Forskrift om felles adressesystem for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal, Sogn og Fjordane

Like dokumenter
Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

10/ /K2-L32//AEM

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Vik Kommune

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

Lokal forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Aurland Kommune

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Sogndal kommune

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

Adresseføresegner, Sund kommune

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

Forskrift for adressetildeling og adresseforvaltning for Hadsel Kommune Innhold 1. Formål og omfang 2. Adressemyndighet 3.

Denne orienteringa vert berre sendt grunneigar, og de må sjølv orientera eventuelle leigetakarar.

LOKAL FORSKRIFT FOR ADRESSETILDELING OG ADRESSEFORVALTNING

Namning av vegar i Fræna Kommune

LOKAL FORSKRIFT OM ADRESSETILDELING OG ADRESSEFORVALTNING Midtre Gauldal kommune, Sør-Trøndelag

MIDSUND KOMMUNE. Adresseplan Adresseringsområder i Midsund

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

1/27/2014. Formålet med adresser og skilt. Kommunen er adressestyresmakt. Matrikkelforskrifta 49. Heimel, matrikkellova 21 Fastset offisiell adresse

Adresseprosessen 10/18/2013 ADRESSEPROSESSEN - HEIMEL ADRESSEPROSESSEN - HEIMEL. Formålet med adresser og skilt Matrikkelforskrifta 49

Fjell kommune Arkiv: 566 Saksmappe: 2017/ /2018 Sakshandsamar: Janne Byrkjeland Dato: SAKSDOKUMENT

Adresseplan for Flora kommune

Offi si el le adresser. Anita Høie

Vegadresse er oppbygd av tre elementer Adressenavnet Adressekoden Adressenummeret

Adresseplan for Nord-Odal kommune

Forsand kommune Politisk

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

ADRESSEPARSELLERING, VEGADRESSER OG VEGNAMN I NISSEDAL KOMMUNE

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

Vedtatt i Vågsøy kommunestyre , K-sak 076/13

ADRESSEPLAN FOR LEBESBY KOMMUNE

Fosnes kommune. Adresseplan

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Saksnr Utval Møtedato 004/15 Formannskapet Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Espen Holen K2 - L32 13/995

Lov om stadnamn iverksetting av lova og konsekvensar for det offentlege

HALSA KOMMUNE ADRESSEPLAN

Saksnr. utval Utval Møtedato 119/19 Formannskapet Handsaming av klage frå Kartverket på adressenamn vedtatt i formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Arkivsaksnummer.: Arkivnummer: Saksbehandler: 10/742 L32 &00 Rune Klevstad REVIDERING AV NYE REGLER FOR HUSNUMMERSKILT I MODUM KOMMUNE

Lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Saksnr Utval Type Dato 016/15 Komite for oppvekst, idrett og kultur PS

Informasjon om tildeling av vegadresser

Adresseplan. Overgang fra matrikkeladresser til veiadresser. Vedtatt av Skaun kommunestyre

Informasjon om offisiell vegadresse

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Vegadresseprosjektet VARDØ 2015

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Saksnr Utval Type Dato 006/18 Heradsstyret PS

Endring av adresseparseller og vegnavn som tidligere er navnet - Høring

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Adresseprosjektet Bernt Audun Strømsli Kartverket Kristiansand Matrikkeldager høsten 2013

Vegadresseprosjektet Finnmark Statens Kartverk, avd. Vadsø Bodil Borch Mietinen

MODUM KOMMUNE ADRESSEPLAN

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Hovedutvalg oppvekst og kultur

Skiltvedtekter Lom kommune

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 096/2014 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS

Forfall meldast snarest på tlf eller til Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale.

LOM KOMMUNE SKILTVEDTEKTER

SAKSGANG Styre, råd, utvalg m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /15

BREMANGER KOMMUNE KOMMUNESTYRET

Oppstart av namnesak 2017/288 Blilie mfl. i Øystre Slidre kommune

HEMNE KOMMUNE ADRESSEPLAN

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Møteinnkalling TYDAL KOMMUNE. Utvalg for areal, miljø og teknikk. Dato: Utvalg for areal, miljø og teknikks medlemmer og varamedlemmer

Adressering. Trondheim 24. februar 2016

Forprosjekt - Offisielle veiadresser

Smøla kommune. Saksframlegg. Vegadressering i Smøla kommune

SAKSFRAMLEGG. 1. Plan og utviklingsutvalget tilrår kommunestyret å fatte følgende vedtak:

Vegadressering i Overhalla kommune. Igangsetting og finansiering av adresseprosjektet.

LÆRDAL KOMMUNE. Retningslinjer for tildeling av kommunale bustadtomter i Lærdal kommune

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLAUPSGEBYR I MELAND KOMMUNE

REGLEMENT FOR HANDEL UTANOM FAST UTSALSSTAD FRÅ KOMMUNAL EIGEDOM I ULSTEINVIK

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Adresser og adressering i Lardal kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Hovedutvalg oppvekst og kultur

Kriterium for fastsetjing av nye vegnamn

Eiendom : Gbnr. 20/51

Saksgang - fellesregler Klage Kurs i matrikkelføring Sentral matrikkelmyndighet, 2015 Versjon 1.1

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Høyanger kommune

Oppstart av namnesak 2018/357 Bergaskreda mfl. i Luster kommune

Møteprotokoll SAKLISTE

FAUSKE KOMMUNE ORGANISERING AV ADRESSEARBEIDET I KOMMUNEN. Kommunen er adressemyndigbet og fastsetter offisielle adresser. Regelverket knytet til

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

VELKOMEN TIL INFORMASJONSMØTE ONSDAG 1. APRIL 2015

Forsand kommune Politisk

Matrikkelopplæring. Adresseprosessen

Privat reguleringsplan Mevold bustadfelt - Eigengodkjenning

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Tove Kummeneje Arkiv: L32 Arkivsaksnr-dok.nr: 11/1609-1

SMØLA KOMMUNE SAKSNR.:

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

PLANPROGRAM ENDRING AV FØRESEGNENE TIL KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

Høring Kvalsund kommune - nye veinavn ved adressering

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen:

Varsel om oppmålingsforretning

REGLEMENT FOR LEIGE AV KOMMUNAL EIGEDOM OG FOR HANDEL UTANOM FAST UTSTALSSTAD FRÅ KOMMUNAL EIGEDOM

Deanu gielda - Tana kommune

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Deanu gielda - Tana kommune

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 058/2017 Formannskapet PS /2017 Kommunestyret PS

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

Transkript:

Forskrift om felles adressesystem for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal, Sogn og Fjordane Heimel: Fastsett av Førde Bystyre dd. månad 20xx med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) 21 andre ledd, forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) 59, lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn og forskrift 1. juni 2007 nr. 592 om skrivemåten av stadnamn. 1. Felles adresseringsområde Kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal utgjer eit felles adresseringsområde etter 58 i matrikkelforskrifta. 2. Føremål og omfang Føremålet med forskrifta er å leggje til rette for effektiv og eintydig lokalisering av offisiell adresse i kommunen. Dette er viktig for verksemder som yter tenester mot bustadmarknaden, og kan vere avgjerande for naudetatar som politi, brannvern og helse. Det er ei målsetjing at alle utbygde eigedomar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse med adressenummer og eventuell bokstav. Til offisiell adresse kan og eit bustadnummer og/eller eit adressetilleggsnamn høyre med. 3. Adressemynde Rådmannen er kommunens adressemynde og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen. Ansvaret inneber tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrift, i tillegg til førebuande arbeid knytt til fastsetjing av namn og skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Rådmannen har også mynde til å opprette eller endre adresseparsellane. 4. Namnemynde Kommunestyre er namnemynde i sin kommune og vedtek adressenamn. Namnemynde gjer vedtak om skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Før vedtak skal namnekonsulenttenesta ha hatt skrivemåten for namna til uttale. Namnemynde har også ansvar for å gje uttale på vegne av kommunen om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksrett for. 5. Offisiell adresse Med offisiell adresse meiner ein: a) Vegadresse gjeven med vegnamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav, eller: b) Matrikkeladresse, gjeven med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller undernummer, med tilhøyrande matrikkeladressenamn. Til offisiell adresse kan og eit brukseiningsnummer (bustadnummer) og/eller adressetilleggsnamn høyre til. c) I område utan klart vegsystem kan områdenamn nyttast som vegadresse (til dømes namn på hyttefelt med tilhøyrande adressenummer).

6. Ansvarsfordeling 6.1 Kartoversikt Adressesmynde lagar kartoversikt som viser dei enkelte adresseparsellar (vegar) med fastsett startog endepunkt, og tildelte adressenummer (husnummer) etter reglane slik dei går fram av matrikkelforskrifta kapittel 12 og adresserettleiaren utgjeve av Statens kartverk. Dersom det er bygg, byggefelt, plassar eller offentlege landemerke som skal ha namn, skal desse også merkast på kartet, med eventuell avgrensing. 6.2 Framlegg om namn Adressemynde gjer framlegg om namn på dei enkelte adresseparsellane og/eller område/bygg. Framlegg til namn skal sendast på høyring og leggjast ut på kommunen sine heimesider, slik at faste høyringspartar og aktuelle foreiningar/ lag, verksemder og enkeltpersonar i kommunen/ området får høve til å kome med merknadar. Stadnamntenesta for Vestlandet skal ha forslaga til høyring. 6.3 Namn og skrivemåte Namnemynde vedtek namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellane. Ved eventuelle nye framlegg til namn, må framlegga sendast Stadnamntenesta for Vestlandet til ny høyring før endeleg vedtak. 6.4 Reguleringsplan For nye område/bustadfelt der vegadresse skal nyttast, bør adressering og namnsetting skje samtidig med handsaming av reguleringsplan, slik at ikkje tilfeldige namn kjem i varig bruk. 6.5 Endring av tildelte adressenummer Adressemynde kan endre tidlegare tildelte adressenummer der det er naudsynt for å oppnå klarare og meir eintydig adresse i samsvar med føresegnene. 6.6 Melding om tildeling av adresse Adressemynde skal sende melding til heimelshavar og eventuell festar ved tildeling og endring av adresse. Før endeleg vedtak skal dei som vedtaket får verknad for, få høve til å uttale seg. Sakshandsaminga fylgjer reglane i forvaltningslova. 7.Retningslinjer for val og skrivemåte for adressenamn 7.1 Stadnamnlova Adressenamn skal fylgje reglane i stadnamnlova. 7.2 System for adressering Adressenamnet må passe inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vere lette å oppfatte, skrive og uttale. Adressenamn skal vere slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og allment kjende stadnamn i adresseområdet. 7.3 Adressenamnet Adressenamnet bør høve på staden og verke lokaliserande. Det bør byggje på lokal namnetradisjon eller på lokal kultur og historie. Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk. Gjennom namnsettinga skal ein verne om og ta vare på lokal kulturarv. 7.4 Namn etter personar

Namn på personar som er i live bør ikkje brukast i adressenamn. Namn på avdøde personar skal berre brukast når det er særlege grunnar for dette. 7.5 Skrivemåten Skrivemåten skal vere i samsvar med det lokale målføret og elles følgje normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering, skal ein nytte den målforma som ligg nærast opp til talemåten på staden der adresseparsellen ligg. 7.6 Unngå like namn Unngå i størst mogleg grad like namn i nabokommunar/same «utrykkingsområde». 8.Retningslinjer for utforming av adressesystem og nummerering av adressene 8.1 Startpunkt for nummertildeling Nullpunkt for nummertildeling i adresseområdet er Førde sentrum. Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eigne adressenamn, er normalt der vegen, eller tilkomst til området, tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vere det som ligg nærast nullpunkt. 8.2 Hovudregel Hovudregelen er at alle Europa-, riks- og fylkesvegar skal få eige namn. Sidevegar bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen er: a) kortare enn 200 m og har minst 20 adresseeiningar. b) lengre enn 200 m og har minst 10 adresseeiningar. c) lengre enn 500 m og har minst 5 adresseeiningar. d) lengre enn 2 km og har minst 1 adresseeining. 8.3 Områdeadressering Der adresseeiningane mest tenleg kan knytast til eit naturleg avgrensa område med minst 10 adresseeiningar, bør området ha eige adressenamn. Områdeadressering vert brukt i områder utan klart vegsystem. 8.4 Unntak For å gjera det lettare å finna fram, kan kommunen gjere unntak frå grensene i punkt 8.2 og 8.3. Unntak kan ein og gjere for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet. 8.5 Oddetal og partal Det skal nyttast partal på venstre side og oddetal på høgre side av vegen sett frå vegen sitt startpunkt. For eksisterande adresseparsellar med omvendt nummertildeling eller vegar knytt til desse kan motsett prinsipp vidareførast. For vegar som kryssar kommunegrensene skal nummertildelinga tilpassast slik at same prinsipp vert nytta for heile vegen. 8.6 Nummerering Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogeleg parallelt og det bør reserverast ledige nummer i tilfelle utbygging.

8.7 Avstandsprinsippet Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, til dømes ei adresseeining som ligg på høgre side 400 m frå der vegen startar, gjev nummer 40. 8.8 Kombinert med tradisjonell adressering Ein kan også nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet. 8.9 Over kommunegrense Der vegar kryssar kommunegrenser og det ikkje er eit naturlig skilje, t.d. vegkryss, bru eller liknande, så bør vegparsellane vurderast å ha same namn i begge kommunane og ha fortløpande adressenummerering. 9.Skilting 9.1 Ansvar for oppsetting og vedlikehald Adressemynde skal setje opp og halde ved like vegnamnskilt og tilvisingsskilt for adresser med tilkomst frå fellesvegar som ikkje har eige adressenamn. I tillegg skal adressemynde i naudsynt omfang sette opp og halde ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpe ukjende fram til rett adresse. Kommunen er ansvarleg for oppsetting og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale og private vegar. For riks- og fylkesvegar har Statens vegvesen dette ansvaret. 9.2 Ansvar for husnummerskilt Eigar/festar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å koste, sette opp og halde ved like husnummerskilt i samsvar med 57 (2) i forskriftene til matrikkellova, og etter nærmare regler angitt i 10. 9.3 Frist for oppsetting av husnummerskilt For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan 6 md. etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk. 9.4 Manglande skilting Manglande skilt kan krevjast sett opp innan rimeleg frist. Er dette ikkje utført innan fristen, skal kommunen sjå til at skiltet blir sett opp. Eigar vil då bli fakturert for arbeidet og eventuelle nye skilt. 10.Plassering av skilt, materiale og utforming 10.1 Plassering Husnummerskilt skal plasserast slik at dei tydleg viser kva bygning/eigedom dei er knytte til, og vere plassert slik at dei er lett synlege frå gate/veg. Skilta skal haldast heile og reine, med tydelege tal og ev. bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngåing/innkøyrsla. Samtidig bør skilta plasserast slik at dei kan lesast i mørket. Nummerskilt skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og om mogleg til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsler frå veg.

10.2 Pliktar Eigar/festar pliktar å sørgje for at nummerskilt er godt synlege og ikkje er skjult av tre, busker, andre skilt mm. 10.3 Materiale og utforming Materiale og utforming for skilt skal vere slik: a) Vegnamnskilt og tilvisingsskilt, jf. skiltforskrifta kap. II skilt 729. b) Husnummerskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale. Dei skal festast godt. c) Skilta skal ha svarte tall og ev. bokstavar, samt svart kantbord på kvit eller kvitaktig reflekterande botn. d) Storleiken på skilta skal vere i samsvar med skiltrettleiaren gitt i adresserettleiaren utgitt av Statens kartverk. Skilthøgde 150 mm og teksthøgde 105 mm. e) Andre skilttypar kan, etter godkjenning av adressemynde, nyttast. Slike skilt må også vere av varig materiale, ha tydelige tall og ha god kontrast mot bakgrunnen. 11. Klagerett Vedtak om adressetildeling og endring kan påklagast i samsvar med forvaltningslova kapittel VI. Klagen skal sendast skriftleg til adressemynde innan 3 tre veker etter motteke melding om vedtak. Klageinstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Matrikkellova 46 bokstav f) gir klagerett på tildeling eller endring av offisiell adresse. Matrikkelforskrifta 22 avgrensar klageretten ved tildeling eller endring av offisiell adresse til: a) kva gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til b) kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa c) feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer. 12. Iverksetjing Forskrifta gjeld frå den dato den er vedteken i kommunane og lovleg kunngjort.