HANDLINGSRUTINAR. Rutinar for kommunalt tilsette

Like dokumenter
Rutinar for kommunalt tilsette

HANDLINGSRUTINAR. Rutinar for kommunalt tilsette

Rutinar for kommunalt tilsette

Du må tru det for å sjå det

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Godkjent av kommunstyret

Info til barn og unge

Vold og seksuelle overgrep mot menneskjer med utviklingshemming. Inge Nordhaug RVTS Vest

Handlingsrettleiar BTI

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»


Melding til barneverntenesta Bremanger kommune.

Seksuelle overgrep mot barn. Marit H S Johnsen Sept 2010

Vold mot kvinner og barn er eit stort folkehelseproblem

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

Bjarte Gangeskar Barnevernsleiar i Eid og Selje Frå 2020: Stad kommune. Tema Korleis avdekke og følgje opp vald i nære relasjonar?

Barnet si stemme i NAV. Loen

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Vold i nære relasjoner og vold mot eldre. Dialogmøter i Trøndelag, høsten 2018

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

KRISE- OG INCESTSENTERET I FREDRIKSTAD en virksomhet i Stiftelsen Blå Kors Fredrikstad For kvinner, menn og deres barn. også for.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Pulsen på Noreg. Jon Atle Rise Leiar av Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom

FIRFOTMODELLEN. Fødselsdato

FØREBYGGING OG HANDTERING AV SEKSUELLE KRENKINGAR

Til deg som er fråteken omsorga for barnet ditt

Hvem utøver vold. Geiranger 13. mai 2019 v/ Rådgiver Inger Jepsen Epost:

Til deg som bur i fosterheim år

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

MOT SEKSUELLE OVERGREP

Oppfølging av opplæringsprogram til barnehagane i Førde. Barnekonferanse i Loen Jorunn Liv Kleiven

Innsats i BTI Barnevern

Samarbeidsprosedyre mellom Tysnesbarnehagane og barneverntenesta i Tysnes kommune

KRISE- OG INCESTSENTERET I FREDRIKSTAD en virksomhet i Stiftelsen Blå Kors Fredrikstad

HANDLINGSPLAN VED VALD OG SEKSUELLE OVERGREP MOT BARN OG UNGE Gjeldande for Ulvik herad

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Minnebok. Minnebok NYNORSK

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Trivsel og vekstvilkår

POLITIRÅD FOR KOMMUNANE VOSS, VAKSDAL, ULVIK OG GRANVIN FØREBYGGING AV RADIKALISERING

Kjønnslemlesting og tvangsekteskap

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Seksuelle overgrep Dialogmøte Risør. 13.mars 2019

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Er det auka behov for barnevernleiing?

Reflekterande team. Oktoberseminaret Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

HANDLINGSPLAN MOT VALD OG TRUGSMÅL I NÆRE RELASJONAR BALESTRAND KOMMUNE Vedteken av Balestrand kommunestyre

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Barn som bekymrer - En handlingsveileder for innbyggere

VOLD MOT ELDRE. Psykolog Helene Skancke

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Handlingsplan mot vold i nære relasjoner

MELDESKJEMA BARNEVERN (Bekymringsmelding)

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Velkomen til Røde Kors!

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

6-åringar på skuleveg

PROSEDYRE VED BEKYMRING

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Hva er vold? Om ulike typer vold, avdekking og hjelp til barn og unge. Inge Nordhaug RVTS Vest

BTI Stord kommune. Stafettloggen - handlingsrettleiar

Skolepersonalets opplysningsplikt til barneverntjenesten Udir

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Meldeplikt til barnevernet og forholdet til taushetsplikten. Malin Bruun rådgiver, oppvekst- og utdanningsavdelinga

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Er du bekymret for et barn eller en ungdom?

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune

BARN I MIDT-NOREG. Ein del av studien. psykisk helse i barnehagen. Folkehelsekonferansen, Oslo 15. oktober 2014 Bodil Brautaset Fagkonsulent barnehage

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

RVTS Vest ( Inge Nordhaug RVTS Vest

Erfaring og forsking

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

HAR DU BARN ELLER UNGDOM SOM PÅRØRANDE? Når nokon i familiaen blir alvorleg sjuk

Innsats i BTI Psykisk helseteneste

Forsand kommune Rådmannen

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

FOR BARNAS BESTE MÅ DU TØRRE Å TENKE DET VERSTE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Arbeid med vold og overgrep i kommuner og regioner -sett fra et helsefaglig ståsted

Transkript:

Illustrasjon: Borghild Rud (1979) HANDLINGSRUTINAR Kva du skal gjere når du er bekymra for eller er gjort kjend med at barn blir eller har vore utsette for seksuelle overgrep, vald eller har vært vitne til vald i nære relasjonar? Rutinar for kommunalt tilsette

Kva skal du gjere? 2 HANDLINGSRUTINAR

Rutine ved bekymring om seksuelle overgrep/vald/vitne til vald NÅR BEKYMRING OPPSTÅR: Skriv ned av kva som gjorde at du vart bekymra for at barnet kan ha vore utsett for seksuelle overgrep/vald/vitne til vald. Kva var det som først gjorde deg bekymra for at barnet kan ha blitt utsett for seksuelle overgrep/vald/vitne til vald? Kva skjedde? Var det noko barnet sa eller gjorde? Kva sa barnet? (ordrett om mogeleg) Ta i mot det som blir sagt. Repeter det barnet seier og sei: fortel meir om det! Bruk opne spørsmål og setningar. Sei det var bra at barnet sa frå om dette, og at dette må vi må snakke meir om seinare. Kva gjorde barnet? (konkret atferdsbeskrivning) Korleis var kroppsspråket/ansiktsuttrykket? Fysiske teikn (f.eks. blåmerker, prøv å få sjå meir av kroppen ver kreativ) Når skjedde det? Kor skjedde det? Var det andre til stades? Kva hende før barnet røpte seg? Korleis reagerte du (eventuelt andre) på det barnet sa/gjorde? Kva sa du til barnet? Kva gjorde du heilt konkret? Har du snakka med barnet om dette seinare? Kven er informert om bekymringane dine? HANDLINGSRUTINAR 3

INFORMER LEIAR OM BEKYMRINGA Ved uttalelsar og/eller adferd som kan gi bekymring for at barn er utsett for seksuelle overgrep/vald/vitne til vald skal leiar i verksemda eller næraste faglege leiar kontakte barnevernleiar. Det er leiar sitt ansvar å melde vidare/representere verksemda ved bekymringsmelding. Dersom leiar ikkje melder frå har den tilsette eit sjølvstendig ansvar for å melde til barneverntenesta. Viser her til opplysningsplikten til barne verntenesta. Det skal ikkje takast kontakt med foreldre/føresette ved bekymring om seksuelle overgrep/vald/vitne til vald. Saka blir drøfta anonymt med barnevernleiar, for i fellesskap å vurdere vidare handling/tiltak. Ved bekymringsmelding til barneverntenesta, tar barneverntenesta ansvar for vidare framdrift. Dersom det ikkje er grunnlag for bekymringsmelding til barneverntenesta, skal foreldre underrettast om bekymringa etter at eventuell handling/tiltak er gjennomført og drøfta med barnevernleiar. Når mistenkt overgripar er ein kollega/tilsett, følg rutiner som i andre saker ifht samtale med barn og kontakt med barnevernleiar. Håndteres for øvrig i samsvar med rettleiar: «Barne- og familiedepartementet og utdannings- og forskningsdepartementet Q 1047; Veileder for utarbeidelse av plan for krisehåndtering» 4 HANDLINGSRUTINAR

Seksuelle overgrep og vald-teamet (SOV) Oppdrag og mandat SOV skal koordinere generelt førebyggjande og oppfølgande tiltak retta mot seksuelle overgrep/vald/vitne til vald. Fagpersonane som utgjer SOV skal halde seg fagleg oppdaterte på kunnskap om seksuelle overgrep/vald/vitne til vald mot alle personar, slik at kommunen blir betre til å takle desse sakene. SOV skal jobbe systematisk med å spre kompetanse om temaet ute i barnehagar, skular, sjukeheimar og andre samarbeidande instansar, og bistå desse i å utarbeide gode rutinar for å handtere slike saker. Deltakere i SOV Barnevernleiar - kontaktperson for barn og ungetenestene, leiar av teamet Psykolog kontaktperson for voksentenestene PPT leiar Leiar Helsestasjon/skolehelsetjenesten NAV leiar/fagansvarleg sosiale tenester NAV Barnehage fagleiar spes.ped. Skule rådgjevar Helse og førebygging - rådgjevar Aktivitet og omsorg avdelingsleiar/rådgjevar Representant frå Krisesenteret Vest IKS HANDLINGSRUTINAR 5

6 HANDLINGSRUTINAR Kva bør du vite?

Om seksuelle overgrep Med seksuelle overgrep eller seksuell utnytting meiner vi at avhengige og utviklingsmessig umodne barn og ungdomar vert trekt inn i seksuelle handlingar dei ikkje heilt forstår, som dei ikkje kan komme ut av, eller som dei ikkje har tilstrekkeleg kunnskap eller erfaring til å gi sitt begrunna samtykke til, eller som krenkar familierolla sine sosiale tabu (st.meld.53 1992-1993). Seksuelle handlingar kan vere alt frå kjærteikn, kyss, verbale seksuelle ytringar/forslag til berøring av intime kroppsdelar, samleie m.m. Førekomst Avhengig av kva definisjon som vert lagt til grunn får ein ulike tal på førekomst. I ei stor norsk undersøking utført av Sætre, Holter & Jebsen (1993) fann ein at 16% av den norske befolkninga har opplevd å bli misbrukt før fylte 18 år. 19% av jentene og 14% av gutane. Her la ein til grunn det personane sjølv opplevde som overgrep. Ved bruk av ein meir snever definisjon, som omhandlar gjentekne alvorlege overgrep, blir talet på førekomst av seksuelle overgrep mot barn på 5%. Kjenneteikn Det er ikkje spesielle kjenneteikn ved barn som blir utsett for overgrep. Alle barn kan bli utsett. Likevel ser det ut til at nokre livssituasjonar gjer at einskilde barn kan vere meir sårbare enn andre. Dette kan vere barn med foreldre eller besteforeldre som sjølv er blitt utsett for overgrep, søsken til barn som har blitt misbrukt i heimen, barn med stefedre, barn som er utsett for mishandling og omsorgsvikt, barn til kvinner som blir mishandla av mannen, barn med mødre som har psykiske lidingar og barn med fysiske eller psykiske funksjonshemmingar. Skadeverknadar Barn som vert utsett for seksuelle overgrep blir skada på område som er heilt sentrale for deira utvikling, derfor kan skadane sjåast på eit uendeleg antal måtar. Når skadeverknadane rammar sentrale område for menneskeleg HANDLINGSRUTINAR 7

utvikling, har omfanget også ein tendens til å auke i takt med barnet si utvikling. Traumatisk seksualisering, manglande tillit til andre menneske, stigmatisering, maktesløyse og utvikling av lågt sjølvbilete og forakt for seg sjølv, kan føre til prostitusjon, rusmisbruk, kriminalitet og sjølvmord. Vald Vold er enhver handling rettet mot en annen person, som gjennom at denne handlingen skader, smerter, skremmer eller krenker, får den personen til å gjøre noe mot sin vilje eller slutte å gjøre noe den vil. (Per Isdal; Meningen med volden, 2000). Vitne til vald Med vitne til vald meiner ein barn som på ulike måtar blir eksponert for vald innanfor dei nære relasjonane. Enten ved å være direkte tilstades, gjennom å høyre valden, og/eller gjennom å oppleve følgjene av valden. Å være vitne til vald er like skadelig som å være direkte utsett. Internasjonal forsking viser at barn er tilstades i 80 95 % av valdsepisodane mellom foreldre. Å leve med vald er øydeleggjande for utvikling, helse, sjølvkjensle, tryggleik, livskvalitet og evne/høve til å ha styring med eige liv. Bruk av vald strir mot norsk lov og krenkjer grunnleggjande menneskerettar. Vald kan ha ulike uttrykksformer, fleire enn spark og slag, som mange først tenkjer på. Fysisk vald Fysisk vald er eit vidt spekter av handlingar som t.d. slå, sparke, halde fast, dytte, klype, bite, riste, kvele, bruk av våpen. Psykisk vald Psykisk vald kan vera: a) truslar; direkte truslar om fysisk vald, drap, sjølvmord m.m. eller indirekte truslar Eg veit kor du bur. 8 HANDLINGSRUTINAR

b) nedvurderande/krenkjande utsegn; Hore, Du er ubrukeleg og feit. c) kontroll; å innskrenke andre sin fridom ved å styre kva aktivitetar personen skal delta i, kva sosial kontakt, påkledning, åtferd og vanar ein person skal ha, avgrense personen sin tilgang på pengar. d) isolering; å avgrense fridomen til eit anna menneske, t.d. ved å hindre ein person å ha kontakt med naboar, vener og familie, eller å ha ein jobb. Materiell vald Materiell vald er å gå laus på gjenstandar eller ting, t.d. å knuse ting, slå i veggen/bordet, sparke i døra, rive i stykker klede, kaste ting m.m. Slik åtferd er ofte skremmande for de fleste, men spesielt for vaksne og barn som lever med fysisk vald. Seksuell vald Seksuell vald strekker seg frå seksuell trakassering og krenkingar via press til å utføre seksuelle handlingar og opp til brutal valdtekt. Omgrepet omfatter også tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Symptom Det finns ikkje noko eintydig symptombilde hjå barn som er utsett for seksuelle overgrep, vald/vitne til vald. Mange av dei symptoma ein kan sjå hos barn som har vore utsett for overgrep kan ein og sjå hos barn som av andre årsaker ikkje har det bra. Mange barn som har vore utsett for seksuelle overgrep viser ingen tydelege symptom. Førskolebarn Barn i førskulealder er som oftast dei som syner mest direkte kva dei har vore utsette for. Det kan vise seg i form av seksuelt prega leik, språk og samspel, eller ved teikningar. Dei kan være sinte og vise mistillit. Dei kan vegre seg mot å gå heim, ete eller å kle av seg. Desse barna er så små at dei har vanskar med å halde på løyndomar. Nokre gonger har dei heller ikkje oppfatta at det er viktig for overgripar å halde overgrepa skjult for andre. HANDLINGSRUTINAR 9

Skulebarn Skulebarna er flinkare til å kamuflere problema sine. Symptoma dei har er ofte diffuse og vanskelege å tyde. Samstundes er skulebarna store nok til å forstå dei sosiale tabua og at overgrepa må haldast hemmelege, men for små til å sjå ei løysing eller sjølv skaffe hjelp. Typisk er dårleg sjølvkjensle og sjølvbilete, preg av skam, inneslutta, psykosomatiske smertetilstandar, konsentrasjonsproblem, dårlige skuleprestasjonar og tendens til å isolera seg. Dei kan være urolege, utagerande, sinte og ofte komme i konfliktar. Skulebarna er dei som sjeldnast avslører overgrep. Dei forstår det katastrofale ved ein avsløring og dei er redde for å ikkje bli trudd. Skulebarna er dei som i minst grad fangast opp. Dei er gode til å skjule og for små til å sjå løysningar. Ungdom Ungdom syner enno tydeligare teikn på dårlig sjølvbilete. Dei blir anten meir tilbaketrukne, inneslutta eller forvirra, eller dei kan bli sterkt utagerande. Dei kan komme med halvkveda utsegn om at noko er gale, som dei i neste øyeblikk trekkjer tilbake. Dei kan variera mellom å vera innelukka og utagerande. Skulking, rømming, bruk av rusmiddel og seksuelle forhold er andre symptom som må reagerast på. Ungdom kan avsløre overgrep fordi dei har bestemt seg for å få slutt på dei. Dei er imidlertid svært redde for å ikkje bli trudd, og har ofte ein lang fase kor dei prøver deg ut for å sjå om du tåler å høyre og er villig til å hjelpe. NB! Som nemnt i første avsnitt; barn som ikkje er utsett for seksuelle overgrep/vald/er vitne til vald kan og vise symptom som er nemnt over. Det er difor viktig å ikkje trekkje raske konklusjonar om kva som skjer/har skjedd med eit barn. Like viktig er det å ta inn øve seg at når eit barn viser slike symptom, er det eit signal på at noko ikkje er som det skal/bør vere, og det må ein ta på alvor og finne ut av! 10 HANDLINGSRUTINAR

Referansar Strategi mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn (2005-2009). Barne og likestillingsdepartementet. Seksuelle overgrep mot barn. En veileder for hjelpeapparatet. Sosial og helsedirektoratet 2003. Seksuelle overgrep mot barn. Bistandsteamet, Barne og familieetaten i samarbeid med Seksjon for sosialpediatri, Ullevål sjukehus, 1999. Rutinebeskrivelse ved seksuelle overgrep. Nøtterøy kommune, 2007. Retningslinjer for samarbeid. Bekymring for at barn har blitt utsatt for seksuelle overgrep og/eller vold. Barneverntjenesten i Asker kommune, 2008. Retningslinjer for saker der det er bekymring for at barn lever med vold. Barneverntjenesten i Asker, 2008. Psykososial oppfølging etter kriser og katastrofer. Seksuelle overgrep mot barn. Kriser.no. 2009. Veileder for utarbeidelse av plan for krisehåndtering. Mistanke om ansattes seksuelle overgrep mot barn. Barne- og familiedepartementet og Utdannings- og forskningsdepartementet. Q-1047, 2002. Per Isdal; Meningen med volden, 2000. Opplysningsplikten til barnevernet. Publikasjonskode Q-1094B, utgitt 01.2006 HANDLINGSRUTINAR 11

Kontaktinformasjon: Kommunen sitt sentralbord: 52 75 70 00 Barneverntenesta v/leiar: 52 75 86 13 Barnevernvakta: 90 17 05 91 * * Kl.15.30-08.00 kvardagar (heile døgnet i helg og helligdagar) Grafisk utforming: Trond Tindeland, TK 3. utgåve 2018. Dokumentet kan ikkje kopierast utan løyve frå Tysvær kommune