Årsmelding 2011. Frivilligsentralen Førde

Like dokumenter
Årsmelding Frivilligsentralen Førde

Frivilligsentralen Førde Årsmelding Innhaldsliste. 1.0 Innleiing... s. 3

Rekneskap: Var fram til ført av Jølster Kommunekasse, deretter overtok Jølster Rekneskapslag.

Årsmelding 2009, andre driftsår:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Fra sørsida ein fin maidag

Til deg som bur i fosterheim år

Tiltak for kvinner i mottak. Eit prosjekt finansiert av legat frå Nasjonalforeningen for folkehelsen

Årsrapport Føremål. Overordna mål. Nærmiljøsentralen Askvoll. Innhald

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Fra sørsida ein fin maidag

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Stemnehandboka for NKSF

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Sandeid skule SFO Årsplan

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

DIS- Sogn og Fjordane

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Bitraf Resultatregnskap0per

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Velkomen til Røde Kors!

ÅRSMELDING Sorenskrivergården Pb. 50, 3541 Nesbyen Tlf.: E-post: Daglig leder: Magnhild Øye-Grasdokk

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Rektorforum 15. april

Giske kommune. Nettverksamling for Frisklivsentraler Ulsteinvik 4. og 5.sept.

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ARBEIDSPLAN

Årsmelding 2015 Ullensvang frivilligsentral Leiar: Gertrud Korff Tlf: Mob:

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Kulturhuset, 2.etg Postboks Sogndal 6851 Sogndal

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Rapport Camp Svalbard vinter 2015

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Møteprotokoll for møte i

Årsmelding Stiftinga Frivilligsentralen I Eid

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

«Ny Giv» med gjetarhund

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Teknikk og konsentrasjon viktigast

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

MEDLEMSINFO. august 2009

ÅRSMELDING Innleiing

SØKNADSSKJEMA Den kulturelle spaserstokken 2017

Årsmelding for O-gruppa 2015

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

IKT-kompetanse for øvingsskular

Månadsbrev for Rosa september 2014

Årsmelding for Støttegruppa etter 22. juli, Sogn og Fjordane (Årsmeldinga er frå då gruppa vart etablert 4. desember 2011 til og med 2012)

Strategi og handlingsplan

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Transkript:

Årsmelding 2011 Frivilligsentralen Førde Frivilligsentralen Førde Årsmelding 2011 1

Innhaldsliste 1.0 Innleiing Nytt sidan 2010. s. 3 2.0 Organisering 2.1 Styret.. s. 3 2.2 Tilsette s. 3 2.3 Samarbeid..s. 3 3.0 Drift av sentralen 3.1 Aktivitetar i 2011...s. 4 3.2 Årlege aktivitetar/markeringar s. 5 3.3 Marknadsføring...s. 7 3.4 Økonomi..s. 8 4.0 Avslutning 4.1 Året 2012.s. 8 4.2 Takk.s. 8

1.0 Innleiing - Nytt sidan 2010 Tilsette-situasjonen endra seg frå og vere fordelt på to personar med 50% kvar første halvår, til å vere delt 70/30 frå juli. Les meir under 2.2 Tilsette. Av nye aktivitetar i 2011 kan Møteplass for støttekontakt og Handlerute nemnast, les meir under 3.1 Aktivitetar i 2011. Frivilligsentralen Førde var ein av fleire sentralar som hadde 20 års jubileum i 2011. Tema for Frivilligsentralane i 2011 har vore inkludering, meir om dette under punkt 2.3. 2.0 Organisering 2.1 Styret Styret for Frivilligsentralen Førde har i 2011 hatt fylgjande styresamansetting: Styreleiar: Doris Rutledal Styremedlemmar: Emma Bjørnsen,Tom Farsund, Halvard Brekke, Gro Indrebø, Henning Bysheim og Oddvar Etnstad. Ragnhild Myklebust, Siri Ødelien gjekk ut av styret ved årsmøtet. Det vart avhalde 4 styremøter i 2011 der 35 saker vart handsama. Det vart òg halde årsmøte i 2011 der 9 saker vart handsama. 2.2 Tilsette Monica Rye har vore tilsett i 50 % stilling som vikar for dagleg leiar frå 1.januar til 7 juli. Therese Kleive Veimo har jobba i 50 % stilling til 7 juli då ho gjekk opp i 70 % stilling. Vi lyste ut 30 % stilling med oppstart 8 august. Taina Stubseid begynte i 30 %. 2.3 Samarbeid Frivilligsentralen Førde deltek i Førde kommune sitt helsefremjande arbeid. Dette betyr m.a. at sentralen er representert i arbeidsgrupper som er oppretta på tiltaksområde som kommunen har prioritert, og er ein aktiv part i pågåande prosjekt, eks. Trygge eldre, Den kulturelle spaserstokk og Skrivarløa. Sentralen har også vore representert i Førde kommune si folkehelsegruppe sidan 2009 og flytta kontoret til Skrivarløa i januar 2011. Frivilligsentralen Førde har eit godt samarbeid med Førde Røde Kors og Sogn og Fjordane Røde Kors, Bergum Mottakssenter, Bygdekvinnelaget, Førde kommune, Blomereina Arbeidslag, Kronborg Ressurshage og Førde Kyrkje.

Seniornett Noreg er framleis ein samarbeidspart. Vi har i 2011 hatt tre klubbar og eitt nybyrjarkurs. Vi arrangerte Seniorsurfdag 5. oktober i samarbeid med Førde bibliotek. Andre nye samarbeidspartar i 2011 er Blindeforbundet Sogn og Fjordane som vi har arrangert lesegruppe med. Les meir om lesegruppa på pkt 3.1. Fargerike Førde og Bornas Verdsdagar vart arrangert i lag for andre år, og var ein stor suksess. Meir om det i pkt 3.1. Kriminalomsorg i Fridom, Nav og Norsksenteret har også vore ein samarbeidspart i 2011. Våren 2011 hadde vi to person på utprøving frå Nav. Fylkesdirektøren i Nav, og den lokale leiaren i Nav Førde var på to av nettverksamlingane vi hadde i 2011. Vi fekk også høyre eit foredrag om «Inkludering» av Sara Terese Osland som arbeidar på vidareutdanning i psykisk helsearbeid ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sentralen hadde to sjukepleiarstudentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane på observasjonspraksis i to veker. Temaet var «helsefremmande og førebyggande arbeid». Studentane deltok på alle aktivitetane våre, og brukte også tid på «manne-rommet» på Bergum Mottakssenter der dei spelte biljard og hadde samtalar med bebuarane. 3.0 Drift av sentralen 3.1 Aktivitetar i 2011 Frivilligsentralen har i løpet av 2011 hatt 208 arrangement. Desse aktivitetane/tiltaka er gjennomført: 20 års jubileum. 09.september 1991 fekk Frivilligsentralen tilskotet første gang. Det vart feira 9.september 2011 med kaker og ope hus. Feiringa fortsette på Regionskonferanse i Flåm.

Møteplass for støttekontaktar. Er ein møteplass ein gong i månaden for alle som er støttekontakt i Førde kommune. Kommunale representantar tek opp aktuelle tema kvar gong. Og det er servering av kaffi med noko attåt. Handlerute Er eit prøveprosjekt i samarbeid med Kronborg Ressurshage, der vi sendte ut brev med invitasjon til ei handlerute til alle i eitt bu-område i Førde sentrum som var over 80 år. Vi fekk tilbakemelding frå 6 damer som var interesserte i dette tilbodet. Vi har 5 frivillige som rullerer på og køyre damene på Domus for å handle, og deretter vidare på 10- Kaffien der dei kjøper seg kaffi og vaffel. Boka kjem Er eit tilbod for folk som av ein eller anna grunn ikkje kjem seg på biblioteket. Vi har 4 frivillige som har tilbudt seg og køyre ut bokpakkar. Lånar må på førehand ha fylt ut eit skjema der ein skriv kva som interesserer ein. I 2011 har vi hatt 3 deltakarar på «Boka kjem». 10-kaffi Vert arrangert kvar onsdag frå januar til juni, og frå september til desember. Kafeen er open for alle som vil utvide nettverket sitt, slå av ein prat, lese aviser, drikke kaffi og ete nysteikte vaflar. På 10-kaffien møtes Turgruppa og slår av ein prat før dei legg ut på tur i skog og mark. Vi hadde juleavslutning på 10-kaffi i desember med basar og utlodding av mange flotte premiar. Lesegruppe Blindeforbundet i Sogn og Fjordane inviterte Frivilligsentralen på frukostmøte der vi skulle fortelje om arbeidet i Frivilligsentralen. Dette resulterte i eit samarbeid. Nokre medlem i Blindeforbundet sakna eit tilbod om høgtlesing. Vi starta opp lesegruppe på 10- kaffien som eit prøveprosjekt fram til jula 2011.

Kultur og handarbeid- strikkegruppa vert arrangert annankvar tirsdag frå januar til juni, og frå september til desember på Bergum Mottakssenter. Ein gjeng strikkeglade damer frå mange land stiller kvar gong opp på strikkegruppa for å lære strikkekunstar og andre handarbeidsaktivitetar. Sommaravslutninga på strikkegruppa vart arrangert med tur til Sunnfjord Museum, Movika 7.juni. Etter sommarferien fekk gruppa besøk av 15 elevar frå Folkehøgskulen i Førde. Gruppa vart også invitert opp på Folkehøgskulen der det var matservering og vart laga div smykker. På juleavslutninga hadde vi sosialt samvær med mat og musikkinnslag, pluss nokre aktivitetar for borna. Seniornett-klubb Dataklubb for seniorar som ønskjer å lære meir om bruk av PC og Internett. Klubben har i 2011 også hatt to faste instruktørar og ca 72 lærevillige personar innom på kurs. Ved årskifte 2011/2012 hadde klubben 46 medlemmar. Tema på klubbmøta varierer etter ønskje frå deltakarane. Hausten 2011 fekk vi valgt eit styre for Seniornett Førde. Datakurs I 2011 starta vi to nye nybyrjarkurs i data for seniorar. Første kurset vart starta i januar og hadde 12 deltakarar. Den andre gruppa vart starta opp på hausten og hadde 14 deltakarar. Kursa hadde same instruktørar som dataklubben, i tillegg til at fleire av medlemmane var med som hjelparar. Fleire av deltakarane på kurset meldte seg inn i Seniornett Førde etter kvart og gjekk over til ordinær seniornett-klubb.

3.2 Årlege aktivitetar/markeringar: Seniorsurf-dagen Vart arrangert 5.oktober i samarbeid med Førde bibliotek. Seniorsurf-dagen er eit årleg ITarrangement for seniorar. Arrangementet fant stad på Førde bibliotek. I år var temaet Sosiale media: Facebook, Skype, Twitter og You tube. 17 seniorar deltok på Seniorsurf-dagen 2010. Pluss at NRK Sogn og Fjordane var tilstades og intervjua. Fargerike Førde Vart arrangert 19. november i Festsalen, Førdehuset. Arrangementet var ope for publikum frå 12 17. Også i år hadde Fargerike Førde eit samarbeid med Bornas Verdsdagar som vart arrangert i Førdehuset på same dag. Desse arrangementa utfylte kvarandre i stor grad og resulterte i ein internasjonal og kulturell familiedag for store og små med ei verdsscene i salen med masse musikk innslag utover dagen. Det var omtrent 40 deltakarar med på Fargerike Førde, frå bortimot 30 ulike land. Arrangementet hadde ca 2000 besøkande. Av deltakarane hadde dei fleste mat, men det var òg andre innslag. Ein familie frå India og Pakistan selde heimelaga klede, vesker, smykker og pynteting. Gruppa Drop frå UWC selde smykker og andre ting i tillegg til maten. Deltakarane representerte matrettar frå blant anna Thailand, Gambia, Etiopia, Ingusjetia, Eritrea, Iran og Irak. I tillegg til bebuarar frå Bergum Mottakssenter og busette i Førde med innvandrarbakgrunn var også bebuarar frå Jølster mottak med i år. Juletur til Bergen Vart arrangert 7. desember. Turen er for alle som har lyst å vere med, men spesielt for frivillige, deltakarar på våre aktivitetar/tiltak og samarbeidspartar, spesielt Kronborg Ressurshage. 36 personar var med på handletur til Åsane, Bergen.

Julefeiring Tradisjonell julefeiring for alle som ønskjer nokon å feire jul saman med. Tiltaket vert arrangert i samarbeid med Førde kyrkje og kommunen. Vi sendte invitasjon og brosjyrar til nabokommunane Naustdal, Jølster og Gaular. Jølster Mottakssenter var veldig glade for at deira bebuarar fekk tilbudet. Med gjester og hjelparar hadde julaftan eit deltakartal på 100 personar. Kvelden var prega av tradisjonell norsk julefeiring, med mat, song, barneleik, underhaldning, gåver og gang rundt juletreet. Trygge eldre Blomereina Arbeidslag leverer kvar vinter sand til eldre og uføre i Førde kommune for å førebygge fall. Tiltaket er ledd i prosjektet Trygge eldre. Informasjon om tinging av sanden vart distribuert med annonse i lokalavisa Firda, samt informasjon på nettsidene til Frivilligsentralen og Førde kommune. Enkeltoppdrag/ein-til-ein tenester. Frivillige har utført enkeltoppdrag som hagearbeid, snømåking, diverse ærend, småreparasjonar, handling og å vere følgjeperson for blinde. Blomereina arbeidslag er også nytta, spesielt i forhold til hagearbeid og utdeling av strøsand. 3.3 Marknadsføring Også i år er heimesida forde.frivilligsentral.no brukt aktivt for å marknadsføre arrangement, tiltak og tilstellingar. Elles vert lokal avisa nytta der det er behov. NRK Sogn og Fjordane lagde ein reportasje i forhold til julefeiringa vi hadde i desember. 3.4 Økonomi Frivilligsentralen har i 2010 motteke desse midlane: Statstilskot, Kulturdepartementet Tilskot Førde kommune Pluss kommunale ytingar i form av husleige/straum/porto 290 000 kr 154 000 kr 60 000 kr

Gåver: Sparebanken Sogn og Fjordane Sogn og Fj Fylkeskommune 10 000 kr 10 000 kr 4.0 Avslutning 4.1 Året 2012 Framover i 2012 vil vi fortsette å ha fokus på dei aktivitetane som er oppe og går. Vidare vil vi framleis arbeide for å rekruttere fleire frivillige som kan gjere ein innsats på aktivitetane/tiltaka vi driv. 4.2 Takk Frivilligsentralen Førde vil takke alle som har støtta oss i 2011, både økonomisk og på anna vis. Tusen takk til alle frivillige som gong etter gong stiller opp på ulike aktivitetar og arrangement. Utan frivillige ingen frivilligsentral. Takk òg til alle samarbeidspartar for godt samarbeid gjennom året. Førde, 31.mars 2012 Doris Rutledal Therese Kleive Veimo Taina Stubseid Styreleiar Dagleg leiar Vikarierande Dagleg leiar