensk 49 Japansk 50 Kjønnsstudium 51 Kulturvitskap 52 Kunsthistorie 53 Latin 54 Litteraturvitskap 55 Nordisk 56 Religionsvitskap 57 Retorikk 58 Russisk 59 Spansk språk og latinamerikastudium 60 Språk og interkulturell kommunikasjon 61 Språkvitskap 62 Teatervitskap 63 Tysk 64 Utøvande musikk eller komposisjon 65 Musikkterapi 66 Humanistiske fag Innanfor humaniora studerer ein mennesket, korleis mennesket kommuniserer, kva mennesket tek seg til og kva det omgir seg med. Kva har heterosex, moderne vampyrfilmar og amerikansk presidentvalkamp med religion å gjere? Korleis kan song hjelpe ein kreftsjuk pasient? Kva skjer med det norske språket når SMS og chat blir ein del av kvardags kommunikasjonen? Kan filosofar bidra til å løyse klimaproblem? Spørsmål som dette kan ein få svar på ved hjelp av humanistiske fag, eller humaniora som dei òg blir kalla. Vi studerer mennesket og språket, korleis mennesket kommuniserer og skaper kunst, kva mennesket tar seg til og kva det omgir seg med. Mennesket i dag er forma av dei som levde før oss. For å forstå oss må ein også forstå dei. Humanistiske fag har derfor ein historisk dimensjon. Kulturane, språket, tradisjonane, kunsten alt seier oss noko om menneskeslekta i ulike periodar: frå flintøksene i steinalderen til den digitaliserte verda i dag. Fundamentet for vår vestlege tenkemåte blei lagt i det antikke Hellas, og vi er framleis på førenamn med dei store greske filosofane. Mellomalderen er kjenneteikna ved religiøs kunst og særeigen arkitektur som har ei evne til å røre ved menneska også i dag. På 1800-talet blomstra ideen om nasjonalstaten opp, og språkforsking blei sett på som eit viktig ledd i identitets bygginga. I etterkrigstida har stadig fleire teknologiske nyvinningar sett preg på liva våre. Dette er nokre av dei mange prosessane vi studerer innanfor humaniora. Gjennom å forstå slike prosessar håpar vi å kunne forstå meir av kva det er å vere menneske. 37

Tidlegare studentar Humanistiske og estetiske fag 38 KVA KAN DU BLI? Ein humanistisk grad kvalifiserer deg til å jobbe sjølvstendig med prosjekt av ulik storleik, for eksempel som saksbehandlar eller konsulent. Fleire humanistar blir dyktige skribentar og formidlarar av tekst, og jobbar som alt frå tekstforfattarar til konsulentar. Av same grunn jobbar fleire humanistar som journalistar i ulike media. Forlagsbransjen kan bruke humanistar til å lese, vurdere eller omsette manus, til å følge opp forfattarar og til å vurdere samfunnet sitt behov for litteratur. Kulturformidling, enten det skjer på eit museum eller i skoleverket, er også noko ein kan ta sikte på å arbeide med. Mange finn dessutan jobbar innan både privat og offentleg administrasjon, der dei for eksempel arbeider med analyser og prosjekter. Dersom du er interessert i kulturarbeid finst det mange felt å jobbe med. I ein by som Bergen har du blant anna Festspela, BIFF, Bergenfest og Nattjazz. Vestlandet treng fersk kompetanse innan teater, kunst og dans ikkje minst når det kjem til administrasjon og koordinering. I internasjonalt arbeid trengst det folk med gode språkkunnskapar samt innsikt i kulturen og historia til dei områda dei skal arbeide innanfor. Humanistar finn sin plass i UD, i hjelpeorganisasjonar, i internasjonale næringsorganisasjonar, men også i radio og fjernsyn. Du vil òg vere skikka til å jobbe i grupper, som redaksjonar, idéutformingsgrupper, eller andre jobbar der samarbeid med andre står sentralt. Sjølv bedrifter som tradisjonelt ikkje har tilsett humanistar har etter kvart fått auga opp for kompetansen deira. Mange humanistar vel også å bli på UiB, enten det er gjennom vidare forsking, eller som tilsette i administrasjonen. I skolen har dei stadig behov for lærarar med god språkkompetanse, historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og evne til formidling. Sjå side 78 og 79 for meir informasjon om korleis du kan kombinere humanistiske fag med ei lærarutdanning. Hanne Marie Molde, 28 år Stilling: Journalist Arbeidsplass: NRK Hordaland Grad: i russisk Som journalist i dokumentar- og underhaldningsavdelinga til NRK i Bergen har eg vore med på å utvikle og produsere ein heilt ny tv-serie om norsk språk. Serien heiter Dialektriket og hadde nyleg premiere på NRK1. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene mine har vore å samle inn fakta og gjere intervju i serien, men eg har også vore aktiv i idéfasen, klipt sekvensar og skrive pressemeldingar. At eg har studert språk har vore ein klar fordel for dette prosjektet. Eg hadde god kunnskap om dei norske dialektane frå nordiskemna eg har tatt. Glenn Jensen Mangerøy, 29 år Stilling: Marknadskonsulent Arbeidsplass: Fagbokforlaget Grad: i historie Som marknadskonsulent har eg ansvar for marknadsføringa av forlaget sine utgivingar innan humaniora, samfunnsvitskap og pedagogikk. Jobben min går ut på å spreie informasjon om nye bøker. Eg er med på å planlegge og utføre ulike arrangement, og reiser ofte på konferansar for å syne fram aktuelle bøker. Ein mastergrad i historie er ein flott veg inn i yrkeslivet. Historiefaget gir deg brei bakgrunnskunnskap og legg godt til rette for å sjå tverrfaglege samanhengar. Gjennom arbeidet med avhandlinga får ein trent nysgjerrigheita, den kritiske sansen og evna til å jobbe strukturert. Eirik Søyland, 29 år Stilling: Saksbehandlar/Marinarkeolog Arbeidsplass: Bergen Sjøfartsmuseum Grad: i arkeologi Bergens Sjøfartsmuseum har forvaltningsansvar for marine kulturminne i Hordaland, Sogn og Fjordane og på Sunnmøre. Vi arbeider med å formidle kunnskap og haldningar til marine kulturminne. Konkret går jobben min ut på å skrive utgreiingar i plan- og tiltakssaker som omhandlar sjø og vassdrag til fylkeskommunane. I tilfelle der det er relevant, gjer vi tidvis dykk eller utgravingar under vatn, for eksempel i samband med dispensasjonssøknadar frå kulturminnelova. Eg er utdanna «land-arkeolog», så reint metodisk og undervisnings messig er ein del ulikt frå utdanninga mi, men mykje av grunnprinsippa er dei same. Teori og praksis er uansett alltid litt ulikt. STUDENTEN: Siri Kleppe, 25 år Studium: program i religionsvitskap FASCINERT AV MYSTERIEKULTAR Eg har alltid vore interessert i Romarriket, Egypt og det antikke. Ei bacheloroppgåve om Isis, ei sentral gudinne i egyptisk mytologi, blei starten på min fascinasjon for mysteriekultar. Religionsvitskap er eit samanliknande, krysskulturelt og historisk fag som utforskar dei lange linjene i religionane. Studentane lærer om ulike religionar og religiøse førestillingar i alle delar av verda, til alle tider. Antikken er mitt felt, seier religionsstudenten Siri Kleppe. No skriv ho masteroppgåve om gudinna ho fatta interesse for tidlegare i studiet. Isis var ei kjærleiksgudinne og morsgudinne med magiske krefter som blei dyrka i den hellenistiske-romerske kulturen i antikken. Kjeldene mine er gamle magiske skrifter funne i Egypt, fortel ho. Stor breidde Dei fleste studieprogram opnar for at du kan velje eit eller fleire emne frå andre fagområde. Siri synest religion hadde så mange spennande emne å tilby at ho valde å reindyrke studiet sitt. Du kan drive på med veldig mykje forskjellig når du studerer religion. Det er så stor breidde her og utruleg flinke forelesarar som er gode på formidling; ein vil berre lære meir av dei. Siri meiner at studiet gir henne perspektiv på konfliktar i verda. Gjennom studiet lærer ein å forstå meir av årsaksforholda i dei kjente verdskonfliktane, til dømes konflikten i Midtausten. Studiejobb og karrieremoglegheiter Religionsvitskap er eit undervisningsfag og ein del religionsstudentar satsar på læraryrket etter at dei er ferdige med studia. Siri har ikkje bestemt seg for kva ho vil gjere når ho er ferdig, men har fått smaken for museumsarbeid etter at ho fekk ein deltidsjobb på De kulturhistoriske samlinger. Eg jobbar som formidlar og brukar eit opplegg laga for skuleklassar som besøker museet. Målet er at elevane skal få sjå korleis ein gjer undersøkingar og sjølve få prøve seg på å forske. Det er kjekt å halde på med og eg kunne godt tenkt meg å fortsette med slikt arbeid når eg er ferdig med masteren, fortel ho. Aktiv fritid Siri er også engasjert utan om studiane. I tillegg til deltidsjobben på museet, er ho aktiv i fagutvalet for religionsvitskap. Vi legg stor vekt på det sosiale i fagutvalet. Derfor arrangerer vi fagfestar ein gong i månaden, av og til saman med studentane på historie og kulturvitskap, fortel ho. Dei har også andre felles aktivitetar med studentar på andre fagområde. I mars var vi på studietur saman med studentar frå kulturvitskap. Då drog vi til Glastonbury, ein by kjent for sine nyreligiøse grupperingar. Vi har også hatt filmkveldar med «fagleg» tilsnitt. Sist viste vi Braindead, tidlegare har vi vist Carrie og Eksorsisten, ler ho. 39