Strategi for breiband i Sogn og Fjordane



Like dokumenter
Breibandstrategi for Sogn og Fjordane 2020

-fl- P4AR HAIVIAR

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Årsmelding for IT-forum breiband 2015

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Forslag frå fylkesrådmannen

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010


Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Dykkar ref Vår ref Dato 12/

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

Leveransen -Prosjektføremål.

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Fagdag for næringsmedarbeidarar

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Til deg som bur i fosterheim år

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

INTERNASJONAL STRATEGI

Lønnsundersøkinga for 2014

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

ehandel og lokalt næringsliv

Kommunale næringsfond

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Ny strategiplan for Høgskulen

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Innfartsparkering Kollektivtransportforum årskonferanse 2015

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

HORDALANDD. Utarbeidd av

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Tilskot til friluftsliv

ROS-analyse i kommuneplan

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Samferdsle og universell utforming i Sogn og Fjordane

Søking til skuleåret

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

Namning av vegar i Fræna Kommune

Etablering og drift av kraftselskap

ROS-analyse til reguleringsplan

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Saksframlegg FELLES AVLAUP SANGEFJELL? VAL AV AVLAUPSLØYSING FOR EKSISTERANDE OG NYE HYTTER

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Forskrift om bustøtte

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

Transkript:

Strategi for breiband i Sogn og Fjordane Mars 2011 Inkludert høyringskommentarar 1

Innhald 1. Bakgrunn... 3 2. Kva er breiband og kvifor er det viktig med andre generasjon... 4 2.1 Kva har Sogn og Fjordane gjort hittil?... 6 2.2 Innspel frå leverandørane... 8 2.3 Status for andre generasjons breiband i Sogn og Fjordane... 9 2.4 Konkurransevriding for næringslivet... 10 2.5 Beredskap og samfunnstryggleik... 10 2.6 Kommunane har aukande problem med delfinansiering... 11 2.7 Fylkeskommunen sine verkemiddel og handlingsrom... 11 3. Breibandstrategi for Sogn og Fjordane... 13 3.1 Partnarskap... 13 3.2 Definisjon av andre generasjon breiband... 13 3.3 Økonomiske råmer... 13 3.4 Fylkeskommunale prioriteringar... 14 3.4.1 Tiltak... 15 3.5 Påverke sentrale styresmakter... 17 3.5.1 Tiltak... 17 3.6 Oppsummering tiltak 2012-2013... 18 Vedlegg... 18 Definisjonar... 18 Teknologiar... 18 2

1. Bakgrunn Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av andre generasjon breiband. Målet med å utarbeide ein eigen strategi for breiband er å kunne ta grep som sikrar tilgang til andre generasjon breiband for næringslivet og hushalda i Sogn og Fjordane på lik linje med andre delar av landet. I 2011 hadde 95% av næringslivet og hushalda i Oslo tilgang på andre generasjons breiband (25 Mbit/s nedstraums og 1 Mbit/s opptraums) medan talet for Sogn og Fjordane var 26 %. Mange av desse 26% i Sogn og Fjordane som har andre generasjon breiband, bur i Årdal kommune, der nesten alle bedrifter og innbyggjarar er tilkopla kabel-tv-nettet. For høgare hastigheiter er biletet likeeins, medan 75% av husstandar i Oslo har tilgang til 50 Mbit/s nedstraums og 10 Mbit/s oppstraums er tilsvarande tal for Sogn og Fjordane 6%. Store delar av Sogn og Fjordane vert mindre attraktivt for næringslivet og for tilflytting om andre generasjons breiband ikkje vert tilgjengeleg. Familiar som ønskjer å busetje seg eller å bli buande i fylket, krev tilgang til god infrastruktur. Vi må tilby desse like rimeleg og god breibandkapasitet som dei får andre stadar i landet. Alle må få tilgang til meir enn NRK sine TV kanalar, noko som i dag ikkje er mogeleg i dei delane av fylket som er i satelittskugge. Desse stadane har i dag berre eit minimumstilbod gjennom skuggenettet i RiksTV. Alle innbyggjarane må få tilgang til såkalla Trippel play, det vil seie tilgang til breiband, telefon og tv gjennom breibandabonnementet sitt. Røynslene etter ti år med lokale breibandutbyggingar delfinansiert via Sogn og Fjordane fylkeskommune er at innbyggjarane er svært interessert i å få tilgang og at mange betalar ein stor eigendel. Det skjer no ein overgang til andre generasjon breiband (hovudsakleg fiber) i Noreg og elles i Europa. I juni 2009 vart det arrangert ein nasjonal workshop om breibandpolitikk i Oslo der det var opplyst frå Lyse Energi at dei, saman med sine 36 partnar, leverte andre generasjons breiband til 133.000 norske hushald og at dei planla å gje tilbod til 400.000 abonnentar innan 2012: Det blir for dyrt å bygge ut utenfor planlagte områder (med de 400.000 abonnentene). Det er sannsynligvis regningssvarende å bygge til mellom 600.000 og 900.000 husholdninger i Norge. Det vil antakeligvis kreves mellom 30 og 50 MRD kr for å fibre opp Norge. Det vil seie at deira vurdering er at i Noreg vil ein stad mellom 600.000 og 900.000 husstandar få kommersielt tilgang til andre generasjons breiband, medan ein stad mellom 1.300.000 og 1.600.000 husstandar ikkje vil få dette tilbodet kommersielt. I Sogn og Fjordane vil berre dei største tettstadane og næringsområda få kommersielt utbygd andre generasjons breiband. Utan ein eller annan form for offentleg støtte er det vanskeleg å tenke seg at næringsliv og innbyggjarar flest i Sogn og Fjordane får tilgang til denne nye infrastrukturen. Denne strategiplanen gir tilrådingar for å sikre tilgang til andre generasjon breiband i Sogn og Fjordane. 3

2. Kva er breiband og kvifor er det viktig med andre generasjon I statlege breibandsatsingar, som Høykom-programmet, var første generasjons breiband definert som samband der brukaren kan sjå levande bilete over nett. Den definisjonen gir ei hastigheit på 0,64 Mbit/s på nedlasting frå internett til datamaskina (nedstraums) og ei hastigheit på 0,128 Mbit/s på den informasjonen opplasta til internett (oppstraums). Nesten 100% av innbyggjarane i landet har tilgang til dette breibandet. Men denne kapasiteten er svært låg, den gjev svært dårleg kvalitet og i realiteten er denne definisjonen ikkje brukbar. Dei fleste vanlege breibandabonnement har i dag langt høgre kapasitet, og det er denne kapasiteten som no i mange tilfelle også blir for dårleg. Behovet for høgare kapasitet auka stadig. Det er også endringar i bruksmønsteret. Der innbyggjarar og bedrifter før brukte internettet hovudsakleg til å hente informasjon (laste ned), er det no svært mange som nyttar internett til å sende (laste opp) informasjon som krev høg kapasitet. Det vil seie at det er krav om høgare kapasitetar begge vegar. Både næringslivet, offentlege forvaltinga og innbyggjarane har behov for vesentleg meir breibandkapasitet, det som vert kalla andre generasjons breiband. Definisjonen på kva som er andre generasjon breiband varierer. Då vi innhenta høyringsuttalar frå breibandleverandørane i fylket, meinte nokon at alle brukargrupper i framtida trong tilgang til høg kapasitet i storleiksorden 100 Mbit/s begge vegar, medan andre leverandørar meinte at næringslivet og offentleg sektor ville trenge denne høge kapasiteten, medan hushald ville klare seg med noko mindre hastigheit, 30 Mbit/s nedstraums og 10 Mbit/s oppstraums vart føreslege. Skjematisk oversikt over dei ulike teknologiane og tilhøyrande teoretiske hastigheit. Tabell 1 Dei ulike teknologiane og deira avgrensingar (kjelde NextGenTel, Telenor) Maksimal kapasitet nedstraums Maksimal kapasitet oppstraums ADSL 8 Mbit/s 0,864 Mbit/s ADSL 2+ 25 Mbit/s 1,5 Mbit/s VDSL 52 Mbit/s 12 Mbit/s VDSL 2+ 40 Mbit/s 40 Mbit/s Kabel 25 Mbit/s 25 Mbit/s Fiber 1000 Mbit/s 1000 Mbit/s Mobilt breiband 3G 20 Mbit/s 5 Mbit/s Mobilt breiband 4G /LTE 100 Mbit/s 50 Mbit/s Denne strategien omhandlar andre generasjons breiband. Sogn og Fjordane har mindre store sentra og meir spreidd busetnad enn gjennomsnittet i Noreg. Fylket vil sannsynlegvis kome dårleg 4

ut når det gjeld kommersiell utbygging av andre generasjons breiband, som vi gjorde det med første generasjon. Ein rapport frå FAD 2011 1 viser at Sogn og Fjordane i september 2011 ligg langt etter landet elles i utbygginga av andre generasjons breiband. FAD skriv at Mens grunnleggende dekning er stabilt høy i alle fylker, varierer dekningen mye mellom fylkene for høyere kapasitetsklasser. I Oslo og Rogaland har meir enn tre av fire husstander tilgang til 50 Mbit/s nedstrøms kapasitet eller mer. I Hedmark og Sogn og Fjordane har mindre enn en av ti husstander tilsvarende tilbud." Figuren under viser tilgangen til dei ulike breibandkapasitetane fylkesvis per september 2011. Figur 1 Breibandkapasitetar fylkesvis pr september 2011 (Kjelde FAKD) Medan meir enn 95% av næringsliv og hushald i Oslo i 2011 hadde mulegheit for å bestille andre generasjons breiband, var talet for Sogn og Fjordane om lag 26%. Utgangspunktet vårt er dårlegare no enn det var då arbeidet med å fremje utbygginga av første generasjons breiband starta i 2001. For å få raskt breiband fram til husveggen, må breibandet vere raskt i heile nettet. Det er vanleg å dele breibandnettet i tre delar stamnettet, distribusjonsnettet og aksessnettet: Stamnettet: Den nasjonale hovudåra for datatrafikk Distribusjonsnett: Nettet frå stamnettet og ut til byar og bygdelag (til dømes til telesentralar) Aksessnettet: Nettet ut til kvar einskild bedrift, organisasjon eller hushald frå til dømes telesentralane 1 Bredbåndsdekning 2011, Utarbeidet for Fornyings- Administrasjons- og Kirkedepartementet av Nexia 5

Høg kapasitet til bedrifter, offentleg sektor og hushald stiller krav til tilstrekkeleg kapasitet i alle desse netta. Denne strategien vil mest handle om aksessnettet då stamnettet og distribusjonsnettet i all hovudsak har god kapasitet i Sogn og Fjordane gjennom dei tidlegare utbyggingane. Sjølv om vi legg lista lågt når vi definerer andre generasjon breiband, til 30 Mbit/s / 10 Mbit/s, vil dagens ADSL løysingar ikkje halde mål for dei aller fleste. Berre dei som bur heilt inntil telesentralane (ca 1 km frå i kabellengde) vil få tilstrekkeleg høg kapasitet. Dette er færre enn dei som i dag får dekka sitt behov med ADSL (som har ca 3 km kabellengde som grense). Eit anna poeng er at ADSL har svært låg kapasitet på det som skal sendast ut på nettet, og i framtida vil det stillast store kapasitetskrav også her. Eit enkelt eksempel er etablering av heimekontor der brukaren ofte har behov for like stor kapasitet for å sende store dokument og filer frå heimekontoret som å hente inn dokument og filer. 2.1 Kva har Sogn og Fjordane gjort hittil? Då første generasjon breiband skulle byggjast ut, starta dette i dei større kommunesentra i fylket med ei rein kommersiell utbygging av breiband. Etter at utbyggjarane hadde bygd ut på desse stadane, vart det brått slutt. Ulike spleiselag har seinare sikra midlar slik at første generasjon breiband no er tilgjengeleg i heile fylket. Det er sannsynleg at utbygginga av andre generasjon breiband vil skje etter det same mønsteret. 6

Figur 2 Utviklinga av første generasjons breiband i Sogn og Fjordane (kjelde: Breibandforum S&F) Figuren syner at dei største tettstadane var utbygde med breiband i 2002, medan dei fleste kommunesentra fekk breiband året etter. Etter dette var det i hovudsak slutt med dei kommersielle utbyggingane. Breibandutbygginga frå 2004 og fram til i dag har for ein stor del vorte til gjennom statsstøtte (Høykom og infrastrukturmidlar (551-midlar frå KRD)) kombinert med tilskot frå dei aktuelle kommunane. Sogn og Fjordane fylkeskommune har administrert tilskotsordninga, og mange av desse prosjekta har vore gjennomført som fylkesomfattande satsingar med Breibandforum Sogn og Fjordane som koordinator. Fylkeskommunen har støtta opp om samordningsarbeidet gjennom å finansiere delar av arbeidet til Breibandforum og gjennom aktiv deltaking i Breibandforum. I starten av arbeidet med første generasjons breiband vart det laga ein kravspesifikasjon for utbyggingane som la til grunn meir bandbreidde enn dei nasjonale definisjonane på den tida. Kravet har medført at det stort sett er ført fiberkabel fram til alle bygdelaga i fylket der det finst eigen telefonsentral. Dette vil hjelpe noko i den nye satsinga ved at tilstrekkeleg kapasitet er tilgjengeleg nærare brukarane enn det elles ville vore. Oppsummert så har det i Sogn og Fjordane vore arbeidd målretta med offentlege spleiselag for bygging av første generasjons breiband sidan 2001. Fylkeskommunen har vore sentral i arbeidet gjennom meir enn 10 store fylkesomfattande prosjekt som har sikra heile fylket første generasjon breiband. Prosjekta har vore leia av fylkeskommunen (gjennom Breibandforum/IT-forum S&F) og både staten, fylkeskommunen og kommunane har vore med i spleiselaget. Stort sett har kommunane dekka halvparten av utgiftene medan staten gjennom fylkeskommunen har dekka den andre halvparten. 7

2.2 Innspel frå leverandørane Enivest, Sognenett, Telenor og Årdalsnett har vore kontakta og har gitt innspel til arbeidet med strategiplanen. Alle leverandørane i fylket peikar på at det er viktig at det vert offentlege midlar tilgjengeleg for å byggje ut breiband. Telenor skriv til dømes: Så lenge breiband ikkje er ei kommersiell teneste vil det være naudsynt med tiltak både om ein skal sikre eit minimumstilbod til tilnærma alle og om det skal settast eit mål for kvalitet. Fylkeskommunen må vere fleksible på aksessform for sluttbrukar (mobil, kopar, fiber) og ha fokus på tilgjengelegheit og nytteverdi for brukarar og bedrifter. Enivest meiner at framtida er fiber, og deira strategi er utbygging av fiber til næringsliv og innbyggjarar i fylket. Dette er ei svært kapitalkrevjande utbygging. Det meste av stadane som er kommersielt utbyggbare, er utbygde. Enivest meiner både næringsliv og innbyggjarar i framtida vil krevje 100 Mbit/s samband både oppstraums og nedstraums og at fylkesstrategien må tilpassast dette kravet. Enivest meiner det vil koste anslagsvis 1,5 milliardar kroner å legge fiber til alle husstandar i fylket. Telenor meiner dagens koparnett kombinert med mobilt breiband vil vere tilstrekkeleg i mange år framover ved at distribusjonsnettet vert styrka og bygt nærare forbrukar. Dei uttalar at: Med bakgrunn i befolkningsstruktur og busetting vil det vere enklare å nå eit mål om minimumskapasitet for ein gitt andel med mobilt breiband enn med for eksempel fiber/kopar. Etter Telenor sin meining vil næringslivet trenge 100 Mbit/s både oppstraums og nedstraums, medan folk flest vil få sitt behov dekka med 30 Mbit/s nedstraums og 10 Mbit/s oppstraums. Utbygging av alle telesentralar til VDSL som kan gje 100 Mbit/s til næringslivet lokalt har ein estimert kostnad på 30 mill kr for heile fylket. Det vil i framtida vere mogeleg å levere 30 Mbit/s med ny mobiltelefonteknologi, såkalla tredje eller fjerdegenerasjon (3G eller 4G) mobilløysingar. Utbygging av 3G mobilnett til 99,4 % av innbyggjarane i fylket, vil koste anslagsvis 130 mill kr, medan ei utviding til 100% vil koste ca 150 mill kr ekstra. Det er ein føresetnad for desse tala at den såkalla digitale dividenden, som vart frigjort etter at det gamle tv-nettet vart slått av, vert nytta til mobil teknologi. Dette er ikkje avgjort av regjeringa enno, men resultatet av avgjerda vil ha stor verknad for Sogn og Fjordane, både for kostnadar og tidsperspektiv når det gjeld utbygging av andre generasjon breiband basert på mobilteknologi. Både Enivest og Telenor meiner at det er uheldig å støtte breiband til berre ei enkeltbedrift. Her skriv til dømes Telenor at I den grad fylkeskommunen skal gje støtte til eit konkret tiltak (breiband til ei bedrift eller ein skule) i eit område, er det viktig at dette òg legg til rette for generell utbygging i området. Dette kan til dømes vere høgare kapasitet til husstandar og bedrifter i området eller utbygging av mobilt breiband i området. 8

Årdalsnett skriv i sin uttale at Vi ser for oss at det er trong til støtte i minst same storleiksorden som det hittil har vore for utbygging av breiband. Medan vi lokalt dei siste åra har brukt alle våre knappe ressursar på utbygging av infrastruktur, har sentrale aktørar flytta fokus over på innhald. Sognenett skriv at Støtte frå fylkeskommunen er noko som framleis må prioriterast. Om ikkje desse midlane blir tilgjengelige vil både utvikling og tilbod bli dårligare. Dette vil som regel gå utover små plassar med dårleg tilgjengeleg nett. Desse plassane er ikkje mogleg per i dag å bygge ut utan stønad. Prosjekta lar seg også då gjennomføre raskare sidan kommunane er ein av dei som har innsikt på kvar midlar kan brukast på ein best mogleg måte. Sognenett skriv vidare at: Nokon søker ikkje på midlar grunna høg eigendel. Kan eigendel bestemmast i forhold til prosjektet. Kriteria der kan vera tal bustader, prosjektstorleik og økonomi for leverandør i bakkant av prosjektet. Ved høg utbyggingskostnad til færre bedrifter/bustader kan kanskje eigendelen vera mindre for søkjar? Slik som prosessen er i dag blir bedrifter prioritert. Dette fører til at det blir lite av prosjekt der privat bustadar får betre nett. Godt nett til privat bustadar bør prioriterast også, då dette er viktig i forhold til utvikling i distrikta. Fleire av leverandørar problematiserer at det offentlege, som til dømes i Nordfjord, bygger eigen infrastruktur i staden for å leige kapasitet hjå leverandørane. 2.3 Status for andre generasjons breiband i Sogn og Fjordane 26% av husstandar og bedrifter i Sogn og Fjordane hadde i 2011 tilgang til breiband med kapasitet 25 Mbit/s nedstraums og 1 Mbit/s oppstraums. 6% har tilgang på 50 Mbit/s nedstraums og 1 Mbit/s oppstraums. 6% dekning i Sogn og Fjordane er svært lågt. Og mange av dei som har tilgang til denne infrastrukturen i dag bur i Årdal og Lærdal, dekningsområdet til kabel-tv nettet til Årdalsnett. It-forum / Breibandforum kjenner ikkje detaljane om kor mange som nyttar andre generasjons breiband i dag, men nokre hovudtrekk er kjend: Alle husstandane og bedrifter i Øvre Årdal, Årdalstangen og i Lærdal sentrum har tilgang til andre generasjons breiband gjennom Årdalsnett (kabel-tv) kommersielt. Husstandar og bedrifter i utvalde delar (sentrum) av dei største kommunane har tilbod om fiber gjennom Enivest - kommersielt, sjå www.enivest.no for detaljar Husstandar og bedrifter nær nokre telesentralar i fylket ( største sentralane) har tilbod om andre generasjons breiband med Tripple Play frå Telenor (såkalla Superbreiband ) og frå Enivest - kommersielt Kommunar over heile fylket har fått offentleg tilskot til å byggje ut andre generasjons breiband til nokre bedrifter og husstandar i eigen kommune ikkje kommersielt. Kommunane eller næringslivet har sjølve betalt halvparten av kostnadane. Døme på stadar som har fått andre generasjons breiband ved hjelp av slik støtte er: o Raudeberg, Oppstryn, Veslebygda (Stryn), Kaupanger og Solvorn 9

Tildelingskriteria for kva prosjekt som skal prioriterast, er politisk vedtekne i Hovudutvalet for Plan og Næring (HPN) i forkant av utlysing av midlar. I dei offentleg støtta prosjekta er det sett krav om å sikre samtrafikk og minst mogeleg binding mellom utbyggjar og tenesteleverandør.. Dersom ein utbyggjar får offentleg støtte til å byggje fibersamband i eit område, vil det ikkje vere rekningsvarande for ein konkurrent å byggje ein parallell fiber. Det betyr at det kjem til å oppstå lokale monopol på dei stadane fiber vert bygd. Det offentlege må stimulere til at konkurranse på tenestene som kan leverast på fiberkabelen og sikre at det vert samtrafikk mellom denne dei ulike leverandørane sine fibersamband. 2.4 Konkurransevriding for næringslivet Dei fleste bedriftene som treng høg breibandkapasitet i Sogn og Fjordane i dag, kan tinge dette som ei spesiallevering hjå breibandleverandøren sin. Men prisen er svært mykje høgre enn den konkurrentar i til dømes Oslo må betale for den same kapasiteten. I praksis finst det ikkje prisregulering på høge kapasitetar og det er marknaden som rår. Dette har vore eit konkurransevridande element for næringslivet i fylket vårt gjennom lang tid, og med dagens store utbygging av andre generasjons breiband i sentrale strok vert denne konkurransevridinga enno større. Kapasiteten går opp og prisen på leige går monaleg ned der andre generasjons breiband vert tilgjengeleg. Ein leverandør som td. Telenor leverer høge kapasitetar med utgangspunkt i nokre få nodepunkt i fylket. Bedrifter og husstandar som bur langt i frå desse nodepunkta får ein vesentleg høgare pris på å leige samband enn dei som har tilhald nær eit nodepunkt. Enivest har ein annan prisstruktur som ikkje på same måten straffar dei som har lengre avstandar til tilkoplingspunkta i Sogn og Fjordane. Manglande andre generasjons breiband og få nodepunkt medfører at næringslivet i Sogn og Fjordane får forverra konkurransesituasjon ved at dei ikkje får tilgang til nye tenester med den pris og kvalitet som bedrifter i sentrale delar av landet får. 2.5 Beredskap og samfunnstryggleik 2 Digital infrastruktur er ein viktig føresetnad for andre typar kritisk infrastruktur. Det er viktig at breibandet har god driftstryggleik og oppetid i beredskapssituasjonar. Svikt i tele- og datanettet kan føre til store negative samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar. Det vil i beredskapssituasjonar vere viktig med tilgang til tele- og datanettet ved ei rekkje kritiske lokalitetar i fylket. Teleleverandørar prioriterer leveranse til viktige samfunnsområde, og det vil 2 Etter innspel frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 10

vere naturleg at det vert lagt tilsvarande føringar for linenettet. Val av prioriterte lokalitetar må gjerast på bakgrunn av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar), og overordna føringar som gjeld driftssikkerheit for lokalitetane bør innarbeidast som tildelingskriterium for fylkeskommunale breibandsutlysingar. I denne samanhengen er ein avhengig av å få fram ei samla oversikt over kritiske brukarar og kartleggje mulig infrastruktur for dublering og ruting av framføringsvegar. Det kan vere naturleg at dette kartleggingsarbeidet vert lagt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, jf. ansvaret for gjennomføring og vedlikehald av FylkesROS. 2.6 Kommunane har aukande problem med delfinansiering I dagens organisering av breibandutbygginga i fylket har kommunane hatt ei viktig rolle. Dei har kartlagt lokale behov, dei har handtert dei offentlege innkjøpa og dei delteke i finansieringa.. Med ein overgang til annan teknologi som fiber og 4G mobilnett, vil prosjektstorleiken auke og kommunane vil mest truleg få problem med å kunne gå like tungt inn i spleiselaga som før. Dette er også erfaringa med fiberprosjekta som er gjennomført i fylket så langt. Fleire kommunar har sagt frå seg tildelte midlar fordi dei ikkje har funne budsjettdekning til å bidra økonomisk med eigendelen. Det er viktig at kommunane vert ein aktiv pådrivar og lokal koordinator også framover. Kommunane kjenner oftast dei lokale tilhøva best. 2.7 Fylkeskommunen sine verkemiddel og handlingsrom I dag nyttar fylkeskommunen ca 10 mill kr i året til breibandutbygging. Desse midlane kjem i sin heilheit frå staten og er, saman med tilsvarande midlar frå kommunane i fylket, med på å sikre utbygging av breiband i fylket. Fylkeskommunen er ein stor infrastrukturaktør i heile fylket, både når det gjeld vegar og energi. I tillegg til dette er fylkeskommunen ein stor brukar av breiband med kommunikasjon til alle fylkeskommunale bygg over heile fylket. Denne strategien føreslår å sette krav til føringsvegar og liknande for å fremje framtidig utbygging av andre generasjons breiband i fylket. Der fylkeskommunen byggjer nye vegar skal det samstundes leggast ned trekkerøyr som kan nyttast til breiband. Fylkeskommunen har i dag eit eige plansamarbeid med kommunane. Gjennom dette samarbeidet skal fylkeskommunen oppmode kommunane til å ta breiband inn i kommunal planlegging. Døme kan vere å utvikle eigne kommunedelplanar for breiband med plikt til at det vert tilrettelagt med trekkerøyr i nye bustadfelt og ved utbygging av kommunale vegar. Fleire kommunar signaliserer at 11

dei har for liten kompetanse og kapasitet til å handtere meir breibandutbygging. Fylkeskommunen bør vurdere å styrke arbeidet med å assistere kommunane i breibandspørsmål. Fylkeskommunen disponerer også andre midlar som kan knytast til breibandutbygging, td. dei såkalla bulystmidlane til prosjekt for lokalsamfunnsutvikling. Her er det i prinsippet mogeleg å sette fokus på breiband og ta dette med i kriteria for tildeling av midlar. Men når det gjeld næringsutvikling og bygdeutvikling, er avsetting av midlar til breiband ei prioriteringssak. Resursane er avgrensa. Breiband kan setjast opp i mot mjukare investeringar i næringsutvikling, og då er td. 6 mill til breiband mykje midlar. Eit alternativ kan vere å arbeide for å definere breibandutbygging som eit samferdsleprosjekt. Samanlikna med samferdslekostnader får ikkje fylkeskommunen bygd mykje veg for td. 6 mill kr. Dette er av dei politiske drøftingane og prioriteringane som må takast framover. Det må også vurderast om den kan nyttast midlar som er løyvde til Innovasjon Norge for næringsutvikling. Ein øyremerking av breibandmidlar gjennom INU-ordninga bør også vurderast. Det er eit behov for å samordne midlane som skal nyttast til breibandtiltak, og det er naturleg at Sogn og Fjordane fylkeskommunen har dette samordningsansvaret. 12

3. Breibandstrategi for Sogn og Fjordane Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til andre generasjon breiband i 2020. Strategien er fylkeskommunal, men den er avhengig av statleg støtte for å bli realisert. 3.1 Partnarskap Fylkeskommunen skal vere ein aktiv pådrivar for å byggje ut andre generasjons breiband i Sogn og Fjordane. Arbeidet skal gjerast i tett dialog med kommunane, regionråda og leverandørane i fylket innanfor gjeldande reglar for offentleg innkjøp. Sogn og Fjordane fylkeskommunen skal nytte ITforum Sogn og Fjordane / Breibandforum som partnar i arbeidet. 3.2 Definisjon av andre generasjon breiband I denne strategien er andre generasjon breiband teknologinøytralt og definert som minimum 100 Mbit/s begge vegar til næringslivet og offentleg sektor, og minimum 30 Mbit/s nedstraums og 10 Mbit/s oppstraums til hushald. 3.3 Økonomiske råmer Det er svært vanskeleg å anslå kva ei utbygging av andre generasjon breiband vil koste, men i denne strategien er talet 500 mill kr nytta. Talet byggjer på estimerte kostnadsoverslag frå leverandørane og ein miks mellom ulike teknologiar, både mobilt breiband, vdsl og fiber. Det er vektlagt at mobilt breiband (4G) er innanfor vår definisjon av andre generasjons breiband til hushald, og Telenor sitt estimat på 310 mill kr er nytta som ein viktig kjelde. Så fastslår strategien at næringslivet vil krevje høgare kapasitet, kapasitet som berre fiber vil kunne levere. Eit overslag over kva denne fiberutbygginga vil koste, er også vanskeleg, men her er talet 190 mill kroner nytta. Dette talet er høgst usikkert, men basert på at dei største verksemdene, fordi dei ofte er plassert geografisk i nærleiken av tettstadar, kan få tilgang til andre generasjons breiband utan offentlege tilskot. Dei verksemdene som geografisk ligg langt frå tilkoplingspunkt for andre generasjon, vil kanskje be om offentleg tilskot. Ved å bruke estimatet om at det kostar 310 mill kr å skaffe andre 13

generasjon breiband ved hjelp av alternative teknologiar og med eit samla kostnadsestimat for alle teknologiar på 500 mill kr følgjer det at vi anslår fiberutbygginga til å koste 190 mill kr. Kostnadane på 500 mill kr er ein tredjedel av kostnadane (estimert frå Telenor) på 1.5 milliardar kroner for å legge fiber til alle i Sogn og Fjordane. Tabell 2 Estimat for utbyggingskostnadar Teknologinøytralt (30 Mbit/s 10 Mbit/s) 30 mill kr 130 mill kr Fiber til alle (100 Mbit/s 100 Mbit/s) VDSL alle sentralar Mobilt breiband 4G dagens mobildekning (99,4%) Mobilt breiband 4G til alle i S&F 150 mill kr Fiber 190 mill kr 3 1500 mill kr TOTAL 500 mill kr 1500 mill kr Basert på erfaringar frå tidlegare rundar med breibandutbyggingar, vil dei aller fleste av desse utbyggingane vere bedriftsøkonomisk ulønsame, og det er lagt til grunn at det offentlege sitt støttenivå tilsvarer desse 500 mill kr. Det er ein føresetnad at den digitale dividende vert nytta til mobilnettet. Skulle denne dividenden i staden bli brukt til andre føremål, vil støttebehovet ved utbygging av 4G mobilnettet verte monaleg større, og ramma på 500 mill kr vert for låg. Skal målet om tilgang til andre generasjon breiband for alle i 2020 gjennomførast må det årleg løyvast 62,5 mill kr til dette arbeidet i Sogn og Fjordane. Med ei kostnadsfordeling på 70% stat, 20% fylkeskommune og 10% kommune vil det gje ein årleg kostnad for Sogn og Fjordane fylkeskommune utanom dei statlege tildelingane på 12,5 mill kr per år i åra 2012 til 2020. Det må gjerast politiske prioriteringar hjå styresmaktene på alle tre forvaltingsnivå for å gjennomføre denne strategien. 3.4 Fylkeskommunale prioriteringar I dei siste åra har Staten løyvd 8 mill kr i året til breibandutbygging gjennom statlege midlar. I tillegg disponerer Fylkeskommunen omlag 120 mill kr i året til regionale utviklingstiltak. Berre mindre beløp, den såkalla breibandmillionen, av desse midlane er så langt brukt til breiband. Eit alternativ til å finne dekning for breibandkostnadane er å omprioritere noko av desse midlane, td. 10%, til støtte for bygging av andre generasjon breiband over heile fylket. Eit anna alternativ er å prioritere breibandutbygging på samferdslebudsjettet til fylkeskommunen med grunngjevinga at dette er ei av dei viktigaste samferdsleoppgåva fylket står overfor framover. 3 Fiber næringsliv som ikkje får dekka sine behov med annan teknologi 14

3.4.1 Tiltak Fylkeskommunen har store ambisjonar, men korleis skal måla om breibanddekning nåast og korleis er måloppnåinga? Dette skal konkretiserast i årlege planar med etterfølgjande rapportering til fylkeskommunen. Desse planane skal innehalde politiske prioriteringar om kven som skal få breibanddekning med offentleg støtte frå fylkeskommunen, kor mykje denne utbygginga kostar og kostnadsfordelinga mellom utbyggjar, kunde, kommune, fylkeskommunen og staten. Det skal skiljast mellom private og næringsliv når det gjeld prioriteringane. Fylkeskommunen skal gjere tiltak i eigen organisasjon når det gjeld å tilrettelege for breibandutvikling. Fylkeskommunen er ein stor breibandbrukar og skal samarbeide med kommunale og regionale breibandsatsingar til nytte for alle partar. Det vert ei økonomisk og strategisk avveging om fylkeskommunen skal leige breiband frå breibandleverandørar eller om fylkeskommunen skal satse på å byggje eigen breibandstruktur. Fylkeskommunen skal setje i gang eit arbeid for å drøfte desse problemstillinga. Spørsmål som bør avklarast er kva for konsekvensar det eventuelt vil ha for dagens breibandleverandørar og for fylkeskommunen om strategien vert endra. Dersom konklusjonen er at fylkeskommunen skal eige nettet, må det avklarast kven skal så ha fortrinnsrett inn i nettet. Skal det vere andre offentlege styresmakter, eller skal det vere breibandleverandørar? Fylkeskommunen skal alltid opparbeide føringsvegar for breiband i samband med fylkesvegutbygging. Fylkeskommunen skal nytte sin eigarpost i ulike selskap til å fremje infrastrukturutbygging der dette er naturleg. Fylkeskommunen skal påverke kommunar i plansaker ved å oppmode kommunane til å stille krav til tilrettelegging av føringsvegar for breiband i reguleringsplanar og til å lage eigne kommuneplanar for breiband. Kva status skal fylkeskommunen gje mobilt breiband? Fleire teknologiar har avstandsavgrensingar kanskje mobil kan vere i mellombels løysing eller kanskje til og med permanent løysing for dei som bur vanskelegast til? Uavhengig av dette er det viktig med fiber lengst mogeleg ut i nettet. Det er ei kjennsgjerning i dag at fibersamband er meir stabile enn trådlause løysingar. Bør tildelingskriteria for fylkeskommunale breibandutlysingar endrast? Dagens kriteria er slik: 1. Absolutte kriteria som søknaden må oppfylle: a. Må dokumentere at dagens dekning eller kapasitet ikkje er god nok b. Må følgje regelverk for offentleg innkjøp og unngå konkurransevriding 15

c. Fiberprosjekt som får tilskot skal sikre at det vert høve til konkurranse på tenester og innhald (jf. krav frå KRD). 2. Ved mange søknader vert søknadane rangert etter følgjande tilleggskriteria: a. Må vere til nytte for næringslivet og/eller skular i distriktet ved at dei får tilgang til høgare kapasitet. 3. Maksimal støtte til eitt prosjekt er 3 mill. kr. 4. Utbetaling a. Fylkeskommunen kan utbetale inntil 25 prosent av tilskotet når tilskotsmottakar har akseptert vilkåra i dette brevet, og arbeidet har starta opp (førehandsutbetaling). For å få midlar, må prosjektansvarleg be fylkeskommunen om ei utbetaling (utbetalingsoppmoding). Dette vert gjort i same skjema som stadfesting av at tilsegna vert teke imot. b. Fylkeskommunen kan betale ut dei neste 50 prosent av tilskotet når fylkeskommunen har motteke dokumentasjon på faktiske utgifter på 75 % av totalkostnadane i prosjektet. c. Den siste delen av tilskotet (resterande beløp) skal utbetalast når prosjektaktiviteten er fullført og sluttrapport og revisorstadfesta rekneskap er sendt inn og eigen webbasert rapport er sendt til KRD. Fylkeskommunen tek då stilling til om tilskotet skal utbetalast. Oppmoding om sluttutbetaling vert å sende snarast muleg etter prosjektslutt, seinast innan 3 mnd etter at prosjektet er avslutta. Etter denne dato vil tilskotet verte inndrege. d. I særskilte høve kan prosjektet etter skrifteleg søknad til Sogn og Fjordane fylkeskommune få forlenga fristen for utbetaling av tilsegna. e. Eventuelt for mykje utbetalt tilskot skal betalast tilbake utan opphald. Støttenivå er sjølvsagt avhengig av tilgang på midlar. Og avhengig av tilgang på midlar vil målgruppa bli utvida frå næringsliv og offentleg sektor til også å omfatte private hushaldningar. Eit muleg ny målgruppe er hytteeigarar. Så langt har næringsliv og fastbuande blitt prioritert før hytteeigarar. I eit hytteområde er det ofte mange som bur i lengre periodar og har heimekontor. Skal ikkje dei også få breiband med offentleg støtte? Breiband til hytteområde vil både kunne gje direkte økonomiske ringverknadar i lokalsamfunna gjennom meir bruk av hyttene, og profilering av at lokalsamfunna i Sogn og Fjordane har god infrastruktur som grunnlag for gode bu- og arbeidsområde. Dagens støtteordning for breiband er ikkje notifisert til ESA. Fylkeskommunen bør avklare ESAnotifisering av ordninga for offentleg støtte til breiband. Det skal gjennomførast kartlegging over heile fylket for å identifisere såkalla svarte, grå og kvite område for videra utbygging av breiband. Kartlegginga vil vere grunnlaget og dokumentasjonen for vidare arbeid med å vurdere 16

notifisering. Kartleggingsarbeidet kan også sjåast i samanheng med ROS-analysane knytt til beredskap. 3.5 Påverke sentrale styresmakter På statleg side er det i dag tre ulike departement som har ansvar for breibandpolitikken. Det er vanskeleg å utforme ein sameint nasjonal politikk. Sogn og Fjordane meiner at fibersatsinga skal sjåast på eit samferdsleprosjekt, og meiner at det er naturleg at departementa utformar ein sameint nasjonal politikk på breibandsida. Eit mål med den nye politikken må vere skaffe tilstrekkelege statlege midlar for nasjonal medfinansiering til utbygging av breiband i fylke som har behov for det. 3.5.1 Tiltak Fylkeskommunen har teke initiativ til etablering av eit samarbeid med andre fylkeskommunar og regionar med dei same breibandutfordringane for å koordinerte synspunkt frå alle fylker med tilsvarande behov. Det er etablert eit nasjonalt breibandråd der Sogn og Fjordane fylkeskommune i dag er leiar og der sekretariatsarbeidet vert utført av It-forum Sogn og Fjordane. Rådet skal stå for erfaringsutveksling og læring mellom fylkeskommunar og sikre at staten og dei nasjonale utbyggarane får ein samtalepart i breibandsaker. Breibandrådet skal identifisere tematiske problemstillingar, klargjere, informere og påverke sentrale breibandaktørar. Det må sjåast på prioriteringane og verkemiddelbruken både for fylkeskommunen og på nasjonalt nivå. Ulike samarbeidsmodellar mellom det offentlege og private om infrastrukturbygging bør utgreiast. Døme på slike modellar skal samlast ved landsomfattande erfaringsinnhenting. Som ein del av utgreiinga, skal det foreslåast reglar for eit slikt offentleg privat samarbeid og kva avgrensingar som lovverk og teknologi gir. Vidare må det utgreiast om alle leverandørane skal ha sin eigen elektronikk i eit slikt samarbeid, eller om konkurranse skal vere på tenestenivå, dvs alle partane i spleiselaget må nytte den same elektronikken og at staten betale ut alle infrastruktureigarane? Fylkeskommunen skal arbeide for at det skal utviklast nasjonale køyrereglar for samtrafikk og samhandling med målsetting om å lage nasjonale køyrereglar. Fylkeskommunen skal arbeide for at det vert etablert ein nasjonal kartteneste som gir oversikt over utbreiinga av andre generasjon breiband over heile landet. 17

3.6 Oppsummering tiltak 2012-2013 Tiltak 2012-2013 1. Årlege fylkeskommunale breibandplanar med rapportering 2. Vurdere om fylkeskommunen skal eige eller leige breiband 3. Innføre krav om å opparbeide føringsvegar for breiband ved fylkesvegutbyggingar 4. Påverke kommunane i plansaker til å stille krav til tilrettelegging av breiband 5. Vurdere nye fylkeskommunale tildelingskriteria for breiband 6. Kartlegge kritiske brukarar og mogeleg dubleringa av framføringsvegar i beredskapssamanheng 7. Vere aktiv deltakar i Nasjonalt Breibandråd 8. Arbeide for endringar i Plan og Bygningslova når det gjeld graving 9. Arbeide med regulatoriske forhold særleg kva krav som skal stillast til utbyggjarane (openheit, fleire tenestetilbydarar) ved offisiell delfinansiering av breibandprosjekt Vedlegg Definisjonar Andre generasjons breiband er eit breiband med svært høg kapasitet både til å ta i mot (nedstraums) og til å sende (oppstraums) store datamengder. Med andre generasjon breiband kan tv-signal, internett og telefoni (så kalla tripple play) samtidig overførast med god kvalitet. I denne strategien er det føresett ein kapasitet på minimum 100 Mbit/s både nedstraums og oppstraums for næringslivet og 30 Mbit/s nedstraums og 10 Mbit/s oppstraums for hushald for å stette kapasitetskravet. Dette set krav til teknologien, men fleire ulike teknologiar vil kunne levere denne kapasiteten til bedrifter og hushald. Teknologiar Fiberkablar kan levere svært stor kapasitet. Fiber vert ofte brukt for å sikre tilstrekkeleg kapasitet i stamnettet og distribusjonsnett, og vert no bygd ut til hushald, særleg i folketette område. Fiberutbygging gir høge utbyggingskostnadar då det må leggast ny infrastruktur for aksessnettet til kvar einskild bedrift eller hushald. Det gamle telefonnettet (ADSL/VDSL) med kablar ut til kvart einskild hus kan levere andre generasjons breiband til bedrifter og hushald som ligg innan ca 1 km 4 frå næraste tilkoplingspunkt til aksessnettet, gjerne ein telesentral. Dess høgare kapasitet bedrifta og hushaldet krev, dess nærare må dei ligge eit tilkoplingspunkt. Kabel-TV nett basert på koakskabel kan levere data med høg kapasitet til kvart einskild hus. 4 1 km her er den faktiske lengda på kabelen, ikkje avstanden i rett linje frå sentral til hus 18

Nye mobile løysingar kan levere data med høg kapasitet. Det er ein føresetnad at mobilnettet (dvs basestasjonen) har tilstrekkeleg kapasitet (gjerne fibersamband). Kapasiteten vert delt likt mellom dei samtidige brukarane i området. Satellitt kan nyttast til nedlasting, men ikkje i desse hastigheitene. Dersom data skal lastast opp, må annan teknologi nyttast. Ueigna for andre generasjon breiband med dagens teknologi. 19