SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 103 &13 Arkivsaksnr.: 16/597 Høyring - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane Rådmannen si tilråding: Uttale frå Luster kommunestyre; Utforminga av nytt inntektssystem må gjerast nøytralt utan direkte tilknytning til kommunereforma og debatten om kommunesamanslåingar. Omlegging av inntektssystemet må innrettast med strukturkriterier og kostnadsnøklar som kompenserar distriktsutfordringar minst like godt som i dag. Vekting av sone og nabokriterie må minst oppretthaldast på nivå med tidlegare. Delkostnadsnøklane for barnehagar kan med fordel baserast på tal heiltidstilsette og utvida barnehagegruppe 1-5 åringar. Km kommunal veg bør innarbeidast i kriteriesettet. Kommunestyre støttar ei omlegging av dei distriktspolitiske tilskota gitt ein reelt vektar opp dei distriktspolitiske utfordringane. Ein må nytta kriterier som synleggjer ekstra kostnader knytt til avstandar, spreidd busetnad, kommunestorleik og distriktspolitiske utfordringar. Skatteandelen av kommunane sine inntekter må ikkje aukast. Skatte- og avgiftsordningar som i dag vert haldne utanfor inntektsutjamninga, til dømes eigedomsskatt, konsesjonsavgifter og konsesjonskraft, må også haldast utanfor i framtida. Dersom det skal gjennomførast endringar i selskapsskatten, må det føreligga betre kunnskap om samanhengen mellom selskapsskatt og kommunane si tilrettelegging for næringsutvikling. Tilrådd modell vil m.a. grunna konjunktursvingingar gi store variasjonar og uføreseielege råmevilkår. Ein alternativ modell for selskapsskatt bør også omfatte auka verksemd innan naturressursbaserte næringar. Dette kan gjerast ved å verdisikre naturressursskatten, som har stått uendra på 1,1 øre/kwh sidan innføringa i 1997.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: - Uprenta vedlegg: -Høyringsbrev frå Kommunal og moderniseringsdep. -Høyringsdokument. -Kostnadsnøklar, vekt i dagen modell og i ny modell. -Frivillig og ufrivillig små - modell. -Illustrasjonsmodell, nytt inntektssystem, Luster. Samandrag: I saka ser ein på gjennomgangen av inntektssystemet som er ute på høyring. Konsekvensane for Luster kommune vert drøfta og det er/vert utarbeidd framlegg til uttale på saka. Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret. Fakta: : I saka ser ein på gjennomgangen av inntektssystemet som er ute på høyring. Som varsla er gjennomgangen sett i samanheng med kommunereforma. Endeleg forslag til nytt inntektssystem, m.a etter denne høyringa, skal kome i kommuneproposisjonen for 2017 i mai 2016 og deretter i statsbudsjettet for 2017. Inntektsystemet er eit svært komplisert og samansett system og rådmann er ikkje rett mann til å opplysa saka fullstendig, men me prøver i saka å informere om hovudpunkt og dei endringar som no er på høyring. Det som påverkar kommuneøkonomien framover er; nye kostnadsnøklar for kommunane. ny modell for basistilskot der målet er å skilja mellom frivillige og ufrivillige smådriftsulemper. endringar i dei regionalpolitiske tilskota. skatteelementa i inntektssystemet. Nye kostnadsnøklar; Kostnadsnøklane vert nytta til å utjamna forskjellane mellom kommunane; storleik, geografi/avstandar og samansetjing av folketalet. Dette påverkar både behovet for og kostnadene ved å tilby kommunale tenester. Målet med utgiftsutjamninga er å setje kommunane i stand til å gi innbyggarane likeverdige og gode tenester. Det er delkostnadsnøklar for sektorane grunnskule, barnehage, pleie og omsorg, helsetenester, barnevern, sosialhjelp, samt administrasjon/landbruk/miljø som inngår i utgiftsutjamninga. Delkostnadsnøklane blir vekta saman til ein samla kostnadsnøkkel på grunnlag av sektorane sin relative storleik (andel rekneskapsførde utgifter). Det er no utført nye analysar av variasjonane i kommunane sine utgifter på alle sektorer som inngår. I tråd med desse analysane vert det tilrådd endringar i alle delkostnadsnøklane. Slike analysar vert gjort med jamne mellomrom, 4. - 5. kvart år, og så vert nøklane oppdaterte, får ny vekting. Av og til vert det og gjennom politisk initierte endringar gjort større endringar ev ved at nye element vert tekne inn i systemet. Det er ikkje tilfelle no med dei ordinære delkostnadsnøklane I denne runden har det vore gjort nye vurderingar omkring delkostnadsnøkkelen for barnehage og det har vore nærare vurdert å ta inn nøkkel for teknisk/kommunale vegar.
Ny modell for basistilskot; I dag får alle kommunane eit basistilskot som er på 13,2 million kroner om kommunen er liten eller stor. I framlegget vert det lagt opp til gradering av dette der ein tek omsyn til befolkningsstrukturen. Framlegget inngår i kommunereforma og skal verke slik at dei kommunane som frivillig vel å vere små skal miste basistilskot medan dei som ufrivillig er små skal få behalde tilskotet. Det er utarbeidd ein metode der ein reknar på kor langt ein må reise for å bli del av ein befolkning på 5000 innbyggarar. For Luster så gir metoden eit resultat på 18,2 km. Det er ikkje fastsett kor lang reiselengda må vere for å få full kompensasjon, 13,2 million kroner, men det vert rekna på 25,4 km som eit alternativ. Det vil gje eit årleg nedtrekk for Luster på nærare 1 million kroner. Vert reiselengd på strukturkriteriet under 18,2 km vil ein oppnå fullt tilskot. Med dette grepet vil ein motivere, med økonomiske verkemiddel, kommunar til samanslåing for dei som etter denne modellen vert kategorisert som frivilleg små. Endringar i dei regionalpolitiske tilskota. I framlegget vert det lagt opp til ei forenkling. I dag er det fleire ulike tilskot; Basistilskot (jf ovanfor), Nord-norge tilskot, distriktstilskot Sør-norge og småkommunetilskot. Framelegget er å samle desse tilskota i to tilskot eit for Nord-norge og eit for Sør-norge og ta vekk småkommunestilskotet og nytte distriktsindeksen (graden av distriktsutfordringar) som kriterium for tildeling. Tilskotet skal i større grad enn no fordelast pr innbyggar. Med å ta vekk småkommunetilskotet (for kommunar under 3200 innbyggarar), og fordele meir pr innbyggar vert dette eit verkemiddel som gjer at små kommunar tapar på å fortsetje åleine. Mellomstore og større distriktskommunar skal få betre utteljing. Tilskota skal gjerast meir nøytrale opp mot kommunesamanslutningar. Luster mottek i dag distriktstilskot Sør-Norge, men det er vanskeleg å prognosere utslag av ev endring. Skatteelementa i inntektssystemet. Skatteinntektene er i dag om lag 40 pst. av inntektene i kommunesektoren og ei svært viktig finansieringskilde. Skatteelementa i inntektssystemet er i hovudsak tre element; fastsetjing av skatten sin andel av dei samla inntektene, kva skattar som skal gå til kommunane og i kor stor grad skatteinntekter skal utjamnast mellom kommunane. Skatteandelen vert definert innanfor ei gitt totalramme på kommunesektorens inntekter på landsnivå. Aukar ein skattedelen vert rammetilskotet redusert og motsatt. Kommunane sine skatteinntekter omfattar i dag skatt på inntekt og formue frå personlige skatteytarar, naturressursskatt frå kraftselskap, eigedomsskatt og andre produksjonsskattar. I periodar har og kommunane fått behalde delar av selskapsskatten. Regjeringa har varsla at dette skal gjenninnførast ved at kommunane skal få behalde auke/del av auke i skatteinntekter frå privat næringsliv målt over ein 4-årsperiode. Innretning av skatteelementa i inntektssystemet vil være ei vurdering av balansen mellom hensynet til lokal forankring av inntektene og hensynet til likeverdige tenester. Hensynet til likeverdige tenester tilseier låg skatteandel og/eller høgare utjamning av skatteinntektene og motsatt. I høyringa vert det ikkje fremja konkrete framlegg til endringar, men det vert vist til at dette vil bli fastlagt i tilknyting til kommuneopplegget i statsbudsjettet.
Vurdering: Endringane i inntektssystemet denne gang heng nøye saman med kommunereforma. Dette fordi det er gjeldande/noverande inntektssystem og inndelingstilskot som, i hovudsak skal gjelde i 15 år framover for dei kommunane som vel å slå seg saman. For ein del mindre kommunar og kommunar som pr definisjon vel «frivilleg» å stå åleine så vert dette store summar i tap dersom ein vel å fortsetje vidare åleine med nytt inntektssystem. For Luster er det ein avklart situasjon i høve kommunereforma. Kommunen er heller ikkje, grunna relativt store avstandar, ein kommune som tapar dei største summane på denne delen av endringane i inntektssystemet. Ut frå dette vert det ikkje gjort presise og nærare vurderingar på dette i denne saka. Det må likevel vere uheldig med den sterke koblinga som ligg i framlegget der mange faktorar først vil bli klargjorde i kommuneøkonomiproposisjonen til våren og i statsbudsjettet til hausten. Nye kostnadsnøklar; KS-administrasjonen som har gått nærare inn på forslaga til oppdatering av kostnadsnøklane og meiner dei er godt faglig funderte. Det betyr og at det er statistikk og matematikk som er førande for utslaga. Det er likevel grunn til å merke seg at vektinga av nabo og sone vert redusert. Det same gjeld vektinga av eldre og psykisk utviklingshemma. Luster tapar store beløp på desse endringane i rammetilskot, i prognosen over 4,5 million kroner pr år. Denne verknaden kjem fordi me har sentralisering/ «urbanisering» i landet og kommunane gjennomfører strukturtiltak. Det vert og relativt sett vert brukt mindre økonomiske ressursar til dei eldste eldre og psykisk utviklingshemma enn for 4 år sida pr person. Med vår busetnads-struktur, der utkantane går noko tilbake og vår alderssamansetnad av innbyggarane så får me store utslag. Når det gjeld sone og nabo så har me heller ikkje gjennomført strukturendringar som reduserer utgifter. I uttalen er det grunn til å påpeke dette utslaget. På barnehageområdet vert det presentert to alternativ til delkostnadsnøkkel. Det vert lagt fram ein alternativ nøkkel der tal heiltidstilsette 20-44 år erstattar utdanningskriteriet. Utan at det er lagt fram kommuneverknad så kan dette verka meir naturleg og forståeleg. KS i fylke støttar den alternative modellen. I uttale kan dette påpeikast. Det har vore arbeidd med ein delkostnadsnøkkel for kommunale vegar. Den vert ikkje tilrådd innført og det vert problematisert element omkring ulik vegstandard og at det vanskeleg vert objektivt nok. For ein distriktskommune som Luster vil ein gjerne tene på ein slik nøkkel og ein bør gjerne påpeike at den bør innførast. I kriteriesettet for fylkeskommunane er dette med. KS Sogn og Fjordane har ikkje drøfta dette tema. Ny modell for basistilskot; Det vert stilt spørsmål ved om gradering av basistilskotet vil ha den ønska verknaden. Det syner seg at det vil gi store omfordelingar mellom kommunane, også i forhold til kommunar som er utanfor hovudmålgruppa, frivillige eller ufrivillige små. Her i fylket har det vore synt til både Sogndal, Førde og Florø.
Det kan derfor vere god grunn til å avvise framlegget. Om framlegget likevel vert innført bør ein argumentere for at 25,4 km som strukturavstand er for lang reiseavstand. Avstanden bør vere lågare enn 18,2 km noko som isolert sett vil eliminere Luster kommune sitt tap på ordninga. Endringar i dei regionalpolitiske tilskota; Det kan vere grunnar til å sjå nærare på dei regionalpolitiske tilskota. Det bør leggjast meir arbeid i utforming av distriktsindeksen dersom den skal nyttast som meir sentral i fordelinga av tilskot. Det er viktig at ein søkjer å finne kriterier som synleggjer ekstra kostnader knytt til avstandar, reiseulemper, smådriftsulemper og andre generelle distriktspolitiske utfordringar. Skatteelementa i inntektssystemet; Når det gjeld skatteelementa så er det viktigaste for Luster at skatte- og avgiftsordningar som i dag vert haldne utanfor inntektsutjamninga, til dømes eigedomsskatt, konsesjonsavgifter og konsesjonskraft, også må haldast utanfor i framtida. Det verkar ikkje som dette er tema i denne runden, men det er eit viktig grep å forsvare. Kommunar som avstår verdifulle naturressursar til storsamfunnet har eit legitimt krav på ein del av den verdiskapninga som skjer og desse inntektsordningane sikrar dette. Det er grunn til å vere reservert til å auke skatteandelen som del av kommunane sine inntekter. Høgare skatteandel gir større variasjonar, mindre utjamning og dårlegare fordeling og ein distriktskommune som Luster vil ikkje tene på dette. Å innføre kommunal selskapskatt igjen er det grunn til å vere reservert til. Samanhengen mellom utvikling i selskapsskatt og kommunen si tilrettelegging for næringsutvikling er høgst diskutabel. I mindre kommunar som Luster trass alt er med konkurranseutsett næringsliv som er utsett for konjunktursvingingar vil det ofte vere heilt andre element enn kommunal næringsaktivitet og tilrettelegging som påverkar utviklinga i skatteinngang. Variearande inntekter herifrå kan gi uføreseielege råmevilkår. Om ein går vidare med kommunal del av selskapsskatten så bør modellen også omfatte auka verksemd innan naturressursbaserte næringar. Dette kan gjerast ved å verdisikre naturressursskatten, som har stått uendra på 1,1 øre/kwh sidan innføringa i 1997. Konklusjon; Det må ikkje vere tvil om at inntektsystemet er i endring mot eit system som favoriserar større kommunar og der innbyggartalet tel meir og struktur mindre. Dei kompenserande ordningane, for smådriftsulemper, desentralisert busetnadsstruktur og avstandar vert dårlegare og med dette og grunnlaget for å oppretthalde det tenestetilbodet som kommunar som Luster har valt. Hovudpunkt frå denne vurderinga er oppsummert i framlegg til uttale. I saka er det lagt ved nokre vedlegg utover høyringsdokumenta. -Kostnadsnøklar, vekt i dagen modell og i ny modell. -Frivillig og ufrivillig små - modell. -Illustrasjonsmodell, nytt inntektssystem, Luster. Dato: 11.02.16 Jarle Skartun
rådmann Særutskrift skal sendast: m/kopi til: