Reiselivsstrategi for Hordaland 2009-2015
Det har vore spennande å følgje utviklinga i reiselivet dei siste 10 åra, med både oppturar og nedturar. Talet på kommersielle overnattingar i Hordaland har auka med 17% frå 1998, til drygt 2,5 millionar, i 2008. Men reiseliv er så mykje meir enn berre overnatting. Det er fjordlandskapet og aktvitetane som trekkjer. Aktivitetar og opplevingar for ein aktiv innbyggjar kan vere ganske like det ein turist ønskjer. Frå offentleg side samarbeider vi om det regionale utviklingsarbeidet for å legge til rette for bærekraftige natur- og kulturbaserte opplevingar i Hordaland. I denne reiselivsstrategien er hovudfokus likevel på å utvikle reiselivsprodukta så bra at vi kan trekkje til oss reisande utanfrå fylket. Då trur vi at også våre eigne innbyggjarar vil få det beste tilbodet. Mange reiselivsaktørar i Hordaland er gode på nyskaping. Men vi skal bli ennå betre. Fjord Norge AS, og dermed dei fire vestlandsfylka, er tildelt Norwegian Centre of Expertise innan reiseliv for å kople marknadsarbeidet med temabasert produktutvikling. Denne satsinga er eit samarbeid mellom private, forskningsmiljø og offentleg sektor. Mange må samarbeide for å sikre at turistane som kjem til Hordaland får god kvalitet. At dei får gode opplevingar i eit samfunn med levande kvardagsliv og tilgjengeleg natur og kultur på stadene dei vitjar. Då er kompetansen til bedrifter, kommunar, grunneigarar, frivillige i lag og organisasjonar og mange andre aktørar viktig. Torill Selsvold Nyborg Fylkesordførar
Innhald 1 Innleiing 5 1.1 Bakgrunn 5 1.2 Hordaland i dag og generelle utviklingstrekk 5 2 Generelle føringar for reiselivssatsinga 8 2.1 Hovudmålgrupper 8 2.2 Samarbeid i fokus 8 2.3 Berekraftig reiselivsutvikling 9 2.4 Kvalitet 9 2.5 Marknadsstyrt verdikjede 9 3 Visjon og hovudmål 10 3.1 Visjon 10 3.2 Hovudmål 10 3.3 Effektmål 10 4 Det heilskapeleg reiselivsproduktet 12 5 Strategiske satsingsområde 13 5.1 Produktutvikling 13 5.2 Områdeutvikling 14 5.3 Kompetanse 16 5.4 Marknadsføring 16 Vedlegg Prosessgruppa 17
1 Innleiing 1.1 Bakgrunn Reiseliv er peika ut som ei næring med særlege føremonar for regional utvikling i Hordaland. Regionalt utviklingsprogram trekkjer fram reiseliv som ei næring der aktørane i Hordaland har særlege fortrinn og kompetanse som gjer at ein kan hevda seg både nasjonalt og internasjonalt. Reiselivsstrategien for Hordaland 2009-2015 skal vera retningsgjevande for reiselivsutviklinga i fylket og bidra til god koordinering og effektiv ressursutnytting. Strategien skal legga til rette for at bedriftene og lokalsamfunna blir i stand til å møte utfordringane og gripa dei moglegheitene dei står overfor. Strategien er utvikla gjennom ein prosess der sentrale reiselivsaktørar i Hordaland har deltatt. Prosessgruppa og styringsgruppa har vore samansett av næringsaktørar, destinasjonsselskap, forskings- og utdanningsmiljøet og det offentlege. 1.2 Hordaland i dag og generelle utviklingstrekk Hordaland i dag Reiselivet i Hordaland er strukturert gjennom fem destinasjonsselskap; Bergen, Hardanger, Voss, Nordhordland og Sunnhordland. Hordaland har dei seinare åra opparbeidd eit tettare samarbeidsklima mellom dei sentrale reiselivsaktørane. I fellesskapet, Forum Reiseliv-Hordaland, finn ein reiselivsbedrifter, destinasjonsselskap, offentlege aktørar og forskings- og utviklingsaktørar. Gjennom fylkesovergripande strukturar arbeider ein også saman med dei andre Vestlandsfylka. Arenaprosjektet Innovativ Fjordturisme fokuserer på produktutvikling og Fjord Norge AS tek seg av internasjonal marknadsføring av reiselivet i alle fire fylka. 5
Ein har dei siste åra sett resultat av målretta satsingar i fylket. Gjennom Norwegian Convention Bureau samarbeidet arbeider Bergen målretta for å styrka sin posisjon som internasjonal kurs og konferansedestinasjon. Det skjer ei auka satsing på vinterturisme, og skisentra kan visa til solid vekst dei seinare åra. Voss har etablert eit nytt destinasjonsselskap og har utarbeidd langsiktige utviklingsplanar. Hardanger har jobba målretta, blant anna gjennom Explore Hardanger, og kunne i 2008 visa til svært god vekst. Hordaland i tal Noreg i tal 2 523 036 gjestedøgn i 2007 28 314 595 gjestedøgn i 2007 Ca 40% er utanlandske gjester Samla vekst på 16% i kommersielle gjestedøgn i perioden 2004 2007 Ca 28% er utanlandske gjester Samla vekst på 13,5% i kommersielle gjestedøgn i perioden 2004 2007 14% auke i norske gjester 14% auke i norske gjester i 2007 18% auke i utanlandske gjester 12% auke i utanlandske gjester i 2007 Tyskland er største utanlandsmarknad Tyskland og Nederland har lengst opphaldstid Tyskland er største utanlandsmarknad Tyskland og Nederland har lengst opphaldstid Kjelde: FN/IN/SSB Yrkestrafikk er inkludert i oversikta Kjelde: SSB/IN Generelle trendar og utviklingstrekk Marknad og demografi Utviklinga i dei geografiske målmarknadene for reiselivet i Noreg syner at det vert fleire ressurssterke eldre med mykje fritid. Eldre reisande har meir tid og er friskare og meir aktive enn før. Dette samsvarer med den generelle utviklinga i den vestlege verda. Dei reisande har høgre utdanning enn tidlegare og den reisande har ofte god kunnskap om reisemålet. 6 Det siste året har ein sett at fleire nordmenn vel Noreg som ferieland.
Reisemål og ferietype Folk reiser meir, krev meir og er mindre lojale mot reisemålet. Graden av individualisering og sjølvrealisering aukar og ein finn tydelegare nisjegrupper ein auke i individuelle, tematiserte feriar med fokus på kvalitet og innhald. Auka etterspørsel etter grøne destinasjonar. Dette kan til ein viss grad reversera trenden med kortferie med fly. Auka fokus på lokal identitet og produksjon. Kunden ynskjer i større grad å koma i kontakt med det ekte og genuine ved reisemålet. Sjølv om mat i seg sjølv ikkje er reisemotiv til Noreg, er det internasjonal etterspurdnad etter matopplevingar. Dei reisande forventar stadig meir til ein lågare pris, samtidig finn ein grupper som er villig til å betala mykje for den store opplevinga. Det er auka interesse for aktivitet i feriane. Økonomiske utsikter og miljø Finanskrisa vil truleg gje ein midlertidig stopp i den veksten ein har sett dei siste åra. Ein forventar at det skal påverka utanlandsmarknadane negativt, men kan ha ein positiv effekt på nordmenn sine reiser i Noreg. Nedgang i bustadmarknaden påverkar næringa value for money blir viktigare. Klimaendringar er ein av dei viktigaste trendane som vil påverka turistnæringa på lengre sikt. Auka medvit på dette området vil truleg føra til auka etterspørsel etter produkt som er miljømessig forsvarlege. 7
2 Generelle føringar for reiselivssatsinga Strategien legg til grunn nokre retningsgjevande prinsipp for satsinga på reiseliv i Hordaland. Desse vil vera førande for all reiselivsutvikling i fylket fram mot 2015. 2.1 Hovudmålgrupper Reiselivsstrategien er utforma med ei målsetjing om å trekka fleire nasjonale og internasjonale kundar til Hordaland. Val av målgrupper/segment skal vera i tråd med Innovasjon Norge og Fjord Norge AS sine langsiktige satsingar. Innanfor denne ramma står destinasjonsselskapa fritt til å definera sine hovudmålgrupper. 2.2 Samarbeid i fokus I arbeidet med strategien er samarbeid trekt fram som den viktigaste nøkkelen til ei vellukka reiselivssatsing. Strategien byggjer på ein modell der samarbeid mellom næring, kunnskapsaktørar (FoU) og det offentlege skal stå sentralt, ofte kalla innovasjonsmodellen og tripple helix, sjå modell neste side. Næringsliv 8 Kunnskapsmiljø Offentleg sektor
2.3 Berekraftig reiselivsutvikling Hordaland skal ha ei berekraftig reiselivsutvikling i tråd med gjeldande nasjonale retningslinjer. Innovasjon Norge si kvitebok for reisemålsutvikling koplar berekraft til: Miljømessig berekraft langsiktig forvalting av natur- og kulturressursane slik at desse ikkje vert øydelagt av reiselivsaktivitet. Sosial berekraft utvikling som skapar eit attraktivt lokalsamfunn der folk gjerne vil bu og busetja seg. Økonomisk berekraft sunn økonomisk utvikling med eit langsiktig perspektiv som gir ein robust lokaløkonomi. 2.4 Kvalitet Kvalitet er blant anna eit mål på om kunden føler opplevinga er verd prisen han eller ho har betalt. Noreg er eit høgkostland og ein søker målgrupper med god betalingsevne. Dette må speglast i produktkvaliteten, og det skal derfor satsast på kvalitetsheving i alle ledd av reiselivsopplevinga, også innan område der ein i dag leverer god kvalitet. Det er viktig å fremje utforming av produkt, tenester og omgjevnader slik at dei kan brukast av flest mogleg menneske, etter prinsippa om universell utforming. 2.5 Marknadsstyrt verdikjede Dei beste aktørane legg til rette for ei dynamisk og marknadsstyrt verdikjede. For å maksimera verdiskapinga av primæraktivitetane i verdikjeda skal reiselivet i Hordaland støtta opp kring: 9 Marknadsstyrt produktutvikling og innovasjon. Integrert og koordinert system for informasjon frå kunde til tilbydar, blant anna gjennom sanntidsbooking. Auka kompetanse om marknad og etterspurnad gjennom samarbeid med FoU-miljø. Menneskeleg ressursutvikling og fokus på kvalifisert arbeidskraft.
3 Visjon og hovudmål 3.1 Visjon 3.2 Hovudmål Hordaland skal vera best i Norden innan natur- og kulturbaserte opplevingar. 3.3 Effektmål Gjennom samarbeid og innovasjon skal det utviklast berekraftige tilbod innan natur- og kulturopplevingar som bidreg til økonomisk levedyktige reiselivsbedrifter og lokalsamfunn. Bedriftene i reiselivet i Hordaland står for verdiskapinga og påverkar direkte ulike måltal i offentleg statistikk. Sjølv om reiselivsstrategien ikkje har noka direkte innverknad på desse størrelsane, viser statistikkane langsiktige utviklingstrekk i næringa og er med på å påverke korleis fellesskapen vel å setje inn utviklingskrafta. I strategiprosessen har me difor sett mål for nokre indikatorar fram mot 2015. Ein skal årleg fylgja opp desse indikatorane. Om nødvendig skal ein finna fram til indikatorar for mål som i dag ikkje blir rapportert på. 10
VOLUM OG LØNSEMD Indikator Hordaland skal ha ei utvikling over gjennomsnittet i Fjord Norge på fylgjande område 1 Talet på kommeriselle gjestedøgn i næringa I tillegg til den vanlege statistikken frå SSB på dette, kan ein sjå på Norske gjestedøger på ferie- og fritidsreiser slik dei fremkommer i SSBs reise- og ferieundersøking. Eit anna alternativ er Alle gjestedøger frå utenlandske turistar i Gjesteundersøkelsen til TØI. Frå 2008 oppgir den overnattingar per region og Fjord Norge er ein region. 2 Pris per tilgjengeleg utleigeeining Losjiøkonomi for hotella kan rapporterast utfrå Statistikknett som nyttar offisiell statistikk. 3 Omsetnad i næringa Omsetjingstala inkluderer også (i til dels betydelig grad) konsum frå lokale innbyggjarar/lokalt næringsliv. Her er det vanskelig å skilje ut omsetjnga som kjem som følge av turisme/tilreisende. Mål for årleg nominell vekst + 5% + 5% + 3% Alternativt kan ein sjå på etterspørselssida med Forbruk blant turister frå Gjesteundersøkinga og reise- og ferieundersøkinga 4 Tal på faglærde i næringa + 5% 5 Besøkande til museum, attraksjonar og besøkssenter + 5% Her må ein samle inn tal frå attraksjonar med billettsal eller andre sikre teljingar. KVALITET OG KUNDETILFREDSHEIT Indikator Hordaland skal oppnå kundetilfredsheit høgre enn kundens forventning til alle delar av opphaldet, inkludert bestilling, betaling og reise til og frå reisemålet. Mål Eigne målingar av kundetilfredsheit for sommaren. Voss sitt vinterprodukt blir vurdert gjennom i nasjonal undersøking. BEREKRAFTIG UTVIKLING Indikator Hordaland skal nytta Innovasjon Norge sine prinsipp og tiltak for berekraftig reiseliv. Reiselivsaktørane i Hordaland skal ha ein utvikling innan dette området over landssnittet Mål Ein skal starta målingar på berekraftig reiselivsutvikling så snart det ligg føre gode verktøy og måleparameter frå prosjektet Bærekraftig Reiseliv 2015. 11
4 Det heilskaplege reiselivsproduktet Det heilskaplege reiselivsproduktet Kamfjord (2001), slik det blir vist i figuren nedanfor, illustrerer mangfaldet av delprodukt og aktørar som må samordnast dersom ein skal lykkast med reiselivsutvikling. Det kan vera vanskeleg for aktørane i næringa å definera kven som har ansvaret for heilskapen, men frå dei besøkande sitt perspektiv er det den totale leveransen som avgjer om opplevinga blir positiv. For å lykkast må alle partar sjå sin plass i eit større bilete, sjølv om ein ikkje er direkte knytt til det ein tradisjonelt reknar som reiseliv. Dei tradisjonelle reiselivsnæringane som overnatting, mat, transport og attraksjonar er kjernen i opplevinga. I det omkringliggande området finn ein føresetnadane for vellykka reiselivsproduksjon; natur- og kulturlandskap, fellesgode, infrastruktur og andre næringar og sektorar. Kjerneprodukta og det omkringliggande området byggjer den totale reiselivsopplevinga. Natur- og kulturlandskap Oppleving Figur: Det heilskaplege reiselivsproduktet Kamfjord (2001) Andre fellesgoder Attraksjon/ Mat aktivitet Gjest Overnatting Transport Andre næringar og sektorar Infrastruktur Med utgangspunkt i dette er det peikt ut strategiske satsingsområde for reiselivsutviklinga fram mot 2015. Dei fire strategiske satsingsområda er: 12 Produktutvikling Områdeutvikling Kompetanse Marknadsføring Kompetanse og marknadsføring er grunnleggjande suksesskriterium og er difor trekt fram som eigne strategiske satsingsområde i tillegg.
5 Strategiske satsingsområde Reiselivsstrategien tek utgangspunkt i gjesten si oppleving gjennom ei strategisk satsing på kjerneproduktet og områdeutvikling. I kjerneproduktet vil me satse på produktutvikling innan natur- og kulturbaserte attraksjonar og opplevingar, mat og transport. Områdeutvikling er ikkje eit eintydig arbeidsområde, men er kjenneteikna ved at det set fokus på heilskapen ved eit reisemål. Arbeidet på dei strategiske satsingsområda blir delt inn i tiltaksområde og prosjekt vil vere den vanlegaste måten å organisere arbeidet. For å få prosjekta gjennomført, treng me eit breiddt samarbeid. 5.1 Produktutvikling Kjerneprodukta i denne strategien er natur- og kulturbaserte attraksjonar og opplevingar, mat og transport. 5.1.1 Natur- og kulturbaserte attraksjonar og opplevingar Betre tilbod av natur- og kulturbaserte attraksjonar og opplevingar kan styrkja attraktiviteten til eit lokalsamfunn og medverka til auka verdiskaping hjå reiselivsaktørane. Innanfor satsinga på naturbaserte attraksjonar og opplevingar har ein identifisert temasatsingar der Hordaland har naturgitte konkurransefortrinn og tiltak som underbygger nasjonale og regionale initiativ. Attraktive målgrupper har stått sentralt ved definering av satsingsområda. Fjordlandskapet er trekt fram som spydspissen blant dei naturbaserte attraksjonane og det skal satsast på ulike aktivitetar. Naturopplevingar vil ofte ha kulturelement i seg og det kan vere vanskeleg å skilje klart. Innanfor kultur har ein trekt fram Kulturbyen Bergen som spydspissen som kan påverke val av reisemål. Samstundes er det viktig at satsinga inneheld kulturbaserte aktivitetar og attraksjonar, også i andre delar av Hordaland, som kan gi ein ekstra dimensjon til opplevinga turistane får når dei er komne til fylket. Kultur- og historieformidling er viktige tilleggsprodukt som styrkar attraksjonen og verdiskapinga i nye og eksisterande opplevingsprodukt. 13 Tiltak innanfor denne produktutviklinga er vandring, sykling, snø/ski-aktivitetar, vatn/sjøaktivitetar, arrangement/festivalar og kultur- og historieformidling.
5.1.2 Mat Mat er eit basisbehov, men også ein viktig del av totalopplevinga for dei tilreisande. Undersøkingar syner at mattilbodet vårt ikkje innfrir forventningane. Det skal difor satsast på koordinering og samarbeid om tiltak som styrkjer vår region som ein attraktiv matdestinasjon. Dette krev bevisstgjering av reiselivsaktørane, kompetanseutvikling, kvalitetssikring, styrking av kommersielle koplingar mellom produsent og distribusjonskanalar, profilering og utvikling av turistrelaterte produkt. Gjennom fokus på tilgjenge og kvalitet er målet å tilby gjestene gode matopplevingar basert på lokale råvarer og tradisjonar. 5.1.3 Transport Tilgjengeleg og trygg transport, til og rundt i, Hordaland er ein premiss for å gje dei reisande gode opplevingar, og ein føresetnad for ei vellukka reiselivssatsing. Dette gjeld kollektivtilbod som fly, båt, jernbane og buss, i tillegg til reise med eigen bil. Eit viktig tiltak for å lykkast på transportsida er å sikra at eksisterande rutetilbod blir fremja i reiselivssamanheng og at Hordaland også i framtida har gode internasjonale forbindelser. 5.2 Områdeutvikling Områdeutvikling inkluderer alle tilhøva som påverkar gjesten si totale oppleving av eit reisemål. Denne strategien ser på områdeutvikling på to nivå. Det eine er heilskapleg områdeutvikling av destinasjonar, småsamfunn, landskaps- og nasjonalparkar og andre område med særleg fokus på utvikling og tilrettelegging for reiseliv. Det andre nivået er fellesgode til nytte for heile eller store delar av næringa. 5.2.1 Heilskapleg områdeutvikling Heilskapleg områdeutvikling handlar om god tilrettelegging for tilreisande i eit avgrensa område. I Hordaland har me nasjonalparkar og område på UNESCO si verdsarvliste som det vil vera naturleg å jobba med innanfor dette området. Enkelte bymiljø, bygder og tettstadar med særpreg og attraksjonskraft kan også vera aktuelle. Arbeidet innanfor dette tiltaksområdet skal gje ei felles forståing for ansvar, roller og organisering, og vera grunnlag for utvikling av infrastruktur, produktutvikling og marknadskommunikasjon. Målet er å gå frå ei tilfeldig satsing hjå enkeltaktørar til strategiske alliansar rundt eit fellesområde. Samhandling og partnarskapstenking mellom alle involverte aktørar er nødvendig for å lukkast. 14 Landskapsparkane sine bygdestyrte utviklingsområde med høg landskapsverdi er ei slik satsing. Det same er områdesatsinga rundt Folgefonna Nasjonalpark.
5.2.2 Fellesgode Fellesgode er til nytte for både gjest og tilbydar uavhengig av den enkelte sin betalingsvilje. Fellesgoda kan vera ein viktig årsak til at tilreisande velgjer vårt område som reisemål, eller det kan vera ei nødvendig teneste for at gjestene skal finna totalopplevinga tilfredsstillande. Innanfor fellesgode finn ein skjeringspunkt mellom reiselivsnæringa og samfunnet elles, der ein har felles nytteverdi av utvikling av service-, teneste- og produkttilbod. Det er viktig å avklara kva fellesoppgåver som bør prioriterast i reiselivsamanheng og definera ansvar og roller kring gjennomføring og finansiering av desse. I nokre høve vil det offentlege spela ei sentral og overordna rolle i dette arbeidet. Gjesten etterspør tilrettelagde attraksjonar, aktivitetar og god informasjon. Eit godt distribusjonssystem, som internett og turistinformasjon, er viktig næringsmessig infrastruktur for reiselivsbedriftene og for turistane. Det same gjeld infrastruktur som skilting, merking og ulike formar for tilrettelegging. Spesielt er det viktig å ta omsyn til krava om universell utforming. Vegar, rekreasjonsområde og anna fellesareal skal vera tilgjengeleg og av god kvalitet, noko som også set krav til godt vedlikehald. Drifting av fellesgode kan vera ei utfordring. I tillegg til å opparbeida og investera i fellesgode, må ein finna langsiktige løysingar for praktisk og økonomisk oppfølging og vedlikehald. Natur- og kulturlandskapet står heilt sentralt for Hordaland som reisemål. Bevaring, vedlikehald og bruk av landskapet er avgjerande for å oppretthalda og styrka Hordaland sin posisjon i marknaden. I samarbeid med aktørar i landbruk og vegmyndigheitene skal ein jobba for gode og sikre utsiktspunkt langs dei mest sjåverdige strekningane i vegnettet. Nasjonalparkar, landskapsparkar, landskapsvern- og friluftsområde må gjerast meir tilgjengeleg, blant anna gjennom utbetring av informasjon og infrastruktur til områda. 15
5.3 Kompetanse Kompetanse er ein kritisk suksessfaktor for å sikra ei heilskapleg og vellukka reiselivsutvikling og å kunne levere høg kvalitet på produkta. Det skal satsast på kompetansetiltak som sikrar ei velfungerande og marknadstilpassa reiselivsutvikling. Produktutvikling har dessutan ofte eit element at kompetanse i seg. Etter initiativ frå Innovasjon Norge i Hordaland, har alle fire vestlandsfylka samarbeidd om kompetanse i produktutvikling, pakking og marknadsføring til reiselivsaktørane gjennom Arena-prosjektet Innovativ Fjordturisme. Dette ønskjer me å byggje vidare på. Saman med næringslivet tilbyr den vidaregåande skulen opplæring til fagbrev i fleire fag. Me vil jobbe med tiltak for å auka graden av faglærd arbeidskraft i næringa. I den såkalla VRI-satsinga, Virkemidler for regional FoU og innovasjon, har Hordaland definert reiseliv som ei særleg satsing. Denne bransjesatsinga skal fremje samarbeid med kunnskapsmiljøa for å sikre eit marknadstilpassa og kompetanseintensivt reiseliv i Hordaland. 5.4 Marknadsføring Nasjonal og internasjonal marknadsføring blir sett på som ei av dei viktigaste oppgåvene til reiselivsnæringa. Utfordringa er å bli sett, og ein må samarbeida både lokalt og regionalt for å oppnå best mogeleg effekt. Me må utvikle bruken av internett til marknadsføring og booking vidare i Hordaland og følgje opp tidlegare satsingar. Ansvaret for den nasjonale marknadsføringa ligg hjå destinasjonsselskapa. Samarbeid mellom destinasjonsselskapa i Hordaland og med Innovasjon Norge er sentralt i marknadsføringa. Kvart destinasjonsselskap bør tilby reiselivsaktørane i sin region å marknadsføra seg på ein felles nettstad som er kopla opp mot www.visitnorway.com (Innovasjon Norge) og www.fjordnorway.com (Fjord Norge AS). Hordaland fylkeskommune yter årlege tilskot til Fjord Norge AS for at dei skal marknadsføre reiselivet Hordaland internasjonalt saman med dei andre tre vestlandsfylka. 16
Prosessgruppa for reiselivsstrategi i Hordaland hausten 2008 Firma Bergen Reiselivslag Reisemål Hardanger Fjord AS Samarbeidsrådet for Sunnhordland Nordhordland Reiselivslag Regionrådet for Nordhordland IKS Osterfjorden Reiselivslag Gode sirklar Destinasjon Voss Destinasjon Voss NHO Reiseliv NHO Reiseliv LO-Hordaland Tide Reiser Norsk Bygdeturisme og gardsmat Innovasjon Norge KS-Hordaland Fylkesmannen, landbruksavdelinga Fylkesmannen, landbruksavdelinga NHH/SNF Høgskolen i Bergen Universitetet i Bergen Kaizen AS Fjord Norge Noregs Vasskraft- og Industristadmuseum HFK - samferdsel HFK - reiseliv HFK - reiseliv HFK reiseliv Prosesskonsulent: DREIS Navn Ole Warberg Hans Jørgen Andersen Gro Røhne Andersen Anne Marie Reistad Håkon Matre Helge Terje Fosse Kristianne Ervik Anne Grethe Bakke Øyvind Wæhle Wenche Salthella Berit Bentzrud Arild Hamre, LO-Hordaland Helene Myking Johansen Jan Tjosås Åge Bremer Einar Hauge Arne Rikard Stadaas Eirik Brynjelsen Nina Iversen Tone Helene Røkenes Lennart Fjell Rolf Akselsen Kristian B. Jørgensen Stein Haugen Nils Egil Grude Kjartan Pettersen Berit Vetlejord Karen Louise Nybø Kaia Finne 17
Agnes Mowinckels gate 5, Postboks 7900 N-5020 Bergen, Norway Telefon 55 23 90 00