Møteprotokoll Nærøyfjorden verneområdestyre Utval: Møtestad: Scandic Byparken, Bergen Dato: 27.02.2015 Tidspunkt: 11:00 12:30 Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Leder AUR Hans Erik Ringkjøb Nestleder VOSS Marta Finden Halset Medlem VIK Aslaug Hellesøy Medlem HOFK Følgjande medlemmar meldte forfall: Namn Funksjon Representerer Eva Hage Solstad MEDL SFFK Jan Geir Solheim MEDL LÆR Merknadar Sak 10/15 kom opp etter møteinnkallinga var sendt ut. Saka med saksframlegg vart lagt fram i møtet. Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Anbjørg Nornes Sekretær Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at det som er ført på dei sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som vart vedteke på møtet.
Saksliste Utvalssaksnr ST 5/15 ST 6/15 ST 7/15 Innhald Lukka Arkivsaksnr Godkjenning av innkalling og dagsorden Underskrift av protokoll frå førre møte Nærøyfjorden landskapsvernområde - søknad om dispensasjon om mellombels bygg på Salthella i Dyrdal ST 8/15 Nærøyfjorden landskapsvernområde - snøskutertransport til Øvra Brevatnet i samband med forskingsprosjekt ST 9/15 Nærøyfjorden landskapsvernområde - fordeling av tiltaksmidlar 2015 ST 10/15 Nærøyfjorden landskapsvernområde plassering av naudnettmast i landskapsvernområdet på Skjerpi i Gudvangen RS 1/15 Andre saker: Delegasjon av myndighet til å behandle klagesaker etter naturmangfoldloven 2015/577 2015/507 2014/4302 2014/2669 2013/437 Møteplan for Nærøyfjorden verneområdestyre 2015 Neste møte i verneområdestyret vert 22. juni. Møtet er planlagt å vera i Fresvik, og vil verta eit heildagsmøte med synfaring i området. Oppfylging av sak om erosjon i strandsona Leiar og forvaltar har invitert til møte 4. mars for å diskutera moglege løysingar og tiltak for å redusera utfordringar med erosjon i strandsona i Nærøyfjorden landskapsvernområde. Næringsselskap med kommersiell transport på fjorden, Kystverket, Aurland Havnevesen, Aurland kommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er invitert til møtet. ST 5/15 Godkjenning av innkalling og dagsorden Innkalling og dagsorden vart godkjent. ST 6/15 Underskrift av protokoll frå førre møte
Protokoll frå styremøte 16.12.14 og 27.01.15, og frå arbeidsutvalet 21.11.14 vart underskrivne. ST 7/15 Nærøyfjorden landskapsvernområde - søknad om dispensasjon om mellombels bygg på Salthella i Dyrdal Handsaming i møte i samsvar med innstilling frå forvaltar. Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Flåm Guideservice AS løyve til fylgjande tiltak på Salthella i Dyrdal, gnr. 67 bnr. 1, med heimel i naturmangfaldlova 48 fyrste ledd: Oppføring av inntil 3 gapahukar på etablert leirplass i åra 2015 til og med 2017. Vidareføring av flytebryggja slik den er plassert i dag, i nordenden av stranda, i åra 2015 til og med 2017. Løyvet vert gjeve med fylgjande vilkår: Bruken av leirplassen skal vera til minst mogleg ulempe for ålmenta. Gapahukane skal ikkje brukast til overnatting. Gapahukane skal tilpassast terrenget utan terrenginngrep. Storleiken på kvar gapahuk kan vera inntil 4 meter brei og med maksimal høgde på 2 meter i framkant. Gapahuken skal byggast av trestokkar frå området, taket kan tettast med mørk duk og dekkast med kvist. Flytebryggja skal vera tilgjengeleg for ålmenta. Verneområdestyret kan be om at gapahukane og flytebryggja skal fjernast dersom det har negative konsekvensar for verneverdiane i landskapsvernområdet. Tiltaka skal fjernast når løyveperioden går ut. Tiltakshavar skal rydda området, og plassen skal tilbakeførast til mest mogleg naturleg tilstand. Det må søkjast om nytt løyve for eventuell vidareføring av tiltaka. Plassering av gapahuken skal gjerast i samråd med forvaltar. Dette løyvet er berre behandla etter verneforskrifta. Løyvet vert gjeve med atterhald om løyve frå grunneigar, og naudsynte godkjenningar frå Aurland kommune. ST 8/15 Nærøyfjorden landskapsvernområde - snøskutertransport til Øvra Brevatnet i samband med forskingsprosjekt
Handsaming i møte i samsvar med innstilling frå forvaltar. Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Sunniva Solheim Vatle ved Universitet i Bergen løyve til to turar med snøskuter på ruta Fresvik-Jordalen Nedra Brevatnet Øvra Brevatnet Hestadstodvatnet i perioden 7. april til 9. mai 2015. Snøskutertransporten er i samband med forskingsprosjektet. Løyvet er gjeve med heimel i naturmangfaldlova 48. Løyvet gjeld med fylgjande vilkår: Det kan køyrast med inntil 2 snøskuterar på kvar tur. Snøskuterane har registreringsnummer 10H2449 og 10F7624. Køyringa skal avgrensast til det som er naudsynt. Transporten skal om mogleg skje utanom helgedagar av omsyn til friluftslivet. Det skal takast omsyn til naturmiljøet (særleg villrein) og folk i området under transport Statens Naturoppsyn v/kristoffer Ullern Hansen (mob. 970 97 720) skal varslast på førehand om kva dag det vert køyring. Han vil kunne gje melding om det må takast spesielle omsyn til villrein eller andre naturverdiar i området. Dette løyvet og køyrebok skal vera med under transporten. Køyrebok skal fyllast ut før turen startar. Det skal sendast skriftleg rapport om gjennomført transport innan 01.08.2015 til sekretariatet for verneområdet. ST 9/15 Nærøyfjorden landskapsvernområde - fordeling av tiltaksmidlar 2015 Handsaming i møte Tildelinga av tiltaksmidlar for 2015 er på kr. 450 000. Styret fordelte midlane etter prioritering i tiltaksplanen, men med nokre endringar. Postvegen skal vedlikehaldast med midlar som var avsett til arbeidet i 2014. Arbeidet skal lysast ut på anbod. SNO vert bedt om å prioritera arbeidstid på tilsyn med postvegen. Skjøtselsavtalane med grendalaga må tilpassast naudsynt vedlikehaldsarbeid i 2015, inkludert ekstra kostnader med vedlikehald av bruer og stiar etter flaumen i oktober 2014. Finansiering frå naturskadefondet må sjåast i samanheng med tiltaksmidlane. Vegen i Dyrdal har fått finansiering etter flaumskadar i 2014, og vert ikkje prioritert med tiltaksmidlar. Tilrettelegging av rasteplassar skal gjennomførast etter bestilling og avtale med SNO. Arrangement vert finansiert med driftsmidlar til styret, jf. tildelingsbrev frå Miljødirektoratet. Fordeling av tiltaksmidlar (eks. mva): Tiltak basert på tildelte tiltaksmidlar Samarbeidsaktørar Kostnad Tiltaksmidlar
Styvi - Holmo. Skjøtsel av kulturlandskap i samsvar med skjøtselsplan Stigen. Skjøtsel av kulturlandskap i samsvar med skjøtselsplan Tilsyn, vedlikehald av postvegen Styvi Bleiklindi, skjøtselsplan Skjøtsel og vedlikehald av stiar og område i Dyrdal, Bakka, Nåli, Fresvik, Stokko, Nedbergo, Fronnes jf. skjøtselsplanar. Nye bruer etter flaumen i 2014. Informasjonstiltak i verneområdet. Merking av stiar Tilrettelegging av rasteplassar langs fjorden 2015 2015 Grunneigar 200 000 200 000 Grunneigar 72 000 72 000 Grunneigar 24 000 Avsett tiltaksmidlar 2014 Grunneigarar, SNO 367 400 168 000 SNO, Verdsarvparken 12 000 Arrangement/ driftsmidlar SNO 8 000 0 Hogst, rydding langs vegen i Dyrdal Kommune, grunneigar 24 000 0 Innfallsport, toalett i Dyrdal Grendalag, kommune, 10 000 10 000 reiselivsaktørar Vedlikehald av toalett på Styvi. Viktig i samband med arrangementet kongevegmarsjen. Grunneigar, kommune, reiselivsaktørar 4 000 Arrangement/ driftsmidlar Markering av 10-årsjubileum for verdsarvområdet og friluftslivets år 2015 Verdsarvrådet, Verdsarvparken 40 000 Arrangement/ driftsmidlar Sum 761 400 450 000 Forvaltar fordeler tiltaksmidlar innafor rammene styre har sett for prioriterte område. ST 10/15 Nærøyfjorden landskapsvernområde - plassering av naudnettmast i landskapsvernområdet på Skjerpi i Gudvangen Handsaming i møte i samsvar med innstilling frå forvaltar. Nærøyfjorden verneområdestyre gjev ikkje Technogarden AS dispensasjon til å ha ei naudnettmast ståande på Skjerpi i Nærøyfjorden landskapsvernområde. Naudnettmasta skal plasserast utanfor landskapsvernområdet i tråd med byggeløyve frå Aurland kommune. Avslaget er heimla i verneforskrifta for Nærøyfjorden landskapsvernområde 3 pkt. 1.1. Nærøyfjorden verneområdestyre sender saka over til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for oppfylging med å retta opp tiltaket, jf. naturmangfaldlova 69.
RS 1/15 Delegasjon av myndighet til å behandle klagesaker etter naturmangfoldloven