Saksframlegg Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Gbada, Svanhild Hjorteland K1-130 14/776 «Beskrivelse» «Paragraf» Saksnr Utvalg Type Dato 139/16 Formannskapet PS 06.12.2016 085/16 Kommunestyret PS 14.12.2016 REGIONALPLAN FOR SJØAREAL - HAVBRUK - HØYRINGSUTTALE Vedlegg: Saksutgreiinga til fyrste gongs politisk handsaming Forslag til regionalplan sjøareal havbruk 020920161 Høyringsbrev VEDLEGG_Utdrag Kystsoneplan2002_retningslinjer_mål_tiltak Forslag til vedtak: Hjelmeland kommune viser til framlegg til «Regionalplan for sjøareal havbruk». For Hjelmeland kommune er havbruksnæringa særs viktig. Kommunen ønskjer at havbruk, sjømatproduksjon og fokus på «nyare marine artar» skal vere satsningsområde òg i framtida. Kommunen ønskjer difor planen velkommen då den er med på å rette søkjelys på, auker kunnskapen og prioriterer viktige forhold innan vår næringsutvikling. Hjelmeland kommune har følgjande innspel til planarbeidet: 1. Mål/delmål og tiltaksdel kunne vore tydelegare og meir konkret ift definisjonen på havbruk. Retninglinjene 1-9 kunne med føremon vore forkorta og samordna då mykje av dette er uansett er heimla i plan-og bygningslova og er del av kommunane si planlegging. 2. Marin grunnkartlegging må prioriterast. Planen må følgjast opp konkret med fylkeskommunale årlege løyvingar slik foreslått i handlingsdelen. Ein bør òg ha ein konkret framdriftsplan på dette arbeidet, samt ei klargjering saman med næringa kva ein vil med kartlegginga. Kartlegginga bør òg ta omsyn til forsking og utvikling av «nye» marine artar. Dette som viktig grunnlag for framtidig heilskapleg planlegging i sjø. 3. Rogaland Fylkeskommune bør vere pådrivar og vertskap for ein strukturert samhandlingsarena mellom tilgrensande kystkommunar og mellom næringa og kommunane; td som vertskap for strategiske «fjordatreff». 4. Planen burde hatt tydelegare/spissa mål ift «nye» marine artar som td marine algar/tang/tare, skjell, krepsdyr mm, samt ei offansiv satsing på forsking og kunnskapsutvikling. Dette bør innarbeidast som konkrete tiltak i handlingsdelen, gjerne i form av konkrete løyvingar med framdriftsplan jf handlingsplanperioden. 5. Sjølv om regionalplanen er ein plan for sjø, bør ein i planen òg fokusere meir på samanheng mellom sjø-og landsbasert sjømatproduksjon, samt utvikling av regional infrastruktur som er
naudsynt for å optimalisere næringa. Samordning av regionale planar er viktig. Hjelmeland, den 25.11.2016 Dag Flacké Rådmann Formannskapet - 139/16 FSK - behandling: Behandling: Tilleggsforslag:, foreslått av Jacobsen, Lin Veronica, <tittel> Punkt 6: Økonomiske insitament for auka produksjon i sjø må klarleggjast/presiserast betre overfor fylkeskommunen og vertskommunene. For å skapa insitament for kommunane til å vera med på sjømatutviklinga, er det veldig viktig at kommunane får noko direkte igjen for arealbruken med vidare. Røysting: Tilleggsforslag frå Lin V. Jacobsen: Samrøystes vedteke Rådmannen sitt forslag med vedteke tillegg: Samrøystes vedteke FSK - vedtak: Framlegg til kommunestyret: Hjelmeland kommune viser til framlegg til «Regionalplan for sjøareal havbruk». For Hjelmeland kommune er havbruksnæringa særs viktig. Kommunen ønskjer at havbruk, sjømatproduksjon og fokus på «nyare marine artar» skal vere satsningsområde òg i framtida. Kommunen ønskjer difor planen velkommen då den er med på å rette søkjelys på, auker kunnskapen og prioriterer viktige forhold innan vår næringsutvikling. Hjelmeland kommune har følgjande innspel til planarbeidet: 1. Mål/delmål og tiltaksdel kunne vore tydelegare og meir konkret ift definisjonen på havbruk. Retninglinjene 1-9 kunne med føremon vore forkorta og samordna då mykje av dette er uansett er heimla i plan-og bygningslova og er del av kommunane si planlegging. 2. Marin grunnkartlegging må prioriterast. Planen må følgjast opp konkret med fylkeskommunale årlege løyvingar slik foreslått i handlingsdelen. Ein bør òg ha ein konkret framdriftsplan på dette arbeidet, samt ei klargjering saman med næringa kva ein vil med kartlegginga. Kartlegginga bør òg ta omsyn til forsking og utvikling av «nye» marine artar. Dette som viktig grunnlag for framtidig heilskapleg planlegging i sjø.
3. Rogaland Fylkeskommune bør vere pådrivar og vertskap for ein strukturert samhandlingsarena mellom tilgrensande kystkommunar og mellom næringa og kommunane; td som vertskap for strategiske «fjordatreff». 1. Planen burde hatt tydelegare/spissa mål ift «nye» marine artar som td marine algar/tang/tare, skjell, krepsdyr mm, samt ei offansiv satsing på forsking og kunnskapsutvikling. Dette bør innarbeidast som konkrete tiltak i handlingsdelen, gjerne i form av konkrete løyvingar med framdriftsplan jf handlingsplanperioden. 1. Sjølv om regionalplanen er ein plan for sjø, bør ein i planen òg fokusere meir på samanheng mellom sjø-og landsbasert sjømatproduksjon, samt utvikling av regional infrastruktur som er naudsynt for å optimalisere næringa. Samordning av regionale planar er viktig. 2. Økonomiske insitament for auka produksjon i sjø må klarleggjast/presiserast betre overfor fylkeskommunen og vertskommunene. For å skapa insitament for kommunane til å vera med på sjømatutviklinga, er det veldig viktig at kommunane får noko direkte igjen for arealbruken med vidare. Kommunestyret - 085/16 KST - behandling: Behandling: Røysting: Samrøystes i samsvar med framlegg frå formannskapet. KST - vedtak: Hjelmeland kommune viser til framlegg til «Regionalplan for sjøareal havbruk». For Hjelmeland kommune er havbruksnæringa særs viktig. Kommunen ønskjer at havbruk, sjømatproduksjon og fokus på «nyare marine artar» skal vere satsningsområde òg i framtida. Kommunen ønskjer difor planen velkommen då den er med på å rette søkjelys på, auker kunnskapen og prioriterer viktige forhold innan vår næringsutvikling. Hjelmeland kommune har følgjande innspel til planarbeidet:
1. Mål/delmål og tiltaksdel kunne vore tydelegare og meir konkret ift definisjonen på havbruk. Retninglinjene 1-9 kunne med føremon vore forkorta og samordna då mykje av dette er uansett er heimla i plan-og bygningslova og er del av kommunane si planlegging. 2. Marin grunnkartlegging må prioriterast. Planen må følgjast opp konkret med fylkeskommunale årlege løyvingar slik foreslått i handlingsdelen. Ein bør òg ha ein konkret framdriftsplan på dette arbeidet, samt ei klargjering saman med næringa kva ein vil med kartlegginga. Kartlegginga bør òg ta omsyn til forsking og utvikling av «nye» marine artar. Dette som viktig grunnlag for framtidig heilskapleg planlegging i sjø. 3. Rogaland Fylkeskommune bør vere pådrivar og vertskap for ein strukturert samhandlingsarena mellom tilgrensande kystkommunar og mellom næringa og kommunane; td som vertskap for strategiske «fjordatreff». 1. Planen burde hatt tydelegare/spissa mål ift. «nye» marine artar som td marine algar/tang/tare, skjell, krepsdyr mm, samt ei offensiv satsing på forsking og kunnskapsutvikling. Dette bør innarbeidast som konkrete tiltak i handlingsdelen, gjerne i form av konkrete løyvingar med framdriftsplan, jf. handlingsplanperioden. 2. Sjølv om regionalplanen er ein plan for sjø, bør ein i planen òg fokusere meir på samanheng mellom sjø-og landsbasert sjømatproduksjon, samt utvikling av regional infrastruktur som er naudsynt for å optimalisere næringa. Samordning av regionale planar er viktig. 3. Økonomiske insitament for auka produksjon i sjø må klarleggjast/presiserast betre overfor fylkeskommunen og vertskommunene. For å skapa insitament for kommunane til å vera med på sjømatutviklinga, er det veldig viktig at kommunane får noko direkte igjen for arealbruken med vidare. Saksopplysninger: Samandrag Rogaland Fylkeskommune har utarbeidd forslag til «Regionalplan for sjøareal havbruk» og denne er nå ute på høyring. Hjelmeland kommune er ein stor oppdrettskommune og det er vedtatt i komunal planstrategi at havbruk og oppdrett skal vere satsingsfelt òg ift ny kommuneplan. Det er difor svært aktuelt for kommunen å ha fokus og synspunkt regionalplanen for havbruk. Fakta Fylkeskommunen vedtok i sin regionale planstrategi i 2012 at gjeldande kystsoneplan frå 2002 skal erstattast med nye regionalplan for sjøareal. Planforslaget byggjer òg på Fylkeskommunen sin Regionalplan for næringsutvikling vedtatt 2011 herunder Akvakulturstrategien vedtatt 2013: Havbruksnæringa er eit satsingsområde innan regional utvikling og næringspolitikk. Hjelmeland kommune hadde akvakulturstrategien til høyring i formannskapet 09.04.14 i sak 49/13. Rogaland står over for eit grønt skifte i samfunnsutviklinga og ei styrka satsing på bioøkonomi, der havbruk representererer eit stort potensiale ift auka verdiskaping og auka produksjon av sjømat.
Regionalt legg Akvakulturstrategien opp til ei dobling av produksjon av sjømat frå 2010 til 2020, medan ein nasjonalt legg opp til ei femdobling av sjømatproduksjon innan 2050. Dette er eit viktig bakteppe ift utarbeiding av havbruksplanen som nå er på høyring. Vidare byggjer planforslaget på «Planprogram for Regionalplan for sjøareal havbruk» vedtatt av Rogaland Fylkesting august 2015. Planprogrammet fastsette mål, føringar, framdrift og prosess for planutarbeidinga. Hjelmeland kommune hadde dette planprogrammet til høyring i Kommunestyret 17.12.2014, sak 82/14. I uttalen uttrykte kommunen seg positivt til planarbeidet, ein ønskja å vere aktiv deltakar og uttrykte ønskje om at dei store havbruksaktørane blei direkte involvert i arbeidet. Kommunen har òg vore, og er, aktiv med ettersom ordføraren sit i styringsgruppa for planarbeidet. Kommunestyret har òg undervegs i prosessen fått informasjon om planarbeidet direkte frå Fylkeskommunen og BluePlanet, jf orienteringsak i Kommunestyret 27.05.2016. Planforslaget blei behandla i fylkesutvalet i møte 20. september 2016 sak 149/16 der de vedtok å leggja planen på høyring. Innhald i planen: «Regionalplan for sjøareal havbruk» er ikkje ein arealbruksplan, og heller ikkje ein plan for all nærings-og interesseomsyn i sjø. Planen er ein rein næringsplan og er spissa på havbruk i sjø (heller ikkje naturleg tilhøyrande landområde ift havbruk er omtalt/tatt med). Tematisk avgrensing: gjeld kun havbruk. Havbruk er ifl fylkeskommunen definert til å gjelde «all dyrking og produksjon av sjømat, andre næringsmiddel og ingrediensar i sjøen» Geografisk avgrensing: alt sjøareal i Rogaland, unntatt delar av Vindafjord (Hordaland). Planen har likevel ingen kartdel, men i kartportalen Temakart Rogaland www.temakart-rogaland.no/rps er relevante sjøtema kartfesta; og dette blir òg ein sentral portal for vidare planlegging. Retningslinjer, s 49-50 Regionalplanen listar opp 9 retningslinjer (s 49-50) for vidare kommunal samfunns-og arealplanlegging; td at kommunane skal planleggje i sjø, gjerne i samarbeid med nabokommunar, og at planlegginga skal vere kunnskaps-og dialogbasert og heilskapleg ift andre interesser. Handlingsprogram 2016-20120, utsnitt frå planen s 53-54: Dialog og samhandling Gjennomføringa av handlingsprogrammet skal organiserast som eit prosjekt i fylkeskommunen med ein prosjektansvarleg og ei faggruppe som prosjektleiar. Handlingsprogrammet gjeld i perioden 2016 2020. Det skal leggjast fram ein årleg rapport for politikarane om status i gjennomføringa. Handlingsprogrammet har desse satsingsområda: Mobilisering til å setja havbruket på dagsorden i samfunns- og arealplanlegginga
Kompetanse om arealplanlegging i sjø og havbruksnæringa. Kunnskapsproduksjon for å kunna vurdera kor eigna sjøareala er til å produsera sjømat og til å kunna vurdera verknader av næringsareal til havbruket i sjøen på samfunn og miljø. Lovar, føresegner, rundskriv Regionalplanar er heimla i plan-og bygningslova. Økonomiske konsekvensar Planen har ingen direkte konsekvensar for kommunen, men havbruksnæringa er stor og viktig både for lokalsamfunnet og Hjelmeland kommune, og slik sett store indirekte økonomiske verknader. Gjeldande planar, retningsliner og vedtak Hjelmeland kommune sin «Kommuneplan 2011-2023 Hjelmeland naturlegvis samfunns og arealdel» vedtatt 16.06.2011: vår kommuneplan omhandlar havbruk som eit satsingsområde og som ei viktig næring, både i samfunnsdel og arealdel. I arealdelen har ein avsett 23 område i sjø som einbruksområde Akvakultur + relevante næringsområde på land. Mindre enn halvparten av akvakulturlokalitetane er i drift, og det er til laks- og kveiteproduksjon (med tilhøyrande smoltproduksjon og slakterier på land).
Utsnitt frå kommuneplanen akvakulturlokalitetar med påførte godkjende konsesjonar. Kjelde:TemakartRogaland I kommuneplanens arealdel er det òg avsett mange lokalitetar med tanke på skjellopdrett: i åra etter 2000 blei det gitt ca 7 konsesjonar til skjell. Men desse er ikkje i drift (nokre aldri tatt i bruk, andre ligg brakk). På ein av lokalitetane er det gitt konsesjon til havbeite; ein konsesjon som i desse dagar er under fornying: Norsk Hummer. På starten av 2000-talet var det òg ønskje om etablering av kråkebolleoppdrett; men dette blei aldri realisert. Kommunen har i fleire planperiodar drive aktiv planlegging i sjø; og mesteparten av aktivitet/lokalisering av anlegg i sjø har vore styrt gjennom plan. Vedtatt planstrategi 2016: Kommunestyret i Hjelmeland har nyleg vedteke ny planstrategi, der havbruksnæringa skal prioriterast som ei av kommunen si viktigaste næringar. Det er nå under utarbeiding eit planprogram, klar til politisk behandling på nyåret 2017. Planprogrammet vil legge føringar for vidare samfunns-og arealplanlegging i Hjelmeland: Havbruksplanlegging i sjø og på land vil bli prioritert. Innkomne uttalar Kommunen har ikkje sendt regionalplanen vidare på høyring til andre aktørar; men ein reknar med at næringsaktørane i sjø er informert og orientert om planarbeidet direkte frå fylkeskommunen, og har høve til å kome med eigne innspel til regionalplanen, slik kommunane kan. Vurdering og konklusjon Havbruksnæringa er stor og viktig for Hjelmeland kommune; både ift verdiskaping/produksjon, ressursutnytting og sysselsettingseffekt som grunnlag for auka busetnad og vekst. Næringa er omtrent på lik linje med landbruk, som den andre store næringa i Hjelmeland. Ifl figur s 15 i planen er det 176 sysselsette i oppdrettsnæringa i Hjelmeland. Til samanlikning har landbruket ca 220 årsverk i Hjelmeland (litt uklart kva begge tala omfattar, men gir ein peikepinn om forholdet). I ein distriktskommune som Hjelmeland med snautt 2800 innbyggjerar er desse næringane tilsaman særs viktige for verdiskapinga. Havbruket i Hjemeland
består i dag primært laks- og kveiteproduksjon, samt slakt/eksport av desse, jf oversikt over og oversikt tab s 15 i regionalplanen. Hjelmeland kommune ynskjer difor ein regional havbruksplan velkommen. Det er positivt å få ein regional og heilskapleg prosess rundt næringa, herunder ein arena for tverrfagleg og heilskapleg strategitenking. Ein er vel kanskje litt meir i tvil om den spissa strategien kjem klart nok fram i sjølve planen. Ifl planprogrammet skal planen innehalde ein strategisk del som synleggjer havbruksnæringa si rolle. Etter rådmannen sitt syn er hovudbolken av planen fram til side 49 vel meir som ei forklarande situasjonsskildring å rekne eller ei blanding av kunnskapsformidling og synleggjering av konsekvensar og utfordringar meir enn eit strategisk styringsdokument. Ein saknar ei klarare spissing på strategien: korleis når ein målet for vekst i havbruket? Svaret planen gir, er i stor grad: vidare planlegging, kunnskapsinnhenting og kartlegging. Her meiner vel kommunen at fylkeskommunen sin plan burde vore meir spissa og meir konkret ift strategiske val for å nå målet om 5-dobla produksjon av sjømat i 2050 på ein berekraftig og balansert måte. Rogaland Fylkeskommune vedtok «Fylkesdelplan for kystsonen i Rogaland» i 2002. Det var ein vid plan med mange kystrelevante tema. Havbruk var eit eige tema/kapittel i den planen, kap 3.6. Det blei der vedtatt 20 retningslinjer for vidare offentleg planlegging og forvaltning direkte retta mot havbruk, og i tillegg eigne hovudmål og delmål, fulgt opp med konkrete tiltak m/ansvarsfordeling, sjå vedlegg side 55-56 frå 2002- planen. I det nå føreliggjande plandokument er det i særs liten grad vist til denne eldre planen, eller til desse retningslinjene, måla og tiltaka. Difor er det noko vanskeleg å sjå «tråden» i havbruks-strategien, og på den måten er det òg litt uklart korleis den nye planen skal overlappe/erstatte den eldre kystsoneplanen (som er utgått på dato, som det står i planforslaget). Mange av dei tiltaka som var lista opp i 2002-planen blei/blir brukt td i kommunal planlegging, mange er framleis aktuelle, mange av retningslinjene òg. Det kunne vore interessant med ein liten evalueringsdel; korleis virka 2002-planen? Kva gjenstår å oppnå? Er det kursendring? Korleis er statusen ift 2002-planen i dag? er dei ulike tiltaka uaktuelle idag? Eller framleis aktuelle? Etter kommunen sitt syn, er ein framleis ikkje i mål med alle av dei tiltaka ein priortiterte dengong, og mange av tiltaka er aktuelle òg i dag. Slik sett saknar kommunen ein klarare «raud tråd» i planlegginga; og ein kunne lettare sjå samanhengande i utviklinga - ev mangel på utvikling? 2002-Kystsoneplanen var svært tydeleg, godt strukturert og konkret oppbygd ift mål del mål og tiltak/ansvar. Den nye planen kunne med føremon vore like klar på dette som 2002-planen. Elles er definisjonen på havbruk i planen: «all dyrking og produksjon av sjømat, andre næringsmiddel og ingrediensar i sjøen» Etter rådmannen sitt syn er det vel mest fokus på sjømat, og mindre på «andre næringsmiddel» og «ingrediensar i sjøen» - òg dette kunne vore tydelegare ift måloppnåinga. Rogaland Fylkeskommune har òg vedtatt «Akvakulturstrategi for Rogaland», som ein del av Regionalplan for Næringsutvikling. Eitt av formåla med dette nye planforslaget som nå føreligg, er ifl planprogrammet: å følgja opp akvakulturstrategien; som seier at «areal til havbruk er ei av dei store utfordringane dersom produksjon av sjømat skal auka». Men i det framlagde planforslaget er det i liten grad vist til den vedtekne strategien så òg her slit ein litt med den «røde tråden». Og korleis løyser planen utfordringane ift areal?? Svaret i planforslaget er: «kommunal arealplanlegging»: På side 49-52 i planen er det lista opp 20 retningslinjer til vidare kommunal planlegging. Kort sagt: retningslinjene slår fast at kommunane skal bruke planstratgi, planprogram og samfunns/arealplanlegging som aktive verktøy for å nå sine visjonar ift havbruk. Vidare skal planlegginga skal vere kunnskapsbasert, samordna og dialogbasert. Etter rådmannen sitt syn er dette ikkje noko nytt: kommunane har i årevis drive dialogbasert planlegging og skal uansett - òg i framtida - gjere det. Ein god del av desse retningslinjene er sjølvsagte gjennom plan-og bygninglova: all planlegging skal vere kunnskapsbasert,
heilskapleg og dialogbasert: det er det planlegging handlar om. Fleire av desse retningslinjene kunne med føremon ha vore forkorta, slådd saman eller spissast klarare. Etter kommunen sitt syn, så kunne nesten dei 9 retningslinjene vore slått saman til same ordlyd som gitt i det eine punkt 6.1.7 Kystsoneplanen frå 2002 der det står: «Framtidig kystsoneplanlegging og tilrettelegging for akvakultur skal i økt grad bygge på samarbeid, kunnskapsbasert forvaltning og se større områder i samanheng» - der både sektormyndigheiter, næringa, fylkeskommune og kommunane har eit felles ansvar. Det er elles korrekt at kunnskapsgrunnlaget i sjø er meir mangelfullt enn på sjø; men det konstaterte ein alt med i Kystsoneplanen i 2002, der ein òg dengong la auka kartlegging inn som tiltak. Ja, ein har kome lengre nå enn for 10-12 år sidan, men endå er temakartlegginga i sjø mangelfullt. Hjelmeland kommune finn difor punktet i handlingsdelen om marin kartlegging svært viktig, spesielt at det er konkretisert med midlar på 1 mill pr år. Ein kunne ønskja at framdrifta på denne kartlegginga gjekk raskare og blei høgare prioritert. Td vil ikkje denne kunnskapsbasen vere på plass når Hjelmeland skal revidere sin kommuneplan i 2017. Ein oppmodar fylkeskommunen sterkt til oppretthalde tiltaket marin grunnkartlegging i planen og auke trykket ift framdrif, og at avsett sum blir fulgt opp i fylkeskommunen sine årlege budsjett fram i handlingsplanperioden til 2020. Rogaland Fylkeskommune skal elles vere ein regional utviklingsaktør; og slik sett er det bra å få regional drahjelp til kartlegging. Dette med samarbeid mellom kystkommunar er elles ein god idè som kanskje kunne vore løfta klarare fram i handlingsdelen. Rådmannen meiner RFK kan vere tilretteleggjar og «vertskap» for å etablere ein tverrfagleg møteplass for fjordkommunar med tilgrensande areal som eit slags strategisk «fjordatreff» (omtrent av same prinsipp som heiplan-møtene). Td kan dette skje gjennom allereie etablerte forum; som td regional planforum. Ein av erfaringane som Hjelmeland merkjer seg ift arealplanlegginga er at det kunne vore tettare dialog på tvers av kommunegrenser; slik at td lokalisering av akvakulturområde blir samordna. Ein tykkjer òg det er ein god oppmoding at havbruksnæringa skal ha ein plankontakt. Nokre av dei store aktørtane har det vel allereie; men kanskje dette kunne vore samordna betre på tvers mellom ulike aktørar i dag og opp mot kommunane. Næringa bør ha ein felles agenda for å få kommunane til å leggje til rette for havbrukssatsning gjennom planlegging. Næringa sit på enorm fagkunnskap som kommunane kan dra nytte av i si planlegging, samstundes som kommunane administrerar viktige planprosessar som det er viktig for næringa å delta aktivt i. Kanskje kunne Fylkeskommunen òg virke som ein katalysator og nettverksbindar i denne samanheng, på same måte som i punkt ovanfor, td gjennom strukturerte regionale planforum. I Hjelmeland har ein drive kystsoneplanlegging i åresvis og faktisk har arealdel for sjø hittil fungert relativt godt: lokaliseringa av oppdrettslokalitetar er i stor grad blitt avklart gjennom kommuneplanposess. Ei av utfordringane har vore å «nå ut» ift planprossen; rette aktørar på banen til rett tid er viktig i ein planprosess. Dette er nok noko regionalplanen er med på å styrke; den synleggjer viktigheita av kommuneplanlegginga òg for denne næringa. Tilhøyrande landareal og infrastruktur Det er poengtert at denne regionalplan omhandlar kun sjøareal. Det er viktig å ha med at utvikling innen oppdrettsnæringen òg medfører meir behov for landareal og ferksvannsressursar. Det er ein viktig konsekvens av produksjonsutviklinga. Det er avgjerande at ein her ser samanhengane mellom sjø og land, og at ein samordnar dette for å kunne sikre ei god utvikling for sjømatindustrien framover. Det same gjeld infrastruktur: det er behov for utvikling av vegnett, kai og havneareal, samt gode transportkorridorar i sjø. Fokus på nye artar eit enormt framtidig potensiale Det blir framheva at verda, Norge og Rogalandskommunanen står framfor eit blå/grønt skifte, og at potensiale for auka marin verdiskaping er stor. I dag kjem mesteparten av sjømaten her frå oppdrett av fisk; slik sett ei stor «mononæring». Verda si folkevekst fører til store utfordringar, men òg store moglegheiter,
og hav/sjø er venta å vere ein viktig nøkkel for å løyse verda sine matutfordingar framover. Norge og Rogaland har høge ambisjonar for havbruksnæringa. I framtida vil sannsynlegvis satsing på andre marine artar vere eit vel så stort potensiale, og kanskje enda større òg i Rogaland og Ryfylke. Fokus på andre marine artar som krepsdyr, skjell, bløtdyr, marine alger/tang/tare mm burde kanskje fått større merksemd i ein offansiv regionalplan enn nå. Etter det ein forstår er utfordringa her knytt til forsking og kunnskapsutvikling samt at samfunnet er villige til å setje av tilstrekkeleg og rett sjøareal for òg denne greina av marin næring. Pr i dag har ikkje kommunane kunnskap nok om desse nye artane som potensiale for næringsvekst, og heller ikkje kva behov/lokaliseringsfaktorar ei slik potensiell næring vil ha. Difor kan pr i dag ikkje kommunal og/eller regional planlegging i seg sjølv løyse utfordringane her. Her må det satsast sterkt på forsking, innovasjon og gründerverksemd. Kommunen meiner handlingsdelen i planen òg burde hatt meir offansiv satsing og fokus på nye marine artar, konkret i første omgang handlingstiltak spissa mot forsking og kunnskapsutvikling.