Tiltak for å redusere tap av dyr på beite ei handbok



Like dokumenter
Informasjonsmøte for beitelaga

2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Til deg som bur i fosterheim år

Brukarrettleiing E-post lesar

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Kom skal vi klippe sauen

Beitesesongen 2011 og resultat frå spørjeundersøking

Sauebonde sidan 1984 Har hatt og har mange tillitsverv i Sau og Geit. Lokallag/fylkeslag Værring/avlsutvalg

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

VEDLEGG TIL BEITEBRUKSPLAN FOR HOL

Sjukdom som årsak til lammetap

mmm...med SMAK på timeplanen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Brukarrettleiing. epolitiker

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

«Fjellferie» utan gaupe for låglandssau ved Flævatn

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Rådgjevarkonferanse 2009

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

«Ny Giv» med gjetarhund

Ein ynskjer meir bruk av beite, men utfordringane er mange

Informasjonshefte Tuv barnehage

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Utmarksbeite miljøvennleg og fornybart, men krev meir og meir ressursar til tilsyn. Oppland Sau og Geit

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Det nasjonale beiteprosjektet

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Seminar om rovvilt og beitenæring i Oppland Bruk av radiobjøller på lam -Prosjekt Fron Vest

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Parasittrådgjeving i praksis: Alle kan gjera noko!

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Rådgjevarkonferanse 2010

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

KOR Klient og resultatstyrt praksis

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Søking til skuleåret

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Brødsbrytelsen - Nattverden

Team Hareid Trygg Heime

Småfehold og beitebruk. Mattilsynet sin rolle og ansvar Næringa sitt ansvar

Velkommen til hjortakveld

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister


Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Bruk av beite. Vegard Urset, Avlssjef. Teksten i plansjene er utarbeidet av Øystein Havrevold, Nortura

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Månadsbrev for Rosa september 2014

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Krav om tiltak til jervforvaltninga i Oppland 2015 fram til ny beitesesong

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Økonomi i oppdrett av overskotslam

Metodiske verktøy ved kursleiing

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Elektronisk registrering av sett hjort og slaktevekter

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Normaltap Ulf Lucasen Årsmøte i Møre og Romsdal Sau og Geit

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

6. trinn. Veke 24 Navn:

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

6-åringar på skuleveg

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Valdres vidaregåande skule

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Informasjon til elevane

Transkript:

Tiltak for å redusere tap av dyr på beite ei handbok Hovudmål Redusere tap av dyr på beite Delmål Planlegge og førebu (forberede) beitesesongen Kartlegge moglege tapsårsaker i beitet Iverksetjing av effektive førebyggande tiltak Opplyse folk flest (allmennheten) om beiting og beitedyr Gjennomføre tilstrekkeleg tilsyn Vurdering av dyrehelse og tilvekst Evaluere resultatet av beitesesongen

Hovudmål: Redusere tap av dyr på beite. Introduksjon. Per i dag er det enkelte stader store tap av dyr på beite. Dette kan skuldast mange årsaker, og enkelte stader skuldast det kombinasjonar av enkeltfaktorar. Relevante faktorar som spelar inn her kan vere sjukdommar som overførast via vertar, smittsame sjukdommar, mangelsjukdom, ulykker, påkøyrsler, laushundar, freda eller ikkje freda rovvilt eller naturtilhøve. Dette er ei handbok med oversikt over tiltak frå fjøsdøra opnar seg om våren til dyra skal inn att frå beite om hausten. Poenget er å sjå vekk frå enkeltfaktorar som er heilt usannsynlege og deretter jobbe seg gjennom prosessen for å komme fram til kva ein bør gjere. Kva eit akseptabelt tap vil vere er og ulikt frå person til person, og mange faktorar kan spele inn. Det bør vere så lågt som mogleg. Generelt kan me vel seie at tap frå 1-3 % er det mest sannsynlege at det er naturlege grunnar ein ikkje rår med, men ein burde kanskje sjå om ein skal vurdere enkelte tiltak. 3-5 % er ein tapsprosent som ligg over landsgjennomsnittet og ein bør då gå gjennom ein plan for neste beitesesong. Ved 5-7 % er du oppe i det området der heile handboka bør følgjast frå start til slutt. > 7 % er altfor mykje og ein bør absolutt vurdere å setje inn strakstiltak. Det kan òg vere lurt å kategorisere dei utfordringane du har i fire kategoriar: 1 punkt du har gjennomført/observert 2 punkt du skal gjennomføre 3 punkt som du verken har vurdert eller gjennomført 4 ikkje aktuelt Til dømes kan kategori 1 vere tiltak du har gjennomført for å betre tapstala. Kategori 2 er tiltak du ikkje har gjennomført endå, men har vurdert og gjerne vil gjennomføre. Kategori 3 kan vere tiltak du verken har vurdert eller gjennomført. Kategori 4 kan vere tiltak du ser på som uaktuelle for ditt tilfelle. Slik vert det enklare å få oversikt over kva tiltak som står att og kven du har under vurdering. I tillegg kan det vere lurt å setje opp ein årsplan for å vite kva tid på året dei ulike aktivitetane skal gjennomførast og difor kunne vere ute i god tid med planlegging av arbeid og utstyr som skal kjøpast inn. 1

Månad Januar Mars Mars April April Juni Mai September August Desember Tiltak Planlegge beiteslepp og tenke over mogeleg forbetringspotensiale samt installasjonar. Bestille inn gjerdemateriell i god tid før beiteslepp. Dersom du skal søkje førebyggande midlar må du hugse fristen 15. januar. Sikre god dyrehelse, mellom anna gjennom å førebu lamminga. Gå over dei gamle gjerda for å utbetre eventuelle manglar og gå opp eventuelle nye trasear. Utslepp mange stadar startar i april. Ein bør tenkje på at det kan vere lurt å informere i media om ein føreståande beitesesong på dette tidspunktet. Vinklinga bør vere positiv og ei innstilling om at alle brukarar av utmarka melder frå dersom dei ser noko ekstraordinært og at dei viser omsyn ved møte med beitedyr. Beiteplakatar og notatbok for beitetilsyn får du kjøpt på lagskontoret. Tilsyn er viktig i denne perioden. Dei første vekene ute er det òg mykje som kan leggast til grunn for å få eit godt grunnlag vidare. Sjukdommar og andre faktorar som kan stoppe tilvekst bør oppdagast so tidleg som råd. Tilsynet bør gjennomførast dagleg på innmarksbeite, når lamma er små, og minst ein gong i veka når dei går på utmarksbeite. Her er det sanking og mykje tid vert brukt ute i terrenget. Dette er ei hektisk tid men og ei tid då ein går over store deler av beiteområdet og eit vake auge kan fort legge merkje til smått og stort ein kan hugse på til neste sesong. Hugs søknadsfrist 1. november for erstatning for tap til rovvilt og søknadsfrist 31. desember for erstatning av dyr tapt i utmark. 2

1. Planlegge og førebu beitesesongen Det er mange faktorar å ta omsyn til ved beiteslepp og mange av dei har du sikkert teke allereie. Eit av dei viktigaste måla er kva du sjølv ser på som eit akseptabelt tap. Har du funne ut av det er det enklare å ta fatt på arbeidet med tapsreduksjon. Sjå i notatboka frå i fjor Eventuelle faremoment frå i fjor Tilsynsturar for å kartlegge eventuelle faremoment Planar for sikring av ulike farar Innkjøp av utstyr eller medisinar Spørja naboar om fjorårets erfaring Bestille ny notatbok Søke førebyggande tiltak før 15. januar Sjå i notatboka frå i fjor Eventuelle faremoment frå i fjor Tilsynsturar for å kartlegge eventuelle faremoment Planar for sikring av ulike farar Innkjøp av utstyr eller medisinar Spørja naboar eller tilgrensande beitelag om fjorårets erfaring Ved eit eventuelt snøfall, veit du kvar sauene vil stå eller trekke Tilkomst med motorisert køyretøy 3

2. Kartlegge moglege tapsårsaker i beitet Ved å leite rundt i terrenget etter moglege farar og gjere seg merksam på eventuelle risikoområde i beitet, som t.d. fjellhyller og blaute myrer, kan det vere enklare å finne sauer som manglar om ein legg tilsynsrunden innom desse regelmessig. Enkelte stader kan oppsett av eit nytt sperregjerde vere til hjelp. Andre farar burde sikrast eller fjernast. Kartlegge gamle gjerder Sikre farlege skrentar Kartlegge fjellhyller Kartlegge blaute myrer Kartlegge elvar eller bekkar med mykje eller stri vassføring Moglegheiter for ly Kartlegge vasstilgang i beitet Sporteikn etter rev eller anna rovvilt Kartlegge gamle gjerder og bygningar Sikre farlege skrentar Kartlegge fjellhyller Kartlegge blaute myrer Kartlegge vasstilgang i beite Kartlegge elvar eller bekkar med mykje eller stri vassføring Moglegheiter for ly Sporteikn etter rev eller anna rovvilt 4

3. Iverksetjing av effektive førebyggande tiltak Gode vårbeite er eit av dei mest effektive tiltak ein kan gjere for å auke tilveksten om våren. Ein sau på godt fôr produserer godt med mjølk til lamma. Er ein redd for å få for lite vinterfôr vil det ofte løne seg å kjøpe fôr framfor å halde sauene på skrinne beite om våren. Ein kan godt, i samarbeid med veterinær, vurdere snyltarbehandling før beiteslepp. Det same gjeld for tiltak mot flått. Ein kan til dømes velje ut 10 lam, og om eit eller fleire av desse har flått på seg, so bør ein behandle med flåttmiddel. Er dyra lenge inne etter lamming Dyr som haltar Synleg sjuke eller svake individ Får alle lamma suge tilgang på råmjølk Dyr med laus avføring Lam som ikkje føl mora Er lamma sjekka for flått Førebyggande behandling mot snyltarar og innvolsorm Bjøller og kodeslips på sauen i god tid før slepp Skikkeleg oppsett gjerde Medisinveska oppdatert og med på tur Vårveging av lamma (1-2 gonger) Krysseliste over vekter og sjukdommar for lamma Er vårbeitet godt nok eller burde dyra få beite på slåttemarka Bør du søke om Førebyggande og konfliktdempande (FKT) midlar Er dyret skikka for utmarksbeiting? Dyr som haltar Synleg sjuke eller svake individ Lam som går aleine Dyr med laus avføring Skikkeleg oppsett gjerde Bru over elvar som vert kryssa Er førstehjelpsveska oppdatert og med på tur Bør du søke om Førebyggande og konfliktdempande (FKT) midlar 5

4. Opplyse om beiting og beitedyr Ein kan nytte både lokal-, regional- og riksmedia til å informere om at no står ein ny beitesesong på trappene og at ein difor ber folk om å utvise omsyn, samt om å melde frå om dei ser noko som kan vere av interesse for beitebrukarane. Her bør alt frå gamle gjerdestumpar til laushundar og daude dyr vere interessant. Det bør opplysast om telefonnummer til kontaktperson eller leiar i beitelaget, og at alle observasjonar er av interesse. Tilsynsplakatar bør og nyttast ved innfartsårer til turterreng og andre stader der dei er lett synlege. Tilsynsplakatar heng ved alle viktige innfartsårer til beitet Rett kontaktperson og telefonnummer Naboane veit at dyra kjem på beite Nummeret til Naturoppsynet (SNO) og Rovviltkontakt Har det blitt opplyst i lokalavisa om ein føreståande beitesesong? Er det opplyst om bandtvang i beitet? Tilsynsplakatar ved alle viktige innfartsårer til beitet Rett kontaktperson og telefonnummer Nummeret til Naturoppsynet (SNO) og Rovviltkontakt Har det blitt opplyst i lokalavisa om ein føreståande beitesesong? Allianse med andre brukara av utmarka Er det opplyst om bandtvang i beitet? 6

5. Gjennomføre tilstrekkeleg tilsyn Ein gong om dagen bør ein sjå etter dyra når dei er slept ut på vårbeite på innmark, og minst ein gong i veka når dei er på utmarksbeite. Ein kjapp tur for å telje over kor mange sauer og lam det er, ein gong for dagen, kan spare deg for mykje arbeid og kostnadstap seinare. Det er og lettare dersom du får auge på sjuke dyr tidleg i sjukdomsfasen og kanskje kan du halde att dyr som elles skulle vore slepte i utmark. Medisin og flugevask bør takast med når ein går tilsynsrundar. Tilsyn med dyra minst ein gong kvar dag etter utslepp Telje både sauer og lam Har det dauda dyr? Notere tilstanden i beitet Har du hatt med deg medisinveska på tilsyn? Fargekoding på bjølleslips for tal på lam Tilsyn med dyra kvar veke etter utslepp Telje både sauer og lam Har du oppdaga dyr som har mangla? Uro i flokken Observerer du kråkefuglar eller andre åtseldyr? Har du sett inn tiltak mot enkeltdyr? Har du sett daude dyr? Notere tilstanden i beitet Har du hatt med deg medisinveska? Har du tilgang til avlivingsutstyr? Vurderer du elektronisk sporingsutstyr? 7

6. Vurdere dyrehelse og tilvekst Vurdering av helsa til dyra er ikkje alltid like lett. Det er mange faktorar som spelar inn og det kan vere sjukdommar som ikkje har så mange symptom. Er det synleg sjuke dyr, eller dyr som manglar ull, kan det vere best å tilkalle veterinær eller forsøke å få dei heim. Når beitet er beita ned og det ikkje lenger er tilvekst av nytt gras, er det på tide å sleppe dei på nytt beite. Held ein sauene på dårlige beite for lenge, er det fare for underernæring og at lamma får ikkje nok tilvekst for å møte utfordringane i utmark. Lam som heng med øyrene eller ligg Dyr som haltar Søyer som går stivt og har harde jur Dyr som er skitne bak Lam som ikkje greier å finne mora Lam som brekar Lam som er betydeleg mindre enn andre jamgamle lam Tiltak mot enkeltdyr Tiltak mot besetninga Lam som heng med øyrene eller ligg Dyr som haltar Søyer som går stivt og har harde jur Dyr som er skitne bak Lam som ikkje greier å finne mora Lam som brekar Lam som er betydeleg mindre enn andre jamgamle lam 8

7. Evaluere Har du hatt eit tilfredsstillande lågt tap denne sesongen, eller har tapa framleis vore for høge? Har du gått ned litt eller har du sett deg for høge mål? Du kan starte med å luke ut dei faktorane som er usannsynlege. Er til dømes alveld heilt uaktuell så treng ein ikkje leite etter det. Kanskje ei synfaring ute i beiteområdet saman med personar frå anten landbrukskontoret, landbruksrådgjevinga eller beitelaget kan vere til hjelp. Då kan ein sjå på tilhøva, komme med innspel og eventuelle tiltak som kan gjerast. Vurderingar Har du tilfredsstillande tapsprosent på heimebeite? Har tapsprosenten gått opp eller ned? Har tiltaka du gjennomførte vore verknadsfulle? Har du fått færre eller fleire tiltak i kategori 1 og 3? Har du tenkt på fleire tiltak du skal gjere neste sesong? Har tiltaka gitt seg utslag i auka dyrevelferd? Har tiltaka gitt seg utslag i ein betre økonomi? Var nokon tiltak mislukka? Har du tenkt å gjere nokon tiltak annleis neste sesong? Vurdert Vurderingar Har du oppnådd ein tilfredsstillande tapsprosent på utmarksbeite? Har tapsprosenten gått opp eller ned? Har tiltaka du gjennomførte vore verknadsfulle? Har du fått færre eller fleire tiltak i kategori 1 og 3? Har du tenkt på fleire tiltak du skal gjere neste sesong? Har tiltaka gitt seg utslag i auka dyrevelferd? Har tiltaka gitt seg utslag i ein betre økonomi? Var nokon tiltak mislukka? Har du tenkt å gjere desse tiltaka annleis neste sesong? Kan det vere aktuelt å skifte beite? Kan det vere aktuelt å søke om førebyggande skadefelling? Kan det vere aktuelt å søke om FKT-midlar? Vurdert 9