GRAFISK DESIGN WEBDESIGN 3D/FILM Eventyrkatalog 2015 Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 1
Grafisk design Og så levde dei lykkeleg i alle sine dagar 2
Det var ein gong... I 2009 slo to designbyrå seg saman og utgjer i dag det som er kjent som Fantastiske Osberget. Dermed vart vi endå sterkare med eit breiare spekter av tenester. Vi leverer alt innan profilering, trykksaker, web og skjermbasert design, 3D illustrasjonar og film. velkomen til ein uformell prat hos oss. Kundane melder tilbake at det er triveleg å vere saman med oss. Vi skal vere folkelege, attraktive og framoverlente. Saman med kunden vil vi skape eit arbeidsfellesskap som er inspirerande og utviklande. Med vår innsats ønskjer vi å gjere deg som kunde fantastisk glad. Vi har kontor i Ulsteinvik og Oslo. I tillegg har vi avdeling i Latvia, der sit programmerarane våre. Vi serverer alltid kaffi til kundane våre, og du er hjarteleg Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 3
Kontakt Grafisk ossdesign Kontakt oss ULSTEINVIK Postboks 168 N-6067 ULSTEINVIK Besøksadresse: Sjøgata 56 6065 ULSTEINVIK +47 70 00 90 90 +47 70 00 90 80 post@osberget.no OSLO Postboks 6146, Etterstad N-0602 OSLO Besøksadresse: Brynsengveien 5 0667 OSLO +47 24 20 11 23 post@osberget.no www.osberget.no 4
STABEN...og halve kongeriket ÅGE GRIMSTAD Dagleg leiar +47 453 93 635 aage@osberget.no MAGNE GRIMSTAD JR Dagleg leiar +47 932 17 366 magne@osberget.no ELLEN SKODJEVÅG BØ Sal og marknadsansvarleg +47 402 40 226 ellen@osberget.no DESIRÉ GUGELMANN Marknadsansvarleg +47 462 80 629 desire@osberget.no LENA JOHNSEN Controller +47 70 00 90 82 lena@osberget.no ASLE GEIR W. JOHANSEN Tekstforfattar +47 990 15 190 aslegeir@osberget.no STINE MARI JOHNSEN Art Director +47 415 66 620 stine@osberget.no HILDEGUNN WELLE Art Director +47 476 17 302 hildegunn@osberget.no MARIUS ERTESVÅG Grafisk designar +47 919 15 788 marius@osberget.no TONE SJÅSTAD Grafisk designar +47 930 61 265 tone@osberget.no ELLA ROGNE Grafisk designar +47 970 07 084 ella@osberget.no ALEX COVRIG Senior 3D-designar +47 486 60 237 alex@osberget.no JOHN HADDAL MORK 3D-designar +47 480 37 099 john@osberget.no MAGNE GRIMSTAD SEN Seniorrådgjevar +47 948 57 552 magnesen@osberget.no HELJAR GRIMSTAD IT-medarbeidar +47 924 17 142 heljar@osberget.no TRINE KANUTTE HAGEN Trainee - trine@osberget.no OLE MARIUS NESSET Trainee +47 954 49 339 trine@osberget.no MAKSIMS KUKUĻINSKIS Senior programmerer +371 29 677 234 rasamax@rasamax.lv ANNA SEMJONOVA Mark Up - anna@rasamax.lv JURIS VAIDERS Programmerer - juris.vaiders@rasamax.lv Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 5
Grafisk design Vi tek deg med på eit fantastisk eventyr... 6
VI LEVERER Vi strekker oss langt og lenger enn langt for at du skal få det aller beste. GRAFISK DESIGN WEBDESIGN 3D, FILM & KINO TEKSTFORFATTING Set ikkje lyset ditt under ei skjeppe! I staken skal det stå. Vi hjelper deg til å vere synleg, skine, skilje deg ut, nå fram. God design gir styrke: logo, profil og visuell identitet, fotokonsept, skilt, emballasje, brosjyre, visittkort, rollup, messe- og standmateriell, bildekor, m.m Treng du nettside eller ei ny utgåve av den du alt har? Vi har løysinga gjennom vårt eige CMS-system; moderne, enkel og effektiv og i tråd med trendane om du ønskjer det. Gjennom responsiv design blir løysinga tilpassa brett og mobil. Treng du hjelp til å halde nettsida oppdatert? Gi oss eit vink. Vi kan hjelpe deg med det meste innan 3D, film og kinoreklame. Vi lagar manuskript og dreiebok, familiefilm, reklamefilm, forretningsfilm, produktfilm, kinoreklame, 3D-visualisering og modellering, foto og animasjon. Vi driv reklameframsyning på desse fire kinoane; Sjøborg, Ørsta, Volda og Fosnavåg. Vi leverer tekster av alle slag og kan utvikle eigne konsept og slagord. Du vel sjølv om du vil ha teksta på nynorsk, bokmål eller engelsk. Vi ordnar pressemeldingar. Vi kan kontakte aviser, fjernsyn, radio og andre mediekanalar for deg. Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 7
Prosessen Når eit stort eventyr byr seg, avslår du det ikkje Vi er kreative sjeler som elskar liv og røre. Vi er mange og ulike, men jobbar alle mot same mål. 8
PROSESSEN Vi hjelper deg mot målet gjennom open dialog. Dei små og store hoppa vi gjer saman, og skaper ringar i vatn. ANALYSE OG RÅDGJEVING STRATEGI KONSEPT TILTAK Eit prosjekt startar alltid med eit møte med kunden og ein god kopp kaffi. Vi blir kjende og stiller viktige spørsmål for å kome til kjernen av kva kunden treng. Etter å ha kartlagt utfordringane og behova dine utarbeider vi ein strategi med tydelege mål og ein plan for å nå desse. Vi startar den kreative prosessen og finn løysingar basert på strategi og analyse. Funksjonalitet står i fokus der den visuelle designen blir eit resultat av dette. God design skal ikkje berre vere pryd for auget. Idéen tek form og kan presenterast og godkjennast. Prosessen mot målet skal alltid vere i samarbeid med kunden med ein open dialog undervegs. Til slutt blir designen forma og sett ut i livet. Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 9
PROFILERING HEILSKAPELEG DRAKT Skal du vise igjen og vere ein tydeleg aktør i ein krevande marknad, er det viktig at du har eit kjenneteikn som er godt synleg. Både namnet og logoen skal syne kven du er, kva du gjer, og kva verdiar og mål som ligg til grunn. Profilen er drakta di. Han skal sitte godt og gje eit heilskapleg uttrykk slik at kundane dine kjenner deg att og får inntrykk av at du er ein trygg og rett leverandør. Den visuelle identiteten skal spegle deg gjennom ein solid og varig logo, grafiske element og uttrykk som skapar eit solid inntrykk av di bedrift. Når dette er lagt til grunn, vil vi kunne plassere alle dei andre stjernene dine på himmelen, med din identitet. Profilen skal reflektere din identitet gjennom visuelle verkemiddel. Her vil vi i samarbeid med deg utarbeide idéar og konsept basert på dine tankar og visjonar. 10
Profilering Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 11
Tekstforfatting 12
TEKSTFORFATTING Tekstforfattarane våre jobbar kreativt med teksten for å utvikle eigne konsept og slagord. Treng du eit konsept til din neste katalog, årsrapport, jubileum eller anna, så tek vi oppdraget. Du som kunde vel sjølv om du vil ha teksta på nynorsk, bokmål eller engelsk. Fantastiske Osberget kan tilby alt du treng i samband med ei pressemelding og/eller pressekonferansar. Ofte har bedrifter behov for å presentere nyhende i media. I staden for å bruke tid og energi på å kontakte aviser, fjernsyn, radio og andre mediekanalar, så tek vi på oss heile oppdraget. Vi skriv pressemeldinga i samarbeid med deg som oppdragsgivar. Vi vinklar og vurderer pressemeldinga for at ho skal nå fram i redaksjonane, og vi sender ut til alle kanalar som høver for pressemeldinga. Vi syter også for gode bilete. PRESSEMELDING//BØKER//BROSJYRAR//DM//REKLAMETEKSTER TIL FILM OG ANNONSAR//NETTSIDER//REDAKSJONELT//INTERVJU//TALAR// PRESENTASJONAR//KORREKTUR OG SPRÅKRÅD Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 13
MARKNADSMATERIELL I den daglege kommunikasjonen til ei bedrift er det viktig å ha eit verktøy som gjer det enkelt å formidle bodskapen din, og ikkje minst enkelt for kunden å forstå bodskapen. Profilen og den visuelle identiteten må kome tydeleg fram i designmateriell som blir nytta dagleg. Marknadsmateriell hjelper deg å nå ut til kundane og promotere både deg sjølv produkta dine. Her gjeld det å nytte aktuelle og tilgjengelege medium. Annonsar kan brukast både for promotering av dine produkt, tenester og stillingsannonsar, medan rollup og produktark vil vere nyttig i møte med kunden slik som på messer eller presentasjonar. PowerPoint er også godt eigna for presentasjon. VISITTKORT//KONVOLUTT//BREVMAL//OMSLAGSMAPPE//PRODUKTARK E POSTSIGNATUR//BROSJYRE //DM//ANNONSE//ROLLUP//BANNER// POWERPOINT//KATALOG 14
Marknadsmateriell Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 15
Trykksaker 16
TRYKKSAKER Vi leverer det meste innan trykksaker. Vi arbeider med eit klart mål om at alt materiell skal vere forankra i ein profil og eit visuelt uttrykk som gir både deg og kundane dine ei god oppleving. Oppdraga er aldri for små eller for store. Vi hjelper deg med alt frå mindre flygeblad til større produktkatalogar. Vi rettleier deg i heile prosessen slik at det endelige resultatet er med på bygge opp under og styrke din profil og identitet. Det er nesten ikkje grenser for kva ein kan formidle på det trykte medium. Brosjyrar og katalogar vil vere gode verktøy for å fortelje di historie, og fremje dine produkt. I større trykksaker har du høve til å ta deg tid og plass til å la kunden bli kjend med deg. Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 17
MERKING - VER SYNLIG Der du er, vil kanskje kundane dine vere, og omvendt. Då er det viktig at dei ser kven du er og kvar du er. Igjen må vi bygge opp under den visuelle profilen. Logo og grafiske element må malast over dørkarmen din bokstaveleg talt. Skilting hjelper kunden din til å sjå deg og finne fram til lokala dine. Merking på bilar og folk gjer selskapet ditt endå meir synleg. La oss hjelpe deg med å prege både arbeids- og fritidskler på ein slik måte at kunden ser deg. 18
Grafisk design Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 19
Nettstad 20
NETTSTAD Om du ikkje er på nett, er sjansane store for at kunden ikkje finn deg. Og endå verre: Dei trur ikkje selskapet ditt eksisterer. Nettstaden er blitt ein viktig profileringskanal, og for mange den viktigaste. Nettstaden skal vere prega av din identitet og profil, og ikkje minst vere enkel og brukarvennleg. Nettstaden må tilpassast utifrå dine behov og ønske, og kva dine kundar treng av innhald og informasjon. Kunden er alltid i fokus, og vi gjer vårt beste for å finne løysingar som er til det beste for våre kundar. Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 21
OSBERGET CMS Vi leverer eiga CMS løysing (Content Management System). Osberget CMS er eit verktøy som gjer det enkelt for deg å oppdatere og halde ved like nettstaden din. VERKTY for å redigere nettstaden like enkelt som Word SØKEOPTIMALISERING NETTBUTIKK med integrasjon til PayPal MOBIL Vi tilpassar design og innhald for mobil BILDEBEHANDLAR som automatisk tilpassar bilete for nettet GOOGLE ANALYTICS SKJEMA for til dømes påmelding eller førespurnad NETTFLETTING til dømes vêrmelding, børs og Google Maps DELING/DIGITAL REKLAME Facebook, Twitter, Google+ m.m. 22
Osberget CMS Vi har vår eiga CMS -løysing på huset Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 23
3D/Film 24
3D/FILM Ved å bruke 3D kan du illustrere fiktive og reelle saker både før og etter dei er realisert. Innan 3D finst det ingen grenser alt er mogleg. Det du ønskjer deg, kan vi oppfylle. Film handlar om å skape draumar. Fortel oss din draum, og vi gjer han til røyndom. Våre filmskaparar står klar til å produsere din film. Vi gjer vårt beste for at du skal bli nøgd med resultatet. Vi skaper magi Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 25
FILM/ KINOREKLAME Fantastiske Osberget har dei siste åra tilbydd sal av kinoreklame. Dette med bakgrunn i salsansvar for fleire kinoar i regionen. Det auka tilbodet har gitt resultat fleire lokale bedrifter nyttar kino som marknadsføringskanal. Fantastiske Osberget driv reklameframsyning på desse fire kinoane; Ulstein, Ørsta, Volda og Fosnavåg. Kino er ein effektiv kanal som snakkar til eit positivt publikum i rett modus. Ingen annan stad får ein presentert produktet sitt på eit så stort format med god lyd og godt bilete. Kinoreklame er rimeleg, og det er enkelt å endre bodskapen. Vi produserer også kinoreklame, alt frå filmar basert på eige materiell til løysingar med film, 3D og animasjon. Ta kontakt for meir informasjon. 26
Film/Kinoreklame Eventyrkatalog Eventyrkatalog2015 2015 FANTASTISKE FANTASTISKEOSBERGET OSBERGET 27
Grafisk design 28
VÅRE REFERANSAR Vi jobbar med mange ulike bedrifter, i ulike bransjar. Vi er stolte over å ha dei alle som kundar, og at dei set pris på tenestene våre. På forrige side ser du nokre av dei! Eventyrkatalog 2015 FANTASTISKE OSBERGET 29
Grafisk design FANTASTISKE OSBERGET Fantastiske Osberget er eit fullverdig reklamebyrå. Vi leverer alt innan profilering og design.vi er Askeladden i eventyra som skal vinne prinsessa og heile kongeriket med god design og rett kommunikasjon. Vi elskar å tenkje stort og strekkje oss mot nye mål og utfordringar. Kunden er alltid i fokus, og vi gjer vårt beste for å finne løysingar som er i tråd med ønska, og til det beste for kunden. 30
Eventyrkatalog 2015 2015 FANTASTISKE OSBERGET 31
Grafisk design GRAFISK DESIGN WEBDESIGN 3D/FILM ULSTEINVIK Postboks 168 N-6067 ULSTEINVIK Sjøgata 56 6065 ULSTEINVIK +47 70 00 90 90 +47 70 00 90 80 post@osberget.no OSLO Postboks 6146, Etterstad N-0602 OSLO Brynsengveien 5 0667 OSLO +47 24 20 11 23 post@osberget.no Fantastisk glade kundar www.osberget.no 32