MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet Møtedato 13.09.2018 Møtestad Formannskapssalen, Rådhuset Møtetid 17:00 20:30 Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Peder Sjo Slettebø Ordførar H Hans Inge Myrvold Varaordførar SP Leif Sverre Enes Medlem H Sølvi Ulvenes Medlem H Marit Aarthun Medlem KRF Hilde Enstad Medlem AP Ove Lemicka Medlem FRP Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Bernth Harry Eliassen MEDL AP Gerd Laura Bondhus MEDL SP Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Øyvind Lernes Gerd Laura Bondhus H Irene Nielsen Sjo Bernth Harry Eliassen AP Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Torstein Aarthun Rådmann Anbjørn Høivik Seksjonsleiar Geir Mogren Økonomisjef Bente Høyland Møtesekretær
MERKNADER: Orienteringar: Haugaland Kraft o Orienterte om verksemda, kva dei jobbar med og visjonar for framtida. Ordførar orienterte om bl.a.: o Samarbeidsrådet for Sunnhordland; diskusjon om plassering av tingrett/jordskifterett. o Regionsenteret på Husnes o Fjelbergsambandet o Fleirbrukshall, Husnes o Forhandlingar om overtaking av areal, v/kaien i Rosendal. o Folgefonnsenteret Rådmann orienterte om bl.a.: o Off.opning av Opsangervegen o 10 faktor medarbeiderundersøkelse o Frivilligsentralen årets julegaveinnsamling Permisjonar: Frå kl.20:15 etter saklista var ferdig Hans Inge Myrvold (Sp). Inhabile: Ingen. Evt. endring på saksrekkefølgje: Ingen. Tilleggssaker: 2018/64 Vidare planarbeid for ferjesambandet Stord Kvinnherad saka stod på sakskartet, men saksframlegget vart ettersendt. Formannskapet har fått tilsendt skriv frå Ståle Kaldestad. Dei bed rådmannen lage ei politisk sak. Gjeld plankonferanse i Bergen 23.-25.oktober 2018: Ordførar, varaordførar, Marit Årthun og Øyvind Utne er valde og får delta på konferansen på vegne av politikarane i Kvinnherad.
SAKLISTE Saksnr Innhald PS 2018/57 Søknad om stimuleringsmidlar PS 2018/58 Retningslinjer i høve ektefelle/sambuar sin rett til å opphalde seg på sjukeheim PS 2018/59 Retningsliner for nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) for perioden 2018-2020 i Kvinnherad Kommune PS 2018/60 Planprogram på høyring og offentleg ettersyn - kommunedelplan for omsorg, helse og sosial PS 2018/61 Retningsliner for kommunalt tilskot til nydyrking PS 2018/62 Drøftingssak- Konsesjonstraum PS 2018/63 Tolking av politisk reglement- tapt arbeidsforteneste PS 2018/64 Vidare planarbeid for ferjesambandet Stord-Kvinnherad Refererte skriv RS 2018/13 Førespurnad om uttale til søknad om løyve til akvakultur
PS 2018/57 Søknad om stimuleringsmidlar NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ HANS INGE MYRVOLD, SP: Endring i pkt.3: Administrasjonen utarbeidar utkast til avtale. Denne skal snarast leggjast fram for formannskapet til godkjenning. Røysting: Rådmannen si innstilling til pkt. 1, 2 og 4 vart samrøystes vedteken. Hans I Myrvold sitt forslag til endring av pkt.3 vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Formannskapet den 13.09.2018 1. Kvinnherad kommune støttar søknaden frå Laila og Knut Tungesvik datert 31.08.2018 om stimuleringsmidlar med rentefritt lån på inntil kroner 1 million. 2. Før planarbeidet tek til skal kommunen vera informert og godkjenne budsjett, timeestimat og plan over reguleringsarbeidet. 3. Administrasjonen utarbeidar utkast til avtale. Denne skal snarast leggjast fram for formannskapet til godkjenning. 4. Midlane blir teke frå disposisjonsfondet og samstundes blir låneopptaket redusert tilsvarande. PS 2018/58 Retningslinjer i høve ektefelle/sambuar sin rett til å opphalde seg på sjukeheim Levekårs komiteen si innstilling samrøystes. Kommunestyret vedtek retningslinjer i høve ektefelle/sambuar sin rett til å opphalde seg/bu på institusjon. Levekårskomiteen får mynde til å gjere eventuelle endringar når/dersom det blir utarbeidd nasjonale føringar eller når evaluering av retningslinjene gjer det naudsynt med endringar. Levekårs komiteen bed om evaluering av praksis og retningslinjene innan vår 2020. PS 2018/59 Retningsliner for nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) for perioden 2018-2020 i Kvinnherad Kommune Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken.
Kvinnherad kommunestyre godkjenner framlagde retningsliner for bruk av tilskot til Nærings- og miljøtiltak i skogbruket for perioden 2018-2020 i Kvinnherad kommune. PS 2018/60 Planprogram på høyring og offentleg ettersyn - kommunedelplan for omsorg, helse og sosial Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Formannskapet den 13.09.2018 1. Kvinnherad formannskap vedtek at framlegg til planprogram for kommunedelplan for Helse, omsorg og sosial skal sendast på høyring og leggjast til offentleg ettersyn jf. plan- og bygningslova 11-13 og 4-1. 2. Frist for merknader til planprogrammet og innspel til planarbeidet vert sett til seks veker frå kunngjeringsdato. PS 2018/61 Retningsliner for kommunalt tilskot til nydyrking Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. 1.Kvinnherad kommune etablerer ei ordning med tilskot til grøfting og nydyrking. Det vert for 2019 sett av kr 1 million til saman for dei to tilskota under eit budsjettkapittel for næringstilskot. Ordninga gjeld så lenge det vert sett av midlar til dette i kommunebudsjettet. 2. Det gis eit tilskot på kr 2500 pr. dekar ferdig dyrka jord i samsvar med plan for nydyrking Tilskotet gjeld dyrkingsplanar godkjend etter 01.01.2018. Satsen skal over tid indeksjusterast. 3. Det gis eit tilskot på kr 500 pr. dekar systematisk grøfting tidlegare dyrka jord eller kr 15. pr. meter grøft i samsvar med plan for grøfting. Tilskotet gjeld jord som er grøfta etter 01.01.2018. Satsane skal over tid indeksjusterast. 4. «Retningsliner for tilskot til grøfting og nydyrking i Kvinnherad kommune» vert vedtekne som gjedande for ordninga. PS 2018/62 Drøftingssak- Konsesjonstraum Rådmannen si innstilling samrøystes Vedtak frå Formannskapet den 13.09.2018 Orienteringa vert teken til vitande.
PS 2018/63 Tolking av politisk reglement- tapt arbeidsforteneste Ordninga er bygd på tillit. Dersom ein meiner seg berettiga på tapt arbeidsgodtgjersle som sjølvstendig næringsdrivande, skal vi godta kravet og betale ut. Politisk reglement skal ikkje endrast no, men det bør utarbeidast nye retningsliner i neste kommunestyreperiode. PS 2018/64 Vidare planarbeid for ferjesambandet Stord - Kvinnherad Formannskapet ynskjer at saka går vidare til behandling i kommunestyret. Rådmannen si innstilling samrøystes. 1. Kvinnherad formannskap viser til at Stord kommune har vedteke å ikkje sende planprogram for nytt ferjesamband Stord Kvinnherad på høyring og offentleg ettersyn. Utarbeiding av denne planen er viktig for den vidare samfunnsutviklinga i regionen, og formannskapet ber difor Hordaland fylkeskommune sjå til at planarbeidet vert ført vidare utan opphald. 2. Kvinnherad kommune oppmodar Hordaland fylkeskommune som regional planmyndigheit om å ta over planarbeidet som regional plan på bakgrunn av det planarbeidet som allereie er utført jf. pbl. 9-4. 3. Om reglane for fleirtal i 9-4 står i vegen for å løyse dette på regionalt nivå ber Kvinnherad kommune om at fylkeskommunen legg saka fram for departementet slik at dei kan pålegge samarbeid om interkommunal plan etter pbl. 9-1 tredje avsnitt eller vidareføring som regional plan etter pbl. 9-4 tredje avsnitt.
Refererte skriv RS 2018/13 Førespurnad om uttale til søknad om løyve til akvakultur Uttale til søknad om løyve til tareoppdrett i Esjevik - Matre i Kvinnherad