Velkomen til kriseøvings- og seminardag

Like dokumenter
Joakim Hunnes. Bøen. noveller

TEMA. Stryn

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Til deg som bur i fosterheim år

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

BRANNEN I LÆRDAL Ved Brannmester Jan Gunnar Holvik

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

«Ny Giv» med gjetarhund

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Plassebakken Barnehage

Flaum i eit framtidig klima - korleis kan vi tilpasse oss?

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Team Hareid Trygg Heime

SAMORDNINGS- OG BEREDSKAPSSTABEN. Rapport frå tilsyn med samfunns-sikkerheit i Skjåk kommune.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Erfaring frå samarbeidande kommunar. Skredseminar

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Då Dagmar kom på julebesøk til Hardanger. Hadde vurderingar av jordskredfaren i forkant hatt nokon betyding?

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Brannsår, rus eller friheit?

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ekstremvêrhendingar. - lærer vi av dei? Idun A. Husabø

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte.

Opplysning og motivasjonskurs for tilsette i heimetenesta.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Funn fra Arealklimprosjektet. Presentasjon i et møte med Statens naturskadefond Sogndal,

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Hå kommune 17. april 2015

Risiko og sårbarheit i reguleringsplan. Kathrine Sæverud Hauge Rådgjevar Beredskap Fylkesmannen i Hordaland

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Naturskadehendingar: Korleis brukar vi tidlegare hendingar til å planleggja for betre tilpassing til framtidige hendingar?

Plassebakken Barnehage

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Jon Fosse. For seint. Libretto

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Selje kommune MØTEBOK

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Med tre spesialitetar i kofferten

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Melding om behov for representant

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Vintervèr i Eksingedalen

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune

Kva er økologisk matproduksjon?

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Konsekvenser ved langvarig straumutfall

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Transkript:

Velkomen til kriseøvings- og seminardag

10.00-10.05 Opning Fylkesmannen 10.05-10.45 Flaumsituasjonen Orientering v/nve Spørsmål og diskusjon 10.45-11.15 Foredrag: Bruk av ELS DSB NVE, Fylkesmannen og politiet 11.15-11.50 Øving Kommunane 11.50-12.10 Oppsummering av øvingssekvens Fylkesmannen/DSB 12.10-12.40 Foredrag: Atomberedskap Statens strålevern 12.40-13.15 Øving Kommunane 13.15-13.30 Pause 13.30-13.50 Oppsummering av øvingssekvens Fylkesmannen/Statens strålevern 13.50-14.10 Foredrag: Beredskapssamarbeid mellom kommunane og helseføretaket Helse Førde 14.10-14.40 Foredrag: Erfaringar frå flaumen i Aurland Aurland kommune 14.40-15.10 Øving Kommunane 15.10-15.30 Oppsummering av øvingssekvens/avslutning Fylkesmannen

Øving Øving Øving

Brannsjefen orienterte i går kveld ca. kl. 21.00 rådmannen om at brannvesenet dreiv sløkking av ein gras-, lyng- og skogbrann i eit område ca. 6 km nordaust for kommunesenteret. Området ligg litt ulendt til, mellom 150 og 300 m.o.h. Det er ikkje hus eller hytter i området. Meldinga om brannen hadde kome rundt kl. 17.30. Det hadde ei stund sett ut som om brannvesenet hadde klart å sløkke elden, men vinden hadde auka på og gjorde at flammane var i ferd med å blusse opp igjen. Brannsjefen sa at alle tilgjengelege mannskap var ute. Han vurderte å be om hjelp frå brannvesenet i nabokommunen, og hadde diskutert dette med alarmsentralen (110). Brannsjefen ringde igjen til rådmannen kl. 23.30. Brannen var igjen redusert ein god del i omfang, men det var likevel ikkje full kontroll på flammane. A. Kva kva tema og spørsmål bør rådmannen ta opp i samtalane?

Klokka 06.15 ringde Per Berg, utrykkingsleiar i brannvesenet, til rådmannen. Berg fortalte at brannsjefen var under vegs til sentralsjukehuset i ambulansehelikopter. Brannsjefen hadde rundt kl. 05.00 sagt at han kjente kraftige klemmande/snørande smerter i brystet, med stråling ut mot venstre armen. Han var tungpusta og kaldsveitta. Berg hadde straks ringt 113, som vurderte at det var nokså sikre symptom på hjarteinfarkt. Det vart difor sendt både lokal lege, ambulansebil og ambulansehelikopter til staden. Berg sa at han inntil vidare hadde overteke kommandoen på brannstaden. Varabrannsjefen var på ferie i Frankrike. Berg har vore tilknytt brannvesenet i deltidsstilling i tre år. Han har ikkje godkjent beredskapsutdanning.

Berg sa at vinden hadde auka, og at elden var i ferd med å spreie seg mot nordaust. I følgje yr.no kan det verte opp til frisk bris utover føremiddagen. Det ligg ein støl med 5 sel og hytter om lag 3 km frå brannfronten, i den retning elden no spreier seg. Terrenget fram dit er bert (ikkje snødekt). Det går ei kraftlinje (trestolpar) like ved stølen. Berg hadde akkurat snakka med alarmsentralen, som like før hadde vore i kontakt med HRS (Hovudredningssentralen for Sør-Noreg). Det statlege skogbrannhelikopteret skulle setjast i innsats i ein større skogbrann i Hallingdal, og ville såleis ikkje kunne hjelpe til her. Dersom det skal setjast inn helikopter, må kommunen gjere rekning med å dekke utgiftene sjølv

B. Kva tema og spørsmål bør rådmannen ta opp i samtalen med Per Berg?

Rådmannen bestemmer seg for å kalle kriseleiinga saman med det same, for å drøfte situasjonen C. Kva tema bør kriseleiinga drøfte og kva konklusjonar bør trekkast?

Øving Øving Øving

Fredag 12. juni sendte Fylkesmannen ut varsel om auka jordskredfare og flaumfare (gult nivå). I går kveld kl. 18.00 kom det varsel om at auka farenivå (oransje) for både jordskred og flaum. Temperaturen steig utover dagen i går, og det har vore ein god del nedbør det meste av natta. Prognosen tilseier auke i nedbør frå om lag midt på dagen i dag. I dag kl. 06.40 kom det melding frå Telenor (via Fylkesmannen) om at det er utfall i både mobiltenestene og fastnettet i store deler av fylket. Dette skuldast eit kabelbrot etter eit større jordskred i Hordaland.

Litt før kl. 09.00 i dag fekk kommunen telefon frå Jostein Bø, som bur i Stavanger. Han hadde snakka med faren (81 år) i telefonen rundt kl. 22.00 i går kveld. Foreldra bur i Bødalen, ca. 6 km aust for kommunesenteret. Faren hadde fortalt at elva som renn på vestsida av huset deira gjekk svært høg. Han hadde vore ut og sett på elva, men trudde ikkje at den ville ta seg inn mot gardstunet slik som den gjorde under flaumen for 5 år sidan. Han hadde sagt at det såg ut som om regnet var i ferd med å minke litt. Faren hadde sagt at kona (80 år) hadde vore sjuk sidan søndag. Ho hadde vore forkjølt nokre dagar, og hadde no feber og kraftig hoste. Av og til når ho hosta kunne ho kjenne litt smerte i brystet. Faren hadde lovd å reise til doktoren med henne i dag.

Det er to andre hus i området, eit av dei fekk skade under flaumen i 2010. Det er stort sett eldre folk som bur i området. Jostein Bø får ikkje kontakt med foreldra sine, og det verkar som om det er noko gale med telefonen deira. Han spør om kommunen har høve til å undersøkje om alt står bra til. Kommunelegen har fått beskjed frå AMK (via helseradioen) om at ambulansen som er i retur etter ei transport til Førde, ikkje kjem seg tilbake til kommunesenteret fordi vegen var stengt etter at ein bekk fløymde over den. IKT-ansvarleg seier at internett er svært ustabilt. Han har fått telefon frå både legekontoret og heimesjukepleien som seier at personalet der ikkje klarar å kome seg på nettet.

Ekspedisjonen melder at det står ein mann der som seier at han må snakke med teknisk sjef eller andre. Mannen har fortalt at Frøydalselva har tatt med seg ein del skog og lausmasse ovanfor det gamle byggjefeltet, og det renn til dels store vassmengder frå elva inn i den øvste vegen i feltet. Det ser ut som om vatnet har løyst ut eit mindre jordskred, og han er redd for at det i området kan vere ustabile massar som kan true fleire hus. Mannen hadde ringt til politiet og fortalt dette. Telefonen var svært ustabil, men han hadde forstått at politipatruljen var opptatt med å undersøke om det kunne vere bilar som var tatt av eit skred over riksvegen ved Treberg (9 km vest for kommunesenteret).

Rådmannen har bede kriseleiinga om å samlast med det same. A. Kva tiltak utløyser situasjonen som er omtalt ovanfor? B. Er det trong for samvirke med instansar utanfor kriseleiinga, og i så fall kva og korleis?

Mens vi ventar på å handtere neste uvêr Tilpassing til klimaendringar handlar òg om å tilpasse seg til det klimaet vi allereie har Ta initiativ til lokal arena for samvirke (både før uvêret kjem og når det er der) Tenk over kven som er aktuelle samvirkeaktørar Vurder om det er trong for meir ressursar, og be om å få det!

Og meir langsiktig Vurder gjennom den heilskaplege ROSanalysen kva konkrete område som er utsette for flaum og anna naturfare Bruk plansystemet til å unngå at fleire utsette område vert bygd ut

Konsekvensar for transportnettet