Ulstad og Gjeisar, Lom kommune. Sikringstiltak for bustadfelt 20091194-00-1-R 17. august 2010
Prosjekt Prosjekt: Ulstad og Gjeisar, Lom kommune. Dokumentnr.: 20091194-00-1-R Dokumenttittel: Sikringstiltak for bustadfelt Dato: 17. august 2010 Oppdragsgiver Oppdragsgiver: Lom kommune Oppdragsgivers kontaktperson: Terje Hoel Kontraktreferanse: Brev av 29. april 2010 (2010/3931753/2010/) For NGI Prosjektleder: Utarbeidet av: Kontrollert av: Krister Kristensen Hedda Breien og Krister Kristensen Vidar Kveldsvik Samandrag Ulstad For å sikre det eksisterande byggefeltet Ulstad til eit nivå på 1/333 per år har vi vurdert følgjande tiltak. Fanggrøft/voll 630 m lengde, rett ovanfor byggefeltet. Kostnad 5-7 mkr Fangnett i 630 m lengde, rett ovanfor byggefeltet. Kostnad 10-12 mkr. I tillegg kjem vedlikehaldskostnad. Kombinasjon av fanggrøft/voll og nett i deler av tiltaket. Fjellreinsk og forankring av ustabile parti i fjellsida kan redusere sannsynet for utfall. Dette er likevel eit omfattande og tidkrevjande arbeid og det er usikkert i kva grad dette vil redusere behovet for sikring ovanfor husa. Vi kan difor berre sjå dette som eit supplement til andre tiltak. Estimert kostnad 3-5 mkr.
Sammendrag (forts.) Dokumentnr.: 20091194-00-1-R Side: 4 Vår vurdering er at ein voll, med reinsk som eit supplerande tiltak som går over tid, er den gunstigaste løysinga for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik for busetnaden. Gjeisar For å sikre det nye byggefeltet Gjeisar til eit nivå på 1/1000 per år har vi vurdert følgjande tiltak. Fanggrøft/voll i 300 m lengde som plasserast øvst i feltet. Det medfører at ein avstår frå utbygging av øvste tomterekke. Grøfta og vollen kan truleg byggast av lausmassar med massar frå staden. Kostnaden for dette er estimert til 1,5 mkr. Fanggrøft/voll i 300 m lengde ovanfor bustadfeltet. Terrenget ovanfor den øvste tomterekka er brattare og anleggsmessig meir krevjande. Det er sannsynlegvis mogleg å bygge ein tilsvarande voll som ovanfor Ulstad (sjå 5.1.1.), men sidan krava er høgare her vil eit slikt tiltak måtte dimensjonerast i høve til dette. Det vil i tillegg måtte supplerast med tiltak for reinsk i fjellsida. Kostnaden for dette alternativet er grovt estimert til 5-7 mkr. Vi vurderer at eksisterande bygningar i feltet mest sannsynleg tilfredstiller krava til skredtryggleik som ikkje overstig årleg sannsyn på 1/1000. NGI kan bistå vidare i detaljprosjektering og oppfølging av bygging av sikringstiltak.
Innhold Dokumentnr.: 20091194-00-1-R Side: 5 1 Innleiing 6 2 Område 6 3 Sikringsnivå 7 4 Vurderingsgrunnlag 8 5 Ulstad 9 5.1 Tiltak 10 6 Gjeisar 13 6.1 Tiltak 15 7 Referansar 16 Kontroll- og referanseside
Side: 6 1 Innleiing På oppdrag frå Lom kommune har NGI vurdert sikringstiltak for byggefelta Ulstad (eksisterande) og Gjeisar (planlagd og påbyrja). Synfaring vart gjennomførd 27. og 28. mai 2010 av Krister Kristensen og Hedda Breien, begge NGI. Området er tidlegare kartlagd på oversiktsnivå med omsyn til tilrådd byggegrense for nye bygningar som skal tilfredsstille kravet på 1/1000 eller lågare årleg sannsyn (NGI-rapport 20081533-01). 2 Område Fjellsida under Læshøi, søraust for Fossbergom strekk seg frå ca 400 moh. opp mot 1200 moh. Fjellsida er nokså jamt skogvakse opp til 800-900 moh. Ovafor skoggrensa er det kratt og lyng med enkelte område med bert fjell. Bergarten i den øvste og brattaste delen består for det meste av fyllitt. I nedre del er det skred- og moreneavsetjingar med enkelte framstikkande klipper. Figur 1 Gjeisar (venstre) og Ulstad (høgre) med ovanforliggjande fjellside, sett frå nord.
Side: 7 Figur 2 Frå Nonshaugen i sør, ned mot Gjeisar. 3 Sikringsnivå Krava til skredtryggleik for nye bygningar er gjeve i Plan- og bygningslova. Planog bygningslovas 68 stiller krav til sikkerheit mot skred og i 7-32 Sikkerheit mot naturpåkjenningar (skred, flom, sjø og vind) i Forskrift om krav til byggverk og produkter til byggverk (TEK) kvantifiserast dei akseptable risikonivåa for skred i høve til byggets tryggleiksklasse. Plan- og bygningslova har sidan 1985 talfesta desse krava til tryggleik mot skred for ny busetnad, og kommunen har eit juridisk ansvar for dei bygga som er oppførde etter 1985. Frå 1. juli 2010 er krava eit nominelt årleg sannsyn på 1/100 per år for nybygg i tryggleiksklasse 1 (garasje, naust osv), 1/1000 for tryggleiksklasse 2 (bustadhus, fritidshus, driftsbygning osv) og 1/5000 for tryggleiksklasse 3 (bygg med fleire bueiningar osv). Tabell 1 Tryggleiksklassar ved plassering av byggverk i skredfarlege område Tryggleiksklasse Konsekvens Største nominelle årlege sannsyn for skred 1 Liten 1/100 2 Middels 1/1000 3 Stor 1/5000
Side: 8 Det er i forskrifta opna for at areal som i utgangspunktet ikkje tilfredsstiller desse krava kan nyttast dersom fysiske sikringstiltak vert gjennomførde. Det krevst då at "byggverk i sikkerhetsklasse 1, 2 og 3 med tilhørende utvendige bruksarealer, dimensjoneres eller sikres mot skred slik at normtallene i tabellen oppnås.". Desse normtala gjeld nyoppføringar, og det nye bustadfeltet på Gjeisar må difor sikrast slik at ein tryggleik på 1/1000 oppnåast. I følgje brev frå NVE til Lom kommune bør eksisterande bustadhus sikrast dersom det viser seg at dei er utsett for skredfare med nominelt årleg sannsyn høgare enn 1/333. Vi går også ut frå at det er dette sikringsnivået som er minimumskravet til effekten av dei tiltak som vert sette i verk for eksisterande bueiningar. Bustadfeltet på Ulstad er eit eksisterande bustadfelt, og vi går soleis ut frå at det dermed skal sikrast slik at ein tryggleik på 1/333 vert oppnådd. Dersom det skal byggjast nye bustader i dette feltet må desse derimot ha ein tryggleik på 1/1000. 4 Vurderingsgrunnlag Vurderingane går ut frå dagens tilhøve når det gjeld klima, skogdekke og omfanget av inngrep i fjellsida ovanfor områda som er vurdert. Vurderingane er basert på synfaringar i fjellsida ovanfor Ulstad og Gjeisar. På bakgrunn av berggrunn, topografi, klima og vegetasjon er steinskred vurdert som den dimensjonerande skredtypen både for Ulstad og Gjeisar. Dette er ei stor fjellside som for ein stor del er dekka med nokså tett skog. Det er difor ikkje mogleg å kartleggje i detalj kvart einskilt kjeldeområde. Basert på synfaringane i terrenget har vi gått ut frå at det her i snitt finst eitt kjeldeområde for steinsprang pr 10 løpemeter fjellside. Vi har vidare gått ut frå at det i dei aller fleste tilfelle vil dreie seg om blokker som er mindre enn to m 3, med hovudvekt på blokker rundt ein m 3. Etter vår vurdering er sannsynet for steinsprang frå kvart kjeldeområde i snitt 1/100 per år. I tillegg vert sannsynet for at steinblokker som har losna skal nå ned til nivå med husa vurdert. Sannsynet for at steinen skal treffe eit bygg er også avhengig av den eksponerte flata til bygget. Dette gjev til saman eit tal på sannsynet for at det aktuelle huset skal bli treft av steinsprang, sjå også NGI-rapport 20091195-00-1R.
700 26.7 19.5 31.6 Dokumentnr.: 20091194-00-1-R Side: 9 5 Ulstad Ulstadfeltet er i øvste husrekke avgrensa mellom g/bnr 70/103 (18925036) i aust og g/bnr 70/94 (156042900) i vest. Bygningane her ligg tett opp til fjellsida og tidlegare skredavsetjingar. Bygningane som etter vår vurdering er utsette for eit estimert årleg sannsyn som overstig 1/333 er opplista i rapport 20091195 og omfattar stort sett den øvste husrekka. Dei fleste husa er ein-familie bustadhus, men der er også nokre tomannsbustader. Det er fleire openberre losneområde i form av berghamrar ovanfor bustadfeltet. Under synfaringa vart det registrert både større enkeltblokker og ur like bak husa i den vestlege delen av feltet. Ut frå terrenghellinga er vurderinga at blokker som losnar stort sett vil rulle langs bakken og berre gå i låge sprang dersom dei når ned mot grensa til byggefeltet. Stor skog i området (se figur 6) har også ein viss positiv verknad når det gjeld å redusere rekkjevidda av steinsprang. 600 30.9 32.1 34.2 34.5 17.814.8 32.8 500 400 37.1 26 223.7 32.1 39.1 34.1 Byggefelt 24.4 19 2 18.6 8.8 10.712.913.3 24.0 10.7 0 100 200 300 400 500 600 700 Figur 3. Terrengprofil ovafor Ulstad som viser hellinga i ulike segment av fjellsida. Grensa mot byggefeltet ligg i eit område med 20-25 helling, slik at det er krevjande å få plass med sikringstiltak i dette området.
Side: 10 Figur 4 Skredblokk bak husa vest i Ulstad-feltet. Eit hustak kan skimtas like bak trea (markert med stipla line). 5.1 Tiltak Forslaga som presenterast under er basert på dagens tilhøve med omsyn til klima, skogvokster i fjellsida og terrenginngrep. Det vil være viktig for framtida at ein har kontroll over dette sidan endring av desse tilhøve kan medføre dramatiske konsekvensar med omsyn til skredaktivitet. Det er difor viktig at skogen i fjellsida vert oppretthalden mest mogleg intakt og det bør liggje føre ein plan for uttak og skjøtsel av skogen som sikrar dette. Eksisterande skogs- og vassvegar bør også haldast under oppsikt slik at grøfter og stikkrenner fungerer etter føremålet. NGI har i ein tidlegare rapport føreslege tiltak for å auke tryggleiken for bygningane i dette bustadfeltet. Desse råda gjekk blant anna ut på å forsterke ei eksisterande vassgrøft til å fungere som voll og fanggrøft mot steinsprang og som leiegrøft mot mindre vassrelaterte skred. Høgda på vollen vart den gongen føreslege til 2 m. Basert på nye opplysingar og talfesta krav til sikringsnivå (1/333/år) ser vi det naudsynt å auke den effektive høgda. Den øvste husrekka er bygd heilt opp mot urkanten, og fjellsida over er bratt heilt ned mot husa. Utfordringa når det gjeld tiltak er difor den avgrensa plassen som står tilrådvelde. Ein lausmassevoll tek normalt stor plass sidan vollen må ha stort nok volum og masse til å stå i mot støyt frå blokker. I denne aktuelle saka er det lite areal tilgjengeleg bak øvste husrekke.
Side: 11 5.1.1 Alternativ med kombinert grøft og fangvoll Lausmassevollar er normalt plasskrevjande. På grunn av avgrensa areal for dette må ein truleg nytte ein voll med oppstramma sider. Oppstramminga på støytsida gjev i tillegg ein meir effektiv voll. Ulempa er auka kostnad på grunn av naudsynt erosjonssikring og anleggstekniske utfordringar elles. Erosjonssikring og tilsåing Plastring Gabionkasser 3m Figur 5. Prinsippskisse av kombinert grøft og fangvoll med bratte sider og støtabsorberande gabionkasser. Massene som vert greve ut vert nytta i oppbygginga av vollen. Figur 5 viser ei prinsippskisse av ein fangvoll med bratte sider. Jo brattare støytsida på vollen er, desto vanskelegare er det for blokkene å klatre/rulle over vollen. Ved å grave ei grøft på oppsida av vollen vil ein også oppnå at mykje av støyten frå rullande blokker vert forplanta i retning ned i bakken og ikkje mot sjølve vollen. For Ulstad vil vi i utgangspunktet foreslå ei kombinert grøft og voll med 3 m effektiv høgd og vollkrone på minst 2 m, eller tilsvarande køyrebreidde for anleggsmaskiner. På grunn av at vollen skal absorbere støyt bør den ikkje utelukkande byggast som tørrmur. Ved bruk av gabionkassar på støytsida av vollen kan den strammast opp samstundes som ein får ei energiabsorberande flate. Sidan vollen også vil samle opp overflatevatnet frå fjellsida må oppsida og botnen av grøfta erosjonssikrast. Det må sørgjast for at vatnet har forsvarleg drenering og førast gjennom vollen på eigna stader. Nedsida må truleg også strammast opp på grunn av plassomsyn. Vollen må detaljprosjekterast og det må takast omsyn til lokale stabilitets- og dreneringstilhøve. For å dekke heile byggefeltet trengs ein voll med om lag 630 m lengde. Kostnaden avheng av tilgang på eigna masser, lokale anbod på graving osb. Grovt rekna kan ein slik voll medføre ein kostnad opp mot 5-7 mkr.
Side: 12 5.1.2 Fangnett Vi har også vurdert fangnett som alternativ til voll. Det finst i dag nett som er i stand til å fange opp steinblokker med energi opp mot 3-5000 kj. Netta vert helst brukt der ein har ein stor frekvens av skredblokker. Anleggskostnaden er høgare enn for ein voll og i tillegg kjem ein årleg vedlikehaldskostnad. Eit anlegg ovanfor byggefeltet vil truleg koste meir enn 10 mkr. Den store fordelen med netta er at dei tek mindre plass og kan plasserast i nokså bratt terreng. Sidan plassomsyn kan gjere ein voll vanskeleg å byggje i den vestlege delen av feltet, kan nett vere eit alternativ der (figur 6). Ekstrakostnaden med ei delløysing med nett i høve voll langs heile feltet er vanskeleg å estimere sidan det avheng av kor stor del av tiltaket som må utførast i form av nett. Figur 6. Plassering av fanggrøft/voll ovanfor Ulstad. Som alternativ kan eventuelt nett nyttast i den vestlegaste delen av feltet (blå strek). 5.1.3 Kartlegging, reinsk og forankring Fordi fjellsida er svært uoversiktleg ligg det ei usikkerheit i berekningane. Det er mogleg å kartleggje dei ustabile områda og redusere sannsynet for utfall frå
Side: 13 særskilde fjellparti ved forankring med bolting og nett, eller fjerning ved forsiktig sprenging. Dette vil redusere usikkerheita og kanskje også krava til nett eller voll (avhengig av kor effektive tiltaka i fjellsida er). Slik kartlegging og sikring av lause parti ser ut til å kunne bli eit nokså omfattande prosjekt. Ut frå vurderingane over kan det dreie seg om opp mot hundre stader. På grunn av at det er usikkert i kva grad dette vil redusere behovet for sikring ovanfor husa vil vi difor berre sjå dette som eit supplement til ein fangvoll og nett. Kostnaden av slik reinsk er vanskeleg å forutseie, men kan liggje rundt 3-5 mkr. Vår vurdering er at ein voll, med reinsk i fjellsida som eit supplerande tiltak som går over tid, er den gunstigaste løysinga for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik for busetnaden. 6 Gjeisar Like aust for det eksisterande byggefeltet Ulstad er det nye byggefeltet Gjeisar under opparbeiding. Nedre del er allereie under utbygging, medan øvre del berre delvis er opparbeidd, sjå figur 7, 8 og 9. 700 30.4 600 500 35 0 27.9 40.4 28 5 38.9 36.6 41.7 38.6 33.9 27.424.6 Plangrense 400 26.5 26.018.615.714.5 140 11.07.8 4.5 4 9 7 3 10.110.6 0 200 400 600 Figur 7. Terrengprofil ovanfor Gjeisar som viser hellingsgrad i ulike segment av fjellsida. Grensa mot byggefeltet ligg i eit område med 15-18 helling. NGI har tidlegare levert faregrenser for området, samt ein rapport som omtalar skredfaren ved Ulstad og Gjeisar (NGI-rapport 20081533-1). Grensa for årleg sannsyn for skred (1/1000) går midtvegs gjennom det planlagde bustadfeltet (figur 10). Dei tre øvste tomterekkene hamnar heilt eller delvis innanfor faresona.
Side: 14 Figur 8. Flybilete over det planlagde og påbyrja byggefeltet Gjeisar med eksisterande bygningar. Figur 9. Reguleringsplan for Gjeisar. Den aktuelle fjellsida ligg sør for feltet.
Side: 15 Figur 10. Kart som viser anbefalt byggegrense gjennom Gjeisarfeltet og fire bygningar på eller like innanfor denne. Per i dag ligg det i dette feltet fire nye bygg på eller like ovanfor den anbefalte byggegrensa frå vår rapport 20081533-1. Denne grensa er i rapporten definert slik: Vi anbefaler at grensen primært benyttes som en byggegrense for ny bebyggelse. Siden metodene for grensesettingen er beheftet med en viss usikkerhet, kan det ikke uten videre konkluderes med at eksisterende bebyggelse som ligger rett innenfor yttergrensen på faresonen ligger utsatt for en større årlig sannsynlighet enn 1/1000, og at det dermed er påkrevd med spesielle sikringstiltak for all bebyggelse innefor faresonen. På grunnlag av dette og ei nærare vurdering av dei konkrete bygningane meiner vi at desse bygningane mest sannsynleg tilfredstiller krava til skredtryggleik som ikkje overstig årleg sannsyn på 1/1000. 6.1 Tiltak Kravet til sikringsnivå er som nemnt høgare for nybygg (1/1000) enn for eksisterande bustader. Dette gjer at tiltaka må vere tilsvarande meir effektive føresett same skredfare. 6.1.1 Alternativ med voll i staden før den øvste tomterekka. For å tilfredsstille dette kravet kan ein avstå frå utbygging av øvste tomterekke. Dette vil lette arbeidet med bygging av ein kombinert fanggrøft og voll på oppsida av feltet vesentleg, samstundes som ein slik voll då vil kome lenger unna fjellsida, slik at sannsynet for at stein skal nå ned vert lågare. Den effektive høgda på vollen kan difor vere 3 m, slik som føreslege for Ulstad, men vil på grunn av plasseringa
Side: 16 likevel gje ein tryggleik på 1/1000. Breidda på vollkrona bør vere på minst 2 m. Støytsida strammast opp til 2:1 eller meir, medan nedsida kan vere ned til 1:1,5 om ynskjeleg. Sidene må erosjonssikrast og såast til og det må sørgjast for drenering frå oppsida av vollen. Grøfta og vollen kan truleg byggast av lausmassar med massar frå staden. Vollen bør gå i heile byggjefeltets lengde, det vil seie at vollen får ei lengd på omkring 300 m. Kostnaden for dette er estimert til 1,5 mkr ut frå ein estimert pris på opplasting av masse på 100 kr/m 3. 6.1.2 Alternativ med sikring ovanfor den øvste tomterekka. Terrenget ovanfor den øvste tomterekka er brattare og anleggsmessig meir krevjande. Det er sannsynlegvis mogleg å bygge ein tilsvarande voll som ovanfor Ulstad (sjå 5.1.1.), men sidan krava er høgare her (1/1000) enn på Ulstad (1/333) vil eit slikt tiltak måtte dimensjonerast i høve til dette. Det vil i tillegg måtte supplerast med tiltak for reinsk i fjellsida. Kostnaden for dette alternativet er grovt estimert til 5-7 mkr. NGI kan bistå vidare i detaljprosjektering og oppfølging av bygging av sikringstiltak. 7 Referansar Domaas, U. 1994: Geometrical Methods of Calculating Rockfall Range. NGI report 585910-1 NGI rapport 20081533-1. Fossbergom, Lom. Faresonering av stein-, løsmasse-, og snøskred. 16. oktober 2008. NGI rapport 20091195-00-1-R. Lom kommune, Prioritering av sikringstiltak for eksisterende bebyggelse, august 2010 Statens byggetekniske etat. Veiledning til teknisk forskrift til Plan- og bygningsloven 1997. 4. utgave 2007, Kap. VII: Personlig og materiell sikkerhet: Plassering og bæreevne, 7-32 Sikkerhet mot skred 7-32 Sikkerhet mot naturpåkjenninger (skred, flom, sjø og vind). Forskrift om krav til byggverk og produkter til byggverk (TEK).
Kontroll- og referanseside/ Review and reference page Dokumentinformasjon/Document information Dokumenttittel/Document title Ulstad og Gjeisar, Lom kommune. Sikringstiltak for bustadfelt Dokument nr/document No. 20091195-1 Dokumenttype/Type of document Rapport/Report Teknisk notat/technical Note Oppdragsgiver/Client Lom kommune Emneord/Keywords Sikringstiltak, steinskred, bebyggelse Distribusjon/Distribution Fri/Unlimited Begrenset/Limited Ingen/None Dato/Date 2010-08-17 Rev.nr./Rev.No. 0 Stedfesting/Geographical information Land, fylke/country, County Norge Kommune/Municipality Lom Sted/Location Ulstad og Gjeisar Kartblad/Map 1618 IV Lom UTM-koordinater/UTM-coordinates Sone 32 N6856237 E477801 Havområde/Offshore area Feltnavn/Field name Sted/Location Felt, blokknr./field, Block No. Dokumentkontroll/Document control Kvalitetssikring i henhold til/quality assurance according to NS-EN ISO9001 Rev./ Rev. Revisjonsgrunnlag/Reason for revision Egenkontroll/ Self review av/by: Sidemannskontroll/ Colleague review av/by: Uavhengig kontroll/ Independent review av/by: Tverrfaglig kontroll/ Interdisciplinary review av/by: 0 Originaldokument KKr VK Dokument godkjent for utsendelse/ Document approved for release Dato/Date 2010-08-17 Sign. Prosjektleder/Project Manager Skj.nr. 043