Nettverksamling HEI Helse Sør og Helse Vest



Like dokumenter
Fornybar oppvarming og kjøling frå sjøvatn. Magne Hjelle, dagleg leiar Fjordvarme AS

Erfaringer fra energi og klimaarbeid i Midt-Norge

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

ENØK-TILTAK BUDSJETTENDRING 1

Enøk og effektreduksjon i borettslag - muligheter for effektive kutt i kostnader

Neste generasjon behovsstyring. Geir Bruun Frokostmøte

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Lønnsundersøkinga for 2014

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

DB

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Styresak. Forslag til vedtak. Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Brukarrettleiing. epolitiker

mmm...med SMAK på timeplanen

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

INNEKLIMATILTAK BUDSJETTENDRING 2

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Nytt HFK Intranett

Lotteri- og stiftingstilsynet

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Brukarrettleiing E-post lesar

Forenkla energiplan. for. Narvikfjellet

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Fjordvarmeanlegg energiløysing også i distrikta?

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

BIOVARME I PRAKSIS MONTERING OG DRIFT /ERFARINGER SCAN LINE 580 AQUA BIOVARMEPROSJEKT FRÅ SELJORD VARMESERVICE AS

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Til deg som bur i fosterheim år

Innkjøp av rådgjevingstenester. Sivilingeniør Tobias Dahle

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

Rapport om fysisk arbeidsmiljø på Tysnes skule. November 2012

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Lingspeak Lingit AS

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Tiltak for å avvikle korridorplassar i helseføretaka

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

INTRODUKSJON SIDEOVERSIKT

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Gruppemøter. Stasjonær energibruk

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3


Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Psykologisk førstehjelp i skulen

Bevaring i magasin - ideelt eller akseptabelt?

Innovasjonsmetoden vår

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Innhald 1 Fylkeskommuna sine behov i samband med dette kjøpet Vidare plan Avtalevilkår... 2

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Enøk drift. Presentasjon ved energiforvalter Yngvar Einarsmo. Ansvarlig for Energiledelse i Kristiansand Eiendom. Bygg og Eiendomsavdeling.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

Styresak. Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Sakshandsamar: Apotekar Lene Svanberg Jakobsen Saka gjeld:

Transkript:

Nettverksamling HEI Helse Sør og Helse Vest Helse Førde - Nordfjord Sjukehus 28 oktober 2009 Døme på effektiv ENØK 65 % reduksjon Utarbeida av enøkrådgjevar Bernt Festøy

NØKKELEN TIL ENØK-SUKSESS! Kva har gjeve dei gode enøk-resultata på Nordfjord Sjukehus? - 65 % innsparing på kjøpt energi - samla for fastkraft og oppvarming. - Betra inneklima - Reduserte driftskostnader - Reduserte vedlikehaldkostnader - Økonomisk innsparing på ca 30 mill kr i perioden 1997 2009. - Startkapital kr 300 000

OMRÅDE VI SKAL FOKUSERE PÅ 1. Gjennomføring 2. Ventilasjon 4. Lys 3. Varmepumpe / kjøling 5. Snøsmelting 6. Varmestyring 7. Effektstyring 8. Energioppfølging 9. Fastkraftforbruk overført til oppvarmingsenergi 10. Dokumentasjon innan økonomi 11. Betring av inneklima / arbeidsmiljø 12. Reduksjon av drift og vedlikehaldskostnader 13. Motivasjon i alle ledd / Rammebetingelsar 14. Anna 15. Kort oppsummering

GJENNOMFØRING For å etablere nødvendig motivasjon i alle ledd, både oppover og nedover i organisasjonen, er det avgjerande å starte gjennomføringa av prosessen på ein riktig måte. Dette gjev tryggleik for dei tilsette og nødvendig oversikt for leiinga. Fylgjande metodikk vart nytta: Enøk-rapport Gjennomgang av bygget med utgreiing av sparetiltak/kostnad Miljøgransking Innhenting av alle tilsette sine opplevingar av eigen arbeidsplass: Er temperaturen riktig og stabil, er lufta god utan trekk og støy, riktig lys, osv. Prioritering i Enøk-prosessen i rekkjefølge - Inneklima / arbeidsmiljø - Drifts og vedlikehaldskostnader - Enøk-tiltak Tiltak - Prioritering av tiltak i høve kostnad/innsparing - Vurdering av ønskjeleg opprusting i samband med Enøk-prosessen Budsjett / kostnadkontroll / dokumentasjon - Fortløpande energioppfølging på vekenivå - Vise status i Enøk-prosjektet med alle data for vurdering av framdrifta, kostnad, innsparing m.m

VENTILASJON Effektiv gjennvinning - Roterande gjennvinnarar (enøkmessig beste valet) - Kryssvekslarar (enøkmessig ikkje særleg god) - Væskekopla vekslarar (enøkmessig dårleg løysing) God vent.effektivitet - Riktig innblåsingstemperatur (avtrekk-kompensert) - Riktig innblåsingsmengde (unngå trekk og støy) - Utnytte dei vent.prinsipp som er nytta best mulig. Behovstyring Frekvensstyringar - Gjev nødvendig fleksibilitet for å oppnå enøk-vinst - Lett å korrigere ubalanse i innluft/utluft-mengde - Lett å innjustere luftmengdene Sonestyringar Unngå å ventilere unytta soner ved t.d. spjeldstyring mot belysning/bevegelsedetektor. Luftkvalitet-styring Større rom med sterkt varierande personbelastning Driftstider/nivå - Stopp utanom brukstid (kontor, undervisning, o.l) - Tilpasse driftsnivå etter behov (redusert nivå kveld/natt når aktiviteten er liten)

Forutsetnader for god ventilasjon God ventilasjon er sjølvsagt viktig. Men ein einsidig fokus på vent.mengde, gjev nødvendigvis ikkje eit godt inneklima. Snarare tvert imot,- ein får gjerne svevestøv, støy, trekk, tørr luft, samstundes som energikostnadane vert svært høge. Store potensial ligg i å tilpasse ventilasjonen til riktige verdiar. Og, bland aldri omrørings og fortrengningsventilasjon i same anlegget Svært viktig - God og presis varmestyring i romma uavhengig av ventilasjonen - Kjøling i ventilasjonen Nordfjord Sjukehus: - For det meste kryssvekslarar, tre anlegg roterande gjenvinnarar, eit anlegg væskekopla. - Dei største anlegga er frekvensstyrte. - Driftstider/nivå er nøye tilpassa drifta gjennom døgnet og t.d helligdagar. - Luftkvalitet-styring på møte/auditorium. - Kjøling på dei fleste anlegga. - Varmestyring av radiatorar med termostatar låste til ønskt temp.nivå i romma.

LYS Lys kan påverke inneklimaet meir enn ein er klar over. Det bidreg til overtemperatur på t.d kontor, og gjev eit trykk mot hovudet, som ved uheldige høve set ned produktiviteten og trivselen. Det har også stor innverknader på energibruken, då ein ved riktig lysbruk kan redusere energibruken sterkt, samstundes som inneklimaet vert forbetra Generelt - Tilpasse lysnivået etter behov (antal lysrør, opptrekkur m.m) - Styre på/av lys v.h.a. bevegelsesdetektor o.l - Nytte effektive lyskjelder - Nytte elektronisk forkoplingsutstyr - Rutinar / haldningar Nordfjord Sjukehus: - Fullfargelysrør/pulstennarar. - Tilpassar tal på lysrør/armaturtype til belysningsbehov. - Stiller høgt lysnivå i korridorar v.h.a opptrekkur (vaskelys). - Påminningsskilt i lagerrom, wc og liknande, om å slå av lyset etter seg. - Nyttar miljøbelysning på mange områder, saman med autom. avslåing

SNØSMELTING Ein bør nytte vassbore anlegg der dette er mulig, då billig varmepumpeenergi kan nyttast. Dersom ein har varmekablar bør desse styrast optimalt, for både å spare kwh, og redusere effekttoppar som lett vert svært dyre på slike anlegg. Styring - Montere snø- og ismeldar for styring av snøsmelting på bakken og takrenner/slukar - Effektstyre snøsmelteanlegg for reduksjon av effekt-toppar (obs. unngå tilfrysing) Nordfjord Sjukehus: - Styrer 60 kw snøsmeltinganlegg automatisk, både ved snø- og ismeldar og tidsstyrt 50 % utkopling pr. time på dagtid frå kl 0800 til kl 1500. for å redusere effekttoppar - Nye snøsmelteanlegg på sjukehuset er utført som vassbore anlegg

VARMEPUMPE / KJØLING Tilpasse varmeanlegget til varmepumpedrift er avgjerande Gjeld heile varmeanlegget som radiatorar, VV-beredning, vent.anlegg osv. Kjelstyringane må tilpassast nøye Riktig varmepumpe Dette er ekstremt viktig, både for enøk-resultatet og for levetida / driftskostnader Varmepumpa må kunne kapasitetregulerast over eit stort område med god verknadsgrad Avgjerande Det er også avgjerande at varmepumper er utført med den nødvendige kompetanse, då skilnaden mellom suksess og fiasko er svært små. Nordfjord Sjukehus: Fôrutsetnad for optimal økonomi og funksjon er ei felles løysing for varmepumpe og kjøling. Dette gjev den investeringsmessige og driftsmessige beste løysinga, då kjøleenergien kan nyttast direkte i varmeanlegget. Dette er optimalt utnytta hos NSH, der ei tidligare isvassmaskin for kjøling vart tilpassa til samtidig også å virke som varmepumpe. T.d ved ein utetemp over 15 o C trengs ingen kjøpt oppvarmingsenergi til heile helseområdet på 17 000 m 2. All oppvarmingsenergi kjem då frå overført kjøleenergi.

ERSTATTE FASTKRAFT MED VASSBORE ENERGI Generelt - Senker forbruket av dyr fastkraft /effektavgift - Gjev større rom for billig oppvarmingsenergi som varmepumpe, tilfeldig kraft, fjernvarme osv Nordfjord Sjukehus: Desse prinsippa blei nytta så langt som bedriftsøkonomisk mulig, og viste seg å ha eit stort potensiale. Seinast siste året er større bygg på helseområdet blitt konvertert frå dyr fastkraft med panelomnar, til billig vassbore oppvarming med VP-energi. Dette gjeld ca 2500 m 2, og omfatter også varmt tappevatn.

VARMESTYRING Ein bør nytte vassbore anlegg der dette er mulig, då billig varmepumpeenergi kan nyttast. -Radiatorventilen er svært viktig, serleg i samband med varmepumpedrift, men også i høve ein stabil og nøyaktig temperaturstyring på romnivå. -Ventilen må ha føreinnstilling, og vassmengda må nøyaktig tilpassast radiatoren for å få ein riktig delta T. -Dette punktet er svært ofte oversett, og har større negative innverknad på enøk og inneklimaet enn det ein skulle tru. Generelt - Det er viktig å syte for ei god og stabil varmestyring for kvart rom, termostatstyrt, uavhengig av ventilasjonen. - Termostaten må ha ei øvre og nedre innstillingsgrense - Brukaren må kunne justere temperaturen innan sperregrensene Nordfjord Sjukehus: - Varmenivået er utekompensert og mengderegulert - VV-Beredning v.hj.a vekslar. Løyser problem med legionella - Radiatortermostatar type Danfoss Institusjonmodell. Innstilt temperaturområde etter romtype. Kontor 20 23 oc. Pasientrom 17 23 oc. Korridorar 20 oc.

VARMT TAPPEVATN Generelt - Produksjon av varmt tappevatn kan, på den riktige måten med varmepumpe, faktisk utførast nesten gratis. - Ein reduksjon i kostnadane på 80 90 % er sannsynleg. - Ein fjernar store VV-tankar og erstattar VV-Beredninga med små varmevekslarar. - Ein vil på denne måten fjerne fastkraftforbruk og effekttoppar og ikkje minst varmetap og plasstrong. - Legionella er eit anna problem ein løyser, då varmtvatnet vert momentant bereda. - Ein slik måte å berede varmtvatn på sparer store summar og forenklar drift og vedlikehald Nordfjord Sjukehus Bilde viser forholdet i storleik mellom ein vv-tank og ein vvvekslar. For orden skuld, vvvekslaren er den vesle mørke firkanten, synt på fronten av vv-tanken. Nordfjord Sjukehus nyttar desse i alle bygg. I sjølve sjukehuset er det tre stk som er paralellkopla. 30 50 kw pr stk.

ENERGIOPPFØLGING Generelt - Energioppfølging kvar veke - Eit heilt nødvendig hjelpemiddel under Enøkprosessen - Gjev nødvendig oversyn og oppfølging etter prosjektet - Avdekkjer feiltilstandar mot bør-verdi Nordfjord Sjukehus: - Energioppfølginga har vore eit heilt nødvendig og avgjerande hjelpemiddel under og etter Enøk-prosjektet. - Har nytta eit eigenutvikla rekneark, utvikla i nært samarbeid med sjukehuset. - Døme på dette følgjer.

EOS på Nordfjord Sjukehus Kwh Fastkraft Oppvarm. Børverdi 120 000 100 000 80 000 60 000 40 000 20 000 - Veke : Temp.: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53-1,6 3,2-1,9 0,6-3,0 3,2 0,7 2,1-2,0 1,6 1,9 5,2 2,3 6,5 5,6 6,7 10,2 9,9 12,9 9,5 7,6 11,0 14,5 12,7 10,7 14,2 14,2 14,8 13,7 15,8 15,9 19,4 18,5 13,6 12,0 14,2 12,3 9,6 9,0 8,2 7,4 6,4 6,2 4,9 4,3 4,5-0,5 1,0 3,5 5,2 2,7-3,2 2,0 Vekenr / Gj.snitt temp

EFFEKTSTYRING Generelt - Kan gje store innsparingar utan nemneverdige investeringar eller ulemper. - Det handlar i stor grad om å sette fokus på området. Har ein til dømes normalt ein effekttopp frå kl 10 12, må ein vurdere om enkelte effektkrevjande prosessar kan forskyvast til før eller etter dette tidspunktet. - Dette er ofte lett-tente pengar Nordfjord Sjukehus: - Reduserte effekttoppen frå 460 kw til 264 kw d.v.s 42% reduksjon (utan å installere såkalla effektstyringsprogram). - Koplar ut t.d varmekablar i badegolv i periodar - Kjører autoklaver utanom stresstidene - Effektiv styring av snøsmelteanlegg - Osv

DOKUMENTASJON INNAN ØKONOMI Budsjett Det er nødvendig å sette opp budsjett over investeringar og innsparingstid I budsjettet må også forventa vedlikehald og oppgraderingar under prosjektet vurderast og stipulerast kostnadsmessig Utgifter Ein må etablere eit prosjektrekneskap som til ei kvar tid syner utviklinga innan vedteke / under arbeid / påløypte tiltak Innsparingar Innsparingane bør basere seg på fastslått reduksjon i ant. kwh fordelt på fastkraft, oppvarmingsenergi og reduksjon i effekt, alt vurdert opp mot eit tidligare normalår, dvs før/etter. Raske endringar i energiprisane bør ikkje påverke prosjektet. Innteningstid Ein bør bestemme seg for ei maksimal innsparingstid for investeringane samla og måten ein vil finansiere prosjektet på undervegs. Nordfjord Sjukehus: Investeringa var ca kr 2 mill i enøk-tiltak, vedlikehald- og oppgraderingstiltak, og blei for ein stor del finansiert med innsparingar på energibudsjettet innan same kalenderår. Berre i byrjinga av prosjektet blei det løyvd kr 300 000,-.

BETRING AV INNEKLIMA OG ARBEIDSMILJØ Generelt: - Starte med miljøundersøking. Gjev eit godt grunnlag/oversikt for løysing av mange oppgåver/problem. - Så langt som mulig utbetre / forbetre inneklimaet ( viktig). - Dette går ofte hand i hand med enøk. Nordfjord Sjukehus: - Oppnådde store forbetringar i inneklimaet. - Fjerna overvarme der dette var eit problem, og supplerte med meir varme der dette var nødvendig. - Mindre klager på tørr luft. Løyste problem med trekk / støy frå ventilasjonen, samt eit støvproblem i ei fløy, som var generert av ventilasjonen. - Oppnådde stabil varmeregulering i eit bygg med varmesløyfer i betonggolv. - Monterte tetningslister på vindauga på ein gammal fasade, som var utsett for vind. - Monterte kjøling for anlegg som mangla dette. (kjøling på heile sjukehuset)

REDUKSJON AV DRIFT- OG VEDLIKEHALDSKOSTNADER Generelt: - Bygge ut og optimalisere bruken av sentral driftskontroll (SD) - Trong for mindre ettersyn (bruke alarmmeldingar til mobiltlf) - Automatisere tidlegare manuelle styringar Nordfjord Sjukehus: - Dei tekniske anlegga har i dag minimalt trong for visuelt ettersyn i det daglege. - Alarmmeldingar og energioppfølging avdekkjer driftsavvik og feiltilstandar. - Dette gjev lågare driftskostnader og høgare driftsikkerheit enn før.

MOTIVASJON I ALLE LEDD OG RAMMEBETINGELSAR Generelt: - Det er viktig å skape motivasjon i heile organisasjonen Informasjon til tilsette, leiing og eigar - Rammebetingelsar for teknisk avdeling Kan innsparingane i energibudsjettet (utover investeringsbeløpet) disponerast av driftsavdelinga, til å løyse andre nødvendige oppgåver i til dømes 5 år? - Bør avklarast på eit tidleg stadium og er gjerne svert viktig for motivasjonen til dei tilsette Nordfjord Sjukehus: Kom fram til ei god og motiverande ordning som har gjeve nye muligheiter for forbetringar på dei tekniske anlegga i fleire år etter tiltaka.

ANDRE MOMENT Solavskjerming Varmedempande glas, bygningskonstruksjon, persienner o.l Bevisst val av innreiingsmateriale Lita avdunsting gjev mindre krav til ventilasjonsmengde Varmesmitte Senke stokktemperaturen maksimalt (utekomp.) Isolere rør og komponentar Heilskapsløysingar Det er viktig å etablere ein heilskap, der ikkje ulike fag / innstallasjonar arbeider mot kvarandre eller doblar kvarandre. Enkle, robuste løysingar Unngå kompliserte løysingar som gjev auka investeringskostnader, og før eller seinare vil gje aukande driftsproblem / kostnader. Framtidig varmepumpe Sjølv om varmepumpe evt. ikkje er aktuell i dag, bør ein velje oppvarming-prinsipp som er tilpassa varmepumpedrift. Isvatn Tilrettelegge for kjøling v.h.a isvatn, kombinert med varmepumpe ++++

Kort oppsummering Generelt: Prinsippa som er nemnde, er nytta så langt som praktisk og økonomisk mulig. - Sjølv om det ikkje er mulig å gå i detalj om dei ulike grepa som er gjort, vil eg presisere at ein er nøydd til å sette dei ulike tiltaka inn i sin rette samanhang, der det er den endelege, samla løysinga som er avgjerande for eit godt resultat. - Ein kan snakke om eit puslespel, der bitane må passe saman, for å få til ein heilskap. - Og ikkje minst, dette er ein kontinuerlig prosess, som må ha fokus heile tida, i alt arbeid som vert gjort. Nordfjord Sjukehus: - Etter mange år med evaluering, har det ikkje kome fram nokon negativ merknad, eller at nokon har merka at energibruken har blitt meir enn halvert. - Ein sit berre igjen med positive attendemeldingar, og ikkje minst ein betre økonomi, der reduksjonen på energibudsjettet er på over 65%. - Ein skal også vere merksam på ein vesentleg kostnadsreduksjon innan drift og vedlikehald - Eit merkbart oppgradert sjukehus, ved bruk av innspara energikostnader. - Start-investering på kr 300 000 har gjeve 30 mill kr i avkastning på 12 år

HEILT TIL SLUTT Motstand Ver merksam på den motstanden de vil møte i eit enøkprosjekt. Dette gjeld nesten over heile fjøla, frå utførande entreprenørar, konsulentar, leverandørar, vedlikehaldspersonell, og også eige personale, osv. Leiar Alle aktørar har tidligare gjort feil, dersom ein ønskjer å gjere endringar. Ein følar seg avkledd og går i forsvar. Ein leiar vil kanskje spørje om kvifor dette ikkje har vore avdekka tidligare. Og mange feil vil også verte avdekt, der det kanskje kan vere aktuelt med reklamasjon / garanti. Eg vil sterkt rå frå ein slik vinkling, då ein treng å få alle med seg. Unngå å peike på nokon, gje heller ros for å ha funne feilen eller forbetringspotensialet. Tøffeste oppgava Den tøffaste oppgåva er nok å få konsulentane med seg. T.d ventilasjon, som er tema her på møtet, er eit tungt område med klipp og lim løysingar. SFP-faktor synast å vere eit ukjent omgrep, kan ein ha kjensle av. Lukkast Skal ein lukkast, må ein også vere klar på målet, og også vere villig til å ta eit merkbart ansvar sjølv, for løysingar, gjerne på tvers av kva konsulentar og leverandørar foreslår. Og,- organisering er viktig! Ein lett organisasjon: - Leiar,+ ventilasjon, rør og elektro, med eit klart mandat, t.d

SÅ VIL EG SEIE Takk Eg vil nytte høve til å takke for den tillit eg er vist, ved å vere valt som enøk-rådgjevar gjennom disse 12 åra på Nordfjord Sjukehus. Springbrett Dette arbeidet kan også seiast å vere springbrettet for at eg fekk utvikle t.d Fjordvarmeprosjektet og andre effektive energiopptak, og utviklinga av modulvarmepumpa DM1000GT, som eg trur vil revolusjonere bruken av varmepumper. Forbilde Reduksjonen av energibruken på 65 % her på Nordfjord Sjukehus er ikkje noko spesialdøme. Dette kan utan tvil gjerast bedriftsøkonomisk lønsamt overalt. Døme Siste anlegget eit burettslag på 6500m 2, med eit års drift etter tiltak, visere 67 % reduksjon på oppvarmingsenergien, frå 900 000 til 300 000 kwh/år Moderne Varme Eg har fått høve til å presentere firmaet MODERNE VARME AS, som er eit spesialfirma innan energisparing med utvida horisont, slik vi har jobba med Nordfjord Sjukehus. Eg vil kort vise - Internett hovudsida www.modernevarme.no, - Hovudpunkta ved modulvarmepumpa DM1000GT - Firmaopplysningar Moderne Varme AS Eg takkar for merksemda

Moderne Varme A/S Energieffektiv oppvarming Varmepumper Klima Miljø Kjøling Ventilasjon i bygg Firma Verdikjede Meny Nedlasting Kontakt oss Referanser 1 2 3 Energieffektiv vassbore varmeanlegg Ny varmepumpe-teknikk Utdrag av presentasjon Ta kontakt for full presentasjon

Moderne Varme A/S VARMEPUMPA DM1000GT Nyskapande teknikk - som gjer det lønsamt å vere miljøbevist Du får eit topp moderne varmepumpe-anlegg med god verknadsgrad Du får eit plassbesparande anlegg, som lett kan monterast på tronge stadar Du kan montere modulane desentralisert i bygga, modulane samarbeidar autom. Du kan paralellkople så mange modular du vil, og auke kapasiteten etter trong Du treng ingen akkumuleringstank, den er innebygt Du får eit anlegg som taklar store og små effektuttak problemfritt Du får eit driftssikkert anlegg, der kvar modul er uavhengig av dei andre Du kan stille temperaturen automatisk, frå 40 o C opp til 75 o C i ulike modus Du får tilnærma gratis varmt tappevatn ved å nytte forvarming og akkumulering Du kan styre kjelar, stokkpumper og shuntar for golvvarme, utekompensert Du får eit anlegg som er stillegåande, utan vibrasjonar og er lett å plassere Du får muligheit til frikjøling for betring av inneklimaet, utan driftskostnader Du treng ikkje konsulenttenester, vi ordnar alt, energiopptak, radiatoranl. osv Du får eit anlegg som er svært lønsamt med lang garantitid Du får kort fortalt eit plug and play -anlegg med alt utstyr innebygt Du får garantert eit anlegg som passar, alle typar bygg, med kort nedbetaling

MODERNE VARME A/S er eit spesialfirma innan moderne løysingar for økonomisk lønsam energisparing og optimalt inneklima, samt produksjon og sal av modul-varmepumpa Nature1 - DM1000GT Dette gjør det lett å ta eit klimaansvar, fordi det lønar seg for deg Effektiv kostnadskalkyle - Faste prisar pr. m 2 - Rammeavtale Finansiering Kontoradr: 6770 Nordfjordeid Aksjekapital: kr 900.000 Tlf 578 62000 / 915 62000 E-post: post@modernevarme.no www.modernevarme.no Dagl.leiar: Bernt Festøy Moderne Varme A/S Kontakt oss Ta kontakt for ein fullstendig presentasjon Tilbake