KIVA November og desember 2011
Kivalån i november og desember 2011 David og Bukiabi Poultry Farmers, Kenya (250 kr) David er medlem i Bukiabi Poultry Farmers A gruppa (poultry = fjærkre). Som dei fleste av innbyggarane i Vest Kenya, er medlemene i David si gruppe bønder som er avhengige av å dyrke mais for årleg mattryggleik og inntekt. David har ansvar for ti barn, og vart med i programmet One Acre Fund for å forsørgje familien. Programmet sørgjer for opplæring, sikker tilgang til naudsynte innsatsfaktorar for maisdyrkinga (gjødsel, frø), kreditt og forsikring. Etter at han vart med i dette programmet, har avlinga auka frå 9 sekker mais pr acre (4 dekar) til 19 sekker mais pr acre. Med lånet vil David og dei andre kjøpe gjødsel, frø og anna som dei treng til den neste vekstsesongen i februar. David sitt mål er å tene nok til at barna kan få ei utdanning og til at han kan byggje eit nytt hus til familien. David og gruppa hans.
Delia, Bolivia (170) kr Delia arbeider innan landbruk og har også nokre få mjølkekyr. Ho vil låne pengar for å kjøpe to nye mjølkekyr og dermed auke produksjonen og inntekta til familien. Ho er gift, men har ikkje barn. Ho og mannen bur saman med hennar familie nær La Paz. Kosar, Pakistan Kosar er 36 år gammal og analfabet. Ho kunne ikkje utdanne seg sidan foreldra hennar ikkje kunne betale for skulegongen hennar. Ho arbeider som syerske, og mannen hennar sel geiter og sauer. Det er Kosar som passer dyra. Dei har tre barn, og to går på skulen. Kosar veit kor viktig det er med utdanning, og vil at barna skal gå på gode skular. Ho ber om lån til å utvide produksjonen og kjøpe fleire sauer og geiter. Kosar er med i ei lånegruppe: Kosar, Shahida Muqadas, Zainab Bibi, Razia Bibi, Sajida Parveen, Munawar Bibi.
Turdiali, Tadsjikistan Turdiali har vore bonde i mange år. Han treng lån for å kjøpe kunstgjødsel og frø for å plante/så om vinteren også. Han held på å lære opp sønene sine til å verte bønder, og seier han veit jorda alltid vil gi ei god avling dersom dei arbeider hardt nok. Vin, Kambodsjea Vin er 61 år gammal. Ho er gift og har 5 barn. Bare eit av barna bur heime. Ho har vore bonde i 28 år. Ho dyrkar også krydder for å spe på inntekta. Akkurat no tener ho $6 om dagen og legg til side $1.50 av dei til sparing for framtida. Ho har motteke og (betalt tilbake) lån frå Kiva før. Ho fekk gode resultat, så ho søker om eit lån til. Ho vil kjøpe gjødsel og risfrø for å auke avlinga. Bilete: Vin og Chin har gått saman og danna ei lånegruppe Ni Wayan frå Taman Indah Group, Bali, Inonesia Ni Wayan driv med gris, og ho vil auke produksjonen ved å kjøpe grisungar. Ho har fått lån tidlegare, med stor suksess. Også førre gong kjøpte ho grisungar og alte dei opp for sal. Ho er formann i lånegruppa, og er gift og har ei dotter. Bilete: Ni Wayan, Ni Komang, I Putu, I Ketut, Dayu Ketut, Umi
Djumakan, Kirgisistan Djumakan vaks opp på gard med ein stor familie. Etter ho var ferdig med skulen, arbeida ho på familiegarden. Hovudavlinga er beter. Ho har lang røynsle med gardsarbeid, men ho har aldri hatt mogeligheit til høgare utdanning. Ho gifta seg med ein frå same landsby, og dei arbeida på markene til familien og dyrka beter. Livet i landsbyen vart hardare og hardare med stor arbeidsløyse. Då Djumakan og mannen fekk barn, var det ikkje lenger nok jord til å fø alle i familiane i landsbyen. Ho og mannen fekk ei mjølkeku av foreldra hennar, og starta sin eigen produksjon. Mannen hennar fekk etter kvart jobb som gjeter, og dei fekk bu i eit rom på ein kollektiv-gard. Etter 5 år med hardt arbeid hadde dei spart nok til å kjøpe eit lite hus og uthus. Djumakan sine to barn er no vaksne og har reist til Russland for å få arbeid. Barna deira er igjen hos Djumakan. Ho oppdrar dermed tre små barnebarn på 1,5, 2 og 3 år. Ho har inntekt frå to mjølkekyr samt ein liten alderspensjon. I tillegg har ho to kalvar. Ho ønskjer å låne gjennom KIVA slik at ho kan kjøpe fleire kalvar og etter kvart utvide garden og produksjonen. Love One Another Group, Zimbabwe (Chipo) kr Bilete: Chipo Chinyamuchika, Doricah Moyo, Fananidzo Maherani, Winnie Unganai, Josephine Musvosve, Sithabile Ncube. Chipo er 37 år og bur i Gweru. Ho er gift og har to barn på 22 og 17 år, ein av dei går framleis på skulen. Chipo alar opp kyllingar og sel klede og Matemba, som er små tørka fisk. Ho har ein tilsett til å hjelpe seg, men har problem med kylling-død og mangel på fôr. Ho ber om lån for å kjøpe kyllingar, kyllingfôr og sprøytemiddel. Ho vil gjerne starte med gris når kyllingproduksjonen går opp.
Kueni Iakopo, Samoa Kueni er 33år og bur i landsbyen Pitonuu Satupaitea. Ho er gift og har ikkje barn. Ho dyrkar yams, og har fått lån frå Kiva to gonger før med godt resultat. Ho treng lån for å kjøpe gjødsel, stiklingar og sprøytemiddel. Ho vil bruke overskotet til å reparere huset sitt. Jocelyn Sagun, Filipinene Jocelyn er 34 år, gift og har 4 barn i skulealder. Målet hennar er å gi familien eit godt liv, og ho meiner alle kan greie dette dersom dei grip sjansen når dei får den. Jocelyn har drive ein ris-gard i ti år. Ho har 1,5 hektar risåker. Ho vil låne frå Kiva for å kjøpe frø, gjødsel og sprøytemiddel.
Naira Lomidze, Georgia Naira kjem i frå Øst Georgia og er 43 år og gift. Ho bur saman med mannen sin, svigerdottera og barnebarnet på 1 år. Ho arbeider som budeie på ein nabogard. I tillegg tar ho seg av familien sine to mjølkekyr og ein kalv. Naira og familien produserar ost og sel den lokalt. Familien eig også 0.80 hektar jord der dei dyrkar mais og bønner. Naira vil ha lån for å kjøpe 6-7 kalvar. Juboo Group (Saye), Senegal Bilete: Dibor, Sokhna, Diouma, Aby, Marie, Dieynaba, Oumy og Saye. Juboo gruppa består av 8 kvinner. Dei driv med sau og samarbeider og hjelper kvarandre. Saye er gift og har 5 barn. Ho har også ei syster ho må forsørg je. Ho vil kjøpe to søyer for lånesummen, og ho vonar overskotet vil vere stort nok til å auke levestandarden deira litt.