Poesislam i UKM (Ref #1318504201279) Søknadssum: 115000 Kategori: Leseløftet Varighet: Toårig Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Hordaland fylkesbibliotek / 938626367 Postboks 7900 5018 http://www.hordaland.no/fylkesbibl Institusjonens leder Ruth Ørnholt Ansvarlig kontaktperson (søker) Ruth Ørnholt 55239370 / ruth.ornholt@post.hfk.no Mål for prosjektet Stimulere ungdom til lesing, skriving og framføring av eigne tekstar. Auke talet på litterære bidrag i Ungdommens kulturmønstring. Bruke biblioteket som arena for formidling av litteratur, skrivekurs og framføring. Prosjektbeskrivelse UKM (Ungdommens Kulturmønstring) er ein av landets største offentlege satsingar på ungdomskultur, og har gått føre seg sidan 1985 med fylkeskommunane som initiativtakarar og eigarar. Målet er å stimulere og gjere synleg ungdommen sin kreativitet og kunstnarlege utvikling ved å gi dei moglegheit til å vise fram seg og sin kulturaktivitet. Ein ønskjer å gjere ungdomskulturen synleg i samfunnet og vise ungdomskulturen sin bredde og kvalitet framfor ålmenta. Det er eit nettverk av små lokale festivalar der ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Alle ungdommar 13-20 år kan melde seg på lokalmønstringa i sin kommune og alle får vere med. Kvar kommune sender nokre ungdommar vidare til ei fylkesmønstring som representantar for sin kommune. Kvart fylke sender i neste omgang ca. 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen. Utveljinga til juryen skjer på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet, og dei utvalte deltakarane skal speile bredda i den lokale mønstringa. Premien for dei som går vidare er å få stå på ein enda større scene, og treffe ungdommar frå andre deler av landet. Det finst eit nasjonalt sekretariat for UKM og prosessen med lokale konkurransar og fylkeskonkurransen er ein heilårleg prosess i fylka fundert i solid, stabil organisering. I Hordaland samarbeider fylkeskommunen med Hordaland barne- og ungdomsråd om arrangementa. Kvar kommune har ein UKM kontakt, knytt til kulturskulen eller liknande, med ansvar for lokale mønstringar. Ein del kommunar Side 1 av 5
har interkommunalt samarbeid om dette, det er difor 19 lokale mønstringar for dei 33 kommunane i fylket. Desse samarbeida er i stor grad samanfallande med dei regionale biblioteksamarbeida. I 2010 gav UKM sekretariatet prosjektstøtte til Hedmark fylke for å få meir litteratur inn i UKM. I 2011 blei det opna for å sende ein eigen kvote med litteraturdeltakarar til UKM-festivalen, men berre 7 deltakarar (0,2%) bidrog med litteratur. Nokre valte å framføre sitt bidrag på scenen, mens nokre lét det ligge i litteraturkroken i kunstutstillinga. Evalueringa tar opp at det burde vore meir fokus på desse deltakarane, og at dei eventuelt kunne hatt ei eiga framsyning med nokre musikkinnslag. Poesislam er ein konkurranse i kryssingspunktet mellom poesiopplesing, hip-hop-battle, teatersport og konsert. Deltakarane blir bedømt både på bakgrunn av teksten dei framfører og måten de framfører den på. Deltakarane treng ikkje å avgrense seg til berre å framføre dikt. Noveller, anekdotar, vers, rap og det meste anna kan brukast. Det einaste som krevst er at teksten skal være eigenprodusert og på norsk. Biblioteka er i dag ikkje involvert i UKM og vi veit at målgruppa for denne mønstringa ikkje nyttar biblioteket mykje. Mange bibliotek har aktivitetar for å trekkje til seg meir ungdom, t.d. leseprosjekt, spillkveldar, skulebesøk med litteraturformidling, leksehjelp osb. Prosjektet Poesislam i Ungdommens kulturmønstring ønskjer å kople biblioteket som arena og litteraturformidlar med ungdommen sitt ønskje om å uttrykke seg skriftleg og framføre dette for andre. Ungdommane skal bli inspirert til kreativitet gjennom litteraturformidling, lesing og møte med forfattarar på skrivekurs. Aktivitetar knytt til hovudsmålsetjingane: 1. Stimulere ungdom til lesing, skriving og framføring av eigne tekstar. Engasjere forfattarar til å ha verkstader med ungdom i 9 bibliotek det første året og 10 bibliotek det andre året for å dekkkje alle UKM-regionane i Hordaland. Vi vil hente gode lærarkrefter gjennom eit samarbeid med Norsk forfattarsentrum avd. Vestlandet. Det skal arrangerast ein verkstad om våren og ein om hausten før påmeldingsfristen til dei lokale UKM-mønstringane. Den første verkstaden vil legge mest vekt på produksjon av tekstar, medan den andre vil vekte framføring. Erfaringa viser at denne målgruppa er vanskeleg å nå med vanleg marknadsføring. Vi vil difor sende ut kurshaldarane på klassebesøk før den første kursvelden. Prosjektet skal arbeide for at kommunane som deltek i prosjektet får forfattarbesøk som del av den kulturelle skulesekken, slik at forfattarar på turne kan nyttast som inspiratorar på biblioteket sine samlingar. Det andre året vil det som UKM kallar ungdommens referansegruppe, unge som deltok første året, får i oppdrag å reise rundt til biblioteka for å fortelje om sine erfaringar med UKM, produksjon av tekstar og framføre resultatet. 2. Auke talet på litterære bidrag i Ungdommens kulturmønstring. Poesislam er populært og vil appellerer til barn og ungdom sin interesse for å stå på scena. Tradisjonelle skriveverkstader legg ikkje opp til at tekstane skal framførast, mens det i dette prosjektet vil vere ei integrert del av opplegget. Organisatorisk er det viktig at biblioteka får ei god kopling og samarbeid med dei lokale UKM-miljøa, og det skal lagast partnarskapsavtaler mellom desse. UKM i Hordaland vil marknadsføre poesislam gjennom sine kanalar. Side 2 av 5
Det er laga eit sett reglar for framføring og for korleis publikum skal te seg for NM i poesislam (http://poesislam.no/). Desse reglane skal tilpassast av UKM. Poesislam skal etablerast som ein del av juryordninga på fylkesmønstringane og nasjonalt. Målet er å sende minst 2-3 deltakarar i poesislam til den nasjonale festivalen det første året og 4-5 deltakarar det andre året. Koplinga til Den kulturelle skulesekken vil gi høve til å kome i kontakt med potensielle deltakarar gjennom skuleverket. Prosjektet skal i heile prosjektperioden fokusere på at poesislam skal bil ein varig genre i UKM og at modellen som blir utprøvd i Hordaland skal spreie seg til fleire fylke. 3. Bruke biblioteket som arena for formidling av litteratur, skrivekurs og framføring Prosjektet skal utnytte biblioteket som arena. I samband med helge- og kveldskurs vil deltakarane kunne utnytte heile biblioteklokale. Biblioteka skal samle gruppa til faste tider mellom kvart kurs, og i samband med dette skal bibliotekpersonale formidle litteratur innanfor ulike type genrar for deltakarane. Dei skal også oppfordrast til lesing, og på kvar samling skal det setst av tid til diskusjon om det som er lest. Side 3 av 5
Start- og sluttdato for prosjektet Prosjektvarighet Toårig Fra dato 01-01-1012 Til dato 31-01-2013 Aktivitetsplan for prosjektet Beskrivelse Fra dato Til dato Engasjere forfattarar til 2 X 9 skriveverkstader 01-01-2012 15-10-2012 Forfattarar på klassebesøk for å rekruttere deltakarar 01-02-2012 15-03-2012 Skrive- og framføringsverkstader i biblioteka 15-03-2012 15-10-2012 Samarbeid med UKM i kommunane og i fylket 01-01-2012 31-12-2012 Reglar for framføring i fylkesfinalen 01-08-2011 31-12-2011 Aktivitet i Biblioteka 01-04-2012 31-12-2012 Samarbeid med Den kulturelle skulesekken 01-01-2012 31-12-2012 Andre opplysninger Samarbeidspartnere Organisasjon/institusjon Formell avtale Rolle Hordaland fylkeskommune, Seksjon for kunst- og kulturformidling Postboks 7900 5020 Denne seksjonen i fylkeskommunen har ansvar for Den kulturelle skulesekken, gir tilskot til Hordaland Barne- og ungdomsråd som har fått delegert ansvar for UKM i fylket. Hordaland barne- og ungdomsråd Pb. 408 Sentrum 5805 Norsk forfattersentrum avd. Vestlandet Postboks 649 Sentrum 5807 Hordaland barne- og ungdomsråd er ein paraplyorganisasjon for dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane på fylkesnivå i Hordaland.Ei av oppgåvene er på vegne av Hordaland fylkeskommune å arrangere Ungdommens kulturmønstring (UKM) i Hordaland og sende deltakarar vidare til landsmønstringa. Forfattersentrum skal velgje ut forfattarane som skal halde skrivekurs. Dei vil leggje vekt på evna til formidling til ungdom og tidlegare deltaking på skrivekurs. Forfattarkonsulenten Pedro C. Alvarez, som har mykje erfaring med dette, skal kurse skrivekursleiarne på førehand. Side 4 av 5
Budsjett Søknadssum 115000 Utgifter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Honorar til kurshaldarar 4 kursagar på kvart bibliotek etter forfattarsentrum sine satsar 130000 275000 Reise- og opphaldsutgifter for kurshaldarane 20000 45000 Rekkruttering av deltakarar Honorar til kurshaldar som skal reise på skulebesøk til deltakarkommunane Administrasjon av prosjektet Prosjektarbeidstid i fylkesbiblioteket 15000 35000 20000 40000 Ekstra opningstid i biblioteka 15000 30000 Totale utgifter 200000 425000 Inntekter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Tilskudd fra Nasjonalbiblioteket 115000 245000 Ungdommens kulturmønstring 40000 90000 Hordaland fylkesbibliotek (bekreftet tilskudd) 30000 60000 Folkebiblioteka i prosjektet 15000 30000 Totale inntekter 200000 425000 Vedleggsoversikt Beskrivelse Side 5 av 5