BLI MED OSS Å SEGL I MIDDELHAVET. BÅTEN ER EIN BENETAU 50 FAMILY.



Like dokumenter
Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Informasjonshefte Tuv barnehage

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Til deg som bur i fosterheim år

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Beit Shalom Zion. Herzliya, Israel. Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya. Du kan også læra hebraisk

mmm...med SMAK på timeplanen

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Bruk av reiserekning i Agresso

Sandeid skule SFO Årsplan

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Beit Shalom Zion. Herzliya, Israel. Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya. Du kan også læra hebraisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Dommarpåmelding Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Stemnehandboka for NKSF

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Brukarrettleiing E-post lesar

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Nytt HFK Intranett

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

6-åringar på skuleveg

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Regattaen vil være underlagt reglane slik dei er definert i Kappseilingsreglene , aktuelle klassevedtekter og seglingsprogrammet for RER.

Brukarrettleiing. epolitiker

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Lotteri- og stiftingstilsynet

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

MOLDE BY Fannefjord. Rutetabell gyldig frå BESTILLINGSTRANSPORT

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Opplæringsplan Instrumentrøyrlegging

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Seilkurs for begynnere- del 4

Frå novelle til teikneserie

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Båtførarkurs side 3. VHF / SRC side 4. Fritidsskipper side 5. Her finn du oss side 7. Vilkår side 8

Sportsleg opplegg Det vert segla inntil 10 seglasar på Hjeltefjorden/Hauglandsosen. Klassane vert i år fordelte på to baneområder

Om å høyre meir enn dei fleste

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Express tilbod i Ran Seilforening frå sesongstart 2014

Transkript:

BLI MED OSS Å SEGL I MIDDELHAVET. BÅTEN ER EIN BENETAU 50 FAMILY. Dersom du kunne tenkja deg å segla i middelhavet, men treng litt erfaring først, eller kanskje du treng nokon til å ta ansvar for båt og organisering, då høver denne turen/kurset for deg eller di gruppa. Båten er litt over eit år og utrusta for charter i Hellas. Den ligg i havnebyen Lavrio, søraust for Athen. (Me kan og leiga tilsvarande båt i Kroatia. Dersom ein planlegg i god tid) Det er 3 toalett/bad og elles fullt utrusta med instrument,flåte og sikkerhetsutstyr. Og er ideell for cruise-fart med opptil 10 passasjerar ( i 5 dobble lugarar) + 1 mannskapslugar i baugen. Båten er med 3 bad, kjøleboks/skap, stor bysse, salong for heile gruppa og godt med lagerplass. Turen er eit opplegg der me står for kurs og opplæring og organisering båten som me disponerar. Den tek ei gruppe på 10 deltakarar og 2 som mannskap. Ved leige av båt andre stader enn Hellas, står gruppa også ansvarleg for eit depositum. Nokre turar er lagt opp som aktive kurs, men ikkje krav til å delta, anna enn alminneleg opplæring for å meistra dei oppgåvene alle må delta i, slik som fortøying og nødvendige oppgåver ombord. Andre turar kan væra enklare kurs med grunnleggjande opplæring, og ynskjer du berre nyta turen som ferie, så er det ok. Men her også gjeld at ein må delta i seglinga og nødvendig opplæring for å handteringa båten. For grupper er det mogleg å kunna få undervisning i båtførarprøven, dette må avklarast i god tid på førehand. Me seglar vår og haust der nede for å utvide seglsesongen. Då er me klar for 2 nye turar våren 2012. Det vert: 14 til 21 april.(kurs B, kr. 3900,-) 21 til 28 vert det opent kurs for enkeltpersonar, (kurs A kr. 4900,-) her er to ledige lugarar.

KURS A: KURS I SEGLING OG SJØMANNSKAP OG NAVIGASJON : Kurs i segling, sjømannskap, navigasjon og bruk av båt. Passar for dei som har planar om å kjøpa eller leiga seglbåt. Ynskjer ein ikkje delta i all undervisninga så er det ok. Pris. 4900,- (inklusive eventuelle Diesel og havne utgifter). Ein spleisar på brødmat og middagar som ein lagar ombord. KURS B: (primert for grupper, men og for enkeltpersonar der turen er «opna») FERIETUR MED INNLAGT OPPLÆRING I SEGLING Dette kurset omfattar det mest grunnleggjande innan segling og bruk av båten. Pris. Kr. 3900,- pr. pers. (mat, diesel, havneutgifter, er ikkje inkludert, spleiselag på alle) KURS C: (for grupper) BÅTFØRARPRØVEN SOM KURS OMBORD (for grupper): Praksis og teori. Me kan og køyra kurs i båtførarprøven når me seglar i Middelhavet. Ein får då også læra å segla inklusivt i opplegget. Men kurset krev 18 til 21 timar undervisning i løpet av veka. Mykje av dette vert i praksis og kan difor væra lettare å forstå enn å sitja i eit klasserom. Eksamen må organiserast når ein kjem til Norge. Pris kr. 4900,-. (inklusive eventuelle Diesel og havne utgifter). Ein spleisar på brødmat og middagar som ein lagar ombord. KURS D: TEMATUR: Desse turane er med inn leigd Norsk guide/føredragshaldar, som tek oss med på ei «reise» i det aktuelle tema. Turen høver for dei som ynskjer kombinera dette med ferie og segling. Pris. 4900,- (inklusive eventuelle Diesel og havne utgifter). Ein spleisar på brødmat og middagar som ein lagar ombord. REISE tips: Me har nytta KLM og har då mellomlanda i Amsterdam. Har kome ned på natta kl. 0040 og selskapet har skaffa skyss til oss ned til Lavrion, ca. 1 time. Kan mot ein kostnad leiga soveplass i båtar om «vår» båt er oppteken. Elles er det hotell i Lavrion eller på flyplassen. Men me seglar stort sett ikkje ut før på sundag morgon og då kan ein koma nedover på laurdag eller natt til sundag. Så det er fleire muligheiter. Og med andre selskap til andre tider. Heimreis har me ved nokre høve reist til Athen og vidare heim på sundag natt, men me har og vald å reisa heim laurdag natt kl. 0500. Skyss kjem då kl. 0230 å hentar oss på båten. KOST: Ein tek vare på kvitteringar når ein handlar fellesmat og gjer opp i etterkant av turen. Eller undervegs. KLEDE OG UTSTYR: Det er viktig å ha klede som taklar vatn og temperaturar, ned mot 10 til 12 grader og regn, ifall det skulle bli nokre dagar med «slikt vær» også. Mørket kjem litt bråare på då sola går ned i ein «brattare» vinkel enn her heime Me anbefalar at ein tek med seg: Ein tynn sovepose, då det kun vert utlevert to laken og eit tynt flisteppe.

Handkle får ein to av. Seglarvest eller vest med skrittstropp og feste for livliner er ein fordel å ha med seg. Redningsvestane som er ombord er ikkje så eigna til å ha på under dagleg seglas, men vert nytta som Redningsvest, over seglarvesten, om ein skulle trenga det. Ein må pakka i baggar som kan brettast saman, store trillebagar i hardplast eignar seg ikkje då dei er vanskelege å stuva vekk ombord. Hovudlykt er greit å ha, det mørknar fortare og tidlegare enn det gjer her heime sommarstid. I tillegg til utstyr ein nyttar sommarstid, treng ein klede mot vind og sjøsprøyt. Ein kan ikkje sjå vekk frå sjøsjuka på enkelte strekk. Men me har opplevd og høyrt mykje om, «akupunktur armbanda» som også er å få kjøpa på appotek, virkar. Men dette er vel og individuelt. Så tabellettar og «plaster» er vel godt å ha med i tillegg. VÆR OG VIND I ein statistikk frå 2008 til 2010 ser ein at temperaturane ligg mellom 18 og 22 grader i slutten av oktober og byrjinga av november. Vinden er svakare enn om sommaren. I april viser statistikken at vinden er endå svakare, men det bles av og til opp i frisk bris, men kuling er og registrert. Temperaturane ligg då mellom 13 og 22 grader. I 2010 var gjennomsnittet 18 grader. Me prøver å leggja turen etter kva gruppe som er med. Er det meldt sterk vind i ein del av øyane, kan me leggja turen i eit anna område med mindre vind. Gje oss gjerne melding om kva type tur eventuelt gruppa di ynskjer. Me har elles prøvd båten i storm styrke og opptil 5 meter høg sjø, under «små segl». Og den fører seg veldig fint. Stort større sjø vert det ikkje i området og me seglar kun i slikt vær med grupper som ynskjer det. Det går og an å leggja opp turen slik at ein kan ha ei øy som base, utforske innlandet på denne når det er vindfulle dagar og ta turar ut frå denne øya på rolege dagar, eller med dei som har lyst å prøva seg i litt vind. FORSIKRING: Hugs å sjekka at du har i orden reiseforsikring og helsepapirer som trengs. Og ifall du har sjukdomar som kan innverka på helsa under turen, så ber me om at du drøftar dette med oss i forkant. Me står ansvarleg for kurset og har skipper og styrmanns ansvaret for båten. Kvar enkelt er elles ansvar for eigne handlingar. Ein må visa respekt og toleranse for kvarandre og la alle få tid til å prøva seg i ulike arbeidsoppgåver. LUGARAR: Lugarar vel ein etterkvart som ein melder seg på. Ein lugar har over og underkøy, to lugarar forut har bad og toalett, men desse må delast med resten av gruppa. To lugarar + over og underkøy lugar, har eit dusj og toalett akter, som og må delast med resten av gruppa, men dette har gått veldig bra. PÅMELDING OG BETALING: Når du har bestemt deg, melder du deg på ved å betala inn påmelding: kr. 2400,- til konto. 0540 9517015; Smedholmen Kyst og Naturlivskule, 5419 Fitjar. Då registrerar me dåke i deltakarlistene til Båt operatørselskapet. Restbeløpet betalast 28 dagar før kurset startar. AVGANG OG ANKOMST LAVRION: Laurdagar, seinast i 1700 tida skal båten væra klar for ombordstigning. Me må væra inne fredagagar mellom 1500 og 1700, når me kjem att frå tur. Men ein kan overnatta til neste dag kl. 0900.

Desse tidene er sett for at selskapet som står for båtane, skal ha muligheit for å gå over båten å gjera den sjøklar til neste tur, vaska og reparera eventuelle skader som har kome under forrige tur. PERSONINFORMASJON: Selskapet som driv båtane, har krav til å registera personinformasjon om dei som er ombord i båtane, dette kan dåke senda til oss slik at me får sendt dei i tide: - Fullt namn, - Adresse, - Fødselsdato Nasjonalitet og Passnummer. Desse listene vert liggjande i deira database til turen er over. Me treng: Telefon nummer. - Epost adresse, slik at me lettare kan halda kontakten. Ein månad før turen startar betalar ein inn restbeløpet. Send oss ein mail for kvar innbetaling, slik at me kan kvittera for den. Terje: terjsko@online.no), har ansvaret for den økonomiske delen. Dersom kurset skulle verta avlyst frå vår side, betalar me attende heile beløpet som er innbetalt til oss. (Sjå vidare info om kurset ned under)

KURS I SEGLING TEORETISK DEL GRUNNLEGGJANDE KURS I SEGLING SOM SKAL GJE DELTAKARANE KJENNSKAP TIL KVA EIN BØR TILEIGNA SEG (Tema kan trekkjast ut frå denne lista etter kva som er av interesse: Forenkla kurs i segling er merka med grønt kr. 3900,-) Målet er å ha ei lita teoriøkt før dagens seglas og ei økt etter. Først vil me gå gjennom alt utstyr på båten, fordela arbeidsoppgåver og ev. faste plassar som ein kan byta på etterkvart som ein vert trygg. VIKTIGE OPPGÅVER OMBORD: Gå gjennom at alt utstyret er i orden og på plass: Sikkerhetsutstyr Jolle og motor. Bysse utstyr Navigasjons bestikk og kart DERSOM ME ER EI STOR GRUPPA DELER ME INN I TO VAKTLAG: Kvar enkelt vel oppgåver som dei har ansvar for men ikkje nødvendigvis utførar sjølv. Ein vil læra og få kjenskap til: Oppgåver ved fortøying. Oppgåver ved ankring. Oppgåver ved seglsetjing. Sikkerheit og arbeid på dekk. Korleis starta og stoppa båten. Bruk av kartplottar. Flåte og gummibåt med motor. Lukking av dekksluker. Opning og stenging av kranar og bruk av toalett/septikk. Stenging og fråkopling av gassanlegg. Prosedure ved bruk av dette. Gjera sjøklart under dekk. Prosedure ved mann overbord Ansvar for bruk av sikkerhetselar og vestar Ansvar for å slå på VHF og instrumentpane. Slå av og på kjøleboks, ettersom me seglar eller går for motor. Kopla til landstraum.

Dagleg vask under dekk. TEORETISK DEL: Båtypar: Sjøeigenskapar. Fart og segl eigenskapar. Riggtypar: Tradisjonelle / moderne. Segl: Korleis eit segl skal stå. Ulike dukar. Skjering. Fornying og reparasjon. Segle på bølgjer: Segle på ulike kursar. Farer i medsjøseglas. Unngå brotsjø. Broaching (sidelengs rulling, spesiellt med spinnaker) Mann overbord tørn: Teste båten korleis den er å manøvrera i eit slikt tilfelle. Bakka på ( ligga på været): Metode i hardt vær, korleis hindre brotsjøar, få kviletid og minska drift mot le. Bruk av drivanker og ulike metodar for å «slå av brotsjøen». Lensa unna (medvindseglas): Ein annan utveg som kan væra godt å vita litt om. Bruk av styreanker. Trim av båten (optimal justering av båt og segl): Finne balansen, kvar skal ein ha ballasta i ulike skrogtypar. Trim av segla: Kva må til for å få båten til å gå på fram, raskare, lettare å styra, rolegare i sjø osv. Korleis verkar seglet: Med vinden på lens. Med vinden på låringa (sidevind aktante). Vinden tvers. Bidevind (mot vinden). Kombinasjon fleire segl: Korleis dei innverkar på kvarandre. Segling mot vinden: Kvifor ein kjem seg effektivt fram mot vinden. Stagvending (venda mot vinden): Korleis få båten lett over stag og kva kan væra til hinder. Jibbing (venda segla med vinden) : Fare ved ufrivillig jibb. Sikring. Ulike «data» som skal setjast saman: Ein føler med nevar, hud, hørsel, syn og balanse. Effektiv segling: Her skil tursegling seg ut frå regattasegling. Kursval: Kvar skal me leggja kursen for å koma fortast mot målet. Strategi: Kan skyer, straum og andre fartøy, som kan hjelpa deg å sjå kvar det er best å segla? Manøvrering for segl og motor. Roing. Fortøying: Ulike variantar og omsyn ein må ta. Tauverk: Ulike typar og eigenskapar. Utstyr: Ekstrautstyr til rigg. Sying. Verktøy. Navigasjon Meteorologi: Vær systema som råder, samt om lav og høgtrykk. Vindens oppførsel. Ulike luftlag. Farlege fenomen. Skodde. Bølgjer: Farlege situasjonar. Straumen, vinden og bølgjene. Land og bølgjer. Bølgjer over grunne områder. Straum: Korleis nytta og handtera straumen. Vedlikehald: Ulike alternativ. Stell av segl: Ulike alternativ. Gjera sjøklar: Sjøklar etter kva tur ein legg ut på. Sikkerhetsutyr og redning: Bruk av flåte og anna sikkerhetsutstyr. Klargjering til havseglas: Utstyr, klargjering, trening og det å væra forsiktig. Sjøvegsreglar: Dei viktigaste reglane. Tradisjonell navigasjon og nødnavigering: Ulike enkle navigasjonsmetodar som kan væra greit å ha kjennskap til i nødsfall. (For spesiellt interesserte: Regattasegling) KURS I SEGLING PRAKTISK DEL:

Mann overbord tørn for segl. Plotting i kartplottar Manøvrering for motor. Segl: Trimming for å få segla til å jobba i lag og balanse mellom dei. Trim av båten / balast: Finne balansen, stabilitet. Trim av segla: Kva må til for å få båten til å gå raskast mogleg, lettare å styra, rolegare osv. Stagvending: Korleis få båten lett over stag og kva kan væra til hinder. Drilla inn dette. Jibbing: Viktig å hugsa på. Fare ved å jibba. Trena på ein sikker jibb. Effektiv segling: Trena på å få god fart. Kursval: Kvar kan me leggja kursen for å koma raskast mot målet. Straum: Korleis nytta straumen. Strategi: Kan skyer, straum, andre fartøy hjelpa deg å sjå kvar det er best å segla? Trening i å bruka sansane: Ein føler med nevar, hud, hørsel, syn og balanse. Bakka på : I hardt vær ein metode for å minska brot av bølgjer og få kvild. Samt minska drift mot le land. Lensa unna: Ein annan utveg å komma unna uvær. Manøvrering: Korleis leggja til og gå ifrå for segl. Roing: Nyttig å kunna om jolla må roast. Meteorologi: Lesa været. Leggja opp kurs etter været. Bølgjer: Straumen, vinden og bølgjene. Bølgjeseglas på ulike kursar. Sjøvegsreglar. Stell av segl. Fortøying: Utveksling av erfaring. ( Samtale) Trening: Mann over bord, test av båten sine manøvrerings eigenskapar, effektive vendinga om ein må segla seg til kai. Test av drivanker. Enkel navigering: Setje ut kurar og ta peilingar, rekne på distanse, tid og fart. Bruke kartplottar. Kurset er ein del av tilbodet ved: Maritime kurs Smedholmen / Einar Matre. Me tek atterhald om at dette skrivet kan verta endra.