Å VANDRE MED HÅP 2011



Like dokumenter
Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Sakliste til rådsmøte 20. september 2011

ÅRSRAPPORT FOR OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011

Jon Fosse. For seint. Libretto

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

6. trinn. Veke 24 Navn:

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Eit friminutt frå sorga

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

mmm...med SMAK på timeplanen

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord


Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kom skal vi klippe sauen

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Teknikk og konsentrasjon viktigast

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Sofies hemmelegheit.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

«Ny Giv» med gjetarhund

/

Å VANDRE MED HÅP


VELSIGNING AV HUS OG HEIM

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGEDAL TIL RØLDAL Måndag 25. august 2008

PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGE KYRKJE TIL RØLDAL

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Månadsplan for Hare November

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Pilegrimen går ikkje gjennom verda for å oppleve noko nytt. Men for sjølv å bli ny. (Augustin ) 430)

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Hallo i nedslagsfeltet!

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Valdres vidaregåande skule

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjon til elevane

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

IKT-kompetanse for øvingsskular

OK, seier Hilde og låser.

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Mitt liv Da jeg var liten, følte jeg meg som den lille driten. På grunn av mobbing og plaging, jeg syk jeg ble, og jeg følte at jeg bare skled.

Brannsår, rus eller friheit?

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Med tre spesialitetar i kofferten

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

I N N H O L D. Forord

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Transkript:

Å VANDRE MED HÅP 2011 Måtte vegen stige opp For å møte deg Måtte vinden alltid vera deg i ryggen Måtte sola skine varmt På ditt andlet La regnet falle mjukt på Dine åkrar og til me møtast att Må Gud halde deg i si hand. (Keltisk velsigning) PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGE KYRKJE TIL RØLDAL. Bakgrunnen for vandringane til Røldal, er historia om det sveittande krusifikset. Fekk ein denne sveitten på seg kunne ein bli frisk, seier soga. Heilt frisk vart eg ikkje, sa ein etter pilegrimsvandringa, men jammen er det lenge sidan eg har kjent meg så bra.! Måndag 28. august 2011: Grunge kyrkje- Velemoen Camping, Edland Stille, stille er det noe som sier til meg i det jeg reiser opp for å delta på årets pilegrimstur. Mange tanker slår meg men mest av alt gleder jeg meg til selve turen, jeg er klar på alle måter. Så er jeg deg ved grunge kirke å jeg går smilende inn for å se hvem som var med i år, det som møter meg er ganske forvirrende nemlig nesten helt nye mennesker. oi, det var da ikke dette jeg forventet meg, nei jeg forventet meg gjensyn med de som jeg forlot i fjor ja ja men det er da en vandring allikevel. ja jeg må si jeg gruet meg nok litt der jeg sto nesten som en hestehov blandt liljer. I kirken var det dog den samme stillheten men ikke den samme å ordene ja de var anderledes de og mulig var jeg også anderledes enn i fjor. (Vandringsnotat frå ein deltakar.) For fjerde gong har dei psykisk-helse avdelingane i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid, Fyresdal og Seljord, VI-TO Kompetanse på Dalen og DPS (Distriktspsykiatrisk Senter) i Seljord og Prostidiakonen i Vest- Telemark samarbeidd om ei pilegrimsvandring til Røldal. Ved starten var me 19 pilegrimar. Vel framme i Røldal var me blitt over femti. Åtte gjekk heile vegen. Somme halve. Nokre berre tre rundar kring kyrkja i Røldal. Ved starten var det tre vandrar frå Seljord med Magnus Rinde i spiss. Frå Tokke kom Mona S. Skafså og Anne Hommo med fire. Sissel S. Fundli leia Vinje-gruppa på tre. Dessutan kom ein pilegrim frå Tinn. I Grunge kyrkje var det kaffi og bollar, og lystenning for ei god vandring. Vidare deltok samhandlingskoordinator for Vest-Telemark Sissel J. Bitustøyl denne fyrste kvelden, og leiar for Pilegrimsvegen til Røldal Ragnvald Christenson møtte opp for å ønskje oss god tur. Takka vera pengar frå Folkehelseprogrammet, stor dugnadsinnsats, støtte frå fylket, ein viss eigendel, billig overnatting og bruk av privatbilar, let vandringa seg gjennomføre utan alt for store kostnader for samarbeidspartane. Nytt av året var sponsing av buffer frå Seljord Sparebank. ( Sidan dei kom heilt frå Kina, vart dei fyrste delt ut etter vandringa.)grei og god innlosjering på Velemoen Camping. Her overraska Diakoniutvalet i Grungedal oss med pizza (Lisbeth Christenson og Kirsten

Romtveit). Statistikk: 19 pilegrimar og fem km. Frå Grunge kyrkje kl.17.30. Framme på Velemoen Camping kl.19.07 Tysdag 30.08 2011. Velemoen Camping Fjellstad, vandringen var begynt å beina fikk det de hadde lyst på mens hodet ja det var nok som det var. sammen, sammen men uten for det var kanskje slik det skulle være dette året, men hva var det jeg skulle få med meg av lærdom i år og hva var det som lå foran meg det visste jeg jo ikke. det eneste jeg visste var veien, den veien jeg skulle gå jo var en godt å vite det men også ganske skremmende da jeg nå visste hva jeg skulle igjennom. fjellet sto der å ventet på meg med sine fineste farger og sin storslåtte storhet og fred. ( Vandringsnotat frå ein deltakar) Etter litt logistikk med plassering av bilar her og der, gjekk dei 25 minutta bort til Edland Skule( Starta kl.8.30 frå Velemoen) der 5/6 klasse med lærarane Oddbjørn Hyttedalen og Kjersti F. Kili tok imot oss til frukost. Dagens kjentmann var Tjøstolv Kvålen( Bildet). Skuleungane vart med nesten til toppen av bygda.(starta frå skulen kl.9.55) Medan pilegrimane tok seg vidare opp grusvegen mot Haukelihei. Dugurd heldt me ved Dammen. Psykiatrisk sjukepleiar frå Vinje Astri B. Ramberg møtte oss med bil ved Raftarmoen, og ein deltakar berga beina sine med å få bli køyrt til Fjellstad. Medan andre fann det enklast å følgje E-134 frå Raftarmoen til Botn. Her fekk me ein fantastisk middag gjort i stand av Arne Bye og Ursula Lang frå VI-TO. ( For ikkje å gløyme ungguten frå VI-TO som kutta opp åtte kilo grønsaker.) På kvelden kom Rand Momrak og Gudny Lauvrak med fire nye pilegrimar frå Fyresdal, og ein ekstra frå Seljord. Statistikk: 18 pilegrimar og 18 kilometer. Start kl.9.30. Framme på Fjellstad kl.16.30 Onsdag 31.08.2011 Prestegårdshytta- Ulevå så gikk jeg opp og opp og atter mere opp, kroppen var i form å jeg følte en lykke over at det hadde funket, at kroppen min ikke hadde tatt kvelden men blitt bedre rent kroppslig. vi trasket så opp til ulevå skaret, endelig hjemme. fjell luften slo meg i nesen å en sang begynte å ta form "when i am walking in your land, i am free" frihet fra meg selv, frihet fra alt som tynger mitt hjertet, frihet til å være meg. jeg kikket opp å sendte opp noen tanker i håp om at vinden brakte de videre dit de skulle. jeg hadde også tatt med meg en stein fra som jeg bar hele den tunge veien til målet. steinen var tung og vond på en måte men ikke så tung at den plaget meg fysisk tvert i mot var den relativ liten men betydningen var dog stor. den skulle frem det hadde jeg bestemt meg for. jeg koste meg der oppe i fjellheimen men lyden av vann og bekker ble filtrert igjennom mine ører. ( Vandringsnotat frå ein deltakar.) Starta ved Prestegardshytta ved 9.55. Men før det var det utplassering av biler. Nye folk slutta seg til. Frå Nissedal kom Karin Kåsa og ein til. Frå Tokke kom Elin R. Erikstein og Birgit Stordrange med to dagsvandrar. Åsmund Myrstad, leiar på VI- To kom også med ein ny kar. Frå DPS og Dagposten kom Svein Ivar Forberg, Bjørn Terje Bjugn og

Mona Skarpeteig og to pilegrimar. Langt innpå fjellet small det i ein legg muskel. Fysioterapeut Svein Ivar diagnostisera lett brest, men vedkomande gav seg ikkje, og gjekk seg friskare mot Røldal. To andre som skulle ha gått heile vegen måtte heim att. Kjentmann for dagen var Tjøstolv Kvålen. Trygt å gå med ein slik fjellmann. Ein rullestolbrukar frå Seljord slutta seg til gruppa denne dagen. Med visse tilempingar kom ho seg heilt til Røldal godt støtta av Magnus Rinde og Asbjørn Klingan. Til middag var med 36 stykk. Middagen var laga av Svein Bakkan og Arne Bye frå VI-TO. Frå Brusfabrikken i Fyresdal fekk me sponsa vatn. Statistikk: 14 kilometer og 37 pilegrimar. Start kl.9.30. Framme ved Ulevå kl.16.46 Torsdag 1.09.2011 Ulevå - Midtlæger Ein fantastisk dag langs Ulevåvatnet. Stille vatn. Gro Ingunn Solli kom med to nye frå Tokke. Elles to nye frå Vinje og Anna L. Ansteinsen og tre til kom frå Kviteseid. Fleire gode rastar før me kom til Dyrskar ved halv tre tida. Dei fleste gjekk til Midtlæger. Torsdag kveld kom Anne Kari S. Østerberg (avdelingsleiar i psykisk helse i Seljord) opp. Hennar reaksjon er det god grunn til å sitere: Her kjente eg meg inkludera med ein gong. Romegraut frå Vinje Kjøkken til middag. Ein pilegrim fekk brest i eit ribbein, men etter eit legevaktsbesøk heldt ho heilt fram til Røldal. Statstikk:33 pilegrimar og 15 km. Start Ulevå kl.10. Framme Midtlæger kl. 16.25 Fredag 2.09.11 Svandalsflona- Røldal vel fremme ved røldal la jeg min stein ved kirken men merket ikke noe forskjell kanskje pågrunn av noe jeg tenkte var det kanskje ikke i år det skulle fungere men at det skulle lære meg når jeg faktisk måtte si stopp selv hvor vondt det gjorde. kanskje det var nettopp dette jeg skulle lære denne gangen at jeg er fatisk godtatt selv om jeg ikke gjør kanksje det finnes mennesker som synes om meg selv om jeg går rett på trynet å ikke funker.ja det må være den lærdommen som jeg fikk som pilegrim dette året selv en knekt løvetann har sin verdi.så jeg angrer ikke selv det som skjedde for jeg vet jeg hadde klart det men ikke i år. tusen takk til dere som gjorde turen til nok et vakkert minne jeg kommer til å gjemme i mitt hjerte- veien. ( Vandringsnotat frå ein deltakar) Utvasking og rydding på Fjellstad før me starta frå Svandalsflona kl.9.15. Her vart gruppa mingla med 18 diakonar frå Agder/Telemark med biskop Olav Skjevesland i spissen. Diakonane hadde fagsamling på Haukeliseter, og fekk med seg ei pilegrimsvandring på tampen. Elles nye folk frå Seljord, Tokke og

Vinje. Biskopen fekk gul vest og oppgåva med å vera bakarste mann. Det var tydeleg at han var ein røynd hyrding! Ved Bruhølen Camping hadde me ein god rast. Frå Krossmannali gjekk me i Stille vandring ned til houvdvegen. I kyrkja vart me godt tekne imot av pilegrimsprest Arne Natås. Her var det òg stempling av pilegrimspass. Etter ei enkel avslutning i kyrkja der biskopen lyste velsigninga, gjekk me til Skysstasjonen. Femtisju pilegrimar fekk her ein god kjøtkakemiddag. Biskopen fekk takk for god medvandring. Det same galdt Lars gjorde ein utruleg flott jobb som bakmann over fjellet. Ein viktig sikringsjobb. Avreise frå Røldal kl.16.15. Statistikk: 60 pilegrimar. 13 kilometer. Avgang Svandalsflona kl.9.50. Framme i Røldal kl.14.55 Konklusjonar: 1. Å vandre med håp er eit stort eksponeringsterapiprosjekt. Under vandringa skjer det stadig nye og uventa ting. Nye menneske dukkar opp kvar dag. Andre grupper kjem til. (Sytten-atten diakonar og ein biskop).bak-uppløysingar og gode folk med stor kompetanse i akuttsituasjonar skaper trygge rammer. Sosial trening ein viktig bit. 2. Å vandre med håp er eit stort dialogprosjekt. Bakgrunnen for å gå er ulik. Mange går med psykiske plager, andre med ei sorg, somme for livsavklaring. Her er ulik tru. Kristne, muslimar og ikkje-truande. Ein kjem som einskildpersonar men opplever å få høyre til ei gruppe. På vandring, i dugnad eller i samtaler opplever mange augneblikk av likeverd 3. Viktig førebuingsarbeid. Planlegging av turen. Innkjøp av utstyr. Må sjå på Økonomi. Somme må spare til fjellsko. Må ut og trene. Vandringa nyttast som motivasjonsfaktor i terapien. 4. Verknad i ettertid. Kan dele opplevingar frå turen. ( Ei kjøpte album etter vandringa. Ho hadde bilete å sette inn. Ho som ikkje hadde limt inn bilete på mange år.) gjev status å ha vore ei veke på fjellet. 5. Kan lære noko om å takle nederlag. Når ting ikkje vert som ein tenkte, korleis møte det? 6. Samhandlingsreforma. Nyttig og viktig samarbeid mellom1. og 2. line psykiatritenest, mellom arbeidsmarknadsbedrift, kyrkja og friviljuge. Fem dagar saman på vandring og i dugnad, gjev betra relasjonar mellom kommunar og tenester. Ein vert godt kjent med samarbeidspartane. Ein viktig sekundærgevinst.

7. For mange klientar er eksistensielle spørsmål ein del av sjukdomsbiletet. Mange strever med tru, skuld, straff, forsoning og tilgjeving. På pilegrimsvandringane vert det gjeve tid og rom for desse tinga. Gjennom samtaler og elles i dei rammer og symbolikk som er knytt til pilegrimsvandringane. Somme gonger har ein òg stille vandring. Det eksistensielle rommet med plass til grunnleggande spørsmål, er ei tilbod og ikkje noko krav. VEDLEGG: DIAKONALE VANDRINGSTANKAR Dag 1. Det største spørsmålet handler om hvordan vi kan bli større mennesker. Og hvordan vi kan unngå å krympe. Det er trist og skummelt å se hvor lett mennesker krymper. De velger livsvei, kjæreste eller yrke som gjør dem mindre, og de blir ikke den de kunne ha blitt. Derfor: Bli større! ( Tomas Espedal) Utan for kyrkja trippar pilegrimane for å kome av garde vestover. Temperaturen er grei. Men frosten er i meg. Han kom tidleg i år. Men det er varme i fellesskap og folk. Viktigare enn nokon gong synest det å vera å gå saman. Ei lita beite er eg attende i Panebaq, Gutatemala. Eit stor jordskred hadde teke skulen, og fleire hundre born var gravlagt i leira. Me var på studietur med Kirkens Nødhjelp, og var invitert på ei eittårsmarking for katastrofen. Hit går me med håp, sa ein kar. Sorg har me alt for mykje av. Sorg kan nok delast, men innerst inne er kvar og ein av aleine med henne. På kyrkjegarden her ligg Olav Midtveit. Ein ung kar ( 27 år) som døydde under Tokke-utbygginga. Vinje-presten den gongen måtte gå med dødsbod. For å arbeide seg gjennom hendinga malte han eit bilete. Venen Tarjei Vesaas fekk sjå måleriet, og sette seg ned og skreiv diktet Berget gret som sluttar slik. Alltid græt berget Tusenårs gråt ber dei merke av Når ein kjenner dei Berga og gråten Har ein med seg sjølv Dag 2 Så hiv eg etter pusten i bakkane opp frå Edland. I dei grøne liene med gule flekkar får eg ein assosiasjon til boka Kimen. Tarjei Vesaas skreiv boka i 1940. Bakgrunnen er krigen, men den ytre historia handlar om mord og ufred på ei lita øya. Men ei held vona levande. Når heile øya er samla ropar ho ut: Men øya er då enno grøn, og så fortel ho at ho er med born. Midt i det vonde, lyser håpet. Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje, at det må skje -- at tidi skal åpna seg at hjarta skal åpna seg at dører skal åpna seg at berget skal åpna seg at kjelder skal springa -- at draumen skal åpna seg, at me ei morgon stund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst om. (Olav H. Hauge) Dag 3 I det øyeblikket livet blir mindre, lukker en seg, og man ser ikke verden som den er. Verden er stor. Og kompleks. Skal man åpne seg opp for det, må man velge det som krever noe. Da blir livet rikere. ( Tomas Espedal) Ved Havradalsvegen går det rett vest, og eg tek til å glede meg over å møte min gode kamerat Store Nup. Aldri har eg vore opp på den 1661 meter høge venen. Men eg likar han. Kva store Nup tenker om meg veit eg ikkje. Det gode med fjellet, seier forfattar Georg Johannessen, er at de ikke bryr seg om mennesker. Likevel er kanskje difor, er dei heilt sentrale i mange liv. Filosofen Arne Næss sa ein gong, at han var glad han vaks opp utan ein nærverande far. Slik fekk han Hallingskarven som far i staden. Og nokre strofer frå Bibelen når meg. Eg lyfter augo mine til fjell. Kvar skal mi hjelp kome frå? Mi hjelp kjem frå Herren. Så ber eg for alle dei mange som ikkje opplever noko hjelpa. Dei som kjenner at Gud er fjernare enn alt. Som synest at Gud vart borte i Auswich eller andre terrorplassar. I fortvilinga og trass nynnar eg på ei gamal salme. Nærmere deg, min Gud Nærmere deg, Om det et kors enn er som løfter meg Synes dog meg veien trang Er det dog all min sang Nærmer deg min Gud Nærmere deg Dag 4: Så er det som om Gud kjem nær meg på ein spesiell måte her i fjellheimen. Som om det berre er ei tynne hinne mellom oss og Gud. Det er strålande å gå lang Ulveåvatnet. Fint å følgje dei svakt stigane vegane opp mot Dyrskar. Som godt kan tenkast å ikkje handle om dyr, men heller om dør. Det likar eg. Dyrskar som den stor døra mot Vestlandet. Folk på pilegrimsvegen vert gode vener for nokre dagar. Kameratar på vegen. Eg veit mest ikkje noko betre bilde på slike venskap, enn glade og lyslugga Emil og drengen Alfred. Du og eg, Alfred. Ja, du og eg. Emil. Meir trengs ikkje

seiast. Emil er forresten kan eit av dei sterkast utrykk for solidaritet og diakoni. Emil oppdaga at styrarinna på gamleheimen held unna julemat til seg sjølv, så han tek dei gamle heim til seg og trakterar. I glede over endeleg å kunne ete seg mett, bryt fattigmannen i lovsong: Berre sæle og lys heile vegen, seie Gale Jocke. Emil kom ikkje med smular, men raus og god, dreiv han og bygd ei meir rettferdig verd. Det handlar om å ta Gud ned på jorda. Så vert den gode Emil ein gudstenar, for ikkje å seie diakon. Slik me alle skulle vera. Velg det som utfordrer og gir vanskeligheter! Alltid! I valget mellom lette og vanskelige løsninger, må jeg velge de vanskeligste. Alltid! Derfor havner jeg andre steder enn der jeg trodde jeg skulle ende opp. Alt blir større. Jeg blir større.( Tomas Espedal) Dag 5 Eg har lite røynsle med bordellar. Men i dei grøne liene ned mot Røldal stikk tankane på bordellbesøk. Ein rein studietur vil mange seie. Sant var det òg. Staden var den fantastiske byen Salvador på Austkysten av Brasil. Me var med ein lokal organisasjon for å dele ut kondomar. Roma var små og skitne. Ei dør vart opna av eit vindpust. Innafor var det full aktivitet, eg ville no helst ikkje sjå og lyfta blikket. Høgt på veggen hang eit Kristus-krusifiks. Så var han også der tenkte? Gav han støtte til dei krenkte der inn? Såg dei opp på Han og kjende seg elska trass alt? I takksemd for god vandring bøyger eg hovudet under krusifikset i Røldal-kyrkja. Teiknar meg med krossmerket Hit har mange vandra med god von. Somme fekk livet endre. Andre måtte tusle like kleine attende. Så er det vel slik at ein somtid må reise bort før ein kan kome heim. Og Tomas Espedal si utfordring om å bli større som menneske, tek eg meg vidare. Gjennom å velje det som krev noko ekstra av oss. Slik utvidar me liva for oss sjølve og andre. Eilev Erikstein Prostidiakon i Vest-Telemark og prosjektleiar for Å vandre med håp 2011 Mobil 91113580 e-post: eilever@online.no