BEREDSKAPSPLAN FOR HYSTAD SKULE

Like dokumenter
PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Kvalitetsplan mot mobbing

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Minnebok. Minnebok NYNORSK

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Handlingsplan ved ulukker og krise

Sandeid skule SFO Årsplan

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Respekt på Rommetveit skule

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Forord

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd

Til deg som bur i fosterheim år

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR


Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

* yter førstehjelp * tilkaller ambulanse

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Handlingsplan mot mobbing

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

BEREDSKAPSPLAN ved ulykker og dødsfall blant studentar og tilsette

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Plan for overgangar. for barn og unge

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

BEREDSKAPSPLAN VED TVERLANDET SKOLE

Heilt einig. Litt einig

Foreldremøte 19. september 2018

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

BEREDSKAPSPLAN OTTA SKOLE. (Oppdatert august 2012)

Harstad kommune FELLES FOR SKOLER FELLESPROSEDYRER SKOLER

SORGPLAN FOR TERRÅK SKOLE

Handlingsplaner ved alvorlig ulykke, skade, dødsfall eller krise som har store konsekvenser for Vikhammer ungdomsskole.

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

HANDLINGSPLAN VED MOBBING

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Beredskapsplan for Strømme skole

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Informasjon til elevane

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Transkript:

Side: 1. Framside 2. Innhald 3. Mål og innleiing 4. Oversikt over system og rutinar 5. Ansvarsdeling i krise- og katastrofesituasjonar 6. Handlingsplan ved alvorlege ulukker 7. Handlingsplan ved alvorlege ulukker (framhald) 8. Katastrofe i lokalmiljøet 9. Dødsfall 10. Dødsfall 11. Dødsfall 12. Elevar forlet skulen eller forsvinn 13. Tiltak i samband med vald på skulevegen. 14. Tiltaksplan ved aggresjonsutbrot, ukontrollert åtferd og andre kritiske situasjonar 15. Situasjonar som krev at elevane må bli att på skulen 16. Situasjonar som krev at elevane må bli att på skulen 17. Pandemiar 18. Pandemiar 19. Handlingsplan ved ulukker i basseng 20. Handlingsplan ved ulukker i basseng 21. Etter ulukka 22. Branninnstruks 23. Branninnstruks 24. Evakuering av skulen 25. Mobbing 26. Mobbing 27. Viktige telefonnummer

MÅL: Å gjera dei tilsette ved Hystad skule best mogeleg skikka til å ivareta elevane og dei tilsette sine omsorgsbehov i krisesituasjonar. Å sikra at skulen i ein gitt situasjon handlar adekvat etter klar ansvarsfordeling mot. leiing og organisering. Å beskriva korleis me skal opptre i ulike krisesituasjonar for å redusera skadeverknadane til eit minimum. Planen skal vera ei god støtte i vanskelege situasjonar som kan oppstå. Det er viktig å ha gode prosedyrar, struktur og rutinar for å kunna ta dei mest mogeleg rette vala på ein slik måte at alle involverte i skulekvardagen blir ivaretekne. Alle bør også ha ei klar oppfatning av ansvarsog oppgåvefordeling om slike situasjonar skulle oppstå. Planen skal til ei kvar tid vera oppdatert og gjort kjent for personalet. Han skal være tilgjengeleg i kvart bygg, på personalrommet, på kontoret, hos sosiallærer og helsesøster. Me må våga å tenkja det utenkjelege, slik at me kan ta høgde for ekstreme hendingar når me planlegg og øver.

Tilgjengeleg i alle bygg på skulen og på skulen si heimeside Gjennomgang av beredskapsplanen med heile personalet på ein av planleggingsdagane i august kvart år Informasjon på heimesida og på foreldremøte System for registrering og melding av manglar/feil på bygget Jamleg internkontroll med fokus på tryggleik og forsvarleg drift Tilstrekkeleg med vakter ute

ANSVARSDELING I KRISE- / KATASTROFESITUASJONAR. Læraren som har elevgruppa, har ansvar for elevane. Dersom situasjonen varer over tid, skal kontaktlærar overta ansvaret. Teamleiar har ansvaret for lærarane og skuleassistentane på teamet (debriefing) til evt. andre fagpersonar tar over. SFO-leiar har ansvar for SFO-personalet (debriefing) til evt. andre fagpersonar tar over. Assisterande rektor og sosiallærar eller den rektor pålegg ansvaret, har ansvar for kontakt med pårørande. Rektor har ansvar for kontakt med presse/media. Rektor eller fungerande rektor har ansvar for at handlingsplan og ansvarsdeling fungerer. Hystad skule september 2012. Liv Skjønberg rektor

HANDLINGSPLAN VED ALVORLEGE ULYKKER. Den som først kjem til ulykkesstaden, syter for at førstehjelp blir gitt lege/ambulanse blir tilkalla elevane blir haldne borte frå ulykkesområdet rektor blir varsla Rektor, eller fungerande rektor, syter straks for at politiet blir tilkalla ved trafikkulykker, alvorleg personskade og ulykker der strafferettsleg ansvar kan bli gjort gjeldande foreldre / føresette blir varsla personalet blir orientert

Følgjande strakstiltak blir, så langt det er mogeleg, sette i verk for dei andre elevane: Lærarane / SFO-tilsette tar elevane / barna med til klasseromma / basane. Sosiallærar tar seg av søsken til den skadde. ( Dersom sosiallærar ikkje er til stades, den som rektor pålegg dette ansvaret.) Lærarane / SFO-tilsette har ansvar for at sjokkskadde elevar får ekstrahjelp, og at rektor får melding dersom lege må tilkallast. Lærarane / SFO-tilsette må, så langt råd er, syta for at elevane / barna får følgje med kvarandre på heimvegen. Lærarane / SFO-tilsette vurderer om foreldre / føresette må kontaktast for henting av elevar / barn som treng spesiell omsorg. Debriefing Så snart det er praktisk mogeleg, syter rektor, eller den som fungerer for rektor, for å kalla saman til eit møte med personalet, PPT, helsepersonell og andre for å drøfta og tilretteleggja oppfølgingstiltak. Det må leggjast vekt på augevitne sine behov for hjelp og bearbeiding av inntrykk. Det må leggjast vekt på at elevane får snakka ut om det dei har opplevd, og det må inviterast til open dialog mellom heim og skule.

Katastrofe i lokalmiljøet: Skulen får informasjon frå politiet, kommunalsjef eller pårørande. Personalet vert informert. Elevgrupper / klassar vert orienterte. Flaggheising når dette er aktuelt. Elevar som er råka / involverte, vert teken hand om av sosiallærar eller andre i administrasjonen. Heimen blir kontakta. Sosiallærarar ( eller andre i administrasjonen ) føl eleven heim.

DERSOM EIN ELEV DØYR. Personalet vert samla på personalrommet. Rektor orienterer. Elevgruppene vert orienterte av kontaktlærar. Flaggheising på skuleplassen. Minnestund i gymnastikksalen. Nært samarbeid med heimen og med diakon / prest. Song, salme, lytting til musikk. ( Ta kontakt med sosiallærar ) Rektor orienterer. Minneord ved rektor og evt. kontaktlærar. Samling av elevgruppene der kontaktlærar har ansvaret. Samtale og bearbeiding av følelsar og inntrykk t. d. gjennom teikning. Elevane skal ikkje gå heim. Foreldremøte for foreldra i elevgruppa for å orientera dei, samtala om korleis barn opplever sorg og bearbeiding av sorg. Førebuing med tanke på å følgja i gravferd. Rektor og kontaktlærar samarbeider om dette. Eit lys, bilete av eleven og blomar på den tomme pulten. Denne vert teken bort når dette kjennest naturleg, t. d. ved slutten på skuleåret. Elevgruppa besøkjer grava.

DERSOM EIN AV PERSONALET DØYR. Me følgjer stort sett samme plan som i punkt 1. Rektor / inspektør / sosiallærar tar seg av elevgruppa til vedkommande. Kontaktlærar vert innkalla og orienterte, evt. foreldremøte. Læraren sine elevar kan ta del i gravferda saman med foreldra sine. Skulen har stengt denne dagen. DERSOM NOKON DØYR I FERIEN. Skulen har ei minnehøgtid så snart skulen startar. Elevgruppa besøkjer grava. Blomehelsing.

DERSOM FORELDRE / SØSKEN TIL EIN ELEV DØYR. Tekstlesing / dikt. Høyra på musikk, t.d. Ole Edvard Antonsen: Vitae Lux. Samtale om døden, sorg og det å mista nokon som ein er glad i. Tenna lys. Ein person frå administrasjonen er med kontaktlærar i klassen. Elevane skriv trøystebrev / teiknar til medeleven. Evt. flaggheising og informasjon til heimen.

Tiltak dersom elevar forlet skulen eller forsvinn. Foreldra blir kontakta på telefon dersom ein elev forlet skulen utan lov og ikkje kjem attende innan ein time. Dersom ein elev forsvinn, skal det straks leitast etter eleven. Rektor og assisterande rektor skal ha melding snarast råd er. Foreldra vert kontakta på telefon. I samråd med foreldra vert politiet eventuelt kontakta.

Ekstraordinært tiltak i samband med vald på skulevegen. Eleven må gå frå skulen 10 min. før /etter dei andre for å dempa/hindra aggresjon og vald på skulevegen. Avgjerda vert teken av rektor med verknad frå bestemt dato. Eleven vert orientert om tiltaket av sosiallærar og/eller rektor. Foreldra vert orienterte om dette av sosiallærar/rektor i møte/telefonsamtale. Både eleven og foreldra må ha full forståing for vedtaket.

TILTAKSPLAN VED AGGRESJONSUTBROT, UKONTROLLERT ÅTFERD OG ANDRE KRITISKE SITUASJONAR. STRAKSTILTAK: 1. Om mogeleg, sjå signala og motivera eleven til å forlata situasjonen. 2. Ved fysisk utagerande åtferd: * Ta eleven/dei andre elevane/dei som kan bli skada bort frå situasjonen. * Snakka roleg med eleven: " Eg ser at du er uroleg og lei deg, og dette må me snakka om... Det er skulen sitt ansvar at du ikkje skadar deg sjølv eller andre... Eg er villig til å hjelpa deg, slik at du ikkje gjer noko som du vil angra på seinare." Lytta til det eleven har å seia, halda augekontakt med han og prøva å få til ein dialog. Beskriva situasjonen. 3. Tilkalla ekstra hjelp. 2 elevar i elevgruppa kan ha ansvar for dette. Elev A hentar rektor /ass. rektor / sosiallærar. Elev B hentar 2 mannlege lærarar (oversikt finst ved spesielle behov). I friminutt/pausar og midttime må elevane henta hjelp på personalrommet.

TILTAKSPLAN VED AGGRESJONSUTBROT, UKONTROLLERT ÅTFERD OG ANDRE KRITISKE SITUASJONAR ( framhald) Fysisk grensesetjing: - halda eleven til han er roleg - gjera avtale før ein slepp 4. Rektor /ass. rektor / sosiallærar kontaktar heimen. PPT vert kontakta og ev. politi. 5. Etterarbeid. Rektor /sosiallærar har samtale med eleven og andre aktuelle elevar. Kontaktlærar har samtale med elevgruppa. Rektor har ansvar for informasjon til/samtale med tilsette

SITUASJONAR SOM KREV AT ELEVANE BLIR ATT PÅ SKULEN. Dersom det er katastrofe i nærmiljøet av slik art at elevane må vera att på skulen, har heile personalet ansvar for å ta seg av elevane. Melding om ein slik situasjon vert gitt av rektor eller den som er i rektor sin stad. Lærarar / SFO-tilsette orienterer elevgruppene / basane. Informasjonen må vera sakleg og bli gitt på ein roleg måte. Det kan vera aktuelt å samla alle elevane i gymnastikksalen for informasjon. Administrasjonen fordeler oppgåvene med å kontakta foreldre på telefon/via sms.

SITUASJONAR SOM KREV AT ELEVANE BLIR ATT PÅ SKULEN. Fordeling av oppgåver: 1. 2. trinnet: Rektor ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 3. og 4. trinnet: Assisterande rektor ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 5. og 6. trinnet: Sosiallærar ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 7. trinnet: Sekretæren ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra Elevane går til følgjande hus: 1. og 2. trinnet går til Valdaihuset. 3. trinnet går til Paviljongen. 5. trinnet går til Landskap I. 6. og 7. trinnet går til Landskap II. 4. trinnet går til Nybygget. SFO held til i sine avdelingar. Alle er sikra tilgang til kjøkken og toalett.

PANDEMIAR, EPIDEMIAR ELLER ANDRE AKUTTE SITUASJONAR. Personallogistikk Ansvars- og oppgåvefordeling når store deler av personalet er borte: Assisterande rektor er fungerande rektor når rektor er borte. Sosiallærar er fungerande rektor når rektor og assisterande rektor er borte. Teamleiarane er fungerande rektor for kvar sine team når rektor, assisterande rektor og sosiallærar er borte. SFO-koordinator er fungerande rektor for sitt fagområde når rektor, assisterande rektor og sosiallærar er borte. Scenario: 40% - 50% av personalet er borte: Dei vaksne som er att på skulen får ansvar for kvar si elevgruppe. Opplæringslova vert sett til side, og det primære vert å gje elevane tilsyn og omsorg. Elevane kan arbeida med arbeidsplanar eller oppgåver som går fram av vekeplanen. Foreldra får informasjon gjennom Hystad skule sine informasjonskanalar.

PANDEMIAR, EPIDEMIAR ELLER ANDRE AKUTTE SITUASJONAR. Svært mange elevar er blitt sjuke Skulen kontaktar smittevernlege for å avklara om det er pandemi eller epidemi. Informasjon til heimen. Førebyggjande tiltak på skulen med fokus på handhygiene og andre smitteførebyggjande tiltak. Svært mange av personalet, elevane og foreldra er blitt sjuke Skulen må stengja i samråd med smittevernlege. Administrasjonen fordeler oppgåvene med å kontakta foreldre på telefon/via SMS etter følgjande plan: 1. 2. trinnet: Rektor ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 3. og 4. trinnet: Assisterande rektor ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 5. og 6. trinnet: Sosiallærar ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra 7. trinnet: Sekretæren ( eller teamleiar ) kontaktar foreldra Informasjon til heimane via media

HANDLINGSPLAN VED ULYKKER I BASSENG. Nysæterbass. : Ring 113. Kulturhuset: Alarmplan - oppslag i bassenget. Den som oppdagar ein skadd person, varslar straks dei andre og set i gang bergingstiltak. Den som har hovudansvar for aktiviteten i bassenget tar over bergingsarbeidet så snart råd er set i gang naudsynt førstehjelp følgjer med den foruluykka til lege / sjukehus NB! Er det mistanke om nakke- / ryggskade, må det visast stor varsemd! Symjeassistent / medlærar: ringjer etter oppsettet i Alarmplan ( sjå oppslag i bassenget ) hjelper til med bergingsarbeidet assisterer ved og hentar utstyr til førstehjelp får dei andre elevane ut av bassenget og tar dei med til garderobane ser til at tilkomstvegen for ambulanse / hjelpepersonell er open og tar imot desse orienterer skuleleiinga, som tar kontakt med pårørande tar elevane med tilbake til skulen

Etter ulykka: Den ansvarlege skriv rapport om ulykka til overordna, som har ansvar for at skademelding vert utfylt. Den overordna syter for at kopi av rapporten vert sendt til politi / lensmann. Det impliserte personalet skal ikkje gi opplysningar om dette til andre enn dei som er nemnde i pkt. 4. og 5.

BRANNINSTRUKS. DEN SOM OPPDAGAR BRANN I SKULEBYGNINGANE, MÅ STRAKS SLÅ ALARM PÅ NÆRASTE BRANNMELDAR PÅ SKULEN. BRANNALARMEN VERT DÅ UTLØYST. MELDINGA GÅR DIREKTE TIL BRANNVESENET. RING 110 BRANNALARM: SKULEKLOKKA RINGJER MANGE KORTE RINGESIGNAL. Straks brannalarmen lyder, marsjerer elevgruppa / SFO-gruppa samla ut under leiing av lærar / leiar i SFO. Ingen må springa. Skulesaker og ytterklede skal liggja att. Dører og vindaugo må lukkast. Læraren / leiar i SFO kontrollerer at alle elevane kjem seg ut av undervisningsrommet og ser til at dei som treng hjelp, får det. Elevgruppa / SFO-gruppa marsjerer samla til idrettsplassen/fotballbanen der elevane stiller opp. Læraren / leiar i SFO gir melding til rektor / brannvernleiar så snart gruppa har stilt opp Dersom brannalarmen går i friminutt eller midttime, går elevane / barna til idrettsplassen og stiller opp her. Læraren / leiar i SFO gir melding til rektor / brannvernleiar så snart gruppa har stilt opp. Like etter at skulen har begynt om hausten, skal kontaktlærar / leiar i SFO gå gjennom branninnstruksen med elevane / barna.

Skulen skal halda 2 brannøvingar i skuleåret for at elevane skal læra korleis dei raskt og roleg skal forlata skulen i tilfelle brann. Både elevane og dei tilsette skal vita om den første brannøvinga. Brannvernleiar for bygningen går gjennom skulebygget og ser etter at alle er komne seg ut. Brannvernleiarar 2012 2013 Brannvernleiarar 2012 2013 Valdaihuset: Torunn, Renathe Landskap I: Anita, Signy Huset i skogen: Guro, Liv Torunn Landskap II: Per, Randi Paviljongen: Trond, Kari Johanne Adm. Avdelinga: Ass. rektor Gymnastikksalen: Gymnastikklærar Kunst og handverk: Lærar Nybygget Irene, Brit Rektor

HANDLINGSPLAN SOM KREV EVAKUERING AV SKULEN. Ved brann vil det verta varsla ved at ringeklokka / alarmen ringjer fleire korte ringjesignal. Ved anna evakuering kan også denne alarmen verta nytta. Det kan også verta aktuelt å evakuera skulen ved at alle får melding via telefon eller munnleg beskjed frå rektor eller inspektør. Hald deg i ro og vent til alle er klare til å gå samla ut. Ved brann skal yttertøy og skulesaker liggja att inne. Sjå til at vindaugo og dører er attlatne. Alle går samla til den store fotballbanen. Meld frå til rektor om talet på elevar, og om nokon eventuelt manglar. Evakuering del II: Rektor gir melding om vidare evakuering. Denne skjer ved at alle klassane marsjerer ned til Idrettsbanen i Prestegardsskogen. Her får elevane melding om at dei må evakuerast til Kulturhuset med buss. Kulturhuset er ekstern evakueringsplass for Hystad skule. Trond Nyhammer er brannvernleiar når rektor og assisterande rektor er borte. Per Nes Valvatna er brannvernleiar når rektor, assisterande rektor og Trond Nyhammer er borte. Det er berre rektor, eller den som er i rektor sin stad, som uttalar seg til pressa.

Kva er mobbing? Me seier at ein person er mobba når han eller ho, gjentekne gonger over ei viss tid, er utsett for negative handlingar frå ein eller fleire andre personar. (Olweus 1992) Mobbing er kjenneteikna av 3 forhold: aggressiv eller vondsinna åtferd som vert gjenteken og går føre seg over ei viss tid i ein mellommenneskeleg relasjon som er kjenneteikna av ein viss ubalanse i styrke- eller maktforholdet Det kan vera nyttig å skilja mellom direkte mobbing - med opne angrep på offeret og indirekte mobbing i form av sosial isolering og utestenging frå gruppa, spreiing av rykte og løgner for å få andre til å mislika den som vert utsett.

HYSTAD SKULE REGLAR MOT MOBBING EG SKAL IKKJE MOBBA ANDRE. EG SKAL PRØVA Å HJELPA DEI SOM BLIR MOBBA. EG SKAL OGSÅ VERA SAMAN MED ELEVAR SOM GÅR ÅLEINE. DERSOM EG VEIT AT NOKON BLIR MOBBA, ELLER EG SJØLV BLIR MOBBA, SKAL EG FORTELJA DET TIL EIN VAKSEN PÅ SKULEN OG TIL DEI HEIME.

VIKTIGE TELEFONNUMMER: Liv Skjønberg, rektor: 975 52 180 Pål Helland, ass. rektor: 975 52 172 Gro Dregelid, sosiallærar: 995 96 577 Guro Lund, verneombod: 416 72 757 Per Nes Valvatne, ATG: 971 89 168