INNLEIING OG MÅLSETTING



Like dokumenter
MÅLSETJING FRIDOM, LIKSKAP OG SOLIDARITET. Sogn og Fjordane Arbeidarparti Representantskapsmøte på Sogndal Hotell, Sogndal 6. nov 10.

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Kommunedelplan for oppvekst

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Program for Masfjorden Venstre

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Eit liberalt Sogn og Fjordane

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Politisk program for Jølster KrF

Program OSTERØY HØGRE

Program for. Årdal Venstre

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

SOGN driftig raus ekte

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Til veljarane i Tysnes

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Hemsedal KRF Program

KrF vil legge til rette for ei positiv utvikling der vi kombinerer det særeigne med framtidsretta satsing.

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Program Årdal AP

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Pedagogisk plattform

Ei god framtid for alle!

Vågsøy Arbeidarparti Program

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Ål Venstre. Ål Venstre

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Kommunevalprogram Bremanger Arbeidarparti

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Program for. Seljord Venstre

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

Regionplan Agder RUP 2012 & Setesdal! NB: Bildene i denne presentasjonen kan ikke benyttes videreuten tillatelse fra Setesdal regionråd.

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Forslag frå fylkesrådmannen

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

STRATEGISK PLAN

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

Overordna strategiplan for Hardangerrådet

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Transkript:

Sogn og Fjordane Arbeidarparti Programnemnda sitt første forslag 30.08.2010 INNLEIING OG MÅLSETTING Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil ha eit samfunn som tek vare på alle. Dei som treng hjelp, skal få det, og vi skal løyse dei viktigaste oppgåvene saman og i fellesskap. Vi vil byggje ut velferda i staden for å gi skattelette. Vi vil gjere fellesskapsløysingane betre i staden for å privatisere. Sogn og Fjordane Arbeidarparti har som målsetting at folketalet i fylket skal auke med minst 3 % eller 3200 dei neste fire åra. Dette skal vi oppnå gjennom å legge til rette for at det vert skapt nye arbeidsplassar og ny næringsverksemd, og ved at arbeidslivet skal ha plass til alle. Menneske skaper verdiar. Dess fleire menneske vi har i fylket dess fleire verdiar kan vi skape. For å få til folketalsvekst må vi sikre velferdsordningane og fellesskapsløysingane. Sogn og Fjordane Arbeidarparti set menneska, miljøet og fellesgoda i sentrum, og byggjer politikken på følgjande prinsipp: FRIDOM, LIKSKAP OG SOLIDARITET Dette er hovudprinsippa i det sosialdemokratiske verdigrunnlaget. Desse prinsippa ligg til grunn for Arbeidarpartiet si tenking og utforminga av den praktiske politikken. FRIDOM Kvart einskilt menneske må få høve til å styre sin eigen kvardag. Fridom frå undertrykking er grunnleggjande for sosialdemokratiet. Fridom til å røyste, tenkje, tru, ytre seg og organisere seg er, saman

2 med sosial likskap og rettferd, ein føresetnad for eit reelt demokrati. LIKSKAP Alle har noko å gje til fellesskapet. Alle menneske er ikkje like, men likeverdige. Alle skal få same sjansen til menneskeleg utfalding og vekst. SOLIDARITET Solidaritet betyr at alle skal med. I eit solidarisk samfunn tek vi ansvar for kvarandre, og alle yter etter evne. Solidaritet er uavhengig av grenser og bakgrunn. Verdiskaping Arbeidarpartiet vil skape verdiar. Vi vil bevare og utvikle ny næringsverksemd. Arbeidslivet må vere inkluderande og gje plass til alle. Verdiane må skapast før dei vert fordelte. Sosialdemokratiet sin arbeidsmåte Sosialdemokratiet står for folkevald styring med ein sterk offentleg sektor og ein medviten bruk av marknaden kombinert med styring av marknadskreftene. Arbeidsmåten til sosialdemokratiet er å endre samfunnet gjennom demokratiske, vedtekne reformer. Det betyr at vi må vere samfunnskritiske og endringsvillege, enten vi er i opposisjon eller har styringsansvar. UNGDOM EIN VIKTIG RESSURS

3 DU som er ung er Sogn og Fjordane sin viktigaste ressurs, og eit satsingsområde for Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Det er ei prioritert oppgåve for oss å få deg til å trivast, og at du vil halde fram med å bu i fylket vårt. Vi ønskjer at du skal kunne bruke og utvikle ressursane dine. Sogn og Fjordane Arbeidarparti er opptekne av at du skal ha høve til å fremje det gode liv, også i Sogn og Fjordane. Dette gjeld både innan utdanning, arbeidsliv og fritid. Mange ungdomar må ut av fylket for å skaffe seg ei utdanning. Andre reiser ut for å skaffe seg ny kunnskap og kulturopplevingar. Dette er verdfullt, gjev nye impulsar og gjer at vi utviklar oss. Slik skal det framleis vere. Men vi ønskjer å leggje til rette for at mange vil kome tilbake og etablere seg i fylket. Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner at å investere i ungdom er å investere i framtida. For å få til ein god og framtidsretta ungdomspolitikk, meiner Sogn og Fjordane Arbeidarparti at vi må tenkje og sette i verk tiltak på tvers av dei ulike samfunnsområda. Kultur er viktig for identitet og tilknyting, og gjennom aktiv kultursatsing kan identiteten styrkast og utviklast. Difor meiner Sogn og Fjordane Arbeidarparti at ungdom skal få enklare og betre tilgang til kultur gjennom eit kulturkort for ungdom. For at du som er ung skal vite kva moglegheiter du har i Sogn og Fjordane må fylkeskommunen og næringslivet i større grad vere aktive for å få ut informasjon om kva tiltak som finst og synleggjere dei satsingane vi allereie har. Rekrutteringsmessene er viktige for rekruttering av arbeidskraft til fylket og for å få ungdom til å komme attende.

4 Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil: arbeide for gode transportordningar for ungdom, som til dømes Trygt heim for ein 50-lapp, fleksibel skuleskyss og ungdomskort, og lokale transporttilbod ikkje auke prisen på ungdomskort vurdere å samarbeide med andre fylkeskommunar for å få til eit felles ungdomskort informere betre om fylkeskommunen sine tilbod til ungdom innføre studentrabatt for lærlingar prioritere kulturarrangement for ungdom ved utdeling av kulturmidlar at fylkeskommunen skal vera aktiv i fora der ungdom er, som t.d. Origo, Facebook og Twitter vidareutvikle og styrke ungdommens kulturmønstring vidareføre og utvikle ordninga med kulturkort for ungdom satse på utvekslingsprogram for ungdom KULTUR Å satse på kultur og fritid bidreg til rikt og mangfaldig samfunn. Vi ønskjer eit breitt kulturtilbod og eit levande kulturliv over heile fylket. Alle skal ha tilgang til gode kulturtilbod i kvardagen. Vi vil satse meir på kvardagsopplevingar ved å styrkje mellom anna idrett, kino, teater, kunst, museum, musikk og bibliotek. Vi meiner at alle skal ha rett til kulturopplevingar uavhengig av alder eller lommebok. Vi vil særleg styrkje kulturaktivitetar for born og unge. Framveksten av arbeidsplassar knytt til kulturell entreprenørskap har vore stor i fylket vårt dei siste åra. Næringslivet spør i aukande grad etter kulturopplevingar og kreativ tenking. Dette har blitt ein viktig del av verdiskapinga vår. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil støtte opp under kulturtiltak og arbeidsplassar i skjeringspunktet mellom kultur og næring.

5 Eit utviklingsområde innanfor kulturlivet er reiseliv og å ta vare på historia vår. Ved å sikre ansvarsmusea De heibergske Samlingar-Sogn Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum og Sunnfjord Museum er vi med å sikre historia. Sogn og Fjordane kunstmuseum er med og sikrar regional identitet, og det er viktig at ein tek vare på kunsten og formidlar den på ein publikumsvenleg måte. Fylket har ei rik kulturhistorie som m.a. vert teken vare på og formidla av musea og fylkesarkivet. Naturen gir oss tilgang til store naturopplevingar. Nærøyfjord-området, som er på UNESCO si verdsarvliste, er eit døme på dette. Naturen vår er unik, med moglegheit til rekreasjon og eit flott kulturlandskap. Denne naturen er også med på å danne grunnlaget for eit reiseliv tufta på gode og lange kulturtradisjonar. Reiselivsmuseet i Balestrand er eit døme på dette. Vi vil satse meir på geo-turisme, der natur og miljø samspelar med kvarandre. Organiseringa av reiselivstilbodet i fylket må bli betre. Blant anna må vi utvikle ein god infrastruktur og spennande møte- og konferanseplassar og moglegheit for gode opplevingar. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil: gi alle tilgang til eit spennande og breitt kulturtilbod legge til rette for at born og unge kan utvikle seg gjennom idrett, musikk, teater og andre eigenutviklande aktivitetar støtte ulike festivalar arbeide for å sikre og utvikle musea våre arbeide for å utvikle nærleik til natur og norsk kultur gjennom satsing på levande reiseliv, reiselivbaserte kulturtilbod og ivareta kulturlandskap prioritere bruk av kulturaktivitetar i samband med integrering av innvandrarar

6 støtte opp om samfinansieringsinstitusjonane vi har i fylket, som Sogn og Fjordane teater, Førdefestivalen, Opera Nordfjord og musea i fylket gje støtte til idrettsaktivitet i fylket, og halde fram med å gje tilskot til fylkesidrettsanlegga støtte og vidareutvikle den kulturelle skulesekken og den kulturelle spaserstokken støtte distriktsmusikarordninga ARBEIDSLIV OG NÆRING Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil føre ein aktiv næringspolitikk som skaper nye og vidareutviklar etablerte arbeidsplassar. Politikken må ta omsyn til at Sogn og Fjordane er eit fylke med eit lågt folketal, spreidd busetnad og eit næringsliv med nokre få store og mange små næringsaktørar. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide offensivt og søkje nye løysingar. Heile fylket har god plass og rikeleg ressursgrunnlag for å trekkje til seg nye og utvikle etablerte arbeidsplassar. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil leggje til rette for og arbeide aktivt for at heile fylket skal vere attraktivt for nasjonale og internasjonale selskap. Sogn og Fjordane skal vere godt kjent og eit reelt val for etablering og utvikling. Sogn og Fjordane Arbeidarparti skal føre ein politikk som fører til reell vekst i næring og sysselsetting. Å flytte næringar internt i fylket skaper ikkje vekst. Sogn og Fjordane Arbeidarparti skal føre ein politikk som både styrkjer det etablerte og tradisjonelle næringslivet og stimulerer til etablering av nye næringar og nye typar arbeidsplassar. Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner det er viktig å utvikle robuste bu- og arbeidsområde for næringsutvikling og arbeidsplassar. Døme på dette er å styrke grunnlaget for auka

7 aktivitet innafor olje og gass ved basen i Florø, prosessindustri i Svelgen, Høyanger og Årdal, etablere industri på Lutelandet og Sløvåg, etablere Måløy i verdsklasse i arbeidet med utvikling av vindkraft, og arbeidsplassar knytt til Helse Førde. Det meste av næringsutvikling i fylket skjer i byar og tettstader. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil i sterkare grad vektlegge og stimulere sentrumsutvikling, samt legge til rette for meir robuste bu- og arbeidsområde. Dette vil igjen føre til folketalsvekst og meir verdiskaping. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide for at det offentlege høgskule- og forskingsmiljøet i fylket skal samarbeide med arbeidslivet til gjensidig nytte. Sogn og Fjordane har særeigene kompetansemiljø innan prosessindustri, kraftproduksjon og ein variert maritim sektor. Like viktig som nyetablering er det å sikre at etablert verksemd får utvikle seg gjennom modernisering. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil føre ein politikk som gir rammevilkår for dei næringsaktørane som vil følgje med den teknologiske utviklinga og setje seg i stand til å vere konkurransedyktige nasjonalt og internasjonalt. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil stø opp under arbeidet med å vidareutvikle destinasjon Sogn og Fjordane. Vi vil støtte tiltak og utvikling av reiselivverksemder som skaper sunn økonomi og heilårs arbeidsplassar. Vi vil arbeide for at etablerte destinasjonar som t.d. verdsarvområdet i Nærøyfjorden skal ha dobla besøkstalet fram mot 2029. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide for å få etablert minst ein heilårsdestinasjon innanfor kvardagsturisme og stø opp om å etablere kurs- og konferansehotell, slik at dei kan konkurrere nasjonalt og internasjonalt.

8 Primærnæringane landbruk, fiskeri og havbruk er viktige ressursar i fylket vårt. Jord- og konsesjonslovgjevinga må forvaltast slik at dei som vil drive aktivt landbruk får tilgang til jorda. Sogn og Fjordane har mange små brukseiningar. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil jobbe for at det vert stimulert til samdrift og samarbeidstiltak gjennom eit framtidsretta og fleksibelt regelverk. Vi meiner det er viktig å motivere til drift og utvikling av husdyrhald, og ha eit variert landbruk og ivareta kulturlandskapet. Skogbruket i fylket har store vekstmoglegheiter. Fiskeri- og oppdrettsnæringa er ei næring i utvikling og fylket vårt har store fiskeri og havbruksressursar langs kysten og i fjordane. Fiskeri- og havbruksnæringane skal få vilkår som gir mogelegheit for vekst, berekraftig utvikling og lokal verdiskaping. Sogn og Fjordane Arbeidarparti ønskjer lokalt eigarskap, med dei positive ringverknadene det gjer. I tillegg er det viktig med meir foredling. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil: krevje at industrien får langsiktige, stabile og konkurransedyktige rammevilkår støtte arbeidet til Skognæringsforum at fylkeskommunen skal vere ein aktiv aktør og behalde eigarskapen i Fjord1 og Sogn og Fjordane Energi arbeide for auka støtte til næringsutvikling gjennom Innovasjon Norge og andre støtteordningar arbeide for større tilgang på risikovillig kapital stimulere til eit meir omfattande investormiljø i fylket, både privat, offentleg og halvoffentleg legge tilhøva betre til rette for utvikling av arbeidsplassar innan design og andre kreative yrke KLIMA, MILJØ OG ENERGI

9 Sogn og Fjordane Arbeidarparti byggjer vår miljøpolitikk på prinsippet om berekraftig utvikling. Det betyr at vi må verne om livsnødvendige miljøressursar og ha ei forsvarleg og langsiktig forvaltning av naturressursane våre. Vår generasjon har eit ansvar for å gje komande generasjonar like god tilgang til eit godt miljø og rein natur. Sogn og Fjordane er eit fylke som er rikt på natur og ressursar. Vi har viktig industri og mange arbeidsplassar knytt til utvinning og bruk av energi. Naturressursane i fylket må nyttast på ein berekraftig måte. Som eit fylke med mykje energi må Sogn og Fjordane ta eit ekstra ansvar for klimaarbeidet. Sogn og Fjordane er rikt på fornybare ressursar og skal vere eit føregangsfylke innan klima- og miljøarbeid. Dette vil krevje aktiv samhandling mellom stat, fylket og kommunane, mellom forsking og teknologi, mellom næringsliv og miljø, og mellom innbyggjarar og styresmakter. Klimaet på jorda har til alle tider endra seg. Dei fleste forskarane seier at klimaendringane er menneskeskapte. Sogn og Fjordane må i større grad sette i verk tiltak for redusere utsleppet av klimagassar. Omsynet til å redusere klimaendringane må leggast til grunn i planlegging framover. Vi må handle lokalt og tenkje globalt. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil: at fylkeskommunen skal sterkare vektleggje klima- og miljø ved anbod og kontraktar arbeide for omlegging til miljøvenlege energiformer i fylkeskommunale bygg vere pådrivar for enøk-tiltak i private bustader og næringsbygg auke den fornybare energiproduksjon i fylket gjennom utbygging av vasskraft, vindkraft, bioenergi, solenergi og fjordvarme vere pådrivar for meir forsking og bruk av miljøvenleg teknologi

10 arbeide for omlegging til miljøvenleg drivstoff i kollektivtrafikken arbeide for at vindkraftkompetansen i fylket får høve til utvikling gjennom prosjekt i kystnære strok sikre samfunnsnyttig bruk av vasskraft gjennom offentleg eigarskap arbeide for å stette den kraftintensive industriens langsiktige kraftbehov arbeide for å få bygd kraftlinja mellom Ørskog og Fardal legge til rette for overgang av godstransport frå veg til sjø styrkje oljevernberedskapen langs kysten SAMFERDSLE Utbygging og trygging av samferdslesektoren er ein av dei viktigaste faktorane for å sikre busetnad og få til næringsutvikling og vekst i tal arbeidsplassar. Det har siste generasjonen skjedd mykje positivt på samferdslesektoren i Sogn og Fjordane. Siste valperiode er vegprosjekta Naustbukt-tunnelen, Gullringen, Fatlaberget samt rassikring i Kjøsnesfjorden ferdigstilte. Bremanger II, Dalsfjordsambandet og Kvivsvegen er starta opp. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil fullføre utbygginga av desse vegsambanda. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil ha eit sterkt offentleg transporttilbod både på land og sjø. Vegstandarden og vedlikehaldet må betrast. Det er viktig at dei som ferdast på vegane våre kan kjenne seg trygge. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide for at veganlegg som er prioriterte i Nasjonal Transportplan vert fullførte som planlagt. Vi vil arbeide for at det vert auka rammer til vegbygging i fylket.

11 Rassikring er ei stor lokal og nasjonal oppgåve. Det er viktig å sikre at den årlege øyremerka ramma på minst ein milliard vert vidareført. Målsettinga om 0 drepne og 0 hardt skadde i trafikken (0-visjon) må stå fast. Arbeidarpartiet vil prioritere løyvingar til trafikktrygging, samt gang- og sykkelvegar. I 2010 fekk vi ei ny vegreform. Fylkeskommunane vart vegeigar av dei tidlegare riksvegane med unnatak av stamvegane. Desse vegane har fått namnet fylkesvegar. Dei tidlegare stamvegane blir etter reforma kalla riksvegar. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil følgje opp reforma og den nye rolla fylkeskommunen har fått som vegeigar. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil at den parsellvise opprustninga av E16 og E39 skal halde fram som planlagt gjennom heile fylket. I tillegg er det naudsynt å få ei tilfredsstillande løysing for RV 15 over Strynefjellet og FV 13 over Vikafjellet. Her føregår det for tida utgreiingsarbeid som må følgjast opp med løyvingar. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil: arbeide for at heile fylket får mobildekning og breiband, samt byggje ut fiber oppretthalde flyplasstrukturen og arbeide for betre rutetilbod arbeide for realisering av Stad skipstunnel gjennom ei særskild statleg finansiering arbeide for betre sikring og merking av skipsleiene vidareutvikle arbeidet for betre kollektivtransport og rabattordningar for pendlarar mellom sentra i fylket vidareutvikle kollektivtransport med buss- og båtruter innan fylket og betre korrespondanse mot andre deler av landet at skulebussane må vere utstyrt med setebelte

12 at offentlege kommunikasjonsmidlar skal utformast slik at alle har tilgang (universell utforming) arbeide for auka løyvingar til aksjon skuleveg og vidare utbygging av gang- og sykkelvegar rassikre/oppruste Fv 60 Olden - Innvik oppruste Fv 60 Hornindal Møre grense arbeide for Fv 57 med bru over Svesundet arbeide for Fv 606 bru over ytre Steinsund og Fv 609 Atløysambandet m.a. gjennom bruk av ferjeavløysingsmidlar arbeide for realisering av Kystvegen Ålesund - Bergen, med vektlegging av strekninga Florø - Måløy (45-minuttsregionen) vidareføre arbeidet for å få realisert Førdepakken støtte utgreiing av ny stamvegtrase Bergen Trondheim gjennom Årdal/Luster OPPLÆRING EIN SKULE FOR FRAMTIDA Sogn og Fjordane Arbeidarparti ser på grunnskulen og vidaregåande opplæring som ei heilskapleg grunnopplæring. Vi ønskjer å sikre born og ungdom dei beste moglegheiter for vegen vidare i utdanning og yrkesval. Sjølv om Sogn og Fjordane er eit lite fylke, har Arbeidarpartiet som mål at den vidaregåande opplæringa vår skal vere den beste i landet. Vi vil ha sterkt fokus på innhald, kvalitet og breidde i utdanningstilbodet. Tilbodet innan opplæringa må reflektere både næringslivet sine behov og elevane sine ønskje.

13 Arbeidarpartiet vil ha ein god fellesskule der alle skal ha lik rett til utdanning. Som skuleeigar har fylkeskommunen ansvar for at skulane våre har stimulerande og inkluderande læringsmiljø som legg til rette for at elevane fullfører utdanninga. Vi vil ha sterk politisk styring som sikrar gode resultat, god oppfølging av kvar enkelt elev, og tilpassa opplæring for alle. Det er viktig å sikre eit løft for fagopplæringa, og at ungdom i større grad vert motivert til å velje yrkesfag. Vi treng faglært arbeidskraft både innanfor privat og offentleg sektor. Det må leggast til rette for livslang læring. Dei vidaregåande skulane våre må vere kraftsenter i det regionale og lokale utviklingsarbeidet, og dei må kunne ta hand om behovet for grunn-, etter- og vidareutdanning av vaksne i lokalt næringsliv. Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner at Høgskulen i Sogn og Fjordane (Førde og Sogndal) er ein viktig ressurs for heile fylket. Høgskulen må ha vilkår som sikrar høg kvalitet som gjer til at skulen er attraktiv for studentar. Det er viktig at Høgskulen og Vestlandsforsking kan delta aktivt i forsking og utviklingsarbeid, og i næringsretta forsking. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil: styrkje utdannings- og yrkesrådgjevinga sikre elevar og tilsette eit godt lærings- og arbeidsmiljø arbeide for tiltak som hindrar fråfall, som t.d. å innføre leksehjelp, og sørgje for at flest mogleg fullfører utdanninga si på normert tid oppretthalde ein desentralisert skulestruktur tilpassa dagens behov at fylkeskommunen skal vere ei aktiv lærlingverksemd, og private verksemder skal stimulerast til å ta inn fleire lærlingar styrkje samarbeidet mellom dei vidaregåande skulane

14 arbeide for å opprette frivillig vertsfamilieordning for hybelbuarar ha fokus på etter- og vidareutdanning av lærarar, og sikre rekruttering av nye lærarar ha nulltoleranse mot mobbing og at alle skular skal ha eigne (anti)mobbeplanar bruke elevstyring som verktøy for at elevar i den vidaregåande skulen skal få eit tilbod nærast mogleg heimstaden arbeide for at Høgskulen i Sogn og Fjordane får råmer som gjer den konkurransedyktig, og arbeide for fleire studieplassar at entreprenørskap skal vera ein del av undervisninga heile utdanningsløpet ha eit sterkt fokus på fysisk aktivitet, ernæring, psykisk helse og folkehelse at dei vidaregåande skulane tek del i den digitale utviklinga vidareføre ordninga med miljøkoordinator og arbeidslivskontakt ved alle skulane at fylkeskommunen ilag med kommunane skal styrke skulehelsetenesta HELSE OG OMSORG Alle skal ha tilgang til gode og likeverdige helse- og omsorgstenester, uavhengig av personleg økonomi og bustad. Dette er et offentleg ansvar. Folk skal oppleve at dei får tilbod om behandling og pleie med kort ventetid og med størst mogleg nærleik til brukaren. Tenestene skal vere prega av kvalitet og brukarmedverknad, og pasienten skal bli møtt med respekt. Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner at vi må ha eit godt sentralsjukehus og lokalsjukehus som stettar behovet til dei store pasientgruppene. Sentralsjukehuset er viktig for å halde oppe eit robust fagmiljø, og for å sikre opplæring og rekruttering til heile helsesektoren i fylket. Sentralsjukehuset og lokalsjukehusa er

15 viktige velferds- og tryggleiksfaktorar, og det er naudsynt med ein desentralisert sjukehusstruktur med nærleik til akuttberedskap og fødetilbod. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil ha særskild fokus på å utvikle tilbodet innan rusbehandling, psykiatri og geriatri. Førebyggjande arbeid, lærings- og meistringstilbod, psykisk helsevern og rusbehandling må få nye kommunale og interkommunale tilbod. Spesielt vert det viktig med gode kommunale helsetenester for ei sterkt veksande eldre folkesetnad med fleire kroniske lidingar. Innan rusomsorga er det trong for å betre kapasiteten både når det gjeld førebygging, behandling og ettervern. Arbeidarpartiet sitt mål er at tannhelse skal bli det offentlege sitt ansvar på lik linje med det anna helsetilbod. Det skal setjast tak på kor mykje den enkelte skal betale sjølv av utgiftene til nødvendig tannbehandling. Fleire grupper har eit særleg behov for offentleg finansierte tannehelsetenester og i første omgang vil Arbeidarpartiet løyse utfordringane for dei som har dei største problema. Sogn og Fjordane har god erfaring med å jobbe aktivt med folkehelse, sjølv om dette nasjonalt er eit politikkområde som framleis er i etableringsfasen. Frå 2010 vart folkehelse ei lovpålagt oppgåve for fylkeskommunane. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil fremje dette viktige arbeidet for å motverke sosial ulikskap i helse og for å gje betre livskvalitet for innbyggjarane i fylket. Dette arbeidet må femne breitt: alt frå fysisk aktivitet, ernæring, grøne område, universell utforming, fokus på rus og tobakk, trygge eldre, ernæring, ungdomsfokus til trafikktryggleik. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil: arbeide for å styrkje økonomien til sjukehusa, slik at fleire pasientar får behandling og at ventetida vert kortare. Det er

16 også viktig at bygningar og teknisk utstyr vert fornya og oppgradert styrkje samarbeidet mellom sjukehusa og kommunehelsetenesta m.a. gjennom samhandlingsreforma at ambulansetenesta vert utvikla vidare og vert sikra ein desentralisert struktur at fosterheimane får naudsynt opplæring og generell rettleiing at offentlege bygg og anlegg skal universelt utformast slik at alle har tilgang arbeide for å utvikle omsorga for pasientar i sluttfasen i livet arbeide for å sikre god rekruttering av legar, tannlegar og anna helsepersonell medverke til å få etablert fleire spesialisttenester innan tannhelse bidra til at Sogn og Fjordane skal vera eit føregangsfylke innafor WHO sine trygge lokalsamfunn arbeide for at det vert etablert barnevernsvakt i fylket vurdere å etablere tannlegevakt i fylket