SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND (SAPT) Årsmelding 2017 Årsplan 2018 Syns- og Audiopedagogisk Teneste Adresse: Møllendalsveien 1A, 5009 Bergen Sentralbord: 53 03 72 50 E-post synogaudio@bergen.kommune.no Heimeside: www.bergensskolen.no/synogaudio 1
ÅRSMELDING SYNS- OG AUDIOPEDAGOGISK TENESTE I HORDALAND 2017 Fakta om tenesta Oppdraget til SAPT er nedfelt i samarbeidsavtale mellom kommunar i Hordaland og Hordaland fylkeskommune, revidert og gjeldande frå 01.01.2017. SAPT skal sikra kommunane og fylkeskommunen tenester innan syn/hørsel der desse ikkje har tilstrekkeleg fagleg kompetanse sjølv. Tenesta er finansiert gjennom eit interkommunalt samarbeid mellom dei 33 kommunane i fylket og Hordaland fylkeskommune. Arbeidsgjevar (vertskommune) for tenesta er Bergen kommune. SAPT er ei eining innanfor Byrådsavdeling for Barnehage, Skole og Idrett, og organisatorisk plassert i Seksjon for spesialpedagogiske tenester i Bergen kommune. Grunnlaget for denne organiseringa er nedfelt i «Saman for kvalitet- Spesialpedagogisk plan 2014-2024» som vart vedteken i Bergen byråd 2014. I grunngjevinga heiter det : «en samling av hele det spesialpedagogiske feltet vil kunne gi bedre utnyttelse- og utvikling av samlet kompetanse på feltet og bidra til å utvikle samhandlingen mellom skole/barnehage og støtte/rådgivningsfunksjonene» Tenesta har eit eige styre der eigarane, brukarorganisasjonar og dei tilsette er representerte. Kommunane sine representantar var i 2017 frå høvesvis Fitjar og Askøy. Styreleiar er frå vertskommunen. Brutto utgifter i 2017 : 12.356.000 Tal på tilsette : 14 Tal på sverk: 12,8 SAPT har kontorlokale i Møllendalsveien 1 a i Bergen. Kontoret på Stord vart avvikla 31.12.2017 Utviklingstrekk innanfor resultateininga sine tenester i 2017 SAPT har stått for utgreiing/kartlegging av tilmelde brukarar som har rettar etter Opplæringslova og Lov om folketrygd. Det er gjeve råd og rettleiing til brukarar, føresette, lokalt hjelpeapparat, pedagogar og anna personale i barnehagar og skular, helsepersonale,arbeidsgjevarar o.a. Tenesta har hatt innlegg på kurs og samlingar. Ein ser at tilmelding av vaksne brukarar er aukande. SAPT har i 2017 gjeve tenester til brukarar tilpassa personaldisposisjonar og økonomiske ressursar som er til rådvelde. Arbeidet omfatta også bistand til PPT og OT/PPT med fagkunnige uttaler i samband med sakkunnig vurdering i saker som gjeld syns- og hørselsproblematikk. Resultateininga sine hovudmål/satsingsområder i 2017 Hovudmåla er både system- og brukarretta. Alle som har eit reelt hørsels-/synstap, kan få hjelp frå tenesta. Nødvendig dokumentasjon er epikrise frå spesialist. I utgangspunktet vert det ikkje stilt noko krav til kven som kan søkja om bistand frå tenesta. Alle som oppfyller inntakskravet, også brukaren sjølv, kan ta kontakt med tenesta for å få bistand. 2
Arbeid på systemnivå: For å gje brukararne rask og best mogleg hjelp, skal SAPT samarbeida med kommunale og fylkeskommunale tenester. SAPT skal samarbeida med, og gje faglege råd til, PP tenesta i kommunane og til OT/PPT i fylkeskommunen. Samarbeidet kan omfatta rettleiing og rådgjeving til PPT i forbindelse med sakkunnige utgreiingar. PPT og OT/PPT skal kunne nytta SAPT i saker som krev særleg relevant kompetanse innan det hørselsfaglege og synsfaglege feltet SAPT skal arbeida aktivt for å fremje kunnskap og kompetanse knytt til ulike syns- og hørselstap gjennom informasjon retta ut mot kommunane, fylkeskommunen og andre samarbeidspartar. SAPT skal samarbeida med Statped, spesialisthelsetenesta, og NAV Hjelpemiddelsentralen etter klare samhandlings- og rutinebeskrivingar. Arbeid på individnivå: SAPT skal kartleggja, gje informasjon, råd og rettleiing til brukarar, føresette og nettverk innan syn og hørsel. Råd og rettleiing i form av pedagogiske, praktiske og tekniske tiltak kan gjevast heime hos brukar, i barnehage og skule/opplæringsstad, eller på andre aktuelle stader. SAPT skal informera brukararar med dokumenterte syns- og hørselstap om aktuelle og relevante hjelpetenester for vidare oppfølging. 3 2017 har vore prega av å vidareføra oppdraget vt nedfelt i revidert avtale mellom oppdragsgjevarane ve, gjeldande frå 01.01.2017. I dette arbeidet har det også vore fokus på utvikling av ein lærande organisasjon; utvikling av kompetanse og fleksibilitet i arbeidsmåtar og organiseringsformer, og revisjon av SAPT si Plattform (konkretisering av arbeidsoppgåver). SAPT har teke initiativ til dialog og utarbeiding av samhandlingsrutinar med sentrale samarbeidspartar. Arbeidet har også vore omfatta av vidareføring og vedlikehald av arbeidet med verdiar nedfelte i Bergen Kommune sin HR strategi; KÅPE (Kompetanse, Åpenhet, Pålitelig, SamfunnsEngasjert) og implementering av SAPT si eiga verdiplattform. Dette er prosessarbeid som vert ført vidare i personalgruppa. Verdiplattform: SAPT sine tenester skal kjennetegnes ved god kvalitet og høy faglig kompetanse i et tverrfaglig samarbeid som kommer tjenestens brukere til gode SAPT skal være en inkluderende arbeidsplass der alle medarbeidere lojalt bidrar til å virkeliggjøre tjenestens visjoner, mål og verdier SAPT skal arbeide i et langsiktig perspektiv, og bidra til at syns- og hørselshemmede inkluderes som likeverdige deltakere i samfunnet Helse miljø og tryggleik Det er utarbeidd «Helse, miljø og sikkerhetshåndbok for Syns- og Audiopedagogisk Teneste i Hordaland (SAPT) Arbeidsmiljølov og forskrift om systematisk HMS-arbeid». Denne er i tråd med retningslinjer for Bergen kommune og tilpassa SAPT. Beredskapsplan for SAPT er utarbeida etter mal frå Bergen kommune, tilpassa tenesta. 3
Brukarar av audiopedagogisk teneste fordelte på kommunar og alder Alder/ 0-2 3-5 6-9 10-12 13-15 16-18 19-66 + 67 Sum Innbyggere pr 31.12.17 Askøy 1 4 6 12 7 9 23 18 80 29 071 Austevoll 0 0 4 3 0 7 9 2 25 5 189 Austrheim 0 0 0 1 2 3 3 2 11 2 902 Bergen 6 12 38 51 72 66 346 471 1062 279 792 Bømlo 0 0 6 1 4 8 21 6 46 11 902 Eidfjord 0 0 1 1 0 0 0 1 3 931 Etne 1 1 1 0 0 2 5 7 17 4 083 Fedje 0 0 0 0 0 0 0 0 0 561 Fitjar 0 0 1 0 3 1 6 2 13 3 194 Fjell 0 3 6 2 9 11 38 23 92 25 725 Fusa 0 0 0 2 2 1 4 9 18 3 920 Granvin 0 0 0 0 0 1 3 4 8 931 Jondal 0 0 0 0 0 0 0 1 1 1 096 Kvam 1 0 3 2 1 4 13 11 35 8 455 Kvinnherad 0 2 3 1 5 6 21 28 66 13 180 Lindås 0 3 4 1 6 9 27 12 62 15 789 Masfjorden 0 0 1 1 2 1 3 1 9 1 730 Meland 0 1 3 2 4 3 10 2 25 8 079 Modalen 0 0 0 0 0 0 1 0 1 380 Odda 0 0 1 1 2 4 11 5 24 6 835 Os 1 3 6 4 5 5 25 29 78 20 573 Osterøy 0 0 0 1 2 4 10 16 33 8 125 Radøy 1 0 3 2 2 3 7 2 20 5 129 Samnanger 0 0 1 1 0 0 3 2 7 2 463 Stord 1 1 7 4 6 10 40 18 87 18 780 Sund 0 0 2 2 5 5 13 2 29 7 085 Sveio 0 0 2 0 1 3 14 5 25 5 721 Tysnes 0 0 0 0 5 3 8 1 17 2 857 Ullensvang 0 0 0 2 1 0 5 9 17 3 363 Ulvik 0 0 1 0 0 1 4 4 10 1 117 Vaksdal 0 0 0 0 0 1 2 10 13 4 127 Voss 0 1 7 6 2 4 27 51 98 14 577 Øygarden 0 0 3 2 1 3 6 7 22 4 877 Sum 12 31 110 105 149 178 708 761 2054 522 539 Audiopedagogisk teneste registrerte 273 nye melde brukarar i 2017. 417 saker vart avslutta ved utgangen av et. Av desse vart 304 avslutta pga fullført behandling, 22 flytta ut av fylket, 79 døde. 7 mangla samtykke, 5 faglege avslag. 4
Brukarar av synspedagogisk teneste fordelte på kommunar og alder Alder/ 0-2 3-5 6-9 10-12 13-15 16-19 20-67 over 67 Sum Innbyggere pr 31.12.17 Askøy 2 2 2 6 4 2 42 89 149 29 071 Austevoll 0 0 1 1 2 0 18 21 43 5 189 Austrheim 0 0 0 0 0 0 3 12 15 2 902 Bergen 6 20 28 33 33 22 606 963 1711 279 792 Bømlo 0 0 0 0 0 0 19 40 59 11 902 Eidfjord 0 0 0 0 0 0 2 8 10 931 Etne 0 0 0 0 0 0 3 13 16 4 083 Fedje 0 0 0 0 0 0 1 6 7 561 Fitjar 1 0 0 0 0 0 1 9 11 3 194 Fjell 0 0 10 3 4 4 34 63 118 25 725 Fusa 0 0 1 0 0 3 5 18 27 3 920 Granvin 0 0 0 0 0 0 0 18 18 931 Jondal 0 0 0 0 0 0 0 5 5 1 096 Kvam 0 0 2 0 1 2 18 42 65 8 455 Kvinnherad 0 0 1 1 1 1 15 71 90 13 180 Lindås 0 0 4 4 1 0 17 73 99 15 789 Masfjorden 0 0 0 0 0 1 1 9 11 1 730 Meland 0 0 0 2 1 0 15 21 39 8 079 Modalen 0 0 0 0 0 0 1 1 2 380 Odda 0 0 2 1 3 3 14 65 88 6 835 Os 1 0 2 3 4 5 22 44 81 20 573 Osterøy 0 1 1 2 3 0 7 31 45 8 125 Radøy 0 0 0 0 1 1 6 32 40 5 129 Samnanger 0 0 0 0 0 2 3 7 12 2 463 Stord 2 1 3 0 1 2 34 64 107 18 780 Sund 1 1 1 2 1 1 8 12 27 7 085 Sveio 0 0 1 0 1 0 10 13 25 5 721 Tysnes 0 0 0 0 0 0 0 18 18 2 857 Ullensvang 0 0 0 0 0 1 5 21 27 3 363 Ulvik 0 0 0 0 0 0 1 8 9 1 117 Vaksdal 0 0 2 0 1 0 7 23 33 4 127 Voss 0 3 4 2 2 5 27 98 141 14 577 Øygarden 0 1 1 0 0 3 5 16 26 4 877 Sum 13 29 66 60 64 58 950 1934 3174 522 539 Synspedagogtenesta registrerte 278 nye brukarar i 2017. 429 saker vart avslutta ved utgangen av et. Av desse var 100 saker fullført behandling, 44 faglege avslag, 228 døde brukere, 23 flytta ut av fylket, 34 mangla samtykke. 5
Brukarane av audiopedagogisk og synspedagogisk teneste fordelte etter WHO kategori ICD10 Tekst Tal Prosent Døve 148 10 Sterkt tunghørt 511 23 Moderat tunghørt 780 35 Lett tunghørt 258 13 Einsidig tap 158 8 Variabelt tap 104 6 Døvblind 10 1 Hørselshemma m/tilleggsvanskar 32 2 Anna ikkje h.h. 49 4 Ubesvart 4 Sum 2054 100 % Flest tilmeldingar frå: Brukar eller familie Haukeland Sjukehus, Høresentralen Haugesund Sjukehus, Høresentralen NAV Arbeidsrådgivning Avtalespesialistar Diverse kommunale instansar Intern synspedagog Tekst Tal Prosent Mild/inga synssvekking 921 28,6 Moderat synssvekking 1635 51,5 Alvorleg synssvekking 190 6,0 Blind (delvis) 104 3,3 Blind (middels) 70 2,2 Blind (totalt) 51 1,6 Multivanskar 70 2,2 Anna 133 4,2 Sum 3174 100 % Flest tilmeldingar frå: Avtalespesialistar Haukeland Sjukehus Øyeavd. Brukar eller familie Norges Blindeforbund Diverse kommunale instansar 6
ÅRSPLAN 2018 Det er starta arbeid med å finne ut korleis vi kan samhandla innan Seksjon for spesialpedagogiske tjenester. Dette vil gå føre seg både eksternt og internt i SAPT. SAPT har som mål å sikra oppdragsgjevarane best mogeleg informasjon om kva for tenester SAPT kan tilby. Gjennom samhandling med oppdragsgjevarane vil tenesta arbeida for lokal forankring i brukarsaker. SAPT skal aktivt arbeida for å fremja kunnskap og kompetanse knytt til ulike syns- og hørselstap gjennom nettverk og informasjon retta ut mot kommunane, fylkeskommunen og andre samarbeidspartar. I dialog med oppdragsgjevarane vil det verta samarbeid med kommunane om behov/innhald og laga ein plan for arbeidet. SAPT skal samarbeida med Statped vest, spesialisthelsetenesta, og NAV Hjelpemiddelsentral etter klare samhandlings- og rutinebeskrivelsar. Arbeidet med å utarbeida slike samarbeidsrutinar starta i 2017 og held fram i 2018. Andre aktuelle samarbeidspartar/aktørar vil verta inviterte til SAPT for gjensidig informasjon og erfaringsutveksling. Fokus på arbeid med flyktningar i samarbeid med kommunale instansar. Fokus på kompetanse på kombinerte sansetap- internt og eksternt. Faggruppene vil vurdera behov for kompetanseheving innanfor sine fagfelt. Internt HMS- arbeid Tenesta arbeider for at fysiske og trivselsmessige forhold er ivaretekne på best mogleg vis: Arbeidsmiljøgruppe Medarbeidarsamtalar Medarbeidarundersøking Vernerundar Nærværsarbeid IA - arbeid Dialogmøter Personalsamlingar/Sosialt samvær 7