VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Like dokumenter
VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: Møtet tok til 08:00 Møtet slutta 11:55.

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert og ekstrasak datert

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Frå kl var det synfaring og omvising på Åheim barnehage og Åheim skule. Ordinært møte vart sett kl

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert Ekstrasak (sak 115/2018) vart utsend

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Frå kl var det orientering og omvising på Myklebust skule. Deretter orientering og omvising på Syvdetun.

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: Møtet tok til 13:00 Møtet slutta 14:30.

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Øystein Blom Leiar KRF

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Varaordførar Tormod Hvattum Lasse Rindal Nils Olav Moen Einar Ebbesen Brita Hoel Drage

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 17:20.

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Innkallinga og saklista har vore kunngjord med oppslag i rådhuset.

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Lasse Rindal Lena Landsverk Sande Nils Olav Moen Einar Ebbesen Eli Tefre Nordal. For Jan Helgøy møtte Magne Vik Arset

Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 14:30 15:50 10:00 14:30 Budsjettmøte i utvida formannskap

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Ordførarkontoret Møtedato: Tid: (Møte i planutvalet kl )

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Forfall: Stig Arne Helsem Sævik MEDL H Bjarne Kvalsvik NESTL FOLK/SP

Samnanger kommune Møteprotokoll

Fitjar kommune Møteprotokoll

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Mellom kl og deltok formannskapet på frukostmøte m/nav.

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Varaordførar Tormod Hvattum Lasse Rindal Nils Olav Moen. Einar Ebbesen Brita Hoel Drage

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Driftsutvalet. Lena Landsverk Sande nestleiar Lasse Rindal Hallstein Ljoså Nils Olav Moen

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Frå kl orienterte økonomileiar Hallvard Takset om Vanylven Eigedom AS.

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Øyvind Festø Gunnar Strøm PS 18/18 MDG SAKLISTE

Utvalet sitt kvarter: 2 av 5 status og val av løysing var sendt ut til medlemmane i forkant av møtet. Dette viser at det også er rom for å få oppgrade

ULSTEIN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Utval: Ulstein formannskap Møtestad: Kommunestyresalen, Ulstein rådhus Dato: Tid: 16:05 17:20

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Karen Høydal Varaordførar AP Paul Kristian Hovden Medlem KRF

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Frå kl vitja formannskapet Åheim barnehage og Åheim skule.

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Møteprotokoll for Formannskapet

Transkript:

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: 14.11.2017 Møtet tok til 10:00 Møtet slutta 15:50. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 08.11.2017. Ordførar Lena Landsverk Sande leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Lena Landsverk Sande Ordførar V Knut Ingvald Bøstrand Medlem V Vidar Solheim Medlem V Marte Myklebust Medlem V Bjarne Sætrenes Varaordførar FRP Miriam Nystøyl Medlem FRP Idar Brekke Medlem H Lena Nordal Vedeld Medlem H Stig Frode Rusten Medlem H Øystein Blom Medlem KRF Joar Asle Lillerovde Medlem KRF Jens Erling Ekroll Lillebø Medlem KRF Ingebrigt Berget Medlem SP Solveig Menes Medlem SP Ottar Jan Løvoll Medlem AP Mona Stenersen Medlem AP Lilli Ann Bakkebø Medlem AP Roger Alf Eikeset Medlem AP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Svein Arnulf Nordal Medlem FRP Ottar-Inge Rusten Medlem AP Randulf Lillebø Medlem SP

Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Harry Hansen Svein Arnulf Nordal FRP Dagrun Molvik Randulf Lillebø SP Knut Aksel Thunem Ottar-Inge Rusten AP 21 av 21 representantar møtte. Frå administrasjonen møtte: Namn Andreas Chr. Nørve Kåre Kvangarsnes Stilling Rådmann Møtesekretær. -------------------------------- Ordføraren opplyste at møtet vert streama direkte prøveordning. Reiselivssjef Tom Anker Skrede, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, orienterte om reiselivsarbeidet på Sunnmøre. Ottar Jan Løvoll, Marte Myklebust, Miriam Nystøyl og Solveig Menes orienterte om arbeidet i «Folkevaltnettverket» i regi av Sunnmøre regionråd. --------------------------------- Rovdefjordsambandet: Etter sak 94/20 orienterte fylkespolitikar Frank Sve om saksgang og finansieringsmodellar i store samferdselsprosjekt. Fylkeskommunen vil vurdere om prosjektet er sjølvfinansierande. Ny gjennomgang av prosjektet. Bad om at kommunen vurderer tilleggsfinansiering. Svein Gjelseth, Vanylven Utvikling AS, opplyste at sak om prinsipp og prosedyrar for sjølvfinansierande samferdselsprosjekt vert handsama på fylkestinget i desember 2017. Stad Skipstunnel orientering v/svein Gjelseth, Vanylven Utvikling AS: Ventar på at KS2-arbeidet skal verte ferdig. Skal vere ferdig seinast mars 2018. Vonar at ein får prosjektet inn på statsbudsjettet for 2019. Arkeologiske undersøkingar vert utført. Arbeidet med grunnerverv er godt i gang; m.a. må fem hus flyttast. ----------------------------------- Frå kl. 12.55 var det gjennomgang av lokaldemokratiundersøking/folkevaltdag v/alf Åge Berg, KS og Dagfinn Aasen, KS, folkevaltprogrammet. Ottar Jan Løvoll og Harry Hansen fekk innvilga permisjon og forlet møtet under gjennomgang av lokaldemokratiundersøkinga/folkevaltdag.

Ein tok fatt på ordinær sakliste kl. 15.00 f.o.m. sak 95/2017. ----------------------------------------- Desse vart valde til å skrive under møteboka saman med ordføraren: Miriam Nystøyl og Stig Rusten. Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Miriam Nystøyl Lena Landsverk Sande Stig Rusten Ordførar 6143 Fiskå, den 15.11.2017

SAKLISTE Saksnr. PS 91/2017 PS 92/2017 PS 93/2017 PS 94/2017 PS 95/2017 Sakstittel Reiselivsorientering v/destinasjon Ålesund & Sunnmøre Orientering frå folkevaltnettverket Rovdefjordsambandet orientering Stad Skipstunnel orientering Val av to repr. til å skrive under møteprotokollen Godkjenning av innkalling Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Skriv og meldingar Etablering av eigedomsselskap Vanylven Verdi KF Næringsutvikling PS 96/2017 Auke i foreldrebetaling barnehage frå januar 2018 PS 97/2017 Evaluering av sommar SFO 2017 PS 98/2017 PS 99/2017 PS 100/2017 Legeplan - oppstart av arbeidet med legeplan for perioden 2018-2022 Tilrettelegging for borgarlege vigslar i kommunen Øystein Blom - søknad om fritak arbeidsgruppe nærdemokrati og borgarinvolvering, evt. val av ny medlem PS 101/2017 Interpellasjonar - kommunestyremøte 14.11.2017

PS 91/2017 Godkjenning av innkalling Ordføraren opplyste at det vert gjennomgang av lokaldemokratiundersøking/folkevaltdag v/ks i samband med kommunestyremøtet. Dette kom ikkje fram i innkallinga. Ho orsaka dette. Opplyste at fylkespolitikar Frank Sve er invitert til å orientere om samferdsel Rovdefjordsambandet. Vidare varsla ho at ho vil foreslå at sak 96/2017 Auka foreldrebetaling i barnehage frå januar 2018, vert utsett då det det i forslaget til statsbudsjett ligg føre andre satsar enn det som går fram av saksutgreiinga. Innkallinga vart godkjend med framsette merknader. PS 92/2017 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 93/2017 Skriv og meldingar Kontrollutvalet møteprotokoll 04.10.2017. Protokollen var utsendt pr. e-post til kommunestyret. Notat og presentasjonar frå samling i folkevaltnettverket 18. oktober 2017. Utsendt pr. e-post til kommunestyret. Ordføraren orienterte om vitjing frå samferdselsjefen, Møre og Romsdal fylkeskommune, i førre veke. Ho opplyste om endringar av kommunenr. og fylkesnr/regionnr. i samband med kommunereforma og regionreforma. Sidan Vanylven held fram som eigen kommune og Møre og Romsdal held fram som eige fylke vert det ikkje endringar av kommunenr. og fylkesnr. Framlagde skriv og meldingar vart teke til vitande

PS 94/2017 Etablering av eigedomsselskap Vanylven Verdi KF Tilråding: Formannskapet tilrår: Vanylven Verdi KF blir etablert som kommunen sitt eigedomsselskap, og det blir valt følgjande fem medlemmar til styret: 1. Ingebrigt Berget 2. Ottar Jan Løvoll 3. Idar Brekke 4. Øystein Blom 5. Bjarne Sætrenes. Det blir valt følgjande varamedlemmar til styret: 1. Mona Stenersen 2. Solveig Menes 3. Lena Nordal Vedeld. Rådmannen har møte- og talerett, likeså dei rådmannen i tillegg peikar ut. Vedtektene som er vedlagt saka, er ein del av vedtaket. Det vart stilt spørsmål om gildskap for kommunestyremedlemar som er leiarar og styremedlemar i aksjeselskap som er omfatta av saka. Alle kommunestyremedlemane vart kjende gilde. Etter framlegg frå Ottar Jan Løvoll vart det halde gruppemøte. Etter gruppemøtet la Ottar Jan Løvoll fram slikt framlegg: Forslag på styre i Vanylven Verdi KF: Lena Landsverk Sande Bjarne Sætrenes Ottar Jan Løvoll Lena Nordal Vedeld Øystein Blom Idar Brekke Ingebrigt Berget. Vara etter varalista til formannskapet. Votering: Framlegget frå Ottar Jan Løvoll pluss resten av tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke.

Vanylven Verdi KF blir etablert som kommunen sitt eigedomsselskap, og det blir valt følgjande medlemmar til styret: Lena Landsverk Sande Bjarne Sætrenes Ottar Jan Løvoll Lena Nordal Vedeld Øystein Blom Idar Brekke Ingebrigt Berget. Vara etter varalista til formannskapet. Rådmannen har møte- og talerett, likeså dei rådmannen i tillegg peikar ut. Vedtektene som er vedlagt saka, er ein del av vedtaket. PS 95/2017 Næringsutvikling Samrøystes vedtak som framlegget. 1. Administrasjonen utarbeider ein presentasjon/eit prospekt over ledig næringsareal i kommunen som leggast ut på heimesidene til kommunen 2. Administrasjonen selger næringsareal på Eidså sag etter dei forutsetningane som beskreve i utgreiinga 3. Tomter på Lilleeidet tildelast etter søknad som tidligare PS 96/2017 Auke i foreldrebetaling barnehage frå januar 2018 Ordføraren opplyste at det i forslaget til statsbudsjett ligg føre nye satsar for foreldrebetaling i barnehage. Dette går ikkje fram av saksutgreiinga. Ho foreslo difor at saka vert utsett. Det vart samrøystes vedteke å utsetje saka. Saka vert utsett.

PS 97/2017 Evaluering av sommar SFO 2017 Tilråding: Formannskapet tilrår: Utifrå interesse for sommar-sfo i 2017 vil kommunen tilby sommar-sfo også i 2018. Føresette bidreg med ei delfinansiering på kr. 250,- pr. veke pr. barn. Resten av finansieringa blir gjort ved løyving frå disposisjonsfondet. Framlegg frå Knut Aksel Thunem: Utifrå interesse for sommar-sfo i 2017 vil kommunen tilby sommar-sfo også i 2018. Finansieringa blir gjort ved løyving frå disposisjonsfondet. Framlegg frå varaordførar Bjarne Sætrenes: Ikkje møtande vert belasta med eit gebyr på kr. kr. 300,- pr. veke. Votering: 13 røyster for tilrådinga frå formannskapet. 6 røyster for framlegga frå Knut Aksel Thunem og varaordførar Bjarne Sætrenes. Utifrå interesse for sommar-sfo i 2017 vil kommunen tilby sommar-sfo også i 2018. Føresette bidreg med ei delfinansiering på kr. 250,- pr. veke pr. barn. Resten av finansieringa blir gjort ved løyving frå disposisjonsfondet. PS 98/2017 Legeplan - oppstart av arbeidet med legeplan for perioden 2018-2022 Samrøystes vedtak som framlegget. Legeplan for Vanylven kommune 2018-2022 blir sendt på høyring med slikt tillegg: Nytt punkt: 5.5 Kommunikasjon. Rådmannen får fullmakt til nærare formulering.

PS 99/2017 Tilrettelegging for borgarlege vigslar i kommunen Samrøystes vedtak som framlegget. Den kommunale vigselsretten blir i Vanylven teke hand om av ordførar og varaordførar. Vigsel kan finne stad i kontortida på vekedagar. Vigselstidspunktet blir fastsett etter forutgåande dialog mellom brudefolket og vigslar. Vigsel i kommunal regi finn stad på rådhuset, anten på ordførar sitt kontor eller i kommunetyresalen. Vigsel i andre lokale/andre stader enn på rådhuset og til tidspunkt utanfor ordinær arbeidstid må avtalast med vigslaren, og der kommunen fakturerer dei faktiske utgiftene. Det administrative ansvaret for vigselsordninga blir delegert til rådmannen. Rådmannen får i oppgåve å leggje til rette for at vigslane kan finne stad innanfor verdige rammer. PS 100/2017 Øystein Blom - søknad om fritak arbeidsgruppe nærdemokrati og borgarinvolvering, evt. val av ny medlem Tilråding: Formannskapet tilrår: Øystein Blom får innvilga fritak frå arbeidsgruppe nærdemokrati og borgarinvolvering. Kommunestyret vel ny medlem. Jens Erling Lillebø foreslo Joar Lillerovde som ny medlem. Tilrådinga frå formannskapet pluss framlegget frå Jens Erling Lillebø vart samrøystes vedteke. Øystein Blom får innvilga fritak frå arbeidsgruppe nærdemokrati og borgarinvolvering. Joar Lillerovde vert valt som ny medlem.

PS 101/2017 Interpellasjonar - kommunestyremøte 14.11.2017 Interpellasjon frå Vanylven Frp v/bjarne Sætrenes, Svein A. Nordal og Miriam Nystøyl: Ordførar. Vi har eit nytt fint omsorgsenter som vi har all grunn til å vere stolte av. Det har etter det vi har forstått, utnytta all kapasitet i dag. Vi lyt likevel fortelje at representantar for Vanylven FrP har fått ein del henvendelsar som vi oppfattar som varsling/bekymringsmeldingar frå pårørande. Dette har vi vidareformidla til Rådmannen. Vi føler oss trygge på at Rådmannen set seg inn i dette no, og finn løysingar. Er Ordføraren kjend med at ein del brukarar og pårørande er bekymra, og vil Ordføraren syte for at politikarane får god informasjon, og med det moglegheit til å vurdere tiltak? Svar frå ordførar på interpellasjon frå Frp vedk. omsorgssenteret i Vanylven: Spørsmålet var om Ordføraren er kjent med at ein del brukarar og pårørande er bekymra, og vidare ei oppmoding om at ordføraren vil syte for at politikarane får god informasjon, og med det moglegheit til å vurdere tiltak. Vi må alltid ta på alvor behovet for informasjon, og det betre er alltid mogleg. Ordføraren er kjent med at det har kome inn klager, og eg er takksam for at det blir sagt frå dersom nokon ikkje er nøgde. Formannskapet har fått nærare informasjon frå Kommunalsjef Arnhild Nordaune, som tek på alvor meldingar som kjem inn. Ho har også forsikra at Vanylven kommune tek på alvor innspel som kjem frå brukarar og pårørande, og ein diskuterer korleis ein skal løyse situasjonar som oppstår, og ein er opptekne av å finne gode løysingar. Vanylven kommune har no innført eiga ordning for varsling, der alle tilsette har fått oppmoding om å melde frå, dersom ein meiner vi trer over grensene. Vi har frå før ei avviksordning, der alle hendingar som ikkje er innanfor rutine skal meldast inn. I tillegg ynskjer vi å etablere ei lettvint løysing der brukarar og pårørande skriftleg kan melde frå på ein enkel måte, om saker ein er oppteken av, eller tilfelle der ein meiner kommunen/tilsette burde handla på ein annan måte, eller der ein ynskjer endring i eksisterande rutinar. Rådmannen er no i fullt arbeid med ein eldreplan, som kjem til å synleggjere kva tilbod vi har i dag, og kva reglar som gjeld innanfor ulike område i eldreomsorga. I samband med at vi politisk skal gjere vedtak her vil det vere rom for politikarane å legge inn nye tiltak i vårt tenestetilbod, eller gjere endringar i det eksisterande tilbodet.

Interpellasjon frå Vanylven Frp v/bjarne Sætrenes, Svein A. Nordal og Miriam Nystøyl: Ordførar, på grunn av henvendelsar frå fleire innbyggarar i Vanylven, og eigne opplevingar, vil Vanylven Frp ta opp desse spørsmåla som gjeld fastlegeordninga. Vi veit at det i desse dagar ligg ute ei brukarundersøking som spør om korleis brukarane opplever denne tenesta, og vi rår alle til å svare på den med si oppriktige meining. Vi er også klar over at mange er godt fornøgde med den behandlinga dei får ved Vanylven legesenter. Men uansett utfall av denne brukarundersøkinga kan vi ikkje sjå bort i frå det faktum at fleire personar har uttrykt misnøye, og fortalt om svært dårlege erfaringar med fastlegeordninga i Vanylven. Fleire har fortalt oss om at dei har følt dette så sterkt på kroppen at dei har søkt hjelp hos legar privat, og i andre kommunar, og fått anna/betre behandling der. Vi Vanylven Frp ser med stor bekymring på dette, og er redde for at dette er ein vond sirkel som svekkar pasientgrunnlaget for fastlegane i Vanylven, og gjev ei dårlegare teneste til brukarane. Er ordføraren samd i at dette kan vere eit problem, og vil ordføraren få laga ei sak på dette, slik at politikarane gjennom utval og kommunestyre kan få vurdert om her er noko ein kan endre på for å få det betre? Svar frå ordførar på interpellasjon frå Frp vedk. fastlegeordninga: FrP viser til at dei har fått henvendelsar frå fleire innbyggarar i Vanylven, samt har dei eigne opplevingar, som gjer at dei ynskjer å stille spørsmål om fastlegeordninga. De viser til at vi har hatt ute ei brukarundersøking vedrørande legetenestene, og de er klar over at mange er godt nøgde med den behandlinga Vanylven Legesenter gir. Dykkar ynskje om å ta tak i saka er at de har motteke signal om misnøye, og de har kjennskap til at nokre vel fastlege i omkringliggande kommunar, på bakgrunn av dårlege erfaringar i Vanylven. Om mange vel å reise andre stader kan det svekke pasientgrunnlaget for fastlegane i Vanylven, og dermed er de redde for at vi får ei dårlegare teneste for brukarane. Ordføraren vart spurt om ho er samd i at dette kan vere eit problem, og de spurte vidare om ordføraren vil lage ei sak på dette, slik at politikarane gjennom utval og kommunestyre kan få vurdert om her er noko ein kan endre på for å få det betre. Som svar til FrP og kommunestyret kan eg seie at eg er samd i at det vil vere eit problem om mange uttrykker misnøye, og vi ikkje er i stand til å ta tak i dei signala som kjem til oss. Også i denne tenesta er vi avhengige av tilbakemeldingar, om godt og gale, slik at vi heile tida arbeider med å forbetre oss. Legar er også menneske, og menneske har ein tendens til å kunne gjere feil. Dette er våre legar svært bevisste, og dei ber om å få tilbakemeldingar dersom nokon ikkje er nøgde. I møte med legane, kommunalsjefen og andre tilsette på legekontoret har eg møtt ydmyke tilsette, som har eit inderleg ynskje om å vere til hjelp, og redde liv. Legane kan sjølvsagt ikkje uttale seg om einskilttilfelle, men dei har oppmoda oss om å be folk ta direkte kontakt dersom dei er misnøgde, slik at pasient og lege kan snakke saman om det som har skjedd. På den måten får legen høve til å rette opp i eventuelle feil, og det blir mogleg å kunne gje meir informasjon, og kanskje rette opp i eventuelle misforståingar.

Vi har dei siste par åra hatt meir stabilitet når det gjeld tilsette, så vi har i dag legar som etter kvart kjenner betre kommunen, pasientane og dei språklege utfordringane i vanylvsdialekta. Mitt ynskje som ordførar er at vi må byggje på dedikerte tilsette, som vi allereie har, og legge til rette for at dei kan bli tryggare på lokale forhold, får naudsynt tilleggskompetanse, og får høve til ein tettare dialog med kommunen. Som de kanskje har sett har vi fått inn ei Happy or notmaskin på legekontoret, der alle besøkande har høve til å seie frå i kva grad dei er nøgde. Her ligg vi stabilt på over 90% på det gladaste fjeset, og så langt har vi ein eller to i veka som har trykt på raud knapp. Vi skal ta alle misnøgde på alvor, og feiar det ikkje vekk at talet på misnøgde er lågt, for kvar einaste feil av ein lege kan vere potensielt livsfarleg, og er difor viktig å ta på alvor. I godt samarbeid skal vi klare å forbetre opplevinga til brukarane på kontoret, og i samband med at rådmannen i dag legg fram ein godt gjennomarbeidd legeplan, klar til utsending på høyring, så har både politikarar, pasientar og andre interesserte høve til å kome med innspel før saka kjem opp til endeleg handsaming på nyåret 2018. Som de ser av legeplanen så har vi i Vanylven i dag 50% dekning av spesialistar i allmennmedisin. I løpet av 2018 er vi oppe i 75%. På landsbasis ligg dette på 40%, så vi har dermed godt potensiale for å ha eit sterkt og godt tilbod. Ei av våre utfordringar er at vi manglar kvinnelege legar. Dette er kompensert med at jordmora vår har skaffa seg kompetanse i å ta celleprøver, og dermed er det mogleg for dei som i dag reiser til Medi3 i Ulsteinvik for å få utført denne tenesta hos ei kvinne, no kan gjere dette ved legekontoret i Vanylven. For å betre på dialogen mellom kommunen og legekontoret vil vi få oppretta eit Folkehelseråd, som er tilsvarande det samarbeidet vi i dag har med politiet gjennom Politiråd. Dermed kan vi tidleg få signal om kva endringar som er på gong, og kva nye reglar og retningslinjer som dukkar opp, i tillegg til å få vite noko om særskilte utfordringar ved kontoret. Dette gir oss dermed ein sjanse til å vere føre var i større grad enn vi kan i dag. Vonar på stort engasjement når legeplanen skal endeleg handsamast på nyåret. Og at vi som eit resultat av involveringa får ei positiv oppleving av, og auka stoltheit av legetenesta i Vanylven. Varaordførar Bjarne Sætrenes takka for svara. Rett utskrift 15.11.2017 Kåre Kvangarsnes