Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Like dokumenter
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Rapport fra tilsyn med. Familievernkontoret Enerhaugen

Rapport fra tilsyn med. Familievernkontoret Homansbyen

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Østre Nesttunsvei 6 - Nesttun. Kristine Skjælaaen. Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller merknader innanfor tema for tilsynet.

Du må tru det for å sjå det

Fylkesmannen i Oslo og Akershus RAPPORT FRA TILSYN MED HOMANSBYEN FAMILIEVERNKONTOR


Fylkesmannen i Oslo og Akershus RAPPORT FRA TILSYN MED FAMILIEVERNKONTORET ØVRE ROMERIKE

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Selje kommune

Postboks 24, 5649 Eikelandsosen Tidsrom for tilsynet: 10. og 12. november 2015 Kontaktperson i verksemda: Hanne Lygre, leiar Nav Fusa

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Rapport frå tilsyn med Bergen Ungdomssenter 13. mars 2013

Tyssevegen 217, 5650 Tysse Tidsrom for tilsynet: 13. og 15. oktober 2015 Kontaktperson i verksemda: Tone Ramsli, rådmann

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A. Lærdal kommune

Fylkesmannen i Oslo og Akershus RAPPORT FRA TILSYN MED ENERHAUGEN FAMILIEVERNKONTOR

Fylkesmannen i Oslo og Akershus RAPPORT FRA TILSYN MED FAMILIEVERNKONTORET NEDRE ROMERIKE

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

TILSYN MED. KOMMUNENS ADRESSE: Norddal kommune, Rådhuset, 6210 Valldal

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Årdal kommune

Fylkesmannen i Oppland SKJÅK KO. Stadfester rapport etter tilsyn - Barneverntjenesten i Lom og Skjåk og 11. juni 2015

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 26. og 27. april 2016 tilsyn med Nav Etne kommune.

Avvik 1: Nav Osterøy sikrar ikkje at tenesta kvalifiseringsprogram er tilgjengeleg for alle aktuelle deltakarar.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av meldingar i Gloppen kommune

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Rapport frå tilsyn med Nav Vaksdal kommune

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Hyllestad kommune

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Rapport frå tilsyn med Kasa Ungdomssenter Samandrag

Fylkesmannen i Rogaland

Fylkesmannen i Oslo og Akershus RAPPORT FRA TILSYN MED FAMILIEVERNKONTORET ASKER OG BÆRUM

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Endelig rapport fra Fylkesmannens tilsyn med Familievernkontoret i Vestfold i Arkivnr. 2015/4736

Modell for barns deltakelse i meklingsprosessen. Utarbeidet av Gjertrud Jonassen, Grenland Familiekontor

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit 8 og korleis barnehagemyndigheita sikrar at barnehagane føl opplysningsplikta til barneverntenesta 22

TILSYNSRAPPORT. Hordaland fylkeskommune

Fylkesmannen i Oslo og Akershus RAPPORT FRA TILSYN MED FAMILIEVERNKONTORET I FOLLO

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Lindås kommune Kvernhusmyrane ISDALSTØ

Til deg som er fråteken omsorga for barnet ditt

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 15. og 17. september 2015 tilsyn med Nav Austrheim kommune.

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte i tidsrommet 29. mai til 1. juni 2017 tilsyn med Nav Sund kommune.

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rapport frå tilsyn med Nav Øygarden kommune Samandrag

Endelig rapport fra Fylkesmannens tilsyn med Familievernkontoret i søndre Vestfold i Arkivnr. 2015/4736

Rapport frå tilsyn med Nav Os kommune 2014

Tilsyn med barnehagar. Kvinnherad kommune 2007/

Kommunen er organisert med to nivå, sentraladministrasjonen og tenestenivået.

Fylkesmannen i Rogaland

Melding til barneverntenesta Bremanger kommune.

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

Rapport frå tilsyn med Bergen kommune - barnevernstenesta i Åsane

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Av Linda Jakobsen Daglig leder Drammensregionenens interkommunale krisesenter BETZY

Tilsyn med Solund kommune rapport

Austfjordvegen MASFJORDNES. Kontaktperson i verksemda: Helga Irene Ellingsen, Helse- og omsorgsleiar

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Førde kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Avvik 1: Kommunen sikrer ikkje forsvarleg vurdering av alle meldingar

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Varsel om tilsyn med Gaular kommune - Bygstad skule, Sande skule og Viksdalen skule

Familieverntjenesten, barneverntjenesten og de andre

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Rapport frå tilsyn med Sofus Barnevern

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Vågsøy kommune

Fylkesmannen i Rogaland

Vår ref: 2009/9098 I KOMMUNEN: Tema for tilsynet: Avvik 1: elevar eller. gjeld. tiltak som. foreldre om. Avvik 2: knytt til. rådgivar.

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

Rapport frå tilsyn med Garnes ungdomssenter Samandrag

TILSYN MED. Smøla kommune

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Rapport frå tilsyn med Styve Gard Samandrag

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Rapport frå tilsyn med Bergen Akuttsenter Samandrag

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

TILSYNSRAPPORT. Tilsyn med Kviteseid kommune 28.februar og 19.mars Tema: Kommunen som barnehagemyndigheit. Barnehage- og utdanningsavdelinga

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A. Leikanger kommune

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av meldingar i Jølster kommune

Samarbeidsprosedyre mellom Tysnesbarnehagane og barneverntenesta i Tysnes kommune

Rapport fra tilsyn med Biskopshavn familievernkontor desember 2015

Transkript:

1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med Barne-, ungdoms- og familieetaten Familiekontora for Sunnfjord og Sogn Adressa til verksemda: Storehagen 1B, 6800 Førde Tidsrom for tilsynet: 29.08.2017 Kontaktperson i verksemda: Irene Havn Samandrag Rapporten er utarbeidd etter skriftleg tilsyn med Familiekontora for Sunnfjord og Sogn hausten 2017. Fylkesmannen har i dette tilsynet undersøkt om Familiekontora for Sunnfjord og Sogn er merksame på opplysningsplikta til barnevernstenesta, jf. lov om familievernkontor 10, og om dei følgjer opp barns rett til å bli høyrt i mekling, jf. forskrift om mekling etter ekteskapslova 2, jf. barnelova 31. Konklusjon: Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Tilsynet er avslutta. Dato: Gunn Randi Bjørnevoll Revisjonsleiar Astrid Tveit revisor Kopi til: Barne-, ungdoms- og familieetaten region vest Postboks 2233 3103 Tønsberg

2 Innhald Samandrag. 3 1. Innleiing... 3 2. Omtale av verksemda og ressurssituasjonen... 4 3. Tema for tilsynet... 4 4. Gjeldande regelverk 4 5. Funn og konklusjon... 5 6. Dokumentunderlag... 6

3 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter skriftleg tilsyn med Familiekontora for Sunnfjord og Sogn i perioden 29.08.2017. Tema for tilsynet er opplysningsplikta til barnevernstenesta og barns rett til å bli høyrt i mekling. Tilsyn med familievernkontora er heimla i lov om familievernkontor 3. Fylkesmannen skal føre tilsyn med at familievernkontora følgjer regelverket, og vi skal følgje opp eventuelle brot på regelverket. Tilsynet gjeld verksemda og systemet, ikkje enkeltpersonars arbeid. Fylkesmannen har teieplikt etter reglane i lov om familievernkontor 5. Det er Statens helsetilsyn ved Fylkesmannen som har ansvar for tilsyn med helsepersonell i fylket med heimel i helsetilsynslova 2. Fylkesmannen fører tilsyn med arbeidet helsepersonell ved familievernkontora utøver, og som høyrer inn under gjeldande lovverk. Føremålet med tilsynet er å sjå til at familievernkontora følgjer lover og forskrifter, jf. Barneog likestillingsdepartementets retningslinjer for Fylkesmannens tilsyn med familievernkontora av 22. januar 2008. Det følgjer av retningslinjene at Fylkesmannen skal gjennomføre tilsynsbesøk ved kvart familiekontor så ofte som nødvendig, men minimum kvart tredje år. Departementet kan i tillegg pålegge tilsynsbesøk. Fylkesmannen har valt å gjennomføre dette tilsynet som eit skriftleg tilsyn. Tilsynet er basert på svar på spørsmålsstillingar vi sendte til leiaren av kontoret, og gjennomgang av skriftleg dokumentasjon, mellom anna frå saksmapper. Konklusjonen i rapporten er eit uttrykk for kva vi har sett gjennom den dokumentasjonen tilsynet har fått tilgang til. Rapporten seier ikkje noko om verksemda til familievernkontoret på andre område enn dei som er undersøkt. Lovbrot (avvik) er at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte. Tilsynet er gjennomført slik: 1. Skriftleg varsel om tilsyn 29.08.2017. 2. Dokumentasjon frå familiekontora og svar på spørsmål motteke 19.10.2017. Dokumentasjonsgrunnlaget går fram under punkt 6 i rapporten. 3. Utsending av førebels rapport 27.11.2017. 4. Tilbakemelding på førebels rapport 07.12.2017. 5.. 2. Omtale av verksemda og ressurssituasjonen Familiekontora for Sunnfjord og Sogn er eit statleg familiekontor, og er ein del av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) region vest. Familiekontora tilbyr gratis parterapi, familieterapi og pliktig mekling ved samlivsbrot. Klientar treng ikkje henvisning for å kome på familiekontora. Dei fleste som er i kontakt med familiekontora kjem for rettleiing og samtalar om kvardagsproblem i samlivet, eller ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien.

4 Familiekontora har lokale i sentrum av Førde og Sogndal. Opningstider er kl 08.30 15.00 om sommaren og kl 08.30 15.45 om vinteren. Telefontid heile året er kl 09.00 15.00. Det ligg informasjon om kontoret på heimesida til Bufetat. Dei har gode og tenlege lokale, og modernisert datautstyr. Familiekontoret i Førde har 6,5 terapeut/psykolog stillingsheimlar og eit merkantilt personell i 80 % stilling. Kontoret i Sogndal har 3 terapeut-/psykologstillingar og merkantilt personell i 70 % stilling. I tillegg jobbar merkantilt personell i 20 % stilling og terapeut i 30 % stilling med regionale oppgåver. Dei har frå september 2017 tilsett ein psykologspesialist i 100 % vikariat ved kontoret i Sogndal i eit halvt år. Det kan vere aktuelt å vidareføre vikariatet i ytterlegare eit halvt år. I tillegg til ordinær familiebehandling og mekling, driv familiekontora utadretta arbeid. Dei deltek til dømes i samarbeidsmøte med barnevernstenester og helsestasjonar og er i gang med omfattande kontakt med kommunar i haust/vinter. Kontoret i Sogn har utekontor lokalisert på Årdal helsestasjonen to gongar i månaden og har delteke på møte med barnevernstenesta og andre samarbeidspartar i kommunen. Dei har hatt samarbeidsmøte med Sogn barnevern hausten 2016 og skal delta på fagdag i regi av barnevernstenesta i november 2017. Familiekontora heldt i 2016 fristane for gjennomføring av mekling og å gje tilbod om time innan 4 veker på behandlingssaker. Det går fram av leiaren sitt svar at det per 30.09.2017 var 40 % av barn i aktuell alder som hadde delteke i mekling. Av styringsdokumentet for 2017 går det fram at det skal leggjast til rette for auka involvering og at fleire barn skal høyrast i mekling. Målet er at minimum 25 % av barn over 7 år skal høyrast i mekling. Per 30.09.2017 var det 40 % av barn i aktuell alder som deltok i ein eller fleire meklingar. 3. Tema for tilsynet 1) Tilsette ved familievernkontor skal av eige tiltak gje opplysningar til barnevernstenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, ved andre former for alvorleg omsorgssvikt eller når barnet har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. lov om familievernkontor 10 andre ledd, jf. barnevernlova 4-10, 4-11, 4-12 og 4-24. 2) Barns rett til å bli høyrt, og at meklar skal gjere foreldre merksame på at dei etter barnelova 31 skal høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerder om personlege forhold for barnet, jf. meklingsforskrifta 2, jf. barnelova 31. 4. Gjeldande regelverk Lov om familievernkontor Forskrift om føring av klientjournal og meklingsprotokoll med familievernkontor m.v. Forskrift om mekling etter ekteskapslova og barnelova Rundskriv Q-02/2008 Rundskriv til forskrift om mekling etter ekteskapslova og barnelova

5 Anna relevant regelverk: Barnekonvensjonen Barnelova Ekteskapslova Barnevernlova Helse- og omsorgstenestelova Familievernet er ei spesialteneste som har familierelaterte problem som sitt fagfelt, jf. familievernkontorlova 1. Dei skal gje tilbod om behandling og rådgjeving der det føreligg vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Familievernkontoret skal foreta mekling etter ekteskapslova 26, jf. barnelova 51-54. I sitt arbeid vil familievernkontoret møte familiar der ein er bekymra for barnets omsorgssituasjon. Dei tilsette ved familievernkontoret har i slike saker plikt etter familievernkontorlova 10 til å gje opplysningar til barnevernet på eiga tiltak. Fagpersonell ved familievernkontoret skal òg vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta. Forskrift om mekling etter ekteskapslova 2, jf. barnelova 31, slår fast at meklar skal ha fokus på barnets beste og gjere foreldre merksame på barnets rett til å bli høyrt, jf. barnelova 31. Meklar skal informere om at barnet har rett til samvær med begge foreldra, jf. barnelova 42. Avtalen som foreldre vert samde om skal byggje på kva som vil vere den beste ordninga for barnet, jf. barnelova 48. Barnekonvensjonens artikkel 3 slår fast at barnets beste skal vere eit grunnleggjande prinsipp ved alle handlingar som vedkjem barnet. 5. Funn og konklusjon 1) Opplysningsplikt til barnevernstenesta, jf. lov om familievernkontor 10 I tilsynet etterspurde Fylkesmannen om kontora har rutinar som sikrar at dei tilsette er bevisst ansvaret dei har for å vere merksame på barnets omsorgssituasjon og å melde til barnevernet der dei er bekymra for eit barn. Det går fram av tilsendt dokumentasjon at familiekontora har rutinar for å melde til barnevernet og rutinar for korleis dei tilsette skal gå fram i saker der dei er bekymra for eit barns omsorgssituasjon. Familiekontora har møte kvar veke, der dei tilsette drøftar saker ved til dømes bekymring for eit barns omsorgssituasjon og opplysningsplikt til barnevernet. I tillegg har dei møte om lag kvar andre veke der ein terapeut har ansvar for tema/sak. Bekymring for barn vert teke opp til anonym drøfting. Kontora har gått gjennom sine rutinar og prosedyrar på dette området. Rutinane, prosedyrane og aktuelt lovverk er samla i ein perm som står på kontoret og vert gjennomgått i fellesskap. Permen vert også brukt ved introduksjon av nye tilsette. Familiekontora har i tida januar 2016 til hausten 2017 sendt 13 bekymringsmeldingar til barnevernet. Ved tvil om det skal meldast til barnevernet, skal saka drøftast internt på kontoret. Melding til barnevernet skal signerast av leiar i tillegg til terapeut/meklar. Melding skal fortrinnsvis gjerast kjent for foreldra og i samarbeid med foreldra om mogleg, men ikkje

6 saker som gjeld vald, seksuelt misbruk eller anna alvorleg omsorgssvikt. Kontora nyttar standardmal eller skriv brev med utgangspunkt i hovudpunkta frå malen. Det går fram av leiaren sitt svar at kontora har stor merksemd på barnas omsorgssituasjon, og temaet vert drøfta jamleg i møter. Rutinar, informasjonsskriv og dokumentasjonen støttar opp om dette. Familiekontora har eit godt samarbeid med barnevernet generelt. I fleire saker er barnevernet med på samarbeidsmøte etter samtykke frå foreldra. Familiekontora har etablert samarbeid med kommunane og deltek på samarbeidsmøte med barnevernstenester og helsestasjonar. I Sogn skal kontoret delta i tverrfagleg møte med alle kommunane for informasjonsutveksling og presentasjon av tilbodet ved familievernkontoret. To dagar i månaden har familiekontoret utekontor lokalisert på helsestasjonen i Årdal. Dei har i tillegg hatt møte med barnevernstenesta og andre samarbeidspartar i kommunen. Familiekontora skal ha eit tilbod til foreldre som har blitt fråteken omsorga for barna sine. Spisskompetansemiljøet i regionen ligg til eit familievernkontor i Rogaland. Familiekontora for Sunnfjord og Sogn har informert barnevernstenestene om dette tilbodet. Det er blitt gitt tilbod til foreldre i enkeltsaker. Dette er eit av satsingsområda for familiekontoret i 2018. Fylkesmannen vurderer på bakgrunn av leiars svar og dei innsendte dokumenta at Familiekontora for Sunnfjord og Sogn er oppteken av barns omsorgssituasjon, og at dei er merksame på opplysningsplikta til barnevernstenesta. Kontora har gode rutiner for melding ved bekymring for barn. Fylkesmannen har ikkje avdekka lovbrot på området. 2) Barns rett til å bli høyrt, jf. forskrift om mekling etter ekteskapslova 2 og barnelova 31 Fylkesmannen har i tilsynet sett på i kva grad familiekontora jobbar for å sikre at barn blir høyrt ved mekling. Familiekontora for Sunnfjord og Sogn har i sitt svar formidla at kontoret har stor merksemd på at barn skal høyrast i mekling. Barn over 7 år vert alltid invitert inn i mekling, om det ikkje føreligg grunnar som talar imot. Det er meklar som i samråd med familien avgjer kva som er beste metoden for å høyre barnet. Familiekontora brukar samtalemetoden Barn i mekling (BIM), og dei har fleire brosjyrar retta mot foreldre og barn om temaet. Barn vert kalla inn saman med foreldra til første meklingssamtalen, og det blir i innkallinga informert om barns rettar. I saker der foreldre møter til mekling utan barn, arbeider meklar med å forklare målet med høyring av barn og korleis barnehøyring vert gjennomført. Alle meklarane har hatt opplæring i metoden Barn i mekling (BIM). Leiaren har laga rutinar/ sjekkliste som skal brukast av dei tilsette når klientar bestiller time. Leiaren har ansvar for å informere, setje mål, halde merksemd på tema og sikre at dei tilsette har nok opplæring, kunnskap og gode rammer for arbeidet sitt. Tema er jamleg oppe på interne møte/ ved

7 saksdrøftingar. Alle tilsette kjenner rutinane. Kontora har kontinuerleg merksemd på at fleire barn skal høyrast i meklingssaker og kliniske saker. I samtalen med barna vert det som barna vil formidle til foreldra notert ned. Meklar har ansvar for å formidle dette inn i meklinga mellom foreldra. Det vert presisert at det ikkje vert ført journal frå mekling og heller ikkje frå samtalene med barna. Det er berre meklingsattest og protokoll som skal oppbevarast, jf. Forskrift om føring av klientsjournal og meklingsprotokoll ved familievernkontora. Familiekontora registrerer barn i aktuell alder med namn og fødselsdato, og registrerer om dei har delteke i mekling. Frammøte kjem med på statistikken i fagsystemet FADO. Familiekontora har organisert seg slik at personell i resepsjonen kan ha tilsyn med barna etter at dei er høyrt og dei ventar medan foreldra er inne til mekling. Det går fram av statistikk og leiaren sine svar at familiekontora har høg måloppnåing for barns deltaking i mekling i 2017. I 2016 vart det gjennomført samtale med barn i 33 av 226 saker. Våren 2017 vart det gjennomført samtale med barn i 37 av 126 meklingssaker. Utover barnesamtaler i samband med mekling, starta familiekontora i oktober 2017 samtalegrupper etter samlivsbrot. Tilbodet «Familiar som bur i to hus» er delt i foreldregruppe, barnegruppe og ungdomsgruppe. Dei har òg kjøpt inn «Skilsmisseboka» som vert delt ut til alle kursdeltakarane. Familiekontora organiserer seg slik at det er tilgjengeleg personell i resepsjonen når barn er på venterommet medan foreldra er inne til mekling. Dei stiller spørsmål ved kven som har juridisk ansvar for barna medan dei ventar, samtidig som tilsette ved familievernkontor ikkje skal levere politiattest. Fylkesmannen vurderer at Familiekontora for Sunnfjord og Sogn i sitt arbeid er merksame på og opptekne av barns medverknad og retten til å bli høyrde. Fylkesmannen har ikkje avdekka lovbrot på området. 6. Dokumentgrunnlag for tilsynet Svar frå leiar ved familiekontora om dei ulike spørsmåla knytt til tema for tilsynet Oversikt over tilsette, utdanning, stillingsstorleik og funksjon Disposisjonsskriv 2017 (verksemdplan) Årsrapport/tertialrapport for 2016 Skriftlege prosedyrar og rutinar innan tilsynsområdet Mal for innkalling til mekling og informasjonsmateriale, inkludert informasjon til barn Rutine/sjekkliste for første obligatoriske meklingstime Informasjonsskriv om barns rett til å bli høyrt Rutine for opplæring og informasjonsmateriale til tilsette om opplysningsplikta til barnevernet Mal for bekymringsmelding til barnevernet Statistikk for samtalar med barn i 2016 og 2017

8 Statistikk for tal meldingar til barnevernet i 2016 og 2017 Saksmapper innanfor tilsynstema