Sterk, spenstig og klar (Ref #aac8cee3) Søknadssum: 630 000 Varighet: Treårig Kategori: Innsatsområder Nye formidlingsmetoder Biblioteket som møteplass Samarbeid og partnerskap Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Hordaland fylkesbibliotek / 974556669 Postboks 7900 5020 Bergen Institusjonens leder Ruth Ørnholt Ansvarlig kontaktperson (søker) Ruth Ørnholt 55239370/95913398 / ruth.ornholt@hfk.no Mål for prosjektet lnnbyggrane i Hordaland skal oppleve fornya biblioteklokale og meir aktiv formidling i det fysiske og digitale bibliotekrommet. Biblioteka i Hordaland skal systematisk og planmessig bli betre i stand til å oppfylle den nye formålsparagrafen i biblioteklova. Partnarskap mellom dei regionale samarbeida og fylkesbiblioteket skal styrkast i prosjektet. Prosjektbeskrivelse Strategiar: 1. Utvikle fem folkebibliotek til modellbibliotek eit i kvar samarbeidsregion. 2. Auke medvit og kunnskap om samlings- og romutvikling, digital kompetanse og arrangørkompetanse hjå alle tilsette i folkebiblioteka. 3. Auke tal på besøk og arrangement i folkebiblioteka. 4. Auke digital formidling og innhaldsproduksjon. 5. Profilere biblioteka sitt nye samfunnsoppdrag. Bakgrunn Gjennom prosjektet «Biblioteklandskap i endring» (2011 2013) har Hordaland fylkesbibliotek i samarbeid med 30 kommunar i fylket, etablert berekraftige og forpliktande biblioteksamarbeid i fem regionar. Hovudmål for prosjektet har vore å utvikle robuste og omstillingsdyktige bibliotek og skape utvikling gjennom endring og innovasjon. Prosjektet har hatt fokus på å styrke og konsolidere dei regionale samarbeida, kompetansebygging og utvikling av gode nettstader. Kvart samarbeid Side 1 av 8
har inngått partnarskapsavtale med fylkesbiblioteket der ein m.a. forpliktar seg til kontinuerlig kompetanseutvikling med særskilt fokus på formidling, marknadsføring, digital kompetanse og endringsleiing/endringskompetanse. Forankring i revidert biblioteklov og Regional kulturplan for Hordaland Formålsparagrafen i biblioteklova er justert slik at den også reflekterer biblioteka sin funksjon som møteplass og biblioteka sitt ansvar for aktiv formidling av kunnskap og kultur. Lova er teknologi nøytral, slik at det klårt går fram at digitale medier skal vere ein del av det materialet som skal stillast til disposisjon ved eit folkebibliotek. Lovendringa omfattar både den fysiske og digitale møteplassfunksjonen og formidlingsansvaret for alle typar medier. Folkebiblioteka skal vere ein stad for alle innbyggrane i kommunen, uavhengig av politisk ståstad, religion og sosial bakgrunn. Når lova understreker at biblioteka er uavhengige arenaer for offentleg samtale og debatt, er grunnlaget lagt for å lage litteraturhus i alle kommunar. Prosjektet er knytt til Regional kulturplan for Hordaland 2014-2024, som er under utarbeiding. I planprogrammet er det fokus på formidling i alle formar, utvikling av biblioteka som møteplass, kompetanse- og tenesteutvikling og stimulering av bruk av biblioteka på tvers av kommunegrensene. Prosjektet vil bli brakt inn i det vidare planarbeidet. Det medfører at det vil få ei brei forankring både i fagmiljøet og gjennom politisk handsaming, men også at ein må ta høgde for at det kan endre fokus og få nye innspel i prosessen fram mot ein endeleg plan. Erfaringar frå andre prosjekt Dei siste åra har det vore gjennomført ei rekke prosjekt rundt i landet nokre med støtte frå Nasjonalbiblioteket, som rettar seg inn mot målsettinga i prosjektet, m.a.: - partnarskap med frivillige organisasjonar (Voss) - utvikling av bibliotekrommet (Troms) - litteraturhus (Sør-Trøndelag, Vestfold) - arrangørkompetanse (Vestfold) - formidling (Lindås) - praksisfellesskap mellom to kommunar (Lindås/Meland) - arbeidsdeling mellom bibliotek (Nordhordland) - samarbeidsnettstader (Akershus, Buskerud, Bergen) - brukarundersøkingar (Vestfold) Studiar av resultat og verknad av desse prosjekta vil vere ein viktig del av det faglege grunnlaget og vidare utvikling av tiltak i prosjektet. Omtale av strategiane: 1. Utvikle fem folkebibliotek til modellbibliotek eit i kvar samarbeidsregion I kva grad biblioteka skal vere relevante i framtida, vil vere svært knytt til det fysiske rommet, og dei aktivitetane og tilboda biblioteka kan gje brukarane sine. Dette stiller nye krav til innreiing og utforming av rommet. Utlån av fysisk materiale vil utgjere ein stadig mindre del av verksemda, medan andre aktiviteter som arrangement, møteaktivitet og brukarinitierte aktivitetar vil krevje plass i bibliotekrommet. I prosjektet skal vi kartlegge behovet i dei fem kommunane og ta omsyn til kvart bibliotek sitt nærmiljø og ressursar, og bruke det i tilretteleggingsarbeidet. Vi vil prøve å skape attraktive og fleksible rom, som inviterer til ny identitet og inspirerer til fornya bruk av biblioteket. Prosjektet skal utvikle eit modellbibliotek i kvar samarbeidsregion, t.d: - Det er ulike geografiske og politiske tilhøve i kommunane, som gjer det naturleg å tenkje at nokre kommunar kan bli slått saman. Dette vil føre til endringar i bibliotekstrukturen. Korleis skal ein utvikle eit hovudbibliotek som i framtida vil bli ein filial, eller eit hovudbibliotek som vil omfatte fleire kommunar i framtida? Korleis Side 2 av 8
kan arbeidsdelinga vere i ein region? - Ein modell kan vise korleis mindre bibliotek i kommunar med ulik storleik kan fornye seg i praksis. - Ein modell kan vere eit «meirope» hovudbibliotek, som det etter kvart er fleire døme på i landet. I alle modellbiblioteka skal samlingane aktualiserast og biblioteklokale skal leggst til rette for å kunne fungere som litteraturhus. Kompetanseutvikling og produksjon av digitale tenester og innhald vil gjelde alle deltakarane i prosjektet. Den politiske og administrative prosessar i kommunen og det praktiske arbeidet, vil bli nøye dokumentert, slik at det kan gjenbrukast av fleire Innreiing av modellbiblioteka skal finansierast i spleiselag mellom kommunen og fylkeskommunen. Ca 20% av kostnadene vil gå til konsulenttenester i samband med innreiing og utforming av lokala. Eit eventuelt statleg tilskot vil gå til dette. I Nordhordland har prosjektet avtale om å knyte seg til det pågåande prosjektet Praksisfelleskap: To bibliotek ein struktur, mellom biblioteka i Lindås og Meland. Dei to biblioteka skal ha ulikt innhald, men vere innreidd på same vis. 2. Auke digital kompetanse, medvit og kunnskap om samlingsutvikling, rom-utvikling og arrangørkompetanse hjå tilsette i folkebiblioteka Biblioteksjefane i dei fem regionale biblioteksamarbeida møtes mleg fysisk og digitalt. Dei arbeider saman om faglege spørsmål og drift av felles nettstad. Samarbeidet mellom biblioteksjefane er eit praksisfellesskap, som bidrar til kompetanseutveksling og kunnskapsdeling, men samarbeida kunne vore utnytta betre. I prosjektet skal bibliotektilsette i fylket bli betre i stand til å drive aktiv formidling. Gjennom kurs, samlingar og individuell rettleiing vil dei få tilført omfattande kompetanse innan samlingsutvikling, rom-utvikling, arrangørkompetanse og digital kompetanse. Ein vil ta i bruk arbeidsmetodar som skal frigjere potensialet i biblioteksamarbeida som praksisfellesskap, slik at kunnskap og kompetanse blir delt på best mogleg måte i den enkelte region. Erfaringane frå utvikling av modellbiblioteka skal vere tema på samlingar både i biblioteksamarbeida og for heile fylket. 3. Auke tal på besøk og arrangement i folkebiblioteka Eit mål på at biblioteka utviklar seg til i enda større grad å drive med aktiv formidling og vere arenaer for offentleg samtale og debatt, er at besøket aukar og at ein har fleire arrangement i biblioteket. Bergen har både eit litteraturhus og eit aktivt folkebibliotek, som fungerer side om side. Biblioteka i Nordhordland har erklært seg som «Litteraturhusa i Nordhordland», og lagar ein felles aktivitets kalender som blir distribuert til alle husstandane kvart halvår. På Voss har ein etablert forpliktande samarbeid med frivillige organisasjonar for å få til i arrangement i biblioteka. Fylkesbiblioteket har det siste året sendt ei utstilling og finansiert ein foredragsturné til biblioteka, noko som har vore veldig populært. Innanfor denne strategien skal prosjektet systematisere erfaringar som er gjort slik at det kjem alle kommunane til gode. Alle biblioteka skal profesjonaliserast som arrangørar og ein skal etablere samarbeid om produksjonar og dele erfaringar om samarbeid med frivillige organisasjonar. Prosjektet skal prøve vidare ut fylkesbiblioteket si rolle som produsent, m.a samarbeid med Den kulturelle skulesekken. 4. Auke digital formidling og innhaldsproduksjon Denne strategien byggjer på arbeidet som er gjort i Biblio teklandskap i endring med å utvikle felles biblioteknettstader og etablere kompetanse og rutinar for samarbeid om opp datering og innhaldsproduksjon. Nettstadene knyter saman katalogtenestene, relevante innhaldsressursar, kommunikasjon i sosiale media og Side 3 av 8
oppdaterte nyhende om tilboda i biblioteka. Nettstadene er brukarvenlege, har høg teknisk kvalitet og fungerer på mobile einingar, men er ikkje responsive. Bibliotektilsette i alle samarbeidsregionane har grunnleggnde kompetanse i webkommunikasjon. Prosjektet skal byggje vidare på dei tekniske plattformane og kompetansen til dei bibliotektilsette for å drive meir aktiv digital formidling, innhaldsproduksjon og marknadsføring. Det skal vurderast differensierte samlingar i samband med regionalt samarbeid, og det skal arbeidast for tilgang til gode digitale ressursar og e-bøker gjennom konsortiumavtalar. Gjennom prosjektet vil vi formidle bibliotektilboda på nye måtar, og utvikle innhald for ulike tema som alle kan dele, basert på eksisterande nettressursar (lokalt, nasjonalt og internasjonalt) og delingsprinsipp som ein har brukt t.d. i Web-løftprosjektet i Buskerud. Aktuelle tema for nytt innhald kan vere litteraturformidling og lokalhistorie. I høve til litteratur-for midling ønskjer vi å sjå på nye måtar å formidle ressursar frå bokhylla.no og andre, katalogtenestene, eigne anbefalingar osb. Fleire kommunar i Hordaland har også digitalisert lokalhistorisk materiell som kan setst saman med ressursar frå m.a. Digitalt fortalt og Digitalt museum og tilpassast lokalt (som ein til dømes har gjort Rallarveg-appen, i Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune). 5. Profilere biblioteka sitt nye samfunnsoppdrag. I denne strategien tek vi utgangspunkt i marknadsføringsplanar/verdihandbok for biblioteksamarbeidsregionane, utarbeidd i prosjekt «Biblioteklandskap i endring». Nokre av regionane nyttar felles logo og marknadsføringsmateriell. Hardangerbiblioteka, Sunnhordlandsbiblioteka og Biblioteka i Vest har fått utvikla felles logo for biblioteka i samarbeidet, som går att i dei digitale og fysiske ressursane til biblioteka. Det utvida samfunnsoppdraget som er formulert i formålsparagrafen til biblioteklova, som blir gjeldande frå 1.nuar 2014, gir behov for å profilere og formidle biblioteka si endra rolle. Brukarar og potensielle brukarar av bibliotektenester må bli meir medviten på kva biblioteka kan tilby. I prosjektet vil ein profilere tilboda slik at brukarane finn vegen til nye tilbod i bibliotekrommet. Merkevaren bibliotek skal profilerast gjennom heilskapleg profesjonell bruk av design, marknadsføring og mediekontakt. Evaluering For å måle effekten av prosjektet, skal vi: - ta ut statistikk på tal på media i biblioteka før ein starta prosjektet og så igjen etter at prosjektet er avslutta - ta ut statistikk på omløp av media for å sjå om samlingane vert meir brukt enn før - sjå på utviklinga av besøket frå ein startar prosjektet til det er slutta for å sjå om endringar i lokalet, ominnreiing, kassering og andre tiltak verker på besøkstala - telje deltakarar på arrangement før ein startar prosjektet og undervegs for å sjå om det skjer endringar ettersom personalet tileignar seg meir kometanse i å arrangere møter/konserter ol. - ta ut statistikk frå nettstadene frå Google Analytics for å sjå om kompetanseheving av personalet og auka digital produksjon fører til at fleire brukar dei digitale ressursane - gjennomføre brukarundersøkingar i modellbiblioteka før prosjektet startar og etter på, for å sjå om brukarane sitt syn på tenestene har endra seg etter at biblioteka er modernisert/endra og aktivitetar på biblioteket har auka både i det fysiske og virtuelle biblioteket. Dette vil kunne gi svar på om biblioteka oppfyller sin rolle i ny tid og oppfyller sin samfunnsoppgåve. Side 4 av 8
Det vil vere aktuelt å følgje modellbiblioteka litt lenger enn prosjektperioden fordi effekten av prosjektet ikkje kan målast heilt og fult, før alle delar av prosjektet er ferdig. Side 5 av 8
Start- og sluttdato for prosjektet Prosjektvarighet Treårig Fra dato 01-01-2014 Til dato 31-01-2016 Aktivitetsplan for prosjektet Beskrivelse Fra dato Til dato Hauste erfaringar og overvake andre prosjekt 01-01-2014 31-12-2016 Utvikle modellbibliotek i Nordhordland 15-01-2014 31-12-2014 Utveljing av modellbibliotek i dei fire andre regionane 01-06-2014 31-12-2015 Utvikle modelbiblioteka i fire regionar 15-01-2015 31-12-2016 Gjennomgang og aktualisering av samlingane 15-01-2014 31-12-2016 Planleggje og gjennomføre kurs og kompetansehevande tiltak 01-01-2014 31-12-2016 Individuell rettleiing 01-01-2014 31-12-2016 Utvikle biblioteksamarbeida som praksisfellesskap 01-01-2014 31-12-2016 Etablere samarbeid om produksjonar 01-01-2014 31-12-2016 Prøve ut fylkesbiblioteket si rolle som produsent 01-01-2014 01-06-2015 Legge om til responsivt design på alle biblioteknettstadene 01-01-2014 31-12-2015 Kjøpe inn flyttbart utstyr for streaming 01-12-2014 01-12-2014 Teste streaming av temakveldar og arrangement 01-01-2015 31-12-2016 Utvikle nytt innhald til biblioteknettstader 01-01-2014 31-12-2016 Sikre tilgang til gode, felles digitale ressursar 01-01-2014 31-12-2016 Heilskapleg profilering 01-01-2014 31-12-2016 Evaluering 01-01-2014 31-12-2016 Andre opplysninger Samarbeidspartnere Side 6 av 8
Organisasjon/institusjon Formell avtale Rolle Sunnhordlandsbiblioteka Bømlo bibliotek, Postboks 84 5445 Bremnes beståande av biblioteka i Austevoll, Bømlo, Fitr, Kvinherad, Stord og Tysnes Hardangerbiblioteka Odda bibliotek, Opheimsgt. 31 5750 Odda Biblioteka i Vest Fjell folkebibliotek, Postboks 83 5353 Straume Nordhordlandsbiblioteka Meland bibliotek 5918 Frekhaug Biblioteka i Fusa, Samanger og Vaksdal Vaksdal fokebibliotek 5722 Dalekvam beståande av biblioteka i Granvin, Jondal, Eidfjord, Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik beståande av biblioteka i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden beståande av biblioteka i Austerheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy, Osterøy beståande av Fusa, Samnanger og Vaksdal. Det er drøftingar om Os skal vere med i samarbeidet. Side 7 av 8
Budsjett Søknadsbeløp fra Nasjonalbiblioteket 630 000 Utgifter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Modellbibliotek 500 000 1 500 000 Kompetanseutvikling 150 000 450 000 Arrangement 200 000 700 000 Digital formidling og innhaldsproduksjon 300 000 700 000 Profilering 150 000 350 000 Evaluering 30 000 90 000 Totale utgifter 1 330 000 3 790 000 Inntekter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Tilskudd fra Nasjonalbiblioteket 630 000 1 770 000 Fylkeskommunen (bekreftet tilskudd) 500 000 1 420 000 Kommunane 200 000 600 000 Totale inntekter 1 330 000 3 790 000 Vedleggsoversikt Beskrivelse Budsjett Aktivitetsplan Side 8 av 8