Tilsynsutvalet for Hardangervidda Telemark Statkraft Energi AS Mårveien 16 3660 RJUKAN Dykkar ref: Vår ref Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2018/54-2 Bjørn Bjørnsen, tlf.35 08 25 73 K01 21.12.2018 Søknad om løyve til motorferdsel i Hardangervidda Nasjonalpark. Vi visar til søknad frå Mår kraftverk av 01.11.18, som tilsynsutvalet vurderte i møte 27.11.18. Det vert gjeve løyve etter vernereglane for nasjonalparken på Hardangervidda til å køyra inntil 5 turar med 4 køyretøy til dei 9 snømålepunkta Mår kraftverk har i nasjonalparken i tida 01.01 30.04.19. Løyvet gjeld og inn i Buskerud fylke. Dersom tilsynsutvalet i Buskerud kjem til ei anna vurdering kan dei gjera om vedtaket. Det er skrive ut 6 løyveskjema. Det fylgjer av 8 i naturmangfaldlova at ved vurdering av søknadar om motorferdsel i nasjonalparken skal det leggjast til grunn vitskapleg kunnskap om verknaden på det biologiske mangfaldet. Det er ein føresetnad at samla belastning på økosystemet skal avgrensast (jf. 10 i nml). Menneskeleg ferdsel og bruk av hytter i fjellet påverkar naturen negativt. Ikkje minst gjeld dette for villreinen. Motorferdselen medverkar utan tvil til å auka denne påverknaden. Gjennom arbeidet med verneforskrifta og fastsetjing av forvaltingsplan, er det allereie gjort ein viss avveging mellom naturleg mangfald og verneverdiar og bruk av motorisert ferdsel. Den transporten det er søkt om her skal gå langs ein trase som i minst mogleg grad berører kjente naturelement som er særleg sårbare og det er gjeve løyve for eit avgrensa tal turar.tilsynsutvalet har difor vurdert det slik at skadeverknadane ikkje er større enn at dei kan forsvarast av nytten av å få utført transporten. Generelle vilkår Løyveskjemaet må alltid vera med under transporten, og skal visast til oppsynet på førespurnad. Det er ein føresetnad for lovleg motorferdsel i nasjonalparken at turen skal vera registrert på skjemaet før ein startar. Køyring i medhald av løyve etter vernereglane er ikkje lovleg før det, i tillegg, er innhenta samtykke frå grunneigarane på den aktuelle strekninga (privatrettsleg forhold). Dette løyvet gjeld og for den strekninga som ligg på utsida av nasjonalparken, gjeve med heimel i motorferdsellova med forskrifter. Adresse: Tinn kommune, Postboks 14, 3661 Rjukan Telefon: 35 08 26 00 E-post: Postmottak@tinn.kommune.no
Tinn kommune Alle som utfører motorisert transport i nasjonalparken skal så langt det er mogleg samordna si verksemd med andre brukarar. Ansvarleg søkjar må returnera alle løyveskjema i orginal innan 20 dagar etter transporten er avslutta, seinast 20.05.19. Dette vedtaket kan påklagast innan 3 veker frå svarbrevet er motteke. Eventuell klage må framsetjast skriftleg og grunngjevast. Den skal stilast til Direktoratet for naturforvaltning, men skal sendast til tilsynsutalet ved Tinn kommune. Med helsing Bjørn Arne Lindskog (sign.) Leiar Bjørn Bjørnsen Sekretær Kopi til: Statens Naturoppsyn Tilsynsutvalet i Buskerud, Nore- og Uvdal kommune. 3630 RØDBERG - 2 -
- 3 - Tinn kommune
Tinn kommune Tilsynsutvalet i Telemark Løyvedel Løyve til motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark Etter søknad av har Navn: Mår Kraftverk v/odd Pedersen Adresse: Mårvn. 16, 3660 Rjukan fått løyve til motorferdsel etter vernereglane for Hardangervidda nasjonalpark for køyring med beltekøyretøy til Mår kraftverk sine snømålepunkt i Nasjonalparken Kartet på baksida av dette skjemaet visar kvar det er høve til å køyra. Løyve gjeld inntil 5 turar med inntil 4 skuterar, til kvart av 9 målepunkt, i tidsrommet 01.01 30.04.19, i samsvar med pkt. 4.6.3.5e i vernereglane. Merknadar/ Særskilde vilkår: Dette løyve skal alltid vera med under transporten, og skal visast til oppsynet på førespurnad. Tilsynsutvalet i Telemark, 21.12.18 Skjema nr. Bjørn Arne Lindskog (sign.) Leiar Bjørn Bjørnsen Sekretær Overføringsdel (alle felt må fyllast ut) har overført turar med beltekøyretøy til: Reg.nr. Strekning: (sjå kart på baksida.) Dato: Underskrift: Rapporteringsdel Føresetnaden for at transporten skal vera lovlig er at nedanforståande rapporteringsrubrikk mål fyllast ut før turen startar og før retur startar. Manglande utfylling kan verta meld. Dette skjemaet skal returnerast til Mår Kraftverk så snart transporten er avslutta. UTFØRTE TURAR: Dato Reg. nr. Km i nasjonalparken Type gods Føraren si underskrift - 4 -
- 5 - Tinn kommune